Strikk vottar - Ingvild Grane

Page 1


Strikk vottar

Ingvild Grane

STRIKK VOTTAR

fargerike mønster

Samlaget · Oslo 2024

Innhald

Forord side 6

Strikkehjelp side 9

Oppskrifter

Botanikarvottar. Størrelse: kvinne, barn 8–12 år side 16

Kaffidatevottar. Størrelse: kvinne side 26

Morgongryvottar. Størrelse: kvinne side 32

Fredagsvottar. Størrelse: kvinne side 38

Polarstjernevottar. Størrelse: kvinne, barn 2–6 år side 46

Gamlebyvottar. Størrelse: mann, barn 8–12 år side 54

Kveldsturvottar. Størrelse: kvinne side 64

Parkvottar. Størrelse: kvinne side 70

Babar-vottar. Størrelse: barn 2–6 år side 76

Havluftvottar. Størrelse: kvinne side 82

Fiolvottar. Størrelse: kvinne, barn 2–12 år side 88

Fjellheimvottar. Størrelse: mann side 100

Høne-pøne-vottar. Størrelse: barn 2–6 år side 106

Epleblomstringsvottar. Størrelse: kvinne side 112

Bruk-opp-restegarn-vottar. Størrelse: mann side 118

Vinkelvottar. Størrelse: kvinne side 124

Vinterferievottar. Størrelse: barn 2–6 år side 130

Prismevottar. Størrelse: kvinne side 136

Museumsvottar. Størrelse: kvinne og mann side 142

Frostrosevottar. Størrelse: kvinne side 152

Blåtimevottar. Størrelse: kvinne side 158

Sommarfuglvottar. Størrelse: barn 2–6 år side 164

Haustferievottar. Størrelse: kvinne side 170

Piknikvottar. Størrelse: barn 8–12 år side 178

Svermarvottar. Størrelse: kvinne side 184

Stjernesluddvottar. Størrelse: barn 8–12 år side 190

Langhelgvottar. Størrelse: kvinne side 196

Måndagsvottar. Størrelse: kvinne side 202

Kaleidoskopvottar. Størrelse: kvinne side 208

Romjulsvottar. Størrelse: kvinne, mann, barn 2–12 år side 214

side 230

Kjære vottestrikkar!

Superkrafta til oss strikkarar er at vi kan skape kva som helst, berre ved hjelp av ein bunke pinnar og eit nøste eller to med garn. Men i det enorme utvalet av alt ein kan strikke, kjem eg alltid tilbake til vottane. Det er det fleire grunnar til.

For ein litt utolmodig strikkar som helst vil at det ikkje skal ta altfor lang tid å bli ferdig, er vottar eit godt val. Og sidan vottar er ganske små strikkeprosjekt, er det også lettare å kose seg med å strikke mønster i fleire fargar enn om du skulle ha strikka med tilsvarande teknikkar på eit stort og tidkrevjande plagg.

Ein annan grunn til at eg er glad i å strikke vottar, er at restegarn passar så godt til slike arbeid. Alle som strikkar ein del, samlar seg gjerne store mengder med små garnrestar, som det er vanskeleg å få brukt til noko fornuftig. Men på vottar med fleire fargar treng du ofte berre nokre få gram av kvar farge, og dermed er dei som skapt for dei minste restane. Derfor har eg også oppgitt ganske nøyaktige garnmengder du treng i kvar oppskrift, slik at du enklare skal kunne sjå om du har nok garn berre ved å bruke restegarn.

Om du strikkar vottar med garnet du allereie har liggande, er det dessutan store sjansar for at du finn fram til kreative og uventa fargekombinasjonar. Det gir deg unike og personlege vottar og gir deg sjansen til å strikke noko som passar deg og din garderobe. Dessutan er

det positivt både for miljøet og for lommeboka at du brukar opp garn du allereie har kjøpt – også dei små restane.

Vottane i boka er inspirert av tradisjonelle vottar, slike som har vore strikka i mange hundre år, og som kvar generasjon set sitt unike særpreg på. Men utan fornying døyr tradisjonane. Gjennom fargar og mønsterkombinasjonar har eg prøvd å tenke nytt, samtidig som eg spelar på tradisjonelle strikkemønster, og eg håpar at resultatet gir deg inspirasjon og strikkelyst.

For denne boka har eg laga til deg som er glad i å strikke vottar. Og til deg som gjerne har lyst til å strikke vottar, men ikkje har kome heilt i gang med det enno. Derfor har eg prøvd å lage eit breitt spekter av oppskrifter, frå dei som er begynnar-venlege, med tjukt garn og tjukke pinnar, til meir avanserte vottar med tynne pinnar og teknikkar som kanskje byr på interessante utfordringar. Vottane som er spesielt eigna for votte-begynnarar, er tydeleg merkt, slik at dei er enkle å finne.

Eg meiner ein aldri kan få nok vottar, og forhåpentlegvis finn du akkurat dei vottane du har lyst til å strikke, her i boka. Om du likevel skulle oppleve at votteskuffa di rett og slett er full, er vottar flotte og takknemlege gåver både å gi og å få. Så då har du ein god grunn til å strikke endå fleire.

God strikking!

Strikkehjelp

Garn

Alle vottane i boka er strikka med garn i 100 prosent ull. Ullvottar er slitesterke og blir dessutan tova naturleg i bruk, noko som gjer dei tettare og varmare jo meir du brukar dei. Ull har også den eigenskapen at ho held varmen sjølv om vottane skulle bli våte, noko som er ein stor fordel for barnehage- og småskulebarn – og for vaksne som brukar vottar i regn, sludd og snø. Du treng ikkje nødvendigvis bruke det garnet som står i oppskrifta, men eg vil anbefale at du brukar reint ullgarn. Og om du brukar eit anna garn, bør du velje eit som gir omtrent same strikkefastheit, med mindre du vil strikke vottane større eller mindre enn det som står i oppskrifta.

Garnmengde

I kvar oppskrift finn du opplysningar om kor mykje garn du treng for å strikke vottane. For at du enkelt skal kunne bruke restegarn og garn du allereie har liggande, har eg oppgitt garnmengde så nøyaktig som mogleg, men alle garnmengder er runda litt opp, slik at du ikkje skal stå att med for lite garn. Er det oppgitt at du treng 20 gram av mønsterfargen, betyr det at 20 gram skal vere meir enn nok, og at det kan hende du treng litt mindre.

Størrelsar

I oppskriftene til barn kan du strikke fleire vottestørrelsar med utgangspunkt i det same

mønsterdiagrammet, fordi du brukar ulike garntypar og ulike pinnestørrelsar. Du brukar tynt garn og tynne pinnar på dei små størrelsane, medan du brukar tjukkare garn og pinnar på dei større, og dermed får du ulike størrelsar. Hugs på at det er veldig ulikt kor store hender vi har, både vi vaksne og barna. I alle oppskriftene finn du mål på kor store vottane blir om du følgjer oppgitt strikkefastheit. Mål gjerne hendene til dei som skal ha vottane, for å avgjere om størrelsen vil passe. Om du skal strikke vottar til eit barn på fire år, men ser at fireåringen har større hender enn måla i oppskrifta, ville eg hoppa opp ein størrelse. Oppskriftene til vaksne er ikkje oppgitt med ulike garntypar og pinnestørrelsar, men same prinsipp gjeld for desse. Ser du at vottane blir for store, kan du gå ned ein pinnestørrelse og/eller velje tynnare garn. Blir vottane for små, går du opp ein pinnestørrelse, og/eller du kan velje tjukkare garn.

Strikkefastheit

For at vottane skal få akkurat den størrelsen som er oppgitt i oppskrifta, er det viktig at du strikkar med rett strikkefastheit. Om du vil vere sikker på at vottane får riktig størrelse, kan det vere lurt å strikke ei lita prøve. Hugs på at strikkefastheit er oppgitt med mønsterstrikk for kvar enkelt oppskrift, noko som betyr at strikkefastheita kan variere ein del frå oppskrift til oppskrift, sjølv om plagget

er strikka med same pinnestørrelse og same garn. Mange strikkar fastare med to trådar enn når dei strikkar med éin, og kanskje må du bruke to typar pinnar på same vott for å få rett strikkefastheit.

