3 minute read

Fem kjappe med Løypekjøreren

Kva endring ser du i skiløypene frå 2007 til i dag?

– Den største endringa er at me har utvida løypenettverket. Når eg starta opp hadde me 30 km med merka løyper, og i dag har me 65 km. Det har også vore ei modernisering i maskinane som eg nyttar til å lage løypene. Det er den tredje maskina eg har no. Elles har me no også fått moglegheita til å produsere kunstsnø, noko som forlenger sesongen i skiløypa ved Mosvatnet. Det er Suldal Idrettslag som har investert i snøkanon, og me har eit godt samarbeid.

Advertisement

Kva er det beste med å køyre løypene?

– Det beste er sjølve opplevinga og det å koma ut i naturen. Arbeidskvardagen inneheld alt frå soloppgongar til vinddreve, stjerneklårt og fullmåne. I sesongen startar eg klokka 06:00 om morgonen. Då skal løypemaskina vera i gong! Det er veret som bestemmer korleis løypene skal køyrast i løpet av dagen, men lysløypa ved Mosvatnet og Breiastøldalen blir alltid prioritert først.

Kvar går du sjølv når du skal på skitur?

– Trass i at eg nok har flest kilometer i løypene å skilte med, er det ikkje så ofte eg sjølv går på ski. Det blir likevel nokre småturar på ski sidan eg har hytte i heiane her.

Ditt beste påsketips for 2023?

– Eg vil anbefale å ta pausen med familien og vener i skileiken Mosstølen ved Gullingenhuset som Suldal kommune og Gull-Spor har i lag. Den er bemanna kvar dag frå skjærtorsdag til og med første påskedag. Her blir det bålpanne, varme og aktivitetar med flinke tilsette aktivitørar. Eg gler meg til påskegjestene kjem!

Kva skulle du ønskje at skituristane i heiane våre visste?

– Hyttefolka og skigjester er oppegåande, tek omsut og er alltid blide og imøtekommande. Dei siste åra har det blitt meir spor i laussnøen utanom løypene. Det gler meg at turfolka utfordrar seg sjølve på ski. Det viser seg dei trivst i heiane våre. Det einaste som er viktig her er å minne om at ferdsel er på eige ansvar, og at ein må følgje med på vermeldingar og vera føre var med tanke på rasfare.

Eg vil også takke alle som støttar opp om mitt arbeid. Suldal kommune bidreg med midlar til løypene, men utan støtta frå enkeltpersonar og hytteforeiningar hadde ein ikkje hatt 65 km med preparterte løyper i Gullingen-området. Spesielt med høge dieselprisar har det blitt ein del dugnad, og det blir det ikkje gode eller nye skiløyper av.

Vil du støtte Gull-Spor sitt arbeid? Det kan du gjera via Vipps til nr 87021. Løypekartet finn du på VisitSuldal.no og i utvalde butikkar. Du får også faste oppdateringar på Facebook sida hans @Løypekjøraren på Gullingen. Høyrer du ikkje noko er det nokolunde likt som dagen før.

This article is from: