2
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 2
09.07.10 11.09
Innhald Som ein møll på himmelen 4 Du lærer aldri å flyge 6 Amy får sitt eige fly 8 Avskjeden 10 Tippar flyet? 12 Med revolveren i fanget 13 Mange gode hjelparar 14
Heile verda følgjer Amy 16 Krasjlanding i Yangon 17 Mørke og regn over Thailand 18 Møte med innfødde 19 Endeleg framme 21 Oppgåver 22
3
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 3
09.07.10 11.09
Som ein møll på himmelen Nedst på sida ser du eit enkelt lite fly. Moth heiter denne flytypen. Han vart brukt tidleg på 1900-talet. Moth er det engelske ordet for møll, og namnet høver godt. Når ein såg det spinkle flyet oppe på himmelen, likna det på eit lite insekt.
I dette vesle flyet flaug Amy Johnson dei nesten 2000 mila frå England til Australia. 4
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 4
09.07.10 11.09
austerrike
Bangkok
Kunne du tenkje deg å flyge åleine frå England til Australia i eit slikt fly?
Reiseruta til Amy Johnson i 1930
Det gjorde den unge kvinna Amy Johnson i 1930. Øvst på sida ser du reiseruta hennar. Ho starta flygeturen i Croydon utanfor London i England og landa i Darwin i Australia. Vidare utover i boka skal vi høyre kva som skjedde under landingane i Wien, Istanbul, Bagdad, Persiabukta, Karachi, Yangon, Bangkok, på Timor og i Darwin. Kan du finne desse stadene på kartet? 5
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 5
09.07.10 11.09
Du lærer aldri å flyge Da Amy var lita jente i England, fekk ho ein dag vere med på ein flygetur. Dei fleste på hennar alder ville kanskje ha vorte redde. Motoren laga eit forferdeleg leven, og bensinlukta heldt på å kvele henne. Ho sat i ein heilt open cockpit og kunne sjå rett ned på bakken under seg. Men Amy bestemte seg der og da: Ho ville bli flygar.
6
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 6
09.07.10 11.09
Da Amy var 25 år gammal, hadde ho spart så mange pengar at ho kunne ta flygetimar. Flyginga gjekk ikkje spesielt bra. Særleg hadde ho problem med å lande. – Du kjem aldri til å lære å flyge, sa ein av lærarane til henne. Men Amy fekk fly-sertifikat, sjølv om ho måtte ha fleire flygetimar enn det som var vanleg. Det var ikkje lett for ei ung kvinne på den tida å få arbeid som flygar. Det var ikkje vanleg med kvinnelege pilotar. – Verda skal få sjå at også kvinner kan flyge, sa Amy. Ho hadde teke ei modig avgjerd. Ho ville flyge åleine frå England til Australia på under 16 dagar. Det var rekorden, og den hadde ein mann som heitte Hinkler. 7
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 7
09.07.10 11.09
Amy får sitt eige fly Det første Amy måtte gjere, var å skaffe pengar. Amy skreiv brev på brev til kjende personar. Kunne dei tenkje seg å hjelpe henne med pengar til fly og utstyr? Ho trefte til slutt eigaren av eit stort oljeselskap. Han sa ja til å betale halvparten av det det kosta å kjøpe ein to år gammal Moth. Dessutan ville han sørgje for at ho fekk gratis drivstoff på turen. No lysna det for Amy: Faren sa ja til å betale det som mangla. Amy kalla flyet sitt Jason. Flyet hadde to drivstoff-tankar. Det gjorde at ho kunne vere i lufta 13 timar om gongen før ho måtte ned på bakken for å fylle bensin. Flyet hadde heilt 8
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 8
09.07.10 11.09
open cockpit. Regna det, vart piloten klissv책t. Skein sola, var varmen nesten ikkje til 책 halde ut.
Her ser du nokre av instrumenta i eit moderne fly. Flyet som Amy brukte, hadde berre fire instrument.
9
8203339578_Luftdronninga_M_nyn.indd 9
09.07.10 11.09