Glad førjul i Ørsta

Page 1

Glad

førjul

i Ørsta


2 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Kultur i bløming: Frå syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» .

Kulturen blømer Det er høgsesong for kulturlivet i Ørsta. Førjulstida er provet på at det lokale kulturlivet er høgst oppegåande.

••

Rune Sæbønes rune@morenytt.no Eit kjennemerke på kulturtilbodet i Ørsta og Volda er at det meste er heimelaga. Jau, sjølvsagt er det konsertar med besøk av nasjonale stjerner og teaterbesøk og filmframsyningar. Likevel, det er timevis med øvingar i grendehus, kyrkjer og andre øvingslokale som no manifesterer seg. Kor, korps, revygjengar, band og orkester har øva med eitt mål, og det er å få

juleprogrammet klart. I Ørsta-magasinet fortel Møre-Nytt denne gongen om ekteparet Wenche og Levi Vartdal Leite. For dei er førjulstida svært hektisk. Det er mange konsertar dei medverkar i, og dei gjer det med stor glede. Slik er det også for damekoret LYST, som har hatt tre kyrkjekonsertar i desember. Og det er mange fleire aktørar. Det er unge og det er vaksne. Ballettskulen i Ørsta og Volda er midt inne i vinterframsyningane sine, og kring om på skulane er foreldre og besteforeldre og andre inviterte til å verte med på juleframsyningar. Denne førjulstida var også nokre så heldige å få med seg syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar», årets desidert største kultursatsing i Ørsta. Det vart ein stor suksess.

Ei av årsakene er kulturskulen som lærer og motiverer born og unge til å stå på ei scene

Det vert ofte sagt at alt var så mykje betre før. Når det gjeld eigenprodusert kulturliv er det ikkje tilfelle. Det vert stadig betre. Ei av årsakene er kulturskulen som lærer og motiverer born og unge til å stå på ei scene og utøve kulturformidling for andre. I grunnskulen vert det også arbeidd godt med kulturformidling. I tillegg har det reint tekniske vorte rimelegare og betre, slik

at eigenproduserte framsyningar stadig vert betre også på den sida. For Ørsta som samfunn er denne bløminga i kulturlivet svært viktig. Det gjev identitet, glede og meistring. Det er ofte lett å peike bustadpolitikk og næringspolitikk som viktige faktorar for å få eit samfunn i vekst og bløming. Det er sjølvsagt heilt rett, for arbeid og bustad er grunnleggjande. I tillegg kjem kulturlivet, og eit samfunn som Ørsta er heldige med å ha så mykje eigenprodusert kulturliv til glede og inspirasjon, både no i førjulstida og elles i året. Difor må denne delen av Ørsta-samfunnet vere med når kommunale budsjett og økonomiplanar skal lagast.


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 3

Snøproduksjon: I år kan Ørsta skisenter AS produsere snø heilt frå nedre til øvre heisstasjon.

Kunstsnø heilt til topps Hos Ørsta skisenter gler ein seg over nysnøen denne veka. Men kjem det frost, kan det verte kunstsnø heilt til topps.

••

Rune Sæbønes rune@morenytt.no – Ja, for i år vi investert i snøproduksjonsanlegg heilt til topps til Eitrefjell. Det gjer at vi kan produsere snø til ein mykje lengre trase enn vi greidde i fjor, seier styreleiar Stein Aam i Ørsta skisenter AS. Ørsta skisenter er godt i gang

med sesongførebuingane, og som vanleg på denne tida av året er spørsmålet når og viss snøen kjem for alvor. – Vi er optimistar, og håper at vi med det aller første kan trakke ein fem km trase for langrenn i lysløypa nede. Der ligg allereie elleve cm (måndag), men dette er jo litt avhengig av korleis vêret utviklar seg, seier Aam. I fjor var det kunstsnø som berga sesongen for alpinistane. Medan andre alpinanlegg låg brakke grunna snømangel, hadde Bondalseidet snø både i hovudtraseen og i barnetrekket, og nok til å bere sesongen nokolunde. – Sjølvsagt vart det ikkje så bra som for to år sidan, då vi

hadde ein av våre beste sesongar med eit overskot på 800.000 til 900.000 kroner. I førre sesong gjekk vi med underskot, men greidde å ha ope 42 dagar takka vere kunstsnøen, fortel Aam. No håper skisenteret på nokre dagar med samanhengande kulde. – Då er fyrste prioritet å få produsert snø for nedre del av hovudtraseen, for parkanlegget der m.a. snøbrettkøyrarane held til, og for barnetrekkområdet, seier Aam. I år har skitrekket dessutan mulegheit til å produsere snø heilt opp til Eitrefjell. – Dette har skjedd takka vere ein ny sponsoravtale med Sparebanken Møre som gjekk inn

No er fyrste prioritet å få produsert snø for nedre del av hovudtraseen Stein Aam styreleiar Ørsta Skisenter AS

med eit vesentleg beløp, fortel Aam. Sjølv om skisenteret håper på mykje snø på den naturlege måten, er den kunstige snøen viktig. – Det viser seg at vi kan lengje sesongen når vi har ein hard sole med kunstsnø i botnen, fortel Aam. Torsdag (i dag) skal Ørsta kommune handsame budsjettet for 2014. Der er det foreslått ei løyving på 250.000 kroner til skisenteret. – Eg håper det går igjennom, og det vil vere utruleg viktig for oss, seier Aam, og takkar dugnadsgjengen og driftsleiar Rune Moltudal for arbeidet som vert lagt ned for skisenteret.


4 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Smak:– Flatbrøda smakte godt, Eli! Bakstemeister Torhild Øie (t.v.) gir Eli meir enn godkjent for flatbrøda ho har baka på Brudavolltunet i

Ørsta.

– Det smakte godt! Ein mørk førjulslaurdag med hutrever. Men på kjøkkenet på Brudavolltunet i Ørsta skin sola.

••

Roy-Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no Og stemninga er på kokepunktet rundt flatbrødbake-meister Torhild Øie og den pensjonerte rektoren og «lærlingen» Eli Kjøde. Sistnemnde er ikkje ukjend med mjøl og slikt, men ho har aldri baka flatbrød. Og no skal ho til pers.

Hatt lyst

– Eg har lenge hatt veldig lyst til å lære dette. Eg trur ikkje det er så vanskeleg, dei fleste klarer jo det, reflekterer Eli der ho står med dongeriforkle og kledeleg kort, grått hår. Læremeister Torhild Øie er ei aktiv dame som m.a. har grøne fingrar så det held, ja, ho har fleire planter i hagen sin enn heile Ørsta til saman. I alle fall verkar det slik. Om vinteren likar ho å bake, og tryllar fram alt slag som er godt i hyg-

Flatbrød: Eli Kjøde var flatbrødlærling, men heva statusen raskt.

gjeleg lag. Flatbrød er bankers no før jul. Torhild har fleire oppskrifter på lager, denne gongen har ho valt ei med like delar byggmjøl, fint rug og kveitemjøl. Blandar ein dette med litt salt og lunka vatn, får ho deigen. Og snart dansar kjevla over leiven.

