1 minute read

SIDEMÅLET DITT Kvardagsløgn

Kan du hugse sist du laug om noko? Hugsar du kva det handla om, og korleis du kjende deg etterpå? Litt avhengig av kva for løgn det var, fekk du kanskje dårleg samvit. Dei fleste av oss har jo lært at det er viktig å fortelje sanninga, og at det er gale å lyge. Det er ein enkel og nødvendig regel, for utan krav om ærlegdom hadde ikkje samfunnet fungert. Likevel viser forsking at vi alle lyg kvar dag.

Det finst mange ulike typar løgner, nokre er store og alvorlege, mens andre er små og kvardagslege. Kor alvorleg ei løgn er, handlar mykje om kva for konsekvensar ho kan få for andre. I nokre samanhengar kan ei løgn ha så store konsekvensar at ho er straffbar, som for eksempel viss eit vitne lyg i ei rettssak. Det er også uakseptabelt viss ein politikar eller nokon andre med ei viktig stilling lyg når dei uttalar seg offentleg. Viss vi godtek slike løgner, er det rett og slett farleg for samfunnet vårt.

This article is from: