Samfunnsfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok bla-i-bok nyn

Page 1


SAMFUNNSFAG 5

frå CAPPELEN DAMM

Grunnbok

Nynorsk

Frøya

© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2025

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Einkvar bruk av heile eller delar av utgjevinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettighetshavarane.

Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Samfunnsfag 5 frå Cappelen Damm er laga til LK20, fagfornyinga, i faget samfunnsfag og er til bruk på barnetrinnet i grunnskulen.

Omsetjing til nynorsk: Totaltekst ved Hilde Strømsnes

Illustrasjonar: Marthe Strand Mourier

Fotografi: Sjå eiga liste.

Design og sats: Bøk Oslo AS

Omslagsillustrasjon: Marthe Strand Mourier

Omslagsdesign: Tank Design AS / Cappelen Damm AS

Forlagsredaktørar: Frøya Elisabeth Astrup og Tina Tofte

Biletredaktørar: Frøya Elisabeth Astrup

Repro: Narayana Press

Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia, 2025

ISBN 978-82-02-87357-8

Utgåve 1

Opplag 1

www.cdu.no

www.laerer.cdu.no

www.skolen.cdu.no

Innhald

1 Kva er samfunnsfag? 4 Undring og utforsking

2 Før oss .................................................................... 28 Samfunnskritisk tenking og samanhengar

3 Folket bestemmer ................................................. 60 Demokratiforståing og deltaking

4 Ei stor utfordring .................................................. 84 Berekraftige samfunn

5 Eg, meg, vi og oss .................................................. 1 10

Identitetsutvikling og fellesskapar

1 Kva er samfunnsfag?

Samfunnsfag handlar om samfunn som har vore, samfunn som er no, og korleis vi trur ulike samfunn blir i framtida. I samfunnsfag får du lære om korleis geografi og historie heng saman og påverkar det som skjer i samfunnet no og i framtida.

Korleis samfunnet vårt er no, heng saman med hendingar i fortida. Og det som skjer i samfunnet i dag, vil påverke det som skjer i framtida.

Å finne ut noko om fortida er nesten som å vere ein etterforskar som samlar spor. Spora kan vi bruke til å pusle saman eit bilete av det som har skjedd før vår tid. Spora frå fortida kallar vi om ulike samfunn og om korleis samfunna har endra seg gjennom tusenvis av år.

Snakk saman

1 Kva er fortid?

2 Kva er framtid?

3 Kva tid lever vi i?

Kva er eit samfunn?

Eit samfunn er ei gruppe menneske som lever saman over lengre tid. Menneska i eit samfunn deler ofte kultur, tradisjonar og interesser. Vi menneske treng kvarandre for å overleve og ha det bra. Derfor har menneske levd saman i ulike samfunn i tusenvis av år.

Det er vi menneske som endrar samfunnet. Nokre gonger skjer endringane sakte og over lang tid. Andre gonger skjer endringane veldig raskt.

Det norske samfunnet har endra seg frå å vere eit jeger- og sankarsamfunn til å bli eit avansert industri- og teknologisamfunn.

kultur – måten vi er, tenkjer og snakkar saman på

Skriv

1 Kva er eit samfunn?

2 Kva er kultur?

3 Kvifor dannar menneske samfunn?

Samfunn før oss

Jeger- og sankarsamfunnet

I steinalderen var menneska jegerar og sankarar. For å skaffe seg mat måtte dei fiske, jakte på dyr og sanke plantar, sopp og bær i naturen. Menneska levde saman i små samfunn og flytta frå stad til stad, alt etter kvar dei fann mat.

Industrisamfunnet

Jordbrukssamfunnet

Då menneska byrja å dyrke jorda, byggje gardar og halde husdyr, blei samfunnet eit jordbrukssamfunn. På gardane hadde menneska husdyr. Dei som budde i nærleiken av kvarandre, danna små samfunn.

Etter kvart overtok maskiner og teknologi det meste av arbeidet som tidlegare blei gjort for hand. Traktoren erstatta til dømes kraft frå både menneske og dyr. Då endra samfunnet seg til å bli eit industrisamfunn.

Ein del av samfunnet

Alle menneske er ein del av fleire samfunn. Slik har det alltid vore.

Du er ein del av små og store samfunn. Familien din, klassen din og skulen din er døme på små samfunn som du er ein del av. Kanskje er du ein del av eit idrettslag, eit korps, eit kor eller noko heilt anna òg. Storsamfunna du er ein del av, kan vere bydelen, kommunen, fylket eller landet du bur i. Det aller største samfunnet du er ein del av, er verdssamfunnet.

Det er mange fordelar ved å vere ein del av eit samfunn. Det er trygt og godt å vere fleire om noko skummelt eller farleg skjer. Og det er både lurt og fint å ha nokon å samarbeide med.

Vi treng ikkje gjere alt arbeidet sjølv når vi er ein del av eit samfunn. Viktige oppgåver kan fordelast slik at alle har ansvar for noko, men ingen har ansvar for alt.

Skriv

1 Kva for samfunn er du ein del av?

2 Kvifor er det viktig å vere ein del av eit samfunn?

Kva slags samfunn kan desse barna vere ein del av?

Reglar

Alle samfunn treng reglar for å fungere og for at dei som er med i samfunnet, skal ha det bra. Reglane fortel kva som er forventa av medlemmene i samfunnet.

Nokre reglar er skrivne ned, slik som Noregs lover. Det er ei samling reglar som gjeld for alle i det norske samfunnet. I eit samfunn finst det òg reglar som ikkje er skrivne ned nokon stad, men som dei fleste i samfunnet likevel kjenner til og er einige om. Slike uskrivne reglar kallar vi for normer. Det å seie «takk for hjelpa» eller halde døra open for nokon er døme på normer.

Noregs lover er samla i ei stor, raud bok.

Snakk saman

1 Kva reglar har de i klassen?

2 Kva reglar har de der du bur?

Skriv

1 Kva er skilnaden på ei norm og ei lov?

2 Vel tre av orda frå ruta under, og forklar kva orda betyr.

bygd by stad samfunn klubb lag skule

Samisk og norsk, samtidig

Samar er eit urfolk som bur i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samar som bur i Noreg, er både nordmenn og samar. Dei er ein del av både det norske og det samiske samfunnet.

Dei som høyrer til i det samiske samfunnet, har den samiske kulturen til felles. Men det samiske samfunnet er like mangfaldig og variert som det norske samfunnet elles. Samar i Noreg snakkar ulike språk og bur spreidd over heile landet.

Både samar og andre treng å vere ein del av ulike samfunn. I samfunna vi er ein del av, kan vi lære av kvarandre, og vi kan samarbeide.

Snakk saman

Kva er sant og usant?

• Det bur samar i Noreg, Sverige og Tyskland.

• Samar er eit urfolk.

• Samar i Noreg er norske.

• Samisk er eigentleg fleire ulike språk.

• Det bur samar i heile Noreg.

• Berre samar treng å vere ein del av eit samfunn.

urfolk – folkegruppe som busette seg i eit område før det var fastlagt landegrenser

Samane som bur i Noreg, er både samiske og norske.

Éin fot i fleire samfunn

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å høyre til i fleire samfunn fordi forventningane i dei ulike samfunna ikkje passar med kvarandre.

Å flytte mellom stader eller land kan vere vanskeleg for både barn og vaksne. Då må ein bli kjend med normer og reglar som gjeld i det nye samfunnet ein kjem til. For somme er det enkelt å tilpasse seg eit nytt samfunn. Andre kan oppleve det som trøblete fordi det tek tid å forstå og bli kjend med kulturen og tradisjonane i det nye samfunnet.

