2 minute read

Internatskule

Next Article
Rotary-prisen

Rotary-prisen

UTDANNINGSREPORTASJE

Møt Phillip Marthinsen Kålås frå Øygarden! Han er 16 år, har flytta heimefrå og begynt på Lundeneset vgs heilt nord i Rogaland.

Foto: Helge Johan Stautland

Phillip Marthinsen Kålås (16) har einerom på internatet på Lundeneset i år. Her trivst han veldig godt.

Internatskule

Philip M. Kålås (16) begynte på internatskule:

/ Av Helge Johan Stautland /

INTERNATSKULE 16 år og flytta heimefrå for å begynna på vidaregåande? Sprøtt og litt halvskummelt, tenker du kanskje! Det treng ikkje vera det. Stikkordet er nemleg internatskule.

– Det er klart det var skummelt å flytta heimefrå i starten, men det gjekk fort over. På Lundeneset har eg blitt godt kjend med mange allereie. Det blir heilt klart eit tettare miljø når så mange bur på internat. Å bli kjend med andre går naturleg, seier Phillip Marthinsen Kålås.

Å flytta på internat kan skildrast som ein mellomting mellom det å flytta heimefrå og å flytta på hybel. Misjonssambandet Skoler, som Lundeneset er ein del av, har mange internatskular over heile landet. På desse skulane bur du saman med mange andre, på anten einerom eller dobbeltrom. Det betyr altså at ja, du er heimefrå, men sjeldan åleine! Ein et mange av måltida i lag, og elevane brukar mykje av fritida saman. Til saman tilbyr Misjonssambandet Skoler dei fleste programområde innanfor vidaregåande opplæring.

Phillip har søsken som har gått på Lundeneset, og visste derfor litt om korleis det var. – I tillegg søkte eg litt på nett og såg YouTube-videoar der det såg ut som at folk hadde det veldig kjekt i lag, seier han.

Han enda opp med å senda søknad, og er i dag elev på VG1 IT og medieproduksjon. Skulen tilbyr også programområda studiespesialisering, sal, service og reiseliv, samt påbygg.

KRISTEN SKULE!?

Skulane i Misjonssambandet Skoler har ein kristen profil. Men her er det elevar med forskjellig tru. Det er viktig for skulane at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva ein trur på.

Det er viktig for skulane at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva ein trur på.

Elevane kan ta del i det kristne tilbodet utanom skuledagen dersom dei ønskjer det. Ei kristen forståing av verkelegheita og kva eit menneske er, er noko som er sentralt for desse skulane

På skulane kan du ta del i eit aktivt idrettstilbod, engasjera deg i friluftsliv eller bruka meir tid på hobbyen din. Og så må ein ikkje gløyma det sosiale fellesskapet generelt: Elevane er flinke til å skapa liv og engasjement rundt seg når dei steller i stand ting etter skuletid.

Misjonssambandet skoler har 12 internat- eller dagskular i heile landet. Du kan lesa meir om desse på www.misjonssambandetskoler.no

«På Lundeneset har eg blitt kjend med mange»

Foto: Kees A. Z. Fjellvang

This article is from: