Før du les • Kva veit du om utbrytarkongar frå før? • Bla gjennom boka, og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om utbrytarkongar? • Sjå på ordlista. Kjenner du nokre av orda frå før? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.
Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: handjern illusjon kampsport klaustrofobisk likkiste publikum tvangstrøye utbrytarartist Nokre av orda i boka er forklarte på side 24.
Utbrytarkongar Innhald ÅTVARING! 2 Hels på ein ekte utbrytarkonge 4 Harry Houdini 6 Levande gravlagd! 8 Flystunt 10 Høgt heng dei 12 På dyra sin nåde 14 Under lås og slå 16 Tvangstrøye 18 Når noko går gale 20 Utbrytarfakta 22 Quiz 23 Ordforklaringar 24 Jane Penrose Figurillustrasjonar av Jon Stuart
1
ÅTVARING! No skal du få lese om nokre av dei mest vågale og farlege utbrytartriksa gjennom tidene. Dei som utførte dei, risikerte å få alvorlege skadar eller bli drepne. Grunnen til at dei kunne utføre triksa trygt, er at dei var svært veltrente og svært godt førebudde.
2
ÅTVARING!
Kva er ein utbrytarartist? Ein utbrytarartist er ein som har som jobb å bryte seg ut! Dei bryt seg ut når dei er fastbundne eller fastlåste (med til dømes handjern, kjettingar eller tvangstrøyer) eller innestengde (i til dømes bur, kasser eller tønner). Dei gjer det for å underhalde folk. Utbrytarartistar er svært godt trente og svært dyktige.
Det er BERRE røynde utbrytarartistar som bør prøve seg på utbrytarkunstane du snart skal lese om. Prøv ALDRI desse kunstane med mindre du er fullt utlært!
3
Hels på ein ekte utbrytarkonge Då Jonathan Goodwin var sju år gammal, las han ei bok om Harry Houdini. Houdini var ein utbrytarartist. «Eg var alt oppteken av superheltar,» seier Jonathan, «men Houdini var betre. Han gjorde superkunstar heilt på ordentleg.»
Su
4
pe
n n a rm
Jonathan, 7 år
H o u d i n i
Jonathan bestemde seg for at han òg skulle bli utbrytar artist når han blei stor. «Eg fekk far min til å binde meg med tau, og så øvde eg på å kome meg laus. Eg passa på at far alltid var i nærleiken då eg øvde. Han var politi og brannmann, så han visste alt om tryggleik.»
Jonathan øvde til han visste at han alltid kunne kome seg laus på ein trygg måte. Korleis kom han seg laus derfrå?
Harry Houdini
I dag er Jonathan Goodwin ein verdskjend utbrytarartist. Far hans jobbar framleis som assistenten hans. •F inn ut meir om dei utrulege utbrytarkunstane til Jonathan på side 8 og 9 og side 14 og 16. • Finn ut meir om helten til Jonathan, Houdini, på side 6 og 7. Jonathan bryt seg ut av ein sementblokk! 5
Harry Houdini Houdini er den mest kjende utbrytarartisten nokongong. Han forbløffa publikum over heile verda med dei utrulege utbrytarkunstane sine.
VASSTORTURCELLA
Beina til Houdini blir låste fast i fotjern. Så blir han hengd opp ned. Til slutt blir han fira ned i ein glastank full av vatn, og beina blir låste fast til toppen av tanken. Houdini må kome seg laus før han blir nøydd til å trekkje pusten att! 6
BRUHOPP MED HANDJERN Houdini blir låst fast i handjern og lenkjer. Så hoppar han frå ei bru og ned i vatnet nedanfor. Tusenvis av tilskodarar ser på frå brua. Houdini må kome seg laus frå handjerna og lenkjene før han druknar.
Ein gong kom Houdini seg laus etter å ha blitt sydd inn i ein daud kval!
Fakta om Houdini Fødd:
4. mars 1874 2 i Budapest i Ungarn
31. oktober 1926 Døydde: i Detroit i USA Ekte namn: Ehrich Weiss Kroppstype: Kort og tettbygd
7