2
VÅRENS BØKER 2017
3
vårens bøker 2017 ©2017 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio
4
INNHALD SKJØNNLITTERATUR 7 Omsett skjønnlitteratur
8
Romanar og noveller
10
Lyrikk og drama
17
Pocket 26 FAKTA OG DOKUMENTAR
35
BARNE- OG UNGDOMSBØKER
47
Barnebøker 48 Pocket
56
Ungdomsbøker 59 HØGARE UTDANNING
67
Syn og Segn
78
Kontakt oss
81
5
6
SKJØNNLITTERATUR
7
skjønnlitteratur | omsette romanar
ELENA FERRANTE
SVIKNE DAGAR 38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv. Ein djuptborande, smerteleg kontant roman.
roman | ISBN: 9788252193336
the new yorker
PRIS KR 349,– | MARS
e-bok | ISBN: 9788252193343
Ferrantes forteljing er like brutal som ho
PRIS KR 349,– | MARS
er elegant, like barberbladskarp som ho er underleg lindrande. Dette er ei bok du kan lese «Om ikkje denne romanen er stor litteratur, så forstår ikkje eg kva som kan vere det.» elle
ferdig på ein ettermiddag, men du ber henne med deg resten av livet. the literary hub
Ferrantes tema, det same som driv både underhaldningslitteraturen og elena ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 44 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.
8
fjernsynsseriane, har sjeldan vore undersøkt så grundig som dette i den seriøse litteraturen. new york times
skjønnlitteratur | omsette romanar
OLGA RAVN
CELESTINE Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn. Omsett av Inger Bråtveit. roman | ISBN: 9788252189261
... sitter som et smash fra en badmintonracket. klassekampen
PRIS KR 299,– | FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252189278 PRIS KR 149,– | FEBRUAR
Olga Ravn slipper raseriet løs med et besættende sprogligt overskud. politiken
Gnistrende skarpt. information
Jag forsöker komma underfund med vad det är
olga ravn (f. 1986) er utdanna ved
som gör Celestine så lysande. Men egentligen
Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar,
vill jag inte begripa det. Bara konstatera at
forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske
boken är perfekt.
forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg uppsala nya tidning
æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.
9
skjønnlitteratur | romanar og noveller
INGVILD HOLVIK
PREMIEN FOR ALT Skarpt om alderdom og verdigheit Mali Fredrikke Sjursen er 79 år gammal. Til no har ho budd heime, men då helsa skrantar, kjem ho på avlastning på sjukeheimen. Der byrjar ho å gruble over tilfeldigheitene som styrer eit liv, det som blir noko av, det som ikkje blir noko av, og alt som blir halde skjult. Kan Mali bli forsona med sonen Thomas, det einaste barnet ho fekk? Kva med den avdøde søstera Jenny, som er den einaste grunnen til at ho sjølv blei fødd? Med eit presist språk og tette, morosame dialogar viser Holvik korleis livet kan arte seg mot slutten, når ein tenkjer skarpt og klart, roman | ISBN: 9788252184679
men likevel er heilt avhengig av andre for
PRIS KR 329,– | APRIL
å halde det gåande. Det handlar om alt ein
e-bok | ISBN: 9788252187748
brenn inne med og alt ein skyv frå seg, heilt til
PRIS KR 259,– | APRIL
det siste.
ingvild holvik (f. 1976) debuterte til strålande kritikkar i 2010 med romanen Lykkefeltet. Premien for alt er den andre romanen hennar. Holvik har også omsett Attila Bartis’ Stillheten, og for denne blei ho nominert til Brageprisen.
10
skjønnlitteratur | romanar og noveller
RØNNAUG KLEIVA
WESTERN DESERT Eit par er på reise i Afrika, og utset heimreisa: Dei har ikkje lenger nokon å komme heim til. Ein far sørgjer over tapet av kona, og vil berre forsvinne, men han har ei dotter å ta seg av. Ein forfattar går bort, og straks vil alle vise kor godt dei kjende han. I Rønnaug Kleivas nye novellesamling møter vi menneske som får utfordra relasjonar, sjølvoppfatning og livsperspektiv. Dei mørke tematikkane i novellene er opplyste av Kleivas skarpe blikk, humoristiske replikkar og underhaldande refleksjonar.
roman | ISBN: 9788252193152 PRIS KR 329,– | FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252193169 PRIS KR 149,– | FEBRUAR
rønnaug kleiva (f. 1951) har skrive noveller, dikt, romanar, skodespel og bøker for barn. Ho har motteke fleire prisar for bøkene sine og er omsett til ei rekkje språk.
11
skjønnlitteratur | romanar og noveller
RAGNHILD KOLDEN
DET GODE VI IKKJE GJER Selma Salinger får det rutineprega livet sitt brote opp då Paul Lund flyttar tilbake til heimbygda. Ein gong skulda ho han for eit alvorleg brotsverk, men han blei frikjend. Dei vonde minna tek igjen overhand i Selma sitt liv, og ho går drastisk til verks for å gjere opp for urett i fortida, og for å rette opp relasjonen til dotter si, Jenny. Men er Selmas versjon av det som skjedde, den rette? Det gode vi ikkje gjer er ei sterk historie om skuld, fortrenging og unnlatingssynder.
roman | ISBN: 9788252190588 PRIS KR 349,– | UTG. FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252190595 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR
ragnhild kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ein kritikarrost romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigsåra, og skriv kriminalromanar som del av forfattarparet Kroken & Kolden.
12
skjønnlitteratur | romanar og noveller
MARKUS LANTTO
SJÅ HAN SYKLE Etter ein periode på vegen gjennom fleire land orkar ikkje Markus Lantto meir. Han hoppar av frå reisefølgjet og tek inn på eit hotell. Herifrå reflekterer han over reisa han har vore på, og over far sin, som etter lengre tids sjukdom har gått bort. Mellom digresjonar, anekdotar og skrøner skriv Lantto fram fine minne om faren si siste levetid. Sjå han sykle inneheld betraktningar over det forgjengelege ved livet, presentert med varm humor og leiken forteljarkunst. Lanttos prosa er underhaldande, gripande og overraskande.
roman | ISBN: 9788252193138 PRIS KR 329,– | UTG. FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252193145 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR
markus lantto (f. 1973) arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim. Han debuterte i 2014 med Bruken av gjedde.
13
skjønnlitteratur | romanar og noveller
KRISTIN SØRSDAL
MARE Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av? På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under roman | ISBN: 9788252189209 PRIS KR 329,– | UTG. FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252189216 PRIS KR 169,– | UTG. FERBRUAR
stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord. Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.
kristin sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal har tidlegare gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010) og Guds hund (2014), og ho er Elena Ferrantes norske omsetjar.
14
skjønnlitteratur | krim
LARS MÆHLE
DEN STILLE FLOKKEN Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur». Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.
krim | ISBN: 9788252193671
Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste
e-bok | ISBN: 978825219368
plettane i norsk historie: behandlinga av
PRIS KR 149,– | UTG. MARS
PRIS KR 349,– | UTG. MARS
romanifolket gjennom 1900-talet. Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar – og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok
lars mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har
til at det rettferdiggjer hemn?
skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Krimserien med psykolog Ina Grieg er kritikarrost og blir gitt ut på tysk av Ullstein Verlag, som også har Jo Nesbø på si forfattarliste.
15
4
01 frå t 2 ag Dik r d Ut of ts t rn sØ
ei
Th
GENERASJONSROP FRÅ DANSKE POETAR [...] og tru meg når eg seier eg skal røykast ut av vekstideologien ja eg skal røykast ut av vekstideologien eg skal sjå partia rotere som kreftceller om min seksårsdag før eg handlar eg skal sjå dei spreie oska mi ut over alle biologiske morsmål før eg handlar eg skal sjå dei trekke eit fiskegarn fullt av havfruer opp av morgonurinen min kvar skal ein gå med sin kjærleik [...]
theis ørntofts Dikt 2014 blei i Danmark straks omtalt som eit meisterverk og eit generasjonsrop. Saman med asta olivia nordenhof, amalie smith og olga ravn har han blitt utpeikt som ein av dei fremste forfattarane i sin generasjon, i media omtalt som «generasjon etikk». Samlaget gir no ut desse fire sentrale forfattarstemmene i norsk gjendikting. Kvar forfattar har si distinkte stemme og si særeigne estetiske tilnærming. Temaet kan variere frå å handle om kropp, kjønn og oppvekst til ein stat i forfall eller eit Europa i krise, men alle føyer seg inn i ein felles samtale, der omsorga for kvarandre står sentralt, i ein lengt etter ein ny fellesskap med meir tiltru og større likeverd og menneskeverd.
16
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
THEIS ØRNTOFT
DIKT 2014 Samfunnet på kanten av samanbrot Dikt 2014 handlar mellom anna om korleis det kjennest å vere i live i starten av eit tusenår, på kanten av samanbrot og subjektivitet. I eit direkte biletspråk og med ein fandenivaldsk tone uttrykkjer dikta avmakt, resignasjon, krisekjensle og katastrofemedvit. Men det svartsynte eg i diktet møter fortvilinga både usentimentalt og med stor humor. Dikt 2014 kastar lesaren hovudstups inn i apokalypsen, og vil garantert både skremme, fascinere og underhalde. Gjendikta av Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese. lyrikk | ISBN: 9788252189308 PRIS KR 249,– | UTG. JANUAR
e-bok | ISBN: 9788252189315 PRIS KR 149,– | UTG. JANUAR
theis ørntoft (f. 1984) har gått på Forfatterskolen i Danmark. Han debuterte med diktsamlinga YEAHSUITEN i 2009. For denne blei han tildelt Danmarks viktigaste debutantpris, Munch-Christensens Kulturlegat. For Dikt 2014 blei han tildelt Michael Strunge-prisen.
17
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
ASTA OLIVIA NORDENHOF
DET ENKLE OG DET EINSAME Ei stemme til dei som ikkje blir høyrde Dette diktverket overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat, men tek samstundes opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Brutalt, direkte og med ein stor sans for poetisk timing skildrar Asta Olivia Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst. Med ein gjennomført tone vekslar ho mellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon. lyrikk | ISBN: 9788252190175
Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet
PRIS KR 249,– | UTG. JANUAR
som vanlegvis ikkje blir høyrde, og synleggjer
e-bok | ISBN: 9788252190182
maktstrukturar og handlingar i eit samfunn
PRIS KR 149,– | UTG. JANUAR
det er risikabelt å hamne utanfor. Denne samlinga viser eit levd liv i komprimert form, som taler klart og insisterande til oss alle. Gjendikta av Anna Kleiva.
asta olivia nordenhof (f. 1984) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Den andre boka hennar, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei Nordenhof tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris.
18
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
AMALIE SMITH
I SIVIL I sivil er ei forteljing om å vekse saman i kjærleik og frå kvarandre i sjukdom. Amalie Smith rører seg langs den tematiske aksen samling–oppløysing når ho gjennom dikt, kortprosa og eigne fotografi tematiserer om tap og identitet. Tekstane vender seg til ein kjærast som blir ramma av kreft, og undersøkjer fellesskapen og intimiteten som gradvis smuldrar opp. Den essayistiske tonen og dei teoretiske omgrepa speler suverent saman med meir lyriske parti. I sivil er ei vakker bok både i språk, komposisjon og layout. Gjendikta av Siw-Anita Kirketeig.
lyrikk | ISBN: 9788252190151 PRIS KR 249,– | UTG. JANUAR
e-bok | ISBN: 9788252190168 PRIS KR 149,– | UTG. JANUAR
amalie smith (1985) har gitt ut seks bøker sidan ho blei ferdig på Forfatterskolen i 2009. Ho har også bakgrunn frå Det Kongelige Danske Kunstakademi, og i 2015 fekk ho Kronprinsparets Stjernedryspris for arbeidet som forfattar og biletkunstnar.
19
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
OLGA RAVN
EG ET MEG SJØLV SOM LYNG Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk, temperamentsfull og original samling om å rive seg laus frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i denne debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på, og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av overskot og mot. Gjendikta av Inger Bråtveit.
lyrikk | ISBN: 9788252189285 PRIS KR 299,– | UTG. JANUAR
e-bok | ISBN: 9788252189292 PRIS KR 149,– | UTG. JANUAR
0lga ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.
20
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
PETER HANDKE
Stendig storm tek utgangspunkt i Handkes eiga familiehistorie knytt til Kärnten, der det tradisjonelt har vore mange slovenske innbyggjarar, som mor til Handke, og hennar høyde: 188 mm
familie. Stykket handlar om tida like før, under og like etter den andre verdskrigen, opplevde gjennom auga til eit oppveksande barn med slovensk mor og tysk far. Skodespel av Peter Handke
peter handke stendig storm
STENDIG STORM
peter handke vart fødd i 1942 i Kärnten i Austerrike. Handke er forfattar av over femti romanar, forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Peter Handke har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, seinast Den internasjonale Ibsenprisen i 2014. I grunngjevinga for tildelinga vart Handke kalla for «den mest eminente episke poeten» innanfor teaterdiktinga. Dette kjem tydeleg fram i stykket Stendig storm. Det kan lesast både som roman og som teaterstykke. Stendig storm er skrive på prosa med ilagde replikkar, og fortel i fiksjons form Handkes eiga familiehistorie knytt til Kärnten, der det tradisjonelt har vore mange slovenske innbyggjarar. Mellom dei var mor til Handke, og hennar familie. Det er hendingane like før, under og like etter den andre verdskrigen stykket har som emne, som opplevde gjennom augo til eit oppveksande barn med slovensk mor og tysk far.
Peter Handke Stendig storm
Omsett av Jon Fosse Redaktør for serien: Jon Fosse
omslag: stian hole
isbn 978-82-521-8824-0
skodespel av Peter Handke omsett av Jon Fosse redaktør for serien Jon Fosse
samlaget.no
bakside: 115 mm
rygg: 11 mm må justeres
forside: 115 mm
lyrikk | ISBN: 9788252188240 PRIS KR 299,– | UTG. FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252190809 PRIS KR 139,– | UTG. FEBRUAR
peter handke har skrive over femti romanar,
forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Peter Handke har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, seinast Den internasjonale Ibsenprisen i 2014. I grunngjevinga for tildelinga vart Handke kalla for «den mest eminente episke poeten» innanfor teaterdiktinga.
21
skjønnlitteratur | lyrikk og drama
JULIANE RUI
AUDE SÅ RØRSLE KAN SYNAST Juliane Rui viste alt med debutboka i 2011 at ho er ein forfattar som ser det uvanlege i det vanlege. I hennar tredje utgiving, møter vi også eit blikk som tek inn verda på nytt. Dei tilsynelatande enkle dikta observerer dei små og nære tinga, men samanhengane mellom dei utvidar biletet til å gjelde eksistensen til både menneske og dyr. Det blir mana fram ei erkjenning av ein skjebnefellesskap på kloden.
lyrikk | ISBN: 9788252182026 PRIS KR 269,– | UTG. MAI
e-bok | ISBN: 9788252193299 PRIS KR 149,– | UTG. MAI
juliane rui (f. 1982) debuterte med Den hesten er av snø hausten 2011. I 2012 kom Systrer kan bli like gamle. Aude så rørsle kan synast er den tredje diktboka hennar.
22
23
24
25
skjønnlitteratur | pocket
ELENA FERRANTE
DEI SOM FLYKTAR OG DEI SOM BLIR Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som blir, har dei to jentene frå flyktar og dei som blir Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønt fabrikkarbeidar, og tek del i kampen for betre arbeidsvilkår og meir demokrati i 1970-åra. Begge kvinnene har frå dei var barn, prøvd å sleppe unna livet i bydelen der dei voks opp, pocket | ISBN: 9788252190243
eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer
PRIS KR 169,– | JUNI
Elena likevel om det livet Lila har. Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia i 1970-åra, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er
elena ferrante er fødd i Napoli. Sidan
også forteljinga om Italia som nasjon og dei
debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste
gjennomgripande endringane landet går
romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante eit
gjennom frå 1950-åra og fram til i dag.
internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 44 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.
26
Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
skjønnlitteratur | pocket
ELENA FERRANTE
HISTORIA OM DET TAPTE BARNET Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskapelege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei voks opp – eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere
pocket | ISBN: 9788252190250
seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik
PRIS KR 169,– | JUNI
bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set henne på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
elena ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 44 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.
27
skjønnlitteratur | pocket
ANNA GAVALDA
LIVET, TIL DET BETRE Mathilde. Yann. Billie. Tre historier. Tre unge menneske i dagens Frankrike, som alle endrar livet sitt etter eit tilfeldig møte med ein framand. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmåtige liv. Mathilde har kutta ut kunsthistoriestudiet og teke ein jobb ho ikkje liker, Yann jobbar som seljar, men drøymer om noko heilt anna, og Billie, som veks opp i ein heim utan kjærleik, oppdagar ein dag at vennskap finst. Alle som lét seg begeistre av Saman er ein pocket | ISBN: 9788252193985 PRIS KR 199,– | UTG.FEBRUAR
mindre aleine, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Endå ein gong har Anna Gavalda, som har forført mange lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Frå fransk ved Tove Bakke.
Rappkjefta eg-forteljingar om jakta på eit anna gavalda (f. 1970) debuterte i 1999 med novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg,
meiningsfullt liv. steinar sivertsen, stavanger aftenblad
og har sidan vore eit friskt pust i verdslitteraturen. Saman er ein mindre aleine (2005) har selt fleire
Det er ingenting overskridande ved desse
millionar eksemplar og er omsett til over 40 språk.
historiene. Ikkje noko ekstraordinært. Og
Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene
likevel er Gavalda-mirakelet her. Vi smiler. Vi
då ho kom ut i Frankrike.
les. Vi ser det for oss. le bien public
28
skjønnlitteratur | pocket
JØRGEN NORHEIM
ALDRI REDD FOR MØRKETS MAKT Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvann han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist – og etablerer seg som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i den tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv. pocket | ISBN: 9788252193992
Aldri redd for mørkets makt er ein roman om
PRIS KR 199,– | UTG. MARS
stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på 1970-talet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna.
jørgen norheim (f. 1952) har sidan debuten i
jan askelund, stavanger aftenblad
1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen, og Ingen er så
Et imponerende og viktig stykke litteratur. turid larsen, dagsavisen
trygg i fare (2002) blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre. I dag pendlar han
Sprekt, sint og ganske så sant fra Jørgen
mellom Oslo og Berlin.
Norheim, om hvorfor venstresidens nordmenn ble som de ble.
ola hegdal, nrk
29
skjønnlitteratur | pocket
LARS MÆHLE
LINNÉS DYSTRE LÆRDOM Andre bok i serien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Da ho voks opp, forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt. Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live? pocket | ISBN: 9788252194005 PRIS KR 199,– | UTG. MARS
Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er seld til Italia og Tyskland. Spenningen holdes oppe gjennom boka, og det er lagt ut flere snubletråder underveis. Avslutningen er både dramatisk og overraskende. sven gjeruldsen, tvedestrandsposten
lars mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Krimserien med psykolog Ina Grieg er kritikarrost
Linnés dystre lærdom er ei god krimbok med
og blir gitt ut på tysk av Ullstein Verlag, som også
djupare botn enn det vi finn i mange andre
har Jo Nesbø på si forfattarliste.
krimromanar. Den har eit nydeleg språk, og boka er stemningsskapande og til tider beint fram uhyggeleg. (…) Boka skil seg ut som ei av dei aller beste norske krimbøkene eg har lest i år. geir tangen, bokbloggar
30
skjønnlitteratur | pocket
PATTI SMITH
JUST KIDS Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max’s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til den elska vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv tidleg på 1970-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett
pocket | ISBN: 9788252193696 PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR
avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskrinsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen
PATTI SMITH (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. Ho er blitt kalla «pønkens gudmor».
31
skjønnlitteratur | pocket
PATTI SMITH
M TRAIN M Train tek til i den vesle Greenwich Villagekafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. Ho inviterer oss inn i New York-kvardagen sin, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tekne med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. M Train er ei kraftfull og djupt rørande pocket | ISBN: 9788252193626 PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252193633 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR
memoarbok av ein av vår tids største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. Til norsk ved Brit Bildøen.
patti smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. Ho er blitt kalla «pønkens gudmor».
32
34
FAKTA OG DOKUMENTAR
35
fakta og dokumentar
ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK
BERLINHISTORIER
KALD KRIG I DEN DELTE BYEN I skvis mellom to supermakter I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk AustTyskland. Berlin blei liggjande inne i AustTyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989.
historie | ISBN: 9788252192384 PRIS KR 349,– | FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252192391 PRIS KR 229,– | FEBRUAR
Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side. Vi møter blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. Vi
astrid sverresdotter dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. I 2013 fekk Dypvik glitrande kritikkar for Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land.
36
møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret, og vi råkøyrer med Werner Stiller, i dag Peter Fischer, eks-Stasi-agent som ei tid var mellom dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske.
fakta og dokumentar
ANNE GUNN HALVORSEN
LIVET, OG KORLEIS LEVE DET Ein klok og humoristisk introduksjon til vaksenlivet «Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenkjer eg og stirer på det vesle rekkjehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg.»
dokumentar | ISBN: 9788252192896 PRIS KR 299,– | FEBRUAR
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått
e-bok | ISBN: 9788252193886
to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg
PRIS KR 120,– | FEBRUAR
gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og
anne gunn halvorsen (f. 1984) har arbeidd
samlivskurs, inn i forskingsrapportar,
som journalist i 13 år, og kjem frå Vikedal i
oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå
Rogaland.
Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare – og få deg til å senke skuldrene, litt.
37
fakta og dokumentar
KATRINE SELE
JØLSTER HOTELL HISTORIER FRÅ EIT ASYLMOTTAK Verda midt i Jølster I 2010 blei Jølster hotell asylmottak. Det staselege sveitsarhuset som har teke imot gjestar frå 1800-talet til vår tid, husar i dag kring hundre asylsøkjarar frå Syria, Eritrea, Etiopia, Sudan, Somalia, Afghanistan, Irak, Iran og Egypt. Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eitt av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster hotell er samtid | ISBN: 9788252192407
inga vanleg dokumentarisk skildring av
PRIS KR 329,– | UTG. MARS
flyktningsituasjonen i dag, men ei nær og
e-bok | ISBN: 9788252192414
varm forteljing om korleis det er å vente,
PRIS KR 329,– | UTG . APRIL
vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje. Det er ei forteljing om forvirring og fortviling, sakn og lengt, krig og kjærleik. På 1800-talet, då hotellet blei bygd, var det jølstringane som utvandra til Amerika – kring tusen personar i alt. No, eit par hundreår
katrine sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen.
38
seinare, er det dei andre som kjem til oss.
fakta og dokumentar
MORTEN SØBERG
EKOFISK, EIDSVOLL EIT ESSAY OM OLJEPENGAR OG GRUNNLOVA Kan oljefondet vare evig? Oljefondet er i dag det største fondet i verda. Handlingsregelen er meint å sikre fondet til evig tid. Slik er det ikkje lenger. Noverande regjering legg opp til ein pengebruk som kan føre til at fondet er tomt i løpet av nokre tiår. Morten Søberg, samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, stiller i denne boka eit heilt sentralt spørsmål for nasjonen Noreg: Kan oljeformuen vår tryggjast til evig tid?
essay | ISBN: 9788252193879
Søberg startar i 1969. Dette er året då Ekofisk-
e-bok | ISBN: 9788252193909
feltet blei funne i Nordsjøen og den norske
PRIS KR 120,– | UTG. MARS
PRIS KR 329,– | UTG. MARS
økonomien blei forandra radikalt. Det er også året då han sjølv blei fødd. I Ekofisk, Eidsvoll reflekterer Søberg over korleis hans eiga historie er samanbunden med historia om Oljefondet. Han går tilbake til gamle arkiv for å sjå kva statsmenn tidlegare har tenkt om grunnlov, statsfinansar og handlingsreglar. Han reiser til Karibia, Tyskland og USA. Og på vegen rekonstruerer han si eiga slektshistorie, soga om ein tysk kjøpmann som endar opp med å gi lån til den svenske staten – ein formue som til slutt går tapt. Ekofisk, Eidsvoll er eit dristig og velformulert innlegg i debatten om Noregs framtid, frå ein av Noregs mest originale essayistar.
morten søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim. Han er samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, og arbeider no som direktør for samfunnskontrakt i SpareBank 1. Tidlegare har han skrive bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget, Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar og Rapport frå Finansdepartementet. Ei statssekretærreise. Ekofisk, Eidsvoll. Eit essay om oljepengar og Grunnlova er den fjerde boka hans.
39
fakta og dokumentar
ÅSNE VALLAND NORDLI
MINSTE MINSTE Om fattigfolk frå Romania og eit forsøk på å gjere ein forskjell Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bønn om hjelp. Tiggarar frå Romania blir karakteriserte som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar. Ukvemsorda om denne gruppa har hagla på nettet og i avisspaltene. Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe fattigfolk, særleg gateborn. Valland Nordli fortel si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Me blir kjende med fattigfolka som blei dei nære samtid | ISBN: 9788252193855 PRIS KR 329,– | UTG. MARS
e-bok | ISBN: 9788252193862 PRIS KR 209,– | UTG . MARS
åsne valland nordli (f. 1975) kjem frå Norheimsund i Hardanger. Valland Nordli er profesjonell folkesongar. Ho har mellom anna spelt inn seks plater på plateselskap som ECM og Kirkelig Kulturverksted. I fem år budde ho i hamnebyen Constanta i Romania. Der arbeidde ho og ektemannen for Ungdom i oppdrag. Dei dreiv kristne humanitære prosjekt blant gatebarn.
40
vennene hennar, og som har endra henne for livet. Valland Nordli minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med liv, draumar og historier som me i oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre.
fakta og dokumentar
EINAR ØKLAND
NORWEGEN, SCHÖNES LAND! TYSKPRODUSERT FREDSPROPAGANDA I NORGE 1940–1945 Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og maleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte
historie | ISBN: 9788252192421 PRIS KR 429,– | FEBRUAR
månadsmagasin og tidsskrift. Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var. Målgruppa var eit tysk publikum – ved at okkupantane sende postkort eller fine
einar økland (f. 1940) har sidan 1963 gitt ut ei
kunstmapper til slekt og venner i heimlanda,
rekkje bøker i fleire skjønnlitterære sjangrar. I tillegg
men reproduksjonane var også til sals i
til åtte artikkelsamlingar har han skrive eller redigert
Tyskland. Med landskapsskildringar frå Jæren,
eit titals sakprosabøker om visuelle emne innanfor
Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør,
«popular arts» som bok- og magasinillustrasjonar,
via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik,
reklame og andre masseproduserte trivialia. Han har
Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med
dessutan publisert større monografiar om Theodor
desse reproduksjonane vise den nordiske
Kittelsen, Harald Damsleth og historia til den
delen av det storgermanske riket.
norske maleboka.
41
fakta og dokumentar | pocket
MAGNHILD FOLKVORD
BETZY KJELSBERG FEMINIST OG BRUBYGGJAR Feminist og brubyggjar Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866–1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919. Kanskje var ho også den første kvinna som irettesette ektemannen sin frå talarstolen på eit offentleg møte iallfall i Drammen? samtid | ISBN: 9788252194340 PRIS KR 169,– | MARS
Lista over alt Kjelsberg var først med er lang. Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine.
Den første faglig funderte biografien om Betzy Kjelsberg er et grundig og inspirerende opplysningsverk. hedda lingaas fossum, klassekampen
magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2015 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka
Magnhild Folkvords biografi om feministen
Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma?
Betzy Kjelsberg utvider norsk historie.(...)
i samarbeid med Ebba Wergeland. I 2013 gav
«Betzy Kjelsberg» anbefales til alle som vil vite
Folkvord ut biografien Fredrikke Marie Qvam.
mer om feminismens lange og stolte tradisjon
Rabaldermenneske og strateg.
helt tilbake til 1800-tallet. marius wulfsberg, dagbladet
42
fakta og dokumentar | pocket
MAGNHILD FOLKVORD
FREDRIKKE MARIE QVAM RABALDERMENNESKE OG STRATEG Rabaldermenneske og strateg Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie
historie | ISBN: 9788252194357
Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral
PRIS KR 169,– | MARS
Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.
Boka bringer ny kunnskap om kvinnekampen i Norge rundt forrige århundreskiftet. Den handler ikke bare om nederlag, seire og massemøter, men om hvordan enere som Qvam organiserte arbeidet og oppnådde
magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna
historiske resultater. Boka anbefales på
adjunkt. Frå 1999 til 2015 arbeidde Folkvord som
det varmeste. Den er et viktig bidrag i
journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka
jubileumsåret 2013.
Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma?
hanne marie johansen, klassekampen
i samarbeid med Ebba Wergeland. I 2013 gav Folkvord ut biografien Fredrikke Marie Qvam.
Befriende med en grundig fortelling om en av
Rabaldermenneske og strateg.
de mindre kjente kvinnepionerene. torstein hvattum, aftenposten
43
fakta og dokumentar | pocket
ARNHILD SKRE
HULDA GARBORG NASJONAL STRATEG Rikt illustrert biografi om allsidig føregangskvinne «Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.» Hulda Garborg (1862–1934) tok oss på kornet i dagboka si. I denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist Arnhild Skre også om alt det andre Hulda Garborg var: Populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og biografi | ISBN:9788252193268 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR
livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn? Nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.
arnhild skre (f. 1952) har solid og mangslungen røynsle som kulturjournalist i fleire år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho er historikar av utdanning og har skrive fleire bøker, mellom anna den kritikarroste biografien om Ragnhild Jølsen.
44
46
BARNE- OG UNGDOMSBØKER
47
barne- og ungdomsbøker | leseland
ANNA R. FOLKESTAD
PLOMMEPROBLEM Ny bok i serien om Besta og Bo! Bo, Besten og Besta skal på fest. Dei skal kle seg ut. Besta treng plommer til kostymet sitt, men i treet er det også mykje veps. Heldigvis får Bo ein idé! Plommeproblem er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Besta og Bo: Tanntrøbbel lettlesbok | ISBN: 9788252187229
Besta og Bo: Krabbekrise
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252192483 PRIS KR 75,– | MARS
anna r. folkestad (f. 1983) er forfattar og illustratør og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Unni og Gunni. I 2012 fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for Unni og Gunni reiser.
leseland nivå 1 48
barne- og ungdomsbøker | leseland
ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)
VISSTE DU AT …? KATT Visste du at katten bruker halen til å halde balansen? Eller visste du at kattar søv det meste av livet sitt? Og at dei drøymer når dei søv? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om det vanlegaste kjæledyret i Noreg, nemleg katten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. Mjau! Visste du at …? KATT er ein del av Samlagets
lettlesbok | ISBN: 9788252193213
Leseland for barn som lærer å lese. Dette er
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
gode historier med enkel tekst og sjarmerande
e-bok | ISBN: 9788252193244
illustrasjonar, skapte for å stimulere og
PRIS KR 75,– | MARS
inspirere ferske lesarar. Les også: Visste du at …? HEST Visste du at …? HUND
anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.
leseland fakta nivå 1 49
barne- og ungdomsbøker | leseland
ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)
VISSTE DU AT …? HUND Visste du at hundar sveittar frå nasen? Eller visste du at ein hund er like smart som eit barn på to år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hunden, mennesket sin beste venn. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. Voff! Visste du at …? HUND er ein del av Samlagets lettlesbok | ISBN: 9788252193190
Leseland for barn som lærer å lese. Dette er
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
gode historier med enkel tekst og sjarmerande
e-bok | ISBN: 9788252193220
illustrasjonar, skapte for å stimulere og
PRIS KR 75,– | MARS
inspirere ferske lesarar. Les også: Visste du at …? HEST Visste du at …? KATT
anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.
leseland fakta nivå 1 50
barne- og ungdomsbøker | leseland
ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)
VISSTE DU AT …? HEST Visste du at hesten kan sove ståande? Eller visste du at hesten kan tisse nesten 10 liter i løpet av ein dag? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hesten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. Vrinsk! Visste du at …? HEST er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande
lettlesbok | ISBN: 9788252193206
illustrasjonar, skapte for å stimulere og
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
inspirere ferske lesarar.
e-bok | ISBN: 9788252193237 PRIS KR 75,– | MARS
Les også: Visste du at …? HUND Visste du at …? KATT
anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.
leseland fakta nivå 1 51
barne- og ungdomsbøker | leseland
DAN HÖJER OG PER DEMERVALL
SUPERRASK Fartsfylte og lettlesne fakta! Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dalbanen i verda? Kva heiter den raskaste greske guden? Og kor fort svømmer eigentleg eit menneske – i forhold til ein hai? Dette er ei bok om det å vere rask. Her møter vi raske fuglar, tog, menneske og planetar. Og ein får tenkt igjennom: Er det alltid best å vere rask? Boka har mange spennande og morosame fakta, og artige, fartsfylte illustrasjonar. Superrask er ein del av Samlagets Leseland for lettlesbok | ISBN: 9788252190816
barn som lærer å lese. Dette er gode historier
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar,
e-bok | ISBN: 9788252190861
skapte for å stimulere og inspirere ferske
PRIS KR 75,– | MARS
lesarar. Frå svensk ved Ole Jan Borgund. Les også: Supersterk Supersmart
dan höjer (f. 1964) er forfattar og journalist. Han har skrive ei rekkje bøker, både sakprosa og skjønnlitterære bøker, for både barn og vaksne. I Sverige er han mest kjend som barnebokforfattar. Höjer bur i Stockholm. per demervall (f. 1955) er illustratør, forfattar og formgivar. I Sverige er han særleg kjend for teikneseriane sine. Demervall bur i Stockholm.
leseland fakta nivå 3 52
barne- og ungdomsbøker | leseland
DAN HÖJER OG PER DEMERVALL
SUPERSTERK Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar I denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar … Teksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon. lettlesbok | ISBN: 9788252190830
Supersterk er ein del av Samlagets Leseland for
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
barn som lærer å lese. Dette er gode historier
e-bok | ISBN: 9788252190847
med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar,
PRIS KR 75,– | MARS
skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Ole Jan Borgund. Les også: Superrask Supersmart dan höjer (f. 1964) er forfattar og journalist. Han har skrive ei rekkje bøker, både sakprosa og skjønnlitterære bøker, for både barn og vaksne. I Sverige er han mest kjend som barnebokforfattar. Höjer bur i Stockholm. per demervall (f. 1955) er illustratør, forfattar og formgivar. I Sverige er han særleg kjend for teikneseriane sine. Demervall bur i Stockholm.
leseland fakta nivå 3 53
barne- og ungdomsbøker | leseland
DAN HÖJER OG PER DEMERVALL
SUPERSMART Om smarte dyr, oppfinningar og menneske Kva betyr det eigentleg når ein seier at nokon er smart? Og har storleiken på hjernen noko å seie? I denne boka møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar, mellom andre Albert Einstein, Marie Curie og Leonardo da Vinci. Men det finst også ulike måtar å vere smart på. Ein kan til dømes vere kjensle-smart, altså flink til å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler. lettlesbok | ISBN: 9788252190854
Supersmart tek for seg ulike rekordar i det å
PRIS KR 169,– | FEBRUAR
vere smart. Boka kombinerer tankevekkjande
e-bok | ISBN: 9788252190861
fakta med tøffe illustrasjonar.
PRIS KR 75,– | MARS
Supersmart er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Ole Jan Borgund. Les også: dan höjer (f. 1964) er forfattar og journalist. Han har skrive ei rekkje bøker, både sakprosa og
Superrask Supersterk
skjønnlitterære bøker, for både barn og vaksne. I Sverige er han mest kjend som barnebokforfattar. Höjer bur i Stockholm. per demervall (f. 1955) er illustratør, forfattar og formgivar. I Sverige er han særleg kjend for teikneseriane sine. Demervall bur i Stockholm.
leseland fakta nivå 3 54
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
INGUNN THON
OLLIS Spennande, gripande og morosam barneroman Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot.
frå 7 år | ISBN: 9788252192520 PRIS KR 249,– | FEBRUAR
e-bok | ISBN: 9788252192537 PRIS KR 149,– | MARS
Illustrert av Nora Brech.
Debutant
ingunn thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Påskemorgen og Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter. nora brech (f. 1988) er illustratør. Ho bur i Oslo og er utdanna ved Westerdals.
55
barne- og ungdomsbøker | pocket, barn og ungdom
INGUNN RØYSET
BREVET FRÅ KRIGEN BARNDOM 1940–45
Ei dramatisk skildring av korleis det er å vekse opp i krig Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg. Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre fakta for barn | ISBN: 9788252189537
seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom
PRIS KR 279,– | UTG. APRIL
dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.
ingunn røyset (f. 1965) er journalist og forfattar. Ho debuterte med Prins Storm i 2012, og har sidan gitt ut to romanar om krigen for barn og unge: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. jorun emilie holm (f. 1928) voks opp på Lindøya i Oslofjorden. Ho flytta sidan til Ulsteinvik saman med mannen sin, og bygde opp ei forretningsverksemd i lag med han. Jorun er i dag enkje.
56
Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.
barne- og ungdomsbøker | pocket, barn og ungdom
PIA STRØMSTAD
DO
– EI STINKANDE REISE GJENNOM BÆSJENS HISTORIE Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde
fakta for barn | ISBN: 9788252193893 PRIS KR 249,– | UTG. APRIL
av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida? Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg. pia strømstad (f. 1963) er forfattar og journalist. Ho har skrive fleire faktabøker for barn tidlegare, mellom anna om spøkelse, julenissen, olje og 17. mai. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomsbøker 2011, i kategorien for beste fagbok. flu hartberg (f. 1979) er illustratør og teikneserieskapar. Han har illustrert fleire bøker for barn og ungdom, og er medlem av teikneseriefellesskapet Dongery.
57
barne- og ungdomsbøker | pocket, barn og ungdom
ERNA OSLAND
VAKEN Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta! VAKEN? er ei fagbok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv? fakta for barn | ISBN: 9788252192612 PRIS KR 249,– | MARS
erna osland (f. 1951) er busett i Sogn og Fjordane og har skrive ei rekkje prislønte bøker i mange sjangrar for barn og ungdom. anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.
58
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
GERARD VAN GEMERT
KAMPEN OM POKALEN
FOTBALLGUDANE 1 Første bok i ny fotballserie! Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas. I denne boka blir dei vikla inn i ein kvass strid med det største rivallaget sitt: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen – men også om mykje meir! Då eit par gutar frå Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Og med oppdaginga følgjer det uventa problem. Greier Stein og Storm å konsentrere seg om fotballspelet? Og vil Stein lykkast med å vinne hjartet til Femke, eller vil han aldri kunne bli noko anna enn vennen til
9–12 år | ISBN: 9788252186888
veslebror hennar?
PRIS KR 179,– | JANUAR
Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters.
PRIS KR 149,– | JANUAR
e-bok | ISBN: 9788252193756
Det eg synest er mest spennande, er om Stein og Femke blir kjærastar. – charlotte (13) Eg las boka på éin kveld. Eg håper verkeleg at del to er like spennande. – jimmy (12) Det er gøy å lese, fordi det ikkje berre handlar om fotball. – marit (14)
gerard van gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og
Eg syntest det var ei spennande fotballbok! Eg
ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken
har alt hatt ein bokpresentasjon på skulen om
av fotball, og då han var liten, drøymde han om å bli
denne boka. – dennis (11)
fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande
Les også:
bøkene om fotballgudane.
Farleg spel Utfinting
59
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
GERARD VAN GEMERT
FARLEG SPEL
FOTBALLGUDANE 2 Ei ny og spennande forteljing om fotballgudane FK Rapitas er med som einaste amatørklubb i kampen om ein nasjonal tittel. I tillegg har sponsoren deira gitt dei ei reise til London som lønn for godt spel. Dei skal få sjå semifinalekampen i Champions League, mellom Petchwood United og Kick ’69. Men det som skulle vere ei avslappa og hyggeleg reise, forandrar seg til eit mareritt. Ei uventa hending gjer at Stein og Storm blir vikla inn i eit farleg spel av intrigar og fotballbedrag. Heldigvis har dei fotballkløkt nok til å redde situasjonen. Dei får til og med innverknad på resultatet i semifinalen! 9–12 år | ISBN: 9788252186901 PRIS KR 179,– | JANUAR
Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters.
e-bok | ISBN: 9788252193763 PRIS KR 149,– | JANUAR
Etter kvart kapittel var eg så fylt av spenning at eg ikkje kunne vente med å lese det neste. – jari (9)
På same måte som eg gler meg til neste Harry Potter, sit eg og ventar på den nye Fotballgudane. – matthias (11) gerard van gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og
Les også:
ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken
Kampen om pokalen
av fotball, og då han var liten, drøymde han om å bli
Utfinting
fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane.
60
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
GERARD VAN GEMERT
UTFINTING
FOTBALLGUDANE 3 Tredje bok i den medrivande serien om fotballgudane. Denne gongen står det endå meir på spel! Stein og Storm har sjansen til å komme med på juniorlandslaget som skal delta i den europeiske fotballmeisterskapen i Barcelona! Samstundes skal Kick ’69 spele Champions League-finale i same byen. For å bli valde må gutane vise kva dei kan på banen. Er dei gode nok? Under treningsleiren kjem Stein og Storm på sporet av ein dopingskandale, som vennene deira også blir dregne inn i. Dei vil avsløre dei skuldige, men gjer dei det, risikerer dei også å gå glipp av plassen sin i meisterskapen.
9–12 år | ISBN: 9788252186918 PRIS KR 179,– | JANUAR
Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters.
e-bok | ISBN: 9788252193770 PRIS KR 149,– | JANUAR
Ei kjempemorosam bok. Kan anbefalast til alle som liker fotball. – tristan (10) Når eg les bøkene i Fotballgudane-serien, kjennest det alltid som om eg er med og opplever det sjølv. – kick (9) Før likte eg ikkje å lese, men no kan eg ikkje
gerard van gemert (f. 1964) er ein
stoppe, takk vere Fotballgudane. – pieter (11)
nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken
Les også:
av fotball, og då han var liten, drøymde han om å bli
Kampen om pokalen
fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet
Farleg spel
for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane.
61
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
METTE EIKE NEERLIN
HEST, HEST, TIGER, TIGER Tragikomisk og prisvinnande bok Honey er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. Og på skulen prøver ho å vere venn med alle. Men ho har eit problem: Ho lyg. Det er nesten så ho ikkje kan kontrollere det. Og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle med – ein busstur som snur opp ned på kvardagen hennar. Frå dansk ved Brit Bildøen.
Det her er simpelthen en af de bedste bøger, jeg længe har læst. Glæd dig! frå 10 år | ISBN: 9788252192544
weekendavisen
PRIS KR 149,– | JANUAR
e-bok | ISBN: 9788252192551
Er det en sørgelig bog? Nej. Den er fuld af
PRIS KR 149,– | JANUAR
kærlighed til personerne, så man får lyst til at gå ud og gøre ligeså – tage den forkerte bus og se, hvad der sker. Forfatteren fik fortjent årets Skriverpris. ***** politiken
Mette Eike Neerlin viser her, at hun er en fornem fortæller, der med elegance og styrke kan fortælle en svær historie på en meget enkel mette eike neerlin (f. 1979) er ein dansk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom.
måde.***** berlingske
Neerlin skriv i realistiske sjangrar om alvorlege emne, men språket og tonen er lett og ofte
Dette er en virkelig både pinlig og komisk, men
humoristisk. Eit tema som går igjen i bøkene
også rørende og livsbekræftende historie.
hennar, er barn som på ulike måtar blir oversett av omgivnadene. For Hest, hest, tiger, tiger fekk ho Undervisningsministeriets Skriverpris 2015.
62
børn & bøger
barne- og ungdomsbøker | barnebøker
MARIT KALDHOL
Z FOR SORRY Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv. Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre
ungdom | ISBN: 9788252193961
sviv omkring åleine i utkanten.
PRIS KR 269,– | UTG. MARS
e-bok | ISBN: 9788252193978 PRIS KR 149,– | UTG. MARS
marit kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.
63
barne- og ungdomsbøker | ungdom
LARS MÆHLE
JAG ÄR SUPERMANN Ungdomsnoveller som slår Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad. Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding ungdom | ISBN: 9788252191233 PRIS KR 229,– | MAI
e-bok | ISBN: 9788252191240 PRIS KR 149,– | MAI
lars mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og var nominert til Brageprisen. Boka blei også nemnd som ei av dei 35 beste i kåringa av «Tidenes beste norske ungdomsromaner» i Dagbladet i 2014.
64
av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.
66
HØGARE UTDANNING
67
høgare utdanning
TONE BIRKELAND, GUNVOR RISA OG KARIN BEATE VOLD
NORSK BARNELITTERATURHISTORIE 3. UTGÅVA Norsk barnelitteraturhistorie er standardverket for alle som er interesserte i norsk barne- og ungdomslitteratur. Verket gir ei samla framstilling av den norske litteraturen for barn og unge gjennom meir enn 200 år, og omfattar skjønnlitteratur, både den kritikarroste og den populære, og faglitteratur. Verket drøftar òg utviklinga av den barnelitterære institusjonen – i bokbransje, bibliotek, skule og forsking – og korleis andre medium har gjort bruk av og påverka barnelitteraturen. høgare utdanning | ISBN: 9788252188578 PRIS KR 699,– | UTG. MARS
Den nye, reviderte utgåva av NNorsk barnelitteraturhistorie er utvida med litteraturen frå 2005–2015 med nye forfattarskap, teksttypar, tema
tone birkeland er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen. Ho har vore medforfattar av Den norske biletboka (1993), Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (2000/2006/2012) og av det prisbelønte norskverket Soria Moria. gunvor risa er tidlegare førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Ho har skrive fleire artiklar om barnelitteratur, mellom anna i Norsk kvinnelitteraturhistorie (1988). Medforfattar av Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (2000/2006). karin beate vold er cand.philol. og tidlegare direktør for Norsk barnebokinstitutt (1985–2008). Ho har arbeidd som kritikar og forlagsredaktør, skrive artiklar og redigert antologiar om barnelitteratur, og vore medredaktør for Årboka Litteratur for barn og unge (1998–2010).
68
og skrivemåtar, og med nye illustratørar og visuelle uttrykksformer. Verket legg vekt på samspelet mellom barnelitteraturen og skiftande litteratursyn i samfunnet, og viser korleis litteraturen utviklar seg mellom kunst og pedagogikk.
høgare utdanning
BIRGITTE FONDEVIK OG PÅL HAMRE (RED.) Birgitte Fondevik og Pål Hamre (Red.)
NORSK SOM DANNINGS- OG REISKAPSFAG
norsk som reiskapso g da n n i n g s fa g
Norsk som danning- og reiskapsfag er ei artikkelsamling som tek for seg den særeigne stillinga norskfaget har i skulen. I boka tek forfattarane opp historia til faget, og faget si legitimering i skulen i dag. Vidare er eit vidt spekter av aktuelle tema dekte i boka, mellom anna bruk av testar og nasjonale prøver, digital kompetanse, norsk som andrespråk, lese- og skrivevanskar, grunnleggjande ferdigheiter og sidemålsopplæring. Boka er skriven for studentar i grunnskuleutdanningane.
høgare utdanning | ISBN: 9788252194104 PRIS KR 299,– | UTG. APRIL
birgitte fondevik er førstelektor i norsk ved Høgskulen i Volda. pål hamre (f. 1971) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Han underviser i norskfaglege emne i lærarutdanningane og arbeider med vidareutdanningstilbod i norsk for lærarar. Faglege interessefelt er faghistorie, utdanningshistorie, litteraturdidaktikk og legitimeringsspørsmål knytt til skulefaget norsk.
69
høgare utdanning
NILS GILJE
HERMENEUTIKK
MEINING OG FORSTÅING I VITSKAPANE OM MENNESKET Hermeneutikk er læra om korleis ein skal tolke menneskelege uttrykk som tekstar, ritual og handlingar. I denne boka gir Nils Gilje ein introduksjon til denne metodelæra og arbeidsmåten, som er grunnleggjande i alle vitskapar om mennesket. Allereie den greske filosofen Platon omtalte hermeneutikk som ein tolkingskunst basert på bestemte reglar. I første del av boka får vi ei oversikt over korleis dei hermeneutiske metodereglane blei utvikla frå Spinoza på 1600-talet til Wilhelm høgare utdanning | ISBN: 9788252193657
Diltheys moderne skilje mellom naturvitskap og dei
PRIS KR 269,– | UTG. MAI
humanistiske vitskapane. Her blir det også drøfta kva rolle intensjonane til aktøren kan ha i tolkinga av tekstar og handlingar, og hermeneutisk holisme og den «hermeneutiske sirkelen» får ein sentral plass. Andre del av boka tek for seg nyare bidrag til hermeneutikken. Her blir den filosofiske hermeneutikken til Hans-Georg Gadamer presentert, med særleg vekt på den rolla fordommar og forut-forståing har i alt tolkingsarbeid. Boka inneheld også introduksjonar til tema som dobbel hermeneutikk, mistankens hermeneutikk og
nils gilje (f.1947) er professor i filosofi og vitenskapsteori ved Institutt for kulturstudier og kunsthistorie, Universitetet i Bergen.
70
miskunnsame tolkingar.
høgare utdanning
ANDERS GULLESTAD, CHRISTINE HAMM, JØRGEN SEJERSTED, EIVIND TJØNNELAND OG EIRIK VASSENDEN
INNFØRING I SJANGERLÆRE Innføring i sjangerlære er ei grunnbok for bachelorstudentar i nordisk språk og litteratur, for studentar i litteraturvitskap, og for dei som tek norsk som ein del av lærarutdanninga. Boka tek for seg dei tradisjonelle sjangrane epikk, drama og lyrikk. I tillegg er det eit innleiingskapittel som drøftar sjangeromgrepet, og eit kapittel om sakprosa. Kvart kapittel gir ei grunnleggjande innføring i historia, kjenneteikna og dei analytiske omgrepa til sjangeren. Dei litterære omgrepa
høgare utdanning | ISBN: 9788252193305
og det litterære fagspråket blir grundig
PRIS KR 425,– | UTG. FEBRUAR
handsama og er illustrerte med tekstdøme. Her er også modelltekstar som viser korleis ein kan analysere tekstar i dei ulike sjangrane. Denne boka tilbyr ei grundig innføring i epikk, lyrikk, drama og sakprosa i ei bok. anders gullestad er førsteamanuensis i skandinaviske områdestudium ved Universitetet i Bergen. christine hamm er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. jørgen sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. eivind tjønneland er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. eirik vassenden er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.
71
høgare utdanning
PEDER HAUG (RED.) peder
haug
(red. SPESIAL-
prosjektet kunnskapen praksis ressursar nettbaserte praksis komplementaritetsteorien signal spørjeskjem SPEED-prosjektet fagområde studerer tiltak begge spørjeskjema forstå innsikt Svara skjøne lærarar aukar studerer fagprøver utbytet prosjekt fagområde
opplæring
data
arbeide
Spesialunder visning
UNDERVISNING
studerer opplæringa lærarar Kva handlar spesialundervisning om, organisert forskingsinnsats formidla Korleis formidla praksis identifisert prosjektet og kva funksjon har ho? Dette har vore delproblemstillingar svara observasjonar organiserte forskingsmidlar hovudspørsmåla i forskingsprosjektet spørjeskjem elevar forstå forstått identifise utbytet
Peder
ressursar
praksisforsking Haug (red.) datainnsamling Svara Spesialundervisning skal gi dei svara vi har foreldre ordinæ kunnskapen problemstilling elevnivå Hovudproblemstilling studerer på dette spørsmålet etter ein omfattande samband denordinære studerer vikla
SPEED (2013–2017) som boka byggjer på, og
behovet problemstillinga ordinærforskingsinnsats. tiltak spesielle
lærarane drøftingane intervju elevnivå prosjektet forskingsinnsats ressursar Datagrunnlaget Det er nytta mykje ressursar til praksis kontaktlærarar spesialundervisning, og mange elevar får SPEED-prosjektet funksjon kunnskapen begge spørjeskjema nettbaserte spesialundervisning, samstundes som data lærarar fagprøver komplementaritetsteorien signal funksjon samband arbeider kunnskapen vår om spesialundervisninga aukar denordinære foreldre arbeide fagområde studerer skjøne der behov innsikt Svara prosjekt drøftinganei praksis er avgrensa. Vidare kjem det fram intervju matematikk forstå arbeider utbytet forstått signal som tyder på at spesialundervisninga organisert
omfattande
matematikk opplæring
omfattandeproblemstilling
omfattande
for mange elevar ikkje fungerer slik ho var
høgare utdanning | ISBN: 9788252194111
tenkt. Skal vi skjøne spesialundervisninga,
PRIS KR 349,– | UTG. JUNI
må vi også forstå den ordinære opplæringa. Derfor studerer prosjektet begge delar, og relaterer mange av drøftingane om spesialundervisning opp mot den ordinære opplæringa. Boka er skriven spesielt for dei som arbeider med spesialundervisning anten i praksis eller i forsking.
peder haug ?(f. 1947) er professor ved institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har gjennomført fleire forskingsprosjekt, mellom anna om tilrettelagt opplæring i skulen og gitt ut bøker og artiklar med tema frå barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.
72
høgare utdanning
GRO KVÅLE OG ARILD WÆRAAS
ORGANISASJON OG IDENTITET EIT SYMBOLSK PERSPEKTIV
Organisasjonsidentitet handlar om korleis organisasjonar oppfattar seg sjølv i forhold til andre organisasjonar. Det er svaret på spørsmålet «Kven er vi som organisasjon?», og omfattar eigenskapar og verdiar som tilsette ser på som sentrale, unike og relativt varige ved organisasjonen dei jobbar i. Denne boka gir ein introduksjon til organisatorisk identitet – korleis verksemder oppfattar seg sjølv, og korleis dei går fram for å vise det. Med utgangspunkt i eit symbolsk perspektiv viser forfattarane
høgare utdanning | ISBN: 9788252192865 PRIS KR CA. 269,– | UTG. JANUAR
korleis organisasjonsidentitet blir utvikla og fasthalden, korleis identitet blir uttrykt gjennom symbolbruk, og korleis identitet endrar seg over tid. Forfattarane tek opp utvikling av identitet gjennom dagleglivet i verksemda, men også gjennom dei strategiske vala som gjeld kva ei verksemd ønskjer å vere. Boka har ei deskriptiv og analytisk tilnærming til emnet, men gir samtidig god bakgrunn for refleksjon kring identitetsarbeid i eigen organisasjon. Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking på feltet og med nye eksempel.
gro kvåle (f. 1962) er førsteamanuensis ved Institutt for statsvitskap og leiingsfag ved Universitetet i Agder. arild wæraas (f. 1971) er professor ved Handelshøgskolen, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
73
høgare utdanning
JØRGEN WARVIK LYNGVÆR OG LARS NYRE
LYDJOURNALISTIKK
INNFØRING I RADIO OG PODKASTING Praktisk innføringsbok i lydjournalistikk retta mot radioproduksjon og podkasting Forfattarane gir ein engasjert og oversiktleg introduksjon til journalistisk arbeid i lydmedium med særleg vekt på nyheiter og dokumentariske sjangrar. Boka startar med ei innføring i lydmedium som DAB-radio, podkasting og smarttelefon, med vekt på høgare utdanning | ISBN: 9788252192858
lyttarvanar, lydproduksjon, dramaturgi
PRIS KR 269,– | UTG. APRIL
og journalistikk generelt. Deretter går forfattarane over til det praktiske og viser korleis ein lagar innhald i ulike sjangrar som intervju, nyheiter, reportasje og dokumentar. Programleiarrolla og redigering blir grundig omhandla i eigne kapittel. Gjennom heile framstillinga bruker forfattarane praktiske eksempel frå journalistisk arbeid, og i eit eige kapittel presenterer Linda Eide ein eigenutvikla modell for forteljekunst kalla «meirfiksjon».
jørgen warvik lyngvær (f. 1976) er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda der han underviser i radio og journalistikk. lars nyre (f. 1969) er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, og arbeidsfeltet hans er nye medium, journalistikk og teknologi.
74
høgare utdanning
HILDEGUNN OTNES OG BENTE AAMOTSBAKKEN
TEKST I TID OG ROM
NORSK SPRÅKHISTORIE FOR NORDISK- OG LÆRARSTUDENTAR Tradisjonell språkhistorie er i denne læreboka sett saman med tekstanalytiske og didaktiske perspektiv. Tekstdøma står i sentrum og illustrerer endring og variasjon i tid så vel som i geografisk og sosialt rom. Boka fell i to delar, der første delen er eit språkhistorisk lengdesnitt, medan andre delen går nærare inn på ulike språklege tema. Fleire aspekt er representerte: bøyingsformer og lydverk, tale og skrift, sakprosasjangrar og læreplanar,
høgare utdanning | ISBN: 9788252185058 PRIS KR 419,– | UTG. JANUAR
personnamn og stadnamn. Boka er primært skriven for lærarstudentar, men er òg aktuell for bachelorstudentar og norsklærarar. Femte utgåva er oppdatert med stoff om digitalt språk og språkleg mangfald.
hildegunn otnes er professor ved program for lærarutdanning, NTNU, og bente aamotsbakken er professor ved lnstitutt for språkfag ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Dei har undervist på mange nivå i skuleverket, og har gitt ut ei rekkje bøker som blir nytta i høgare utdanningsinstitusjonar.
75
høgare utdanning
AINA SCHIØTZ
VILJEN TIL LIV
MEDISIN- OG HELSEHISTORIE FRÅ ANTIKKEN TIL VÅR TID Medisinsk forsking og praksis har gitt dei fleste av oss eit betre og lengre liv, men òg urealistiske forventningar om eit liv utan sjukdom og smerte. Likeins har dei store spranga i medisinsk vitskap og teknologi ført til eit nytt syn på kroppen, og fått oss til å stille grunnleggjande spørsmål om kven vi som menneske eigentleg er. Korleis er det blitt slik? I dette oversiktsverket følgjer forfattaren framveksten av medisinsk vitskap og høgare utdanning | ISBN: 9788252177718 PRIS KR 499,– | UTG. JANUAR
praksis frå antikken til vår eiga tid. Etter ein introduksjon til medisinsk historie som forskingfelt får vi ei oversikt over skiftande sjukdomsteoriar, utviklinga til institusjonane, folkehelsearbeidet, helseprofesjonane – og, sist men ikkje minst – korleis situasjonen til pasientane har endra seg opp igjennom tidene. Eit skiftande sjukdomsmønster er ein grunnleggjande premiss for utviklinga innanfor helse- og medisinhistoria, men utviklinga må også sjåast i lys av større samfunnsendringar knytte til kultur, sosial
aina schiøtz (f. 1947) er professor i medisinsk
struktur, økonomi og politikk. Kva slags
historie ved Universitetet i Bergen.
syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane?
76
høgare utdanning
KNUT S. VIKØR
EI VERD BYGD PÅ ISLAM OVERSIKT OVER MIDTAUSTENS HISTORIE (3. UTGÅVE)
Dagens samfunn i Midtausten byggjer på ei fjorten hundre år gammal historie og på ein religion med røter på den arabiske halvøya. I dette oversiktsverket følgjer vi denne historia frå profeten Muhammeds tid og fram til i dag. Boka viser at forholdet mellom religion og politikk endra seg gjennom heile denne tida. Vi kan følgje ei linje frå politiske og religiøse stridar i mellomalderen, til politisk fornying under det osmanske riket og til
høgare utdanning | ISBN: 9788252193848 PRIS KR 389,– | UTG. APRIL
oppblomstringa av arabisk nasjonalisme på slutten av 1800-talet. Med oppløysinga av det europeiske koloniveldet på 1900-talet oppstod dagens statar og regionar, der islam kom til å setje sitt preg på politikken på ulikt vis. knut s. vikør (f. 1952) er professor i historie ved
Den reviderte utgåva fører historia fram
Universitetet i Bergen.
til dag, etter Den arabiske våren. Denne opprørsbølgja førte til store endringar i Midtausten, med samanbrot i fleire land, medan politisk islam fekk breiare plass i andre. I den nye utgåva blir denne utviklinga sett inn i ein historisk samanheng.
77
Les
syn og segn – bli lukkeleg!
Bli abonnent, bli det no: synogsegn.no facebook.no/synogsegn post@synogsegn.no | 907 68 797
SYN78OG SEGN – TidsskrifT for kulTur, samfunn og poliTikk
NYE TANKAR SKARPE PENNAR MEIR Å LESE Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1984. Syn og Segn er eit av få tidsskrift på nynorsk, og ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Tidsskriftet er både eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium. Det gjer Syn og Segn til eit av dei viktigaste tidsskrifta i Noreg. Syn og Segn vart kåra til Årets tidsskrift i 2010, og Årets nordiske tidsskrift same året. I 2016 fekk Syn og Segn pris for beste design under utdelinga av Årets tidsskrift. Velkommen som ny lesar! Knut Aastad Bråten redaktør
foTo: anne-marTe før
Bli abonnent her: synogsegn/abonnement
- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 400 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR
FØLG OSS PÅ: twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no
KONTAKT OSS Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef Mobil: 905 61 322 a.tresselt@samlaget.no Siri IfarnÌss Salskonsulent Mobil: 950 29 198 s.ifarnaess@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Mari Reinholt Aas Marknadskonsulent barn og ungdom Mobil: 920 81 156 m.aas@samlaget.no
81
82