Prosjekt X Fakta. Det er opp til deg! NN

Page 1


Før du les • Kva veit du om energisparing frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om energisparing? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.

Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: atmosfære brensel drivhusgass habitat miljø resirkulere teknologi Nokre av orda i boka er forklarte på side 31.


Det er

opp til deg! Innhald Ta vare p책 planeten jorda 2 P책 tide med ei opprydding 4 Pass p책 vatnet 8 Problemet med reising 12 Kva kostar middagen? 16 Elektrisitet 20 Energialternativ 24 Global oppvarming 28 Det er opp til deg! 30 Ordforklaringar 31 Stikkord 32

Haydn Middleton Figurillustrasjonar av Jon Stuart


Ta vare på planeten jorda Sjå deg rundt. Kor mange menneske ser du? Her på planeten jorda er du sjeldan heilt åleine. Det er sju milliardar menneske som deler denne kloden. Ein milliard er tusen millionar. Det ser slik ut: 1 000 000 000. Folkemengda i verda auker snøggare enn nokon gong. Innan 2050 kan det vere ni milliardar av oss her på kloden! Somme stader i verda – særleg byane – er alt svært tett busette. Men andre stader i verda er det nesten tomt. Då må det vel vere nok plass til alle? Vel – det er det sannsynlegvis. Men det er ikkje det største problemet vårt. Dette er Shanghai – ein av dei tettast busette byane i verda.

Korleis kan det vere plass til fleire menneske?

2


Byane våre er smekkfulle av bygningar, maskinar og køyretøy. Alle desse bruker mengder av energi. Energiressursane i verda er i ferd med å bli brukte opp, og avfallet vi produserer, ureinar miljøet meir og meir. Mange forskarar meiner at ureininga er i ferd med å gjere jorda varmare. Denne globale oppvarminga endrar vêret på kloden. Ekstremvêr – som tørke, flaum og orkanar – kan føre til store øydeleggingar i somme land.

Kvar og éin av oss kan gjere noko for å stoppe den globale oppvarminga.

Ekstremvêr, slik som denne flaumen i Bangladesh, kan gjere at ein ikkje kan bu på delar av planeten vår.

Det er opp til deg Vi må ta vare på denne dyrebare planeten vår. Vi må innsjå at vi ikkje har nokon annan stad å dra til. Kvar og éin av oss kan vere med på å gjere det betre. Her i boka finn du nokre framlegg. Det er ikkje sikkert at du liker dei. Eller kanskje du synest at dei kan vere med på å ta vare på jorda for komande generasjonar. 3


På tide med ei opprydding Det er ferie. Du har det keisamt. Du har det så keisamt at du tilbyr deg å rydde i garasjen. Han er full av skrot! Her finn du: ● ein kasse full av flasker og glas ● ein haug med vekeblad ● ein sekk med gamle klede ● to mobiltelefonar Du veit at glas og papir kan resirkulerast. Derfor legg du blada i papirsøppeldunken. Flaskene og glasa legg du i glaskonteinaren. Seinare kjem renovasjonsvesenet og hentar avfallet til resirkulering. I Noreg gjenvinn vi om lag 90 prosent av all glasemballasje.

Resirkuleringstips Glasemballasje: ●

Vask glaset godt

før du leverer det ●

Ta av plastlokk

Pass på når du handterer knust glas ●

Resirkulert glas blir brukt til å lage:

4

nye glas og flasker

glasvatt og fyllmasse


Du kikkar opp i sekken med klede. Det er ikkje noko feil med kleda – dei er berre blitt for små til deg. Du set dei til side for å leggje dei i innsamlingskonteinaren. Nokon andre kan jo ha bruk for dei. Då slepp du å kaste kleda. Bruktbutikkar hjelper oss å resirkulere ting vi ikkje treng. Pengane dei tener, går ofte til ei god sak.

Kva hender med tinga vi ikkje resirkulerer?

Til slutt ser du på mobiltelefonane. Ingen bruker slike lenger. Det er då sikkert ingen som vil ha dei. Du legg dei i restavfallsbytta. Det kan vel ikkje skade å kaste eit par mobiltelefonar?

5


Mobiltrusselen Dette biletet blei laga på ein datamaskin. Det syner 426 000 mobiltelefonar. Så mange mobiltelefonar kastar folk i USA kvar dag. Du har kanskje berre lagt to mobiltelefonar i søppelkassa – men hugs at det finst sju milliardar av oss!

Cellphones er laga av den amerikanske kunstnaren Chris Jordan i 2007.

Kva hender med alle dei gamle mobiltelefonane?

6


I mange land blir hushaldsavfall som ikkje kan gjenvinnast, knust og grave ned i store søppelfyllingar. Noko av det nedgravne avfallet – som mat og papir – rotnar. Noko av avfallet – som plast og metall – rotnar aldri. Det kjem til å liggje der nedgrave i all framtid. Den gode nyheten er at mobiltelefonar kan resirkulerast. Det er mange velgjerande organisasjonar som tek imot gamle mobiltelefonar. Dersom dei verkar, sender dei dei til folk i fattige land som ikkje har råd til å kjøpe seg nye mobiltelefonar. Dersom dei ikkje verkar, kan dei einskilde delane resirkulerast. Mobiltelefonar rotnar ikkje. Berre tenk på kor mange mobiltelefonar det er som hopar seg opp på søppelfyllingar som denne rundt i verda.

Det er opp til deg Spørsmålet er altså: søppel­fylling eller gjenvinning? 7


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.