verket legg vi vekt på systematisk arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon. Vi ønskjer òg å stimulere til leselyst og skriveglede.
OK B T S EK
N YN O R SK
5
Kaleido er Cappelen Damms nye norskverk for mellomtrinnet. I dette
Ingeborg Anly Eirik Lissner Sture Nome
T
Kaleido 5 består av desse komponentane: • Kaleido 5 Grunnbok A • Kaleido 5 Grunnbok B • Kaleido 5 Tekstbok • Kaleido 5 Lærarens bok
TEKSTBOK
• Kaleido Digital: – elevnettstad med oppgåver og skrivetrening
– lærarressurs med tavlebok, eksempeltekstar,
skrivestøtte, kopioriginalar og andre tilleggsressursar
www.kaleido5-7.cdu.no
NY NORSK
ISBN 978-82-02-44137-1
www.cdu.no
kaleido_tekstbok 5 NYNORSK TRYKKORG.indd 1
16.03.15 13.08
Ingeborg Anly, Eirik Lissner og Sture Nome
Tekstbok
Nynorsk
© CAPPELEN DAMM AS, 2015 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. Kaleido dekkjer alle måla i Kunnskapsløftet etter revidert plan 2013 i faget norsk og er laga til bruk på barnetrinnet i grunnskulen. Illustrasjonar: Sjå eiga liste Grafisk design: Melkeveien Designkontor AS Omslagsdesign: Mette Gundersen Forlagsredaktør: Sigrid Briseid Biletredaktør: Kjersti Laake Omsetjing til nynorsk: Helga G. Eriksen Tekstkonsulent nynorsk: Janne Karin Støylen Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia 2015 Utgåve 1 Opplag 1 ISBN 978-82-02-44137-1 www.kaleido5-7.cdu.no
INNHALD 1. Bli ein god lesar Ver ein strateg
side 5 side 6
Lesemål og lesemåtar
side 13
Kva veit du frå før?
side 16
Få oversikt med OBI
side 19
Oppsummer
side 22
Lag ein teori
side 25
Les med blyanten i handa
side 32
Finn ut av vanskelege ord
side 35
2. Ordet er ditt
side 37
Rett ord til rett tid
side 38
Å vere ein god lyttar
side 42
Å respektere kvarandre
side 50
Å lese høgt
side 54
Tips til bøker
side 58
3. Rett på sak
side 59
Saktekstar og skjønnlitteratur
side 60
Å bruke kjelder
side 64
Faktatekstar
side 67
4. Del eit dikt
side 83
Form, rim og rytme
side 84
Å tolke dikt
side 94
Å framføre dikt
5. Hald kontakt Ulike måtar å kommunisere på
6. Forteljingar
side 102
side 109 side 110
side 137
Munnlege forteljingar
side 138
Å fange lesaren
side 148
Å skape spenning
side 167
Fleire forteljingar
side 175
7. Sei meininga di Sterke meiningar
8. Snakk om språk
side 197 side 198
side 213
Norsk og andre språk
side 214
Tekstar på dialekt
side 221
Bokmål og nynorsk
side 227
BLI EIN GOD LESAR Lesemål: lære sju lure lesestrategiar bruke lesestrategiar for å forstå teksten
Slutt på sommaren av Gladys Rockmore Davis
5
1
Bli ein god lesar
Vær ein strateg Å vere ein strateg handlar om å vere lur. Dersom du skal oppnå noko, kan det vere lurt å ha ein strategi, det vil seie en plan for korleis du skal nå målet ditt. I kva samanhengar er du ein strateg? Her kan du lese eit utdrag frå Gummi-Tarzan og vurdere om du synest han er ein strateg. Når vi møter Ivan Olsen i opninga av denne teksten, har han det ikkje så greitt. Han blir plaga av dei store gutane, og far hans klagar på han. Men ein dag møter han ein merkeleg person. Kanskje ho kan hjelpe Ivan? Frå Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard
6
Gummi-Tarzan Den gamle kona såg svært merkeleg ut. Ho hadde ei kråke sitjande i håret, og ho hadde berre éi tann i munnen. Der borte kan du sjå henne «Goddagen,» sa den gamle kona. «Goddagen,» sa Ivan. «Er du ikkje redd for meg?» spurde den gamle kona. «Neei,» sa Ivan. «Eg er redd for buksevatn og naseblod og slikt. Men eg er ikkje redd for deg.»
Bli ein god lesar
1
«Det var då merkeleg,» sa den gamle kona. «Eg er forresten ei heks, forstår du. Ei skikkeleg vaskeekte heks.» «Oi,» sa Ivan og såg på den gamle kona med kråka i håret. «Ei vaskeekte heks har eg nok aldri møtt før. Far min seier elles at det ikkje finst skikkelege hekser.» «No,» sa den gamle kona og kneip saman eine auget. «Seier far din verkeleg det?» «Ja,» sa Ivan. «Han seier at alt det med hekser og slikt er berre tull.» Den gamle kona lo så Ivan kunne sjå tanna hennar. «Far din er visst ein skikkeleg gammal dott,» sa ho. «Men han skal nok få sjå noko anna.» «Han er også sint på meg fordi eg ikkje er så flink til å lære bokstavar og klatre i tre og spele fotball,» sa Ivan. Den gamle kona nikka. «Slik er alle dottar av det slaget. Men no skal du høyre. Du skal få oppfylt eit ønske.» «Eit ønske …» sa Ivan. «Kva slags ønske?» «Jo,» sa den gamle kona. «Når ein møter ei heks, får ein alltid lov til å få eit ønske oppfylt. Du kan ønskje deg nett kva du vil.» «Oi sann,» sa Ivan Olsen. «Eg er jammen heldig i dag. Då vil eg ønskje meg eit …» «Hei, stopp,» sa dem gamle kona. Når ein får eit ønske oppfylt, så må det vere eit skikkeleg ønske. Ikkje berre ein ny sykkel eller eit nytt piano eller vasstett klokke. Den slags tull kan ein jo berre spare til sjølv. Gå heim og tenk deg godt om til i morgon. Så møtest vi her.» «Ja vel,» sa Ivan. Og så gjekk han heim og tenkte seg om.
7
1
Bli ein god lesar
Heile den natta låg Ivan vaken og tenkte på kva han skulle ønskje seg av heksa neste dag. Her tenkjer Ivan seg om:
Tenkjepause Kva ville du ha ønskt deg?
8
Eg skulle ønskje meg hundre kroner, tenkte han. Eller tusen kroner – eller kanskje sju millionar. Eg kunne også ønskje meg at eg var knallgod til å spele fotball. Eller til å spytte. Men det er visst ganske keisame ønske. Han låg i mørket – det gjorde Ivan Olsen – og tenkte seg om så det knaka i senga hans. Eg kunne jo også ønskje meg at eg var like sterk som Tarzan, tenkte han. Så kunne eg gi dei store gutane ein skikkeleg ein på trynet. – Skal tru om Tarzan kan spytte frå den eine sida av gata til den andre? – Nei, tru det? – Den kan han sikkert ikkje. – Dei spyttar visst ikkje så mykje ut i jungelen. Det ville no elles gle far min og eg blei like sterk som Tarzan. Men kvifor skulle eg gle far min? Han gler jo aldri meg.
Bli ein god lesar
1
Ivan Olsen sukka og snudde seg i senga. Eg kunne jo også ønskje meg at eg var ein heilt vanleg gut som aldri fekk juling eller buksevatn, tenkte Ivan. Eller at alle heldt opp med å kalle meg Gummi-Tarzan. – Men ein kan jo berre ønskje seg ein ting om gongen! Den natta lærte Ivan Olsen kor vanskeleg det er å ønskje seg noko. Han tenkte og han tenkte – og først då det tok til å lysne og svarttrasten på taket til naboen begynte å syngje, visste han brått kva han skulle ønskje seg av den gamle kona. Han hoppa ut av senga – slik –
kledde på seg og sprang ned til elva. «Eg har det,» skreik han, mens han storma av stad. «Eg har det. Eg veit kva eg skal ønskje meg!» Den gamle kona var ikkje å sjå nokon stad, så Ivan gav seg til å leite etter henne. Ho stod utanfor ei gammal campingvogn og såg svært, svært søvnig ut.
9
1
Bli ein god lesar
«Hjelpe meg,» sa ho og gnei seg i auga. «Du er sanneleg tidleg ute, hm?» «Jepp,» ropte Ivan. «For no veit eg kva eg vil ønskje meg.» «Kva vil du så ønskje deg?» sa den gamle kona og geispa. «Eg vil ønskje meg at alle ønska mine skal gå i oppfylling, ropte Ivan Olsen. Den gamle kona slutta å geispe og såg heilt forferda ut. «Kva?» sa ho. «Sei det ein gong til, er du snill.» «Javel,» sa Ivan og såg svært stolt ut. «Eg vil ønskje meg at alle ønska mine skal gå i oppfylling. «Du glade, milde kinesar,» mumla den gamle kona. «Alle ønska dine, seier du …» «Nemleg,» sa Ivan Olsen. «Absolutt alle saman.» «Okke, nokke, nei da,» sa den gamle kona og sette seg på trappa framfor campingvogna. «Det er jammen det største ønsket eg har høyrt i heile mi heksetid.» «Hjahh,» sa Ivan Olsen og såg endå stoltare ut. «Eg har då òg tenkt på det heile natta.» Den gamle kona klødde seg i håret, så kråka måtte løfte på føtene. Her: «Eit slikt kjempeønske kan eg berre oppfylle for ein dag om gongen,» sa ho. «Berre ein augneblink. Eg må først slå opp i hekseoppslagsboka.»
10
Bli ein god lesar
1
Ho henta ei fillete bok i campingvogna og gav seg til å bla i den. «Kjempeønske …» mumla ho. «Kjempe … kjempe … ja, her er det. Kjempeønske … side 176.» «Fint ønske, sant?» sa Ivan. «Veldig, veldig fint ønske, sant?» Den gamle kona nikka, mens ho sette ei lita svart gryte over eit bål og tente opp under. «Veldig fint,» sa ho. Då gryta tok til å boble, henta ho fram ting som ho helte ned i den med ei skei. Det oste fælt, som du kan sjå og kråka i håret hennar begynte å hoste. «Kva er det du puttar i gryta?» spurde Ivan ivrig og sette seg på huk attmed henne. «Åhh,» sa den gamle kona. «Litt av kvart. Det er snokefeitt – det brukar vi hekser alltid – og så er det eldtorn og froskeegg og musetiss og kattehalar og rumpetroll og juleøl. Det er alt saman slikt som gamle hekser samlar saman slik etter kvart.»
11
1
Bli ein god lesar
Ole Lund Kirkegaard (1940–1979) er ein kjend dansk barnebokforfattar. Han jobba som lærar og bruka å lese forteljingane sine høgt for elevane før han skreiv dei ferdig. Han fekk ofte gode idear frå elevane. Ole Lund Kirkegaard har skrive mange populære bøker, blant anna Gummi-Tarzan og Otto er et neshorn. Han har illustrert bøkene sine sjølv.
«Å ja,» sa Ivan. «Korleis smaker det?» «Frykteleg,» sa den gamle kona og lo. «Frykteleg. Eg et då også berre slikt når eg har gjester. Til dagleg held eg meg til ølebrød og steikt sild og av og til eit glas brennevin. Men la oss no smake på suppedasen.» Ho stakk ei stor, full skei med grumsete gul suppe bort under nasen på Ivan Olsen. «Fyysj … sprut … øøø,» sa Ivan og slukte det. «Fy søren så vondt det smaker.» «Jahh,» sa den gamle kona. «Det er sterke saker. Men no kan du ønskje deg nett kva du vil. Men hugs kva eg sa: berre i dag!» «Ja,» sa Ivan Olsen. «Berre i dag.» Ole Lund Kirkegaard
Oppgåver til teksten 1. Kva er kallenamnet til Ivan? 2. Korleis trur du han har det på skulen? 3. Synest du far hans høyrest grei ut? Grunngi svaret ditt. 4. Kva for val får Ivan av heksa? 5. Kor lang tid brukar Ivan på å tenkje ut eit lurt svar? 6. Kva synest heksa om ønsket til Ivan? 7. Er Ivan ein strateg? Grunngi svaret ditt.
12
Bli ein god lesar
1
Lesemål og lesemåtar Når du veit kvifor du skal lese, er det lettare å finne ut kva som er den beste måten å lese teksten på. Lesestrategi 1
Set deg eit lesemål
Lesemål og lesemåtar
Før du les, kan du spørje: Kvifor skal eg lese denne teksten? Kva er målet med lesinga?
Vel lesemåte Når du har eit lesemål, kan du bestemme deg for kva for lesemåte du skal bruke. Dei tre lesemåtane er:
Skumlese: lese fort gjennom for å få oversikt
Nærlese: lese sakte og grundig for å lære
Leitelese: lese for å finne noko heilt bestemt
13
1
Bli ein god lesar
Frå Norsk barneblad, nr. 2, februar 2014
Elefanten og snabelen hans Når nokon spør kva som er typisk for ein elefant, så tenkjer du sikkert på snabelen. Ein vaksen elefant har ein snabel som kan vere opp til 2 meter lang. Snabelen er eigentleg nasen og overlippa til elefanten. Og som alle nasar så er også snabelen til å lukte med, men dessutan til å gripe og føle med. Når elefanten drikk, så kan han suge opp 7,5 liter vatn i snabelen. Han set så snabelen inn i munnen og sprutar vatnet rett ned i halsen sin. Elefantane bur i varme land, og sola står på heile dagen. Ja, det blir varmt for elefantane også, men dei veit råd. Først sprutar dei vatn over kroppen sin med snabelen, så sprutar dei støv og sand over seg, og slik lagar dei eit vernande gjørmelag over huda si. Då blir dei verken for varme eller solbrende. Av og til må elefantane krysse djupe elvar, og så bruker dei faktisk snabelen som snorkel. Genialt, kva? Snabelen er også ein gripereiskap. Med tuppen av snabelen kan ein elefant ta opp bitte små ting frå bakken eller plukke bær og frukt frå eit tre. Ja, det er med snabelen elefanten røskar opp gras, dreg ned greiener frå trea, ja rett og slett finn maten sin. Han dyttar gras, lauv og bær inn i gapet sitt med snabelen. Elefanten viftar av og til med snabelen i lufta som eit periskop for å lukte om det er meir mat i området, eller noko anna som kan vere interessant. Er det fare på ferde, bruker elefanten snabelen som ein trompet og gir beskjed til alle andre om å passe seg. Små elefantar syg ofte på snabelen sin til trøyst, akkurat som eit lite barn syg på tommelen sin. Snabelen blir brukt til å klappe andre elefantar med eller til å gje kvarandre ein skikkeleg snabelklem. Nana Rise-Lynum
14
Bli ein god lesar
1
Øv på lesestrategi 1 1. Skumles teksten «Elefanten og snabelen hans». Lesemålet er å finne ut kva teksten handlar om. Etter at du har lese, skriv du ei til tre setningar om kva teksten handlar om. 2. Nærles teksten. Lesemålet er å finne ut kva elefanten brukar snabelen til. Les med blyanten i handa, og skriv ned mellom fem og ti ting dei kan bruke snabelen til. eiteles for å finne svaret på desse spørsmåla: 3. L Kor lang kan snabelen til ein vaksen elefant bli? Kor mykje vatn kan elefanten suge opp i snabelen sin? 4. Når passar det å skumlese? Når passar det å nærlese? Når passar det å leitelese? Skriv ei setning om kvar lesemåte.
15
1
Bli ein god lesar
Kva veit du frå før? Lesestrategi 2 Kva veit du frå før?
Før du les, er det lurt å tenkje, skrive og snakke om det du skal lese om. Du kan ofte mykje meir enn du først trur, og den kunnskapen du har frå før, hjelper deg til å forstå det du les.
Før du les 1. Snakk og skriv om kva du veit om månen frå før. • Kvifor lyser månen, trur du? • Kva kallast det når månen ser ut som ein perfekt runding? • Kor ofte trur du månen ser ut som ein slik perfekt runding? • Trur du det har noko med månen å gjere at vi brukar namnet månad på nettopp ein månad? • Veit du noko meir om månefasane? • Veit du noko anna om månen?
EG VEIT Eg veit at sola lyser på månen, slik at det ser ut som om månen lyser. Eg veit … 16
EG HAR LÆRT
Bli ein god lesar
Kvifor endrar månen utsjånad?
1
Frå Månen av Eirik Newth
Noko av det merkelegaste med månen er at han endrar utsjånad heile tida. Nokre gonger er han heilt rund. Andre gonger er han halv, eller berre ein tynn boge. Men viss ein ser nøye etter, viser det seg at månen er rund heile tida. Det som endrar seg, er kor stor del av rundingen som lyser. Når det er halvmåne, lyser halvparten av månen medan den andre helvta er mykje mørkare. Årsaka til dette er at månen er ein kuleforma klode som sola lyser på. Tenk deg at du lyser på ein ball med ei lommelykt. Då ser du at berre halvparten av ballen kan bli opplyst av lykta. Slik er det også med månen. Berre halvparten av månen er opplyst av sola. Den andre halvparten ligg i skugge. Når månen går rundt jorda, ser vi han frå ulike sider. Nokre gonger ser vi månekula rett frå sida, slik at vi ser ein halvpart som er opplyst og ein halvpart som er mørk. Då har vi halvmåne. Andre gonger ser vi heile den opplyste delen av månen. Då har vi ein trillrund fullmåne. Når vi berre ser litt av den opplyste delen, liknar månen ein tynn skalk. Dei ulike måneformene blir kalla månefasar. Fullmåne og halvmåne er månefasar. Det finst også ein månefase vi nesten aldri ser. Den kallar vi nymåne. Nymåne får vi når månen er nær sola på himmelen. Då er det så lyst at vi ikkje legg merke til månen. Men like etter nymåne kan vi sjå ein tynn måneskalk på kveldshimmelen. Fakta om månefasane
Det går 29 ½ dag mellom kvar gong det er fullmåne. Fasane skiftar så fort at du ser endringa frå kveld til kveld.
17
1
Bli ein god lesar
I løpet av 29 dagar vil månen sjå slik ut. Når han er heilt mørk, er han «ny». Når han er heilt lys, er han «full». Halvmånen øvst blir kalla «første kvarter», halvmånen nedst heiter «siste kvarter».
Etter at du har lese 2. Kva har du lært som du ikkje visste frå før? Fyll ut resten av VL-skjemaet, og skriv minst fem faktaopplysingar frå teksten.
18
Bli ein god lesar
1
Få oversikt med OBI Før du les, kan det vere lurt å skaffe seg ei oversikt over teksten og kva han handlar om. Då kan du bruk OBI:
O for overskrift B for bilete I for innleiing eller ingress
Lesestrategi 3 Oversikt med OBI
Øv på lesestrategi 3 1. Sjå på teksten på neste side. Les overskrifta. Kva trur du teksten handlar om? 2. Sjå på bileta. Kvifor er det bilete av barn som badar? Synest du bileta passar til teksten? 3. Les bilettekstane. I kva for eit land ligg Mekongelva? 4. Finn ingressen. Skriv ei setning om kva du trur teksten kjem til å handle om når du har lese ingressen. 5. Kor mange mellomtitlar har denne teksten? 6. Kva handlar teksten under mellomtittelen «Elvefolk» om? 7. Kva har du lært om å vere barn i Laos berre ved å sjå på bileta og lese overskriftene, ingressen og den siste delen av teksten?
Ein ingress er ein kort tekst som står i nærleiken av overskrifta. Teksten er utheva, for eksempel med farga bakgrunn eller med større eller tjukkare bokstavar. Avisartiklar har ofte ein ingress.
19
1
Bli ein god lesar
Fr책 Norsk barneblad, nr. 7/8, august 2014
20
Bli ein god lesar
1
21
1
Bli ein god lesar
Oppsummer Lesestrategi 4 Oppsummer
For å vere sikker på at du forstår det du les, er det lurt å ta tenkjepausar undervegs. Du kan oppsummere ved å spørje deg sjølv: Kva var det eg las no? Kva handla dette om? Du kan oppsummere både medan du les og etter at du har lese. Den første delen av denne forteljinga står også i grunnboka. Her kan du lese heile teksten og finne ut korleis det gjekk til slutt.
Fritt etter den russiske forfattaren Ivan Krylóv (1769–1844)
Tenkjepause Oppsummer det du har lese til no. Kven handlar teksten om? Kvar er han? Kva tenkjer han på?
22
Den fattige rike Det var ein gong ein fattig mann som låg om natta utan å få sove. – Kvifor skal livet vere så tungt og vanskeleg for oss fattigfolk? tenkte han. – Og kvifor skal dei rike ha fullt opp av alt medan vi lid naud? Det finst folk som har heile kister fulle av gull, og likevel skrapar dei berre saman meir og meir og har knapt råd til å leve skikkeleg. Om eg var rik, skulle eg ikkje oppføre meg slik. Eg ville nyte livet og hjelpe andre med å nyte det.
Bli ein god lesar
Med eitt høyrde han ei røyst som sa: – Du vil vere rik! Godt, her har du ein pung! Rett nok finst der berre ein gullmynt, men så snart du tek han ut, kjem der ein annan i staden. På det viset kan du dra fram så mange gullmyntar du vil. Deretter må du kaste pungen på havet. Men før du gjer det, må du vakte deg vel for å gi bort ein einaste av gullmyntane dine, for då blir dei alle til stein med ein einaste gong. Den fattige mannen blei heilt ute av seg av glede. Då han hadde kome litt til ro att, undersøkte han pungen. Før han rakk å ta opp den første gullmynten, såg han at det kom ein ny. – For ei lykke! ropte han. – No vil eg sitje heile natta og plukke fram gullmyntar. I morgon tidleg vil eg kaste pungen i sjøen, og sidan kan eg leve som eg vil. Men då morgonen kom, hadde han skifta meining. – Eg kan gjerne halde på i dag også, så får eg dobbelt så mykje! Han blei sitjande heile dagen og plukke ut gullmyntar. Men han ville berre ha fleire og fleire, og fekk seg ikkje til å kaste pungen frå seg. Men som tida gjekk, tok han til å kjenne seg svolten. Då såg han at han ikkje hadde anna enn eit lite, tørt rugbrød i huset. Gå ut og kjøpe seg noko, kunne han ikkje. Då ville han berre få stein i staden for pengar, om han ikkje først kasta pungen i sjøen. Mat ville han gjerne ha, men skilje seg av med pungen, det ville han ikkje. Så åt han då av det tørre rugbrødet sitt og heldt fram. Det blei natt, men han stansa ikkje. Det gjekk ei veke, ein månad, eit år. Framleis sat han der med pungen i handa. – Kven vil vel ikkje ha så mange penger som råd? Og han heldt fram med den gamle levemåten sin og gjekk og tagg seg fram for at han ikkje skulle bli nøydd til å kaste pungen i havet. Han hadde heilt gløymt at han ville leve for si eiga glede, og for at andre skulle få nyte og vere glade.
1
Tenkjepause Oppsummer det du nettopp las. Kva seier røysta? Kva får den fattige mannen? Kva for åtvaring er det røysta kjem med?
23
1
Bli ein god lesar
Ein gong imellom bestemte han seg for å gå ned til havet og kaste pungen frå seg, men han vende alltid tilbake utan å ha gjort det. Han blei gammal og gul som gullmyntane sine, men han kunne ikkje halde opp med å dra fram den eine gullmynten etter den andre. Til sist døydde han som en ussel tiggar på halmsenga si, med pungen i de skjelvande hendene. Ivan Krylóv
Etter at du har lese 1. Skriv ei kort oppsummering av heile teksten. 2. Gjekk det slik du hadde tenkt? Grunngi svaret ditt. 3. Kva ville du ha gjort viss du vann mange pengar?
24
Bli ein god lesar
1
Lag ein teori Når du lagar ein teori om kva som vil skje vidare, les du for å finne ut om teorien din stemmer. Du kan stoppe opp og ta tenkjepauser medan du les, for å førestille deg kva som skal skje vidare. Har du lese den første delen av «Haikaren» i grunnboka? Då har du kanskje alt ein teori om kva som skal skje. Her kan du lese resten av forteljinga.
Haikaren – Ja, det var dottera mi. Men du køyrde henne ikkje, slik du trur. Ho døydde nemleg for fleire år sidan. Ho blei overkøyrd og drepen ein kveld ho skulle heim frå stallen. Det var forresten på same dato som i går. Dersom du ikkje trur meg, kan du gå til kyrkjegarden der borte og sjå grava hennar. Og så fortalte ho kva dottera heitte. Dama med bilen trudde nesten ikkje sine eigne øyre. Ho gjekk bort til kyrkjegarden, og etter litt leiting fann ho grava til den unge jenta. Dødsdatoen stemte med det kvinna i huset hadde sagt. Dama blei ståande ei stund ved grava, fordjupa i eigne tankar. Då hun skulle til å gå, oppdaga ho noko grått som var stukke inn bak gravsteinen. Hun bøygde seg ned og kikka. Der låg ullgenseren jenta hadde lånt.
Lesestrategi 5 Lag ein teori
Frå Spøkelsesboka av Jørn Roeim
Jørn Roeim
Etter at du har lese • Stemte teorien din? Gjekk det slik du hadde tenkt? • Kvifor trur du det kan vere lurt å lage teoriar medan du les?
25
1
Bli ein god lesar
Øv meir på lesestrategi 4 og 5 Les grøssaren «Heisen». Ta tenkjepauser medan du les. Oppsummer, og lag teoriar om kva du trur vil skje vidare. Pilene og tenkjeboblene viser når du skal stoppe opp, og kva spørsmål du skal svare på.
Før du les 1. Kva slags forteljing er dette? Kva ventar du han skal handle om? Grunngi svaret ditt.
Frå Korte grøss II av Ingunn Aamodt, Arne Svingen og Jon Ewo
26
Heisen «Du må aldri køyre heis!» hadde mor til Erik sagt tusenvis av gonger. Alltid med den same alvorlege stemma og urolege auge. Så langt tilbake Erik kunne hugse, hadde ho teke dette oppatt. Då han var liten, hadde han berre svart: Nei då, mamma. Deretter hadde ho sett han djupt inn i auga og spurt med endå større alvor: Lovar du? Og Erik lova, dyrt og heilagt, kvar gong. Då han blei litt eldre, byrja han å lure litt på dette. Andre menneske tok jo heis. Han forstod at dei fleste barna i klassen hans hadde køyrt heis, nokre av dei gjorde det til og med dagleg, og ingen foreldre nekta dei det. På tv såg han stadig folk som tok heis. «Kvifor får eg ikkje køyre heis?» spurde han ein dag då han var fem år. «Fordi det er veldig farleg,» svarte mora. «Frykteleg farleg.» Og så gjentok ho det evige: «Du må aldri køyre heis!» «Men alle andre køyrer heis,» meinte Erik. Då tok mor hans eit fast tak i skuldrene hans og såg han inn i auga. «Erik. Vi er ikkje andre folk.» Erik var fullt klar over at han ikkje var nokon annan enn den
Bli ein god lesar
han var, men han våga ikkje å diskutere med mora når ho var så bestemt. På ein annan måte hadde ho rett òg. Han følte seg ofte annleis enn andre barn. Han var høgare enn dei andre, han var flinkare på skulen, i alle fag. Han kunne lett løyse reknestykke dei andre meinte var vanskelege, og han bruka aldri kalkulator. I gymmen var han mykje raskare enn dei andre til å springe, han trong ikkje eingong gjere sitt beste. På toppen av alt hadde han ikkje hår. Mora sa at det skuldast ein sjeldan sjukdom, men Eirik kunne ikkje hugse at han hadde vore hos legen nokon gong. Mora hadde den same sjukdomen. Ho bruka alltid parykk. Ho var også lang og smart og den einaste han visste om som likna på han sjølv. Når Erik blei invitert heim til venner, for eksempel på bursdagar, var det første mor hans spurde om; hadde dei heis? Erik visste ho kom til å spørje, og ho hadde som regel forhøyrt seg om dette på førehand. Men etter kvart forstod han at dersom han sa sanninga, at det eksisterte ein heis i bygningen, fekk han ikkje gå. Så alt i sjuårsalderen byrja han å lyge om dette. Han hadde sjølvsagt dårleg samvit for å lure mor si på denne måten, men han følte ikkje at han gjorde så mykje gale, for han tok alltid trappene. Dei andre ungane erta han for at han ikkje ville køyre heis, men Erik lurte seg unna med å seie at han syntest det var morosamare å springe i trappene. Og dessuten gjekk det mye fortare sidan Erik var så rask. Han måtte alltid stå og vente før heisen kom opp. Men då han var ti, bestemte han seg for å trasse mora. Det kunne då ikkje vere farlegare for han å ta heis enn for andre. «Du tek vel trappene som vanleg,» sa Knut då dei kom til heisdøra i blokka der han budde. «Nei, eg tar heisen med deg,» sa Erik. «Trudde du var redd for heisar, eg,» lo Knut. «Er eg vel ikkje,» sa Erik og følgde etter Knut inn i heisen. Men han var redd. Dei stadige åtvaringane frå mora hadde
1
Tenkjepause Oppsummer det du har lese hittil, og prøv å førestille deg kva som vil skje vidare.
Tenkjepause Lag ein teori om kva som vil hende dersom Erik tar heis.
27
1
28
Bli ein god lesar
Bli ein god lesar
sørgd for det. Han lét Knut trykkje på knappen til fjerde etasje og kjende eit sug i magen då dørene gjekk att og heisen sette seg i rørsle. Hjarta hans banka så det gjorde vondt medan heisen jobba seg oppover. Tenk om mor hans hadde rett. Då kom det til å skje noko forferdeleg no. Kanskje kom han til å døy. Kanskje heisen ville falle ned. Han hadde høyrt ei historie om ein heis som berre fall rett ned, og dei som var i heisen, slo seg i hel då han landa. Nokon sa at det berre var frå ein film. Erik visste ikkje, men han var i alle fall forferdeleg letta då heisen stoppa i fjerde etasje og dørene opna seg. Han gjekk ut, og var like heil. Ingenting frykteleg hadde skjedd. Mora hadde loge for han i alle desse åra. Etter den dagen køyrde Erik heis når det passa han. Morten, ein småbøllete fyr som Erik hang med av og til, hadde som hobby å trykkje inn knappane til alle etasjane før han sjølv forlét heisen. Kjellarknappen også. Det fekk heisen til å stoppe alle stader, og dei som venta på heisen, eller venta på å kome seg ut av heisen, måtte stå og vente veldig lenge. Morten gjorde alltid dette, men Erik la merke til at han aldri trykte på den aller nedste knappen. Ein dag dei akkurat hadde kome opp til etasjen der Morten budde, spurde Erik om dette. Erik kunne forstå at han ikkje trykte på naudknappen, då ville det sikkert gå ein alarm, men han visste ikkje kva den nedste var til. «Eg har trykt inn alle, eg,» sa Morten og såg på panelet. Det lyste i alle knappane utan den nedste. «Kva er den knappen til?» spurde Erik og peika på den nedste raude knappen. Morten såg på han som om han var dum. «Fy søren så lange fingrar du har,» svarte han. «Eg veit det,» svarte Erik irritert. «Det var knappen eg spurde om.»
1
Tenkjepause Oppsummer det som har hendt så langt. Trur du mora til Erik har loge for han, eller er det verkeleg farleg for han å ta heis?
29
1
Bli ein god lesar
Tenkjepause Oppsummer alt du veit om Erik og mora så langt. Kvifor vil ikkje mora fortelje noko om dei, trur du?
30
«Kva for ein knapp?» spurde Morten. «Det er då ikkje nokon knapp der.» Erik såg på Morten og venta på at han skulle le og seie at han tulla. At knappen ikkje verka eller noko slikt. Men Morten berre himla med auga og gjekk ut av heisen. Han skjøna snart at han var den einaste som såg den nedste knappen. Når han tenkte på det, så var det kanskje ikkje så rart. Han hadde jo betre syn enn alle andre, akkurat som mora. Erik tok mot til seg og prøvde å spørje henne. «Ser du nokon gonger ting som ingen andre ser?» Moren stirde skrekkslegen på han og blei heilt kvit i andletet. «Erik. Har du køyrt heis?» kviskra ho håst. «Nei, sjølvsagt ikkje, mamma.» «Kva er det du snakkar om då?» Auga hennar var store og redde. «Nei … Ikkje noko viktig. Eg såg ein … katt … i skulegarden i dag. Men ingen andre la merke til han.» Mora såg granskande på han. «Du veit jo at du er betre enn andre barn, Erik.» Erik nikka. «Det er sikkert noko eg har arva frå dei biologiske foreldra mine, trur du ikkje?» spurde han forsiktig. Han visste godt at mora ikkje lika å snakke om det. Ho hadde aldri fortalt han kvar han eigentleg kom frå, eller korleis han hadde hamna hos henne. Og det hadde ho tydelegvis ikkje tenkt å fortelje no heller. «Du må aldri køyre heis,» sa ho berre og avslutta samtalen. Erik var no tolv år og blei meir og meir fascinert av den raude knappen i alle heisar, den berre han kunne sjå. Kva ville skje om han trykte han inn? Kvar gong han var åleine i ein heis, strauk han dei lange fingrane sine over knappen. Første gongen han gjorde det, trekte han fingrane fort til seg igjen, for knappen var uventa varm. Men det vende han seg til. Ei natt drøymde han at han trykte inn knappen, og i det
Bli ein god lesar
same fall det ei stor mengd pengar frå ei luke i taket. Andre gonger kunne han dagdrøyme seg bort og førestille seg at det var ein tidsmaskin. Etter kvart visste han at han måtte prøve å trykkje inn knappen ein dag. Han var sikker på at mora visste kva som ville skje om han trykte på knappen, men ho ville jo ikkje seie noko, og han ville dessutan aldri fortelje henne at han kjende til han, så han måtte finne ut av det sjølv. To dagar før han fylte tretten, stod han åleine i heisen i det største kjøpesenteret i byen. Han kunne godt ha teke trappa, slik vennene hans gjorde, men han hadde fått ei slik dragning mot heisar i det siste. Straks dørene hadde sklidd igjen, la han høgre peikefinger på den raude, varme knappen. Hjarta hamra i brystet, og han bestemte seg brått. Og så berre trykte han. Heisen sette i gang med eit veldig rykk, han fall om på golvet. Huda skrella av han og blottla eit skjelete blått skinn. Han vreid seg i smerte medan kroppen blei omdanna til noko frykteleg og framandt, men likevel så riktig og kjend. Det siste han tenkte før heisen blei til ein skinande, metallisk kapsel som blei skoten opp gjennom taket og ut i verdsrommet med ein ufatteleg fart, var: Eg skal heim … Ingunn Aamodt
Etter at du har lese 2. Stemte teorien din? Gjekk det slik du hadde tenkt? 3. Kva trur du vil skje vidare? Kvar trur du han hamnar?
1
Tenkjepause Tenk over teorien du laga deg tidlegare. Trur du framleis han held? Viss ikkje, kan du lage ein ny teori før du les slutten.
Ingunn Aamodt (fødd i 1965) har skrive mange av grøssarforteljingane i serien Marg og bein. Endå om ho ikkje sjølv las bøker som barn, er ho blitt ein kjend barne- og ungdomsbokforfattar. Ho har blant anna skrive bøkene om Pulverheksa, faktaboka Tutankhamon og serien om Marlena Evensen.
31
1
Bli ein god lesar
Les med blyanten i handa Lesestrategi 6
Medan du les, kan du skrive nøkkelord og nøkkelsetningar. Det gjer det lettare å hugse innhaldet i teksten, og lære av det du les.
Les med blyanten i handa Frå En faktahest om politikk av Aslak Sira Myhre
32
Statsminister og regjering I Noreg er det statsministeren som bestemmer aller mest. Statsministeren bur ikkje på slottet, men i ein eigen bustad i Oslo. Han eller ho er sjef for regjeringa, som er eit anna ord for «Dei som styrer». Statsministeren kjem ofte frå det partiet som fekk flest stemmer ved stortingsvalet, eller frå eitt av dei partia som til saman fekk flest stemmer. Det er mange som har vore og kan bli statsminister i Noreg, men berre ein om gongen. Statsministeren styrer ikkje landet åleine. Saman med seg har han eller ho nesten tjue andre ministrar, som er sjefar for kvart sitt område. Dei mest kjende er utanriksministeren, som bestemmer over krig og fred og korleis Noreg skal oppføre seg når vi møter andre land, og finansministeren, som bestemmer over pengane. Det er litt som med lærarane på skulen. Statsministeren er som rektor, sjef for alt, medan ministrane er som lærarar. Nokre har matte, og andre
Bli ein god lesar
1
har norsk. Dei har kvar sine fag dei er sjefar for, men alle må gjere som rektor seier. Statsministeren saman med alle dei andre ministrane heiter altså regjeringa. Regjeringa møtest fleire gonger i veka for å bestemme ting, og kvar fredag drar dei til Slottet slik at kongen kan skrive under på det dei har bestemt. Mellom regjeringsmøta er ministrane sjefar for kvart sitt departement, som jobbar med dei sakene ministeren har ansvaret for. Helseministeren har helsedepartementet, fiskeriministeren har eige fiskeridepartement osv. Eit departement er eit hus fullt av folk som jobbar med spesielle område av politikken. I Fiskeridepartementet kan dei til dømes alt om fisk, og jobbar berre med det. Regjeringa møtest hos kongen på Slottet, men han blandar seg altså lite inn i kva dei gjer. Regjeringa kan bestemme nesten kva ho vil, så lenge ministrane veit at dei fleste andre av dei 169 som sit på Stortinget, er einige med dei. Nokre gonger gjer regjeringa ting Stortinget ikkje er einig i. Då kan Stortinget bestemme at statsministeren og alle ministrane hans må gå av. Dei får rett og slett sparken. Nokre gonger får statsministrar sparken. Etter fire år får folk sjansen til å bestemme på nytt. Ingen treng å stemme på det same partiet dei stemte på sist, og derfor er det alltid veldig spennande kven som får halde fram på Stortinget i fire år til, og kven som må dra heim og finne seg ein annan jobb. 33
1
Bli ein god lesar
Etter at det er klart kva for parti som har fått flest stemmer, blir det igjen laga regjering. Viss statsministeren ikkje har fått sparken av Stortinget, og folk har stemt på partiet hans eller hennar ein gong til, får statsministeren halde fram. Aslak Sira Myhre
Øv på lesestrategi 6 1. Les teksten «Statsminister og regjering». Skriv nøkkelord medan du les. Dei fire orda som er skrivne med tjukk, svart skrift, er døme på nøkkelord. 2. Samanlikn nøkkelorda dine med nøkkelorda til ein av medelevane dine. Stryk dei orda som ikkje er så viktige, eller set inn fleire nøkkelord. 3. Les avsnittet nøkkelordet står i ein gong til. Etterpå skriv du med eigne ord hva avsnittet handlar om. Prøv å ikkje sjå i boka medan du skriv. Samanlikn nøkkelsetningane dine med nøkkelsetningane til ein av medelevane dine. 4. Når du har lese og notert, kan du bruke nøkkelorda og nøkkelsetningane dine til å fortelje att det viktigaste innhaldet i teksten. 5. Forklar orda «statsminister», «regjering», «minister» og «departement». På neste side ser du eit døme på eit kolonnenotat.
34
Bli ein god lesar
1
Finn ut av vanskelege ord Når du støyter på eit vanskeleg ord, kan du først prøve å finne ut sjølv hva det tyder. Du kan: lese ordet sakte ein gong til dele opp ordet sjå på samanhengen ordet står i
Lesestrategi 7 Finn ut av vanskelege ord
Viss du framleis ikkje forstår hva det tyder, kan du: spørje en medelev bruke ei ordliste spørje læraren
Øv på lesestrategi 7 1. Les teksten om Barneombodet på neste side. Teksten er frå ei lærebok for ungdomsskulen. Finn minst fem ord du synest er vanskelege. Bruk lesestrategien for å finne ut av vanskelege ord. Skriv ei forklaring på hva orda tyder, og lag setningar der du brukar orda. Du kan skrive i eit kolonnenotat.
ORD
FORKLARING
EKSEMPEL
Barneombodet
35
1
Bli ein god lesar
Barneombodet
Frå Nye Makt og menneske 8 Samfunnskunnskap av Tarjei Helland og Tone Aarre
«Eg samanliknar barneombodet med ei slags ugle som passar på at alle vaksne som arbeider for og med barn, bestemmer og gjer ting som er bra for barna.» Reidar Hjermann, tidlegare barneombod. Dagbladet 8. mai 2004 Barneombodet skal passe på at norske styresmakter tek vare på interessene til barn og unge, og at ein følgjer lovene som gjeld barn og unge. I 1981 fekk Noreg, som det første landet i verda, eit eige ombod for barn. Noko av det første barneombodet gjorde, var å arbeide for å avskaffe alle former for fysisk og psykisk straffing av barn. Foreldre og andre vaksne har ikkje lov til å slå barna sine, sjølv om hensikta er å oppdra dei. Vaksne som slår eller på andre måtar mishandlar barn, kan straffast med fengsel og bøter.
gs ugle som passar på at alle emmer og gjer ting som er bra
od. Omsett til nynorsk for denne boka.)
yresmakter tek vare på gjer lovene som gjeld barn te landet i verda, eit eige eombodet gjorde, var å sk og psykisk straffing av lov til å slå barna sine, sjølv slår eller på andre måtar sel og bøter.
Eit ombod Eit ombod er både eit kontor og ein person som arbeider for at ei gruppe menneske skal få oppfylt rettane sine. I tillegg til barneombod har vi bl.a. pasientombod og likestillingsombod i Noreg.
r med: a sine, sjølv om foreldra ikkje
avtaler korleis dei skal otet
er
arneombod?
36 111
Andre saker som Barneombodet arbeider med: Barn sin rett til å kjenne begge foreldra sine, sjølv om foreldra ikkje er gifte eller bur saman. Fleire mannlege tilsette i barnehagane. At foreldre som flyttar frå kvarandre, avtaler korleis dei skal samarbeide om barna etter samlivsbrotet. Kamp mot mobbing. Raskare behandling av barnevernssaker. Tarjei Helland og Tone Aarre
ORDET ER DITT
Lesemål: diskutere innhaldet i tekstar du har lese lese høgt for andre
Det er lov å vere glad, tekstil av Nini Anker Dessen 37
2
Ordet er ditt
Rett ord til rett tid Når vi kommuniserer med kvarandre, brukar vi både ord, andletsuttrykk og kroppsspråk. Nokre gonger går kommunikasjonen lett, andre gonger går ikkje samtalen heilt som vi hadde tenkt.
38
Ordet er ditt
2
Når to snakker Når to snakker sammen, kommer ordene ut fra hver sin munn. De kommer som to vinder som møter hverandre. Noen ganger er ordene harde. Da kan det si PANG! Eller Poff, Poff! Mens andre ganger er de bløte med bare små bokstaver. Da sier de piff. Men altså: av og til smeller det som sterke kruttkjerringer. Da er de ikke venner akkurat, men spruter mot hverandre med sine ildtunger. Arild Nyquist
Arild Nyquist (1937–2004) kalla seg Diktar Arild. Han har skrive romanar, noveller og dikt for både barn og vaksne. Han var utdanna formingslærar og illustrerte mange av tekstane sine sjølv.
Oppgåver til diktet 1. Kva tyder det når vi seier at nokon snakkar med små bokstavar? 2. Gi eksempel på «harde» og «mjuke» ord. 3. I diktet står det «av og til smeller det». Kva trur du forfattaren meiner med det? 4. Lag to ordlister, ei med pangord og ei med pifford. Skriv ein kort tekst der du brukar orda frå ei av listene. Kall teksten din Pang eller Piff.
39
2
Ordet er ditt
Frå Æsops fablar
Den siste setninga i ein fabel er ofte ei moralsetning, ei setning som forklarer kva moralen i forteljinga er. Fablar er små forteljingar som vi skal bli klokare og betre menneske av å lese. Endå om dei blei skrivne for lenge sidan, er mange av dei like aktuelle i dag. Kan du hugse andre fablar du har lese?
40
Reven og vedhoggaren Ein rev rømte gjennom skogen, forfølgd av eit koppel hundar. Då han kom springande over ein rydning, møtte han ein mann som stod og hogg ved. «Å, ver så snill å hjelpe meg,» sa reven. «Hundane er etter meg, og dei kjem til å rive meg i filler om dei får tak i meg.» «Gøym deg her i vedhaugen, du,» sa mannen. «Dei finn deg ikkje der.» Reven takka og gøymde seg innimellom vedskiene. Med det same kom hundekoppelet, og spurde: «Har du sett ein rev kome forbi?» «Nei, det trur eg ikkje,» sa vedhoggaren, men han peika på vedhaugen for å vise at der var Mikkel. Heldigvis for reven var hundane så ivrige at dei ikkje la merke til dette, og dei sprang vidare med tunga ute av halsen. Så snart dei var borte, kraup Mikkel fram frå gøymestaden sin. Han ville snike seg av garde utan eit ord, men då sa vedhoggaren: «Skal du ikkje takke meg for at eg redda livet ditt?» «Nei, eg trur ikkje du får nokon takk frå meg,» sa Mikkel. «Rett nok redda du livet mitt med munnen, men du heldt på å drepe meg med tommelfingeren. Nei, eg trur ikkje du får nokon takk frå meg!» Og så forsvann han inn i skogen. Ei handling er meir verd enn tusen ord.
Ordet er ditt
2
Oppgåver til teksten 1. Kvifor blir Mikkel sint på vedhoggaren? 2. Kva trur du er meininga med moralsetninga i denne teksten? 3. Du har kanskje høyrt dei vaksne seie: «Ikkje gjer slik eg gjer – gjer som eg seier!» Kva meiner dei med det? 4. Eit anna uttrykk er «Tale er sølv – teie er gull». Skriv ei kort forklaring.
41
2
Ordet er ditt
Å vere ein god lyttar Kva vil det seie å vere ein god lyttar? Er ein aktiv lyttar alltid ein god lyttar? Er du ein god lyttar?
Storesyster og veslebror No skal du få lese ei forteljing om ein aktiv lyttar, veslebror. Legg merke til kva som gjer at denne forteljestunda likevel ikkje blir ei god oppleving for storesyster, endå om veslebror er svært aktiv.
Astrid Lindgren er heile Sveriges barnebokforfattar. Ho har skrive bøkene om Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Brørne Løvehjarte og mange fleire. Kjenner du nokon av bøkene til Astrid Lindgren?
42
– No skal eg fortelje eit eventyr for deg, sa storesyster til veslebror. – Då kan du kanskje la vere med å gjere noko gale den stunda i alle fall. Veslebror stakk peikefingeren sin inn i stoveuret for å sjå om det kom til å stanse, og det gjorde det. Så sa han: – Ja, så får vi begynne, då! – Jo, no skal du høyre, sa storesyster. – Det var ein gong ein konge som sat på ei trone med krona si på hovudet … – Det var då ein rar stad å ha pengane sine, sa veslebror. – Eg brukar å leggje kronene mine på sparebørsa, eg. – Æsj, ikkje ver dum, då, sa storesyster. – Det er ei anna slags krone, dette her. – Å nå, sa veslebror. Han tok vasskaraffelen og helte ein skvett vatn på golvet. – Kongen hadde ein liten prins, og ein dag sa kongen til prinsen at han nok måtte ha ein farleg sjukdom, for han kjende seg så skrøpeleg. – Korleis kunne kongen vite at prinsen kjende seg så skrøpeleg, då? sa veslebror og klatra opp på bordet. – Det var jo kongen som var dårleg, jo, sa storesyster utolmodig. – Ja, då får du seie det då, sa veslebror. – Fekk han
Ordet er ditt
lakserolje, kanskje? – Kven då? Kongen? – Ja, kongen vel, sa veslebror. – For det var vel ingen vits i å gi prinsen lakseroljen. – Huff, du seier så mykje tull, sa storesyster. – Det er aldri lakserolje i eventyra. – Er det ikkje det? sa veslebror og puffa til lampa så ho svinga svært. – Det er då urettferdig, eg må alltid ta lakserolje når eg er sjuk. – Og fordi kongen var sjuk, sa han til prinsen at han skulle reise langt bort til framande land og hente eit eple. – Det var vel ikkje så bra å dra langt av stad og hauste eple når han var så dårleg, sa veslebror. – Huff, du gjer med galen, veslebror. Det var jo prinsen som skulle dra av garde etter eplet. – Ja, då får du seie det då, sa veslebror og lét lampa svinge endå fortare. – Men kvifor skulle han reise så langt? Var det ikkje ein eller annan hage i nærleiken der han kunne kvarte ein liten eplekart? – Det var nok ikkje noko vanleg eple, skjønar du vel. Det var eit trylleeple, og viss folk var sjuke, så trong dei berre å lukte litt på eplet, så blei dei friske igjen. – Eg er sikker på at litt lakserolje ville vore like fint. Og så hadde dei sloppe å bruke pengar til dyre togbillettar til framande land, sa veslebror og plukka på eit hòl han hadde på strømpa si så det blei endå større enn det var frå før. – Prinsen køyrde vel ikkje med tog, vel, sa storesyster. – Å? Ja ja, båtreiser er ikkje så billege, dei heller. – Han reiste korkje med tog eller båt. Han flaug. Endeleg såg veslebror litt interessert ut. – Med ein DC 6 då? spurde han, og heldt opp med å plukke på strømpa ein augneblink. – Han flaug ikkje med nokon DC 6, sa storesyster furten. – Han flaug på eit teppe.
2
lakserolje – ein flytande medisin som hjelper ein til å gå på do
43
2
Ordet er ditt
– Nei, gi deg, du då, sa veslebror. – Du trur visst du kan få meg til å tru kva som helst, du! – Ja, men det var nå slik likevel, då, forsikra storesyster. – Han sette seg berre rett ned på teppet og sa: «Fly, fly til framande land.» Og så flaug teppet av garde opp gjennom lufta og ut over havet. – Og den skrøna trur du på? sa veslebror overlegen. – No skal du få sjå kor mykje sant det er i den historia! Han krabba ned frå bordet og sette seg på det vesle teppet som låg framfor peisen. – Fly fly til framande land, sa han. Men teppet rørte seg ikkje eingong. – Der kan du sjå, sa veslebror. – Det var det eg visste. Med eit teppe kan ein ikkje kome halvvegs til Bergen eingong, og slett ikkje til framande land. – Å, viss du er så dum, vil eg ikkje fortelje deg noko eventyr, sa storesyster fornærma. – Det var ikkje noko slikt teppe, kan du vel forstå. Det var eit forheksa teppe, vove av ein indisk mager. – Det gjer vel ingen skilnad anten teppet var vove av ein mager indar eller ein tjukk nordmann? spurde veslebror. – Nei, hald no opp med alle dei dumme spørsmåla dine, sa storesyster. – Ein mager er det same som ein trollmann. Prinsen flaug sin veg på teppet, og dermed basta! Han flaug, og han flaug, og han flaug … – Du fortel så seint at kongen får tid til å døy mange gonger før prinsen får tid til å kome heim att med eplet, sa veslebror. – Forresten så trur eg at prinsen åt eplet sjølv, på heimvegen. – Det gjorde han slett ikkje, sa storesyster. – Det var ein riktig snill prins, han var ikkje så dum som du. Men før han fekk tak i eplet, måtte han sigre over den mektige trollmannen som budde der borte i det framande landet. – Kor mange rundar gjekk dei då? spurde veslebror. 44
Ordet er ditt
– Eg skjønar ikkje kva du meiner. Dei gjekk ikkje nokon rundar. – Jaså, fekk han inn knock-out’en med det same? – Høyr her då, sa storesyster. – Trollmannen sa til prinsen: «Ha! Her kjem det til å flyte kristenmanns blod!» – Kristenmanns blod, sa veslebror, – kva er det for noko?
2
kristenmanns blod – eventyruttrykk for menneske, trolla kan lukte kristenmanns blod
45
2
Ordet er ditt
Det var vel naseblod han meinte. Viss eg hadde vore prinsen, skulle eg ha gitt trollmannen ein skikkeleg trøkk i trynet, så skulle han nok fått sett kristenmannsblod så det skvatt. – Det er ikkje noko moro å fortelje eventyr for deg, sa storesyster. – Eg synest det er eit riktig gøyalt eventyr, eg, sa veslebror. – Berre driv på du! – Jo, no skal du høyre. Då prinsen endeleg hadde klart å slå trollmannen i hel, trykte han eplet til brystet sitt. – Trykte trollmannen eplet til brystet sitt – ja, men han var jo død! sa veslebror. – Å, sa storesyster, – Å!!! Det var jo prinsen som trykte eplet … – Trykte prinsen eplet til brystet på trollmannen? Kvifor gjorde han det då? Det hadde då vore mykje betre om han hadde putta det i lomma og stukke av! – Å, eg blir galen av deg, ropte storesyster. – Prinsen trykte trollmannen … nei, kva er det eg seier, eg meiner at eple trykte … æsj, du forvirrar meg berre med det dumme pratet ditt, din tullunge. – Eg skal fortelje deg korleis det var, eg, sa veslebror. – Først trykte prinsen eplet rett i trynet på trollmannen, og så tok trollmannen teppet og trykte det i trynet på prinsen og sa: «Fly, fly til framande land», og då sette prinsen seg på eplet og flaug til Bergen, og etterpå kom teppet ridande på trollmannen som var så mager at ein blei frisk berre ein snuste litt på han, og kongen, som alt var død, slik som du har somla, trykte trollmannen til brystet på prinsen, og då åt teppet opp eplet, og så levde dei lykkeleg så lenge dei levde. – Eg skal aldri meir fortelje deg eventyr, sa storesyster. – Kan eg vere heilt sikker på det? spurde veslebror. Astrid Lindgren
46
Ordet er ditt
2
Oppgåver til «Storesyster og veslebror» 1. Skildre storesyster med tre ord. 2. Skildre veslebror med tre ord. 3. Veslebror misforstår storesyster fleire gonger. Kva er det som skjer? 4. Kva er det veslebror gjer som irriterer storesyster? 5. Kvifor trur du han gjer det? 6. Fekk du med deg eventyret storesyster prøvde å fortelje? Skriv ned eventyret med dei opplysingane du har, og finn på dei opplysingane du manglar. 7. Synest du veslebror er ein god lyttar? Grunngi svaret ditt.
47
2
Ordet er ditt
Eg spør!
Frå Eg spør!/Eg tør? av Bente Bratlund 2
9
788291 948652
ISBN: 978-8291948-65-2
klasseturen ... øydeleggje denne eingong ei sur Emma skal få
mma
a&E
Bente Bratlund
Bente Bratlund
i magen på Hanna. Ikkje
Hann
på klassetur. Det kitlar
1 og2
Hanna og Emma er bestevener. Men no er Emma blitt saman med Kristoffer. Hanna vil òg ha ein kjærast. Ho tar for seg
Hanna & Emma
klasselista og legg ein plan …
Hanna
a & Emm
Hanna og Emma skal
1 og2
Hanna & Emma
Bente Bratlund
Hanna og Emma skal på klassetur. Det kitlar
Hann
Bente Bratlund
mma 9
788291 948652
Mangschou
øydeleggje denne klasseturen ...
2
Bente Bratlund
Hanna ein plan … klasselista og legg ein kjærast. Ho tar for seg
a&E
i magen på Hanna. Ikkje
eingong ei sur Emma skal få
ISBN: 978-8291948-65-2
Mangschou
1
– Er du ikkje stått opp enno, Hanna? Mamma stod i døra til soverommet mitt. – Eg kjem, sa eg. Eg hadde berre lege og tenkt. Alt var blitt så annleis i det siste. Emma, bestevenninna mi, hadde fått seg kjærast. Ho var saman med Kristoffer i klassen vår. Før var det Emma og eg heile tida. No var det berre Kristoffer ho snakka om. Eg sette føtene på golvet og kjente at eg var gretten. Eg åt fort, så kom eg meg av stad til skulen. Det var ringt inn då eg kom fram. Eg tok plass på pulten framfor Emma og snudde meg for å seia noko til henne. Då oppdaga eg at Kristoffer og ho snakka fingerspråk saman. Eg snudde meg bort. – Kristoffer skal spela fotballkamp i kveld, blir du med og ser på? spurde Emma i friminuttet. – Eg er opptatt, sa eg. – Før var du alltid med, sa Emma og var sur. Ja, men då heia Emma og eg på alle og lo og hadde det fint. No såg Emma berre på Kristoffer og brydde seg ikkje om noko anna. – Eg skal til tante Iselin, sa eg. – Eg veddar på at Kristoffer scorar mål i kveld, sa ho. Alltid var det Kristoffer. Eg snudde ryggen til henne og gjekk på doen. Der blei eg sitjande og glo framfor meg. Eg sat der like til det ringte inn, då gjekk eg rett til klasserommet. Emma var sur fordi eg hadde vore så lenge borte.
48
Kristoffer. Hanna vil òg ha Men no er Emma blitt saman med Hanna og Emma er bestevener.
Bente Bratlund
Ordet er ditt
Eg hadde ikkje lyst til at det skulle vera slik mellom Emma og meg. – Emma, kviskra eg. Men ho såg berre framover i klasserommet. Då oppdaga eg at Kristoffer sat og mima noko til henne. Han rørte på munnen heilt stille. Og Emma mima noko tilbake. Ho såg meg ikkje. Og ho høyrde ikkje at eg prøvde å snakka til henne. Det var berre Kristoffer ho såg og høyrde. Bente Bratlund
Oppgåver til teksten
2
Bente Bratlund er fødd i Bergen i 1952. Ho er utdanna lærar, men har vore forfattar på heiltid sidan 1992. Ho likar å møte lesarane sine, og ho les ofte høgt frå bøkene sine på både skular og bibliotek. Bente Bratlund har skrive fleire bøker i serien om Emma og Hanna, og mange andre populære bøker, til dømes serien Bebe.
1. Kvifor har det blitt vanskelegare for Hanna å snakke med Emma i det siste? 2. Kven har skulda for at det har blitt så vanskeleg? 3. Kva kan Hanna gjere for at vennskapet skal bli like godt igjen? 4. Kan Kristoffer hjelpe til? Grunngi svaret ditt. 5. Skriv ein kort dialog mellom to personar. Den eine vil seie noko, men den andre lyttar ikkje. Framfør dialogen.
Ein dialog er ein samtale mellom to. Kor mange er med i ein monolog, trur du?
49
2
Ordet er ditt
Å respektere kvarandre Kva vil det seie å respektere kvarandre? Er det skilnad på å krangle og å diskutere? Er det skilnad på å erte og å mobbe?
Ertekrokane Ertekrokane er verkeleg erter med krok Som jenter med lange bein og gutar med syklar og vil du gå fort forbi hukar dei deg fast på eit spisst ord Marit Tusvik
Oppgåver til diktet 1. Kva er ein ertekrok? 2. Er det skilnad på ein ertekrok og ein mobbar? 3. Korleis forstår du dei to siste linjene i diktet? 4. Finn eksempel på spisse ord.
50
Ordet er ditt
2
Krokodilletjuven Odd er korkje tøff eller modig. Han er faktiske ganske redd. Han er redd for både hundar og ungdommar. Han er ikkje god i fotball, og derfor blir han alltid valt sist i gymmen. Det er trist og flautt, synest Odd. Men det aller verste er at han har så lett for å begynne å grine, særleg når han blir erta. Viss eg måtte velje mellom superkrefter, hadde eg garantert valt å kunne fly, tenkjer Odd. Eg trong ikkje vere ein superhelt akkurat, men eg kunne godt ha redda nokon, for eg hadde ganske sikkert vore modig. Eg kunne berre ha foke rett til vêrs om det blei for skummelt. Odd har lagt hovudet på armen og armen på pulten. Han lukkar auga og hovudet blir tungt som ei bowlingkule. Han ser menneska for seg som små prikkar langt der nede på bakken. Husa blir dokkehus og bilane er små som leikebilar. Eg kunne ha flydd Mette til og frå skulen, drøymer han. Så slapp ho å gå den lange vegen … – Odd?
Tenkjepause Kva superkraft hadde du valt deg?
51
2
Ordet er ditt
Odd skvett tilbake til røynda. Klassen er først stille, så begynner ein etter ein å le. Odd ser overraska rundt seg. Espen ristar oppgitt på hovudet. – No må du vakne, Odd, og begynne å følgje med her, seier han og smeller handa i kateteret. – Vi skal på Akvariet. Onsdag og torsdag, ikkje sant? Kvar er svarslippen din? – Hamsteren til systera mi åt han opp, seier Odd. – Veldig sannsynleg, stønnar Tone frå pulten bak. – Her får du ein ny, legg lappen i ranselen, seier Espen. – Og ta med svarslippen med underskrift i morgon. Alle møter framfor skulen klokka halv ni. Er du med oss, Odd? Odd ser på lappen. Akvariet? Han teiknar ein monsterfisk over heile arket. – Då tar vi opp engelskbøkene, seier Espen. Vi er på side trettito. Odd opnar boka og les overskrifta høgt for seg sjølv. Summer Holiday. Han lukkar auga og tenkjer på sommarferien på hytta til mormor og bestefar. I fjor fann han ein måseunge. Mormor la han i ei skoøskje, og dei gav han meitemark og brødsmular å ete. Han trippa rundt på svaberget heile sommaren, til han ein dag blei stor nok og flaug sin veg. Mormor sa det var det beste som kunne hende, men Odd hadde blitt lei seg likevel. Kanskje kjem han tilbake neste sommar og finn eit reir her, trøysta mormor. Det kan hende, tenkjer Odd, og dyttar litt på den lause tanna. Og tenk om han kjenner meg att. Han ser ned på sida. Det handlar ikkje om måsar, men om ein gut og ei jente som drar ned på stranda for å bade. På teikninga hoppar dei ut i vatnet på same tid frå eit stupebrett. Odd kikkar bort på Mette, og akkurat i same augneblinken ser ho opp. Han blir varm i hovudet når ho smiler til han. I friminuttet kjem Tone bort til han. – Odd! Veit du kva odd tyder på engelsk? spør Tone. Tone ventar ikkje på svar. Ho slengjer på håret og seier høgt så alle kan høyre. 52
Ordet er ditt
– Odd tyder RAR. Passar bra, eller kva? – Odd is so odd, ler Knut og stiller seg ved sida av Tone. – Odd blir do baklengs, seier Roar, som alltid skal vere like tøff som Knut. – Det gjer det ikkje, seier Odd sint. Då ler slike som Tone, Knut og Roar endå meir. – Ddo. Ddo. Og det får dei andre til å le også. Odd blir så sint at tårene sprutar. – Det er ikkje noko å grine for, ler gutane. – Dei berre tullar med deg, seier lærarane. Odd går på do og skriv stygge ting på veggen. – Alle ser at det er du som har skrive det, seier gutane. – Gå rett opp til rektor, seier Espen. Og rektor er ikkje blid i dressen. – Tagging er det verste eg veit, seier han og trykkjer på tastaturet med sinte fingrar. – Ta dette med heim til foreldra dine. Han rekkjer Odd ein konvolutt med namna til mamma og pappa.
2
Tenkjepause Kvifor skriv Odd på doveggen, trur du?
Taran L. Bjørnstad
Oppgåver til teksten 1. Finn tre ord du meiner skildrar Odd. 2. Finn den staden i teksten der vi forstår at Odd er forelska i Mette. 3. Kva kunne Odd ha gjort i staden for å skrive stygge ting på doveggen? 4. Gå saman i grupper og spel ut samtalane i denne teksten. Prøv å førestille deg korleis dei ulike personane er, og gi dei truverdige stemmer.
53
2
Ordet er ditt
Å lese høgt Enkelte tekstar er utfordrande å lese høgt. Her er to dikt som krev at du held tunga rett i munnen.
Øv på å lese høgt 1. Sjå på høgtlesingstipsa i grunnboka på side 61, og øv på å framføre «Vondt i magen» og «Farao på ferie» munnleg.
Varier måten du framfører diktet på. Les med: • pompøs og høgtideleg stemme • streng og bestemt stemme • vanleg stemme
2. Les diktet høgt for ein annan.
Vondt i magen Og har du vondt i magen din, så gå til dokter Hovland, kontortid frå ti til tolv (og spør du han kva han gjer resten av tida, så seier han: Kva for ei tid?) og er du riktig heldig så er dokteren inne og ikkje ute og spelar ludo eller fiskar med dei høgrøysta vennene sine og då seier dokteren: Ver så god neste! 54
(og det er faktisk deg) og så seier dokteren: Kva er det i vegen her, då? Det er ikkje magen,vel? Og du nikkar og er litt redd for at han skal kome med sprøyta si, men dokteren smiler og seier: Vi får vel gi deg litt medisin! Så blandar han oppi ei flaske: Tran og kvitlauk myggspray og ansjos møllkuler og soyaolje
Ordet er ditt
2
fiskeslo og surmjølk Så rister han godt og seier: «Ta ei skei tre gonger om dagen. Og hjelper ikkje det, Så får du prøve parafin, og hjelper ikkje parafin så hjelper ingen verdens ting og du får helse mor di og seie at ho gjerne må kome innom ein dag!» Og så blir du bra i magen din, og så blir du bra i magen. Ragnar Hovland
Ragnar Hovland blei fødd i Bergen i 1952. Han skriv for både barn, ungdom og vaksne. Han skriv dikt, korte forteljingar og lange romanar. Han omset også bøker frå andre språk. Ragnar Hovland vil vise oss kor mykje underleg og fint som finst i kvardagane våre, om vi berre tek oss tid til å leggje merke til alt.
55
2
56
Ordet er ditt
Ordet er ditt
2
Farao på ferie I landet Miramarmora var Farao på ferie hos farmora og mormora. En morgen klatret mormora til Farao i furua, og så begynte moroa. – Hva ler’u a’? sa farmora. – Av mormora, den furia! – Hvor ser’u a? sa farmora. – I furua! sa Farao – Kom ned igjen! sa farmora til mormora i furua. – Imorra, ja! sa mormora til farmora til Farao. Du ser av vår historie at det å dra på ferie i landet Miramarmora til farmora og mormora, den furia i furua, har Farao hatt moro av!
André Bjerke (1918-1985) var ein kjend forfattar og diktar. Han har skrive for både barn og vaksne, og nokre av bøkene har blitt film. Han har til og med skrive ei eiga lesebok for barn. Ho heiter André Bjerkes ABC. Som forfattar av barnedikt er han kjend for å vere litt av ein ordkunstnar og rimsmed.
furie – frå latin, eigentleg ei hemngudinne, blir bruka om ei rasande og kjeftande kvinne
André Bjerke
57
2
Ordet er ditt
Faktabøker Barnas eiga aktivitetsbok Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar av Ole Røsholdt Ida av Jørn Hurum og Torstein Helleve På liv og død av Lars Westman og Erna Osland
Skjønnlitterære bøker Elise og mysteriet på Hesteøya av Anne Viken Sirkus Spetakkel av Kari Smeland Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen av Ingunn Røyset Harry og Ivar i Junaited Statesen av Lars Mæhle Rekrutten av Robert Muchamore 12 ting som må gjerast rett før verda går under av Bjørn Sortland Skatten i Skutevika av Atle Hansen Kameljegeren av Tore Kvæven
58
Tips til bøker Her er tips til bøker du kan lese og presentere. Du finn mange fleire forslag viss du blar i grunnboka og tekstboka.