2
Arild Hoksnes
Kunsten 책 ta feil
Samlaget 2010
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Blæst/Stian Hole : Samlaget : Minion /, : g Munken Print Cream . : AIT Otta AS Printed in Norway ----
«Den som ikkje gjer feil, skal heller ikkje ha lønn – for då gjer han heller ikkje noko!» Jens E. Ekornes, gründer av Ekornes
Innhald Forord 11
Del 1: Feil etter feil etter feil 15 Banale feil 17 Dei fleste feil er banale, og i grunnen ikkje stort å bruke kreftene på. Det er ingen stor tabbe at eg har gått rundt og trudd at Napoleon var ein liten mann, eller at eg har trudd at 90 % av hjernen min låg ubrukt. Det er heller ikkje til stor skade at folk er blitt feilsitert. Eg har prøvd å forske meir i mine banale feiloppfattingar. Kanskje du kjenner deg att? Feil som ikkje var feil likevel 49 Nokon gonger viser det seg at utsegner vi rister på hovudet av, slett ikkje var rette. Her får du vite sanninga. Feil som blei suksess 59 «Aldri så gale, at det ikkje er godt for noko,» heiter det. Det viser seg at mangt som straks ser ut som ein feil, kan vise seg å bli eit framsteg for menneska. Feil i språket 72 Feil i språket er nesten ikkje til å unngå. Spørsmålet er om du sit klar med «raudblyanten», eller tenkjer: – Ikkje noko å bry seg med, berre det fungerer.
7
Vitale feil 84 Vitale feil kan ha store konsekvensar, men ofte ser vi også at det ikkje var stort å bråke om når det kjem til stykket. Vi er sikkert skapte til å tru det verste om faren for total datakollaps ved tusenårsskiftet eller massedød av influensa.
Fatale feil 115 Dei fatale feila er dødelege feil. Militære feilvurderingar med katastrofale følgjer høyrer heime her, men også tilsynelatande fornuftige oppfinningar og vitskaplege framsteg, som insektmiddelet, sovemedisinen thalidomid og lobotomering. Justismord er ein fatal feil som gjentek seg, ikkje minst i vårt land.
Del 2: Det er menneskeleg å feile 143 Menneskenaturen spelar oss puss. Du kan i grunnen ikkje stole blindt på korkje minnet, tankane, eller evna di til å vurdere risiko. Samtidig er perfeksjonisme ei kjelde til mykje feil. Det er i det heile mange moglegheiter for å gjere feil, kan det sjå ut som.Vi gir deg kortversjonen.
Del 3: Klar til å feile 195 Her kjem vi til hovudpoenget: Oppskrifta mi til korleis du kan meistre kunsten å ta feil i praksis og få eit endå betre liv med deg sjølv og andre.
Del 4: Kva kan skje heretter? 227 No veit du at det er lite sannsynleg at du har rett i alt, akkurat no. Gå 30 år fram i tid, og prøv å førestelle deg kva du gjer feil akkurat no.
8
Del 5: Om kjelder generelt, og spesielt i denne boka 233 Om 책 ta feil som journalist og forfattar, og avsluttande, kloke ord.
Del 6: Kjelder, litteratur og lesetips 243 Notar 254
Forord Kva er ein feil? I det daglege har eg ikkje noko problem med å identifisere kva det vil seie å ta feil, eller å gjere feil. − Det blei gale, eg misforstod, eg fekk det ikkje til, er måtar å innrømme feil på, som er meir eller mindre lette å ta i munnen. Tabbe er ofte eit ord vi bruker for å karakterisere handlingar med feil. Vi veit også at peikefingrane, raudblyantane og korrigeringane står i kø for å tildele oss skam når vi gjer feil. Om vi går litt grundigare inn i det, kan ein definisjon vere: Feil er når noko vi tenkjer eller gjer, ikkje stemmer med sanninga eller med standardane som finst til kvar tid. Så kan vi problematisere dette med å spørje kva som er sant. Korleis kan vi i tilfelle vite at noko er sant eller usant? Det fører oss igjen til kjeldene for kunnskapen vår. Feil er i mi framstilling noko anna enn bløff og juks. Visst kan vi bli narra av andre til å gjere feil, men kva om vi narrar oss sjølve? Eg meiner det største problemet likevel er at vi bruker så mykje krefter på å unngå feil, på å leite etter eigne og andre sine feil og klandre oss sjølve og andre for feila. Både privat og i arbeidslivet blir det brukt unødig mykje
11
energi på feil som kan skje. Det er slitsamt og dyrt. Både folk og organisasjonar dregst med angst for å feile. Mitt mål er at vi kan lære kunsten å ta feil, som har to hovudreglar: Regel nr. 1: Innsjå at du er feilbarleg og at det er menneskeleg å feile. Regel nr. 2: Lær deg å leve med at feil alltid vil skje. Skal vi leve med feila, må vi skilje mellom viktige og uviktige feil. Påstanden min er at dei fleste feila vi kan komme på å gjere, slett ikkje er viktige. Menneske i viktige og sårbare posisjonar kan ikkje slurve og gjere vitale eller fatale feil. Å førebyggje viktige feil må vere ein kontinuerleg del av danninga vår. Men då må vi vite litt om kva som fører oss ut i feil. Mi oppfatning er at menneskenaturen er ein viktig grunn, vi er bortimot skapte for feil. Det er i grunnen ikkje så mykje å skjemmast over. Det er lett å bli oppfatta som ryttar på sin høge hest når ein peikar på kva feil andre har gjort eller er i stand til å gjere. Den naturlege mekanismen er at vi då skal «ta igjen». Det er heilt naturleg at lesaren vil leite etter mine feil i denne boka. Same kor hardt ein prøver å unngå det, vil dei dukke opp! Men denne boka handlar om å bli bevisst kva slags feil du skal bry deg med. Kunsten å ta feil handlar om å bli medviten på kva ein skal gjere med dei viktige feila. Mykje handlar om å bu seg på at feil vil oppstå, ha ein plan for både å unngå dei store miserene og å handtere dei feila som oppstår.
12
Slik går kanskje betre å leve med det som ikkje er til å unngå: Menneska tek feil, heile tida. Spesiell takk til psykolog Jan-Ole Hesselberg, security advisor Rolf T. Thorbjørnsen, språkforskar Tor Erik Jenstad, coach Michael Neill og researcher Kristin Erika Solli, til redaktør Jon Risdal for tolmodet og til sambuar Hilde som gjekk stille i dørene. Arild Hoksnes
Del 1: Feil etter feil etter feil
Det er lett å la seg underhalde av store og små feil vi har gjort opp gjennom tidene. Eg deler feila opp i tre kategoriar etter kva følgjer feila har for oss sjølve og medmenneska våre. • Banale feil er ofte både pussige og morosame. • Vitale feil kan vere viktige feil i liva våre, feil som krev handling – dei er potensielt både harmlause og farlege på same tid – det kjem an på kva situasjon dei oppstår i. • Fatale feil er til stor skade – i ordets rette forstand dødelege, eller i overført tyding: Veldig stor skade. I denne inndelinga ligg også løysinga på kva vi skal gjere med dei feila vi støtt gjer. Eg meiner at vi kan stresse meir ned om vi veit at dei færraste feil er fatale, og heller satse alt på å unngå dei.
Banale feil Det finst mange myteknekkjarar. Dette er folk som gjerne bruker livet sitt på å tilbakevise allment rådande oppfatningar. Sjangeren produserer ei rekkje bøker og TV-program (t.d. Mythbusters på Discovery Channel). Ofte er
17
myteknekkjarane vitskapsfolk som vil ta eit oppgjer med populariseringar av deira eigen vitskap. Å vere skeptisk til populariseringar, forenklingar og oppfatningar er ein heil sjanger – det finst tidsskrift og organisasjonar som bruker mykje energi på å korrigere mytar og feiloppfatningar. Mykje av det er krevjande framstillingar som det ligg stor forskingsinnsats bak. Dette er vel og bra, men ikkje mitt prosjekt. Eg er meir interessert i å granske korleis mitt eige hovud tilsynelatande går rundt og meiner og trur ting som er feil – kva det kan komme av, og kva eg kan gjere med det. Kanskje kan du, kjære lesar, også få noko ut av denne jakta? Eg gjekk derfor ut frå diverse kjelder, bøker og nettsider som tek for seg oppfatningar, legender og mytar, og eg laga mi eiga kortliste over ting eg har trudd på inntil no. Problemet er at eg ikkje heilt veit om det er feil, fordi det er vanskeleg å skaffe førstehandskjelder, og fordi dagens klipp-og lim-samfunn ikkje er lett å navigere i. Etter min beste vilje finn eg ikkje endeleg bevis for at desse oppfatningane er sanne. Dermed er dei truleg feil. Eg har trudd at: • Folk i mellomalderen trudde at jorda var flat • Du kan sjå Den kinesiske muren frå månen • Maratonløpet er på 42195 meter fordi det er lengda på vegen mellom Athen og Marathon. • Det var hengande hagar i Babylon
18