Årets bøker

Page 1

– I starten var han veldig fin … Det var mor mi som planla han, men så … nei … det gjekk liksom litt skeis med åra … Ja, ikkje at eg tar meg særleg av han heller … Har ikkje tid … Ho blir like sjokkskadd kvar gong ho kjem, og bruker heile ferien på å krabbe rundt og prøve å finne etikettane sine … Der er ho faktisk mykje meir engelsk, ho, enn det far min er … Og ein verkeleg, ja, altså verkeleg framifrå gartnar … Fanatisk fan av Vita Sackville-West, medlem av Royal Horticultural Society, Royal National Rose Society, British Clematis Society, av … Ja, du ser teikninga …

– Her, sa ho, – ser du hagen min … Dei var på andre sida av huset, og Charles hadde ikkje sett så mykje blomster i heile sitt liv. Det var like kaotisk og vilt og overraskande som alt anna her. Ikkje allear eller blomsterbed eller kantplanting eller rabattar eller plen. Berre blomstrar. Overalt.

Charles levde i den tru at roser var spisse og rosa, eventuelt kvite, eller raude, iallfall dei blomsterhandlaren bistod med når ei kvinne kunne tenkjast å la seg forføre av slikt, og han vart ikkje lite forundra av å oppdage at alle desse buskene, og lianane, og svære blomsterkroner, og klatregreier og nokon med heilt vanlege kronblad det han kunne sjå, faktisk var roser alt i hop. Midt i blomstrane stod eit stort bord med stolar som var enda meir umake enn dei i kjøkenet, under eit kvelva lauvtak der alt som hadde blad og var den klatrande typen, tydelegvis hadde samla seg. Kate hadde ingen ting imot å rekne dei opp: – Blåregn … Klematis … Kaprifolium … Trompetblomster … Akebia … Sjasmin … Men det er i august det er på sitt finaste. Å setje seg her ein augustkveld, når du er godt sliten og alle duftene kjem ut for å få frisk luft, det er altså berre … heilt fantastisk … Duken vart heilt borte under alt som skulle setjast utover: stablar med tallerkar, premiekorga med spekemat, fire digre brød, ei flaske vin, serviettar, glas med sur agurk, vasskaraflar, eit tital tomme sennepsglas og to glas med stett, og den svære salatbollen. – Det var det … da kan vi snart ringje med matklokka …

400

Lykka er ein sjeldan fugl

***

katalogomslag-2.indd 1

Lykka er ein sjeldan fugl

2010

2010: ÅRETS BØKER

Ein ekte herre, kalla eg han i stad … Utan han hadde eg aldri greidd det … Han har vore englevakt for meg, og badevakt, nanny, bodberar, min fortrulege, min antidepressiva, min … nei, det er ikkje ende på … Når eg miste ungane av syne, samla han flokken og kom med dei, og når eg deppa, anstrengde han seg for å finne på ugagn så eg fekk anna å tenkje på … Sette tennene i ei lita høne, i ein ball, i leggen på postbodet, i den flotte oksesteika vi skulle ha til søndagsmiddag … Å jo, du, han gav seg ikkje før han fekk opp hovudet mitt igjen! Så no veit du korfor eg … Eg kjem til å bere han til the bitter end … – Kva med kveldsbesøka? – Nei, kvelden etter han kom her, var billysa der igjen. Eg stod i nattkjolen ved kjøkenglaset, og eg trur han lukta kor redd eg var. Han stilte seg framfor døra og gav seg til å ule som besett, eg hadde knapt opna ho før han var i andre enden av alleen. Han må ha vekt heile … kommunen. Etterpå sovna eg og sov godt. Den natta, og alle netter deretter … I førstninga kalla folk her meg ulvedama … Nå, men, ho strekte seg, – er det snart klart? – Eg held på med dressingen … – Excellent. Thank you, Jeeves.

401

7/30/10 11:49 AM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.