Zeppelinlese maaneferda nyn s1til9

Page 1


15890_Manelanding_NN.indd 2

08-08-08 13:43:04


Innhald Ein dag i juli 4 Ut i verdsrommet 6 Livet i eit romskip 7 Er du svolten? 8 Fotspor på månen? 10 Klar for landing! 11 130 varmegrader 12

700 millionar ser deg! 13 Kva veit du om månen? 15 Tid for arbeid 16 Tilbake til jorda 17 Kva synest du? 18 Vi spør Lotta 19 Kva las du no? 22

Frå venstre ser du Collins, Aldrin og Armstrong. Dei var dei første månefararane i verda.

15890_Manelanding_NN.indd 3

08-08-08 13:43:05


Ein dag i juli Det er 16. juli 1969. Ein stor rakett står klar. På toppen er det eit romskip. Apollo 11 heiter romskipet. Her sit det tre menn: Aldrin, Armstrong og Collins. Dei er spente. Om tre dagar skal dei lande på månen. 10 – 9 – 8 – 7 – 6 – 5 – 4 – 3 – 2 – 1– 0. Det høyrest eit brøl. Raketten lyftar seg. Ei lita stund står raketten nesten stille i lufta. Så skyt han fart.

4

15890_Manelanding_NN.indd 4

08-08-08 13:43:08


Dette skjer i Florida i USA. Nede på bakken står det nesten éin million menneske. Somme har klatra opp på hustak for å sjå betre. Alle følgjer raketten med auga. Mange har reist langt. Dei er komne i campingvogner, med motorsyklar og vanlege bilar. Dagen før var det uråd å få kjøpt bensin. Vekkjarklokker var også utselde! Raketten blir mindre og mindre. Alle spør seg: Korleis skal det gå med dei tre mennene om bord? For første gong skal menneske prøve å lande på månen.

5

15890_Manelanding_NN.indd 5

08-08-08 13:43:11


Ut i verdsrommet Raketten fer utover i verdsrommet. Da han vart skoten opp, var han 111 meter. Det er like høgt som eit hus med 40 etasjar. Ikkje alle dei 111 metrane skal vere med til münen. Nür raketten er komen i rett bane, trengst berre romskipet. Resten av raketten, som heiter Saturn 5, blir send i bane rundt sola. Der vil han krinse rundt og rundt til han brenn opp.

Teikninga viser korleis siste delen av Saturn 5 blir kopla frĂĽ romskipet. 6

15890_Manelanding_NN.indd 6

08-08-08 13:43:20


Livet i eit romskip Inne i romskipet er det trongt. Mennene har liten plass. Dessutan er dei vektlause. Det vil seie at dei ”flyt” omkring når dei er spente fast. Av og til må romfararane røre seg. Da held dei seg i liner som er spente opp inne i romskipet. Dei har også sko med spesielle solar.

Morosamt å vere vektlaus? Biletet er teke under trening før ei romferd.

Solane liknar ein borrelås, som gjer at skoa festar seg på golv og vegger. 7

15890_Manelanding_NN.indd 7

08-08-08 13:43:23


Er du svolten? Visst er det morosamt å vere vektlaus! Tenk å kunne sveve som ei fjør! Men det er mykje du ikkje kan gjere. Du kan for eksempel ikkje ete brødskiver. Mistar du ein brødsmule, dett han ikkje ned på golvet. Han ”flyt” omkring. Pustar du han inn, kan du bli kvelt. Derfor har romfararane med seg mat som er laga nettopp for denne turen.

Tyngdekraft er ei kraft som trekkjer alle ting mot bakken. Kastar vi ein ball opp i lufta, dett han ned att. Det er på grunn av tyngdekrafta. Er du ute i verdsrommet, langt frå jorda og dei andre planetane, er tyngdekrafta svak. Det er derfor romfararane ”flyt” omkring i romskipet.

Dette merket vart teikna av Collins til romferda i 1969. Ørna er symbol på USA.

8

15890_Manelanding_NN.indd 8

08-08-08 13:43:27


Maten som mennene skal ete, er tørt pulver og små, tørre terningar. Når dette blir bløytt i vatn, smakar det ganske godt. Tannpastaen er også spesiell. Den skal mennene svelgje, ikkje spytte ut!

Her ser vi maten til romfararane! Han likna litt meir på vanleg mat når han vart blanda med vatn.

9

15890_Manelanding_NN.indd 9

08-08-08 13:43:30


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.