Nattklubben - Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser

Page 1


Til Åsmund og Venke

Natt kl u bben

Mona Vetrhus
Sebastian Meschenmoser

Veslebjørn, mamma og besta skal sova.

– Heilt til snøen forsvinn og graset kjem att, gjespar mamma.

Men Veslebjørn vil ikkje sova.

– Kvifor må eg sova heile vinteren når Ulf får vera ute? – Ulf skal kikka på månen, seier mamma. – Urettferdig! seier Veslebjørn.

– Veit du kva eg gjorde då eg var ung? spør besta.

– Eg sneik meg ut på nattklubb.

– Kva er ein nattklubb? spør Veslebjørn.

– Det er ein magisk dans under diskokula.

Besta løftar fram ei diskokule og kostar av støvet.

Kula glitrar av sølv.

– Wow, seier Veslebjørn.

– Om eg berre fekk ein siste dans, sukkar besta.

– Ein siste dans?

– Ja, eg er ikkje så ung og sprek lenger, seier besta.

– Er ikkje du sterk som ein grizzly, då? spør Veslebjørn og viser musklar.

– Njo, men det er ti år sidan sist eg dansa, svarar besta.

– Det er sovetid, seier mamma.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.