Strikkepinnar

Det er lagt opp til at du skal bruke strømpepinnar (pinnar som er spisse i begge endar) når du strikkar oppskriftene. Du har maskene på fire pinnar og strikkar med den femte. Tommelmaskene har du på to (eller tre) pinnar og strikkar med den tredje (eller fjerde).

Det finst eit enormt utval av strikkepinnar, og kva for pinnar du brukar, er i stor grad avhengig av personlege preferansar. Glatte pinnar, som metallpinnar, kan påverke strikkefastheita slik at ho blir lausare, og gjer også at maskene lettare glir av pinnane. Personleg likar eg best å strikke vottar med trepinnar, for eksempel av bambus, og eg synest at dei aller beste pinnane til vottestrikking er firkanta trepinnar (cubics-pinnar). Dei gjer det enklare å strikke fast og tett, og maskene sklir ikkje så lett av pinnane. Ulempa med trepinnar, spesielt dei tynne pinnane, er sjølvsagt at dei kan knekke, noko du ikkje vil oppleve med metallpinnar. Om du ikkje likar å strikke med strømpepinnar, kan du også bruke to rundpinnar. Då fordeler du maskene slik at du har maskene til handbaken på den eine pinnen og maskene til oversida av votten på den andre. Bruk gjerne korte rundpinnar, slik at du ikkje

må dytte maskene langt bortover snora. Prøv deg fram med pinnane du har, før du kjøper nye. Funkar pinnane du allereie eig, er det ingen grunn til å gå til ny-investering.

Pinnestørrelsar

I alle oppskriftene er det oppgitt anbefalte pinnestørrelsar, men det er viktig å merke seg at desse berre er rettleiande. Det er veldig ulikt kor laust eller fast kvar enkelt av oss strikkar, og for å finne ut kva pinnestørrelse du treng, kan det vere nyttig å strikke ei strikkeprøve – slik at du finn heilt riktige pinnar.

Å strikke etter mønsterdiagram

Mønsterdiagramma skal strikkast frå høgre mot venstre og nedanfrå og opp, same veg som du strikkar. Kvar rute i diagrammet tilsvarar ei maske i strikketøyet.

Strikke med to trådar

Dei fleste vottane i boka har mønster der du strikkar med to fargar samtidig. Når du strikkar med to fargar, vil du at mønsterfargen skal vere meir dominerande enn grunnfargen. For å oppnå det legg du både mønsterfargen og grunnfargen over peikefingeren på venstre hand, men ha mønsterfargen nærast deg og grunnfargen lengst vekk på fingeren. Då går det raskt å strikke med begge fargane, og sidan trådane heile tida ligg på same stad på fingeren, er det lett å velje farge når du strikkar neste maske.

Tommelkile

I alle oppskriftene i boka er vottane strikka med tommelkile. Tanken med tommelkilen er at han gir meir vidde i den delen av votten som er nedanfor tommelen. Kilen dannar ein trekant som du begynner å strikke like etter mansjetten eller vrangborden. I mønsterdiagrammet følgjer du mønsteret for tommelkilen samtidig som du følgjer mønsteret for resten av handa. Når du begynner å strikke mønsterdiagrammet, er det eit område på begge sider av tommelkilen som er blankt. Der er det ingen masker, men etter kvart som du følgjer mønsterdiagrammet oppover, vil du sjå at det er vist i diagrammet kvar du skal auke masker. Når du kjem til rada der tommelmaskene er merkt med ein strek på tvers i kvar av tommelrutene, er tommelkilen ferdig. Då strikkar du tommelmaskene, dei som er merkt med garn i ein kontrastfarga tråd som er lett å sjå. Deretter set du tommelmaskene tilbake på den venstre pinnen og strikkar dei på nytt med fargane som er vist i mønsterdiagrammet. Når du er ferdig med handa på votten, plukkar du opp maskene på undersida og oversida av det kontrastfarga garnet ved tommelkilen, og deretter fjernar du tråden slik at tommelholet opnar seg. Det nøyaktige talet på tommelmasker varierer, og er oppgitt i kvar oppskrift. Deretter strikkar du tommeldiagrammet slik du finn det i oppskrifta. Tommelen skal strikkast rundt og rundt på same måte som du strikkar sjølve votten.

I dei fleste oppskriftene har tommelen eit mønsterdiagram der tommel-framsida har eit litt anna uttrykk enn mønsteret på handbaken til votten, medan tommel-baksida gjerne har same mønster som handbaken. Merk deg at mønsteret på tommelbaksida ikkje nødvendigvis går heilt opp med mønsteret der du plukkar opp masker frå handbaken. Eg synest det er viktigare at mønsteret ser fint ut på sjølve tommelen, enn at det stemmer heilt med maskene heilt nedst ved overgangen mellom handbak og tommel – som uansett ikkje blir særleg synleg.

Aukingar

I oppskriftene er alle aukingar merkt med korleis du skal auke. Dei aukingane du finn i oppskriftene, er auking mot høgre, auking mot venstre og kast.

Auking mot høgre: Plukk opp tråden mellom to masker ved å føre pinnen inn framanfrå og sette løkka inn på venstre pinne. Strikk løkka gjennom fremre maskeledd som om ho var ei maske i rettstrikk. (Du strikkar maska «vridd rett».)

Auking mot venstre: Plukk opp tråden mellom to masker ved å føre pinnen inn bakfrå og sette løkka inn på venstre pinne. Strikk henne gjennom bakre maskeledd som om ho var ei maske i rettstrikk.

Kast: Lag eit kast på pinnen ved å legge tråden rundt pinnen, nedanfrå høgre pinne og over

på oversida, slik at det blir ei ny maske. På neste runde blir det eit hol under maska. Du vil finne kast som auking i dei oppskriftene som har blondemansjett, og der blir det vesle holet eit dekorativt element i mansjetten.

Fellingar

Fellingane i diagramma er merkt med ein skrå strek i den ruta der fellinga skal skje, og det er forklart om fellinga skal skje mot høgre eller mot venstre. I oppskriftene feller du mot venstre på den venstre sida og mot høgre på den høgre sida.

Fell mot venstre: Ta den første maska laust av, strikk neste maska, og før den lause maska over.

Fell mot høgre: Strikk to masker rett saman.

Lange trådsprang

Når du strikkar med to fargar, hender det at du møter på stadar i mønsteret der det er lange sprang mellom fargane. Det fører til at du kan få lange, lause trådar inne i votten. Eg har prøvd å lage oppskrifter som unngår lange trådsprang. Om du likevel skulle møte på plassar der du synest trådspranga blir for lange, kan du etter 4–5 masker legge trådane om kvarandre ein gong på vranga (tvinne dei), før du strekker arbeidet forsiktig så det ikkje blir for stramt.

Latvisk flette

I enkelte av oppskriftene vil du støyte på ei latvisk flette. Ho ligg vassrett i strikketøyet,

altså på tvers, og ho står litt ut og dannar eit dekorativt element på votten. Fletta skal strikkast rundt og rundt over tre rundar.

Runde 1: Strikk rette masker med annakvar maske i grunnfargen og annakvar maske i mønsterfargen.

Runde 2: Legg først begge trådane framfor arbeidet. Strikk vrange masker, framleis med annakvar maske i grunnfargen og annakvar i mønsterfargen, men pass på at du har tråden liggande framfor arbeidet medan du strikkar, og når du skiftar farge frå den eine maska til den andre, legg du tråden du skal strikke, under den førre tråden. Stram tråden mellom kvar maske. Medan du strikkar runden, vil du sjå at dei to trådane tvinnar seg rundt kvarandre. Du treng ikkje rette det opp, for det vil løyse seg i neste runde.

Runde 3: Fortsett å strikke vrange masker, annakvar i grunnfargen og annakvar i mønsterfargen. Tråden skal ligge framfor arbeidet, men no skal du legge tråden du skal strikke, over tråden frå førre maske. På den måten tvinnar dei to trådane seg opp igjen i løpet av runden. Hugs å stramme for kvar maske.

Om du synest dette var vanskeleg å forstå, vil eg råde deg til å søke opp «latvisk flette» på nettet. Der finn du mange gode instruksjonsfilmar som viser korleis du skal gå fram.

Morgongryvottar

Fredagsvottar

Kveldsturvottar

Babar-vottar

Høne-pøne-vottar

Bruk-opp-restegarn-vottar

Vinkelvottar

Vinterferievottar

Museumsvottar

Svermarvottar

Romjulsvottar

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.