od nors 1
God nors 1
Norsk for vaksne innvandrarar
Lena Berg Andersen og Jannecke Hofset
NYNORSK
Ny utgåve 2023
TEKSTBOK
Læreboka God i norsk 1 er ein del av læremiddelet God i norsk 1. Læremiddelet dekker kompetansemåla innanfor A1 og A2 i læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021) og kjerneelement og tverrfaglege tema i denne læreplanen.
© H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) AS, 2023 2. utgåve / 1. opplag 2023
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.
Redaktør: Irene Brinch Sand
Omsetting til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland (sjå kommentar om formval i forord)
Grafisk formgiving: Fredrik Svanqvist
Omslag: Fredrik Svanqvist
Omslagsbilde: Rolf Groven, Suse avgårde, 1990, copyright Rolf Groven/ BONO 2023
Bilderedaktørar: Nina Hovda Johannesen og Irene Brinch Sand
Fotograf: Marit Brunstad
Illustrasjonar: Karine Haaland
Tekniske teikningar: Irene Løhre
Kart innside omslag: Gerd Eng Kielland
Grunnskrift: Tiempos og Haas Grotesk
Papir: 100 g G-print 1,0
Trykk: Merkur Grafisk A/S
Innbinding: Bokbinderiet Johnsen AS, Skien
ISBN 978-82-03-41304-9 www.aschehoug.no
Forord
God i norsk1 er eit komplett læremiddel for deltakarar i begynnaropplæringa i norsk som andrespråk. Læremiddelet dekker kompetansemåla innanfor A1 og A2 i læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021), og innhaldet i God i norsk 1 er også dekkande når det gjeld kjerneelement og tverrfaglege tema i denne læreplanen.
Målgruppa for God i norsk 1 er deltakarar med både langsam og rask progresjon og som har skulebakgrunn frå heimlandet. Læremiddelet har ein naturleg og tydeleg progresjon med vekt på repetisjon og nytteverdi.
Læremiddelet omfattar tekstbok, arbeidsbok, ordlister på ulike språk og digitale ressursar, der deltakarane får drilloppgåver, norskprøvetrening, lyd og videoar, og der det er ekstraoppgåver, undervisningstips og digitalbok for lærarane.
God i norsk 1 tekstbok har tydeleg og eksplisitt fokus på ny grammatikk i tillegg til systematisk repetisjon av vokabular og grammatikk i tekstane.
Kapitla inneheld dialogar med samandrag, forteljande tekstar, faktatekstar og nokre autentiske tekstar. Tekstane er knytte til dei tverrfaglege temaa, og mange deltakarar vil kjenne igjen innhaldet i faktatekstane frå emne i læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (2021).
Illustrasjonane i tekstboka har ein gjennomgåande pedagogisk funksjon, og kvart kapittel startar med detaljerte førlesebilde ein kan bruke for å hente fram bakgrunnskunnskapen til deltakarane og øve deltakarane i å mediere og dele vidare det dei ser på bilda.
Boksar i margen ved tekstane gjer nye element tydelegare og lettare tilgjengelege for deltakarane. Dei mange munnlege oppgåvene bidrar til at deltakarane kan øve inn ord og uttrykk gjennom munnleg samhandling.
Arbeidsretting kjem til uttrykk ved at eit yrke blir presentert i kvart kapittel. Kvar yrkestekst inneheld dialogar med relevant vokabular.
Kvart kapittel blir avslutta med ei ordliste med nye ord frå kvar tekst. Bakarst i tekstboka er det ein minigrammatikk og ei alfabetisk ordliste.
Arbeidsboka har oppgåver der deltakarane får øvd inn leseforståing, vokabular, strukturar og grammatikk. Det er også uttale- og lytteoppgåver og norskprøvetrening i kvart kapittel.
Dei digitale ressursane gir deltakarane varierte oppgåver til kvart kapittel, uttale-, lytte - og drilloppgåver i tillegg til videoar. Ein egen del er norskprøvetrening, slik at deltakarane kan øve til norskprøven.
Lærarane får undervisningstips, mange tilleggsoppgåver til kvart kapittel, kapittelprøver og sjekklister, fasit til arbeidsboka, modelltekstar, tekstar til lytteoppgåvene og lyd til alle tekstane. Dei digitale ressursane inneheld også tip s til oppgåvetypar som kan øve deltakarane innanfor dei grunnleggande ferdigheitene og dei ulike kjerneelementa i den nye læreplanen.
