Hytteposten 2023 - Suldal

Page 1

HYTTEPOSTEN 2023

» Drøs - den nye kafeen på Sand

» Den nye styraren på Stranddalshytta

» Fjordtips frå Fjord Expedtion

» Suldal Hyttebygg leverer hytter til heile landet

» Fem kjappe med Løypekjøraren

» Finn 7 feil med Strekaren

Kjære hyttesuldøl!

Takk for at du vel å nyta hyttelivet her i kommunen vår. Hytta er viktig enten du vel å roa ned eller ønskjer ein aktiv ferie. Kanskje du òg nyttar hytta som kontor frå tid til annan?

I dette heftet finn du praktisk informasjon som kan vera godt å kjenna til. Kan det vera noko for deg å nytta deg av dei energieffektiviserande tiltak som kommunen gir tilskot til?

Me ønskjer å visa dykk noko av tilbodet som er både i grendene og i kommunesenteret vårt, Sand.

I år har me og fokus på nysatsingane i reiselivet som Drøs i Gata, Matskattar, Fjord Expedition med sine fjordtips og du kan og verta kjend med den nye styraren på Stranddalen.

Kva med ein tur til ei av dagsturhyttene våre, enten på Bjødlenuten på Suldalsosen eller på Kvilehaugen på Jelsa? Strekaren har òg laga ei «Finn 7 feil» oppgåve som du kan prøva deg på.

Me har og med ei hytteundersøking som me set stor pris på om du vil svara på. Det er viktig for oss å få innspel slik at me kan vidareutvikla reisemålet.

Håper du får gode dagar og eit rikt hytteliv i Suldal!

Beste helsing

Gerd Helen Bø

Ordførar

Skattkammeret Suldal © | Framsidefoto: Suldal Foto/Jarle Lunde

Layout: Suldalsposten/Siri Førland | Trykk: Kai Hansen Trykkeri

DRØS - DEN NYE KAFEEN I GATÅ

Kafeen Brunsj har vore eit urbant møtepunkt med sine friske salatar, gode heimebakst og eigne kaffiblandingar på Kulturhuset i Suldal sidan opninga i 2015. Då Fargeriet i Sand sentrum bestemte seg for å lukke dørene for godt, tok eigar og dagleg leiar ved Brunsj, Bonolo Ramphomane-Aandahl, initiativ til å kjøpe bygget, ta med seg teamet ved Fargeriet vidare og saman utvikle ein avdeling av Brunsj i Gata som har fått namnet «Drøs».

Kva handlar konseptet «Drøs» om?

Ambisjonen for Drøs er å bygge vidare på det Brunsj er i dag, ved å skape ein møteplass for døgnets og årets ulike rytme. Me ønskjer å skape ein kafe som møter ulike behov for ulike menneske, som er fleksibelt og fleirfunksjonelt. Her skal det urbane møte det rurale, der me får noko som er tvers gjennom suldølsk, men på ein frisk og ny måte. Drøs er for både ungdommen og for bygdeoriginalen. Drøs skal vera kultur og kontor, kaffe og bakst, pizza og vin. Me vil også tilby leige av selskapslokale og catering som før. Drøs er ein stad som tek bygda på alvor, og som våger å vera stor i det litle.

Kva planar har de for kafeen i tida framover?

– Me har fleire spanande planar for året. Me skal mellom anna opne opp kaffebrenneriet i andre etasje av bygget, der målet er å ta med barista-kaffekulturen til Gata med produksjon av kaffe, lagring og distribusjon. Vidare skal me få på plass eit mikrobakeri med mellom anna håndverksbakst, søtbakst, heimelaga pasta og pizza. Til sommaren opnar me også ein bak-

Drøs i Gata held ope fast tysd - laurd. Sommersesongen mai - august: måndag - laurdag

Følg Brunsj As på Facebook og Instagram for dei siste oppdateringane.

hage med uteservering og ein heilt eigen stemning.

Kva håper de at Drøs kan bidra til på Sand og i Suldal?

– Drøs er et omstillingsprosjekt med støtte av Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune og Suldal Vekst, der me ønskjer å vera ei viktig drivkraft i sentrum - og destinasjonsutviklinga. Me meiner at konseptet vårt skal vera ei satsing å sjå til når det kjem til kreativ utvikling, der me har fokus på miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Her har me tatt aktive val gjennom heile prosessen, der me mellom anna har gått for arkitektoniske og miljøvennlige interiørløysingar med stolar laga av kaffegrut, ølmersk og plast frå havet og resirkulert. Me har også kjøpt «Minus»-stolar frå det lokale selskapet Nuen med nullutslepp.

Foto: Omega 365 Design/Hanna Maria van Zijp

Suldal kommune lagar «REISETORG» i gammal fergestø

Bekkjatorget formast no til reisetorget på Sand for alle reisande med buss, taxi og hurtigbåt.

Torget vil ha følgjande fasilitetar:

• Offentlig toalett, venterom og handikapparkering.

• Promenade mot båthavn i elvaosen mellom Suldalslågen og Sandsfjorden.

• Fellesareal med sitteplassar mot fjorden.

• Informasjonstavler om Suldal og Ryfylke.

• Knutepunkt mellom butikkar, attraksjonar, leikeplassar og historisk trebebyggelse.

Torget skal bli ferdigstilt sommaren 2023.

Arkitekt: Pål Hystad i Omega Areal.

Velkommen til STRANDDALEN

Stranddalshytta sitt vertskap er på plass 23. juni. Dei tek allereie imot bestillingar på booking@stranddalshytta.no

DEN NYE PÅ STRANDDALSHYTTA

I år går den populære turisthytta i Stranddalen inn i sin 97. sesong, og i døra vil det denne sommaren vera eit nytt andlet som ønskjer deg velkommen. Denne hausten tok nemleg Halvor Hedenstad over som styrar på «Perla i Ryfylkeheiane».

Halvor Hedenstad er oppvaksen tett på natur og friluftslivet i Lunde i Telemark. Når han reiste ut frå heimbygda var det for å ta seg lærlingplass hjå Eivind Hellstrøm på Bagatelle. Vidare har Halvor jobba som kokk på mellom anna den norske ambassaden i London, Det Kongelige Slott, Gastronomisk Institutt og seinast som forpleiningsleiar på ulike installasjonar i Nordsjøen. Han er ikkje ukjend med å kokkelere i heia, og har tidlegare vore sommarkokk på Besso turisthytte på Handangervidda og på vår eigen

Alle foto: Stranddalshytta

STRANDDALSHYTTA

Stranddalshytta. Me stilte Halvor nokre spørsmål for å bli litt meir kjend med den nye styraren vår.

Kva var det som gjorde at du takka ja til jobben som styrar på Stranddalshytta?

– Først og fremst så har det vore ein draum i mange år å få moglegheita til å drive eiga turisthytte. Men jo eldre du blir, jo vanskelegare blir det å forlate ein trygg og god jobb og hoppe ut i det usikre. Derfor tenkte eg at det var nå eller aldri. Det er viktig for meg at jobben eg utfører, maten eg lagar og servicen eg tilbyr har ei meining. Det å ta imot gjester på ei turisthytte er verdifullt, fordi det blant anna bidrar til å få folk opp av sofaen og ut på tur. DNT sine hytter gjer det jo mykje enklare for folk å oppleve det positive med turlivet, og kan vere innfallsporten til eit lengre turliv. Dette ansvaret kjenner eg spesielt på og gir meg stor motivasjon i draumejobben som styrar på den vakraste perla i Ryfylkeheiene. Eg gleder meg også til å komme tett innpå gjestene og få den umiddelbare responsen på den jobben eg utførar.

Kva kan ein vente seg av sommarsesongen på Stranddalshytta i år? – Stranddalen er jo kjent for god mat og fantastisk service og eg må innrømme at eg kjenner på presset for å levere vidare på dette. Det første året må vi prøve oss litt fram, men det overordna målet er at vi skal drive ei hytte med minst mogleg påverking på miljøet og naturen rundt oss. Dette vil visa igjen i maten vi serverer, ytterlegare tiltak for å redusere energiforbruket, reduksjon av matsvinn og avfall med mykje meir. Varelogistikk er utruleg utfordrande på

Stranddalen og vi må vere enda meir bevisste på kva vi forbruker. Eg vil derfor satse meir på kvalitet, framfor kvantitet i tilbodet vårt. Gjestene skal oppleve den same rause servicen og alle skal bli gode og mette, men det treng ikkje å være overdådig.

Opp gjennom historia så er det kvinner frå bygdene som har stått for matstellet på turisthyttene. Dei var verkeleg tryllekunstnarar og var utruleg flinke til å lage mykje god mat av enkle råvarer. Vi som er styrarar i dag har mykje å lære av deira filosofi, teknikk og kunnskap. Gjestene i år vil derfor oppleve at vi ser litt bakover i tid og forsøker å skape igjen noko av magien som våre forgjengarar var så gode på.

Blir det noko nytt eller annleis på menyen i år?

– Matutvalet er under stadig utvikling og vi prøver ut nye råvarer kvar veke. Brød er ein viktig del av måltidet på ei turisthytte og eg bakar kvar dag nå for å finjustere oppskrifta på Stranddalsbrødet, som eg håpar vil falle i god smak hos gjestene. I tillegg har eg vore i kontakt med lokale heltar i Ryfylke og håper å kunne tilby lokalt flatbrød, aure frå Suldalsvatnet og lokal honning blant mykje anna godt. Eg har også eit samarbeid med kjøtbedrifta NYYYT i Bjerkreim som produserer kjøttvarer frå dyr som vi veit har hatt gode liv. På frukosten vil du finne ein eigenutvikla Stranddalsgraut. Akkurat nå er det så mange idear og tankar at den vanskelegaste jobben blir å komprimere ned. Det eg kan forsikre om er at eg skal vidareføre Stranddalen sin tradisjonen om å servere velsmakande mat i rause porsjonar.

NYE STYRAREN

FJORD EXPEDITION SINE

Øyvind Stuvik har vakse opp tett på fjorden på Jelsa, og blei vidare godt kjend med fjordane på tvers av regionen som motorpassar hjå Rødne. I 2006 starta han opp selskapet Fjord Expedition som hobby, noko som vaks vidare til det som i dag er hans heiltidsjobb. Her tilbyr han guida kajakkturar og utleige av kajakk og utstyr frå Jørpeland, Forsand og Lysebotn. I 2021 lanserte han også turar frå heimbygda i Suldal der han tek med seg grupper inn Økstrafjorden, i tillegg til å leige ut båt og kajakk. Det siste tillegget til selskapet var i fjor då dei også lanserte kajakkturar i Bergen, som kan kombinerast med krabbefiske og utandørs matlaging. Me tok praten med Øyvind for å høyre litt meir om hans opplevingar i Suldalsfjordane.

Kva er di beste oppleving på fjorden i Suldal?

– Mi beste oppleving er nok å få ein ei-

gen liten båt med 9,9 HK som 15-åring på Jelsa. Eg hadde utallige timer i denne på fjorden. Det var ein enorm frihetsfølelse å ta seg ein tur i båten, fiske og vera med vener.

Kvifor valde du å satse i Økstrafjorden? – Økstrafjorden er ein uoppdaga skatt, og det finst ikkje ein flottare stad å padle i området, spør du meg. I Grønneviksholmane kan du gli roleg gjennom trange sund der berre ein kajakk får plass, og du passerer jettegryter og blåbærlyng før du er ute i den opne fjorden igjen. Ein kan gjera strandhogg på eit svaberg mange stadar.

Økstrafjorden er den perfekte staden å padle i kajakk med lite vind og bølger, reint vatn og ikkje for mykje folk. I ein kajakk glir ein lydlaust fram, og kjem tett innpå alt dyreliv som ørn og sel. Fjorden har også mykje historie med moglegheiter for å sjå rester av både

SINE BESTE FJORDTIPS

istid og tidligare busetnadar, i tillegg til at ein får flott utsikt mot dei gamle, små gardsbruka.

Har du eit tips til nye fjordentusiastar i Suldal?

– Økstrafjorden er mitt tips, men det finst flotte andre stadar som Hylsfjorden og området rundt Marvik. Felles for alle stadane er ro, skjerma omgjevnadar og nydelig natur. Sjå i kartet, finn turstiar og utforsk. Eit tips dersom ein kjem med bil og ikkje har moglegheit til å dra på fjor-

den er å sjå i kartet etter turløyper som går i strandsona. Ofte kan ein nå flotte svaberg eller ei bortgøymd strand berre ved å gå seg ein tur. Når du først har funne deg ein stad langs fjorden så er det berre å ta med seg ein liten hov og ei fiskestang. Lunsjen ligg som regel og ventar rett utanfor svaberga i form av små strandreker, strandkrabbar, makrell, lyr eller torsk. Min favoritt er å ha med salt, peppar og en klatt smør. Ingenting slår nyfiska makrell steikt på eit lite stormkjøkken.

Kunne du tenkt å ta med deg familie, kollegaer eller vennegjeng på guida padletur i Økstrafjorden?

Les meir på fjordexpedition.com

Foto: Fjord Expedition

MATSKATTAR I SULDAL

I 2022 gjekk 17 lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar saman om satsinga «Matskattar i Suldal», der målet er å fremje lokale matvarer, skape felles samarbeidsarenaer og å vidare å stå samla i å bygge matdestinasjonen Suldal.

No er det difor enklare enn nokon gong å finne lokale produkt, gardsutsal, serveringsstader med fokus på lokale råvarer og lokalmatprodusentar som tilbyr gardsbesøk!

Klikk deg inn på visitsuldal.no

Bli inspirert Matskattar i Suldal

Prosjektet «Matskattar i Suldal» er støtta av Rogaland Fylkeskommune og det er Suldal Vekst som har prosjektleiinga, i tett samarbeid med Suldal Næringsforening v/Reiselivsgruppa.

Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland

Bjødlenuten

Bjødlenuten dagsturhytte ligg på ein fin høgde over Suldalsosen, like under Stråpanuten. Turen på 4,5 km tek omlag 1,5 time, der sjølve hytta ligg på 431 høgdemeter. Du parkerer ved ein av parkeringsplassane på Osen.

Kvilehaugen

Kvilehaugen dagsturhytte ligg 100 meter over havet, med tett nærleik til Jelsa sentrum. Du parkerer ved Jelsa oppvekstsenter og kan ta ruta rett opp til hytta, totalt 1 km, omlag ein time t/r. Det finst også ei alternativ rute frå vegen som eignar seg godt for dei med barnevogn, rullestol eller liknande.

NYE DAGSTURHYTTER

Visste du at Suldal i 2022 fekk to nye dagsturhytter?

Turane til dagsturhyttene er lett tilgjengelege ruter som er sette opp for å gjera det enkelt å koma seg ut på tur, der hytta blir eit naturleg mål eller stoppunkt på vegen. På hytta kan du nyte matpakken eller kose deg med bøker frå hyttebibliote-

ket. I Suldal finn du ei dagsturhytte på Jelsa og ei på Suldalsosen.

Turkart for Suldalsosen, Jelsa og andre grender finn du på visitsuldal.no under «vandring» og ved utvalde butikkar.

Foto: Skattkammeret Suldal/Privat.

ME ØNSKJER DINE INNSPEL!

Korleis har du det som deltidsinnbyggjar i Suldal? Kva ønskjer du deg frå Suldal i åra framover? Har du kunnskap, kompetanse eller eit engasjement som du vil ta meir i bruk her i kommunen vår?

Me håper at du vil ta deg 10 minutt til å svare på spørjeundersøkinga vår. Den kjem du til ved å scanne QR koden nedanfor. Informasjonen din vil vera viktig for oss i arbeidet med å setje retninga for reisemålsutviklinga i kommunen dei neste tre åra.

Undersøkinga er anonym. All data vil berre bli nytta til formålet med å utvikle ei analyse over dei samla innspela til deltidsinnbyggjarane i Suldal. All personleg informasjon vil bli sletta etter undersøkingsperioden som blir avslutta seinast i august 2023.

Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland

Karen Benninghoff, Strekaren, er Suldal og Ryfylke sin eigen serieskapar som ser på kvardagslivet i bygdene våre med skråblikk og ein humoristisk undertone. Du finn henne på Instagram under «Strekaren».

FINN SJU FEIL

SULDAL HYTTEBYGG LEVERER HEDVIG-HYTTER TIL HEILE NOREG

Suldal Hyttebygg har levert Hedda og Hedvig hytter på heile Sør-Vestlandet, frå Sognefjorden i Nord til Agder-fylka i Sør i nesten 20 år, og Hedda Hytter har levert til resten av landet. I november i fjor beslutta Hedda Hytter å setta produksjonen av Hedvig på pause, og dermed har Suldal hyttebygg tatt over som Hedvig leverandør på landsbasis. Det betyr ein auke i førespurnader frå heile Norge av hyttekjøparar som vil ha hytte levert frå Suldal.

Kva er det som er spesielt med Hedvig-hytta?

– Tanken bak Hedvig er at den skal vera i tråd med ein nøktern, norsk hyttetradisjon. Hyttene skil seg ut med sin enkle stil kombinert med høg kvalitet på materialar og stor fleksibilitet. Hedvig har lyse og luftige opphaldsrom med smarte og arealeffektive løysingar. Likt som Hedda blir dei bygde av prefabrikerte modular som gjer at alle hyttene enkelt kan tilpassast kvar hyttekunde sine ønske og behov. Me bygger sjeldan to heilt like hytter.

Kva vil denne produksjonen ha å seie

for Suldal?

– Den er med på å sette Suldal på kartet. Alle som er interesserte i å bygge Hedvig blir handtert hjå oss og vil få dei prefabrikerte hyttemodulane produsert på Garaneset. Tar etterspurnaden etter nye hytter seg opp kan det også bety nye arbeidsplassar.

Kva tenkjer de er viktige vurderingar å ha med seg når ein vel kva hytte ein vil gå for?

– Hytta skal ikkje vera lik bustaden ein har heime og må ikkje ruve i terrenget. Hytta må tilpassast naturen og nærmast gli inn i omgivnadane. Ei hytte bygger ein som regel fordi ein vil vera ute i naturen, då treng ein ikkje like stort inneareal som ein har heime. Tenk antall soveplassar i stadenfor antall soverom. Bygg gjerne utan innlagt straum og vatn for å spare naturen og økonomien. Gjer hytteturene til ei spesiell oppleving der ein verkeleg koblar av frå kvardagslivet.

Foto: Suldal Hyttebygg Vil du lese meir om Suldal Hyttebygg og Hedvig-hytta? Gå inn på hedda.no/hedvig.

FEM KJAPPE med løypekjøraren

Kva endring ser du i skiløypene frå 2007 til i dag?

– Den største endringa er at me har utvida løypenettverket. Når eg starta opp hadde me 30 km med merka løyper, og i dag har me 65 km. Det har også vore ei modernisering i maskinane som eg nyttar til å lage løypene. Det er den tredje maskina eg har no. Elles har me no også fått moglegheita til å produsere kunstsnø, noko som forlenger sesongen i skiløypa ved Mosvatnet. Det er Suldal Idrettslag som har investert i snøkanon, og me har eit godt samarbeid.

Kva er det beste med å køyre løypene?

– Det beste er sjølve opplevinga og det å koma ut i naturen. Arbeidskvardagen inneheld alt frå soloppgongar til vinddreve, stjerneklårt og fullmåne. I sesongen startar eg klokka 06:00 om morgonen. Då skal løypemaskina vera i gong! Det er veret som bestemmer korleis løypene skal køyrast i løpet av dagen, men lysløypa ved Mosvatnet og Breiastøldalen blir alltid prioritert først.

Kvar går du sjølv når du skal på skitur?

– Trass i at eg nok har flest kilometer i løypene å skilte med, er det ikkje så ofte eg sjølv går på ski. Det blir likevel nokre småturar på ski sidan eg har hytte i heiane her.

Ditt beste påsketips for 2023?

– Eg vil anbefale å ta pausen med familien og vener i skileiken Mosstølen ved Gullingenhuset som Suldal kommune og Gull-Spor har i lag. Den er bemanna

kvar dag frå skjærtorsdag til og med første påskedag. Her blir det bålpanne, varme og aktivitetar med flinke tilsette aktivitørar. Eg gler meg til påskegjestene kjem!

Kva skulle du ønskje at skituristane i heiane våre visste?

– Hyttefolka og skigjester er oppegåande, tek omsut og er alltid blide og imøtekommande. Dei siste åra har det blitt meir spor i laussnøen utanom løypene. Det gler meg at turfolka utfordrar seg sjølve på ski. Det viser seg dei trivst i heiane våre. Det einaste som er viktig her er å minne om at ferdsel er på eige ansvar, og at ein må følgje med på vermeldingar og vera føre var med tanke på rasfare.

Eg vil også takke alle som støttar opp om mitt arbeid. Suldal kommune bidreg med midlar til løypene, men utan støtta frå enkeltpersonar og hytteforeiningar hadde ein ikkje hatt 65 km med preparterte løyper i Gullingen-området. Spesielt med høge dieselprisar har det blitt ein del dugnad, og det blir det ikkje gode eller nye skiløyper av.

Vil du støtte Gull-Spor sitt arbeid? Det kan du gjera via Vipps til nr 87021. Løypekartet finn du på VisitSuldal.no og i utvalde butikkar. Du får også faste oppdateringar på Facebook sida hans @Løypekjøraren på Gullingen. Høyrer du ikkje noko er det nokolunde likt som dagen før.

Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland

Få med deg siste nytt frå Suldal!

Send suldal til 27333 for å få SMS med informasjon om sesongprogram, arrangement og andre kjekke aktivitetar i Skattkammeret Suldal!

Me sender berre ut informasjon relatert til reiselivet i Suldal.

Du kan kva tid som helst melde deg av ved å sende SULDAL STOPP til 27333.

Meld deg på nyheitsbrevet ved å scanne QR-koden .

visitsuldal.no

#visitsuldal

VISIT SULDAL VISIT SULDAL
Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland
P Å B Y G G , N Y B Y G G O G R E S T A U R E R I N G M A I L ; F I R M A P O S T @ K V - B Y G G . N O T E L E F O N ; 5 2 7 9 0 6 3 0
bur der du byggjer! Lokale fagfolk BYGG OG ANLEGG
Me

Tomter

Oversikt over ledige kommunale tomter i Suldal og kostnadar knytt til kjøp finn du på buisuldal.no og suldal.kommune.no.

Fleire lokale utbyggjarar og byggfirma tilbyr også hyttetomter.

