Globus5 nynorsk blabok

Page 1



Det myldrande livet

Else Beitnes Johansen Erik Steineger

GLOBUS Ny utgåve

NATURFAG Elevbok • Nynorsk

5 1

Globus5NaturElevbok-kap1NN.indd 1

23.02.2006 10:32:51


© J.W. Cappelens Forlag AS, Oslo 2006 Materialet i denne publikasjonen er omfatta av reglane i åndsverklova. Utan særskild avtale med J.W. Cappelens Forlag AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillaten så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel. Globus 5–7 følgjer læreplanane for Kunnskapsløftet i faget naturfag og er laga til bruk på barnesteget i grunnskolen. Omslagsdesign: Capella Media ved Mia Wang-Norderud Omslagsillustrasjonar: NASA/Masterfile/Scanpix (romfarar) Stig Tronvold NN/Samfoto (fjellrev) Frank Lukasseck Zefa/Scanpix (kameleon) Grafisk formgiving: Capella Media ved Mia Wang-Norderud Repro: Capella Media AS Til nynorsk ved Tove Gausemel Forlagsredaktør: Bjørn Eidissen Illustrasjonar: Sjå liste på side 128 Trykking/innbinding: PDC Tangen, 2006 Utgåve 1 Opplag 1 ISBN-13: 978-82-02-25441-4 ISBN-10: 82-02-25441-8 www.cappelen.no http://globus.cappelen.no

Globus5NaturElevbok-kap1NN.indd 2

23.02.2006 10:32:52


Innhald 1 Det myldrande livet – frå mikrosmått til gigastort ..................6 Det mangfaldige livet i naturen ..................................7 Plantar og dyr i åker og eng ..................................... 13 Fuglar i jordbrukslandskapet..................................... 22 Byar og tettstader ..................................................... 26

2 Jorda – lita kule i stort univers ............................ 32 Jorda – vår eigen klode ............................................. 34 Planetane i solsystemet vårt .................................... 40 Jordskorpa – eit tynt skal av stein ............................ 48 Bergartar og metall – ikkje gull alt som glimrar ..... 50

3 Magnetisme – verkar det tiltrekkjande? ....................... 68 Magnetisme – tiltrekkjande og fråstøytande........... 73 Magnetisme og elektrisitet....................................... 77 Nordlys ....................................................................... 79

4 Alt heng saman – et og bli eten ................................................... 82 Plantar og dyr i skogen ............................................. 84 Skog og skogbruk ...................................................... 98

Stikkordregister ........................................... 126

Globus5NaturElevbok-kap1NN.indd 3

23.02.2006 10:32:52


3 Magnetisme – verkar det tiltrekkjande? Nåla i høystakken, finn du den? Du strever og leiter og prøver igjen. Men brått så får du ein god idé, magneten min greier det, og ikkje le! Eg spring og hentar han i ein fei, han dreg til seg nåla, er verkeleg grei! Men han finn meir: to skruar, fem spikar, slikt trur eg neppe at ein kumage likar. Kvar ifrå kan magneten kreftene ta så han kan lyfte og trekkje og dra? Har du høyrt om folk som har gått seg vill? Kva kunne dei brukt kompasset til? Kanskje kan du lage eit sjølv, det er ganske enkelt, prøv da vel!

Læringsmål Dette skal du lære: Kva magnetar verkar på, og kva dei ikkje verkar på Korleis to magnetar verkar på kvarandre Korleis og kvifor vi kan bruke ein magnet til å finne himmelretningane Samanhengen mellom magnetisme og elektrisitet Kva nordlys er, og korleis det blir påverka av magnetisme

• • • • •

68

Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 68

23.02.2006 11:10:26


Magnetisme

69 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 69

23.02.2006 11:10:39


Steinar som kan trekkje til seg jernbitar, har alltid gjort menneska nyfikne. Mange har trudd at slike steinar må innehalde mystiske krefter eller trolldom. Korleis skulle dei elles forklare kvifor desse «magiske» steinane trekkjer til seg nokre gjenstandar, men ikkje andre? Ein stein eller eit metallstykke som har desse eigenskapane, kallar vi ein magnet. Du har sikkert leiker med magnetar sjølv. Kanskje du har ein heime? Visste du at jorda er ein stor magnet? Eller at vi kan lage elektrisk straum ved hjelp av ein magnet? I dette kapitlet kan du lese om korleis magnetar verkar, og kva vi kan bruke dei til.

Trolldomssteinen – Skipper, kom hit, så skal du få sjå nokre merkelege steinar! – Kva er det som er så merkeleg med dei? Eg synest dei ser ut som heilt vanlege steinar! – Nei, dei inneheld trolldom og magi. Du kan få kjøpe ein av meg. – Kva skal eg med han? – Når du er ute og seglar og det er tåke, slik at du verken ser stjernene på himmelen eller landemerke, kva gjer du da for å finne rett retning? – Nei, da er eg ille ute. – Denne steinen kan vise deg vegen!

Sjå her, no legg eg steinen på eit lite trestykke. Så legg eg trestykket forsiktig oppi denne skåla med vatn. Sjå! Steinen dreier sakte mot høgre. Der stansar han! Kva himmelretning peiker han mot? – La meg sjå. Det huset der ligg akkurat nord for oss, og steinen peiker dit. – Nettopp. Den eine sida av steinen peiker alltid mot nord, og den andre sida peiker mot sør! Det er mystiske trolldomskrefter inni han. Sjå her, no held eg han over denne vesle jernstiften.

70 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 70

23.02.2006 11:10:49


Magnetisme

– Men stiften blir jo lyft opp til steinen! Huff, den steinen må ha skjulte krefter. – Somme seier at han kan trekkje til seg fisk også. Eg har ikkje prøvt det sjølv, men dersom du legg han i garnet, kan du sikkert fylle det med fisk! – Hmm. Høyr her, du skal få dette sølvstykket dersom eg får tre steinar

av deg. Eg vil prøve å fiske med dei og få dei til å vise meg vegen. Slik kan vi tenkje oss ein samtale i det gamle Hellas mellom ein kjøpmann og ein skipper. Steinen som skipperen kjøpte, var ein magnetjernstein. Trur du alt det kjøpmannen sa, var sant?

71 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 71

23.02.2006 11:10:50


Magnetar kan brukast til mykje rart Eigenskapane til magnetane har folk kjent til i mange tusen år. Den første kinesiske keisaren levde for litt over to tusen år sidan. I gamle kinesiske bøker står det at gravkammeret hans var verna av magnetisk jern. Jernportane trekte alle våpen og rustningar til seg. Når nokon prøvde å komme seg forbi vaktene og inn i gravkammeret for å røve det, blei dei sitjande fast i porten. Dersom historia er sann, må porten ha vore ein kjempesterk magnet! Magnetjernsteinar er magnetiske steinar.

I Europa blei steinen med dei merkelege eigenskapane kjend litt seinare enn i Kina. Etter kvart fekk han namnet magnes. Vi trur han fekk dette namnet fordi det finst store mengder av han i nærleiken av ein gresk by som heiter Magnesia. Magnetiske steinar kallar vi magnetjernsteinar. Dei er svarte og ganske tunge. Du kan finne magnetjernstein i Noreg også. I SørVaranger lengst aust i Finnmark er det funne store mengder. Magnetjernstein finst også ved Arendal, i Oslo-området og andre stader. Prøv å finne Sør-Varanger, Arendal og Oslo på eit kart over Noreg.

Ulike typar magnetar

72 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 72

23.02.2006 11:10:51


Magnetisme

Magnetisme – tiltrekkjande og fråstøytande Bortsett frå jern er det berre nokre få andre metall som blir tiltrekte av ein magnet. Rundt ein magnet er det eit magnetfelt. Det er det området der magneten kan påverke ei kompassnål. Magnetiske krefter verkar gjennom dei fleste stoff. Berre dei stoffa som sjølve kan tiltrekkjast av magnetar, kan svekkje magnetkrafta. Ein magnet har to polar. Dersom vi let han dreie fritt, peiker den eine enden mot nord, og denne enden kallar vi nordpolen til magneten. Den andre er sørpolen til magneten. Held du to stavmagnetar mot kvarandre, tiltrekkjer dei kvarandre dersom polane er ulike. Dersom dei er like, fråstøyter dei kvarandre.

