4 minute read

5Grunnlovsarbeidet

Magt». Denne inndelinga kjenner ein igjen frå den endelege inndelinga av den vedtatte Grunnlova.

Fjerde kapittel i utkastet var om «Retspleien», altså prosesslovgiving, som stort sett ikkje kom med. Femte kapittel var om «Forsvars-Væsenet», sjette kapittel om «Finants-Væsenet» og sjuande kapittel om «Kirke- og Skole-Væsenet». Svært lite av desse tre kom med i Grunnlova. Åttande og siste kapittel var «Forandring i Constitutionen». Reglar om dette blei vedtatt, men vesentleg annleis enn i utkastet frå Adler og Falsen. Ein merkar seg at valforsamlingar og den lovgivande makta er stilt i framgrunnen i motsetning til den endelege Grunnlova, der utøvande makt står fremst. Det er kanskje særleg med sikte på det som blei fjerna frå utkastet at konstitusjonskomiteen ved sin leiar Falsen uttalte at den «private Lovgivnings Bud ere uden for Constitutionens egentlige Grændser».13

Falsen og Adler hadde byrja arbeidet med eit utkast før Riksforsamlinga var påtenkt eller iallfall tillyst. Det blei opplese heime hos Falsen på Vollebæk 13. februar 1814 for Peder Anker og professorane Ludvig Stoud Platou og Georg Sverdrup. Falsen blei 17. mars vald til representant i Riksforsamlinga og var i audiens hos Christian Frederik, som bad han sende inn utkastet. Det blei kommentert av prinsen og noko omarbeidd av Falsen, delvis på grunn av kommentarane.

Det andre mest fullstendige utkastet var utarbeidd av Nikolai Wergeland. Det blei ikkje lagt samla fram for Riksforsamlinga eller konstitusjonskomiteen, men Wergeland som sat i komiteen gjorde bruk iallfall av delar av det undervegs.14 Dei to siste av dei viktigaste utkasta var av Niels Treschow og av Georg Sverdrup og Christopher Anker Bergh. Heller ikkje Treschows utkast synest å vere lagt fram på Eidsvoll, men det må ha vore kjent av somme av representantane. Begge desse var bestilt av Christian Frederik, det første truleg i februar og det andre etter at prinsen hadde lese både Adler og Falsens utkast og utkastet frå Treschow. Sverdrup og Berghs utkast skulle då bringe fram det, etter prinsens syn, beste frå desse. Men det blei ikkje så viktig i grunnlovsarbeidet.

Fleire av dei andre grunnlovsutkasta blei òg brukt i arbeidet på Eidsvoll, iallfall som føredøme for enkeltføresegner, slik det framgår av einskildkommentarane her i verket.15 Eit påfallande trekk er elles at ingen grunnlovsutkast, bortsett frå Wergelands, kom frå folk som synest å tilhøyre det svenskvenlege partiet.

I bakgrunnen på Eidsvoll låg spørsmålet om union med Sverige. I Sverige hadde ein alt gjennom fleire år førebudd ein union og lokka med at Noreg skulle få, men ikkje vedta sjølv, si eiga grunnlov. Dette har vore lite framme i grunnlovsforskinga sjølv om utkasta eller kanskje heller skissene, har vore kjende sidan Yngvar Nielsen offentleggjorde nokre av dei i 1888. Eit påfallande trekk ved utkasta er at grev Wedel-Jarlsberg uttrykkjeleg er nemnd som framtidig «landtmarskalk» eller «talman» på livstid for den komande norske nasjonalforsamlinga.16 Dermed ville hans stilling vere sikra i ein framtidig union. Det er usikkert om kor mange av eidsvollsrepresentantane som kjende til dei konkrete utkasta. Dei vart aldri lagt fram offentleg sidan situasjonen utvikla seg annleis ved at Noreg vedtok si eiga grunnlov før unionen blei inngått hausten 1814.

Utkasta og den endelege Grunnlova bygde på fleire velkjende utanlandske føredøme, særleg den franske frå 1791, som var den siste monarkiske i Frankrike, og USAs føderale frå 1787 og fleire amerikanske delstatsgrunnlover. Elles var den svenske Regeringsformen frå 1809 viktig og den dansk-norske kongelova frå 1665 for dei delane av grunnlova der det var kontinuitet, typisk slikt som gjaldt kongehuset og statskyrkja. Det er elles ofte vanskeleg å identifisere enkelte førebilete fordi konstitusjonstenkinga i tida før 1814 var internasjonal og i ulike land lærte dei frå kvarandre.17

5Grunnlovsarbeidet

Konstitusjonskomiteen gjorde det sentrale arbeidet med grunnlovsteksten. Det framgår av det spinkle kjeldegrunnlaget som er overlevert at det var hardt arbeid og mange diskusjonar og ofte usemje. Christian Magnus Falsen var leiar av komiteen. Til Riksforsamlinga la komiteen berre fram eit endeleg utkast. Men historia har også overlevert til ettertida eit tidlegare utkast frå arbeidet i komiteen. Det gir inntak til å forstå meir av arbeidet og tenkinga i komiteen.18

13 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 120. 14 Slik Aall op.cit. s. 404 og 425. 15 Dei fleste utkasta er samla i Riksforsamlingens forhandlinger bd. III (1916) med undertittel Grundlovsutkast, men somme av dei finst i staden som vedlegg til hovudprotokollen frå Riksforsamlinga i Riksforsamlingens forhandlinger bd. I (1914). I bd. III s. III–XIII er bakgrunnen for dei fleste utkasta forklart. 16 Sjå Ruth Hemstad, Propagandakrig. Kampen om Norge i Norden og Europa 1812–1814, Oslo (2014) s. 120–123. 17 Sjå òg Eirik Holmøyvik, Maktfordeling og 1814 (2012) s. 106–118. Sjå vidare Dag Michalsen, «Det moderne forfatningsbegrepet rundt 1800»,

«Den globale forfatningsutviklingen, 1776–1914» og Eirik Holmøyvik, «Vegen til Grunnlova i 1814», alle i Eirik Holmøyvik og Dag Michalsen,

Lærebok i forfatningshistorie, Oslo (2015) s. 160–169, 255–270 og 173–186. 18 Sjå Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 439–458 (komiteens framlegg til Riksforsamlinga) og Riksforsamlingens forhandlinger III (1916) s. 297–317 (internt nesten ferdig utkast).

This article is from: