1 minute read
Reddet
REDDET tilbakeblikk
Av Karen Cecilie Løvoll Steinsvåg Foto: Rebecca Hofseth
• Å vere på REDDET 2022 var så fint og hyggeleg! Etter ein lang pandemi var det så deilig å møte andre menneske og tilbe Jesus i lag. Eg følte genuint fellesskap og at mange ville vere eit lag saman for Gud. Ofte takkar eg Gud for den helga. Ei ekte velsigning.
• Naturlegvis var fellesskapet så fint, men forkynninga var så lærerik. Jesus var alltid i sentrum. Jesus sin ekte og lojale kjærleik til absolutt alle menneske var så godt å bli fortalt på nytt.
• Det er alltid ting som kunne vore gjort annleis og sikkert betre, men eg tykkjer at opplegget var topp nesten heile tida! Seriøst godt jobba! • Til andre som vurderer å komme ein seinare gong, tenk på det som ei helg med Jesus. La Jesus vere det sentrale i livet ditt. I lag med vennene dine er det deilig å sleppe alt anna i livet og fokusere på Gud.