Mordet paa Halland

Page 1

Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

1

15:36

Side 1


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

2

15:36

Side 2


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 3

Pia Juul

mordet på halland Roman Frå dansk ved Brit Bildøen

Samlaget Oslo 2010

3


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Originalens tittel: Mordet på Halland © 2009 Pia Juul/Tiderne Skifter © norsk utgåve 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11,5/14 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7732-9

4

Side 4


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 5

Må de få komma samman med hjärtans fröjd och gamman, som längta till varann’! svensk folkevise


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 6


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 7

1 Kvelden før hadde vi sete i stova. Eg drakk kaffi, han drakk øl. Vi såg ein krim. «Henne skulle eg gjerne ha likna på,» sa eg om detektiven; den einaste modne kvinna som nokon gong var å sjå på fjernsyn. «Men det gjer du ikkje,» sa han. Eg snudde hovudet og såg på han. Kvinneansikt fell saman. Menn får pondus. «Du har pondus,» sa eg. Han snudde hovudet og såg på meg. «Kvar?» sa han forskrekka. «Ha-ha-ha,» sa eg. «Eg køyrer klokka sju,» sa han og slo av. «Eg går inn og skriv.» Eg la armane opp langs halsen hans og trykte meg inntil han så tett eg kunne, vi kyssa kvarandre, eg gnei kinnet mitt mot skjeggstubbane hans. «Det varer nok ikkje lenge.» Eg gjekk inn på arbeidsrommet mitt, snubla over noko på golvet, men drog forsiktig føtene fram til bordet og slo på arkitektlampa. Pc-en blinka. Det stod eit glas lunka vatn på bordet, eg tok ein slurk og gjekk bort og slo på spelaren, sette i ein cd som låg laus på hylla, eg kunne ikkje sjå kva det var for ein. Im Wunderschönen Monat Mai gjalla det ut i rommet, men eg slo av. Den 7


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 8

kan eg berre høyre høgt, og ingen ville bli glade for å høyre med så seint. Eg vekte pc-en og opna ei bok og la den frå meg. Eg klikka, eg opna dokumentet, det var ikkje eingong ope, den siste endringa var to dagar gammal, og da hadde eg berre retta komma. Eg kunne også ha gått til sengs. Kanskje sov han ikkje enno. Eg var frostig, eg tok ei trøye opp frå golvet og drog den over hovudet, og begynte å lese. Så skreiv eg. Det hadde skjedd berre ein sjeldan gong før, men no gløymte eg kor seint det var fordi mitt eige manuskript opptok meg. Timane gjekk. Eg var stiv i ryggen da eg såg opp. Lyset var grått, fjorden fekk den mest usannsynlege farge, eg reiste meg og opna vindauget. Det sat ein svarttrast og kvitra på mønet til lysthuset. Det var den herlegaste vårmorgon, men når ein ikkje har sove om natta og ein er stiv i heile kroppen og hovudet er både stappfullt og heilt tomt, blir alt feil. Eg prøvde, og det var heller ikkje likt meg, å finne ut av korleis ein kunne skildre fjorden slik den såg ut akkurat no. Sola var i ferd med å stå opp, og vatnet skifta farge i eitt sett. Eg ville ikkje vekke Halland, han skulle snart opp. Eg gjekk ut og tissa, og velta ned på sofaen i stova med eit teppe. Da eg vakna, visste eg at eg hadde vakna av ein lyd, men ikkje kva for ein. Det var eit ekko av ein høg lyd i meg. Eg sette meg opp og tok tak i håret mitt, ei rørsle eg kjente frå film, eg samla meg og stramma teppet rundt knea. Blei eg redd? Eg trur ikkje eg kan påstå at eg blei redd, det ville da også ha vore skrullete 8


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 9

og profetisk, men eg hugsar i alle fall ein liten angst, ei uro over at noko var gale. Var det døra eg hadde høyrt, var det berre Halland som hadde gått? På veg ut på badet kikka eg inn på soverommet, der senga var tom. Da hadde han køyrt. I dusjen gjekk det opp for meg at eg hadde sett jakka og mappa hans i gangen. Da hadde han altså ikkje køyrt. Eg skrudde av vatnet og ropte på han. Han svarte ikkje, men no var eg uroleg, tørka meg og vikla handduken rundt meg på veg gjennom huset. Eg kunne sjå nokon gjennom den vesle, matte ruta i gatedøra, eg trudde at det kanskje var han som stod utanfor, og skulle til å opne døra da det ringte på. «Vent litt!» ropte eg og sprang inn på soverommet, kasta frå meg handduken, tok på meg Halland si badekåpe og knytte den på veg ut. Da eg opna stod det ein forvirra mann der. «I lovens namn!» sa han, og stemma hans brast. Han rekte ei hand i vêret. «Klokka er 7.47, og du er pågripen … Nei –.» Han heiv etter pusten. Eg trudde ikkje mine eigne øyre. No kjente eg han att. Eg kjente han ikkje, men kjente han att, han kom kvar morgon og parkerte skrått overfor, ved politistasjonen. Eg hadde vore der inne ein gong for å fornye passet mitt, det var alt. Eg visste ikkje om han var sekretær eller politibetjent, eg hadde aldri skjenkt det ein tanke, og det gjorde eg heller ikkje no. Eg lo ikkje, for det var tydelegvis ikkje for skøy, men han var heilt utanfor, han såg skremt ut. Så begynte han frå starten: «Er ikkje du kona til Halland Roe?» 9


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 10

«Jo!» sa eg. «Du er pågripen. Du er arrestert for mordet på Halland …» Han knakk saman, han var verkeleg uhyggeleg andpusten. Eg gjekk forbi han, ut på dei kalde brusteinane, ut på torget og såg meg rundt. Langt nede i den andre enden var det ei samanstimling av folk. No høyrte eg utrykkinga i det fjerne. «Kva er det som har skjedd?» sa eg. Inger kom ut på trappesteinen til nabohuset. «Kva er det som har skjedd, Bjørn,» sa ho til mannen. «Halland Roe har blitt skoten!» gispa han og peikte nedover mot den andre enden av torget. Så peikte han på meg. «Det var ho der som –.» Eg sprang. «Stopp henne!» ropte idioten og sprang etter. Men eg sprang jo ned for å sjå kva som hadde skjedd, eg flykta ikkje. Det absurde var ikkje at han påstod at eg hadde skote nokon, men det at Halland skulle vere skoten. Eg trudde slett ikkje på det, ikkje før eg såg han. «Dersom du går,» hadde mannen min sagt den gongen for ti år sidan, «får du aldri sjå Abby igjen.» «Det kan ikkje du bestemme!» sa eg skingrande. Eg høyrte at stemma mi skingra, og undra meg. Abby var fjorten, ho kunne vel bestemme sjølv. Det kunne ho, og det gjorde ho. Anten kjente han henne betre enn eg, og det er sannsynleg, eller så påverka han henne, og det er også sannsynleg. Eg hadde berre sett henne ganske få gonger sidan, og det var lenge sidan sist. Ho var sta. Eg 10


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 11

hadde eit lite album med bilde av henne, som eg hadde slite ut. Men eg visste godt at det var gratis å vere sentimental på den måten. Ho forakta meg, og det gjorde eg sjølv også viss eg tenkte etter, så eg tenkte berre svært sjeldan etter. For eksempel slutta eg nesten heilt å drikke kort tid etter at eg hadde flytta frå dei, i alle fall slutta eg å drikke meg full. Etter å ha sete rusa fleire gonger og sippa over Abby og gjennom tåka ant Hallands misnøgde uttrykk over at eg ikkje lenger berre tenkte på han, men alltid på dotter mi, bestemte eg meg for å halde meg til ein enkel øl, eit enkelt glas vin. Det hadde han ingen innvendingar mot, så lenge eg var oppslukt av han, og det var eg da. Det var ikkje noko han trong seie høgt, eg fanga opp alle små signal. Dersom eg ikkje var opptatt av han, var jo dessutan alt forgjeves. Enda meir forgjeves. Eg hadde stivna. Eg stod litt på avstand og såg på Hallands tunge kropp, ansiktet hans på brusteinane, det eine halvopne auget, den store munnen hans med dei smale leppene, det tilbakegreidde kvite håret, det svarte slipset, den kvite skjorta med blodflekken. Pondus. Abby, tenkte eg. Brusteinane skein, dei var våte, og det var morgonlyset. Torget låg elles alltid audt, no myldra det av folk, eit par roser blomstra allereie oppetter dei gule og kvitkalka murane. «Det er mannen hennar,» var det ein som sa, og dei flytta seg og gjorde plass, men eg hadde sett nok. Eg 11


Mordet pa? Halland ferdig.qxd:Mordet

01-06-10

15:36

Side 12

kunne merke at dei stirde. Noko ein stad i bakhovudet mitt foreslo for meg å kaste meg over kroppen hans og gråte høglydt, men det heile var svært uklart og uverkeleg og ville ikkje bli tydelegare av at eg blei teatralsk. I staden gjekk eg baklengs og snudde meg til sist og gjekk tilbake mot huset på iskalde føter. Døra stod open enda, og eg begynte å riste i same sekund som eg tok tak i dørhandtaket. Knapt hadde eg dytta døra i bak meg, før eg sokk ned på golvet i entreen og blei liggande samankropen og hulke høgt. Men det eg tenkte, var ikkje: Halland, åh Halland – det var igjen, som for litt sidan ute på torget: Abby! Eg vil ringe til Abby!

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.