Drøs i utval - leseprøve

Page 1

Knut Straumstøyl (f. 1941) kjem frå Vinje i Telemark. Han kom til Randaberg som lærar i 1968. I 1975 fekk han spørsmål om å gje nytt liv til det tidlegare Randaberg Bygdeblad, som vart starten på ein lengre periode som lokal journalist. Straumstøyl fekk i 1982 Randaberg kommunes kulturpris – dessutan Pensjonistprisen for 2012.

Gjennom dei siste 15 åra har «Drøset» vore fast innslag i Bygdebladet for Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy. Stykka inneheld tema om det meste som skjer med og rundt oss. Inspirasjonskjeldene har vore litt av kvart, som vanlege folk og dyr, men òg politikarar og kulturelle. Ein bør nok ikkje forstå alle drøsa heilt bokstavleg, sjølv om det er lov. Kanskje har du ikkje høyrt namnet til forfattaren før, men spør som guten som las i Bygdebladet og spurde mora: «Kem e han Drøset?» Du kjenner han gjerne litt betre når du har lese boka.

9 788282 333184 ISBN 9788282333184 ART.NR. 333184



Knut Straumstøyl


© Commentum Forlag 2015 COMMENTUM FORLAG AS Gamleveien 87 4315 SANDNES www.commentum.no ISBN: 9788282333184 Illustrasjoner: Knut Straumstøyl Omslagsdesign: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Commentum Forlag er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.


Knut Straumstøyl

2015


Forord Knut Straumstøyl har sidan 90-talet kasta sitt skråblikk på store og små tildragingar i lokalsamfunnet gjennom sine ”Drøs” i Bygdebladet. Avispetit eller kåseri er vel det næraste ein kjem i plassering av skråblikka innanfor ein journalistisk sjanger, men Straumstøyl har på mange måtar etablert sin eigen sjanger. – Det er merkeleg at ein kan seia så mykje stygt om politikarane utan at nokon blir sinte, har den tidlegare ordføraren i Randaberg, Oddvin Mørch Rogstad, sagt om han. Her ligg noko av det som karakteriserer Straumstøyl sin penn. Den kan vera skarp og kritisk, men er samstundes kjenneteikna av lun humor og ein underliggande kjærleik til det som er objektet for skrivinga, enten det handlar om politikk, ulike miljø eller personar. Straumstøyl kom frå Vinje til Randaberg i 1968. Det gjekk ikkje lenge før han blei ein synleg person i lokalsamfunnet, først som populær lærar på Harestad skole, og frå 1975 som redaktør i Randaberg Bygdeblad. Han har vore sentral person på mange felt i kommunen, mellom anna innan kyrkje- og organisasjonsliv. For sitt engasjement for kulturlivet vart han i 1982 den første som fekk kommunen sin kulturpris. 30 år seinare fekk han pensjonistprisen for det same engasjementet. Kanskje det nettopp er det at han har kome utanfrå med eit friskt blikk som har gjort det mogeleg å teikne presise observasjonar både verbalt og visuelt. Så langt har det kome over 250 drøs frå 90-talet fram til i dag. Det å skriva om saker og ting litt ”på skrått” starta endå tidlegare i bygdeblad-karrieren. Då han refe—4


rerte frå kommunestyremøta på 70- og 80-talet, opplevde han at dette kunne vera litt kjedeleg stoff. For folk flest var gjerne dette ganske så tørre saker å lesa om. Han innførde då spalta ”Frå pressebenken”, der han harselerte litt og såg politikarar meir frå sin subjektive vinkel. Det hadde og ei pedagogisk side ved at det lokka lesarane til å lesa referata først for å forstå betre det han kommenterte i spalta si. Vi er heldige som har Knut Straumstøyl i vår midte, ein person som er aktiv deltakar i lokalsamfunnet og som samstundes maktar å ta den kritiske observatørrolla. Dei fine teikningane hans på framsida av bladet i mange år med motiv frå Randaberg, har bidrege til å fylla ut biletet. Det gir ytterlegare nyansar til det som i praksis er eit porterett av Randaberg gjennom fleire tiår. Det er lite som tyder på at pennen til Knut vil bli lagt i skuffa med det første. Samstundes er det mykje meir å ta av frå kjelda der dei 25 drøsa i boka er henta. La oss derfor håpe og tru at dette blir første utgåve i ein heil serie. Anders Jaarvik, kultursjef i Randaberg kommune

5—



Krykkedirektivet Kunne du tenkt deg å betala skyhøg medlemskontingent til ei forening du ikkje er medlem i? Svarar du ja, er du enig med omlag halvparten av det norske folk. Me betalar to milliardar til foreninga EU, der me ikkje er medlemmer, og det synes dei som er medlemmer er alt for lite. No vil dei ha ein milliard til. Eg kan forstå det, for me får veldig mykje att for pengane. Og det utan å senda haugar og lass av folk i arbeidsfør alder på ein masse kjedelege møte langt heimanfrå for å stemma over ei uendeleg rekkje saker som dei må lesa tonnevis av papir for å finna ut at dei ikkje forstår noko av likevel. Og kva får me så att for pengane? Jau, ein masse direktiv (= bestemmelsar, lover, retningsliner og anna slikt). Det seier seg sjølv at eit lite land som vårt ikkje greier å oppdriva nok kreative folk til å klekka ut alle bestemmelsar me vinglete menneske treng for å koma nokolunde heile og rettlinja gjennom livet. Me treng EU – og me treng direktiv. Ta no eksempelvis krykkedirektivet. Vener og kjende vil vita at underteikna har eit visst behov for å støtta seg til ei krykke. Ikkje to, for ei er nok. I følgje direktivet burde det ha vore to. Dei fleste av oss har nemleg to føter, og er ein klein i den eine foten, er ein som regel det i den andre òg. Men eg har fått dispensasjon. Verre er det at krykka er for lang. Åtte og ein halv centimeter – eller 8,693 for å vera korrekt. Ho er rettnok tilpassa mi lengde, men eg er ikkje standard. Eg er for lang, og det er min feil. Heldigvis har eg fått dispensasjon der òg i og med at eg kjøpte krykkene for over 40 år sidan og i EU-landet Danmark. Det er bare knytta ein merknad til dispensasjonen: Når eg går (les: haltar) må eg ikkje slingra meir enn toppen to grader til sida. Det har 7—


med sikkerhet å gjera. Ja, for viss eg blir lagt for mykje merke til, distraherer eg bilistar, syklistar og andre vegfarande slik at dei hamnar i grøfta. Eg ser den. Eg fekk ein tredje dispensasjon òg. Dei har rett og slett vore rause med meg, vil eg påstå. Krykka er laga av metall, men det burde ha vore tre eller plast. Det er fordi når forbipasserande hundar glefser og bit i det dei trur er ein fot, kan dei knekka tennene. Eit dyrevenleg EU gjer alt i si makt for å forhindra slik mishandling. Det er sjølvsagt òg promillegrenser ved krykkebruk. Går du med to krykker, er grensa 0,8, men for meg som går med ei, er grensa 0,5. No er ikkje dette noko stort problem for meg, eg bare nemner det. På den andre sida får me handla med oss doble taxfree-kvotar når me brukar krykker. Krykker blir tolka som føter, og fire føter er lik to personar. Som ein ser, det er alltid logikk bak direktiva. Litt meir pes blir det når dei snart innfører dopingkontroll. Der vil dei innføra same reglar som for idrettsfolk – nemleg testing utan varsel. Av den grunn må me med krykker gje rapport dersom me reiser vekk slik at dei alltid veit kor me er. Dette fordi EU har eit ønskje om to nye paralympic-øvingar ved neste OL: kappgåing med krykker og krykkekasting. Eg kan ikkje gå inn på heile krykkedirektivet, for det er eit hefte på 258 sider. Interesserte kan få ein kortversjon på 50 sider ved å kontakta krykkedirektivsekretariatskontordirektøren i Brussel. Har du ikkje tilgang på jurist, treng du ein guide i tillegg. Den er skriven på fransk, så viss du ikkje kan det, må du kjøpa ei ordbok. Men dette løner seg. Bøter for å bryta krykkedirektivet er frå 2000 euro og oppover samt inndraging av krykkene i tre månader. NB: Du kan ikkje føra dette på eigenandelskortet. Lykke til.

—8


Bønder er ute Eg har merka meg at blant dei som har gjort til ein leveveg å grava i åker og potla med mjølkemaskiner, er det ein del uroleg hjartebank og nervøse rykningar desse tider. Årsaka er ei blond og smilande landbruksminister. Mange vil hevda at det ikkje er unormalt at unge, blonde damer kan føra til den slags reaksjonar – særleg hos det andre kjønn. Men i denne samanhengen er det i svært liten grad snakk om romantikk. Me er nok nærare dei kjenslene me finn att mellom Russland og Ukraina for tida. Uroa skuldast i stor grad redsle for at nemnde blondine kjem til å rasera heile jordbruket – og startar med pengesekken. Bøndene får endå mindre att for jobbinga. Dessutan tilhøyrer mininsteren ei regjering som blunkar blidt til kommunar som meiner dei tener mykje meir på å plassera kjøpesentra og andre store bygg på lett tilgjengeleg mark enn på å verna meitemakk og byggåkrar. Inntening er dagens nøkkelord – og der er eg heilt på linje med kommuneøkonomane. I dagens marknadsdominerte samfunn er det med bønder som med prestar – kva nytte har me av dei eigentleg? Jordbruk og bønder er avlegs, og det meiner eg dei må ta konsekvensen av. Det har aldri vore så få bønder og bruk i landet som i dag. Samtidig har me aldri hatt det betre. Ergo kan me trekka følgjande slutning: di færre bønder, di større velstand. Eg skal nemna gode eksempel. Bøndene meiner det er viktig med kyr, særleg fordi dei produserer mjølk. Det der veit eg litt om, for i dei fleste barneåra budde eg på gard. Akkurat som ministeren. Og eg både såg og 9—