Søke om byggeløyve

For større prosjekt som bygging av ei ny hytte treng du ein ansvarleg søkar for tiltaket, altså eit byggfirma eller liknande som står for søknad, prosjektering og utføring.

Du må også søkja for fleire mindre prosjekt, men her kan det vera mogleg å søkja og stå for arbeidet sjølv. Søkeprosess og prisar finn du meir informasjon om på suldal.kommune.no.

Parkering og bom

Avgift ved utvalde kommunale parkeringsplassar er synleggjort med «EasyPark» skilt. Betaling skjer gjennom appen med same namn der ein kan velje mellom dagsparkering, eitt eller fleire døgn eller årskort.

Personbil nyttar takstkode «5573» og campingbilar nyttar takstkode «5574».

All betaling for enkeltpassering og kjøp av årskort for bom ved Blåsjøvegen skjer på www.youpark.no.

Meir informasjon finn du på suldal.kommune.no eller på informasjonsskilt ved bommen.

Energieffektiviserande tiltak

Visste du at Suldal kommune har mange gode støtteordningar for energieffektiviserande tiltak?

Du kan søkja om støtte til:

• Varmepumpe- luft til luft

• Varmepumpe- luft til vatn

• Reintbrennande vedomn

• Solceller

• Andre energieffektiviserande tiltak.

Du kan søkja ut 2023.

Les meir på nettsida suldal.kommune.no, der kan du søkja på «straumstøtte» i søkjefeltet.

KOMMUNALE TENESTER

Brann og feiing

Haugaland brann og redning IKS utfører feiing og tilsyn med fyringsanlegg (skorstein og eldstad) i Suldal kommune. Dei gjer deg som eigar merksam på feil og manglar slik at dei kan rettast opp før ein brann oppstår.

Bålbrenning i Suldal kommune er forbode i perioden 15. april til 15. september utan særskild løyve frå brannsjefen.

Legevakt

I opningstida kan legekontoret i Suldal kontaktast på tlf. 52 79 23 00.

Utanom opningstid og når hjelpa ikkje kan vente kan ein kontakte legevakta på 116 117.

Ved akutt hjelp og når det står om liv kontaktar ein 113 direkte.

Hytterenovasjon

IVAR IKS er ansvarleg for renovasjonen i Suldal kommune, og det er plassert ut ulike konteinarar for hytterenovasjon ulike stader i kommunen.

Informasjon om prisar, kart over returpunkt og retningslinjer finn du på ivarryfylke.no. Gjenbruksstasjonen for avfall til sortering og avfall som ikkje høyrer til hyttekonteinarane finn du i Gåsavikja på Sand.

Vatn og avløp

For vatn og avløp knytt til hytta må ein betala ei tilknytingsavgift og ei årsavgift.

Oversikt over dette finn du på suldal.kommune.no.

Tlf. 52 79 22 00

suldal.kommune.no

postmottak@suldal.kommune.no

Eidsvegen 7, 4230 Sand

KOMMUNALE TENESTER
VAREHANDEL
Foto: Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland

VAREHANDEL Erfjord

DAGLEGVARER

Bunnpris Sand er ein romsleg butikk som tilbyr eit stort sortiment innan daglegvarer, sesongvarer og det lille ekstra du måtte trenge til hyttekosen. Stor parkering.

Tlf. 52 79 68 20 • bunnpris.no

Øvre Dalane 10, 4230 Sand

DAGLEGVARER

Extra Suldal ligg midt i handlegata på Sand i Suldal. Extra stort utval til Extra låge prisar!

Tlf. 468 84 982 • suldal.extra@coop.no coop.no/extra • Gata 5, 4230 Sand

Velkommen innom!

DAGLEGVARER

Suldalsosen

Vatlandsvåg

Jelsa

OPE: Månd-laurd 08-20

• Butikken med godt utval til kvardag og fest

• Propan, fiskeutstyr, turmat/kart, kjøkkenutstyr, interiør

• Elbil-lading v/butikk

Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no joker.no

• Suldalsvegen 1617, 4237 Suldalsosen

DAGLEGVARER

OPE: Månd-torsd 9-18, fredag 9-20, laurdag 9-18, søndag stengt. Nettbutikk med varelevering.

Tlf. 52 79 61 00 • joker.vatlandsvag@joker.no joker.no

• Vatlandsvågen 19, 4235 Hebnes

DAGLEGVARER

Velkommen til triveleg handel hos oss!

OPE: Månd-torsd + laurd: 09-18. Fred 09-19

Tlf. 91 51 99 92

• joker.jelsa@joker.no joker.no

• Sandane 55, 4234 Jelsa

SERVERING, CATERING OG OVERNATTING

BISTRO, CATERING, UTLEVERING, SELSKAP

Me satsar på mat med lokal forankring. Derfor kjøper me kortreist mat der me sjølv har fått påverka prosessen for å få perfekte produkt.

Tlf. 951 53 232 • post@kulp.as • kulp.as

Sandsvegen 134, 4230 Sand

BRUNSJ AS

HEBNES VINGARD

2.0

OVERNATTING, SERVERING, GARDSBRYGGERI

OG AKTIVITETAR

Kurs og konferanse, mat og drikke, villmarksleir, laksesafari, elveekspedisjon, bryggeriomvising og badstova på Moskjelen.

Tlf. 970 42 825 • post@molaks.no • molaks.no

Sandsbygda 56, 4230 Sand

OVERNATTING OG AKTIVITETAR

Ryfylke Fjordhotel ligg idyllisk til ved Sandsfjorden og Suldalslågen. Tilbyr opplevingar til lands og til vanns.

NYHET: Ryfylke Fjordsauna

Tlf. 52 79 27 00 • booking@ryfylkefjordhotell.no

ryfylkefjordhotell.no • Verven 9A, 4230 Sand

SELSKAPSLOKALE, MAT OG OVERNATTING

Bestill lokale spesialitetar i stemningsfulle selskapslokale. Gardsutsal med bl.a. kjøt frå garden. Overnatting i hytter på tunet.

Tlf. 464 64 601 • trae-gaarden.no

Sandsbygda 32, 4230 Sand

VINGARD

Vinsmaking, omvising og lunsj sommaren 2023.

BOOKING: hebnesvingard.no

Tlf. 959 69 809

Hebnesvegen 1797, 4235 Hebnes

KULTURHUSET I SULDAL, Løhaugen 1, 4230 Sand | Tel: 484 48 980 | brunsjkafe.no Gata 12 (gamle Fargeriet), 4230 Sand | Tel: 52 79 74 05 | brunsjkafe.no LUNSJBAR - KAFFEBAR - TAKEAWAY - CATERING BRUNSJ MATBAR - KAFFEBAR - TAKEAWAY - CATERING

TRENINGSSENTER

Personleg trenar • Styrkerom og kondisjonsapparat • Gruppetimar (spinning/høgpuls/styrke/funksjonell styrke/crossfitinspirerte timar/foreldre og barn frå 8 år). Solarium (Velværegrossisten)

OPE KVAR DAG kl. 05.30 – 21.30. Aldersgrense 15 år post@stas-knallform.no • Øvre Dalane 12, 4230 Sand

VERKSTAD OG BUTIKK

I butikken finn ein det meste ein treng til både hytte, hus, hage og gardsdrift.

Tlf. 52 79 25 30 • post@mogedal.no • autagro.no Sandsvegen 261, 4230 Sand

HELIKOPTERTENESTER

Me tilbyr alt innan helikoptertenester.

Tlf. 88 00 13 13 • post@fonnafly.no fonnafly.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

BENSINSTASJON / VERKSTAD

Gatekjøkken, Mekonomen, bilutleige, propan, vinterlagring og sal av båtar.

Tlf. 52 79 74 86 • post@sandservicesenter.no sand-servicesenter.no Verven 5, 4230 Sand

BENSINSTASJON / BILBERGING

Gatekjøkken, drivstoff og dekk.

Tlf. 52 79 74 77 • Bilberging 995 65 699 post@shellsand.no

Gåsavikja 1, 4230 Sand

SERVICE-TENESTER

Vedlikehald og opparbeiding av hytter, tilbygg og uteområde. Tilsyn • Transport • Vaktmeister

Tlf. 400 00 159 • post@suldalservice.no suldalservice.no

Haugabjør 20, 4237 Suldalsposten

LOKALE TENESTER
post@suldalservice.no 40000159 suldalservice.no SAND ERVICESENTER AS S www sand-servicesenter no Tlf: 52 79 74 86 post@sand-servicesenter no
MØGEDAL
Autagro

BYGG OG ANLEGG

ENTREPRENØR

• Graving • Boring • Sprenging • Transport Kan òg hjelpa med: Flytting med maskintralle SEMI

• Hoppetusse 70-500 kg • Utleige kompressor og boreutstyr

Tlf. 98 23 51 42 • sigve@klungtveitmaskin.no

Kvitebjørnvegen 8, 4230 Sand

MASKINSTASJON

Ingen oppdrag er for små eller for store for oss! Moderne utstyr til alle årstider, alt frå snøbrøyting til gravemaskin. Ta kontakt om du treng våre tenester.

Tlf. 464 64 601 • trae-gaarden.no

Sandsbygda 32, 4230 Sand

SULDALSTRAPPA

Alle typar trapper i høg kvalitet. Dei som trør Suldalstrappa, svingar seg gjennom livet med fokus på det gode!

Tlf. 920 84 527 • post@suldalstrappa.no

Gåsavikja 2, 4230 Sand

RØYRLEGGAR

Tlf. 468 14 809 • post@ryfylkeror.no

Gåsavikja 9, 4230 Sand

• Varmepumpe

• Vedovner

BYGGEVAREHUS

Din leverandør av varme:

Montér Suldal AS

• Varmepumpe

• Vedovner

• Elektrisk oppvarming

Montér Suldal AS

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Din leverandør av varme:

Din leverandør av varme:

• Varmepumpe

• Varmepumpe

• Vedovner

• Vedovner

• Elektrisk oppvarming

• Elektrisk oppvarming

Din leverandør av varme:

• Elektrisk oppvarming

DIN LEVERANDØR • Varmepumpe

AV VARME • Vedovn

Montér S

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

• Elektrisk oppvarming

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Montér Suldal

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Montér Suldal AS

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Tlf. 476 55 200 • suldal@monter.no • monter.no

Sandsvegen 134, 4230 Sand

Sandsvegen 134, 4230 Sand

ENTREPRENØR

• Slamtømming/spyling • Graving • Transport

• Kraning • Containerutleige • Landbruksverkstad

• Pressing av hydraulikkslangar

Tlf. 52 79 29 70 • post@klungtveit.com

klungtveit.com • Garaneset 31, 4230 Sand

ENTREPRENØR

Me vil hjelpe deg med å gjera klar tomta di, graving og sprenging til veg og grunn, slik at du kan få setja opp hytta eller hus.

Tlf. 52 79 91 86 • post@olafisketjon.no olafisketjon.no • Suldalsvegen 1574, 4237 Suldalsosen

ME TAR HYTTEDRAUMEN DIN PÅ ALVOR

• Tomter • Hytter • Nybygg • Renovering. Samarbeidspartnar med Hedda Hytter sidan 2004.

Tlf. 926 93 362 • suldal-hyttebygg.no post@suldal-yttebygg.no

Garaneset 30, 4230 Sand

KULTUR OG OPPLEVINGAR

Museum med utstillingar, kafé og butikk med m.a. linoljemåling i Nesasjøhuset i Sand sentrum.

Tuna har ope utvalde dagar i året, men kan også besøkjast på eigenhand.

• Kolbeinstveit, Litunet og Røynevarden i Suldal

• Viga i Hjelmeland

• Hustveit og Industriarbeidarmuseet i Sauda

Tlf. 52 79 29 50
Sand
post@ryfylkemuseet.no • ryfylkemuseet.no Nordenden 14, 4230
Ein inkluderande møteplass for kunnskap og opplevingar!
post@olafisketjon.no tlf. 52 79 91 86 etabl. 1957
BYGG OG ANLEGG
KULTUR OG OPPLEVINGAR

KINO + BAD

PÅ SAME DAG = RABATT PÅ BILLETTEN

SULDAL BAD - EIT BAD FOR ALLE

Me har stupetårn, babybasseng, hinderløype, klatrevegg, boblebad, terapibasseng, 25 meter basseng, familiegarderobe, kafé og badebutikk.

ORDINÆRE OPNINGSTIDER 2023

MÅNDAG: Morgonbading** 06.30 - 08.30

Baby/pensjonistbading 09.00 - 11.00

TYSDAG: 16.00 - 20.00*

ONSDAG: Morgonbading 06.30 - 08.30 16.00 - 20.00*

TORSDAG: 16.00 - 20.00*

FREDAG: Morgonbading 06.30 - 08.30 16.00 - 20.00*

LAURDAG: 12.00 – 17.00*

SØNDAG: 12.00 - 17.00*

KJØP KOMBO-BILLETT PÅ KULTURHUSET **Morgonbad utgår i alle ferier.

*Du må vera oppe av bassenget ein halv time før me stenger. Det gjeld ikkje morgonbading og baby/pensjonistbading. All informasjon om ferieopningstider og spesielle tilbod finn du alltid på suldal-bad.no.

RESERVER PLASS I HELGER OG FERIER! Det er gratis å reservere, og det gjer du på suldal-bad.no.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Opplevingar i Suldal: Facebook @VisitSuldal

Aktivitetar i kommunesenteret: Facebook @SandiSuldal

Status frå skiløypene: Facebook @Loypekjoraren

Naturfarevarslar:

Varsom.no

Hjartestartarar i Suldal: 113.no/hjertestarter

Brann: 110

Politi: 112

Ambulanse: 113

Legevakt: 116 117

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.