3 minute read
Fjord Expedition sine beste fjordtips
Øyvind Stuvik har vakse opp tett på fjorden på Jelsa, og blei vidare godt kjend med fjordane på tvers av regionen som motorpassar hjå Rødne. I 2006 starta han opp selskapet Fjord Expedition som hobby, noko som vaks vidare til det som i dag er hans heiltidsjobb. Her tilbyr han guida kajakkturar og utleige av kajakk og utstyr frå Jørpeland, Forsand og Lysebotn. I 2021 lanserte han også turar frå heimbygda i Suldal der han tek med seg grupper inn Økstrafjorden, i tillegg til å leige ut båt og kajakk. Det siste tillegget til selskapet var i fjor då dei også lanserte kajakkturar i Bergen, som kan kombinerast med krabbefiske og utandørs matlaging. Me tok praten med Øyvind for å høyre litt meir om hans opplevingar i Suldalsfjordane.
Kva er di beste oppleving på fjorden i Suldal?
Advertisement
– Mi beste oppleving er nok å få ein ei- gen liten båt med 9,9 HK som 15-åring på Jelsa. Eg hadde utallige timer i denne på fjorden. Det var ein enorm frihetsfølelse å ta seg ein tur i båten, fiske og vera med vener.
Kvifor valde du å satse i Økstrafjorden?
– Økstrafjorden er ein uoppdaga skatt, og det finst ikkje ein flottare stad å padle i området, spør du meg. I Grønneviksholmane kan du gli roleg gjennom trange sund der berre ein kajakk får plass, og du passerer jettegryter og blåbærlyng før du er ute i den opne fjorden igjen. Ein kan gjera strandhogg på eit svaberg mange stadar.
Økstrafjorden er den perfekte staden å padle i kajakk med lite vind og bølger, reint vatn og ikkje for mykje folk. I ein kajakk glir ein lydlaust fram, og kjem tett innpå alt dyreliv som ørn og sel. Fjorden har også mykje historie med moglegheiter for å sjå rester av både istid og tidligare busetnadar, i tillegg til at ein får flott utsikt mot dei gamle, små gardsbruka.
Har du eit tips til nye fjordentusiastar i Suldal?
– Økstrafjorden er mitt tips, men det finst flotte andre stadar som Hylsfjorden og området rundt Marvik. Felles for alle stadane er ro, skjerma omgjevnadar og nydelig natur. Sjå i kartet, finn turstiar og utforsk. Eit tips dersom ein kjem med bil og ikkje har moglegheit til å dra på fjorden er å sjå i kartet etter turløyper som går i strandsona. Ofte kan ein nå flotte svaberg eller ei bortgøymd strand berre ved å gå seg ein tur. Når du først har funne deg ein stad langs fjorden så er det berre å ta med seg ein liten hov og ei fiskestang. Lunsjen ligg som regel og ventar rett utanfor svaberga i form av små strandreker, strandkrabbar, makrell, lyr eller torsk. Min favoritt er å ha med salt, peppar og en klatt smør. Ingenting slår nyfiska makrell steikt på eit lite stormkjøkken.