80 gram

Vi får høyre at kvar leiv skal vere kring 80 gram og at vi må bruke rutakjevle under utbakinga. Flatbrøda skal steikast på ei varm takke. Er takka for

kald, vert flatbrødet seigt, melder Torhild. Viss ein skulle vere uheldig, og etter bakinga oppdage at, nei, søren, flatbrøda vart seige, så finst det råd: – Då kan ein berre steikje dei litt lenger. Eller så kan flatbrøda også skjerpast i steikjeomnen før dei skal etast. Når det har fått nokre minutt på takka, og er snudd og snudd, er det ferdig steikt, og då brettar Torhild flatbrøda i to, og deretter i fire. Då er dei enkle å ha med å gjere. – Oppbevar dei i ein gråpa-

Leivar: 80 gram tunge leivar er perfekt, meiner Torhild Øie. pirpose som du lagar som ein stor konvolutt, oppmodar bakarmeisteren.

Ristar

Dogg i glaset på kjøkkenet avslørar aktivitet. Og kva med Eli? Klarer ho å hengje med? Eli ristar lett i kroppen og let kjevla få seg ei skikkeleg hard arbeidsøkt. Små runde leivar vert store, tynne flate flak. Heilt klart: Ho kan kaste lærlingtittelen på fjorden. For Eli Kjøde kan å bake flatbrød!


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 5

På julehandel i Gågata

Ørsta – hjartet av Sunnmørsalpane

Skinnvesker Clutch Lommebøker Hansker Rein luksus for sensitiv hud

÷30%

Foto: Janne Gerd Dagfinrud

på heile serien

Stjerneriflet jul S

÷25% på utvalde deler

Bu i Ørsta

før ør 3100,-

Fuego lyslykt 27 cm

179,-

Foto : Marius Beck Dahle

Du er aldri langt unna ! Ørsta/Volda lufthamn E39 gjennom kommunen Kviven mot sør og aust og Eiksundsambandet mot vest gjer Ørsta til eit samferdselsknutepunkt

før 299,-

Jobb i Ørsta

Gåvetips! Foto : Marius Beck Dahle

Variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar Ørsta kommune Tussa Tine Fora Form Saferoad og Vik Ørsta Kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda.

Foto: Gunnar Wangen

Foto : Fugl Føniks

- Ekstra varm dunjakke for dei kalde dagane - Vassavisande ytterstoff

1499,-

Sunnmørsalpane, fantastiske naturopplevingar, frå tare til tind Trivelege kaféar og kaffibar. Ivar Aasen-tunet Kunsthuset Ørsta kulturhus/kino Ørsta Skisenter Variert idrettsmiljø Fleire treningssenter

www.orsta.kommune.no

Bergans Gålå Down

Veil 2499,-

Fritid i Ørsta

Saman mot nye høgder

1550,-

Maya 2000 bestikk 16 deler deller

Attraktiv og variert bustadmarknad Eit godt og allsidig barneog skuletilbod Kort veg til helsetenester og lokalt sjukehus

Ulvang Rav - Varm og behageleg genser i 100% ull - Fleire fargar

799,Sport 1 Ørsta AS Sportsbutikken i gågata Tlf. 70 06 70 51 orsta@sport1.no


6 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Bokbindaren på Kinabakkane I eit raudt hus bak den kvite kyrkja i Ørsta sentrum sit ein mann og tek vare på den skrivne historia.

••

Roy-Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no Det er som å avsløre ei hemmelegheit dette, at Ørsta har eit bokbinderi, ein bokbindar som sit i eit rom i kjellaren sin og gjer slik at aviser, protokollar og andre viktige papir vert tekne skikkeleg vare på for etterkomarane. Jarle Myklebust står i glaset i blå skjorte når eg parkerer bilen denne regntunge tysdagen i desember. Han opnar døra, smiler og helsar mildt i ein fyldig, grå bart. Han seier at arbeidsrommet er rotete og at eg ikkje må ta bilete av alt som ligg og sleng. I kasser og plastnett ligg bunkar med aviser frå heile Sunnmøre og mange an-

dre stader. I eit hjørne står ei stor maskin. Midt i rommet har han eit sjølvlaga sybord. – Det ser ut som det er laga av skuleelevar på sløyd, men det fungerer. Jarle humrar og byr på svart kaffi.

Tilfeldig

Som så mange andre ting i livet var det tilfeldigheita sitt spel som gjorde 66-åringen til bokbindar. Ein dag på slutten av 1980-talet: Jarle er innom Møre-Nytt på Nekken der redaktør Erik Bergmann viser ein haug med årgangar, bunker med aviser han gjerne skulle hatt innbunde med stive permar, slik at årgangar med aviser vart bevart på ein god måte. Sigurd Nossen hadde gjort dette ar-

beidet, men etter at han gjekk bort var det behov for nokon som kunne ta over. Jarle Myklebust er nysgjerrig av natur, og tenker at det kunne vere moro å prøve. Han visste ikkje kva han gav seg utpå, men bretta opp ermane og skaffa seg utstyr. Ein Aarflot i Volda, som batt inn Møre, viste Jarle korleis bokbindaren arbeider, og Arnt Eiken i Ørsta la si sjel i å hjelpe Jarle med å få ein god start. Jarle lærte fort, også at granitol var ein viktig del av bokbindinga. Det ser ut som skinn og vert brukt som rygg på det som skal bindast inn. Jarle syr fast avisene, og limer, pressar og skjer. Det handlar om å vere nøyaktig i alle prosessar.


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 7

1

2

3

4

– Ein viktig eigenskap er å ha kjensler for papir, at ein kjenner kva veg fiberet ligg og korleis papiret oppfører seg, forklarar Jarle.

Dagslys

Dei første permane hans toler ikkje dagslys. Etter kvart fekk bokbindaren meir og meir taket på prosessen. Jungeltelegrafen byrja å herje for fullt, og snart hadde Jarle meir enn nok kundar utan at han hadde annonsert. Det ringde frå alle lokalaviser på Sunnmøre og frå mange i Bergen. I dag bitt han inn aviser for 60-70 avisbedrifter. Også kommunar, Høgskulen i Volda og bedrifter finst på kundelista. Mange vil binde inn protokollar.

Den sjølvlærte fagmannen trivst med hobbyen som delvis vart levebrød. Men også han har behov for å snakke med andre enn seg sjølv. – Eg hadde ikkje vore god å ha med å gjere dersom eg berre skulle halde på med dette her, her i mitt eige selskap. Eg elskar å prate med folk, og det får eg gjere på Elkjøp i Hovdebygda der eg har halv jobb. Sist sommar var 66-åringen på ein sjeldan fjelltur, og då datt han slik at han øydela ein skulder. Sidan har bokbindaren på Kinabakkane jobba i lågare tempo. No ser han gjerne at andre startar. – Eg veit ikkje om konkurrentar, så det går absolutt an å leve av dette utdøyande yrket.

Bokbinding •• Bokbindarfaget er kjent heilt frå oldtida. •• Faget fekk først stort oppsving då boktrykkarkunsten kom til Europa. •• Aldus Manutius og hans bokfirma, som vart grunnlagt i 1489 i Venezia, har hatt stor betydning for faget si seinare utvikling. •• Den første bokbindaren i Noreg er Caspar bokbindar. Med han starta bokbinding som fritt yrke i Trondheim i 1520-åra. Kjelde: Store norske leksikon.

1) I kjellaren: Heime i kjellaren i Ørsta driv Jarle Myklebust med bokbinding. Denne permen inneheld ein årgang aviser som Jarle har sydd og limt til ein solid perm. 2) Heimelaga: Jarle syr aviser i perm med denne sjølvlaga «maskina». 3) Gammal: Denne gamle pressa er viktig for ein bokbindar. 4) Aviser: Bunkar med aviser frå heile landet skal bindast inn hjå Jarle Mykelbust.


8 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

LYST: Damekoret LYST har hatt tre kyrkjekonsertar i desember. Her takkar koret for applausen i Hjørundfjord kyrkje sist søndag.

– Vi er så velsigna med – Vi er så velsigna med eit godt kulturtilbod i Ørsta. Når vi tenkjer etter, er det heilt utruleg kor mykje vi har.

••

Rune Sæbønes rune@morenytt.no Det seier Tove Halse Digernes, kommunestyrepolitikar for Senterpartiet, og sjølv kormedlem. No i desember har ho saman med damekoret LYST turnert med konsertar i tre lokale kyrkjer. – Det å få lov å vere med å skape

noko ut til publikum, og sjå at det har gjeve folk noko: Det gjev ei god kjensle, og er verdt innsatsen og alle øvingane, seier Halse Digernes. Sidan slutten av august har ho og medlemmene i LYST øvd inn juleprogrammet. Det er ei øving i veka, øving heime med tekster og notar, og øvingshelgar fram mot framføringane i desember. – Vi som er med i koret har sjølvsagt også ei travel førjulstid, men det vert spesielt og gjevande å vere med i ein fellesskap som eit kor er. Spesielt er det gjevande med dei konsertane vi har på bygdene, og sjå korleis folk møter opp, seier Halse Digernes.

Ho meiner folk i Ørsta har eit luksusproblem. – For tenk etter kor mykje som skjer. Det er enormt med tilbod. Vi har den eigenproduserte kulturen, og vi har konsertar, teater og kino. Vi skal til dømes vere glade for at vi har det kinotilbodet vi har med stadig nye filmar fleire gonger i veka, seier Halse Digernes. Ho synest folk i Ørsta generelt er flinke til å nytte seg av tilboda som er. – Men vi kan verte endå flinkare. Den sikraste måten å halde det gode tilbodet på, er å møte opp. Mange kjenner kanskje ein liten dørstokk for å ta del, men gå gjerne saman med

venner, born eller familie. Gå gjerne fleire dagar i veka, seier Halse Digernes. Ho takkar kulturskulen, korpsa, kora, ballettskule osb for å stå på for å skape tilbod. – I Ørsta har jo alle desse tilboda vorte ein integrert del av adventstida. Det har vorte ein heilt naturleg del av juleførebuingane å få med seg ein konsert eller ei kulturhending, seier Halse Digernes. Og straks jule er over, startar førebuingane til våren og sommaren. – For kora er det korkafear, sommarkonsertar og stemne. Dette er eit heilårsengasjemenet, seier Halse Digernes.


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 9

Skaper stemning Damekoret LYST skaper julestemning på turneen i kyrkjene i desember.

••

Rune Sæbønes rune@morenytt.no Damekoret LYST skapte ein stemningsfull konsert i Hjørundfjord kyrkje sist søndag. Eit samsunge kor, flinke solistar og eit allsidig og spennande repertoar gav publikum den rette kjensla under og etter konserten. LYST har hatt konsertar i Dalsfjord kyrkje, Hjørundfjord kyrkje og Ørsta kyrkje. På repertoaret står klassiske julesongar, poplåtar frå Frode Alnæs til spennande arrangement som å knyte saman populærlåten The Rose med «Det hev ei ruse sprunge» og til urframføring av Magne Våge sin tekst og melodi « Jomfru Marias song» Det heile vart fint knytt saman ved Barbro Vartdal som las sine tekster om kva jule- og førjulstida skal vere: Fred og fellesskap. Konserten var også fint lyssett, der eit tydeleg raudskjer fortalde publikum og kva tid vi er inne i. Musikalsk leiar for koret er dirigent Nina Vedeld Telseth. Ho hadde full kontroll både over kor og band. Konsertane til LYST samla mykje folk, både i Dalsfjorden, Hjørundfjord og Ørsta.

eit godt kulturtilbod

Solist: Tove Halse Digernes.

Solist: Marianne Aarflot.


10 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Godt lag: Ifølgje brannsjef Einar Ytre-Hauge er Ørsta brann og redning eit godt lag, og at dei stadig tek nye steg og utviklar seg. Han poengterer at dei framleis skal ha trykk på vidareutvikling, og at det stadig dukkar opp nye utfordringar. FOTO: RUNE SÆBØNES

– Er bet­re rus­ta Gjen­nom dei sis­te åra har kurs og opp­læ­ring vore ein pri­or­ i­tet for Ør­sta brann og red­ ning, og dei vil hal­de fram med det­te for å ut­vik­le seg vi­da­re.

••Joa­chim Kro­ken Åse­bø joachim@morenytt.no

– For tre år si­dan var det to av mann­ska­pet ved sta­sjo­nen i sent­ rum som had­ de grunn­ kurs. No er det ber­re to som mang­lar det, sei­er brann­sjef Ei­nar-Ytre-Hau­ge i Ør­sta brann og red­ning. Det er i første rek­kje brann­ mann­ska­pet i sent­rum som har vore gjen­nom kurs og opp­læ­ ring i den­ne pe­ri­od ­ en, men mann­ska­pa på Sæbø og Vart­ dal står no for tur. – Vi har hatt opp­tre­ning på røyk­dyk­ka­rar på Sæbø og Vart­ dal. Man­ge har vore gjen­nom grunn­kurs, kurs i ut­ryk­kings­ køy­ring, lei­ar­kurs for ut­ryk­ kings­lei­a­rar, be­fal og spe­si­al­kurs i kjemikaledyk­

king. Ør­sta er eit mel­lom­de­pot om det skul­le skje ei akutt for­u­ rei­ning, og det for­plik­tar oss til å ha kva­li­fi­sert mann­skap. Vi har no seks i mann­ska­pet om det skul­le skje eit kjemikalsk ut­slepp, og opp­gå­va då er å red­de liv og sten­ge ut­slep­pet. I si­tua­sjo­nar kan vi ver­te brukt på Søre Sunn­mø­re, sei­er brann­sje­fen.

Krav og eige yns­kje

Det er både stren­ ga­ re krav grunn­ut­dan­ning, leiar ut­dan­ ning og ser­ti­fik ­ at i til­legg eiga lyst til eit bet­re kva­li­fis­ ert brann­korps som har ført til at kurs og opp­læ­ring har vor­te ein pri­or­ i­tet. – No har alle be­fal god­kjent ut­dan­ning. Av eit mann­skap på fem­ten er det tret­ten som har teke el­ler som i ferd med å full­ fø­re grunn­ut­dan­nin­ga. I til­legg har Ør­sta brann og red­ning ein om­fat­tan­de øv­ ings­plan kvart ei­nas­te år. Den sis­te må­na­den har brann­ mann­ska­pet vore med flyplas­ søving og har hatt øv­ing med in­du­stri­ver­net på VikØrsta. – Vi prø­var å legg­je opp øv­in­ ga­ne så re­a­lis­tisk som mu­leg, og det er eit vidt spek­ter frå

Nøgd: Brannsjef Einar Ytre-Hauge er godt nøgd med at kompetansenivået i brannvernet har vorte heva gjennom kurs og opplæring. ARKIVFOTO

hjar­te­star­ta­rar til brann og tra­ fikk­ulyk­ker.

To kvin­ner i mann­ska­pet

Gjen­nom dei sis­te åra har det og vor­te flei­re kvin­ner i brann­ ver­net i Ør­sta. Siri-Ann Aur­stad har vore til­sett i sju år, og Liv Strand har vore til­sett i to år. – Det er ik­kje så man­ge kvin­ ner i brann­mann­ska­pa i No­reg, men det har vor­te flei­re. Vi har ber­re po­si­ti­ve er­fa­rin­gar med det. Vi skal og speg­le att sam­ fun­ net, og då treng vi også mang­fald. Kvin­ner i korp­set er

ein po­si­tiv mil­jø­fak­tor. Dei får ik­kje sær­skild be­hand­ling, og del­tek og ut­fø­rer den same job­ ben men­ne­ne, og må be­stå dei same tes­ta­ne. Brann­sje­fen er nøgd med ut­ vik­lin­ga som Ør­sta brann og red­ning har hatt dei sis­te åra. – Vi er eit godt lag, og det vi­ ser og re­sul­ta­ta på ak­sjo­na­ne. Vi tak­lar det på ein god måte, og tek sta­dig nye steg. Det stop­ par ik­kje der, og vi skal fram­ leis ha trykk på vi­da­re­ut­vik­ling då det hei­le tida duk­kar opp nye ut­ford­rin­gar.


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 11

www.orstabil.no

Strandgata 9, 6150 ØRSTA

Rentekampanje i desember

2,95%

Cato Eiksund Rogne tlf. 478 38 119 Kjell Krumsvik tlf. 975 66 701

cato@orstabil.no kjell@orstabil.no

- 05 Toyota RAV 4 2,0 D4D 4x4 157 000 km kr 129 000 Finn kode: 53823225

-11 Ford Fiesta 1,4 TDCI Titanium 30 900 km kr 145 000,Finn kode: 53823224

- 14 Nissan Juke 1,5 DCI N-Tec Kun 2 000 km kr 229.000,Finn kode: 48536734

-07 Ford S-MAX 1,8 TDCI 7 seter Trend 115 000 km kr 149 000 Finn kode: 52927798

- 14 Nissan Note 1,5 DCI Tekna 5100 km kr 228 000,Finn kode: 52518153

- 11 Toyota Avansis 2,2 D4D Navitech + 69 000 km kr 239 000,Finn kode: 52311918

- 12 Ford Focus 1,6 TDCI Sport 32 9000 km kr 169 000,Finn kode: 51614034

- 12 Nissan Qashqai + 2 1,6 TDCI 7 seter 50 100 km kr 279 000,Finn kode: 51614035

•14 Nissan Qashqai 1,6 DCI 4x4 KUN 2500 km kr 329 000 Finn kode: 53242004

• 08 Nissan Note 1,5 DCI Acenta 82 900 km kr 99 000,Finn kode: 39927444

• 09 Hyundai i20 1,2 Comfort kun 40 100 km kr 109 000,Nyleg komen inn.

• 06 Opel Vectra 1,9 CDTI Elegance STV 132 200 km kr 99 000,Nyleg komen inn.

2,95% nom. rente, 35% eigenkapital * Nybilgaranti * 12 md. bruktbilgaranti

Jul på Amfi

Opningstider: 8. – 12. des

Romjul/nyttår

10 – 20

27. desember

10 – 16 (Vinmonopolet: 10 – 15)

14. og 21. des

14 – 18 (søndagsope)

29 – 30. desember

10 – 16 (Vinmonopolet: 10 – 18)

18. desember

10 – 22 (ekstra langope)

31. desember (nyårsaftan) 10 – 13 (Vinmonopolet stengt)

15. – 19. des

10 – 20 (Vinmonopolet 10 – 18)

22. – 23.des

10 – 20

24. des (julaftan)

10 – 13 (Vinmonopolet stengt)

Daglegvare, Apotek 1 og Narvesen har avvikande opningstider

Laurdag 13. desember: kl 1200: Luciaverkstad kl 1330: Luciatog kl 1400: Julemusikk Tlf. 70 04 91 90

Laurdagar ope til kl 18 Gåvekort: Automat ved søre inngang

– Møtestaden midt i sentrum –

Størst på Søre Sunnmøre

amfi.no


12 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Ut av Alpane, inn i Sunnmø ••

Denne vinteren blir det for første gong satsa kommersielt på «Hjørundfjorden rundt». Målet er å gjere turen til ein av dei beste i verda.

Marius Myklebust marius.myklebust@morenytt.no «Haute Route». Dei som kjenner omgrepet, ser for seg mektige alpar og ein sju dagar lang tur frå Chamonix, ved foten av Mount Blanch, til Zermatt, ved foten av Matterhorn. Dei siste åra har «Haute Route»-konseptet, med skiturar i høgfjellet over fleire dagar, breidd om seg også i Noreg. No ønskjer reiselivsnæringa å gjere «Hjørundfjorden Rundt» til Noregs beste langtur på ski. – Hjørundfjorden byr på fantastiske moglegheiter for oss. Vi skil oss frå dei andre norske rutene. I Jotunheimen er ein inne i fjellheimen, i Lofoten og Lyngen er ein ute i havet. Hos

oss går ein med utsikt til ein av verdas vakraste fjordar. Og det at ein faktisk går rundt fjorden, gir kjensla av ein skikkeleg rundtur, seier marknadssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Skreddarsaum

I fjor vart det gjennomført ein prøvetur, og i år satsar reiselivsnæringa for første gong på eit skreddarsydd opplegg for turen. – Men Hjørundfjorden rundt er ikkje noko nytt fenomen. Turen har både vore omtalt og gjennomført mange gonger tidlegare. Det som er nytt no, er at vi legg til rette for å gjere dette kommersielt, med guide og eit godt planlagt opplegg,

seier Skrede. Ruta, som er lagt opp til å ta ei veke, går Hundeidvik-Trandal-Norangdal-Bjørke-Skår-Sæbø-Ytre Standal/Barstadvik. Turen inkluderer mange av dei mest spektakulære toppane i Sunnmørsalpane: Råna, Slogen, Blæja, Skårasalen, Dalegubben og Kolåstinden. – Men det som er viktig for oss, er at vi skreddarsyr turane etter kva folk ønskjer. Om dei ikkje vil gå heile runda, men berre eine sida av fjorden, så er det sjølvsagt mogleg. Ein treng ikkje setje av ei heil veke for å oppleve Hjørundfjorden på ski.

Meir enn natur

Skrede meiner også at det er


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 13

1

2

3

4

ørsalpane meir enn naturen som gjer Hjørundfjorden attraktiv. – Dette er ein fjord som verkeleg lever. Det er ein rik bygdekultur på begge sider, og fleire fantastiske overnattingsstader. Det handlar ikkje berre om å gå på ski, men også om å oppleve stader som Christian Gaard (Trandal), Villa Norangdal, Hotel Union Øye, Vandrarheimen på Bjørke og Sagafjord Hotel (Sæbø). For ein del kan Ørsta og Hotell Ivar Aasen også vere eit mål. Og så prøver vi å leggje inn ei natt i Ålesund både når dei kjem og før dei reiser. Det handlar både om å redusere stresset med reisinga, og å leggje inn opplevingar frå Jugendbyen i turen – Med slike overnattingsstader

er vel dette ein tur for dei med god råd? – Då er vi tilbake til det med skreddarsaum igjen. Dei som vil ta seg rå til å bu på desse stadene, kan gjere det, medan det også finst mange rimelegare alternativ, både i form av hytter og camping, seier Skrede. Han ser for seg at kundane vil kome både frå utlandet og frå Noreg. – Det er marknader for dette særleg i Sør-Tyskland, Italia, Spania og Frankrike, men også i USA er det mange fjellvande folk som er på jakt etter nye opplevingar. – Så de vil få turistane ut av Alpane, og inn i Sunnmørsalpane? – Ja, det kan du godt seie.

Fakta •• Hjørundfjorden Rundt er eit heilårskonsept for reiselivsnæringa. Vintersesongen går frå mars til mai, avhengig av vêr og føre. •• Det er selskapet Hvitserk som arrangerer dei kommersielle turane, i samarbeid med blant andre Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Ålesund-Sunnmøre Turistforening. •• Turen er berekna til å ta sju dagar. Den nøyaktige ruta blir bestemt etter vêr og føre.

1) Skårasalen: Bilda er frå prøveturen i fjor vinter. Her er turfølgjet på veg opp til Skårasalen. 2) På fjorden: Turfølgjet blir frakta med skyssbåt mellom fjelletappane. I bakgrunnen ser vi Stålberghornet. 3) Ned igjen: Følgjet på veg ned igjen til Skår etter turen til Skårasalen. På fjorden er skyssbåten på veg for å hente skigåarane. 4) Sæbø: Skyssbåten klar for avgang på Sæbø. ALLE FOTO: SVERRE HJØRNEVIK/SKI FJORD NORWAY


14 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Great Place To Work-institute kårer hvert år verdens beste arbeidsplasser. I år ble EiendomsMegler 1 Midt-Norge rangert som nummer 2 i Norge, og i fjor som nummer 8 i Europa. Der det er godt å jobbe, er det godt å være kunde. Godt å vite for oss - viktig å vite for deg.

Selge bolig i løpet av 2015? Vær forberedt når boligkjøperene er klare. Det vil lønne seg å kontakte oss så tidlig som mulig for å planlegge ditt boligsalg. Inngå oppdragsavtale nå, selg når det passer deg!

EiendomsMegler 1 satser på Søre Sunnmøre! Inngå oppdragsavtale med oss innen 1. februar 2015 og få et meget godt tilbud på salg av din bolig.

Espen Stothard Avdelingsleder/Eiendomsmegler Mobil: 971 36 740 espen.stothard@em1mn.no

Andreas Zarman Eiendomsmeglerfullmektig Mobil: 918 45 977 andreas.zarman@em1mn.no

Eirik Langsæter Trainee Mobil: 907 58 801 eirik.langseter@em1mn.no

Nina R. Bjerkvik Megler Mobil: 909 92 420 Nina.bjervik@em1mn.no

Maria Isabel Abeltun Eiendomsmeglerfullmektig Mobil: 476 32 848 maria.abeltun@em1mn.no

Med ønsker om en god førjulstid fra alle oss i EiendomsMegler 1


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 15

495,-

Armani

Code gåvepakke

Verdi: 725,-

Dior J’adore

Verdi: 1035,-

Clinique Sminke

Verdi: 1145,-

545,Clinique

Davidoff

Rensesett

Cool Water Deostick

Nye flotte lokale på Ørsta Torg

Det er enno mulegheiter for fotografering og ha det ferdig i god tid før jul!

Velkomen inn!

Verdi: 420,-

Davidoff Cool Water Edt 40 ml

Verdi: 220,-

Verdi: 340,-

99,-

Fotografering av gravide, baby, dåp, brudepar, konfirmasjon, modell, bolig, natur og kommersielt.

895,-

230,-

550,-

295,-

Marc Jacobs

Clarins

MultiActive dagkrem

Verdi: 944,-

Verdi: 785,-

Velkomen til oss i gågata!

585,-

FASADEN frisør, parfymeri & undertøy Ørsta Torg, 6150 Ørsta, tlf. 70 06 79 12

Gi noko spesielt til den du er glad i Hudpleie Avansert hudterapi GreenpeelR frå dr. Schrammek Permanent hårfjerning med epilasjon Hårfjerning med voks Brynstyling Kroppspleie Manikyr Pedikyr Aromaterapi Hot Stone massasje Makeup Dag/kveld/brud/foto etc. Fargeanalyse Makeup-kurs Vippeextension Oksygenbehandlingar Estetisk medisin: Medisinske rynkebehandlingar Juvederm v/ kosmetisk sjukepleiar

Frå januar får vi ny hudterapeut og negledesigner på klinikken. På grunn av stor pågang tek ho i mot bestillinger frå desember av.

Lekre gåvepakningar frå Matis, Decleor, Nimue, Bare Minerals, Glo Minerals og Bliss (så langt lageret rekk) Velkomen til oss

Vikegata 24 700 67 400/402 39 849

SKJØNNHET HELSE VELVÆRE


16 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Venche og LeviAndré har funne tonen – Vi får aldri spelt nok musikk, men det har aldri vore eit mål for oss å gjere hobbyen vår om til eit levebrød.

••

Janne-Marit M. Falch janne@morenytt.no Levi-André Leite og Venche Vartdal Leite er ein snartur innom heimen sin på Vartdal. Dei har akkurat kome frå eit speleoppdrag på Folkestad, og er snart på farta ut att for å vere med på å synge og spele jula inn i Vartdal kyrkje. –Vi får vere med på å gi noko til andre, men vi får også så uendeleg mykje tilbake sjølve, seier Venche om kvifor dei orkar å sjonglere ein svært tidkrevjande hobby med familieliv og jobbar. – Nei, det er ikkje pengane som driv oss, men musikken, seier Levi-André.

Glede

Dei har funne ein felles grunntone. Musikken førte dei saman og har sidan vore eit stort og viktig innslag i liva deira. Speleoppdraga har vorte merkbart fleire dei siste åra, men paret held fast på at dette er og skal vere ein hobby. – Vi syng og spelar fordi vi har lyst. Det er vår luksus. Skulle vi leve av dette ville ting vorte mykje tøffare. Vi har aldri gjort dette fordi vi føler at vi må gjere det. Vi gjer det fordi det gir oss noko. Vi kjenner glede. Skulle vi leve av det er vi redde for at noko av gleda vil falle vekk. Venche har alltid elska å synge, men sjølvtilliten hindra henne i å tore å satse.

– Levi er ein stor grunn til at musikken har vorte så viktig for meg. Han har gitt meg trua på meg sjølv. Eg er alltid nervøs før eg skal framføre noko, men har fokus på at det er songen og det eg framfører som er viktig for publikum. Eg er utruleg oppteken av at det eg formidlar har ei meining, og vel tekster og songar med omhug. Ho er særleg takksam for å få synge i gravferder. – Der er ei heilt spesiell ro i kyrkja under gravferder. Det eg syng betyr noko for dei som sit der. Då føler eg at eg gjer ein forskjell. Kyrkjerommet er også ein av dei stadene Levi-André føretrekkjer som konsertlokale. Han


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 17

1

2

1) Ein snartur heim: – Vi er ikkje så pynta til kvardags, forsikrar Venche Vartdal Leite. Dei har akkurat vore på speleoppdrag på Folkestadtun på Folkestad, og er berre ein snartur heime på Vartdal før dei skal vere med på å synge og spele jula inn i Vartdal kyrkje. 2) Familieliv: Andreas (5) er ofte med mamma og pappa på speleoppdrag. Her stel han litt merksemd mellom slaga. Neste post på programmet er Vartdal kyrkje. Der skal han også vere med. – Eg vil ikkje vere heime, eg vil vere med i kyrkja, er den klare beskjeden.

Vi får vere med på å gi noko til andre, men vi får også så uendeleg mykje tilbake sjølve Venche Vartdal Leite

3

3) Populære: Venche og LeviAndré har mange oppdrag kvar for seg, men finn også tonen saman. Her frå ein tidlegare romjulskonsert i Vartdal kyrkje. ARKIVFOTO: LINDA HALSE DIGERNES

er ofte med og kompar for Venche på bass, men er også med i ulike band, alt etter kvar det er behov. – Det er gjerne ei eiga stemning i kyrkjene. Og du presterer enno betre når du kjenner på det dei i kyrkja føler, til dømes under gravferder. Du vert skjerpa. Det er både dei mest meiningsfulle og dei tyngste oppdraga vi gjer, seier han. – Den dagen du ikkje føler noko lenger, er det kanskje ikkje meininga at du skal drive på med dette lenger, trur Venche.

Takksamt

Det er på bygdene dei likar seg

Fakta •• Venche Vartdal Leite (38) og Levi-André Leite (28). Ho syng, han spelar bass. •• Andreas (5) er deira felles barn, og i tillegg har Venche Emilie (13) og Svein Arne (11). •• Populære musikarar, spelar saman i 80-tals bandet «All night long», i tillegg til sporadiske bandoppdrag. •• Tek gjerne på seg songoppdrag/speleoppdrag i kyrkja, frå konsertar til bryllaup og gravferd.

best. På dei intime scenene. Vartdal kyrkje er ein favoritt. Her har dei arrangert julekonsertar dei siste fem åra. – Og det er svært kjekt å arrangere, men det er enno kjekkare når vi vert spurte om å spele ein stad, seier LeviAndré. Og det er mange som kjem for å høyre på dei. – Hareid, Bjørke, Syvde, Sæbø. Folk dukkar opp. Vi kan framleis verte overraska over at dei kjem fordi dei vil høyre på oss. Vi er takksame for kvar og ein. Særleg inntrykk gjer det også når dei spelar for eldre rundt om på institusjonane.

– Då kjem du verkeleg heim i stova, seier Levi-André. – Det er så ekte det vi ser i andleta deira. Vi var nyleg og song julesongar for nokre, og vi kunne tydeleg sjå at det betydde mykje for mange. Det er ekte og takksamt. Musikk er som medisin, også for oss, kommenterer Venche. No førebur dei seg til sitt årlege høgdepunkt: Julekonserten i Vartdal kyrkje 21. desember. Dagen etter spelar dei i Hjørundfjord kyrkje. – Vi gler oss, og slik skal det vere. Musikk skal vere lystprega. Det er det for oss. Det er difor vi kan halde på med dette.


18 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Julehandel med kvilepuls i

NYHEIT!

Julehefte-utstilling

Ope kvar dag før jul kvardagar 10–16

laurdag og søndag 12–17

langope kvar torsdag 10–20

handlenett.no

I år også! Til sals i bokhandlane, på Ørsta rådhus/ servicekontoret (i underetasjen i nyerådhuset) og på Ørsta kulturhus/kinokiosken (kveld/helg) Spesialtilbod på Ørsta-album 1 – 12 per bok kr 100,1 – 12 samla kr 1000,Kan også tingast via e-post: postmottak@orsta.kommune.no eller 70 04 97 00 Eit kommunalt tiltak med godt omdøme!

300,-


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 19

11.-13. DES

UTVALDE SERVISE

ALLE PYNTEPUTER

÷30

6PK

99,-

÷20

11.-13. DES

Ha

rd

an

ge

rB

est

ikk

ULLPLEDD FØR 749,NO 599,LØPARAR FRÅ

RAMONA

KAKEOG DESSERTSETT

199,-

299,-

FØR 699,-

A ALLE POV

249,OSLO WOOD M/SKJERM

4 STK

FRUKOST 23CM

449,-

MIDDAG 27CM

3495,-

499,-

PASTATALLERKEN

9 ØRSTA VIKEGATA 19, 70 06 21 11

ÅRETS JULEGÅVE til

Spar inn kr

500,-

Kampanjepris Sesongkort Gjeld 6. t.o.m. 22.12

en elkom

V

569,-

RYSTELANDET

Nytt namn, men samme gode servicen Gode prisar kvalitetsvarer frå m.a.

Vaksne 3.100,-* Prisliste sesongen 2015 Dagskort

<15 år 270,-

Dagskort familie Sesongkort

790,-** 2.600,-

Sesongkort familie Sesongkort juniortrekket

3.600,8.500,-**

600,-

Born fødde 2004 og born 0-6 år Sesongkort Alpepass

>16 år 345,-

1.000,GRATIS*

3.590,- (14 år) 4.790,-(15 år)

Sesongkort Alpepass familie

12.315,- **

*Keycard kr 75,- ** Familie = 2 vaksne og born

Prisliste og vilkår sjå: www.orstaskisenter.no

Born 2.200,-* • Snøkanonanlegg til toppen (ny) • Lysløype i alpinbakken, 2000 m • 3 skitrekk og stolheis • Sesongkort vert å få kjøpt i varmestova på skisenteret 13., 14., 20. og 21. desember (kl. 12-16). Elles i ordinær opningstid i kampanjetida. Personleg frammøte ved kjøp av sesongkort. Gåvekort kan kjøpast hos Sport 1, G-sport Ørsta, Intersport Amfi Ørsta.

www.orstaskisenter.no

Test oss gjerne på pris på vindu og terrassedører, vi har gode avtalar med fleire leverandørar

Tlf.: 70 04 75 00 | post@orstatrelast.no | orstatrelast.no Fagbutikken i Ditt Distrikt

byggfag.no


20 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Aktivitet: Kiwi nattcup som vart arrangert siste helga i november er ei av fleire turneringar som har vore i Kiwi-hallen. Pågangen for å bruke hallen har vore stor sidan opninga for litt over eitt år sidan. ARKIVFOTO

– Eit løft for klubben I slutten av august i fjor vart Kiwi-hallen i Ørsta offisielt opna. Frå morgon til kveld vert hallen nytta, og målsetjinga er å skape meir aktivitet.

••

Joachim Kroken Åsebø joachim@morenytt.no – Vi har hatt litt over eitt år med bruk, og pågangen har vore svært stor. Det er spesielt våre eigne lag, men og eksternt. I vinter leigde alle naboklubbane treningstid i hallen, og i tillegg har bedrifter og vennelag leigd treningstid. Velle skule nyttar også hallen mykje i skuletida, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball. Kiwi-hallen vert brukt til fotball, med nokre då unntak. Frå hallen opnar til den stengjer er aktiviteten stor. – Det er ikkje mange timane i løpet av dag hallen ikkje er i bruk. Her er aktivitet frå morgon til kveld, men det kan variere litt på dagtid. Frå FFO startar tidleg på ettermiddagen til hallen vert stengd er det full

Ekstratrening: Tilbodet om ekstratrening for alle klubbane i Volda og Ørsta har vore i Kiwi-hallen sidan oppstarten, og kvar onsdag er rundt seksti unge fotballspelarar samla i hallen. ARKIVFOTO aktivitet, og det er det som er meininga.

– Annleis enn tidlegare

Kiwi-hallen skal først og fremst vere eit tilbod til eigne brukarar i Ørsta IL fotball. Dei ynskjer ikkje at det skal vere organisert trening i alle døgnets timar, og mange ungar og ungdomar legg turen innom på eige initiativ for å ha eigentrening eller ha det kjekt med kameratar eller venninner. Med ein fotballhall på plass i Ørsta er også moglegheita til at sesongen til aldersbestemte lag vert lengre. – Det vert heilt annleis enn

tidlegare. I barnefotballen har sesongen gjerne vore over då kampsesongen var ferdig, og dei byrja gjerne på att i mars. No ynskjer fleire å halde på nesten heile året, med nokre pausar. Det er store utfordringar for å få det til å gå i hop, og vi vil også passe på at det vert press på det unge spelarane. Fram mot nyttår er det dei yngste laga i Ørsta IL fotball som vert prioritert når det kjem til halltid, og etter nyttår er det dei eldste laga. – I løpet av året har det vorte avvikla kampar i Kiwi-hallen, men dette er noko som i utgangspunktet ikkje ynskjer å

gjere. Hallen skal nyttast til trening og den type aktivitet. I vinter skal vi og å halde kunstgrasbana opa når det er muleg, og vi ynskjer ikkje at spelarane berre vere i hallen. Erfaringane med temperaturen i hallen har berre vore positive. – I snitt er det seks til åtte grader mildare i hallen enn ute, og det er gode forhold for trening. I tillegg til den fysiske aktiviteten i hallen har det også vorte arrangert tre store utanomsportslege arrangement. – To av dei har vore ein suksess, i tillegg har både vennecupen, Kiwi nattcup og miniturneringane vore ein suksess. Dette vil vi ha litt meir av, og når vi ikkje er vêravhengige så kan vi planlegge dette for heile året. Ørsta IL fotball er godt nøgde med Kiwi-hallen, og byrjar å sjå resultat av den auka aktiviteten. – Kiwi-hallen har vore eit løft for fotballen, og det er det ikkje noko tvil om. Aktiviteten er utruleg stor, og vi ser allereie resultat ved at spelarane vert flinkare til å halde på. Ei underliggjande målsetjing med hallen er at spelarane i Ørsta IL fotball skal utvikle.


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 21

Finn roa med eit koseleg julestrikk

Vikegata Tlf. 70 06 73 53

Største utval i herrekonfeksjon på Sunnmøre

Mote for jenter og damer

Ein skal unna dei andre, som ein ønskjer seg sjølv.

Ivar Aasen

Vikegata 39-Gågata-Ørsta.Tlf.700 60 200 FØLG OSS PÅ FACEBOOK: LANDHANDELEN

Størst på jeans

Spesialist på fjellsport Stort utval i dunjakker/ skaljakker

Dressar str. 42 – 70

finsko

hanskar

400 m2 med merkevarer Julegåvebutikken for deg – din faghandel – Vikegata – Ørsta www.staurset.no

Ope: 10 – 20 (18).

Søndagsope 14. og

Seinope til kl. 22 torsdag 18/12 21 kl. 14 –18 Veslejulaftan 10-18


22 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Ho får kulturen ut til folket og har makta over kinoprogrammet. Det krev si kvinne.

Kultur og popkorn til folket

••

Janne-Marit M. Falch janne@morenytt.no – Det har vore mykje å setje seg inn i, og eg har det tidvis travelt, men det er framleis draumejobben. Janne M.G. Skarstein har vore kulturhusleiar og kinosjef i halvanna år. Tida går mellom anna med til å organisere for å få ulike arrangement til kulturhuset. – Og eg er alltid på jakt etter å finne ut korleis eg kan nå ut til flest mogleg for å fortelje om alt vi har å by på. Det er nok ikkje alle som er klar over breidda vi presenterer. Og film er best på kino. Det er magi, uansett kor stor flatskjermen er heime.

Halvfullt

Det er eit sjansespel. Halvfulle salar på kulturhuset er ikkje uvanleg. – Dessverre. Det er jo av og til litt skummelt. Vi hadde 27 personar på ein jazzkonsert med Yuri Honing. Det var ei fantastisk oppleving som fleire burde ha fått med seg. Og han kjem tilbake. Det er ikkje slik at vi sluttar å invitere sjølv om publikum sviktar litt, for vi er eit kommunalt tilbod, og må ha ein viss breidde, men draumen er jo full sal kvar gong. Og ofte klarer ho det. Eit gospelkor frå New York sørgde for stinn brakke nyleg, og gjestene kom frå heile søre og Nordfjord. Det er då Skarstein har det best. Salen rommar 316 personar.

– Det burde ikkje vere ei umogleg oppgåve å få det til litt oftare. Det er noko eg jobbar for. Det er viktig å ha noko å strekkje seg etter. Lokale arrangement er også blant dei best besøkte. Når ballettskulen held show er det rift om billettane. – Det er absolutt slik det skal vere. Vi er ei lokal scene også. Til våren er det ekstra mange lokale arrangement her, og det er utruleg kjekt.

Flinke

Ifølgje kulturhusleiaren er det barnefamiliane som er dei flinkaste til å nytte seg av tilboda deira. – Barneteater og barnefilmar trekkjer mykje folk. Eg tek konsekvensen av at dei er flinke brukarar. Det er viktig med eit godt kulturtilbod for barn og unge.

Humor

Nokre gonger er det også full klaff for dei vaksne. Skarstein registrerer at den gjennomsnittlege ørsting har sansen for humor. Står det noko humoristisk på plakaten, går billettane unna. Neste innslag der kjem i januar, i form av ei 90 år gammal kvinne. – Det kom ein mann til meg som spurte om vi ikkje kunne få hyra inn GT-Sara, Noreg sin eldste stand-up-komikar. Og det ordna vi. Det vert nok ei eksklusiv og artig oppleving.

Publikum

Men som med alt anna er kul-


MØRE-NYTT TORSDAG 11. DESEMBER 2014 23

2

3

Program •• 11. , 13. og 14. des.: Kino, Hobbiten Femhærerslaget •• 12. des.: Litt av et par! Sven Nordin og Nils Vogt står på scena. •• 14. des.: Vintermatiné turhuset avhengig av brukarane sine for å få ting til å gå rundt. Sviktar publikum, vert det vanskelegare å få dei store namna til bygda, fordi dei er meir kostbare. – Riksteateret har faktisk valt oss som si scene i området. Det må vi verne om. Der er det kvalitet i alle ledd. Vi må omfamne det. Nyleg opna eit nytt kulturhus i Herøy, og frå før er Sjøborg i Ulsteinvik ei populær scene. – Det er ikkje rom for eit kulturhus på kvar haug, men vi som er her utfyller kvarandre. Vi snakkar ofte saman, og vi tilbyr ein god pakke totalt sett. Og avstanden er ikkje kortare enn at folk køyrer dit dei finn det tilbodet dei ønskjer. Draumen min er at fleire får auga opp for det vi har å by på, for det er ikkje lite. Og så har vi verdas beste popkorn.

•• 21. des.: Nøtteknekkeren •• 26. des.: Romjulsdans med Crashville •• 14. jan.: GT-Sara, Stand up •• 19. jan.: Bjarte Hjelmeland •• 28. jan.: Benny Borg spelar Elvis •• 31. jan.: Yuri Honing, jazzkonsert

1) Teater- og kinosalen: Kulturhusleiar og kinosjef Janne M.G. Skarstein drøymer om at ein fullsett sal heller vert regelen enn unntaket på Ørsta kulturhus. Nokre arrangement trekkjer meir enn andre, og særleg er ørstingane glade i humor, registrer ho. Elles er ho av den klare oppfatning at film er best på kino, uansett kor stor flatskjermen heime er. 2) 90 år: Noreg sin eldste stand up-komikar, GT-Sara, eller Gerd Thoreid, kjem til Ørsta i januar. 3) Gu' kor gøy: Bjarte Hjelmeland har fått mykje ros for showet sitt. I januar kjem han til Ørsta gjennom Riksteateret.


24 TORSDAG 11. DESEMBER 2014 MØRE-NYTT

Langope kvar dag frå 11/12 til 20.00

Kom og sjå

Laurdag 13/12. Søndag 14/12. Torsdag 18/12. Søndag 21/12. Tysdag 23/12. Onsdag 24/12. Laurdag 27/12. Onsdag 31/12.

10.00 10.00 10.00 10.00 10.00 10.00 10.00 10.00

til til til til til til til til

18.00 18.00 22.00 18.00 18.00 13.00 15.00 13.00

PEPARKAKEBYGDA i tidlegare lokala til Bomann i Gågata, Vikegata 37

Julemarknad i Gågata FREDAG 12/12: HIMALPARTNER med stort ort salgstelt av varer frå Nepall Riding for born kl. 18.30 - 19.00 v/ Volda-&Ørsta Fjordhestlag ag NISSEFAR VANDRAR I GATA ATA MELLOM KL. 17.00 - 19.00 0 SALSBODENE: Ørsta Vidaregåande Skule sel diverse godbitar. Sal av heimebaka lefser v/ Karin Meidal og Unni Digernes Sal av Thai-mat v/ Sutjal Skarstein

Ein eigen jury kårar peparkakehusa. Vinnaren vert annonsert i Møre-Nytt på nyåret. Tre premiegrupper:

LAURDAG: 13/1 13/12 NISSEFAR BLIR I GATA MELLOM KL. 10.00- 15.00 NISSESHOW KL.11.00 OG KL. 15.00 Fotografering sammen med Nissen kl. 14.00 - 15.00 Live-bandet «Greinalaust» i gata kl. 14.00 Ørsta og Hovden Skulekorps spelar i gata mellom kl 12.00 - 14.00 Ørsta Røde Kors avd. «Røff» riggar opp «Zip-line», grilling div. leik. Ørstavik Sanitetslag: «Katta i Sekken» - Lotteri SALSBODENE: Spiskammerset v/ Gunhild Lid Ørsta Røde Kors

▶ Mest spetakulært ▶ Mest sjarmerande ▶ Mest detaljerte Kr 1000,- i premie for kvar gruppe

Helsing Butikkane i Gågata – Ørsta si handlegate www.vikegata-orsta.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.