Den evige fred ferdig

Page 1

ARILD REIN

ARILD REIN (f.1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane. Om Grisekoret (2001) “Grisekoret (…) er skrevet i et korthogd og muntlig språk, hardkokt i kalde tanker som skjuler varme følelser. Grisekoret etablerer et musisk romanspråk som lar lyde en uendelig og til dels uforståelig menneskelighet tvers gjennom det ekstremt kroppslige og materialistiske stoffet den er komponert av. Det er en roman som skiller seg ut med en helt særegen stemme, som bør høres.” Jan Inge Reilstad, Morgenbladet Om Kaninbyen (2004) “Med Kaninbyen leverer Arild Rein en kongenial avslutning av trilogien som plasserer forfatterskapet skyhøyt over alle andre på min private hitliste. (…) En norsk Jim Thompson, en norsk Louis Ferdinand Destouches, en vaskeekte kioskdostojevski med et avklart litterært prosjekt og ryggrad nok til ikke å la seg hjernevaskes av det litterære peanøtthjerneforbundet eller lesernes svampaktige omfavnelse.” Terje Thorsen, Dagbladet Om Vintercamping (2007) “Rein har med Vintercamping skrive ei viktig og kompromisslaus bok, og utfører det heile med harme og galgenhumor. Sannsynlegvis vil lesaren steile, for her vert hans eigne fordommar pinleg utlagde og litterært konsekvensutgreidde på lite flatterande vis.”

Me er på Stortinget rett før jul i 2021. Frå drabantbyane rundt Oslo kjem det meldingar som tyder på at folk held på å gå av skaftet. Eit uhyggeleg virus skaper ein hær levande døde som spreier kaos og død der dei rykkjer fram. Statsministeren og dei folkevalde lukkar seg inne i kjellaren der likhunden Harry rapporterer til oss om kva som skjer. Verda utanfor får klare seg sjølv.

ISBN 9788252177800

Sindre Ekrheim, BT samlaget.no

Den evige fred


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 2

arild rein Hundedagane. Roman 1998 Grisekoret. Roman 2001 Kaninbyen. Roman 2004 Stavangertrilogien. 2005 Vintercamping. Eit underhaldningsstykke. 2007

Sigmund Skard-stipendet 2005 M책lprisen 2009 fr책 Rogaland M책llag

2


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 3

Arild Rein

Den evige fred Ein politisk farse

Samlaget Oslo 2010

3


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsbilete: Andreas Soma, «Eksplosjoner» omslagsdesign: Geir Egil Bergjord førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7780-0

For Robin

Om motstandaren søker fordelar, før han på villspor – Sun Zi

4


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 5

Barnekoret Dei høyrde to kraftige kakk på døra, og så to til. Det var 18. desember 2021, i Oslo. Det snødde så tett at dei ikkje trong å trekka for gardinene. La oss få på oss fillene og møta verda, sa Leo Li, ein kortvaksen mann med ei sangvinsk vom og ein agurk som hang halvslapt mellom beina, og som var altfor stor og anatomisk ukorrekt i forhold til resten av kroppen. Er det tetid alt? sa Tor Vinter, ein hengslete mann med voksbart, plankeræv og øyre store som vaffelhjarte. Dei hadde hora i fleire dagar alt. Det var noko som var blitt ein juletradisjon. Før alle drog heim til sitt og sine, drøymde dei seg vekk i armane på kvarandre. Det var nok av tabbar å gløyma, og etter nyttår var det jobbetid og nye forsett. Hotellrommet i Akersgata var så fylt av lår og kjønn og fis at det var nesten umogleg å pusta. Li, kan du ringa etter taxi? sa Akila, ei bronsebrun hoppe med dei flottaste brysta på sekstiande breiddegrad. Eg vil heim. Eg har ikkje kvalifikasjonane ein krev for denne jobben. Ho kledde på seg reingjeringsbunaden. Hennes allahs frukter held på å sprenga seg ut av arbeidsantrekket. Li 5