Ved å bruke alle ressursane i God i norsk 1 blir kompetansemåla på A1 og A2 dekka, og deltakarane får utvikle ulike læringsstrategiar og språkferdigheiter, slik kjerneelementa i læreplanen legg opp til at dei skal gjere.
I denne nynorskutgåva av verket har vi bedt omsettaren om å gjere enkelte tilnærmingar til bokmål i formvala, slik at brukarane av boka også skal kunne kjenne att bokmålet når dei møter det ute i samfunnet. Vi har også bedt om at det blir valt mest mogleg regelrett bøying av substantiv og verb.
Vi vil takke dei dyktige fagkonsulentane våre og tilsette i Aschehoug som har komme med nyttige kommentarar undervegs. De har vore til stor hjelp.
Sist, men ikkje minst, må vi takke den eminente redaktøren vår, som i stor grad har bidratt til at boka har blitt til det ho er.
Lena Berg Andersen Jannecke Hofset
Innhald
1 Vi blir kjende
1.1 Kvar kjem du frå?
1.2 Kva heiter du?
1.3 No bur eg i Noreg
1.4 Eg snakkar litt norsk
1.5 Yrkestekst: Eg er lærar
2 Korleis går det?
2.1 Kjenner du Marek?
2.2 Eg kom til Noreg i mai
2.3 Eg saknar dei
2.4 Kva betyr det?
2.5 Yrkestekst: Eg er lege
3 Familie og fritid
3.1 Dei fortel om familien
3.2 Eg kjem ikkje på norskkurs i dag
3.3 Sompit skal besøke svigermor
3.4 Skal vi gå på konsert?
3.5 Yrkestekst: Eg er bilmekanikar
Helsefrasar
Namn
Språk og land
Be om gjentaking
Seie at ein ikkje forstår
Fylle ut skjema
Tala 1–10
Alfabetet
Vekedagane, timeplan
Personleg pronomen (subjekt)
Verb i presens
Ordstilling: V2-regelen
Plassering av ikkje
Heilsetningar, spørjesetningar
Spørjeord: kva, kven, kvar
Teiknsetting
Uttale: a / o / å
Helsefrasar
Alder
Telefonnummer
Kva gjer du no?
Når kom du til Noreg?
Vennskap
Sivilstatus
Månadar og årstal
Tal
Familie
Husarbeid og aktivitetar heime
Fritidsinteresser
Sende SMS
Gjere avtaler
Pausesnakk på jobb
Spørjeord: når, kor gammal, korleis
Substantiv: kjønn og tal
Preposisjonar for adresse: i, på
Personleg pronomen (objekt)
SVO-setningar
Inversjon med tid først
Uttale: e / i / y
Eigeforhold med «til»
