31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 2
OTTAR GREPSTAD Ressurser og økopolitikk. Vekstøkonomi eller likevektsøkonomi? (medforfattar). Populist 2/1975 Vær utålmodig, menneske. Ei visebok som er noe mer (redaktør). Populist 1978 Populist 1979–81 (redaksjonsmedlem) Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon (medforfattar). Det Norske Samlaget 1982 Høvesdikting i EF-striden 1970–72. Hovudoppgåve. Universitetet i Bergen 1983 Syn og Segn 1984–1988 (redaktør) Venstres hundre år (redaktør saman med Jostein Nerbøvik). Gyldendal 1984 Balladen om Europa. Universitetsforlaget 1985 Retorikk på norsk. Det Norske Samlaget 1988 Lesebok 1994 (medredaktør). Nei til EU/Det Norske Samlaget 1994 Stem i! Songbok for røysteføre (medredaktør). Nei til EU 1994. Supprimert Rhetorica Scandinavica 1997– (medlem redaksjonsråd) Hamsun i Æv entyrland. N ordlandsliv og diktning (saman med Kirsti M. Thorheim). Aschehoug1995, 2. opplaget 2002 Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk. Det Norske Samlaget 1997 Berge Furre: Sant og visst. Artiklar, foredrag, preiker (redaktør, etterord). Det Norske Samlaget 1997 Nynorsk faktabok 1998. Nynorsk Forum 1998 Norske tekster. Sakprosa (redaktør, innleiing, merknader). Cappelen 1999 Den store nynorske sitatboka. Norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat. Det Norske Samlaget 2000 2000: Det makelause året (redaktør). Nynorsk kultursentrum 2001 Det nynorske blikket. Det Norske Samlaget 2002 Fotefar mot nord. En kulturhistorisk reise i Nord-Norge og Namdalen (saman med Kirsti M. Thorheim). Forlaget Press 2003, 2. utgåva 2004, 3. utgåva 2005 Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005 Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. 1.–2. opplaget. Det Norske Samlaget 2006 Vestlandets historie. Band 1–3 (medredaktør). 1.–2. opplaget 2006, 3. opplaget 2007. Vigmo stad & Bjørke 2006 Allkunne (hovudredaktør). 2007– Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år. Nynorsk kultursentrum 2008 Språkfakta 2010. Nynorsk kultursentrum 2010 [e-bok]
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 3
Ottar Grepstad
AVI S E N E SOM UTVI DA NOR EG Nynorskpressa 1850–2010
Samlaget
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 4
© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Øystein Vidnes biletredaksjon: Ottar Grepstad førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og Akzidenz Grotesk papir: 100 g Munken Premium Cream trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7537-0 Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond
Til gjengen i Ivar Aasen-tunet
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 5
Det vert mykje prenta, som ein ikkje hadde venta. Ivar Aasen, Norske Ordsprog, 1881
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 6
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 7
I N N HALD
[Til lesaren] 11 Etablering 1858–1904 19 Tradisjon og identitet 24 Med språket som innsats 26 Eit nytt alfabet 37 Samlingspunktet 45 Draumen om storavisa 53 Deltakande tilskodarar 60 Etablering og utskiljing 70 Utskiljing 1904–1945 73 Oppkjøp og overgangar 76 Den språklege økonomien 85 Møre-linja 88 Det nye skriftbiletet 91 Avisa for Vestlandet 99 Utanfor tyngdepunktet 105 Redaksjonelt stoffskifte 113 Den norske Bladmannen 117 Målmannsplikta 124 Pressa tek parti 131 Der skulen ikkje fanst 136 Eit språk blir ein skriftkultur 141 Utskiljing eller integrering 145
7
etablering 1858–1904
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 8
Integrering 1945–1972 151 Okkupert opposisjon 154 Raset 161 Ein vestlending til Ål stasjon 165 Avisa i industribygda 168 Press frå partia 172 Undervurdert og omstridd 174 Draumen om riksavisa 180 Den nye pengekjelda 197 Nytt og nytt 202 Aviser for lesarane 209 Redaksjonelt og betalt språk 212 Integrering, men utskiljing 218 Alminneleggjering 1972–2010 223 Å, Vestland, Vest-Land 226 Fiasko og suksess i Gudbrandsdalen 230 Lokalaviser som pressemakt 237 Konkurransefaktoren språk 242 Prinsipp i praksis 248 Statsstøtta diskriminering? 256 Riksavisa som overlever alt 262 Å lese den andre 274 Partisak blir konsernbidrag 281 Lokalt og digitalt 285 Alminneleg og utskild 296 Eit større Noreg 301 Vedlegg 309 1 Nynorske papiraviser 1858–2010 311 2 Nynorske nettaviser 1996–2008 316 3 Tidslinje for nynorske papiraviser 1858–2010 318
8
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 9
Tilvisingar 335 Register 359 Blad, aviser, pressekontor 361 Personar 365
etablering 1858–1904
Kjelder, takk 321 Arkivalia 325 Munnlege kjelder 325 Aviser og blad 325 Bøker og artiklar 326
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 10
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 11
Det var i ei avis landsmålet kom til syne. Dagen var fredag 5. januar 1849, avisa var Morgenbladet, teksten var «Samtale imellem to Bønder», forfattaren var Ivar Aasen. Så mange bønder var det ikkje som fekk høve til å lese dette stykket. Av om lag 1,4 millionar innbyggjarar i landet abonnerte berre 1850 på denne avisa, og dei fleste av desse budde i hovudstaden.1 Forfattaren hadde flytta til Christiania to år før, og det var ikkje for bøndene han skreiv, men for makthavarane. Då var Morgenbladet rette skriftstaden. Med ei avis utvida landsmålet skriftkulturen i Noreg. Då Aasmund Olavsson Vinje gav ut første nummeret av Dølen 10. oktober 1858, gjorde han det med ein skrivemåte ingen hadde lese her til lands før. Stilistisk var han ein elegant ramp som kunne sin klassiske retorikk, og som meistra daglegtalen. Journalistisk var han pågåande, oppsøkjande, undrande, kritisk. I dei tolv årgangane av Dølen gjorde han mykje av det som no blir oppfatta som moderne journalistikk: Han personifiserte, polariserte, konkretiserte. Utan den minste tanke om å etterlikne andre skribentar spelte Vinje ut heile registeret av folkelege og direkte tale- og skrivemåtar. Avisene trykkjer meir tekst på nynorsk enn andre massemedium. Mellom 1858 og 2010 har det kome ut 170 aviser med nynorsk som redaksjonsspråk eller som dominerande målform o ver tid. 58 av dei kom framleis ut i 2010. Kortaste levetida fekk to aviser som måtte gi opp etter to månader. Lengst har Hordaland på Voss halde det gåande. I 2010 gjekk avisa inn i sin 102. årgang etter at den i1908 hadde erstatta dansk-norsk med landsmål som redaksjonsspråk. Nyskipingane toppa seg i 1930- og 1970-åra (figur 1). Begge desse tidsromma blei følgde av periodar med sterkt fallande aktivitet.
11
til lesaren
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 12
35
30
25
20
30
15
21
10
23
16 11
5
1 0 1850 –59
0 1860 –69
1 1870 –79
12
11
13 10 4
3 1880 –89
12
1890 –99
1900 –09
1910 –19
1920 –29
1930 –39
1940 –49
1950 –59
1960 –69
2 1970 –79
1980 –89
1990 –99
2000 –08
Figur 1. Nye aviser på nynorsk 1858–2009
12
Mellom 1850 og 2010 blei nynorsk også brukt i ein del aviser som formelt var redigerte på bokmål, men som i praksis nytta begge målformer. I 2010 gjaldt dette både riksaviser og fleire store regionaviser. Så siderike som desse var, skulle ein tru at dei inneheldt meir tekst på nynorsk enn mindr e aviser som knapt br ukte anna enn nynorsk. E i enkel undersøking tyder på noko anna. Den 12. mai 2010 var det 125 år sidan S tortinget jamstelte dansk-norsk og landsmål. D en saka nemnde knapt dagsavisene B ergens Tidende (96 sider), Sunnmørsposten (52 sider), Firda (40 sider), Klassekampen (32 sider) og Nationen (32 sider). På jubileumsdagen trykte Firda 32 avisspalter nynorsk. Sunnmørsposten 15, Bergens Tidende 11, Nationen 5 og Klassekampen drygt 2 spalter. Då v ar overskrifter og r esultatlister ikkje r ekna med. Firda hadde lenge vore den einaste nynorske dagsavisa. Var avisutgåvene frå 12. mai 2010 typiske, ville det seie at Firda gjennom året gav lesarane om lag 10 000 avisspalter nynorsk, Sunnmørsposten 5000 og Bergens Tidende 4000 spalter. Dei fire språkblanda avisene nådde fleire lesarar, men den reine nynorskavisa Firda gav lesarane meir nynorsk. Utanfor offentleg for valtning var dagsavisa Firda i 2010 den største produsenten av nynorsk tekst.
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 13
til lesaren
170 aviser er lite jamført med dei meir enn 1700 avisene som i same tidsrommet kom ut med bokmål som r edaksjonsspråk. På papiret er det også lite målt mot mengda av bøker på nynorsk.2 Mellom 1850 og 2010 gav forlag i Noreg ut om lag 26 000 bøker på nynorsk.3 Likevel har nok avisene pr odusert meir tekst på nynorsk enn forlaga. Dessutan kom avisene stort sett regelmessig. Dei plasserte nynorsken midt i kvardagen og heldt han fast der. Det måtte skrivast ei heil bok for å finne ut kor vanskeleg dette kunne vere. Ei dansk-norsk offentlegheit var blitt utvikla gjennom 200 år før det nynorske kom inn og delte den. F rå 1660-åra var bodstikker og nyheitsblad blitt spreidde, mange av dei handskrivne.4 Skilja mellom bok, tidsskrift, blad og avis tok gradvis form. Sjangrane vandra trykksaker imellom. Ei hending kunne like gjerne bli omtalt i ei nyheitsvise og spreidd i høvestrykk som å vandre spaltelangs i blada, som hadde konkurranse frå omreisande nyheitsforteljarar. Bøkene var mange, dei periodiske skriftene nokså få, og dei blei helst spr eidde i små opplag. Det hende at tekstar frå avisene blei lesne høgt der folk v ar samla. Denne kollektive lesetradisjonen heldt mange ungdomslag ved like så seint som kring 1900. Om dialekt blei brukt i noko av denne munnlege formidlinga, er ukjent. Den dansk-norske offentlegheita blei ikkje verande éi. Sosiale, politiske, kulturelle og språklege skilje gjorde seg etter kvart gjeldande. Ein del høvestrykk hadde alt på 1700-talet gjort det tydeleg at D anmark–Noreg var eit samfunn med meir enn dansk språk. S ommaren 1800 tok Willum Stephanson inn eit uvanleg stykke i Trondhiems Budstik. Pelementmakaren Hans Barlien hadde omsett dei ti bodorda til trønderdialekt. Teksten var merkeleg av to grunnar. Den eine var at stykket skilde seg ut språkleg frå alt anna den danske redaktøren sette på tr ykk. D en andr e gr unnen var at ein høgstiltekst som M artin Luthers bodord blei trykt i allmugens talemål, langt unna norma på den tida om det opphøgde skriftspråket. Medieforskaren Martin Eide meiner Napoleonskrigane med Noreg isolert frå Danmark frå 1807 førte til at ei norsk riksoffentlegheit gradvis tok form som eit motstykke til den dansk-norske. 5 Meiningsdan-
13
til lesaren
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 14
14
ninga spreidde seg, og mykje av den gamle patriotismen måtte vike for kritiske røyster frå slike som Aasmund O lavsson Vinje. Då han tok ordet, var ei kritisk offentlegheit alt forma som han kunne utvide. Berre mellom 1830 og 1860 blei det skipa 90 aviser i Noreg.6 Gjennom desse avisene kunne mange lese det same om lag på same tid. Dei kunne også lese det i same språket. Det var det som var problemet. Skulle ein nynorsk skriftkultur formast, måtte også aviser finnast på nynorsk. Dei avisene var berre ein del av skriftflaumen. I den dansk-norske skriftkulturen skilde den sosiale rolla seg mykje for ulike skrifter. Alt i 1760 hadde biskop Fredrik Nannestad peikt på at periodiske skrifter gjorde det lettare å lese for folk som elles kvidde seg for å lese bøker . Han meinte dei heller tok seg tid til å lese i aviser og blad av di skriftmengda var overkomeleg.7 Til dette kjem at avisene også den gongen var billigare enn bøker. Nynorskavisene retta seg mest mot bygdefolk, men Noreg var enno eit fattig land, og på b ygdene hadde få råd til å halde seg med blad og aviser .8 Dessutan hadde nok boka også den gongen høgare sosial status enn avisa. Det må altså seiast her også: I fleire hundre år hadde latin og dansk vore dominerande skriftspråk på prent i det dansk-norske, fleirspråklege kongeriket. Kongstanken til Ivar Aasen v ar eit skriftspråk som bygde vidare på det språket som hadde prega Noreg før 1400-talet, og som kunne vere ein samnemnar for dei mange talemåla. Å gjere noko slikt