smaka mjølka like etter at ho kom ut av kua. Ho var lunka og ekkel. Bare katten blei begeistra. På Mega derimot, og i andre butikkar med, kan me få mjølk i alle slags variantar og tilsetjingar. Til og med med smak av bær og frukt. Du kan fora ei ku med så mykje pærer du vil, men greier ho å få fram cultura med pæresmak? Sannsynlegvis får ho bare rennedridå. Bøndene produserer grønsaker og poteter og slikt, og det er viktig, seier dei. Greitt nok, men kjøper me av dei, får me eit fæla arbeid med å vaska og skura maten før alt er klart til å etast. Og tenk på all den gode jorda som då går rett i vasken og ut til renseanlegget i Mekjarvik. Det er sløsing av matjord det. Og endå verre: tenk kva dei gjødsla åkrane med for ikkje så forferdeleg mange tiår sidan: jau, skiten til bergensarane! På Mega får me gulrøtene reine og fine – innpakka i plast og urørde av menneskehand. På same vis er det med kjøt og flesk og anna. Reint og ekte – ingen forureinande mellomledd, som til dømes bønder. Av og til arrangerer dei noko som heiter open gard. Det er for å få ungane av i dag til å tru at det er ein samanheng mellom den godslege Nasse Nøff i grisebingen og baconskivene i plast på Mega. Grisebonden kan nok lura småungane til å tru på det, men dei lurer sjølvsagt ikkje vaksne, vetuge folk – og slett ikkje politikarar. Det finst eit land som har kome endå lenger enn vårt. Det skal sjølvsagt noko til, men faktum er at der produserer dei ferdige middagar – med poteter, grønt og kjøt – ja, til og med saus. Det heiter Fjordland og skal ligga ein plass vest av Sverige. Der greier dei seg utan bønder og andre fordyrande ledd. Eg kjenner ikkje dyrkingsmetodane, men sidan det kallast ferdigmat, ligg det nok stort sett oppå asfalten, klart til å plukkast. Om lag som manna i ørkenen. Snart blir det nok det me satsar framtida vår på. Manna. — 10


Lutefisk er tingen Smak og behag er som kjent ikkje det ein først og fremst bør diskutera dersom ein satsar på å bli enige – anten det gjeld kunst eller litteratur eller mat eller kven som er den flottaste dama (eller mannen, for dei som ser noko smakfullt i det kjønnet). Derfor har eg slutta å diskutera lutefisk. Når ein ser bort frå den sterkt begrensa gruppa som elskar denne sorten såpass mykje at bare namnet utløyser reine vårløysinga i munnen, er det langt mellom lyspunkta. Ja, for den store, gemene hop forstår ikkje eingong at nokon kan bruka begrepa smak eller behag om fenomenet lutefisk. For dei er uttrykket «sterkt begrensa gruppe» ikkje relatert til talet på folk, men til antal celler over snippen. Det gjeld nok mest dei grå, men sjølvsagt òg smaksceller. Lutefiskmotstandarane er likevel ei mangearta gruppe. For oss som står utanfor dette dårlege selskap, har det aldri vore tvil om kven som stiller lengst bak i køen både når det gjeld smaksevne og kunnskapsnivå. Først har du gruppa som trur at lutefisk er ein eigen art som dukkar opp langs kysten like før jul og forsvinn like etter. Det er dei som ringer og skjeller ut lærebokforfattarar og forlag fordi dei alltid gløymer å ta arten med på lista over norske saltvassfiskar. Så har du dei som meiner lutefisk ikkje er ein rett, men ein diagnose. Torsk med parkinson. Me som ser på individ med diagnose som likeverdige med dei utan diagnose, forstår ikkje argumentet. Ei anna gruppe er dei som ein eller annan gong har site ved sida av lutefiskelskarar og vore vitne til all den vellyd av slurping, smatting og sukking som det medfører, og som sjølvsagt 11 —


er misunnelege langt inn i sjela. Dei tyr då til sleipe argument som: «Hadde det ikkje vore for bacon, sennepssaus, ertestuing og poteter, ville ingen ha rørt den ekle geleen!» Så har me ei gråsone-gruppe. Det er folk som ikkje skal ha det ryktet på seg at dei ikkje er i stand til å eta all slags mat. Av prinsipp. Dei nærmar seg skjelvefisken på tallerkenen om lag på same vis som visse koner eg kjenner nærmar seg ein langbeint edderkopp som skal fjernast: med skrekk i blikket, grimasar og fleire raske utfall med innlagte hyl. Og er stolte når oppdraget er utført, som ein safari-eventyrar som har skote si første løve – frå taket på ein pansra bil. Til slutt nemner eg den største gruppa: Dei som innrømmar aldri å ha våga å smaka menyen. Det er her eg lurer på om verda verkeleg går framover. Korleis er me blitt dersom det krevst mot for å eta gourmet-rett nr.1? Me som stammar frå vikingane? Eg er sikker på at hovudgrunnen til at dei kom seg ut i verda og overlevde på alle hav, var lutefisk. Med den i magen låg dei stabilt på sjøen i allslags ver og tålte alt. Det norskaste av norsk mat. Eg begrip ikkje kvifor vårt nasjonale riksvåpen har ei løve som symbol. Det burde jo vore ein lutefisk!

— 12


13 —


Menneskeskapt eller tilfeldig? Etter kvart som ein vert eldre, puslar ein oftare med dei store spørsmåla i livet. Til dømes – når ein stadig oftare i avisene finn tema som går på menneskeskapt eller tilfeldige variasjonar, har eg òg tenkt ein god del og kome meir og meir i tvil. Er eg menneskeskapt – eller er eg ein som foreldra mine tilfeldig kom over på ein av turane i skog og mark eller fekk tak i på anna vis? For å koma nærare ein konklusjon, har eg laga ei liste der eg først har sett opp det som talar for – og så det som peikar i andre retningar. For at eg er menneskeskapt: a) Mange legar, jordmødrer og andre som meiner å ha studert dette, er heilt klare på at me blir til i magen til mor og veks opp der. b) Dei som kjende mor mi, påstår at eg liknar henne. c) Mor sjølv fortalde at dei sleit med å få meg ut, og at det føregjekk på eit sjukehus i Skien. d) Ifølgje den same mora hadde ingen av pleiarane sett så vakker ein baby før. e) Eg var med på fødselen til to av mine eigne fire ungar, som skjedde på ein måte som går i retning av lege- og jordmor-teorien. For at eg er eit meir tilfeldig individ: a) Eg kan aldri minnast at eg levde i magen til mor og kom meg ut derifrå. b) At dei sleit meg ut, kan eg ha mistydd. Det kan like gjerne vera at far og mor fann meg i ei ur eller i anna ulendt terreng oppi — 14


Telemark der eg sat rimeleg godt fastklemd. Då er det òg rimeleg dei tok meg med til eit sjukehus for å få sjekka tilstanden. c) Forteljingane til alle vitna som har sett storken samtidig med at nye, små borgarar dukka opp, er mange og overtydande – stikk i strid med legar og professorar. For mitt vedkomande er nok storke-teorien litt svekka sidan ingen såg stork i Vinje på den tida. d) At babyen til mor skulle vera så vakker, styrkar ingen av teoriane. Og truleg var det mest ønskjetenking, for det er ingenting i dag som talar for at observasjonen var korrekt. e) Bror min og eg er ikkje særleg like. At eg liknar mor, kan vera tilfeldig. Eg har møtt folk så vel i Haugesund som Stavanger som påstår eg er veldig lik nokon dei kjenner, som klin umuleg kunne hatt noko med foreldra mine å gjera. f ) Eg var ikkje med på fødselen til to av mine eigne fire ungar. Sett på bakgrunn av mi personlege erfaring, er då sjansen for det eine eller det andre fifty-fifty. Som ein vil sjå, er det flest argument som talar for det me har ana og hevda lenge. Me menneske har liten påverknad. Det til trass for at avisoverskrifter i dag fortel at eit stadig større fleirtal av nordmenn trur på det menneskeskapte. Det får så vera. Eg held på tradisjonen. Storken har me alltid hatt. Å fornekta den blir som å tvila på julenissen. For alt me veit, har nissen òg kome med ein heil del småfolk. Eg var ikkje til stades då sonen vår kom til verda, så der manglar eg relevant dokumentasjon. Men han kom på julaftan. Nemleg.

15 —


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.