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 6

var raskt framme og drog ned glidelåsen på bunaden, så fruktene fekk pusta fritt igjen. Eg kjenner meg pill ròten, heldt Akila fram. Hæ? sa Li. Kopuler til den store julegrismedaljen og nyt det. Det er mitt råd. Når du er daud, vil du angra på at du ikkje hadde det enno meir moro med kjønnsorganet ditt. At du ikkje kan møta nokon med annan hudfarge og annan religion utan å ta av deg kleda, viser at du er ein flott representant for det multikulturelle. Kor mykje er klokka? sa Odin Tu, ein skalla mann med ein rotete og schizofren tanngard, men med ein ekstrem ordenssans. Den slauren hadde alltid kontroll og hadde alltid klokka si rundt handleddet, unntatt når han deltok i orgiar. Kvart over tolv, sa Li, som alltid hadde sitt vasstette Rolex-ur på armen, uansett kva han heldt på med. Helvete, sa Tu. Eg skulle vore i sjette etasje i Prinsens gate klokka tolv. Eg skulle møta ein blåruss frå Finansdepartementet på toalettet der. Du finn alltid fram til sånne interessante møtestader, sa Vinter. Eg var ein habil orienteringsløpar i yngre dagar, sa Tu, og finn fram til sjølv dei mest bortgøymde toaletta. Tu spratt opp frå grisebingen og trylla på seg kleda som ein Arnardo, heilt utan tankar om at han kanskje burde gått ut på badet og vaska snurrebassen før han skulle ut og ri ein ny hest. Det var så vidt det gjekk an å høyra dei nye hjelpelause kakka på døra gjennom all den banale stønninga og pesinga. Li klappa i hendene nett som ein dirigent som vil ha 6


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 7

ro og merksemd frå barnekoret sitt, og sa: Alle som har trengt inn i partnarens djupaste hemmelegheiter, kan dei vera så snille å trekka seg ut og få på seg kleda og komma seg til helvete ut. Her skal det arbeidast med andre musklar og ledd. Trur du det er Bossen som vil ha tak i oss? sa Vinter. Bossen? sa Li. Han veit jo me held steinhardt fast ved juleorgietradisjonane våre. Å komma på døra mi no ville vore rein klakørverksemd. Divaa frå Arbeidarpartiet var den siste ut av hotellbingen. Li, du har ikkje noko smertestillande, vel? sa ho. Helst opiat. Eg har så jævla vondt i hovudet. Opiat? sa Li. Ja, eg er lege, men faen ikkje medisinmann eller narkolangar. Du burde ha vondt alle andre stader enn i hovudet med tanke på den kokkelimonkeakrobatikken du har vist fram her i føremiddag. Det går ikkje an å pissa i buksa for å halda seg varm og så i ettertid drøyma om tørre klede. Kva er det for visvas du kjem med? sa divaa frå Arbeidarpartiet. Harry, sa Li. Eg, likhunden Harry, reiste meg frå hundekorga mi og begynte å gøy. Åh, eg hatar den idiotiske bikkja som har lege og stira på meg heile føremiddagen, sa divaa frå Arbeidarpartiet. Ut, skreik Li og vifta på saueflokken. Kva for ei dør er det som er utgangsdøra? ropte ei dame midt i saueflokken. Herregud, kunne tru at denne bygningen var teikna av ein galning.


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 8

Thaikylling Ikkje alle som stel, er tjuvar, sa Li. Ikkje alle som horar, er horebukkar, sa Vinter. Dei to siamesiske tvillingane låg nakne på magen i hotellsenga i Akersgata og åt TV-middag med TV-en av. Snøgardina på utsida av vindauget var framleis like ugjennomsiktige. To fjørlette thaidamer, i Evas drakt, spankulerte att og fram på ryggane til tvillingane som om dei var militærvakter, og grov dei nylakkerte tåneglene djupt inn i dei korrupte ryggane. Åh, sa Vinter. Framand fugl smaker alltid best. Ja, thailandsk kylling er verdas beste, sa Li, så lenge dei held fugleinfluensaen på armlengds avstand. Hæ? Er dei ikkje vaksinerte? Kjøtkontrolløren min seier det er prima vare. Hm. Betre kylling enn dette er det år og dag sidan eg har smakt. No gler eg meg berre sinnssjukt til desserten. Eg stel ikkje, men er det noko eg vil ha, så tar eg det. Hugs: Eg er ein mann frå rennesteinen, Vinter. Gløym aldri det – for eg gløymer det aldri. At du har lurt til deg falske legepapir i Spania og lurt deg inn i maktas mørkaste korridorar, Li, er ikkje verre 8


