1 minute read
FINNMARK
by Wera AS
Me var ein liten gjeng som var so heldige at me fekk høve til å vitja Finnmark i to veker. Her budde me for det meste på Vestre Jakobselv, eit camping- og misjonssenter to mil frå Vadsø. Der vart me til dømes invitert heim på vitjing til nokre kristne familiar i området. Sjølv om det var ein eigen kyrkjelyd knyta til misjonssenteret, måtte me elles ofte køyra fleire timar for å kunne vera med på andre møter eller liknande kristent arbeid. Me reiste blant anna til Kirkenes og Vardø. På vegen fekk me god tid til å nyta skaparverket og naturen i nord.
Advertisement
Elles var det fleire høgdepunkt undervegs. Me fekk vera med på barne- og ungdomsarbeidet i aust-finmark, og det gjorde inntrykk å få eit lite innblikk i utfordringane og lyspunkta i eit slikt arbeid. På barneklubbane vart me kjend med ungane, prøva å ha andakt, og få vera med på leikar og anna opplegg. Det var tydeleg at det vart sett pris på å få besøk frå Fjellheim.
Naturen i nord er enormt ven. Me sto til dømes på ski, og me fekk isfiska i nydelege omgivnadar. Me fekk oppleva mykje nordlys, noko som alltid er like mektig å oppleva i røynda, og ikkje berre på bilete. Då me hadde fri, reiste me til Tana, der me fekk prøva hundekjøring, etterfylgt av bålkos og snøskuterkøyring.
Ikkje minst vart me betre kjent med kvarandre, og me opplevde at turen styrka samhaldet i den litle gruppa. Det var fint for fellesskapet med lange bilturar, spelekveldar og nye opplevingar.
Elever på bibelskolen