Men det å ha éin fot i fleire samfunn er ei superkraft! Det er ein styrke å kjenne til ulike språk, kulturar og tradisjonar.

Likevel kan det å høyre til fleire stader gi ei kjensle av å ikkje høyre ordentleg til nokon stader. Kvifor kan det vere sånn, trur du?

Skriv

1 Kva for språk kan du?

2 Kva for språk kan du tenkje deg å lære?

Noreg før oss

Siste istid

For 25 000 år sidan var heile Noreg dekt av ein diger isbre. Først då isen smelta for om lag 11 500 år sidan, kunne dei første menneska busetje seg her.

1814 til 2000

Noreg blei ein eigen stat som delte konge med Sverige. Først i 1905 blei Noreg eit heilt eige land, med ein eigen konge. Då jordbruket blei modernisert med maskiner som hjelpte bøndene, flytta mange menneske til byane. Der arbeidde ein del av dei på fabrikkar.

Steinalder

9200f.Kr. til 1750f.Kr.

Menneska i steinalderen laga reiskapar av stein, bein og tre. Menneska budde ikkje nokon fast stad, men levde som nomadar. Dei jakta, fiska og sanka mat i naturen.

1536 til 1814

Tidleg moderne tid blir òg kalla dansketida fordi Noreg blei styrt av Danmark. Noreg selde mykje tømmer til utlandet, men utvinning av metall var framleis ei viktig inntekt for mange. Kongsberg blei ein av dei største og rikaste byane i Noreg då det blei funne sølv i fjellet der.

Vi som lever no, lever i notida. Dei fleste som bur i Noreg i dag, bur i ein by eller på ein tettstad. Somme er framleis bønder, men dei aller fleste har eit anna yrke. Kva trur du menneske som lever om 50 eller 500 år, vil kalle perioden vi lever i?

Bronsealder

1750f.Kr. til 500f.Kr.

I bronsealderen lærte menneska å lage metallet bronse. Bronse blei brukt til å lage reiskapar, våpen og smykke. Menneska byrja å dyrke jorda. Mange blei bufaste bønder, men dei fleste samane levde framleis som nomadar.

Mellomalder

1050 til 1536

I mellomalderen blei Noreg eit kristent land. Dei fleste menneska var framleis bønder og budde på bygda. Dei første byane vaks fram der folk møttest for å kjøpe og selje varer. Svartedauden tok livet av omtrent halvparten av dei som budde i landet vårt.

Jernalder

500f.Kr. til 1050e.Kr.

I jernalderen lærte menneska seg å vinne ut metallet jern frå jorda. Smeden laga reiskapar, verktøy, smykke og våpen av jern. Jern tolte meir enn bronse, og det var lettare å få tak i. Gardane blei større og jordbruket meir avansert.

Vikingtid

800 til 1050

I vikingtida budde ofte fleire familiar saman på store gardar. Sjølv om dei fleste var bønder, var somme vikingar. Vikingane segla med store skip til andre land. Dei handla, røva og plyndra. Med seg heim hadde dei både skattar og slavar.

Finn ut

1 Skriv minst tre faktasetningar om ein av periodane før oss.

2 Kva er svartedauden?

f.Kr. – før Kristus. Det betyr før år 0.

e.Kr. – etter Kristus. Det betyr etter år 0.

Korleis kan vi vite?

Fortida finst ikkje lenger. Men ting og tekstar frå fortida er kjelder som kan fortelje oss korleis det var før i tida.

Arkeologiske kjelder

Reiskapar, verktøy, våpen og smykke frå steinalderen, bronsealderen eller jernalderen kan fortelje oss om korleis menneska arbeidde, korleis dei skaffa og laga mat, eller korleis dei kledde seg.

Tinga er arkeologiske kjelder som kan gi oss kunnskap om fortida. Myntar, matrestar og skjelettrestar er òg arkeologiske kjelder.

Arkeologiske funn frå tida før menneska kunne lese og skrive, er spesielt viktige.

Skriftlege kjelder

Ei skriftleg kjelde er noko som er skrive ned. Ei skriftleg kjelde kan til dømes vere ei bok, eit brev eller ei avis.

Dette sverdet blei funne i Luster på Vestlandet. Sverdet er frå jernalderen.

Runer er dei eldste skriftteikna vi kjenner til i Noreg. Men runene eigna seg ikkje for å skrive lange tekstar. Derfor har vi få skriftlege kjelder frå før mellomalderen her i landet. Først då lærte folk å lese og skrive med dei bokstavane som vi brukar i dag.

Ei av dei viktigaste skriftlege kjeldene frå mellomalderen er boka

Heimskringla. Ho handlar om kongane i Noreg i vikingtida og mellomalderen.

Snorre Sturlason samla forteljingar om norske kongar i boka Heimskringla Denne utgåva er frå 1871.

arkeolog – ein som leitar etter gamle ting og spor som kan fortelje oss noko om fortida

Munnlege kjelder

Ei munnleg kjelde blir til ved ein samtale mellom to eller fleire menneske. Dersom du til dømes snakkar med ein som har levd lenger enn deg, kan hen fortelje deg om ei fortid som du ikkje kjenner til. Då blir det mennesket du har snakka med, ei kjelde.

Mange skriftlege kjelder byggjer på munnlege overleveringar gjennom generasjonar. Snorre brukte til dømes mange munnlege kjelder då han skreiv boka Heimskringla.

Tenk at det du seier og meiner, kan vere ei kjelde for menneske som lever lenge etter deg.

Snakk saman Kva er sant og usant?

• Heimskringla er ein matrett frå bronsealderen.

• Fortida ligg framfor oss.

• Ein gammal mynt kan vere ei kjelde.

• K jelder kan fortelje om fortida.

• Runer er dei yngste skriftteikna vi kjenner til i Noreg.

• Eit menneske kan vere ei kjelde.

Kjeldene fortel

Når du lærer noko om fortida, kan du samanlikne med korleis det er i dag. Du kan seie noko om kva som er likt, og kva som er ulikt. Slik kan du sjå at samfunnet har endra seg. Kjelder til kunnskap om fortida kan vere spor i naturen, ting, bøker, brev, måleri, fotografi, teikningar, film- og lydopptak, kart og aviser.

Siste istid

Isen som dekte landet vårt, laga spor i fjellet då han smelta. Denne jettegryta på Hvaler blei til då store steinar snurra rundt i smeltevatnet under isen og slipte seg ned i fjellet. Ordet jette betyr «troll». Enkelte meinte kanskje at spora i fjellet likna trollgryter?

Steinalder

Pilspissar, øksar og knivar av stein fortel oss at menneska jakta på dyr i steinalderen. Desse pilspissane blei funne ved Farsund sør i Noreg. Arkeologar trur pilspissane blei laga i steinalderen. Kvar kan det ha blitt av skafta, trur du?

Moderne tid

Dei første norske avisene kom på 1700-talet. Avisene kan fortelje oss kva folk var opptekne av, og kva som hende i verda. Både fotoapparatet, radioen og tv-en blei funne opp i moderne tid. Den første norske radioen blei laga i 1920. Dei første orda nokon sa i radioen, var: Hallo, hallo!

Tidleg moderne tid

Noreg fekk sitt første trykkjeri på 1600-talet. Samtidig lærte fleire nordmenn seg å lese og skrive. Derfor har vi mange skriftlege kjelder frå og med denne perioden. I denne boka står Noregs lover. Boka blei trykt i 1687.

Bronsealder

Smykke av bronse kan fortelje oss at menneska likte å pynte seg i bronsealderen. Kanskje fortel våpenfunna frå perioden at menneska kriga med kvarandre òg? Denne armringen av bronse blei funnen i Niløse i Danmark. Arkeologar meiner den blei laga i bronsealderen.

Mellomalder

Både arkeologiske funn og skriftlege kjelder kan fortelje oss om mellomalderen i Noreg. Dette møllespelet blei funne i Oslo. Arkeologar meiner det blei laga i mellomalderen. Spelebrettet er mindre enn liknande brett som er funne. Kanskje akkurat dette spelebrettet var laga for å ta med seg på reise?

Jernalder

Menneska lærte seg å vinne ut jern frå jorda. Av jern kunne smeden lage reiskapar, verktøy og våpen. Jern tolte meir enn bronse, og det var lettare å få tak i. I løpet av jernalderen blei runene, dei eldste skriftteikna vi kjenner til i Noreg, tekne i bruk. Desse runene er funne i ei kyrkje i Istanbul. Arkeologar trur nokon reiste heilt frå Noreg og rissa inn teksten: Halvdan rissa desse runene.

Vikingtid

Vikingane var sjøfararar og handelsmenn, men òg krigarar og oppdagingsreisande. På bilete har vikingar ofte rustning, sverd og hjelm med horn. Men kva i all verda skulle dei bruke horna til? Arkeologar har funne restar etter tre hjelmar frå vikingtida i heile Skandinavia. Ingen av dei har horn. Dette er den best bevarte vikinghjelmen i verda. Han blei funnen ved Hønefoss.

Notid

Internett kan gi oss informasjon om omtrent alt mogleg. Vi som brukar internett, etterlèt oss spor som folk i framtida kanskje vil utforske. Men vi brukar framleis reiskapar, verktøy, smykke og våpen òg, akkurat som dei første menneska i Noreg gjorde. Derfor kan arkeologar om tusen år finne restar av reiskapar eller smykke og datere dei til vår tid.

Svingerudsteinen

I 2021 grov nokre arkeologar i jorda på Svingerud i Noreg. Dei fann seks gamle graver. I ei av gravene låg det ein stein med runeskrift. Steinen har fått namnet Svingerudsteinen.

Arkeologar trur at runene på Svingerudsteinen blei rissa for om lag 2000 år sidan.

Arkeologar trur at Svingerudsteinen er frå mellom år 1 og år 250. Det vil seie at han er den eldste runesteinen i verda! Kristel Zilmer er ekspert på runer. Ho arbeider med å finne ut så mykje som mogleg om steinen.

– Ingen har klart å lese alt som er rissa inn på Svingerudsteinen, fortel Zilmer.

– Kanskje er det nokon som har øvd seg litt på å skrive runer på akkurat denne steinen, for det er mange krusedullar og runeliknande teikn der òg. Men eitt ord er vi heilt sikre på: idiberug. Kanskje det er eit namn, seier Zilmer.

Kristel Zilmer fortel ein annan ting som er spesielt med runeinskripsjonane på Svingerudsteinen:

– Dei er både tynne og grunne. Det viser at runene er laga med ein kniv eller ei nål.

Skriv

1 Kva er spesielt med Svingerudsteinen?

2 Kva tidsperiode er Svingerudsteinen frå?

3 Dersom runene på Svingerudsteinen blei rissa i år 250, kor lenge er det sidan no?

Kan du lese nokon av runene som er rissa på Svingerudsteinen?

runealfabetet

Mange sanningar?

Éi kjelde kan ikkje fortelje heile sanninga om fortida. Jobben til ein arkeolog eller ein historikar er å samle informasjon frå ulike kjelder. Det blir som å setje saman små delar som blir til ei stor forteljing om fortida.

På internett er det uendeleg med bilete, filmar og tekstar om alle slags tema. Men sjølv om internett er ei lett tilgjengeleg kjelde, betyr ikkje det at all informasjonen der er sann eller til å stole på.

Sånn er det med alle andre kjelder òg. Derfor bør vi alltid undersøkje og samanlikne informasjon frå fleire stader for å sikre at det kjelda fortel, stemmer. Når vi samlar same informasjon frå fleire kjelder, er det meir sannsynleg at informasjonen stemmer.

