Nr 2 - 2020 EKSTRAMATERIALE: Poteter til folket!

Page 1

norsk Nummer 2

P

ET

HA G

Mars 2020 KR 84,-

EL SK A

For norske forhold

t idend

136. ÅRGANG

ES

LANDETS STØRSTE HAGEMAGASIN!

MEDLEMSFORDEL

Ekstra reportasje til deg som er medlem

DYRK POTET


Poteter – til folket!

SJØLVDYRKA Poteter du har dyrka sjølv

smakar mykje betre enn dei du kjøper i butikken. Ikkje er det vanskeleg heller, særleg om du gir dei ein god start.

– ‘Linda’ er så god du kan få lyst til å gå rett ut og pløya opp plenen til potetåker. TEKST OG FOTO IRENE JACOBSEN

T

il kjøtmiddagen vel han seg smakfulle, tyske ‘Linda’. Eller ‘Laura’, det mest eksklusive du kan få til pinnekjøt. Ho er gul, fast og fin i kjøtet. Til kokt fisk må det vere ei mjølen ei, gjerne engelske ‘Arran Victory’. Kjell Lønning på Stord er oppvaksen mellom potetsengene. Far hans, Per Lønning, var også potetbonde. På 80-tallet bad han Bergens Tidene på besøk for å visa kor mange kilo han klarte dyrke per m2. 17 kilo! Det er framleis ein slags uoffisiell Noregs-rekord. 8–10 kilo per m2 er stadig vanleg avling hos Lønning.

For ein hagedyrkar er det eitt og anna å lære her. Mange av sortane Kjell har er frå slutten av 1800talet. Han kjenner historiane bak kvar einaste av dei.

Startar i mars Vi er på øya Stord, på garden Lønning. Her dyrkar Kjell Lønning meir enn 100 sorter poteter i åkeren sin. I midten av mars startar det. Då hentar han fram såpotetene frå jordkjellaren. 100 blå plastkassar, alle nøye merkte med namn og nummer. Dei neste fire vekene står potetkassane i det frostfrie veksthuset


til lysgroing. I midten av april leitar han fram gamle plastboksar frå kjøkenet, fyller i eit par cm med jord, legg ei og ei potet oppi, fyller med jord og let dei bli ståande i veksthuset endå ein månad. Denne mjuke starten gir tre vekers forsprang. Potetene slepp å møte iskald apriljord, slepp å stå og sture før dei kjem i gong. I potta utviklar dei røter og bladverk. Først rundt 17. mai er dei klare for å setjast ut. Og herifrå går det raskt.

På flatseng Det er ingen slanke potetfurer å spora i åkeren hans. Potetene veks i flatsenger som er djupe og ein meter breie. Jorda er laus og fin. Plantene skal ikkje måtte bruke energi på å bane seg veg i tung og fast jord. – Poteter kan jo dyrkast omtrent på asfalt, du får dei til å veksa kvar som helst. Men om målet er ei god avling, ja, då gir du dei eit stort jordvolum, seier Kjell. Gutestreker i åkeren Kjell Lønnings første potetminne er frå tilskodarplass. Det hadde framleis ikkje gått opp for han kva det ville seie å vere odelsgut, men han hadde fått

med seg faren si formaning om at dei ikkje måtte sløsa med småpotetene. På hausten samla heile storfamilien seg i åkeren for å pitla poteter. Han sjølv og broren Per Ståle var mest kjende for å kaste rotne poteter i baken på gamle koner. Det enda gjerne med så mykje kjefting og spetakkel at dei to gutungane blei jaga der ifrå. Og det var akkurat det dei ville, for då kunne dei gå og sparka fotball. «Vi gløymer aldri levenet du lagde i åkeren», høyrde han i mange tiår etterpå. – Gode minne, humrar Kjell.

Eldst i Norge I ein av dei blå plastkassane i veksthuset ligg Tromøypoteta, den eldste i Noreg. – Ho kom hit i 1754. Tromøypoteta er spesiell, liten og knudrete med djupe auge, smaken er fin, minner om Ringerikspoteta. ‘Magnum Bonum’ er ei engelsk potet som får nydelege blomar, ho kunne like godt fått plass midt i stauderabatten. ‘Sarpo Mira’ er ei potet som har slått godt an blant økobøndene, ho er til og med sterkare mot sjukdom enn ‘Troll’, fortel han.

SOM SMØR Kjell

Lønning med ein av sine favorittar, ‘German Butterball’. Poteta har gult kjøt, kremaktig konsistens og smak av smør.


Vekstskifte

same plass år V Ikkje sett poteterein rulleringsplan

etter år. Lag deg på 5 år. Eitt av desse åra dyrkar du berre nitrogenf ikserande planter, som kløver eller honningknoppurt.


DELER ÅKEREN Poteter og grønnsaker veks i den store andelsåkeren på Lønning. Bonden, Kjell Lønning og 24 familiar deler på jobben med å dyrka eigen mat. Potetene er eit viktig innslag i den store åkeren.


Berre hos potetsamlarar Men altså, om du vil dyrke nokre av desse gamle delikatessane, kor får ein kjøpt dei? Du kan i all fall ikkje gå til hagesenteret. Saken er at dei er nesten umogelege å få tak i. Det er berre potetsamlarar som han, som har dei. I Noreg er det berre settepotetforretningar som er registrert og sertifiserte hos Mattilsynet som kan omsetje og drive produksjon av settepotet. Dette for å sikre at settepotetene er sortsekte, og har best mogeleg kvalitet og ikkje minst, at dei ikkje spreier ringråte og potetsystenematode (også kalla potetål). Ifølgje forskning.no er potetsystenematode ein av dei verste skadegjerarane på poteter her i landet. Normalt tar det 30–40 år å bli kvitt smitten i jorda. For ein potetbonde, eller hagedyrkar, er det difor snakk om fleire tiår med karantene. Ynskjer større utval – Folk har i generasjonar hegna om såmaterialet sitt. Eg meiner at kvar kommune i Noreg burde hatt tilgjengeleg informasjon om kven som kan formidla poteter, det handlar om sjølvbergingsgraden vår. Sjølvsagt skulle det vore mogleg for alle å få tak i eit større utval settepoteter, det finst mange erfarne potetdyrkarar som kan vurdera om settepotetene dei har er friske eller ei, seier Kjell Lønning. Kortreist I 1974 blei det registeret 25 000 tonn poteter i Hordaland (SSB). I 1999 var talet 11 tonn. Potetåkrar var blitt til plenar, byggjefelt, vegar og mange hadde grodd igjen. – Me har avvikla nærkontakten til forbrukarane. Dei er ikkje lenger nære, produsenten og kunden kan ikkje sjå kvarandre i augo. I dette ansiktslause forholdet, med mange mellomledd, trur eg me har mista noko. Avstand kan lett skape umoral, jo lenger vekke kundane er, jo mindre bryr du deg om dei, seier Kjell Lønning. Sjølv har han ønskt velkommen eit andelslandbruk med 25 medlemsfamiliar inn på garden sin. Han trur framtida treng meir direktesal frå bonden, fleire andelslandbruk og mykje meir sjølvberging i norske hagar n

RESULTATET På Stord tjuvstartar potetene inne i potter, ut til flatsengene flyttar dei først etter 17. mai. Slik såg avlinga ut i tidleg i august.

Dyrk poteter sjøl v , du kan V Du treng ingen åker ongen også. dyrke dei på balk

te med hol V Ei utrangert vaskebøt god vekseplass. i botn er også ein

ker om du V Eller store, fine krukterra ssen. vil ha potetene på

V Gamle fiskekassar er også fine å dyrka i.



Slik dyrkast poteter hos Lønning Ta utgangspunkt i jorda di – og dyrk dei potetene du likar best.

Den gode jord

V 1 meter breie senger, 30-40 cm djup jord. 4 poteter per kvadratmeter. Ikkje trø

i jorda!

V I løpet av vekstsesongen kan du legge gras og naturavfall rundt potetene.

V For mykje gjødsel vil gi stort bladverk og få poteter.

Lønning gjødslar med ¼ av anbefalt dose kunstgjødsel. Kompostjord, varm- eller kaldkompost , er flott som gjødsel. Det er klokare å vere gniten med komposten i star ten, sjå korleis poteta trives før du avgjer kor mykje kompostjord du skal gi. For mykje er ikkje bra.

TJUVSTART Sett potetene i små plastpotter eller tome isboksar. Fjordland sine djupe grautboksar har Kjell Lønning funne ut er perfekte for to poteter. Han legg eit par cm jord i botnen, deretter potetene, og dekker med jord. Pottene står i veksthuset dei neste vekene, i løpet av denne tida utviklar dei røter og eit friskt og sterkt bladverk. Flytt dei ut i åkeren rundt 17. mai. Den viktigaste grunnen til å få poteten tidleg i jorda, er at du skal kunne hauste dei før den våte hausten kjem. For med den kjem også sjukdommane. Men ja, det går an å sette poteter seinare på sommaren også – men då aukar altså faren for sjukdom. FRAM I LYSET I midten av mars tas potetene fram i lyset, ligg og gror i ein månad før dei er klare for å bli sette i jorda. Du kan sette dei rett ut i kald apriljord, eller gi dei ein mjuk start i potter.


DELIKATESSE ‘German Butterball’ – prøv ho omnsbakt med rosmarin. Poteta er ein favoritt i USA.

SETTEPOTETER

Vel deg ut dei friskaste potetstenglane på åkeren, under desse finn du dei som du vil spara på og dyrka vidare neste år. Du skal altså ikkje bruke rusket som er igjen i potetkassen frå i fjor til årets settepoteter. Det er dei finaste, friskaste potetene du vil spare på.

SØT Namnet

er eigentleg ‘Rosewald’. Denne franske poteta har eit høgt tørrstoffinnhald som gir den ein søtleg smak. Passar til potetsalat og råsteikt.

HAUSTING

Når blomstringa er over startar utmodninga. Det går lett 2–3 veker etter blomstring før dei er klar, har fått den smak og aroma du er ute etter. Dei som ikkje blømer, kan du sjå det på når lauvet gulnar. Grav opp og sjekk om dei er store nok. Tar du dei for tidleg har poteta ein litt umoden smak, lar du dei stå for lenge blir dei lett harske.

SLIK OPPBEVARER DU POTET Potetene skal reingjerast før du set dei til lagring, kassane bør desinfiserast. Aller best har potetene det i ein mørk, frostfri jordkjellar med høg luftfuktighet. Dei færraste har ein slik, så eit kaldt, mørkt kjellarrom fungerer også. TØFFING ‘Sarpo Mira’ blir ofte omtalt som den tøffaste, sterk, frisk og motstandsdyktig mot sjukdom.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.