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 9

enn at eg om seks månader har lurt til meg supertrygd frå den norske staten. Tolv år i denne grisebingen, og så er du fri som ein rovfugl og kan fly og hora kor du vil. Kva med kona di? Eg ventar berre på at ho skal komma frå Bergen så me kan skilja oss. Eg er berre så jævla pisselei av flosklane hennes om monogami. Eg har eit brennande ønske om å ligga med alle kvinner og menn eg møter. Det er ein skiten vane, Vinter, og som lege vil eg seia: Det kan vera skadeleg for helsa. Skjønar desse thaidamene kva me pratar om? Det drit eg i. Eg trudde den gode, gamle inn og ut-en var sunt for hjartet? Knullar du med alle her på huset, Vinter? Bente og Oli, Carl og Gro, Eli og Torbjørn, og Kristin? Du gløymde eit par stykk. Eg kjenner ikkje namnet på alle eg knullar med. Har du vore gift nokon gong, Li? Er du galen, eg er altfor sjølvopptatt. Du er like lett å lesa som ein open bibel. Det var ein flott kompliment, Vinter, for mesteparten av folka her på huset er det umogleg å lesa, fordi dei er dumme som sement. Dei to thaikyllingane tok trappetrinnet ned frå tvillingryggane og ned på golvet i eitt steg. Så flaksa dei fnisande inn på badet med håret spreidd ut som ei vifte. Kva faen var det dei skulle? sa Vinter. Sikkert gjera seg fine og sminka seg nedantil, sa Li. Du har ikkje nokon piller som kan gjera veslekaren ekstra stor og sterk? Korfor blei du politikar, Vinter? 9


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 10

Fordi eg er mjuk og sentimental. Eg føretrekker å vera saman med dei sjuke og redde. Politikk handlar om å forstå ting, ikkje sant? At eg vil forstå ting, tyder på at eg er redd. Me som stammar frå apene, er jo pisseredde frå vogge til grav, og dei mest intelligente av oss er dei mest redde. Berre sjå på oss politikarar. Me drit i buksa av redsel fordi me er geni. Betre kunne ikkje ein politikar ha sagt det. Men herregud, eg er jo ein politikar, for faen. Vinter reiste seg opp og tok ti einhandspushupar i senga. Hadde du nokon bodybuilderpiller til veslekaren? I nattbordskuffa. Verkar dei? Trur du eg driv med ansvarsfråskriving? Vinter åla seg bort til nattbordet og helte i seg piller rett frå glaset som om det var mjølk. Eg håper desse pillene ikkje er løgn og forbanna dikt, sa Vinter. Harry, sa Li og tok aluminiumsformene med kylling og ris og sette dei ned på golvet. Eg, likhunden Harry, reiste meg frå hundekorga mi og strekte dei sure musklane. Eg kjende spyttet skumma i kjeften og høyrde skrika frå tarmane. Middagsrestane lukta nydeleg. Det gjorde meg ikkje ein skit å eta mat andre hadde ete seg mette på. Eg var ein likhund, så eg hadde stukke snuten min i kjøt som lukta mykje verre, og såg mykje verre ut, enn dette. Eg skjønar faen ikkje at du orkar å fø på det skabbete beistet, Li. Ikkje eg heller. Får eg tak i ein billegbillett til Syden i romjula, tar eg livet av han. Eg fraus til, men løfta ikkje hovudet frå matfatet. 10


Den evige fred ferdig.qxd:A

19-08-10

09:06

Side 11

Det er berre så jævla irriterande å ha dei jævla hundeaugene i deg når du driv og knullar, Li. Eg høyrer kva du seier. Denne dumsnillismen me har overfor kjæledyr, har eg aldri skjøna. Det er ikkje eit kjæledyr. Det er ein arbeidshund. Kva tid blei det å snusa seg fram til eit oppløyst lik eit yrke? Dei to thaidamene kom ut frå badet. Dei to tvillingsvina, som berre var tvillingar i svinskheit og eksessar og ikkje i biologisk forstand, hadde lagt seg på ryggen med armane bak hovudet. Det var vanskeleg å få matro medan thaiane saug på kjøtsnablane deira. Då eg løfta hovudet mitt opp frå matfatet, fekk eg akkurat med meg at dei flotte thaidamene sette seg ned på dei glinsande bandittpølsestakane, som på ein blunk forsvann inn i mørkret.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.