Nettverkskart-oppdrag

Page 1

Nettverkskart - eit verktøy for å bli kjend Mål med gruppearbeidet: 1. Bli kjend med dei andre i basisgruppa. 2. Bli kjend med og læra å ta i bruk eit verktøy som du kan bruka i eiga undervisning for å få vita noko om kva elevane dine interesserer seg for.

Framgangsmåte i gruppearbeidet: 1. Bruk 5 minutt til å fylla ut ditt personlege nettverkskart med deg sjølv i midten og

nettverket rundt. På kartet skal du plassera dei personane som er viktige for deg, og alle skal ha eit kjenneteikn (ein eigenskap, spesiell kunnskap/dugleik, verdi ell.l. – t.d. kan ein elev skriva: mor likar å laga mat og å gå på tur med hunden vår, morfar har sauer og fortel veldig spanande historier, far er fiskar og likar å spela fotball. Ut frå slike opplysningar kan du rekna med at denne eleven veit ein del om å laga mat, er van med dyr, elskar historiar, kjenner til livet i sjøen, og likar leik med ball). I staden for ord kan nettverket illustrerast med teikningar/symbol. 2. Alle gruppedeltakarane fortel om seg sjølv med utgangspunkt i nettverkskartet (du bestemmer sjølv kva du vil dela med gruppa). Fordél tida slik at alle får tilnærma lik tid. 3. Som ei oppfylgjing til denne ”bli kjend-økta” kan kvar einskild presentera seg på Fronter om det ikkje alt er gjort (under ”Forum” finn du mappa ”Presentasjon av studentane”).

HUGS Dersom du brukar dette verktøyet saman med elevane dine, så hugs på fylgjande: - Elevar må få nok tid til å fylla ut nettverkskartet sitt. - Nettverkskartet kan fylgja elevane. Etterkvart som tida går kan dei supplera med nye opplysningar eller noko som etterkvart vert viktigare for dei. - Unge elevar kan bruka teikningar. Når dei vert eldre kan dei supplera med ord.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.