Rundt ein magnet er det eit magnetfelt. I dette feltet verkar magneten på kompassnåla. Magneten har to polar. Like polar støyter kvarandre vekk, ulike polar blir trekte mot kvarandre.

S

S N

SN

N

Ulike polar tiltrekkjer kvarandre

N

S

Like polar fråstøyter kvarandre

Med kompass finn du vegen – men kvifor? Det er særleg éin eigenskap ved magnetar som er nyttig. Ein magnetisk gjenstand som kan dreie rundt heilt fritt, vil alltid peike i ei spesiell retning. Dersom du let ei magnetnål liggje på eit lite trestykke i eit kar med vatn, peiker den eine enden mot nord og den andre mot sør. I eit kompass utnyttar vi denne eigenskapen. Her kan nåla dreie rundt på ein stift. I forsøk 17 i Forskarboka kan du lage ditt eige kompass.

73 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 73

23.02.2006 11:11:04


Vanleg turkompass

Ein magnet som får svinge fritt, peiker mot nord og sør.

Kinesarane var dei første som laga kompass av magnetar. Dei kalla kompasset sør-visar.

Tommelkompass for orienteringsløparar

Vi bruker å seie at kompassnåla peiker mot nord fordi den eine enden står i den retninga. Den andre enden peiker mot sør. Kinesarane hadde kompass alt før Jesus blei fødd, og dei kalla det ein sør-visar. Ein figur med ein utstrekt arm stod på ein stift så han lett kunne dreie rundt. Figuren var magnetisk, og han var laga slik at armen alltid dreidde mot sør. Det var det første kompasset vi kjenner til.

Kinesisk sør-visar

74 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 74

23.02.2006 11:11:05


Magnetisme I fleire tusen år blei magnetane først og fremst nytta i kompass. Men det var ingen som kunne forklare kvifor kompassnåla alltid peikte i ei viss retning. Har du høyrt om den store oppdagingsreisande Kristoffer Columbus, som segla frå Europa til Amerika i 1492? Han meinte at det var ei spesiell stjerne (Polarstjerna) som trekte den eine sida av kompassnåla til seg. Polarstjerna ligg nemleg også mot nord. På 1600-talet byrja fleire forskarar å gjere ulike eksperiment med magnetjernsteinen. William Gilbert, som var lege hos den engelske dronninga, fekk laga ein stor, kuleforma magnet. Når han sette små magnetar på han, oppførte dei seg på same måten som kompassnåler rundt omkring på jordkloden: Dei peikte mot dei to «polane» til kula. Derfor sa han at jordkloden eigentleg er ein stor magnet. Det har vist seg å vere rett. Heile jordkloden er faktisk ein kjempemagnet. Den eine polen på magneten ligg i nærleiken av Nordpolen på jordkloden, men ikkje heilt nøyaktig. Når vi bruker kompass i Noreg, kan vi likevel seie at den eine enden

Nordpolen

Jordkloden er ein kjempemagnet. Rundt jordkloden er det også eit magnetfelt. Pila i kompasset er ei magnetisk nål. Den raude enden av kompassnåla peiker alltid mot den magnetiske nordpolen.

Jorda fungerer som ein kjempestor magnet. Teikninga viser magnetfeltet rundt jorda.

Sørpolen

75 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 75

23.02.2006 11:11:17


på kompassnåla alltid peiker mot nord! Da ligg sør i motsett retning. Står du med nasen vend mot nord, har du aust til høgre (ø er til høgre), mens vest er til venstre (v er til venstre). Akkurat som andre magnetar har jordmagneten to polar. Den andre ligg nær Sørpolen på jorda. Dersom du bruker eit kompass på eller nær polane på jordmagneten, vil den eine enden av kompassnåla peike nedover mot det indre av jorda.

Mange dyr har «innebygd kompass»! Mange dyr har ei fantastisk evne til å finne vegen heim. Har du høyrt om brevduer? Sjølv om du slepper dei ut i eit land dei aldri har vore i før, flyg dei rett heim. Dei bruker mange sansar for å klare dette – både lukt, syn og høyrsle. Men dei finn også vegen i tett tåke. Korleis trur du dei greier det? I eit forsøk med brevduer feste forskarane nokre små magnetar på ryggen til duene. På andre duer feste dei små massingbitar av same storleik i staden. I klart vêr fann alle duene vegen, men i tåke blei «magnetduene» forvirra og flaug tilfeldig omkring. Dei andre fann

Brevdue med post fest til beinet.

76 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 76

23.02.2006 11:11:18


Magnetisme vegen. Forsøket viser at duer bruker magnetfeltet på jorda til å orientere seg. Dei små magnetane på ryggen «overdøyvde» det svakare magnetfeltet på jorda. Dei umagnetiske massingbitane verka ikkje inn på orienteringsevna til duene. Duene har eit magnetisk mineral i hovudet eller nebbet. Sjølv om forskarane ikkje er heilt sikre, trur dei at dette verkar som eit slags kompass. Mange organismar har slike «innebygde kompass». Det gjeld både delfinar, bier og somme bakteriar.

Magnetisme og elektrisitet Forskarane har etter kvart funne ut mykje meir om magnetar og magnetisme. Den viktigaste oppdaginga har nok vore at ein kan lage magnetar ved hjelp av elektrisk straum. Vi kallar slike magnetar for elektromagnetar. Ein elektromagnet er ein magnet som vi kan slå av og på. Vi kan også lage elektrisk straum ved hjelp av magnetar. Desse oppdagingane har blitt nytta i mange oppfinningar. Elektromagneten verkar ved hjelp av elektrisk straum. Når vi skrur av straumen, fell jernskrapet ned.

Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 77

Ein generator gir elektrisk straum når han blir driven rundt. Det er magnetar inni generatoren.

23.02.2006 11:11:22


Sykkeldynamoen gir lys på sykkelen.

Samanhengen mellom magnetisme og elektrisitet kan brukast til å få elektrisk straum frå ein dynamo. Tidlegare var det vanleg å ha ein dynamo på sykkelen. Han gir straum når han blir dreidd rundt av sykkelhjulet. Inni dynamoen er det magnetar og leidningar. Straumen du kan ta ut frå stikkontaktane heime og på skolen, kjem frå store dynamoar (generatorar) som blir drivne rundt av vatn i vassenergiverka mange stader i landet.

.....

... . . . a . o t m .. .. . . . . Fak . ..........

Magnetar, magnetfelt og elektrisk straum

• Ein magnet verkar på ein annan magnet

• • •

utan at dei er i kontakt med kvarandre. Kreftene i magneten verkar i eit usynleg område rundt magneten. Området kallar vi magnetfeltet. Magnetar har to polar. Vi kallar dei sørpol og nordpol. Like polar fråstøyter kvarandre. Ulike polar tiltrekkjer kvarandre. Du kan gjere ei jernstong magnetisk på to måtar. Du kan stryke henne i same retning mange gonger med den eine polen på ein kraftig magnet. Eller du kan vikle ein leidning mange gonger rundt stonga og sende straum gjennom leidningen. Det er viktig å gjere dette på rett måte slik at du ikkje øydelegg straumkjelda eller får støyt.

Her ligg ein rett magnet under ei glasplate. Oppå plata har vi strødd bitte små bitar av jern (jernsponar). Dei legg seg i eit mønster som viser korleis magnetfeltet ser ut.

78 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 78

23.02.2006 11:11:32


Magnetisme

Nordlys Sola sender ut strålar som kan skade livet på jorda. Nokre av desse strålane blir fanga inn av magnetkreftene rundt dei magnetiske polane. Når desse strålane treffer gassane i atmosfæren rundt jorda, tek gassane til å lyse. Da kan vi sjå flotte mønster på himmelen. Det kallar vi nordlys. Når det same skjer rundt den magnetiske sørpolen, kallar vi det sørlys. Kristian Birkeland er ein kjend norsk forskar som har funne ut mykje om nordlys.

Når solstrålar treffer gassar i atmosfæren rundt Nordpolen, tek gassane til å lyse. Vi kallar det nordlys.

79 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 79

23.02.2006 11:11:42


. .. . . e t d . s . s u Vi at...........

......

• Før i tida trudde folk at nordlys

var teikn på at noko uhyggeleg skulle hende. Barna blei haldne innandørs, og kvinnene måtte ha skaut på hovudet. Elles ville nordlyset rive håret av dei!

• Nordlys kan vi sjå overalt i

landet på klare vinterkveldar. Men i Nord-Noreg er nordlyset verkeleg kraftig og flott. Dei fleste skremselshistoriene om nordlyset blei da også fortalde i nord. Samane såg tidligare på nordlyset som ei overnaturleg kraft som kunne hjelpe dei. Hjelparen blei kalla Kioukenis. Dersom to samar blei uvenner, var det vanleg at dei sette seg ned og joika for å kalle på kvar sin Kioukenis. Hjelparane viste seg som lys som slost om plassen på himmelen. Blei det eine lyset svakare, kunne den eine samen bli sjuk eller død, meinte dei. Samane trudde at Kioukenis kom ut av stjernebiletet Orions belte.

80 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 80

23.02.2006 11:11:45


Magnetisme

Oppgåver 1 Forklar orda: a) landemerke, b) himmelretning, c) magnetjernstein, d) magnetisk, e) magnetfelt, f) polar, g) nordlys, h) generator, i) atmosfæren 2 Les forteljinga om trolldomssteinen. Skriv henne om til rollespel. 3 Diskuter med ein annan elev korleis de ville lage ein elektromagnet. 4 Diskuter med ein annan elev det du ser på biletet nedst til venstre på side 77. Lag spørsmål til biletet.

5 Lag dominokort med spørsmål og svar frå teksten på sidene 72–77.

11 Gjer forsøka 11–18 om magnetisme som står i Forskarboka 12 Sjå kor tungt du kan få ein magnet til å lyfte. Bruk binders og ei vekt. Gjer forsøket på nytt med fleire ulike stavmagnetar. Sjå om det er nokon skilnad på styrken. 13 Mål omtrent kor stort arealet på magnetfeltet til ein stavmagnet er. Bruk eit kompass for å finne ut kor langt det rekk på alle sider.

14 Gå til nettstaden http://globus.cappelen.no og løys oppgåvene om Magnetisme.

6 Lag spørsmålskort om magnetar og kompass med tre svaralternativ til kvart spørsmål.

15 Gå til nettstaden http://globus.cappelen.no og løys oppgåvene om Magnetisme og elektrisitet.

7 Les Fakta om … Magnetar på side 78. Lag spørsmål og svar til kvart av punkta. Lag ei lita teikning til kvart spørsmål.

16 Lag ein PowerPoint-presentasjon eller ei veggavis til klasserommet av treffa i den førre oppgåva.

8 Lag ei spørjeundersøking og finn ut kva menneske bruker magnetar til heime, i arbeidet sitt, i hobbyen, i elektriske apparat og andre ting. Lag lister. Lag samleliste i gruppa. 9 Lag eit rollespel om bruk av kompass. Du må få fram i handlinga korleis eit kompass verkar. 10 Diskuter kva som ville hende dersom jordmagnetismen forsvann.

17 Øv deg på å bruke kompass. Bruk kart og ta ut kompasskurs. Følg kursen og sjå om du kjem dit du hadde tenkt. Samarbeid med ein annan elev. Byt på å kontrollere for kvarandre. 18 Lag ein reiskap som kan vere til nytte i heimen. Ein magnet må vere ein del av det. Tenk på designen når du teiknar oppfinninga di.

81 Globus5NaturElevbok-kap3NN.indd 81

23.02.2006 13:09:40


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.