Substantiv: bestemt form
Stadsadverb: heim, heime
Spørjeord: kor mange
Modalverb: skal, vil, må, kan Verb: infinitiv etter modalverb
Uttale: u / ø / øy
SideTekst
4 Ein vanleg dag
4.1 Kva er klokka?
4.2 Heime hos Bjørnar
4.3 Skal vi møtast ein dag?
4.4 På kafé
4.5 Yrkestekst: Eg er servitør
5 Korleis er vêret?
5.1 Liker du vêret i Noreg?
5.2 På stranda
5.3 Eg saknar sommaren
5.4 Kva dato er det?
5.5 Yrkestekst: Eg er barnehageassistent
Funksjon
Klokka
Måltid
Fritid
Tider på døgnet
Bestille
6 Kva gjorde du i går?
6.1 Kva gjorde du i går?
6.2 Kva gjorde du i helga?
6.3 Kva gjorde du i fritida i heimlandet?
6.4 Når kom du til Noreg?
6.5 Yrkestekst: Eg er hotellmedarbeidar
7 God tur!
7.1 Unnskyld, korleis kjem eg til Frognerparken?
7.2 Kva gjorde du i Bergen?
7.3 Unnskyld at eg kjem for seint!
7.4 Går denne bussen til Førde?
7.5 Yrkestekst: Eg er bussjåfør
8 På handletur
8.1 Ingrid leiter etter bil på finn.no
8.2 Bjørnar liker å gå på loppemarknad
8.3 Vi berre kikar
8.4 Marit handlar til bursdagsmiddag
8.5 Yrkestekst: Eg er butikkmedarbeidar Yrkestekst 2: Eg er frisør
Grammatikk og uttale
Pronomen: refleksiv form: seg
Refleksive verb
Adverb: rekkefølge i tid
Tekstbinding: og, men
Verb: infinitiv med å
Substantiv
Uttale: æ / ei / au
Vêret og årstidene
Uteaktivitetar
Rekketal
Dato og fødselsdato
Henting i barnehage
Personalmøte
Verb: verbuttrykk med infinitiv
Substantiv: bestemt form
Stadsadverb: ut, ute, inn, inne
Det-setningar om vêret
Uttale: sj-lyd / kj-lyd
Pausesnakk på jobb Fritidsaktivitetar
Verb: preteritum Tidsuttrykk i fortid
Preposisjonar for tid
Uttale: r og retrofleksar
Transportmiddel
Vegbeskrivingar Fortelje om ei reise Komme for seint Komme presis
Klede, fargar og storleikar
Gå i butikken og handle
Matvarer
Bruke finn.no Loppemarknad
Preposisjonar og uttrykk for plassering Stadsadverb: hit, her, dit, der Peikeord: den, denne, det, dette, dei, desse Tekstbinding: for
Uttale: Trykk på stavingar
Adjektiv: kjønn og tal, regelrett bøying
Substantiv: kjønn, form og tal
Spørjeord: kva for ein/ei/eit, kva for nokre, kor mange, kor mykje
Mengdeord: mykje, mange Så som gradsadverb Årsaksforklaring: for å
Uttale: Konsonantsamband
SideTekst
9 Her bur eg
9.1 Korleis bur du?
9.2 Marek har flytta
9.3 Kor lenge har du budd her?
9.4 Har du vore på dugnad?
9.5 Yrkestekst: Eg er snikkar
Funksjon
Bustadtypar, inventar, nærmiljø, naboforhold Dugnad
Oppussing
Eige og leige
Bustadlån
10 Det må vi feire!
10.1 Eg gler meg til bursdagen min
10.2 Vil de komme i bryllaupet vårt?
10.3 Vennane våre gifta seg i helga
10.4 Innflyttingsfest hos Marek og Ewa
10.5 Yrkestekst: Eg er kokk
11 Det er typisk norsk
11.1 Kva er typisk norsk?
11.2 Det er typisk norsk å reise på hytta
11.3 Norsk geografi
11.4 Ei helsing frå Hurtigruten
11.5 Yrkestekst: Eg er turistguide
12 Kosthald og helse
12.1 Korleis føler du deg?
12.2 Eg føler meg litt dårleg
12.3 Vi må halde oss i form
12.4 Vi må prøve å ete sunt
12.5 Yrkestekst: Eg er pleieassistent
Feiringar, seremoniar og høgtider i Noreg og i heimlandet
Invitasjonar
13 Utdanning for alle
13.1 Skule i Noreg
13.2 Skal du på foreldremøte?
13.3 Yrkesfagleg opplæring i Noreg
13.4 Å studere i Noreg
13.5 Yrkestekst: Eg er reinhaldar
Typisk norsk
Ferievanar
Bruk av naturen Norsk natur og geografi
Hurtigruten Kjæledyr
Helse, sjukdommar, kosthald, kroppsdelar
Å halde seg i form, å ha eit godt liv Helseyrke, fastlegeordninga
Nødnummera
Skule og utdanning i Noreg og i heimlandet
Skule–heim-samarbeid Fagbrev og yrkesfagleg opplæring
Lån og stipend
Draumar og framtidsplanar
Grammatikk og uttale
Presens perfektum
Adjektiv: bestemt form og fleire uregelrette bøyingar
Uttale: Diftongar og setningstrykk
Eigedomsord
Adjektiv: gradbøying Som-setningar
Uttale: Samansette ord og meir om trykk
Leddsetningar: synest at, trur at, seier at, spør om Adverb: måte
Uttale: Setningstrykk
Eigedomsord, refleksiv form: sin, si, sitt, sine
Leddsetningar: då,når, fordi
Ordstilling i leddsetning: S(A)V
Uttale: Fokus på lange ord i tekstane
14 Eg vil finne ein jobb!
14.1 Har du erfaring?
14.2 På kontoret til sjefen
14.3 Arbeidsliv
14.4 Vanskelege situasjonar på jobben
14.5 Yrkestekst: Eg er barneskulelærar
Arbeidsliv
Reglar i arbeidslivet
Eigenskapar
Jobben din, yrket ditt
Tips til korleis ein kan
finne ein jobb
Søknad, cv, jobbintervju
Vanskelege situasjonar
på jobb
Ta imot beskjedar
Leddsetningar: viss
Forskjellen mellom viss og om Meir om ordstilling i leddsetning, SAV
Uttale: Samansette ord
15 Innvandrar i Noreg
15.1 «Du må finne den hemmelege døra»
15.2 «Eg vil vise innvandrarkvinner at alt er mogleg!»
15.3 «Kast deg ut i samtalar med nordmenn!»
15.4 «Du kan klare nesten alt viss du jobbar hardt!»
15.5 Ho: Er det sant?
Minigrammatikk
Ordklassar
Verb
Substantiv Pronomen
Adjektiv Adverb
Determinativ Preposisjonar
Konjunksjonar
Subjunksjonar
Interjeksjonar
Setningsledd
Setningar
Teiknsetting
Uttale
Alfabetisk ordliste
Frivillige organisasjonar og møteplassar i Noreg
Adverb: derfor Forskjellen mellom derfor og fordi
Uttale: Fokus på lange ord i tekstane
Kapittel 1
Vi blir kjende
Eg (personleg pronomen), presens, subjekt og verb Fokus
1.1
Kvar kjem du frå?
God morgon! Velkommen til norskkurs. Eg heiter Håvard. Eg kjem frå Noreg.
Hei! Eg heiter Yousef. Eg kjem frå Syria.
God morgon!
Eg heiter Viola. Eg kjem frå Italia.
Hei! Eg heiter Biniam og kjem frå Eritrea.
Hei! Eg heiter Sompit, og eg kjem frå Thailand.
Hei! Eg heiter Marek og kjem frå Polen.
God morgon!
Eg heiter Hawa. Eg kjem frå Somalia.
Nyttige uttrykk
God morgon! Velkommen!
Eg heiter … Eg kjem frå … Hei!
Verb
Presens – notid
sluttar ofte på -r:
heiter uttaler
Uttale
Munnlege oppgåver
• Kven kjem frå Polen?
• Kven kjem frå Eritrea?
• Kvar kjem Hawa frå?
• Kvar kjem Sompit frå?
• Kva heiter du?
• Kvar kjem du frå?
Du skriv:Du uttaler: norskkursnårsk-kurs a-lyden lang akort a kvaland Ita-liatakk dravatn
God morgon!
Velkommen til norskkurs!
Eg heiter Håvard og er lærar.
1.2 Kva heiter du?
Sompit: Hei! Kva heiter du?
Biniam: Eg heiter Biniam. Kva heiter du?
Sompit: Sompit.
Biniam: Unnskyld, eg forstår ikkje.
Sompit: Eg heiter Sompit.
Biniam: Å ja, no forstår eg. Du heiter Sompit.
Sompit: Ja, det er rett.
Viola: Eg heiter Viola. Kva heiter du?
Yousef: Eg heiter Yousef.
Viola: Unnskyld, kan du gjenta?
Yousef: Eg heiter Yousef.
Viola: Korleis stavar du det?
Yousef: Y-O-U-S-E-F. Forstår du?
Viola: Ja, tusen takk! No forstår eg.
Personlege pronomen Fokus
Biniam: Eg kjem frå Eritrea. No bur eg i Noreg. Og du, Sompit?
Marek: Han kjem frå Eritrea, og ho kjem frå Thailand. No bur dei i Noreg.
1.3 No bur eg i Noreg
Sompit: Eg kjem frå Thailand. No bur eg i Noreg. Kvar kjem du frå, Viola?
Håvard: Veldig bra!
Vi spør og svarer. Kvar kjem Biniam og Sompit frå?
Viola: Eg kjem frå Italia. Eg bur også i Noreg no. Kvar kjem du frå, Yousef?
Hawa: Eg kjem frå Somalia, og han kjem frå Polen. Vi bur i Noreg no.
Yousef: Eg kjem frå Syria. Kvar kjem du frå, Håvard?
Håvard: Eg kjem frå Bergen, men eg bur ikkje i Bergen no. Kvar kjem de frå, Hawa og Marek?
Nyttige uttrykk
Kvar kjem du frå?
Kvar bur du?
No bur eg i Noreg. Eg bur også i Noreg. Veldig bra!
Pronomen eintalfleirtal eg vi du de han, ho, hendei
Du skriv:Du uttaler: ogsååg-så
o-lyden
lang okort o bordkor bokfot-ball stol
Munnlege oppgåver
• Kvar kjem Håvard frå?
• Kvar bur Biniam og Sompit?
• Kven kjem frå Polen?
• Kven kjem frå Syria?
• Kvar kjem du frå?
• Kvar bur du no?
Tala frå null til ti 0null 1éin 2to 3tre 4fire 5fem 6seks 7sju 8åtte 9ni 10ti
Fokus
Ikkje
Nyttige uttrykk
i klassa
Han forstår litt.
Ho forstår mykje. på skulen
1.4 Eg snakkar litt norsk
Håvard kjem frå Noreg. Han snakkar norsk og er lærar på norskkurs. I klassa snakkar dei mange språk.
Marek kjem frå Polen og snakkar polsk og litt norsk. Han snakkar ikkje engelsk. Sompit kjem frå Thailand og snakkar thai og engelsk. Ho snakkar ikkje polsk.
Yousef kjem frå Syria. Han snakkar arabisk og engelsk, og no forstår han litt norsk. Viola kjem frå Italia. Ho snakkar italiensk og engelsk. Viola forstår mykje norsk, men ho forstår ikkje arabisk. Biniam kjem frå Eritrea. Han snakkar tigrinja, og han forstår litt italiensk og norsk. Hawa kjem frå Somalia og snakkar somali, engelsk og litt italiensk.
Biniam, Viola og Hawa snakkar litt italiensk saman. «Kva språk snakkar de no?» spør Håvard. Han forstår ikkje italiensk.
godinorsk.blogg.no
Hei! Eg heiter Hawa og kjem frå Somalia. Eg går på norskkurs.
Vi er mange i klassa.
Vi lærer norsk. Eg forstår ikkje mykje, men eg snakkar og skriv litt.
I bloggen skriv eg norsk. «Det er bra», seier Håvard.
Lærer du norsk?
Kommentarar
Fint bilde av klassa. Eg går på norskkurs.
Eg forstår litt norsk. Eg les mykje.
Helsing Yousef
Fint bilde av klassa. Eg er lærar på norskkurs.
Helsing Håvard
Munnlege oppgåver
•Kven snakkar litt italiensk saman?
•Kven skriv blogg?
•Kven kjem frå Polen?
•Kva for språk snakkar du?
•Forstår du arabisk?
•Skriv du blogg?
•Les du bloggar?
Kjem Håvard frå Noreg?Ja.
Kjem Håvard frå Italia?Nei.
Skriv Hawa blogg? Ja.
Forstår Marek somali?Nei.
Eg snakkar norsk, engelsk og fransk.
Eg snakkar litt tysk.
Eg snakkar ikkje somali.
Eg forstår ikkje arabisk.
1.5 Eg er lærar Yrke
Eg heiter Håvard og er lærar. Eg underviser i norsk. Det er ein fantastisk jobb. Eg møter folk frå mange land.
Håvard:No er det pause. Kva gjer de?
Viola:Eg drikk te i pausen.
Marek:Eg drikk kaffi i pausen.
Biniam:Eg et mat i pausen.
Sompit:Eg snakkar med Biniam i pausen.
Munnlege oppgåver
•Kva gjer Viola i pausen?
•Kva gjer Marek i pausen?
•Kva gjer Biniam i pausen?
•Kva gjer du i pausen?
•Kva et du i pausen?
•Kva drikk du i pausen?
1Snakk med nokon.
Fortel om denne personen til klassa etterpå.
Kva heiter du?
Kvar kjem du frå?
Kvar bur du?
Kva for språk snakkar du?
2Sjå på bildet på side 9. Fortel om bildet.
a-lyden
lang akort a kvahan
[G1_01_m] Bilde av Marek som drikker kaffe]
lang okort o bordkor
[G1_01_n] Bilde av Biniam som spiser matpakke]
[G1_01_o og 01_p. Bilde av Hawa og Sompit som snakker sammen. Utsnit av Sompit]
Setningar
Forteljande heilsetning: Eg kjem frå Noreg.
Spørjande heilsetning: Kvar kjem Hawa frå? – Ho kjem frå Somalia.
Kven kjem frå Italia? – Viola. Kva for språk snakkar Sompit? – Thai og engelsk.
Ja/nei-spørsmål: Kjem Hawa frå Noreg? – Nei.
Kjem Håvard frå Noreg? – Ja. Snakkar Håvard arabisk? – Nei.
V2-regelen: Verb skal alltid stå på plass nummer to i forteljande heilsetningar.
Eg gårpå norskkurs. Deilærernorsk. Håvardjobbari dag.
Eg forstårno. Noforståreg.
lang åkort å nålnorsk
Alle setningar må ha subjekt og verb Dei begynner med stor bokstav og har punktum, spørjeteikn eller utropsteikn til slutt.
Plassering av «ikkje»
Egkjem ikkje frå Noreg. Hansnakkar ikkje arabisk. Hodrikk ikkje kaffi. Viforstår ikkje italiensk.
Ordliste
1.1
God morgon!
Velkommen til norskkurs!
eit norskkurs eg Eg heiter ...
Eg kjem frå … Håvard
kjem frå Noreg Hei!
Yousef Syria
Sompit og
Thailand
Marek
Polen
Viola
Italia
Biniam Eritrea
Hawa
Somalia
Kvar kjem du frå?
Kva heiter du?
kven
1.2 er lærar Unnskyld! forstår ikkje Å ja! ja No forstår eg. du det rett Kan du gjenta? kan gjenta
Korleis stavar du det? korleis stavar Tusen takk! takk snakkar saman
Frå margen: nei alfabetet eit spørjeord
1.3 de bur vi spør svarer
Noreg også Bergen han
Veldig bra! dei
1.4 litt norsk på norskkurs i klassa mange språk polsk engelsk thai arabisk italiensk mykje tigrinja somali på skulen seier
Blogg: Eg går på norskkurs. Vi lærer norsk. skriv ein blogg fint bilde les helsing tysk fransk
Side 15: lekser pc SMS drikk vatn høyrer musikk surfar internett speler fotball ser tv et går tur
Tal: null éin to tre fire fem seks sju åtte ni ti 1.5 underviser fantastisk ein jobb møter folk land pause gjer te kaffi i pausen mat
God i norsk1 er eit komplett læremiddel for deltakarar i begynnaropplæringa i norsk som andrespråk. Læremiddelet dekker kompetansemåla innanfor A1 og
A2 i læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021).
Målgruppa for God i norsk 1 er deltakarar med både langsam og rask progresjon som har skulebakgrunn frå heimlandet. Læremiddelet har som mål å gjere språklæringa strukturert og overkommeleg med vekt på repetisjon og nytteverdi.
God i norsk 1 består av
•tekstbok
•arbeidsbok
•digitale ressursar for deltakarar med drill-, lese- og lytteoppgåver, fasit, norskprøvetrening, lyd og videoar
•digitale ressursar for lærarar med digitalbok, differensierte ekstraoppgåver, kapitteltestar og undervisningstips
•ordlister på fleire språk
På Aunivers.no finn du Aschehougs digitale læremiddel.
Jannecke Hofset har lang erfaring som lærar i norsk for vaksne innvandrarar ved Ålesund voksenopplæring og jobbar no med norskopplæring ved NTNU. Ho har vore fagkonsulent og er både munnleg og skriftleg sensor på norskprøvene. Jannecke har halde foredrag om rammeverket, vurdering og grammatikk i andrespråksklasserommet og har ein master i emnet.
Lena Berg Andersen har jobba som norsklærar for vaksne innvandrarar sidan 2006, først i Oslo Voksenopplæring og no ved Elverum læringssenter. Ho har lang erfaring som skriftleg og munnleg sensor på norskprøvene. Lena har også reist mykje rundt som foredragshaldar innanfor temaa skriving, vurdering for læring og nivåforståing.