4 minute read

3Den grunnlovgivande Riksforsamlinga på Eidsvoll. Grunnsetningane

kongen hadde løyst nordmennene frå sin eid til han, var suvereniteten gått tilbake til det norske folk. Dette bygde dei på tradisjonell dansk-norsk statsrett heilt frå etableringa av eineveldet i 1660–1661.1 Standpunktet gjorde at det var folket som måtte avgjere kva slags statsform ein ville ha og kven som skulle vere konge. Dette gjorde at Christian Frederik tok tittel regent, ikkje kongetittel, erklærte Noreg sjølvstendig, og organiserte val til ei riksforsamling som skulle gi grunnlov og velje konge. Prinsen hadde tidlegare tenkt at han ville gi ei grunnlov når det blei ro i landet etter at han hadde erklært seg som konge. No blei rekkjefølgja omvendt. Og dei som skulle vedta grunnlova var andre enn han. I stormannsmøtet blei prinsen samstundes frå fleire hald forsikra om at den komande riksforsamlinga ville velje han til konge.

Den 19. februar blei det offentleggjort fleire erklæringar og opne brev om det som hadde skjedd og det som skulle skje. Mellom anna skulle folket, mennene, sverje på at dei ville verje norsk sjølvstende. Det var den såkalte sjølvstendeeiden som blei avlagt i kyrkjene framover ettervinteren. Val til riksforsamling blei halde i landdistrikta i to steg, først val av valmenn og så val av representantar. I byane og i militær- og flåteavdelingar var vala direkte. I Riksforsamlinga var det dermed separat representasjon frå land, by og forsvarsavdelingar.

3Den grunnlovgivande Riksforsamlinga på Eidsvoll. Grunnsetningane

Den 10. april møttest Riksforsamlinga på Eidsvoll.2 Den sosiale samansetninga var interessant. Alle var menn. Det var 53 representantar frå landdistrikta (amta og dei to grevskapa), 33 frå hæren og flåten og 26 frå byane. Av desse var 57 embetsmenn, 37 bønder, 13 kjøpmenn og 5 bruks- eller godseigarar. Gjennomsnittsalderen var 42 år, den yngste var Thomas Konow (17 år). Av representantane hadde 26 juridisk embetseksamen.3 Ein del av embetsmennene og nokon av godseigarane blei dei leiande i arbeidet. Dei embetsmennene som blei valde var typisk sorenskrivarar eller vanlege prestar eller militære kapteinar og såleis ikkje dei høgaste embetsmennene i landet, likevel var det tre amtmenn. Av desse tre var det berre Severin Løvenskiold som gjorde særleg mykje ut av seg. Men den store bonderepresentasjonen var òg viktig på visse punkt når det gjaldt det endelege innhaldet av Grunnlova. Grev Herman Wedel-Jarlsberg, landets høgaste adelsmann var vald frå sitt eige grevskap Jarlsberg.

Her skal vi konsentrere oss om sjølve grunnlovsarbeidet, ikkje diskusjonane om forsamlingas kompetanse, unionsspørsmål, statsfinansar eller komitéoppnemningar.

Sjølv om forsamlinga var vald delvis etter bakgrunn, sat alle samla på Eidsvoll på dei vonde trebenkane i Carsten Ankers festsal i andre høgda i den nye Eidsvollsbygningen. Noko slikt hadde aldri tidlegare funne stad i Noreg, og heller ikkje i Sverige, der folket møtte inndelt i stender, eller i Danmark der folket ikkje hadde vore samla i konstitusjonell samanheng sidan 1661.

Arbeidet i Riksforsamlinga vart raskt og effektivt organisert. Det viktigaste for grunnlovsarbeidet var at ein særleg konstitusjonskomité vart vald. I den sat 15 menn, for det meste embetsmenn. Komiteen arbeidde ryddig ved først å utarbeide 11 grunnsetningar som den la fram for Riksforsamlinga. Grunnsetningane blei utarbeidd på éin dag.4 Dei skulle tene som grunnlag for det vidare arbeidet med sjølve grunnlova. Riksforsamlinga endra den første grunnsetninga og utsette avgjerda av den siste. Dei andre blei vedtatt.

Kva gjaldt dei? Grunnsetningane slik dei blei vedtatt 16. april av Riksforsamlinga, var som følgjer:

1.Norge skal være et indskrænket og arveligt Monarchi; det skal være et frit, uafhængigt og udeleligt Kongerige, og Regenten skal føre Titel af Konge. 2.Folket bør udøve den lovgivende Magt gjennem sine

Repræsentanter. 3.Folket bør ene have Ret til at beskatte sig gjennem sine Repræsentanter. 4.Krigs- og Freds-Retten bør tilkomme Regenten. 5.Regenten bør have Ret til at benaade. 6.Den dømmende Magt bør være særskilt fra den lovgivende og udøvende. 7.Trykkefrieheden bør finde Sted. 8.Den evangelisk-lutherske Religion bør forblive Statens og Regentens Religion. Alle Religions-Secter tilstedes frie Religions-Øvelse, dog ere Jøder fremdeles utelukkede fra Adgang til Riget. 9.Nye Indskrænkninger i Næringsfrieheden bør ikke tilstedes.

1 Sjå Ola Mestad, «Suvereniteten tilbakegitt det norske folk ved Kieltraktaten. Det oversedde natur- og statsrettsgrunnlaget for norsk sjølvstende og grunnlov i 1814» i Historisk tidsskrift 2014 s. 35–65, særleg s. 45–55. 2 Den viktige framstillinga av sjølve møtet er Eli Fure, Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til, Oslo (2013) som gir ei dag for dag-framstilling basert på alt tilgjengeleg dagbokmateriale i tillegg til protokollar. Og innsyn i det praktiske daglege livet på Eidsvoll under Riksforsamlinga finn ein i Eli Fure og Knut Johannessen, Folk, fe og flagg på Eidsvoll i 1814, Oslo (2014). Fin bakgrunn til eidsvollsmennene finn ein òg i Jørn Holme (red.), De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus, Oslo (2014). 3 Eirik Holmøyvik, Maktfordeling og 1814 (2012) s. 403. I nokre grunnlovsverk er representantane fordelt litt annleis på grupper. 4 Sjå Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 435–436 og s. 15.

This article is from: