Bylaurdag - Smak av Ulstein 2014

Page 1

Ulsteinvik inviterer til

SHOPPING &KULTUR 11. - 15. juni Bylaurdag 7

Ă… R

14. juni

Ulsteinvik

7 090035 5800 14

Butikkane held ope til kl. 19.00 torsdag og fredag. Laurdag ope til 18.00.


2 torsdag 12. juni 2014

Smak: Øystein Muren i butikkgruppa har stor tru på årets utgåve av Smak av Ulstein. FOTO: Jan Henrik Djupvik

– Velkomen til smakfulle dagar i Ulsteinvik Leiar for butikkgruppa i Ulsteinvik, Øystein Muren, har god tru på at Smak av Ulstein blir topp.

••Victoria Røren Øystein Muren ønskjer nærkomande og langreisande hjarteleg velkomen til Ulsteinvik i høve Smak av Ulstein i tidsrommet 11. - 15. juni. – Kva er smaken av Ulstein? – Smaken av Ulstein er den flotte kulturen vi har, folkelivet, og dei flotte butikkane. For meg som leiar for butikkgruppa er det svært viktig å få fram at det faktisk er mykje flott kultur i butikkane også, seier Øystein Muren som oppfordrar

organisasjonane til å nytta Smak av Ulstein til å vise seg fram.

Bylaurdag

Spesielt under bylaurdag den 14. juni vil butikkane vise seg fram i Ulsteinvik sentrum. Butikkane har då utvida opningstid til klokka seks på kvelden. Torsdag og fredag er butikkane opne til klokka 19.00. – Om vêret er på vår side, noko som eg håper det er, satsar vi på at butikkane trekkjer seg ut. På den måten kan vi møte endå fleire folk, seier Muren.

Godt program

– Programmet under Smak av Ulstein er svært bra, og eg trur absolutt det vil svare til forventningane, seier Muren.

Smaken av Ulstein er den flotte kulturen vi har. Øystein Muren Leiar i Butikkgruppa

I går, onsdag, starta det heile med Prøysen-kabaret framført av Ulstein kulturskule i høve 100-årsjubileet for Alf Prøysen sin fødsel. Ulstein, Volda og Herøy mannskor hadde konsert på Fredheim, og den første kvelden i Smak av Ulstein vart avslutta med gospelnight i Ulstein kyrkje med Ulstein tensing.

I dag, torsdag, byr Smak av Ulstein på «kino med nogo attåt» Vidare vil programmet på fredagen bestå av blant anna «Rjomegraut og trekkspelmusikk på Blåhuset», musikalsk salat med Frid og Glede på Sjøborg, og kvelden vil bli avslutta med «Nattjazz» med Molvær og Sagen Trio. På sjølve Bylaurdagen vil det vere opa scene i Blåhuspassasjen med blant anna artisten Kine Kvalstad og andre lokale og langvegreisande talent. Bondens marked vil vere på plass på laurdag med kortreist mat. Ulstein Storband og Atle Pettersen inntar scena på Sjøborg laurdagskvelden. Smaken av Ulstein blir avslutta med «klassisk matinè» på søndag.


torsdag 12. juni 2014 3


4 torsdag 12. juni 2014

Salat: Fredag 13. juni inviterer Ingfrid Grimstad (t.v.) og Einfrid Grindheim i duoen Frid og Glede på musikalsk salat.

Byr på musikalsk salat Duoen Frid & Glede er på ny klar for Smak av Ulstein, i fjor serverte dei musikalsk lapskaus, i år fylgjer dei trenden med 5:2 dietten og serverer musikalsk salat.

••Victoria Røren Duoen Frid og Glede med Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad har i år 7–årsjubileum og er klar til å servere ein smakfull, musikalsk salat på Sjøborg, til både nærtkomande og langvegsfarande som kjem for å nyte smaken av Ulstein. – Kvifor musikalsk salat? – Grunnen til at vi valte å kalle årets framsyning for musikalsk salat var rett og slett for å halde oss innanfor matsjangeren. Det kling bra med tanke på «Smak av Ulstein», seier dei to som medgir at dei diverre berre har svært korte erfaringar med diettar, men dei synest absolutt ein salat er godt i blant.

erar på om vi er 5 eller 2 på scena. At vi har lyst til å ha det kjekt 5 dagar i veka og keisamt i 2 dagar. Det er ikkje nødvendigvis 5:2-dietten, kanskje heller 5:2-duetten, seier damene og ler.

– Inspirert av ting som forundrar oss Dei lovar eit mangfaldig program som forhåpentlegvis vil inneha noko for kvar ein smak. Det vil variere frå det seriøse til det meir lystbetonte. – Kvar hentar de inspirasjonen til musikalsk salat ifrå? – Vi er inspirert av ting som forundrar oss i samfunnet. Vi vil nytte sjansen til å ta opp tema som vi synest har fått stor plass i samfunnsdebatten. Som vi alle veit er det eit stort fokus på kropp, og vi vil både med seriøsitet og med humor ta opp temaet. Vi har lyst til å tone ned kroppsfokuset og det perfekte, seier duoen. Men det er ikkje berre diett og kropp som vil bli tatt opp. – Det vil eigentleg bli ei god blanding av mange sjangrar. Språket, kjærleiken, tilbakeblikk og sidesyn på bygda, samt ein heil haug ulike musikalske sjangrar, alt ifrå jazz og pop til opera vil prege framsyninga, fortel Grindheim og Grimstad. Salaten vil vere ei blanding av friske ingrediensar som kanskje også får endorfinane til å bruse.

Fleire kokkar

Duo: Frid&Glede kan i år feire at duoen har eksistert i sju år.

– Det er ein musikalsk salat med alt mogleg oppi, i håp om at ingen blir leie. Ein kan sjølvsagt møte på ting ein ikkje likar i ein salat, men vi håpar at vi har brukt dei beste og friskaste ingrediensane slik at noko fell i smak for dei fleste.

5:2

– Vi spelar på ulike aspekt ved 5:2-dietten. Det er ikkje nødvendigvis i forståing av ein diett for oss i alle samanhengar. Det kan like godt bety at vi vari-

Einfrid og Ingfrid får besøk av nokre dyktige kokkar som skal hjelpe til med salaten. «Det seiast at dess fleire kokkar, dess meire søl», men det er neppe tilfelle under denne konserten. Dei tre kokkane som kjem på besøk er Fred Michael Knotten, Kåre Lysstad og Leif Arne Nydal. – Det blir eit par overraskingsmoment seier damene og smilar lurt. Det einaste vi kan røpe er at to kjende søner frå bygda skal bidra under eit musikalsk drama. Fridprisen som har vorte ein tradisjon vil sjølvsagt også i år til å bli utdelt til ein av dei heldige i publikum. Einfrid og Ingfrid håper at konserten kan verte ei vitamininnsprøyting og at salaten fell i smak.

Bilaget er produsert og utgitt av Vikebladet Vestposten og distribuert til alle husstandar i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, samt til Møre-Nytt sine abonnentar. Trykk: Polaris-Trykk Ålesund AS. Bilaget er også tilgjengeleg digitalt på www.vikebladet.no og www.morenytt.no.


torsdag 12. juni 2014 5


6 torsdag 12. juni 2014

Laurdag 14. juni står Atle Pettersen på scenen saman med Ulstein Storband.

– Ulsteinvik har smak av Ingen ringare enn Atle Pettersen, mellom anna kjend frå NRK-programmet «Stjernekamp», skal saman med Ulstein Storband sørge for ekstra god stemning på Sjøborg kulturhus den 14 juni.

••Victoria Røren I samband med «Smak av Ulstein» skal Ulstein Storband og Atle Pettersen ha konsert saman på Sjøborg. Pettersen er kanskje for dei aller fleste kjend gjennom si deltaking i NRK-programmet «Stjernekamp» og TV2-programma «X-Faktor» og «Skal vi danse». Under konserten saman med Ulstein Storband blir det musikk i fleire sjangerar. - Det er ein god miks mellom jazz, funk, blues og rock. Vi må innrøm-

Gler seg: Musikarane i Ulstein Storband ser fram til å opptre saman med Atle Pettersen. me det er litt meir fokus på rock enn vi vanlegvis brukar, men det blir sjølvsagt også innspel av tradisjonell storbandmusikk, seier Rune Ertesvåg og Janet H. Gjerde i Ulstein Storband. – Dette blir kjempespanande. Atle er ein slik person vi har sett så mykje

på TV, at vi nesten føler vi kjenner han. Det blir veldig kjekt å få møte han og spele saman med han, trur Rune Ertesvåg. – Vi er også veldig stolt over dirigenten vår Øyvind Granden Berg. Under denne konserten får vi sjå han i ei anna rolle enn vi er vant til,

legg Janet Gjerde til med eit lurt smil.

Talent og natur

Atle Pettersen trur Ulsteinvik smakar talent, vakker natur og gjestfridom. – Kva forventningar har du til å


torsdag 12. juni 2014 7

Atle Pettersen •• Atle Pettersen er født 5. september 1989. •• Starta songkarriera i barnekoret «Gla`vox». •• Deltok i Melodi Grand Prix Junior i 2003 med sjølvskreven song. •• Vant ungdommens kulturmønstring i Telemark med bandet Above Symmetry i 2006 •• Hausten 2010 deltok Atle i den norske versonen av X - Faktor. •• 2011 ga Atle ut sitt første soloalbum: Based on a True Story

Stort utesalg! Kr

50,-

pr plagg

Tlf: 700 16 350

•• Hausten 2011 deltok Atle i TV 2 sitt program skal vi danse. •• I 2012 oppretta Atle rockebandet The Scheen •• Hausten 2013 deltok Atle i NRK - programme Stjernekamp. •• Han er no aktuell med Beatles musikal og ny singel Make Them Wait

DAME

Ytterjakker

÷ 50%

talent opptre på Sjøborg i Ulsteinvik? - Eg gler meg til å opptre i Ulsteinvik, eg har aldri vore der før, har bare kjørt forbi. Eg håper at det kjem til å komme masse folk og eg gler meg til å spele med flinke lokale musikarar. – Kjem du til å få tid til å nyte den flotte naturen vi har her? – Eg håper jo verkeleg det! Akkurat no har eg ikkje heilt kontroll på korleis dagane kjem til å sjå ut når eg er der, men eg får nok skvisa inn litt tid til å nyte naturen! – Kva tykkjer du om storbandsjangeren, og kva song gler du deg mest til å framføre saman med Ulstein Storband? - Storbandsjangeren er utruleg kul! Sjangeren gir rom for å eksmperimentere med veldig mange musikalske utrrykk, alt frå klassisk Sinatra til latino og soul. Eg har så mange kule låter eg skal synge, så eg klarer ikkje å plukke ut berre ein! – Kva trur du Ulsteinvik smakar? - Eg trur Ulsteinvik smakar talent, vakker natur og gjestfridom. Det blir nok kalt «smak» fordi det viser

alt som Ulsteinvik har å by på. – Hadde du høyrt om, eller hatt noko forhold til Ulsteinvik før du vart invitert til å opptre her? – Eg har jo naturlegvis høyrt om Ulsteinvik, men eg har berre køyrt forbi på veg til Fosnavåg, viss eg ikke hugsar heilt feil. – Kva er det største du har opplevd innan musikkverda til no? – Det må vere å spele på VG-lista på Rådhusplassen i Oslo for 60 000 tilskodarar! – Kva planar har du vidare, kva er framtidsdraumane dine? – Planane er å bygge artistkarrieren videre, vekse som musiker og artist og ein vakker dag fylle Wembley stadion, seier Atle og ler. – Kvar går ferda etter du har vore her i Ulsteinvik, skal du opptre andre stadar i næraste framtid? – Etter at eg har spelt i Ulsteinvik dreg eg først til Notodden, så til Sandane, før eg faktisk skal på ei vekes ferie til Florida. Etter det skal eg spele i Tønsberg i hele juli!

÷ 30% HERRE

Ytterjakker/ Skinnjakker/ Jeans

÷ 50% OVERVÅGHUSET - tlf. 700 10 663 - Ulsteinvik Følg oss på FB og Instagram overvagas


8 torsdag 12. juni 2014

Behageleg: Klarinett, akustisk jazzgitar og akustisk bassgitar gir eit lavmelt og varmt lydbilete, noko som er litt av suksessfaktoren bak Molvær og Sagen Trio.

Jazzperler til kvelds Molvær og Sagen trio med Jens Arne Molvær, Kurt Sagen og Aslak Molvær er klar med Nattjazz under Smak av Ulstein fredag den 13. juni

••Victoria Røren Fredag den 13. juni er det duka for ein heilaften på Sjøborg. Etter «Musikalsk salat» med Frid og Glede blir det Nattjazz med Molvær og Sagen trio i kinosalen. Bandet hadde sin første offisielle konsert i Molde i fjor haust for Storyville Jazzclub på Kurts kafe i det nye Jazzhuset.

Det vart fullt hus og ein overveldande respons frå eit intenst lyttande publikum. – Dette viste oss at vi hadde skapt eit konsept som har brei publikumsappell, fortel Sagen. – Noko av løyndomen bak suksessen er at den noko uvanlege besetninga av instrument. Klarinett, akustisk jazzgitar og akustisk bassgitar gir eit lavmelt og varmt lydbilete, som saman med utvalde perler frå jazzen sin gullalder står fram som intim og sofistikert kammerjazz. Musikken blir med andre ord presentert i eit behageleg og avslappa lydbilde med høg gjenkjenningsfaktor, seier Sagen.

Drivne musikarar

Jens Arne Molvær har vore ein

Vi tolkar standardlåtar frå jazzen sin gullalder i trioformat.

instutisjon innan norsk musikkliv i ein mannsalder som musikar i Ytre Suløen. Han har også vore lærar for fleire av dei yngre musikarane frå Sunnmøre dei siste 30 åra.

Sonen Aslak Molvær har tidlegare hatt Oslo som sin musikalske base. Han har turnert med kjende artistar som til dømes Trine Rein. Men trass i pop- og rockbakgrunnen har han likevel ein sterk forkjærlegheit til den folkelege jazzmusikken som han høyrde i oppveksten. Kurt Sagen har vore aktiv musikar som har spelt i ei rekke jazzband og danseband dei siste 40 åra. West Coast Swing, Blue Horn Jazzband og Intermezzo Duo er nokre av dei banda han har vore innom. Han er no også aktiv i Ålesund Ballroom. No gler dei seg til å opptre på Sjøborg.


torsdag 12. juni 2014 9

Velkomen til Ulsteinvik DUSJHYLLE Før 920,NO

* Strikke- og heklegarn frå Drops og Jarbo

PRISKUPP

* Hobbymatr. frå Global * Broderi – moulinegarn

599,-

* Stoff- og sytilfang

Kjøp såpedispensar, få GRATIS Marseille-såpe på kjøpet!

Fleire gode tilbod under «Smak av Ulstein» Velkomen!

(Verdi 139,-. Ass. utval)

Besøk oss på www.rorservice.no

Comfortbutikken i sentrum Tlf. 70 01 25 90

ulsteinvik@comfort.as

Kyrkjegata 4 Tlf 962 03 101 - Ulsteinvik

HURRA!!

TORSDAG – FREDAG – L AURDAG

Snart sommerferie….

Godbitar til

÷20%

ativiteten e r K

-nyt late dagar blant blomstrande skjønnheiter i sommarhagen din!

÷30%

te

Utvalg

RAMME RESTER max

÷50% 1

0 0,p

÷50% Convexbygget, 6065 Ulsteinvik • Tlf: 70 01 02 14 Følg oss på

Gjer hud & hår klar til SSOMMAR OMMAR & SSOL OL til

r stk

Innramming - Glass - Speil - Foto - Kunst Bjørndalsvegen 3 B Ulsteinsvik Alt på ein stad - Butikk: 700 10 153 Verkstad: 99 23 80 88 Rammebransjeforbundet i Norge

Bestilling av bilder på nett: www.bildeverden.no

Kom og få tips om løysingar som passar til din håpefulle sin store dag… Så kan dokke slappe av i ferien :)

Vikemyra 4 - 6065 Ulsteinvik Tlf. 70 01 23 40 www.løvenshule.no Følg oss på FB & Instagram: Løvens Hule/Lovenshule

KNALLTILBUD

SYMASKINER

PUTER Prøv våre gode produkt frå

TELTET

på marka skal opp!

300,- pr. plagg uansett førpris!

-25%

÷50% FÅ VÅRT BONUSKORT

Bestill time, eller Drop in Tlf: 950 18 733

ONSDAG – LAURDAG

÷50%

- som gir pengar tilbakeved alle kjøp!

-20%

Bestill blomster til konfirmasjonen no!

SOMMARTILBOD

PURE & ORIGINAL MÅLING

Bjørndalvegen 13, 6065 Ulsteinvik

Alle planter

Skjerf, smykker & vesker

-50% på interiør

Kyrkjegt. 1 - Ulsteinvik Tlf: 95015 234 www.lailatekstil.no

Tlf: 70 01 10 11 6065 ULSTEINVIK


10 torsdag 12. juni 2014

BOMFRITT EIKSUNDSAMBAND:

Gjennombrot: Knut Nærø, Oddbjørn Pladsen og Idar Ulstein beundrar gjennombrotet i Eiksundtunnelen. Det vart lagt ned mykje arbeid, og det tok nok lenger tid enn initiativtakarane såg føre seg, før Eiksundsambandet endeleg stod ferdig i februar 2008. Seks år seinare er bompengefinansieringa av prosjektet nedbetalt og bommen skal fjernast 14. juni. Arkivfoto: Ingvild Aursøy Måseide.

Draumen om ei bru Det byrja med ein idé som skulle knyte indre og ytre saman, og enda som ein samferdslesuksess, om enn med tunnel i staden for bru.

«Arbeidsutval nedsett for bruprosjektet Eiksund/Gurskøy–Berknes». Slik var overskrifta i Vikebladet rundt månadsskiftet august-september 1969. Då hadde det første offisielle møtet vorte gjennomført med representantar frå sju kommunar på Søre Sunnmøre.

••Andreas Bjerknes

Realiseringa tok 40 år

«Det var stor semje på møtet mellom representantane om at dette

sambandet må kome i stand snarast råd er. Skal utviklinga halde fram og kommunikasjonane i området ha framgang, må dei to folkerike regionane gå saman om å løyse denne oppgåva», kunne ein lese den gong. Det er ikkje sikkert nokon av dei sju deltakarane på dette møtet, mellom dei initiativtakar og den første styreleiaren i «brunemnda», Karl Alme frå Volda, såg føre seg at sambandet først skulle stå

ferdig om lag 40 år seinare. «Som kjent er brusambandet tenkt å gå frå Berkneset fram til Yksnøya (flytebru) og så vidare over Eika, og/eller Måløya og fram til Hareidlandet; og Gurskøya.» I 1978 vart Eiksundbrua AS skipa, eit namn nemnda hadde fram til 1993, då namnet vart endra til Eiksundsambandet AS.

Godkjent av Stortinget

3. februar 2000 skriv endeleg Vi-


torsdag 12. juni 2014 11

Første møtet: Det vart ikkje flytebru, og Eiksundtunnelen fekk innslag i Ørsta i staden for på Berkneset i Volda, men 30. august 1969 vart første møtet i Brunemda gjennomført på Ulstein rådhus.

Endeleg byggjestart: Knut Nærø kunne juble for byggjestart i Eiksund i 2003. Faksimile VV/VP

-20% PÅ ALLE VARER

(onsdag - torsdag - fredag - laurdag)

kebladet Vestposten at vegsjefen har lova Eiksundstart i 2001. Dette skjedde etter at Stortinget på visse vilkår godkjende Eiksundsambandet. «-Fantastisk, er Knut Nærø sin reaksjon på stortingsvedtaket», skriv Vikebladet Vestposten. Byggjestarten kom likevel ikkje fullt så raskt, og i staden for Eiksundstart i 2001, vart den utsett til februar to år seinare.

Fem nye år med bygging, boring, salvar og graving tok det før dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete fekk opne Eiksundsambandet. Seks år seinare kjem ein ny samferdselsminister, Ketil Solvik Olsen til Sunnmøre for å fjerne bommen på Sørheim. Ni år tidlegare enn det som var venta.

på ! r a p m a l utvalde

÷

50 %

Følg oss på

Telefon 700 17200 6065 ULSTEINVIK


12 torsdag 12. juni 2014

BOMFRITT EIKSUNDSAMBAND:

Pendlar: Det har blitt mange sparte timar på veg til og frå arbeid for Kristian Fuglseth etter at Eiksundsambandet opna. Tidlegare tok det om lag halvanna time til Høgskulen i Volda, medan det no tek berre 35 minutt. – No kan ein student på Høgskulen bu heime på til dømes Larsnes og framleis nå første førelesing i Volda, fortel Fuglseth.

Har ikkje sakna ferja Laurdag blir bommen i Eiksundsambandet fjerna. Kristian Fuglseth har passert den nesten dagleg sidan tunnelen vart opna.

••Andreas Bjerknes Han byrja å arbeide ved Høgskulen i Volda tidleg i 2003. I fem år betydde det ein tur til og frå arbeid på om lag halvanna time.

Har spart mykje tid

Då Eiksundsambandet og tunnelen frå Eiksund til Steinnes vart opna, fekk Kristian Fuglseth som bur Hareid ein ny kvardag. – Det har spart meg veldig mykje tid. I tillegg så har eg fått ein heilt anna fridom, eg kan køyre og kome når eg vil, ikkje når ferja går, fortel Fuglseth. No har tidsbruken til og frå arbeid vorte kutta med nesten ein time. – No brukar eg normalt 35

minutt. Det har ført til at eg fekk ein ny giv og har verkeleg auka trivselen på jobb. Høgskulelektoren og lokalpolitikaren minnest også den siste perioden med ferja frå Eiksund til Rjånes som mindre positiv. – Då var ikkje ferja lenger prioritert. Dei siste dagane med ferje så orka ein knapt å tenkje på å kome om bord, fortel han.

Vel verdt

Om ein tenkjer eit normalarbeidsår som 230 dagar har Kristian Fuglseth passert bommen på Sørheim om lag 2700 gongar berre i jobbsamanheng. Det blir nokre kroner i bompengar i løpet av ei seksårsperiode, men ifølgje Fuglseth har det vore vel verdt det. – Det har vore verdt kvar ei krone. Eg er glad for å betale bompengar, for gevinsten er så stor. Fuglseth meiner at bompengar er noko alle tenar på. – For min del har eg kunne hatt ein god jobb lenger, og eg har fått kompensert på mange måtar for det eg har betalt. Det

Snart slutt: Laurdag kjem samferdselsminister Ketil Solvik Olsen til Sørheim og skal vere med på å fjerne denne bommen, noko som markerer at bompengefinansieringa av Eiksundsambandet er fullført.

– Det har vore verdt kvar ei krone. Kristian Fuglseth

heile er temmeleg sutlaust, og det dyraste er uansett bilen i seg sjølv, seier han. Difor håpar han og på at ein

no skal sjå nytten av eit betre kollektivtilbod gjennom Eiksundsambandet. Fuglseth fortel at han i utgangspunktet trudde Eiksundsambandet ville vere eit samband som dei i ytre ville få mest nytte av. – Eg er overraska over den store gevinsten i indre. For oss er det ei livsåre til sjukehus, høgskule og flyplass, for dei er det ein ny arbeidsmarknad.


torsdag 12. juni 2014 13

™ 1

™ 3

™ 4

FLOTTE

GÅVER

™ 5

kvalitet & design

™ 2

™ 6

Sjå utvalet av flotte dukar og handukar i butikken vår!

™ 7

™ 10

™ 8

™ 9

1. Marimekko fat. Kr 765,-. 2. Georg Jensen Damask.Kjøkkenhandduk. Design John Becker. Kr 130,- pr.stk. 3. Royal Copenhagen. Blue Elements kopp/skål kr 599,-. 4. Georg Jensen. Masterpiece. Design: Søren Georg Jensen kr 4 999,-. 5. Kahler. Vase frå kr 399,-. 6. Rosenthal. Brilliance Fleurs Sauvages. Asjett 23 cm kr 239,-. 7. NY! Georg Jensen. Bloom bolle. 649,- og 769,-. 8. NYTT! Suzanne Friis Bjørner. Øyrepynt i sølv i ass. fargar. Frå kr 385,-. 9. Quinn. Sølvsmykker i fantastisk kvalitet. Kom innom og sjå utvalet. 10. Rivoir. Diamantar i særklasse. Mange variantar.

ULSTEINVIK - TLF. 700 100 43 www.pfwaage.no

U

#pfwaage

designforevig.no

TIPS: Design dine eigne gifteringar på nett, og hent i vår butikk: www.pfwaage.no


14 torsdag 12. juni 2014

Kammermusikk: I år kjem Ålesund Kammersolister til Vonheim for å halde ein konsert i samband med Smak av Ulstein.

Klassisk på Vonheim Søndag 15. juni vil Vonheim på Flø verte fylt med flotte klassiske verk med høgt kunstnarisk nivå av Ålesund Kammersolister og solist Ai-Ling Chiu.

••Victoria Røren Ålesund Kammermusikkfestival starta for fem år sidan og har sidan då hatt som hovudmål å produsere musikalske opplevingar med flotte verk av høgt kunstnarisk nivå. I år kjem Ålesund Kammersolister til Vonheim for å halde ein konsert i samband med Smak av Ulstein. Konserten vert lagt til Vonheim på grunn av huset sin flotte akustikk. Dette saman med den intime atmosfæren vil gjere konserten til ei ekstra stor oppleving.

«Metamorphosen»

I år er det 150 år sidan ein av musikkhistoria sine største

Hovudmålet er å skape musikalske opplevingar med flotte verk av høgt kunstnarisk nivå.

symfonikarar, Richard Strauss, vart fødd. I det høve set Ålesund kammermusikkfestival opp eit av hans flottaste verk, «Metamorphosen» for 23 solo strykarar. Det er eit mektig romantisk og virtuost verk med høg emosjonell intensitet og verket stiller høge krav til individuelle ferdigheiter.

«Vox Amoris»

Det andre hovudverket er «Vox Amoris» av Peteris Vasks. Han er Latvia sin mest kjende komponist, og ein av dei mest framførte nolevande komponistar i verda i dag. Dette vakre og poetiske stykket er skreve for solo fiolin og strykeorkester. Ai-Ling

Taiwan: Ai-Ling er fødd i Taiwan, men har sidan 2004 vore tilsett ved Ålesund strykekvartett. Søndag opptrer ho saman med Ålesund Kammersolister i ærverdige Vonheim på Flø. Chiu blei introdusert for dette verket av Peteris Vasks då ho besøkte Riga i 2011, og no ser ho fram til å endeleg få framføre verket.

Ai-Ling Chiu

Ai-Ling er fødd i Taiwan og starta allereie som seksåring å ta fiolintimar. Då ho var femten byrja ho på «National Taiwan Academy of Arts». Ai-Ling kom

til Noreg mykje på grunn av ein invitasjon frå Grieg Akademiet i Bergen. Sidan 2004 har ho vore tilsett som fiolinist ved Ålesund strykekvartett. No er ho blant mange andre ting klar for å vere solofiolinist under stykket «Vox Amoris» med Eva Ollikainen som dirigent, under Smak av Ulstein.


torsdag 12. juni 2014 15

Ferieklare koffertar på tilbod! Tlf. 922 41 510

AnChri Apotek 1 Ulstein Best Fashion

Teltliv: Turid Helen Hofseth flyttar delar av butikken Bizarre ut i eit telt under Smak av Ulstein.

Bianco

Godbitar i teltet Under Smak av Ulstein er butikkane inviterte til å trekkje seg ut i gatene, og sjølvsagt skal Bizarre A/S også i år rigge seg til med telt nedanfor den gamle løda i sentrum, like ved butikken.

••Victoria Røren Bizarre blei starta i oktober 2004 som interiørbutikk med kunstgalleri i andre etasje. Konseptet har utvikla seg raskt, og er i dag en herleg miks av klede, smykke, belte, sko og interiør. – Det har vorte ein fin tradisjon å

Bjørklund Coop Mega Elkjøp Føhnix Frisør Glitter

trekkje ut i teltet både under Trebåtfestivalen og under Smak av Ulstein, seier eigar og dagleg leiar for Bizarre Turid Helen Hofseth. – Teltlivet har vore ein kjempesuksess tidlegare. Vi kjem i kontakt med fleire kundar, sidan teltet er godt synleg frå sentrum og folk blir litt nyssgjerrige. Folk tykkjer det er artig når det er noko ekstra som skjer, trur Turid.

Intersport Lindex Mester Grønn Nille Notabene Parfymelle Princess Sunkost Sunt & Nam Tilbords

Godbitar i teltet

Valaker Bakeri

Under Smak av Ulstein vert det ekstra gode tilbod på varene i teltet. – Det er absolutt mange kupp å gjere seg her, seier Turid og smiler.

Vinmonopolet

PÅ BLÅHUSET MED SMAK AV ULSTEIN – ULSTEINDAGANE

Stor, 83 L, før 1499,Medium, 53 L, før 1299,Kabin, 30 L, før 999,-

NO 999,NO 899,NO 699,-

9-21

Apotek 1 Ulstein

9-17

DEN GAMLE NABO fredagskveld)

• Marte U. Antonsen • Brigitta Hauge g Kl: 14.30 Møt Barnas favoritter!

Laurdag 10-15

Tlf. 922 41 510

Sommerlåter fra Knut på trekkspill

Kl: 13.30 • Musikar Kine Kvalstad m/band - Spelar også på

10-18

Laurdag: 9-20

Langbord med GRATIS RØMMEGRAUT i 2 etg kl: 16.30

Opa scene med ulike innslag i Blåhuspassasjen

Bylaurdag

Coop Mega:

FREDAG 13. juni kl: 16.30

BYLAURDAG 14. juni

10-19

10-19

KINE

KVALSTAD L I V E

Vinmonopolet

10-16.30 Laurdag 10-15

AnChri Bylaurdag: Laurdag: Apotek 1 Ulstein

10-18

Best Fashion Coop Mega: Bianco

9-21 Bjørklund Laurdag: Coop Mega 9-20 Elkjøp Apotek Ulstein Føhnix1 Frisør

9-17

Glitter Laurdag Intersport 10-15 Lindex Vinmonopolet Mester Grønn

10-16.30 Nille Laurdag 10-15 Notabene

RABATT ÷

200,-

På alle S`Cure og Aeris koffertar Få 2 par Flip-Flop på kjøpet!

Parfymelle Princess Røyset Sko Sunkost Sunt & Nam Tilbords

Blåhuset • Ulsteinvik • 700 13 260


16 torsdag 12. juni 2014

1. Design Letters frå P.F Waage. Porselenskrus kr 149,- lokk kr 69,- 2. Michael Kors Jet set frå Overvåg AS kr 2 599,- 3. Capri i 7 fargar frå Floyd kr 399,4. Partner Colibri Kantklipper frå Coop Extra Bygg kr 990,- 5. Samsonite S`Cure VM-koffert frå Parfymelle Blåhuset. Pris 79 L før 1899,- NO 1699,6. Decleor sol serum som gjør deg tryggere, raskere og jevnere brun. Motviker soleksem. Fra Pernilles Clinique Pris 545,-.


torsdag 12. juni 2014 17

7. Dashbordkamera med GPS (inkl. 32G minnekort) Frå Eiken Libris. Kr 2490,- 8. Sommarpynt frå P.F Waage. Coeur de lion, Øyrepynt 810,- Halssmykke 1470,9. Kulegrill frå Europris kr 129,- 10. Herstal Veneto frå Nordlys Design. Frå kr 559,11. Beckman Skulesekkar 2014 mod. – 20% Gjeld onsdag-laurdag på Eiken Libris. 12. BeSafe Izi UP x3 frå Barnehjørnet.Kampanjepris 1499,- Izi Up x3 Fix kampanjepris 1899,-.


18 torsdag 12. juni 2014

Partyfaktor: Diana Molskred, senterleiar ved Blåhuset og Inger Anne Dimmen, dagleg leiar for frivilligsentralen er overbevist om at det blir mykje bra program på den opne scena i Blåhuspassasjen under Smak av Ulstein og Bylaurdag 14. juni.

Opa scene i Blåhuspassasjen Laurdag den 14. juni under Bylaurdag og Smak av Ulstein blir det opa scene i Blåhuspassasjen.

••Victoria Røren Diana Molskred, senterleiar ved Blåhuset og Inger Anne Dimmen, dagleg leiar for frivilligsentralen er overbevist om at det blir «jubalong» og mykje bra program på den opne scena i Blåhuspassasjen under By-

Det blir høg «partyfaktor» med god stemning i sentrum.

laurdag og Smak av Ulstein. Dei oppfordrar alle til å kome både for å nyte dei flotte artistane, og for å kanskje delta sjølve.

– No er det gratis ferdsel gjennom Eiksundsambandet, og vil derfor oppfordre spesielt folk frå regionen om ta seg ein tur til Ulsteinvik. – Opa scene har hatt ein lang tradisjon, og dette vill vi halde ved like i år også. Vi håpar verkeleg at både lokale og regionale tar turen for å vise seg fram. Alle sjangrar blir sett pris på, alt ifrå sang, dans og turn til sjonglering, fotballtriksing og karate og elles alt ein kan kome på av talent.

Kine Kvalstad kjem

– Vi kan allereie røpe nokon av

artistane som skal framføre på den opne scena. Hovudartisten er Kine Kvalstad med band. Vi har også mange andre flotte artistar som Marte Urke Antonsen og Rebekka og Brigitta Hauge, fortel Diana og Inger Anne.

«Jamt trøkk»

Mellom klokka 11 og 14 vil det bli «jamt trøkk» med både musikalske og andre innslag her på den opne scena, seier Inger Anne. – Vi sørgjer for høg «partyfaktor» med god stemning i sentrum, legg Diana til.


torsdag 12. juni 2014 19


20 torsdag 12. juni 2014

Populær: Bondens marknad plar vere eit populært innslag i gatene i samband med Smak av Ulstein.

Bondens marknad Tradisjonen tru er Bondens marknad klare til Bylaurdag under Smak av Ulstein laurdag den 14. juni.

••Victoria Røren På Sunnmøre finn ein Bondens marknad vanlegvis i Ålesund, men også i Ulsteinvik og Ørsta. No under Smak av Ulstein vil dei rigge seg til på Kulturalmenningen i Ulsteinvik sentrum. Ein får kjøpe alt ifrå kjøtt, ost og bakevarer til økologiske urter, syltetøy, gelear og honning. – Vi har vore med på Smak av Ulstein svært lenge, og det har vorte ein tradisjon for oss i Bondens marknad å komme til Ulsteinvik under Smak av Ulstein, seier Ottar Anderson marknadsleiar for Bondens marknad.

Gode Greier

Gode Greier er ein del av Bondens marknad og er ein lokal produsent som held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i

Ulstein kommune. Sjølve fokuset i Bondens marknad er kortreist mat, og Gode Greier har desidert den kortaste reisa til Ulsteinvik. På garden er spesialitetane saft, sylte, gelé, dessertsausar og honning. Gode Greier vil også selje produkt av sesongen sine råvarer. Det er viktig for Gode Greier å ta vare på gamle tradisjonar samtidig som dei vil fremje det ekte og gode frå naturen. Det blir også blant anna sal av lefser frå Mor Sigfried, kjøtprodukt frå Humborstad og Tskjorter frå Das Yacht, som er ein lokal produsent av T-skjorter med maritime motiv.

Rabarbrasesong

Det er svært viktig for Bondens marknad at det er fokus på sesongvarer. Om vinteren er det mykje spekemat, men no på denne tida av året er det rabarbrasesong. – Rabarbra var tidlegare eit «fattigmansbær» sidan alle kunne få tak i det, men no er det snudd heilt på hovudet og rabarbra er ein del av menyen på dei «hippaste» restauranta-

Trendy: Den gamle nytteplanten rabarbra har blitt ein trendy del av menyen på dei hippaste restaurantane.

Eg har sansen for namnet «Smak av Ulstein». Ottar Anderson, Bondens Marknad

ne, og har vorte ei kjempepopulær råvare, seier Anderson og ler. – Eg har sansen for namnet «Smak av Ulstein» sidan Bondens maked har hovudfokus på å formidle gode smakar, avrundar Ottar Anderson og ønskjer velkomen til Bondens marknad laurdag 14. juni.


torsdag 12. juni 2014 21


22 torsdag 12. juni 2014

Kjend frå TV: Mange har sikkert prøvd å teikne som Øystein Kristiansen etter å ha sett «Øisteins Blyant» på barne-TV. I dag kan han opplevast i levande live på Amfi i Ulstienvik.

FESTIVALKUPP PÅ G-SPORT! TORSDAG OG FREDAG OPPE TIL KL. 19:00. BYLØRDAG TIL KL. 18.00 X-HJELM PÅ FÅ MED BTMIL KUN KR. 1,KJØPET

! P P P U K L FESTIVA

, 9 9 29

SE BIKES WILDMAN BMX SYKKEL

En fullverdig BMX til alt fra skolesykling til lek i skateparken. Solid bygget med stålkrank og solide hjul. Kjøp hjelmen løst for kr. 99,-

R E L K Y S E N MENGD

% 0 4 0 ÷2 OP

PTIL

E

ILL.BILDER


torsdag 12. juni 2014 23

BILSTOLKAMPANJE!

Barnas dagar ved Amfi 12.–14. juni under Smak av Ulstein blir det Barnas Dagar ved Amfi Ulsteinvik.

••Victoria Røren Barnas dagar ved Amfi vil by på to show med Øysteins Blyantshow, Amfelia og Oscar vil dele ut gratis helium ballongar og det vil vere aktivitetsbord og ulike konkurransar for borna.

Øysteins Blyant

Torsdag 12. juni får vi besøk av Øystein Kristiansen frå Øysteins Blyant tegneshow. Det vil vere to show, og i tillegg vil han skrive autografar, fortel senterleiar Helene Holstad. Når du teiknar, brukar ein visuell intelligens, som igjen kan gi deg eit

Kampanjen gjelder fra 12. - 21. juni

BeSafe Izi Go inkl isofix base Kun 2499,Veil pris 3599,Ill.bilde, tilbudet gjelder i sort

nytt bilete av kva du lærer. Øystein sine tv–seriar. bøker og appar stimulerer barna sin kreativitet. Øystein lærer borna memo, notat og kartleggingstaktikkar, alt for å gjere læringa meir triveleg for borna. For morosamt skal det vere.

BeSafe Izi UP x3 Kun 1499,-

Amfelia og Oscar

Fredag 13. juni og laurdag 14. juni vil maskotane til Amfi, Amfelia og Oscar, vere til stades for å dele ut gratis heliumsballongar (så langt lageret rekk). Det vil vere aktivitetsbord og ulike konkurransar for borna. I fellesarealet vil det vere stilt ut eit leikehus til ein verdi av nærare tre tusen kroner. Alle kan bli med i trekninga av huset ved å svare på eit enkelt konkurransespørsmål.

Veil. pris 1999,-

BeSafe Izi UP x3 Fix Kun 1899,-

3 for 2 på ALLE KLÆR I BUT

Veil. pris 2499,-

TORSDAG - FRED AG - LØRDAG

IKKEN!

+ mange andre go

de tilbud :)

Bjørndalsvegen 15 B - Tlf. 70 33 28 19

Lett og pustende turjakke!

FØR 199,-

FRANK SHORTER T-SKJORTE TIL DAME OG HERRE

59,-

Teknisk trenings t-skjorte til dame og herre. Passer til all slags trening. God passform.

, 9 9 8 R Ø F

, 9 9 4

NORHEIM TOPPEN TURJAKKE TIL DAME

En vindtett og lett jakke med minimalt pakkevolum. Jakken kan pakkes inn i venstre lomme og enkelt tas med i sekken. Fasmontert hette med justeringsmulighet. Håndlommer med glidelås. Elastisk snorstramming i underkant. Refleks detaljer.

ULSTEINVIK

!

UPP FESTIVALK

599,-

NIKE DUAL FUSION RUN 2 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

Lett løpesko. Myk og behagelig støtdemping med Nikes ”Dual Fusion” i mellomsålen. Godt støtte til foten ved et dynamisk system i lissefestet . Yttersåle med ”waffle” mønster som gir godt grep.

Tlf. 45 47 51 00

29,-

HELLY HANSEN OG KARI TRAA ANKELSOKK Supergode ankelsokker til fantastisk god pris!

Supre sommersokker!


24 torsdag 12. juni 2014

Familiefilm: «Torden & magi» handlar om den heimlause kattungen Torden som flyttar inn til den pensjonerte magikaren Laurits.

«Kino med nogo attåt» Torsdag 12. juni blir det ikkje mindre enn to førpremierar samt noko attåt og ønskereprise på Sjøborg kino i samband med «Smak av Ulstein»

••Victoria Røren – Vi er så heldige å ha fått to før premierar. Den eine filmen er ein familiefilm, og den andre er ein film som er basert på ei svært populær bok blant ungdomar, seier kinosjef Kristine Brungot.

«Torden & magi»

«Torden & magi» handlar om den heimlause kattungen Tor-

den. Kattungen flyttar inn til den pensjonerte magikaren Laurits. Huset er fylt til randa med snakkande dyr og eit imponerande utval magiske leiker og robotar. Laurits let Torden bu i huset, til kanina Jazk og musa Maggie si store fortviling. Men då Laurits hamnar på sjukehus og huset står i fare for å bli selt, må dei som bur i huset samarbeide for å forsvare heimen sin. – Torden og magi er ein animasjon, og skal vere ein fin film for heile familien, legg Kristine til.

Woodley, Ansel Elgort og Laura Dern. Filmen handlar om to ekstraordinære tenåringar, som deler ein skarp humor, forakt for det konvensjonelle, og ein kjærleik som tek dei med på ei uforgløymeleg reise. Dei utforskar det morosame, spennande og tragiske aspektet av å vere i live og å vere forelska. – Det er mange ungdommar som har lurt på om akkurat denne filmen snart skulle visast. Det er ein svært populær film, seier Kristine.

«The Fault in our Stars»

– Vi vil sjølvsagt gjere litt ekstra ut av det, så det vil bli noko attåt kinoen. Det har tidlegare vore stor suksess med ansiktsmaling, og det blir høve til å få

«The fault in our Stars» er basert på den bestseljande romanen av John Green. I hovudrolla ser vi Shailene

«Nogo attåt»

ansiktsmaling både før og etter familiefilmen «Torden og magi» Elles vil det bli utdelt heliumsballongar til borna. Det blir også konkurransar og premiar i forbinding med alle tre framsyningane, fortel Kristine. – Eg så mange som mogleg vil kome å nyte både kino og «nogo» attåt. Eg håper også at publikum hiv seg rundt og sender inn forslag til ønskereprisa. Ønskereprisa er ein unik sjanse til å få sjå akkurat den filmen du vil sjå på kino, legg Kristine til.


torsdag 12. juni 2014 25

OleH y r r a H Alle ,pocket 69

Pocket

69,-

Fra

t! e g l a v h le ut Barnebøker

Fra

Farger og aktivitetshefter

3 2

49,-

Fra

for

Gjelder utvalgte varer.

Kom inn og se hele utvalget!


26 torsdag 12. juni 2014

Knusande kunst Det er lenge sidan Ulstein kunstlag inviterte til ei utstilling med glaskunst. Helga 12.-15. juni vert det derfor dobbel dose; glasmåleri frå Kristina Mikneviciene og glas, fat og vasar frå Ingrid Ulla. Kristina Mikneviciene (f. 1983) er frå Litauen, men har dei tre siste åra budd og arbeidd i Ulsteinvik. I 2009 fullførde ho bachelorgraden ved Vilnius kunstakademi, og ho spesialiserte seg innanfor glasmåleri. Tidlegare har ho hatt utstillingar både i Tyskland og i heimlandet, men desse har vore som ein del av utdanningsløpet. Dette vert altså hennar første utstilling etter ferdig utdanning.

Glasmåleri, olje og teikningar

Kristina vil stille ut 12 glasmåleri, desse vil vi henge i vindauga for

at dei skal kome best mogleg til sin rett. Glasmåleria hennar er nydeleg sett saman av ulike fargar, og motiva er frå heimbyen, frå naturen og reint abstrakte. Kristina er allsidig, i tillegg til glasmåleria tek ho med seg fleire oljemåleri og teikningar. I oljemåleria kjem inspirasjonen frå naturen fram. Ho er oppvaksen med storslått natur rundt seg, og fascinasjonen for spelet i naturen kjem fram gjennom måleria. Ho kjenner seg mest att i impresjonismen, og let seg påverke av Claude Monet, PierreAuguste Renoir og Camille Pissarro sine magiske teknikkar.

Ingrids glassverksted

Saman med Kristina har vi fått Ingrid Cecilie Ulla til å stille ut. Ho er utdanna ved glasskulen Kosta Boda i Sverige, og er ei av tre glasblåsarar ved Ingrids glassverksted i Moloveien i Ålesund. I år har Ingrid 20-års jubileum som glassblåsar og 10-års jubileum for Ingrids glassverksted. På verkstaden både formgjev og

Glasblåsar: Ingrid Cecilie Ulla, som til vanleg har tilhald i glasverkstaden sin i Moloveien i Ålesund, har med seg både vasar, fat og glas til Ulsteinvik. bles ho glasa som er til sals, og i tillegg vert produkta hennar seld frå diverse utsal over heile landet. Glasblåsing er for Ingrid ein livsstil som tek del i henne døgnet rundt, og hennar kreativitet fører stadig til nye utformingar. Med seg til Ulstein

SMAK AV ULSTEIN TILBUD!

kunstlag kjem Ingrid med både vasar, fat og glas i ulike fargar og i ulik storleik. Vi gler oss til å sjå desse to saman, det vert ei unik utstilling med mykje godt for auget! Velkomen til Aktivitetshuset på Vikholmen.

ALLE JAKKER

÷25% ELDER IKKE TILBUDET GJ DSATTE ALLEREDE NE VARER

RÅ PRIS!

199,OZ PRO III FRITIDSSKO TIL DAME OG HERRE Tøff og allsidig fritidssko til dame og herre. Passer de fleste aktiviteter. God passform. Overdel i pustende mesh.

KJØP EN SYKKEL FRA 4000,- OG R FO FÅ UTSTYR 0 HELE 100 ,MED PÅ KJØPET!

v


v

torsdag 12. juni 2014 27

Allsidig: Kristina Mikneviciene stiller ut både glasmåleri, oljemåleri og teikningar.

KUN:

KUN:

599,ASICS GEL-IKAIA TIL DAME OG HERRE

Perfekt sports-/løpesko. Skoen gir komfort og pusteegenskaper til foten. Skoens design gir støtdemping og stabiliserer foten under løping.

KUN:

799,-

PRO TOUCH FORCE 10 FOTBALL

39,-

Pro Touch Force 10 er en lett treningsball til alle underlag.

NIKE ICARUS+ TIL DAME OG HERRE

En komfortabel løpesko med meget god støtdemping, cushalon mellomsåle og Zoom Air demping i hælen. Waffle yttersåle.

RÅ PRIS!

KUN:

KUN:

999,-

999,-

ASICS GEL-1170 TIL DAME OG HERRE

ASICS GEL PULSE 5 TIL DAME OG HERRE

Passer for personer med normal fot eller noe overpronasjon. Gel i hæl og forfot. Trusstic gir vridningsstivhet. DuoMax gir vridningsstivhet.

En nøytral løpesko med god passform. Gel i hæl og forfot. Trusstic gir vridningsstivhet. SpEVA mellomsåle og lest.

99,FRANK SHORTER PALANI TIGHTS TIL DAME Klassisk løpetight med bra elastikk, flatlock sømmer for god comfort og gode fukt transporterende egenskaper.

STRAUMANE ØRSTA BLÅHUSET ULSTEINVIK • TELEFON 40 00 70 75

AMFI ØRSTA • TELEFON 45 48 72 00


28 torsdag 12. juni 2014

BYGGEVARER TIL EXTRA LAVE PRISER - HELE ÅRET! Kjente merkevarer • Enkelt sted å handle • Lange åpningstider Gode parkeringsmuligheter • Alt du trenger til store og små byggeprosjekter

-30%

Effektiv beskyttelse mot skjemmende svertesopp, suveren farge- og glansholdbarhet og lavt skittopptak. 10 liters spann

(På våre allerede lave førpriser)

på alt listverk fra Södra Interiör

Smart og effektiv insektgardin for dør som holder mygg, fluer, veps m.m. ute! Festes til dørkarm med borrelås. Selvlukkende magnetlås ved gjennomgang. Enkel tilpasning. Passer for dør inntil 100 cm bredde/233 cm høyde.

-30% (På våre allerede lave førpriser)

på Stanley håndverktøy

Effektiv og flott insektgardin for vindu som holder insektene ute! Leveres i 4 basisstørrelser inntil 155 cm bredde, 153 cm høyde. Enkel tilpasning og montering. Produsert i børstet aluminium. Gir en behagelig demping av skarpt sollys. Mål: 63 x 155 cm. Mål: 83 x 155 cm. Kr 599,Mål: 103 x 155 cm. Kr 649,Mål: 132 x 155 cm. Kr 699,-

ENDA FLERE GODE TILBUD I BUTIKKEN! Tilboda gjeld so lenge lageret rekk. Forbehold om skrivefeil og utsolgt.

Coop Extra Bygg Ulsteinvik Glopen 8, 6065 Ulsteinvik Telefon: 979 91 400 Opningstider: 0730-1900 (0900-1600)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.