Vi treng di stemme for å ta Kinn framover!
Det er viktigare enn nokon gong kven som styrer kommunen din. Vi har realistiske ambisjonar, styringsevne og ser lyst på framtida.

Det er viktigare enn nokon gong kven som styrer kommunen din. Vi har realistiske ambisjonar, styringsevne og ser lyst på framtida.
Vårt overordna mål er at Kinn kommune skal vere ein moderne kommune der unge vil bu. Hovudproblemet til Kinn er at kommunen vår ikkje er attraktiv nok for unge. Lukkast vi med å snu dette, så bli vi også ein god kommune å bu og leve i for alle.
Kinn kommune treng politikarar som vil arbeide saman for at kommunen skal lukkast. Gode idear må heiast fram, uavhengig av kven som kjem med dei. Kommunen vår er for liten til partipolitisk spel, og treng politikarar som vil og kan. Venstre har brukt tida vår dei siste fire åra på å utvikle Kinn. Vi er positive, men også konstruktivt kritiske når det trengst. I smått og stort har vi stått opp for det vi trur på, og vi har fått til mykje dei siste fire åra. Samstundes er det mykje vi hadde gjort annleis om vi hadde fått bestemme meir.
Berge jordmorvakta.
Bygge eldreomsorg på sjukehuseigedomen fortast mogleg.
Redusere skattar og avgifter.
Få ei erfaren, samarbeidsorientert og offensiv politisk leiing i kommunen.
Få meir grøntområde, blomstrar og trær i by’n.
Fortsette arbeidet med turstiar og nærmiljøtiltak rundt om i kommunen, som på Lilleåsen og Sørstrand.
Betre vedlikehaldet av bygg og vegar.
Utvikle skular og barnehagar med rom for å følgje opp alle barn og unge best mogleg.
Utvikle kultur og fritidstilbod for alle.
Gjere det enkelt og attraktivt for folk som vil bu i bygd og by, gjennom oppdaterte arealplanar, godt kollektivtilbod og digital infrastruktur tilpassa morgondagens behov.
Lukkast med overgangen til nullutsleppssamfunnet.
Vi har på ingen måte monopol på smarte løysingar:
Har du gode innspel høyrer vi veldig gjerne frå deg – også etter valet!
På førehand tusen takk.
4. Hilmar Eliasson Florø
8. Vivian Norstrand Rognaldsvåg
12. Ida Belinda L. Lillenes Brandsøy
16. Dino Omerovic
Florø
Florø
1. Jacob Nødseth Florø
5. Karoline Korneliussen Skår Florø
9. Nikolai Valvik
Askrova
13. Rune R. Holsen Nygård
Florø
17. Njål H. Eliasson
Florø
21. Trond Kongshaug
Vedvik
25. Jan Henrik Nygård
Florø
29. Elsa Iversen Måløy 20. Asle Skiple 24. Gunhild Marie Bjelland Batalden 28. Kolbjørn Løken Eikefjord Foto: Cecilia Molander.Fanøy
Florø
Florø
19.
Florø
Barekstad
Florø
27.
Kysten treng Jacob som ei tydeleg stemme i fylkestinget i Vestland. Han står på 2. plass på fylkestingslista bak flinke Åsta Årøen som er Venstre sin fylkesordførarkandidat.
Hugs å stemme på Vestland Venstre slik at Jacob kan arbeide for:
Kystvegen Måløy-Florø.
Redusert månadskort for kollektiv til 499 kr.
At våre vidaregåande skular har eit godt tilbod til ungdommen vår.
Innføring av tannlegevakt.
Fleire arbeidsplassar til kysten.
At fylkeskommunen bidreg til grøn omstilling og konkurransekraft i næringslivet og offentlig sektor.
Les meir om programmet, lista og ordførarkandidaten vår her: