Naturfag 5-7 Forskarboka

Page 1


Naturfag 5–7 FORSKARBOKA

Guro Barstad Corneliussen
Svend Kristian Eidsten
Nynorsk

© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2024

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. All bruk av heile eller delar av utgivinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Naturfag 5–7 Forskarboka er laga til LK20, fagfornyinga, i faget naturfag og er til bruk på 5.–7. trinn i grunnskulen.

Familien von Humbug er eit univers skapt av Karen Margrete Kilane og Hans Jørgen Sandnes. Alle tilhøyrande tekstar og illustrasjonar © Kilane / Sandnes.

Illustratør: Hans Jørgen Sandnes, Sandnes Media AS

Humbug-tekstar: Karen Kilane

Grafisk design: Cappelen Damm AS

Sats: Cappelen Damm AS

Omslagsdesign: Cappelen Damm AS

Omslagsillustrasjon: Hans Jørgen Sandnes

Forlagsredaktørar: Guro Barstad Corneliussen, Svend Kristian Eidsten og Tina Tofte

Omsetjing til nynorsk: Totaltekst AS ved Merete Løberg

Repro: Narayana Press

Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia

ISBN 978-82-02-60853-8

Utgåve 1

Opplag 1

www.skolen.cdu.no www.cdu.no

Til læraren

Her er det berre å finne fram forskarbrillene, skjerpe sansane og boltre seg i morosame og utforskande eksperiment saman med elevane!

Naturfag 5–7 Forskarboka inneheld nesten 60 spennande eksperiment som kan gjennomførast med enkelt og billeg utstyr – både inne og ute.

Forskarboka er ei eingongsbok som elevane beheld og brukar frå 5. til 7. trinn. Når elevane skal bruke boka i tre år, er det lett å miste oversikta over kva eksperiment dei har gjort. Derfor har vi sett inn boksar ved kvart eksperiment i innhaldslista der elevane kan krysse av eksperimenta etter kvart som dei blir gjorde.

Forskarboka legg til rette for at elevane kan undre seg, lage hypotesar og prøve og feile saman. Dei får dessutan øving i å fylle ut tabellar, bruke modellar, velje rett svar, illustrere og diskutere funna med kvarandre.

Eksperimenta følgjer den naturvitskaplege metoden, men vi har valt andre termar i overskriftene. Overskrifta Oppdrag svarar til problemstilling. Ordet hypotese bør vere kjent for elevane, så vi har behalde det i overskrifta Hypotese. Overskriftene Dette treng du og Slik gjer du svarar til metode, oppskrift eller bruksrettleiing. Overskrifta Kva la du merke til? svarar til observasjon, og Kva fann du ut? svarar til konklusjon.

Eit viktig element i den naturvitskaplege metoden er å repetere eksperiment før ein kan konkludere. Det same gjeld å sjå etter moglege feilkjelder. Dette oppmodar vi til i fleire eksperiment

gjennom metodeskildringa eller under overskrifta Snakk saman, som står til slutt i alle eksperimenta. I Snakk saman har vi formulert spørsmål som skal hjelpe elevane til å skildre og forklare det som skjedde, diskutere ulike resultat, identifisere variablar, sjå etter samanhengar og bruke naturvitskaplege ord og omgrep.

Vi har valt å be elevane skrive ein hypotese før Slik gjer du. Vi tenkjer at det er bevisstgjerande å forme ut eigne hypotesar før dei gjer eksperimentet. Elevane skal dokumentere det dei observerer gjennom mellom anna å teikne, ta bilete eller filme eksperimenta. Her står du som lærar sjølvsagt fritt til å tilpasse dokumentasjonsforma etter kva som passar for elevane i klassen din.

Vi oppmodar òg til å studere illustrasjonane som følgjer kvart eksperiment. Her får elevane ofte hjelp og tips til gjennomføringa av eksperimentet, i tillegg til ein artig visuell inngang til det dei skal undersøkje. Nøl heller ikkje med å sjå tilbake på tidlegare utførte eksperiment. Elevane får, etter kvart som dei utviklar kompetansen sin, eit stadig betre utgangspunkt for å kunne bruke nye ord og omgrep til å forklare og forstå det som skjedde i eit eksperiment.

Lengst bak i boka er alle eksperimenta knytte til dei konkrete kompetansemåla i læreplanen. Brukar de Naturfag 5−7 frå Cappelen Damm, får de òg tips til kva kapittel i grunnbøkene som er relevante for dei ulike eksperimenta.

Lykke til, og kos dykk med boka!

Innhald

Plantar og dyr

Desse er med:

Lucy von Humbug Elskar alt som kan blandast, sprengjast, miksast og dirkast opp. Bur i Villa Humbug saman med Bestefar von Humbug.

John Også bestevennen til Lucy. Spesielt god til å steikje pannekaker, hoppe høgt og tenkje veldig kloke tankar.

Rektor Sure Sture

Det kan godt hende han er god på botnen, men det er i tilfelle veldig, veldig godt gøymt. Matilda

Vitskap og teknologi

Ein gong fann eg opp hoppande marshmallowputer!

Det starta med at denne HYPOTESEN ploppa opp i hovudet mitt:

«Viss eg plantar sukkerfrø i blomebedet og lagar den rette blandinga

av vatn og edderkoppspinn, veks det opp SUKKERSPINN!»

Eg laga meg ein PLAN – og så TESTA eg. Ulike sukkerfrø, og vatn

frå ulike stader i verda. Det gjekk ikkje. Eg testa vidare. Eg var heilt oppgitt då eg til slutt måtte KONKLUDERE med at det ikkje blei sukkerspinnplantar.

Då slo han meg, den nye ideen: Kva om eg òg tilset tre dropar av det kjempeeksplosive vulkanstøvet som Theodora von Humbug frakta med seg heim frå Guatemala til Villa Humbug i år 1587?

I naturfag gjer vi ofte eksperiment for å teste om svaret på noko vi lurar på, er det vi trur. Og når vi brukar teknologi til å lage noko, må vi prøve, feile og forbetre mange gonger før vi blir heilt nøgde.

No er det din tur: Finn fram utstyret du treng til kvart eksperiment, les bruksrettleiinga, lag ein hypotese, test ut og kom med ein konklusjon. Kanskje blir det akkurat gruppa di som designar den beste fyrstikkraketten eller den finaste lavalampa?

Fyr og flamme!

Undersøk kva som skjer når du tenner ei fyrstikk.

Dette treng du

• vernebriller

• fyrstikkeske

• fargeblyantar

Hypotese

Snakk saman to og to. Kva trur du skjer når fyrstikka tek fyr?

Slik gjer du

1 Ta på vernebriller og skjerp alle sansane dine!

2 Legg merke til kva som skjer frå du tenner fyrstikka, til du har blåse ho ut.

Teikn flammen!

Kva la du merke til?

Kva skjedde? Kryss av.

⬜ fargeforandring

⬜ lukt

⬜ blei varmare

⬜ blei kaldare

⬜ flammar

⬜ røyk

⬜ lyd

⬜ lys

Snakk saman

• Kvifor byrja fyrstikka å brenne?

• Skildre det de såg, lukta og kjende.

• Kva lurar de på etter å ha gjort dette eksperimentet?

Lur luktesansen!

Undersøk om du kan stole på luktesansen din.

Dette treng du

• 3 skåler

• 2 teskeier

• filtermalen kaffi

• vaniljesukker

Hypotese

Les Slik gjer du, og skriv inn i punkt 6.

Kva trur du det luktar av blandinga av kaffi og vaniljesukker? Kryss av.

⬜ kaffi

⬜ vanilje

⬜ kaffi og vanilje

⬜ ingenting

Slik gjer du

1 Arbeid saman to og to.

2 Ha kaffien i éi skål og vaniljesukker i ei anna.

3 I den tredje skåla blandar de like mykje kaffi som vaniljesukker.

4 Set skålene på rekkje, minst 50 cm mellom kvar skål.

5 Éin luktar på kaffien, den andre på vaniljesukkeret.

6 Eg luktar på

7 Lukt på blandinga av kaffi og vaniljesukker.

Trekk pusten roleg gjennom nasen 5 gonger.

KAFFI
BLANDING
VANILJESUKKER

Kva la du merke til?

Kva lukta blandinga?

Kva fann du ut?

Kan du alltid stole på luktesansen din? Grunngi svaret.

Snakk saman

• Kva overraska deg?

• Fekk alle same resultat?

• Korleis vil de forklare det som skjedde?

Gjettar du rett?

Undersøk kor nøyaktige sansane dine er.

• vekt

• måleband

• stoppeklokke

• termometer

• skolisse

• bok

• glas med vatn

• lynlåspose

• 20 gram makaroni

Dette treng du Slik gjer du

1 Gjett først måla ved å bruke sansane dine. Skriv inn i tabellen.

2 Vel eit passande måleinstrument.

3 Gjer nøyaktige målingar. Skriv inn i tabellen.

4 Opne til slutt posen med makaroni og tel antalet.

Kva la du merke til?

Kva eg måler Eg gjettar Eg målte med Eg målte Skilnad

skolisse

Kva fann du ut?

Treng du måleinstrument, eller er sansane dine gode nok?

MAKARONI

Snakk saman

• Kva var lettast/vanskelegast å gjette?

• Korleis var det å bruke dei ulike måleinstrumenta?

• Fekk alle same svar når de brukte måleinstrument?

• Kvifor kan måling bli feil sjølv om vi brukar måleinstrument?

Ballsprett!

1 Undersøk kor høgt ein ball sprett når han er romtemperert, kald eller varm.

2 Finn ut kva du må gjere likt kvar gong for at resultat skal kunne samanliknast.

Dette treng du

• ball med luft i

• måleband

• noko som kan kjøle ned ballen

• noko som kan varme opp ballen

Hypotese

Les Slik gjer du. Når trur du ballen sprett høgast? Set kryss.

⬜ Kald ball

⬜ Ball i romtemperatur

⬜ Varm ball

⬜ Ingen skilnad

Slik gjer du

1 Vel ein ball med luft i.

2 Tenk ut ein metode for å gjere alle målingane av ballspretten heilt like.

3 Mål kor høgt ballen sprett.

4 K jøl ned ballen i 10 minutt.

5 Mål kor høgt han sprett.

6 Varm opp ballen.

7 Mål kor høgt han sprett.

Kva la du merke til?

Måling 1Måling 2Måling 3 Gjennomsnitt

2 Ballen spratt høgast når han var Kva fann du ut?

1 Fyll ut søylediagrammet. Bruk gjennomsnittsverdiane.

50

0 kald ball varm ball romtemperert ball

Tips: Bruk partikkelmodellen!

Snakk saman

vifor måtte de velje ein ball med luft i? orleis fekk de ballen varm og kald?

• Kva gjorde de likt kvar gong for å kunne samanlikne resultata?

• Kvifor er det lurt å gjere fleire målingar?

Flyt eller søkk?

Undersøk kva som flyt eller søkk i eit glas med sirup, vatn og olje.

Dette treng du

• stort klart glas

• matskei

• linjal

• lys sirup

• lite glas med lunkent vatn

• 10 dropar blå konditorfarge

Hypotese

Gjer punkt 1–5 under Slik gjer du Les punkt 6–9 under Slik gjer du. Kryss av det du trur er rett, i tabellen.

Slik gjer du

Test andre ting òg!

1 Hell sirup i det store glaset til han står 3 cm over botnen.

2 Ha konditorfargen i det vesle glaset. Rør rundt.

3 Hell blandinga av vatn og konditorfarge i det store glaset til væska stig 3 cm.

4 Hell på matolje til væska stig 3 cm.

5 Teikn væskene i glaset og skriv inn namnet på rett linje.

6 Hald bruskorken på skrå og slepp han nedi.

7 Slepp i drua.

8 Slepp i vinkorken.

9 Slepp i terningen.

Kva la du merke til?

Eg trur … Kva skjedde?

bruskorken

drua

vinkorken

terningen

Snakk saman

⬜ flyt på olje

⬜ flyt på vatn

⬜ flyt på sirup

⬜ søkk til botnen

⬜ flyt på olje

⬜ flyt på vatn

⬜ flyt på sirup

⬜ søkk til botnen

⬜ flyt på olje

⬜ flyt på vatn

⬜ flyt på sirup

⬜ søkk til botnen

⬜ flyt på olje

⬜ flyt på vatn

⬜ flyt på sirup

⬜ ⬜ ⬜
⬜ ⬜ ⬜ ⬜
⬜ ⬜ ⬜ ⬜

⬜ søkk til botnen ⬜

• Kvifor flyt noko på sirup, men ikkje på vatn?

⬜ ⬜ ⬜

• Kva trur de veg mest av 1 liter matolje, 1 liter vatn eller 1 liter sirup?

• Kva av det de har testa, ville de brukt i redningsvestar?

Bygg ein katapult!

1 Bygg ein katapult.

2 Undersøk korleis prøving og feiling kan forbetre katapulten.

Dette treng du

• vernebriller

• plankebit, ca. 10 cm · 15 cm og 2 cm tjukk

• 2 stk. 10 cm lange skruar

• skrutrekkjar

• ulike typar strikk

• ulike typar teskeier

• LEGO-figur

• måleband

Slik gjer du

1 Ta på vernebriller.

2 Skru skruane ned i plankebiten med 7 cm mellomrom.

3 Spenn strikken mellom skruane.

4 Træ teskeia mellom strikken og snurr ho rundt mange gonger. Ikkje slepp!

5 Sjekk at utskytingsbana er fri for folk og dyr.

6 Legg LEGO-figuren i teskeia, og fyr av!

7 Mål lengda på skotet og skriv inn i tabellen.

8 Skyt to gonger til, og skriv resultata inn i tabellen.

9 Test 2: Prøv å forbetre resultatet ved å endre på designet til katapulten.

Gjenta punkt 7 og 8.

10

10 Test 3: Prøv å forbetre resultatet ved å endre designet ein gong til.

Gjenta punkt 7 og 8.

Testresultat

Kva endra du på før test 2?

Kva endra du på før test 3?

Kva fann du ut?

Test gav best resultat.

Snakk saman

• Kvifor bør de gjere fleire skot på den same testen?

• Kva ein katapult skaut lengst, og kvifor?

• Kva var det vanskelegaste med dette eksperimentet?

Heilt reint sølevatn?

Undersøk korleis eit filter verkar.

• plastflaske delt i to på midten

• kjøkkenklut

• strikk

• bomull, sand og ris

• 2 glas

• desilitermål

• 2 dl vatn

• matskei

• 1 ms jord

Hypotese

Dette treng du Slik gjer du

Les Slik gjer du Kva farge trur du sølevatnet har etter at det har runne gjennom filteret?

1 Fest kjøkkenkluten med strikk rundt flasketuten.

2 Set flasketuten ned i flaskebotnen.

3 Legg i bomull, sand og ris. Du har no laga eit filter.

4 Bland vatn og jord i det eine glaset. Rør rundt, så du får sølevatn.

5 Hell halvparten av sølevatnet i filteret.

6 Når alt sølevatnet har runne gjennom filteret, heller du det oppi det andre glaset.

7 Lag meir sølevatn. Prøv å forbetre filteret ved å endre på

a) kva du legg i

b) rekkjefølgja du legg det i

c) kor mykje du legg i

Kva la du merke til?

Samanlikn sølevatn og reinsa sølevatn. Kva er den synlege skilnaden?

Kva fann du ut?

Kva filter reinsa vatnet best?

Snakk saman

• Kva endra de på for å forbetre filteret?

• Kvar blei det av søla i sølevatnet?

• Føreslå andre blandingar av fast stoff og væske som kan reinsast.

• Trur de vi kan bruke eit filter til å skilje sukker eller salt frå vatn?

Kvifor / kvifor ikkje?

• Kvifor bør vi ikkje drikke det filtrerte vatnet?

Fyrstikkrakett!

1 Bygg ein fyrstikkrakett, og sjå kor langt han kan fly.

2 Undersøk korleis prøving og feiling kan forbetre fyrstikkraketten.

Dette treng du

• vernebriller

• aluminiumsfolie

• linjal

• saks

• fyrstikker

• måleband

• tallerken

• peistennar

Hypotese

Les Slik gjer du. Kor langt trur du raketten flyg? cm.

Slik gjer du

1 Klipp ut ein bit aluminiumsfolie på 2 cm · 10 cm.

2 Brett aluminiumsfolien rundt to fyrstikker som vist på teikninga.

3 Gå ut på ein asfaltert eller steinlagd plass.

4 Legg tallerkenen på bakken med fyrstikkraketten på kanten.

5 Sjekk at utskytingsbana er fri for folk og dyr.

6 Ta på vernebriller.

7 Tenn på aluminiumshetta.

8 Skriv lengda på skot 1 inn i tabellen.

9 Prøv to gonger til, og skriv lengda på skot 2 og 3 inn i tabellen.

10 Tenk ut moglege forbetringar.

11 Test ut og skriv resultata inn i tabellen.

Testresultat

Kva endra du på før test 2?

Kva endra du på før test 3?

Kva fann du ut?

Test skot gav best resultat.

Snakk saman

• Kvifor bør vi fyre av fleire skot i den same testen?

• Kva fyrstikkrakett kom lengst, og kvifor?

• Kva var det vanskelegaste med dette eksperimentet?

Lavalampe!

Sjå kva som skjer når du blandar vatn, olje og ein brusetablett.

Dette treng du

• vernebriller

• gjennomsiktig flaske med kork

• varmt vatn

• matolje

• 30 dropar blå konditorfarge, eller fleire fargar

• 1 brusetablett

Hypotese

BRUSETABLETTAR

T.d. Samarin

Les Slik gjer du. Kva trur du skjer når brusetabletten blir sleppt ned i flaska?

Slik gjer du

1 Ta på vernebriller.

2 Fyll flaska halvfull med varmt vatn.

3 Fyll på med matolje til ca. 5 cm under toppen.

4 Dryp sakte i konditorfargen.

5 Knekk brusetabletten og slepp han ned i flaska.

6 Skru på korken.

7 For ekstra effekt:

a) Hald ei lommelykt under flaska.

b) Skru av lyset i rommet.

Kva la du merke til?

1 Kva skjedde då du drypte konditorfarge i flaska?

2 Kva skjedde då du sleppte brusetabletten i flaska?

Snakk saman

• Kva skjedde då de fylte på matolje?

• Kvifor skulle de skru på korken etter å ha putta brusetabletten nedi flaska?

• Kvifor trur de dette blir kalla ei lavalampe?

• Kor lenge trur de lavalampa verkar?

Snakk gjennom ein tråd!

1 Lag ein telefon av to boksar og ein tråd.

2 Undersøk korleis prøving og feiling kan forbetre telefonen.

Dette treng du

• 2 tomme blekkboksar

• 2 tomme plastbeger

• 2 bindersar

Hypotese

Les Slik gjer du.

1 Kva trur du gir best lyd?

⬜ stram tråd

⬜ slakk tråd

Slik gjer du

1 Arbeid saman to og to.

• spikar

• hammar

Døme: bomull, ull, nylon,fiskesnøre

• lange trådar av ulike materiale

2 Kva trur du gir best lyd?

⬜ blekkboks ⬜ plastbeger

2 Slå eit hol i botnen på blekkboksane med hammar og spikar.

3 Stikk enden av tråden gjennom hòla.

4 Knyt fast ein binders til kvar av endane på tråden.

5 Hald i kvar dykkar blekkboks og stram tråden mellom dykk.

6 Byt på å snakke og å lytte.

7 Prøv no det same med plastbegera.

8 Eksperimenter med

⬜ ulike trådar og boksar

⬜ kort og lang tråd

⬜ slakk og stram tråd

⬜ å halde på tråden medan de snakkar

⬜ å snakke med pipestemme og mørk stemme

Kva la du merke til?

Samanlikna med lang tråd verka kort tråd …

⬜ betre

⬜ like godt

⬜ dårlegare

Å halde på tråden verka …

⬜ betre

⬜ like godt

⬜ dårlegare

Samanlikna med stram tråd verka slakk tråd …

⬜ betre

⬜ like godt

⬜ dårlegare

Å snakke med pipestemme verka …

⬜ betre

⬜ like godt

⬜ dårlegare enn med mørk stemme

Kva fann du ut?

1 Tråden som verka best:

2 Boksen som verka best:

Snakk saman

• Kva design på telefonen verka best?

• Kven hadde den lengste tråden som verka?

• Trur de det er mogleg å kople saman fleire telefonar?

Perfekt papirfly!

Test ut ulike design og lag eit papirfly som flyg langt.

Dette treng du

• vernebriller

• A4-ark

• linjal og blyant

• saks

• teip

• sugerøyr

• binders

• måleband (30 m)

Hypotese

Eg trur papirfly flyg lengst.

Papirfly 2

Papirfly 1

Slik gjer du

1 Samarbeid i klassen. Nokon brettar papirfly 1, og nokon brettar papirfly 2.

2 Ta på vernebriller.

3 Test tre gonger kor langt flya flyg. Skriv inn i tabellen.

4 Gjer endringar i designet og prøv på nytt.

5 Lag konkurranse: Kva fly flyg lengst?

Testresultat

Papirfly 1 Lengd Papirfly 2 Lengd Forbetra fly Lengd

Kva endra du på då du forbetra flyet?

Konkurranse

Forsøk: m

Finale: m

Kva fann du ut?

Kva design verka best?

Snakk saman

• Kva fly kom lengst, og kvifor?

• Kva kunne de bruke bindersen til?

• Kva fordelar og ulemper har dei ulike designa?

Vulkanstøvet gjorde susen, no fungerte eksperimentet.

Det gjer ofte det, når du aldri sluttar å prøve!

Resultatet blei hoppande marshmallowputer.

Dei smakar som tåfis og får fisane dine til å bli så luftige og fyldige at dei liknar på skyer.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.