Snakk saman Kva er ei meining, og kva er fakta?

• Sk jelpadder er søte.

• Noreg er eit land i Europa.

• Arkeolog er eit yrke.

• Svingerudsteinen er den finaste runesteinen i verda.

• Ei skriftleg kjelde er noko som er skrive ned.

• Heimskringla er den beste kjelda for å lære om norske kongar.

• Alle menneske er ein del av verdssamfunnet.

Kvifor skriv

Kjeldekritikk

Er

kjelda til å stole på?

er k jelda til å stole på?

Presenterer kjelda bevis

presenterer kjelda bevis?

Kven seier

Kjem kjelda med meiningane sine, eller presenterer kjelda fakta?

Kvifor seier eller

Kven seier det?

skriv dei det?

Presenterer kjelda

Kvifor seier eller skriv dei det?

Kven har skrive det? Kven har skrive

bevis?

Skriv

1 Kva betyr det å vere kjeldekritisk?

2 Korleis kan spørsmåla over hjelpe deg med å finne ut av om noko er sant eller ikkje?

Då éi fjør blei til fem høns

Kva er sant, eigentleg?

Teikneserien om då éi fjør blei til fem høns, er basert på forteljinga «Det er ganske vist», skriven av den danske forfattaren Hans Christian Andersen i 1852.

Forteljinga handlar om korleis historier kan bli tolka og misforstått, og korleis rykte kan spreie seg. Historia om høna som mista ei fjør, endrar seg nemleg fleire gonger.

«Å gjere éi fjør til fem høns» er eit uttrykk som handlar om å overdrive eller å gjere ein liten ting til ei stor sak.

Hans Christian Andersen (1805–1875)

Skriv

Skriv svar på minst tre av oppgåvene under.

1 Kva kan vere grunnar til at historia om høna endra seg?

2 Fortel att historia om då éi fjør blei til fem høns.

3 Kva er eit rykte?

4 Kva betyr det å overdrive?

5 Kor gammal var Hans Christian Andersen då han skreiv forteljinga «Det er ganske vist»?

Finn ut

1 Skriv tre faktasetningar om Hans Christian Andersen.

2 Skriv tittelen på tre andre forteljingar som Hans Christian Andersen har skrive.

Samfunnet i framtida

For hundre år sidan var det norske samfunnet ganske annleis enn det er i dag. Om hundre år frå no er samfunnet ganske sikkert veldig annleis att.

Kanskje har folk i framtida heilt andre typar yrke enn det menneska har i dag. Kanskje lever, et og bur dei på heilt andre måtar òg.

Ingen veit heilt sikkert kva som vil skje i framtida. Men mest sannsynleg vil nokon gjere fleire og nye oppfinningar. Det som er nytt, kan verke både spennande og skummelt på éin gong. Kanskje vil ny teknologi som kunstig intelligens og avanserte robotar ta over mykje av det som vi menneske gjer i dag?

Somme meiner at ny teknologi gjer kvardagen vår betre. Andre meiner det motsette. Kva meiner du?

Skriv

Skriv svar på minst tre av oppgåvene under.

1 Kva for eit år var det for hundre år sidan?

2 Kva for yrke trur du fanst før, som ikkje finst no?

3 Kva for yrke trur du finst no, som ikkje fanst før?

4 Skriv minst tre ting du trur kjem til å skje i samfunnet i framtida.

5 Skriv minst tre ting du håpar kjem til å skje deg i framtida.

Kva kan dette vere?

Framtidsspel

Éin eller fleire spelarar.

Du eller de treng: to terningar og noko å skrive på og med.

Spelet i korte trekk

Målet med spelet er å få eitt svar i kvar kolonne.

Spelereglar

Trill terningane etter tur om de er fleire spelarar.

Dersom du får 3 og 5 på terningane, kan du velje mellom alternativa i ruta 3, 5 eller i ruta 5, 3 på spelebrettet.

