Suldalsbrosjyra 2022-23

Page 26

AKT I V I T E TA R

ACTIVITIES AKTIVITÄTEN

Dagsturar

NASJONAL TURISTVEG RYFYLKE Nasjonal turistveg Ryfylke går via rv. 13 frå Lysefjorden til Røldal, noko som betyr at vegen er utmerkt som ei av totalt 18 ruter i Noreg med særskilde naturkvalitetar. Turen gjennom Ryfylke er ei reise i kontrastar med stupbratte fjellsider, djupe fjordar, små grender og nakent høgfjell. Frå Odda vil ein kunne ta vegen vidare langs Nasjonal turistveg Hardanger. Les meir på nasjonaleturistveger.no. ARKITEKTUR-RUNDTUREN Turen Suldal–Røldal–Sauda gir deg ei av dei beste samlingane av historiske og moderne arkitektoniske verk i Fjord-Noreg og er den einaste i eit dagsturformat i heile Noreg. Stopp ved arkitektoniske perler som Høsebrua, Ostasteidn, Venterommet på ­Ropeid, Svandalsfossen, Allmanna­ juvet, Røldal stavkyrkje, kraftarkitekturen til Geir Grung på Nesflaten og Guggedalsloftet på Kolbeinstveit. Les meir om rundturen på visitsuldal.no. DISCOVERY ROUTE Ein av dei første pakketurane frå England til Noreg gjekk via Suldal frå Stavanger til Bergen seint på 1800-­talet. Med hest og kjerre tok dei seg oppover smale vegar for åu ­ tforske fossefall, grender, vatn, fjordar og høge fjelltoppar. Nyleg kom fleire reiselivsaktørar saman for å utvikle den historiske Discovery ­Route-turen i moderne form for å atterskape dei same augneblikka, om enn i noko meir komfortabel stil. Les meir på ­discoveryroute.no.

Day Trips

BLÅSJØ OG SULDALSHEIANE I sommarsesongen kan du ta deg på smale anleggsvegar inn til Noregs største damanlegg: Blåsjø. Damanlegget er ein del av Nord-Europas største kraftutbygging, Ulla-Førre, og fungerer på mange måtar som Noreg sitt kraftstabbur, då det kan lagre over 6 prosent av det årlege kraftforbruket i landet. Storvassdammen er den største, og Oddatjørndammen er den høgaste fyllingsdammen i Noreg. Førrevassdammen er den største betongdammen i Noreg. I 1989 fekk Oddatjørndammen Betongelement­ prisen. Du kan gjere turen til ein rundtur ved å køyre ned via Jøsenfjorden på tilbakevegen. FJORDBYGDENE Utforsk dei flotte fjordbygdene i ­Suldal på dagstur til Ropeidhalvøya, Jelsa og Erfjord. Frå Jelsa til Erfjord kan du køyre på smale vegar via ­Foreneset, eit sommarparadis med flotte strender, yrande fugleliv og små tettstader. Det flottaste måten å ­utforske fjordbygdene på er med båt. UTFORSK RYFYLKE VIA FJORDEN Hurtigbåten frå Stavanger til Sauda knyter saman fjordbygdene i Ryfylke via vatnet. Båten kjem til Sand, Jelsa og Hebnes fleire gonger til dagen, noko som gjer det til ei flott moglegheit til å utforske Ryfylke. Du kan til dømes ta ein dagstur til Stavanger ved å ta båten frå Suldal om morgonen og ta båten tilbake med kveldsruta. Rutetider finn du på kolumbus.no.

THE NATIONAL RYFYLKE TOURIST ROUTE (NASJONAL TURISTVEG RYFYLKE) The National Ryfylke Tourist Route follows highway Rv 13 from Lysefjorden to Røldal and is one of 18 roads in Norway recognised for its magnificent views of the surrounding landscapes. THE ‘ARCHITECTURE ROUND TRIP’ The round trip that includes Suldal, Røldal and Sauda offers you one of the best selections of historical and modern architectonic buildings in the Norwegian fjordlands. Read more about the architecture round trip at visitsuldal.no.

THE DISCOVERY ROUTE One of the first package tours from England to Norway in the late 1800s brought its tourists from ­Stavanger to Bergen via Suldal. Read more about the Discovery Route at ­discoveryroute.no. THE BLÅSJØ RESERVOIR AND THE SULDALSHEIANE MOUNTAINS In summer you can take a trip along the narrow service roads leading to Norway’s biggest hydropower dam complex at the Blåsjø reservoir. THE FJORD VILLAGES Take a day trip and explore Jelsa, Erfjord and the Ropeidhalvøya ­peninsula. The best way to explore these villages is by boat. EXPLORE RYFYLKE FROM THE FJORDS The high-speed ferry from Stavanger to Sauda links the fjord villages in Ryfylke by sea. So why not take a day trip to Stavanger and back? Timetables are available on the website kolumbus.no.

26


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.