2 minute read
Suldal Hyttebygg leverer Hedvig-hytter til heile Noreg
Suldal Hyttebygg har levert Hedda og Hedvig hytter på heile Sør-Vestlandet, frå Sognefjorden i Nord til Agder-fylka i Sør i nesten 20 år, og Hedda Hytter har levert til resten av landet. I november i fjor beslutta Hedda Hytter å setta produksjonen av Hedvig på pause, og dermed har Suldal hyttebygg tatt over som Hedvig leverandør på landsbasis. Det betyr ein auke i førespurnader frå heile Norge av hyttekjøparar som vil ha hytte levert frå Suldal.
Kva er det som er spesielt med Hedvig-hytta?
Advertisement
– Tanken bak Hedvig er at den skal vera i tråd med ein nøktern, norsk hyttetradisjon. Hyttene skil seg ut med sin enkle stil kombinert med høg kvalitet på materialar og stor fleksibilitet. Hedvig har lyse og luftige opphaldsrom med smarte og arealeffektive løysingar. Likt som Hedda blir dei bygde av prefabrikerte modular som gjer at alle hyttene enkelt kan tilpassast kvar hyttekunde sine ønske og behov. Me bygger sjeldan to heilt like hytter.
Kva vil denne produksjonen ha å seie for Suldal?
– Den er med på å sette Suldal på kartet. Alle som er interesserte i å bygge Hedvig blir handtert hjå oss og vil få dei prefabrikerte hyttemodulane produsert på Garaneset. Tar etterspurnaden etter nye hytter seg opp kan det også bety nye arbeidsplassar.
Kva tenkjer de er viktige vurderingar å ha med seg når ein vel kva hytte ein vil gå for?
– Hytta skal ikkje vera lik bustaden ein har heime og må ikkje ruve i terrenget. Hytta må tilpassast naturen og nærmast gli inn i omgivnadane. Ei hytte bygger ein som regel fordi ein vil vera ute i naturen, då treng ein ikkje like stort inneareal som ein har heime. Tenk antall soveplassar i stadenfor antall soverom. Bygg gjerne utan innlagt straum og vatn for å spare naturen og økonomien. Gjer hytteturene til ei spesiell oppleving der ein verkeleg koblar av frå kvardagslivet.
Vil du lese meir om Suldal Hyttebygg og Hedvig-hytta?
Gå inn på hedda.no/hedvig.