Skriv ned alternativa du vel.

Får du same talkombinasjon neste gong du trillar terningane, må du velje ruta du ikkje valde i førre runde. Dersom du får dei same tala ein tredje gong, må du melde pass og vente til det blir din tur att.

1

2

3

Du bur på ein annan planet. Du et gras.

Du bur i ei hòle.

Du bur på ei aude øy.

4

5

Du bur i ei campingvogn.

Du bur i eit telt i ein ørken.

Du et insekt.

Du et berre bananar.

Du et alt du ser.

Du et berre saltstenger.

Kleda dine er laga av bjørnepels.

Du er alltid kledd i rustning.

Det er så varmt. Ingen brukar klede.

Kleda dine er laga av blad og bork.

Du er kledd i klede laga av plast.

Du jobbar som insektbonde.

Du driv humle–oppdrett.

Du jobbar på ein ubåt.

Du er kokk på eit romskip.

Du jobbar på skipet mellom jorda og månen.

Du reiser på ferie til jordas indre.

Du reiser på ferie til månen.

Du reiser aldri på ferie.

Du reiser på badeferie til Nordpolen.

Du drar på ubåtferie.

Du tek svevebussen.

Teleportering er noko alle gjer.

Alle går eller spring dit dei skal.

Du sym alltid dit du skal.

Du brukar flysko for å komme deg fram.

6

Du bur i eit svevande hus.

Snakk saman

Mat har blitt unødvendig.

1 Kva fortel framtidsspelet deg?

Kleda dine er laga av månestøv.

Du jobbar i flyskobutikk.

Du drar dit peparen grodde.

Du har kunstige vengjer.

2 Kva er draumekombinasjonen av alternativ?

Kva? Kvar?

Bruk kartet på neste side til å svare på spørsmåla.

1 Finn (5, 7) på kartet. Her er det funne helleristingar som kanskje er 7000 år gamle. I kva periode blei desse laga?

1 I 2017 blei det gjort eit stort bronsefunn i Hegra ved Trondheim. Det blei mellom anna funne over 30 øksar. Kva kartkoordinatar har funnet?

3 Koordinatane (1, 3) landar omtrent i ein by som lenge var viktig for eksport av klippfisk. Kva heiter byen?

4 Ved Halden, som har kartkoordinatane (2, 1), blei det funne restar av eit vikingskip. Kva blir skipet kalla?

5 Finn (2, 2) på kartet. Her blei det funne mange små gullfigurar. Nokre av figurane viser dei norrøne gudane. Kva periode er figurane frå?

6 Koordinatane (3, 6) viser ei avisside frå mai 1945. I kva by kom denne avisa ut?

7 Koordinatane (1, 2) viser ein bygning det berre er 28 att av i Noreg. Kva slags bygning er det?

8 Visste du at reiskapar kan lagast av bein? Skriv koordinatane til funnet som er laga av bein frå reinsdyr.

9 Finn (2, 4) på kartet. Kva blei funne her?

Finn ut

1 Kva er klippfisk?

2 Kvar i Noreg er Gol stavkyrkje?

Denne skia blei funnen i Reinheimen i Møre og Romsdal i 2014.

3 Korleis kan du reise til Hasvik frå der du bur? brukte på 700-talet.

Visste du at ...

Noreg eksporterer mykje klippfisk til andre land, spesielt til Portugal og Brasil.

Alta: helleristingar frå steinalderen

Brønnøysund: spelebrikker frå jernalderen

Kristiansund: klippfiskboks frå moderne tid

Hasvik: skeier av bein frå mellomalderen

Narvik: avis frå moderne tid

Hegra: øksar frå bronsealderen

Borgund: stavkyrkje frå mellomalderen

Hov: gullfigurar frå jernalderen

Halden: Gjellestadskipet frå vikingtida

Trondheim
Tromsø

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.