Gynekologen 3/20

Page 36

FUGO

FUGOteket Øystein Bergøy LiS ved Stavanger Universitetssykehus og ­nestleder i FUGO

Når ein starter ny på gyn er det nok vanleg at ein kjenner seg på djupt vatn. Truleg har det blitt lite eksponering for, og oppfrisking i faget sidan studiet. Det er avgrensa kor mykje svangerskaps­ kontrollar og prevensjonsrettleiing i allmennpraksis førebur deg på det som venter på ei gynekologisk avdeling. Ein kan bli overvelda av mindre. Iallfall som mann (“Jamen eg bad dei køyra raud tur fordi ho sa ho hadde blødd så mykje at det gjekk GJENNOM truseinnlegget hennar!”). Så då me landa drømmejobben var det nok mange av oss som tusla bort til bokhylla og drog ut den utdaterte og altfor tjukke (eller altfor overflatiske) læreboka i obstetrikk og gynekologi som me kjøpte under studiet. Ekstra vanskeleg kan det vera å vita kva ein skal bruka studiedagane sine til ettersom me ikkje har eit klart pensum i spesialiseringa vår. “Ha god kunnskap om genetikk og foster­diagnostikk”, står det blant anna fint blant læremåla våre. Jaha, så på kva side står det om fosterdiagnostikk? I tillegg kan læreressursane ein har tilgjengeleg ikkje heilt leva opp til det behovet ein har som lege i spesialiseringsløp. Derfor har me i FUGO begynt å byggja opp eit bibliotek av perler som me har funne rundt forbi på internettet. Her finn ein tema som post­partumdepresjon, steg-for-steg gjennomgang av operative pros­dyrar med komplikasjonar, oversikt over langtids­ verkande prevensjon, tips til kritisk lesing av forsking og medisinsk historiesnacks. Me har kreativt kalla nettstaden FUGOteket. Du finn det enklast viss du søkjer på “fugotek” på din føretrukne søkjemotor. ­Alternativt kan du gå inn på www.legeforeningen.no/foreningsledd/

36

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening

fagmed/norsk-gynekologisk-forening/fugo/fugotek/. Utan punktum på slutten der forresten. Foreløpig er det veldig tungt på podcastsida, men me håper å supplera med tekstar og videoar som alle skal vera gratis og enkelt tilgjengelege. Håpet er at FUGOteket kan bli ein stad der ein starter når ein lurer på noko eller har studiedag. Me gler oss til å sjå korleis dokker nytter dokker av det. Vidare blir me veldig glade dersom me får inn forbetringsforslag. Det kan for eksempel vera forslag til materiale dokker vil me skal ha der, om dokker har forslag til ein betre måte å organisera ressursane , eller om nokre av lenkene ikkje verker. Kontaktinfo finnast på framsida. God fornøyelse!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.