var å skilje seg ut, markere så vel språkleg som kulturell og historisk avstand til det etablerte regimet i kongeriket. Utskiljinga manifesterte seg gjennom eigne institusjonar av typen folkehøgskular, forlag, blad og aviser. Den målrørsla som tok form, tok derimot aldri til or de for å skipe eigne barneskular eller eigne kyr kjesamfunn eller eigne geografiske regionar. Det gjaldt tvert om å inte grere landsmålet i dei samfunnsformasjonane som v ar b ygde opp . D en visjonen som lenge dreiv dei, var eit eittspråkleg samfunn med landsmål som det einaste gyldige riksmålet. Utskiljinga var difor ein strategisk føresetnad for den integreringa og overtakinga som lenge var målet. Det målet gav avisr edaktørane tidlegare opp enn målrørsla. U tskiljinga og integreringa førte i neste omgang til ei alminneleggjering av
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 15
til lesaren
det å bruke nynorsk og det å redigere aviser på nynorsk. Det var berre mogleg ved at språkbrukarane og avisene blei mange nok, tr ygt heva over nivået for kritisk masse.9 Ei slik alminneleggjering føresette også auka toleranse for språklege og kulturelle skilnader. Slik er utgangspunktet for ei resonnerande forteljing om nynorskavisene både innanfor den nynorske kulturhistoria og i den norske pressehistoria gjennom 150 år, og om korleis målrørsla med sine folk og sine pengar påv erka rammevilkåra for desse nynorskavisene. D et skal sannsynleggjerast at dei nynorske avisene utvida Noreg ved at dei gav land og folk noko som ikkje hadde funnest før, og var ein av fleire nødvendige føresetnader for utbygginga av ein nynorsk skriftkultur. Metodane og teoriane i etablert norsk presseforsking er mest relevante for studiar i utviklinga etter 1945. Dessutan manglar pålitelege og systematiske opplysningar om opplagstal fram til om lag 1950.10 Modellar som kvantumsspiralen og opplagsspiralen kan forklare konkurransen mellom aviser av ulik storleik, men stengjer ein faktor som språk ute. Ei vanleg inndeling av aviser er dekningsområde og frekvens: nasjonalt, store byar, lokale dagsaviser og lokale fådagarsaviser. Denne typologien blei utvikla av Sigurd Høst for Dagspresseutvalet i 1990.11 I ein språkdelt kultur som den norske vil denne typologien få endå større verdi viss den blir kombinert med kategorien språk. Denne boka er først og fremst eit forsøk på å forstå dynamikken innanfor den nynorske delen av norsk skriftkultur. Andre kategoriar enn den etablerte typologien må då nyttast for å kome forbi dei stadene der det allmenne stengjer for utsynet til det spesielle. Ordet avis er alt anna enn einty dig når statistikkar skal lagast og analysar gjerast. I Noreg er det blitt vanleg å rekne ei avis som ein publikasjon utgitt minst ein gong i veka. Den forståinga er knytt til nyare tid og fangar ikkje opp endringane i det lange tidsrommet då blad og avis vanskeleg kunne skiljast frå kv arandre. Innanfor nynorsk skriftkultur blei blad tidleg ei samlenemning på same måten som stykke var ein fellesnemnar for alt frå lesarinnlegg til r eferat og kommentar og bladmann berre kunne skiljast frå bokmann. Særleg før 1900 var skilnadene små mellom nynorske aviser, blad
15
til lesaren
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.35 Side 16
16
og tidsskrift både i frekvens, format, utstyr, skrivemåte og innhald. Vel kom det ut minst 600 bøker på landsmål før 1800-talet var omme, men etter ei v arsam opning fløymde blada ut i hundr etal: julehefte, ungdomsblad, kyrkjelydsblad, aviser, tidsskrift, skjemteblad. Få av desse kom ut så ofte som kvar veke. I den nynorske skriftkultur en skilde blad og avis først lag fram mot 1930-åra. Nemninga nynorsk blei innført frå 1929 og blir i denne framstillinga brukt generelt om målforma og for tidsrommet etterpå. Det same gjeld for nemninga bokmål. For tida før 1929 er nemningane landsmål og dansk-norsk nytta.
