4 minute read
Hardanger
from Hardangersider
Velkomen til Hardanger, enten du sit med denne boka og ynskjer at du var der, eller les boka der.
Det er det som er den draumen. Å vera i Hardanger. Dette vakre fjordlandskapet som har så mange fleire dimensjonar. Hardanger er saum, saft, sjarmerande små samfunn, storslagen natur, snøkledde toppar, søte morellar og sjølvsagt sider. Stadnamnet vart fyrst kjend attende i vikingtida. Kva namnet kjem av, er det fleire forklaringar på: Somme meiner det står for hordane, som var ei germansk folkegruppe, sin fjord. Andre meiner det tyder fjorden med det harde vêret.
Advertisement
I dag er Hardanger definert som det området kring fjorden som du finn i kommunane Kvam, Ulvik, Ullensvang og Eidfjord. Etter at Voss vart slått saman med Granvin, vart nye Voss herad ein del av Hardanger. Lenger ute i fjorden ligg Kvinnherad, som òg må seiast å vera ein del av Hardanger. Folk som bur her, kallar seg hardingar. Dialekta er lett å kjenna att på skarre-r-en og særprega uttrykk, gjerne med «ao»-lyd som i «pao» (på) eller «hjao» (hjå) med mykje bruk av o-ending som «deko» (dykk) og «auko» (oss), som i «sjao auko» (hjå oss).
Det ligg berre éin by her. Odda skil seg ut frå fruktbygdene som ein klassisk industriby, skapt av at me klarte å temma vasskrafta. Den kjende industripioneren Sam Eyde stod for bygginga av den vakre kraftstasjonen i Tyssedal, eit praktverk i modernisering av landet teikna av arkitektane Nordan og Astrup, med vindauge frå Christiania Glasmagasin og fliselagd turbinhall.
Kva vasskrafta har hatt å seia for Hardanger, er verd ei bok i seg sjølv, men i denne boka skal me konsentrera oss om frukt og den magiske drikken hardingane får ut av dei smakfulle epla sine. Dei bratte fjellsidene og det fuktige fjordklimaet er perfekt for fruktdyrking. Her var det ikkje plass til store, flate gardar med kornproduksjon og storfe, som på Austlandet. Bøndene heldt seg med sau og frukt, og det gjer dei framleis.
Du skal verta mykje klokare på denne anerkjende epledrikken gjennom både møte med dei som lagar han, og ikkje minst i presentasjonen av dei mange gode sidrane som me har funne fram til i vår forteljing om denne tradisjonsrike kulturberaren.
Sideren har vore i Hardanger sidan dei fyrste epla vart dyrka, men i dei seinare åra har han verkeleg vorte både ei stor næring og ein internasjonal drikk. Hardangersider har skapt seg eit namn med sin høge kvalitet og friske smak frå dei beste epla i verda. Men det er ikkje berre frukt som blømer i Hardanger. Kulturlivet har òg fostra mange store namn.
Innerst i Hardanger i Ulvik ligg til dømes heimbygda til Olav H. Hauge, som har skrive diktet som vart kåra til Noregs nasjonaldikt, «Det er den draumen». Sjølv om dikta hans reiste verda rundt, budde den stillfarne lyrikaren på garden Hakastad i Ulvik heile livet. Eigentleg var han gartnar. Han var utdanna på Hjeltnes hagebruksskule, som vart stifta av oldefar min, Kristofer Hjeltnes. Han igjen var soneson soneson av (tipptippoldefar) Kristofer Sjursson Hjeltnes, som var den fyrste som dyrka poteter i Noreg.
Sjølv vart eg så inspirert av verdspoeten i heimbygda til far min at eg skreiv eit dikt til han då eg debuterte med Den sumaren eg fylte diesel i 1993.
Diktar Millom Epletre
Diktar millom epletre plukkar orda varsamt ned.
Diktar i ein vestlandsfjord leitar fram globale ord.
Diktar langt frå ståk og mas, med ljåen klar i slåttegras.
Diktar sterk og diktar klar, på sin bratte vesle gard.
Diktar kjend på mange mål, blyg og fri for skrik og skrål.
Diktar millom frukt og bær, midt i verda, der han er.
Hardanger har definitivt bidrege til norsk kulturliv. Komponisten Geirr Tveitt levde 40 år i Norheimsund. Hardingfelevirtuosen Sigbjørn Bernhoft Osa var fødd i Ulvik og spela mellom anna på legendariske Ragnarock i Holmenkollen i 1973 saman med rockegruppa Saft frå Bergen. Songar Herborg Kråkevik er frå Jondal. Forfattar Jon Fosse er frå Samnanger, og Leif Einar Lothe, kjend som Lothepus, er frå Rogdo, rett opp i lia nord for Edel Sider på Nå, for å nemna nokre kjende hardingar.
Hardanger har òg ei særstilling i reiselivet vårt.
Det eldste trehotellet i landet som har vore i kontinuerleg drift, Utne Hotel, vart opna så tidleg som i 1722.
Dei aller fyrste turistane som reiste her til lands, skulle naturlegvis til dei mektige fjordane på Vestlandet. I spissen for dei kom keisar Wilhelm, som var den største influensaren på den tida. Vekebladkeisaren vart han kalla. Dit han reiste, kom resten av fiffen i Europa etter. Han vart så bergteken av dei nasjonalromantiske måleria av norske landskap som tyske kunstnarar viste fram i Berlin, at han i 1889 rusta ein heil ekspedisjon i keisaryachten «Hohenzollern». Han hadde eige orkester, teatersal, eigne fotografar og ein heil flåte av tyske marinefartøy på slep. Aller fyrste stopp var Granvin i Hardanger.
Keisaren kom att år etter år og vart ein ekte noregsven.
Sidan den gong har turismen vore svært viktig for Hardanger. Dei vakre bygdene, Hardangervidda, isbreane Hardangerjøkulen og Folgefonna, Baroniet Rosendal, fossane og fruktene lokkar tusenvis av turistar til området kvart år. I seinare tid har særleg to attraksjonar vore heilt på topp av populære naturopplevingar i Noreg: Trolltunga, det ikoniske fjellutspringet over Ringedalsvatnet ved Tyssedal, og Dronningstien på ryggen mellom Kinsarvik og Lofthus, som H.M. Dronning Sonja har vore med og fremja som ein av dei flottaste fotrutene våre. Det er i det heile eit vell av opplevingar i dette området, som hardingane har sitt liv i.
Korleis skal eg koma meg til Hardanger, tenker du kanskje? Du kan reise inn fjorden frå Bergen med båt eller bil, gjennom Telemark over Haukeli og ned til Odda, frå Stavanger gjennom Ryfylke og ned til Odda, frå Hallingdalen via Hardangervidda og den spektakulære Vøringsfossen til Eidfjord, med Bergensbanen til Voss og ned til Granvin eller, som eg har vore med på nokre gonger i mai: Gå på ski frå Finse over Hardangerjøkulen og ned til Osa. Og mai er nettopp eit godt poeng, då får du siste rest av vinteren på Hardangervidda og kan ta av deg skia og stilla dei opp til eit frukttre i full bløming, medan du tek deg eit forfriskande bad i fjorden og får eit glas leskande sider som løn for strevet.
God tur!