Zeppelin Leseserie. Hjarteleg helsing NN

Page 1


Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 2

02-05-06 14:52:19


INNHALD Hjarteleg helsing Eit hjarte av gull KjĂŚre dagbok

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 3

4 10 19

02-05-06 14:52:19


HJARTELEG HELSING

Det er bakedag på skulekjøkkenet. Mjølstøvet ligg som eit tynt lag julesnø over benker og bord. Golvet er seigt av melis og sirup. – Her blir det nok litt å vaske etter kvart, seier læraren. – Fint at de i gruppe tre har sett på ein klesvask med handdukar og klutar. Er det lenge til vaskemaskinen er ferdig, forresten? – Eg skal sjekke, seier ein av gutane og går ut på vaskerommet. Men han kjem fort ut att. – Det tyt masse skum ut av vaskemaskinen! Han har visst gått sund! roper han.

4

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 4

02-05-06 14:52:19


Læraren kastar frå seg sleiva. Ho stormar av garde så forkleet flagrar. I døra til vaskerommet snur ho seg og seier: – Berre gruppe tre blir med meg! De andre blir her og held fram med peparkakedeigen. Det blir sikkert nok kaos på vaskerommet utan dykk! Ho klaprar vidare på harde hælar. Dei høyrer henne godt, sjølv om dei ikkje får lov til å følgje etter: – Kven er det som har hatt vaskepulver i maskinen? – Eg, seier ei tynn stemme. – Men eg tok berre så mykje som eg skulle. – Det gjorde eg òg, seier ei anna stemme. – Og eg! – Og eg! – Og eg! Bakarane ute på kjøkkenet ler høgt. Denne gongen er det ikkje dei som har dumma seg ut. – At det går an å vere så teite! Ha i vaskepulver i maskinen fem gonger! Anders ler aller høgst. Det er så fint å le saman med dei andre. For ein gongs skuld er det ikkje han dei ler av. Men latteren varer ikkje lenge. Der står Tomas og ser på han med smale auge. Han lurer vel på kva han skal finne på no som læraren er borte. Anders gjer seg så liten han kan. Prøver å gøyme seg bak posen med mjøl. Men det er for seint. Tomas er på veg bort til bordet hans. – Kom igjen! Vi hjelper Anders med peparkakene! Dei andre trekkjer på skuldrene. Snart står dei i ein tett klump rundt bordet hans. Tomas og kameratane hans, sjølvsagt. Nokre av jentene er også med. Der står Mari!

5

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 5

02-05-06 14:52:19


Er ho også blitt med i gjengen til Tomas? Anders blir kald i magen. Han har mest lyst til å krype under bordet. Men så lyftar Mari hovudet. Ho ser rett inn i auga hans. Då veit han at det ikkje er slik det er. Tomas pratar og pratar. Han lener seg over bakebollen til Anders og læst som om han blir skikkeleg overraska. – Neimen Anders! Er du ikkje ferdig med deigen enno? Du som er gullungen til læraren og all ting. Eg skal hjelpe deg! Han grip boksen med pepar. Han opnar loket og heller masse pepar i bakebollen til Anders. Så står han der og gliser, med boksen i handa. Men han gliser ikkje lenge. Ei hand stikk ut av klumpen med tilskodarar. Handa slår armen til Tomas oppover. Peparen sprutar ut av boksen. Rett opp i ansiktet til Tomas. I auga hans, i nasen, i munnen og i halsen. Tomas hostar. Han nys og gnir seg i auga. Det er berre så vidt han greier å snakke. – Kven gjorde det? geispar han. Ingen svarer. Men Anders veit. Han rakk å sjå armbandet rundt handleddet. Ein liten «M» i ei tynn lekkje av sølv. – Kva er dette for bråk? Sa eg ikkje at de skulle halde fram med deigen? Læraren kastar eit blikk på Tomas og leier han med seg. Ut på gangen, gjennom garderoben og rett inn i dusjen. Der blir han ståande resten av timen. På skulekjøkkenet luktar det peparkaker. Herlege, varme, nysteikte peparkaker. Hjarte og stjerner, koner og menn. Alle får med seg kvar sin pose med kaker.

6

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 6

02-05-06 14:52:19


Anders somlar med å pakke saman. Han håper at Tomas og dei andre ikkje ventar på han. Ute på gangen er det tomt. Nei, forresten, ikkje heilt. Der står Mari. Ho ser på nokre rare julenissar som førsteklassa har laga. Anders går bort til papirkorga. Han tek fram posen med peparkaker og slepper han ned i korga. – Du må då ikkje kaste kakene dine! Mari plukkar posen opp att.

7

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 7

02-05-06 14:52:19


– Æsj, dei kakene der går det ikkje an å ete, seier Anders. – Dei er jo fulle av pepar! Men Mari opnar posen og vel ut ei kake. Eit stort, brunt hjarte. Så bryt ho det i to. Ho gir Anders den eine delen. Sin eigen del stappar ho rett i munnen. Ho bit, tygg og svelgjer. Så smiler ho og smattar med tunga. Som om det er det beste ho nokon gong har smakt. Heile tida ser ho han rett inn i auga.

8

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 8

02-05-06 14:52:19


Anders bøyer hovudet og kikar ned på det halve hjartet han har i handa. Han trekkjer pusten djupt, gaper og tek ein bit. Det brenn og svir i munnen. Tårene pressar på. Huda på tunga kjem sikkert til å losne! Han hostar og geispar eller luft. Så svelgjer han. Elden breier seg nedover i halsen. Ned i magen. Til armane og beina. Heilt ut i fingrane og tærne. Det er den beste peparkaka han nokon gong har smakt. Den kvelden skriv Anders julekort – eit stort julekort med bilete av eit raudt hjarte. «Kjære Mari!» skriv han. «God jul og godt nyttår! Hjarteleg helsing.» Meir skriv han ikkje. Ikkje noko namn, ikkje noko om kven det er frå. Berre «Hjarteleg helsing». Det held.

9

Hjarteleg hilsen 3nyn.indd 9

02-05-06 14:52:20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.