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.36 Side 17
Historia om avisene som utvida Noreg, er konsentrert om dei publikasjonane som hadde mest til felles med papiraviser anno 2000 – skrivne for eit allment publikum og ikkje formelt eller r eelt avgrensa til medlemer eller andre organiserte grupper. Nemninga avis er difor brukt om allmenne publikasjonar for vaksne lesarar som i tidstypiske format og for kor tare eller lengre tid kom ut minst ein gong i v eka i Noreg. Lagsblad og skuleblad er haldne utanfor. Katalogen Norske aviser 1763–1969 ligg til grunn for vurderingane av kva som var nye aviser ved dei mange namneskifta og omorganiseringane. Nemninga nynorskavis er knytt til formelle v edtak eller offisielle utsegner om kva målform tilsette medarbeidarar bruker, og har ikkje noko å gjere med målform i innsendt stoff. Uttrykket femner om publikasjonar som er formelt redigerte på nynorsk eller begge målformer, eller som over tid har hatt nynorsk som dominerande målform. Ei avis som formelt er redigert på bokmål, men i praksis er redigert på begge målformer, er difor rekna som bokmålsavis. Det formelle må ha kome til uttrykk anten som vedtak eller gjennom målforma i kolofonen, som inneheld redaksjonelle og tekniske grunndata. Fleire viktige aviser bruker mykje nynorsk utan slike formalia. Dei blir ikkje rekna med i talet på nynorskaviser, men er skrivne inn i historia.
til lesaren
LESAR. Ivar Aasen budde i Christiania frå hausten 1847, abonnerte på avisene frå Ekset i heimbygda, las dei nye landsmålsblada nøye og gjorde sine observasjonar om folks lesevanar. «Paa Landet læses denne Byens Aviser med en langt anden Opmerksomhed end her i Byen, hvor man kun en og anden Gang gaaer ind paa en Restauration og seer paa de vigtigste Stykker eller Overskrifter i Aviserne,» skreiv han til sambygdingen Maurits R. Aarflot 13. januar 1848. «De morsomste Blade ere de, som indeholde Blandinger og Smaating,» nemnde han i eit brev til Ludvig L. Daae 2. april 1857: «Besynderlig er det, at Morskabsblade ikke ville trives her hos os.» Vinteren 1867 var Aasen med på eit rådslag om ei vekeavis som med tida kunne bli dagsavis. Han var «tilkalt for at være behjælpelig med at give Bladet Navn; men dermed gik det nu, som det pleier i slige Tilfælde: Hundrede Navne bleve bragte i Forslag, men intet af dem var godt nok,» fortalde han i brev til Daae 20. februar 1867. Namnet blei Vort Land. Ti år seinare såg han fram til første nummer av Fedraheimen, for utgivaren Arne Garborg «er en Mand med usædvanlig gode Evner og tillige med varm Interesse for Almuen og dens Sprog,» heiter det i brev til Helge Væringsaasen 14. april 1877 (teikning av Finn Graff 1996, Ivar Aasen-tunet).
17
til lesaren
31088 Avisene som utvida Noreg_Ei gjenreise 11.08.10 10.36 Side 18
Det har v ore nødvendig å vur dere språkpraksis i ei r ekkje aviser gjennom systematiske stikkprøver. I tillegg til opningsårgangen har då dei fem første nummera i kv ar tiande årgang v ore undersøkte. D er endringar i språkpraksis har kome til syne på denne måten, eller har vore kjende frå ulike kjelder, er fleire årgangar undersøkte nærmare for å finne tidspunkta for endringane. Nokre aviser som formelt var redigerte på begge målformer, er utelatne fordi dei i praksis skr eiv så lite på nynorsk at det ikkje gav meining å r ekne dei som nynorskaviser . Det har vore lettare å gjere slike avgrensingar for aviser seint på 1900talet enn tidleg på 1900-talet. Grunnen er at skiljet mellom innsendt og redaksjonelt stoff var mykje klarare fram mot 2000 enn det var i tiåra etter 1900. Avisene er den mest brukte kjelda, og aktørane kjem ofte til orde. Det aktørane sjølve ikkje la vekt på eller ikkje ville snakke om, må då fangast opp på anna vis, elles blir framstillinga skeiv og konklusjonane tvilsame. Same kor mange andre kjelder som har vore nytta, har nok saka fleire sider, men det har ikkje denne boka. Då Vinje skipa den første landsmålsavisa i 1858, fanst det både grammatikk og or dbok for landsmålet, men med opplag på 500 eksemplar var dei to bøkene utilgjengelege for den allmugen som no skulle få sitt eige språk tilbake. 12 Utanom dette: eitt skriftstykke i éi avis, eit par bøker og nokre høvestrykk med viser. Det var alt. Så skjørt var grunnlaget for ein ny språkleg praksis i dette landet kring 1850. Det heile var mest ein idé, ein utopi målboren av éin person. Den seinare kollektive bruken av det ny e språket skapte ikkje berr e ein kulturarv, men utløyste også tunge identitetsskapande prosessar. Nettopp avisene var ein føresetnad for denne kollektive forminga av eit språk og ein kultur.