PROGRAM
Hareidsstemna HAREIDHALLEN FREDAG 17. OKTOBER KL 19.00
KONSERT MED SILYA & THE SAILORS
10.-19. OKTOBER 2014
STEMNEFESTEN, HAREIDHALLEN
Stemnetalar Frank Aarebrot
LAURDAG 18. OKTOBER KL 18.14
AVSLUTNINGSKONSERT MED SANS
ISHAVSMUSEET SØNDAG 19. OKTOBER KL 17.00
STEMNEFESTEN
HAREIDHALLEN 18.OKTOBER KL. 18.14 HUGS! STEMNEKAFE I AULAEN FRÅ KL 17.00 STEMNETALAR FRANK AAREBROT Årets hovudtalar på stemnefesten er Frank Henrik Aarebrot. Frank Henrik Aarebrot er frå Bergen og er utdanna norsk statsvitar. Demokratisering i Europa og integrasjon er område han har forska på, samt valanalyse og metodikk. I Noreg er han nok mest kjend for sine politiske kommentarar ved val. Han var også ein av dei inviterte til grunnlovsmarkeringa på Eidsvoll tidlegare i år.
Han soknar politisk til arbeiderpartiet, og sidan han er open om det, vil nok ei del meine han er unøytral politisk kommentator. På årets stemnefest har vi grunnlovsjubileet som tema, og dette vil naturleg nok då vere tema for Aarebrot sin tale. Vi gler oss til Frank Aarebrot si deltaking i Hareidsstemna 2014.
Det vert ein stemnefest i god tradisjon slik det skal vere, - kor og korps deltek, kaffi og kaker vert servert. Ein stemnefest tru mot tradisjonane, og med nokre overraskingar og. Kor og korps, song og musikk, skjemt og alvor, taletrong og allsang, - og litt til. Nytt i år er at det vert mogeleg å kjøpe plassbillettar på førehand. Halve salen (den nærmast inngangsdøra) er nummererte stolar.
ANN CESILIE SKUNDBERG OG ROY MUREN Vi får gleda av å høyre desse to flotte solistane vise fram ei storslått stemmeprakt i eit par duettar under stemne festen.
ANNE HOLSTAD
SYNNØVE HATLEN … frå Teaterfabrikken - mest kjend i rolla som «Signe Stunden» – serveringsdama heilt utan fagbrev – kjem til stemnefesten for å more publikum med nokre litt andre rollefigurar som ho har gjort stor suksess med.
… er attende som programleiar på stemnefesten.
BILLETTAR KR 250,- PÅ WWW.HAREIDSSTEMNA.NO, PÅ SERVICETORGET PÅ RÅDHUSET, HJÅ EIKEN LIBRIS I ULSTEINVIK OG I DØRA.
HELSING FRÅ ORDFØRAREN Som ordførar i kulturkommunen Hareid er det for meg ei stor glede nok ein gong å kunne ynskje velkomne til Hareidsstemna 2014! Hareidsstemna er berebjelken i kulturlivet i kommunen, det er møteplassen der lokalt kulturliv møter det nasjonale og internasjonale, til gjensidig glede og inspirasjon. Vi feirar at grunnlova er 200 år i år. Det frie demokratiet ser ein er truga ikkje so langt frå vår eiga landegremse, og som ordførar sett eg då pris på at også Hareidsstemna vil vere ein del av denne markeringa.
2
Den store frivillige innsatsen som ligg til grunn for Hareidsstemna kvart år, står det stor respekt av. Som ordførar vil eg nytte høvet til å takke alle som står på for desse arrangementa. Eg ynskjer alle velkomne til Hareid for å delta på Hareidsstemna 2014, og ser sjølv fram til å delta på mange av arrangementa gjennom stemneveka. Lukke til med arrangementet!
PROGRAM HAREIDSSTEMNA - 10. - 19. OKTOBER 2014
Anders Riise, ordførar
PROGRAM Sundag 12. oktober
Fredag 10. oktober
POLARKVELD ISHAVSMUSEET, KL 19.00 Føredrag ved Jan Ove Ekeberg: «Et liv i isen».Middag på ishavsmuseet etter føredraget.
GUDSTENESTE HAREID KYRKJE KL 11.00
RIFF KONSERT OG PLATELANSERING, MELSHORN HOTELL, KL 22.00
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA
Med Volda som base starta seks ivrige unge musikarar frå Hareid og Sunnmøre i 1984 opp bandet RIFF. No er dei aktuelle med CD.
KJØPMANNSGATA 58, FRÅ KL 16.00 - 18.00
JAMES BOND
MUSIKKLAGET MELSHORN – MED LISENS TIL Å SPELE HAREIDHALLEN, KL 19.30
Laurdag 11. oktober BLOMAR OG SONG V/BYSTA AV JOHAN H. GRIMSTAD LOKET, KL 15.00
Vi møtast tradisjonen tru på Loket for å legge på blomar ved bysta til Johan H. Grimstad. Song ved Hareid blandakor.
OPNING AV HAREIDSSTEMNA OG KUNSTUTSTILLINGA GALLERIET TIL HAREID KUNSTLAG I KJØPMANNSGATA KLOKKA 15.30. Offisiell opning av Hareidsstemna ved Sindre Grønmyr Rise Kunstutstillinga med Aggregat atelierfellesskap frå Ålesund er elles open kvardagane i stemneveka kl 17.00–19.00 og laur-/sundag kl 16.00–18.00
GOLLJ OG GRÅSTEIN OG «HALV8» KONSERT OG PLATESLEPP I HAREIDHALLEN KL. 19.30 Denne ekvilibristiske vokalgruppa med base her i bygda, treng vel ikkje noko nærmare presentasjon. Denne gongen tek dei i litt ekstra og presenterer ein nyinnspelt CD. Dei har med seg nokre gode musikalske
vener; Halv8. Dei har i mange år formidla ulike vokalsjangerar kring om på Sunnmøre, og dei syng like gjerne i kyrkja som på pub. Reportoaret spenner vidt, og kan oppsummerast som vokaljazz ispedd popklassikarar med moderne soulpreg og bluesgroove. Dei er ni songarar, fire menn og fem damer. Billettpris: vaksne kr 200,-/ born: kr 50,Billettsal ved hjå Eiken Libris i Ulsteinvik, Servicetorget på Hareid rådhus, på nettsidene til H areidsstemna og i døra.
KUNSTUTSTILLINGA MED AGGREGAT ATELIERFELLESSKAP FRÅ ÅLESUND I LOKALA TIL HAREID KUNSTLAG Aggregat atelierfelleskap blei etablert i 2006 på Volsdalsberga i Ålesund. Dette er ein arena for skapande kunst der det er atelier og fellesverksted og mulegheit for å leige seg inn på prosjektrom. Ved sidan av at Aggregat består av mange enkelt kunstnarar så har Aggregat vore opptatt av å gjere fellesprosjekt som gruppe. Dette for å gje samfunnet rundt ein bit av vår aktivitet.
Musikklaget Melshorn har i haust teke for seg heile den musikalske historia til filmane om agent 007 James Bond, og vil framføre desse i lag med solistane Merete Brandal Godø, Trine Teigene, Torill Oda Ringstad og Rolf Magne Tømte, og ei dansegruppe ved Stine Karoline Eliassen. Dirigent er Jette Degn. Når dei i år har valgt å fylle ein heil konsert åleine, er det eit teikn på speleglede og ambisjonar, - og publikum har verkeleg noko å gle seg til! Frå smektande 60-tals tonar med Matt Monro, til det meir eksplosive fra Paul McCartney & Wings.
Dette vert ei oppleving og ei historisk reise for unge og gamle i alle aldrar. Til å leie oss gjennom dennne reise har dei fått med seg Wilhelm Støylen. Billettpris: vaksne kr 200,-/born: kr 50,Billettsal ved hjå Eiken Libris i Ulsteinvik, Servicetorget på Hareid rådhus, på nettsidene til Hareidsstemna og i døra.
Aggregat atelierfellesskap er ei forening som har til intensjon å skape ein felles arena for kunstnerisk verksemd. Dei som stiller ut på Hareidstemna: »» Simon Wågsholm »» Hilde Rosenberg Bamarni »» Karin Augusta Nogva
PROGRAM HAREIDSSTEMNA - 10. - 19. OKTOBER 2014
3
10.–19. OKTOBER 2014
Gudsteneste v/Kristian Myklebust. Hausttakkefest.
Konsert med Gollj og gråstein og vokalgruppa «Halv8» frå Ålesund. Platelansering.
Tysdag 14. oktober kl. 17.00 Kunstutstillinga er open til kl. 19.00 kl. 19.00 Balljegove på Holesanden Onsdag 15. oktober kl. 17.00 Kunstutstillinga er open til kl. 19.00
Intimkonsert med Simon og Sofie Gjerde Tonev og Anna Josefin Jønsson.
kl. 18.00 Strikkekafe på Josefine
Opning av kunstutstilling på Trudvang. Utstillarar: Cecilie Hole, Andre Smoge, Dilani Sivalingam og Konstantin Sjursen. Open til kl 20.00
Mandag 13. oktober kl. 17.00 Kunstutstillinga er open til kl. 19.00 kl. 17.30 Fantekunst
Musikklaget Melshorn og solistar spelar James Bond musikken frå ende til annan.
kl. 16.00 Kunstutstillinga er open til kl. 18.00 kl. 19.30 007 James Bond - Musikklaget Melshorn med lisens til å spele
Søndag 12. oktober kl. 11.00
kl. 19.30
Melshorn Hotell
Ishavsmuseet
STAD
Jernia-butikken
Holesanden
Jernia-butikken
Kafe Josefine
Trudvang
Jernia-butikken
Hareidhallen
Jernia-butikken
Hareid kyrkje
Hareidhallen
Jernia-butikken Opning av Hareidsstemna og opning av Kunstutstillinga ved Hareid kunstlag. Utstillar i år er Aggregat atelierfellesskap frå Ålesundv/kunstnarane Simon Wågsholm, Hilde Rosenberg Bamarni og Karin Augusta Nogva. Kunstutstillinga er open kvar dag heile veka.
Blomar og song v/bysta av Johan H.Grimstad ved Hareid blandakor
RIFF spelar på hotellet - platelansering.
kl. 22.00 Laurdag 11. oktober kl. 15.00 kl. 15.30
PROGRAMTITTEL
Polarkveld på Ishavsmuseet «Aarvak» Foredrag ved Jan Ove Ekeberg: «Et liv i isen». Middag på ishavsmuseet etter foredraget.
TID
Fredag 10. oktober kl. 19.00
DAG/DATO
Hareidsstemna
VELKOMEN TIL
PROGRAM
Føredrag i Rasofielgarden: «OM AUGUSTA RISE» ved Guri Alme
Snipsøyrvatnet rundt
Gudsteneste v/Ruth Eva Sollie. Årets konfirmantar og 50-års-konfirmantane deltek.
Ishavsmuseet
Jernia-butikken
Ishavsmuseet
Ridehallen i Hjørungavåg
Hareid kyrkje
Billettar til mange av arrangementa kan kjøpast på www.hareidsstemna.no, servicetorget på Hareid rådhus eller hjå Eiken Libris i Ulsteinvik.
som består av Maria Holand Tøsse, Hildegunn Garseth Ulvestad og Iris Kristine Roppen Tangen.
kl. 13.00 Ridearrangement i Ridehallen kl. 13.00 Middagsservering på Ishavsmuseet, - fram til kl 16.30. kl. 16.00 Kunstutstillinga er open til kl. 18.00 kl. 17.00 Avslutningskonsert med bandet SANS
Søndag 19. oktober kl. 11.00
Alle dei faste postane, - og meir til. Sjå meir detaljar på side 2.
Hareidhallen
Fantehuset
Jernia-butikken
Rasofielgarden Vonheim
Rotarystien
Hareidhallen
Konsert med Silya & The Sailors
Turmarsj m/aktivitetar på Rotarystien Kontingent til støtte for TV-aksjonen. Open start mellom 13.30-14.30.
Fantehuset
Fantekunst er open til kl. 20.00 Ulmatec
Jernia-butikken
Kunstutstillinga er open til kl. 19.00
Open dag på Ulmatec Stromek på indre Hareid
Hadartun
Bigset kulturoase
Kafe Josefine
Jernia-butikken
Hareidhallen
Programtime med Grimstadkoret på Hadartun
kl. 15.00 Kunstutstillinga er open til kl. 17.00 kl. 15.00 Fantekunst er open til kl. 17.00 kl. 17.00 Stemnekafe i Aulaen på ungdomsskulen Kl. 18.14 Stemnefest
kl. 14.00 kl. 15.00
Laurdag 18. oktober kl. 12.00 kl. 13.30
Fredag 17. oktober kl. 16.30 kl. 17.00 kl. 18.00 kl. 19.00
Filmframsyning på storskjerm, bordtennis, biljard, dart, discotek, kafe.
kl. 19.00 Ungdomskveld
Barneboka “Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen”. Presentasjon og opplesing frå boka, intervju med to damer som opplevde krigen: Reidun Øvrelid Røyset og Betty Olsen Mjeltevik
Torsdag 16. oktober kl. 17.00 Kunstutstillinga er open til kl. 19.00 kl. 18.00 Boklansering v/Ingunn Røyset:
Alle barneskulane i Hareid i samarbeid med Musikk- og Kulturskulen markerer grunnlovsjubileet med framsyninga «Til Dovre fell». Dans, drama, song, film og musikk med utgangspunkt i året 1814.
kl. 18.00 Til Dovre fell
PROGRAM
PROGRAM Måndag 13. oktober
FANTEKUNST
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA
OPNING AV KUNSTUTSTILLING PÅ TRUDVANG KL 18.00.
Fantehuset ønskjer å promotere lokale kunstnarar og inviterer for fyrste gong til kunstutstilling på Trudvang under årets utgåve av Hareidsstemna. Med på laget har me fire utstillarar som alle soknar til Hareid kommune: »» Cecilie Hole »» Andre Smoge »» Dilani Sivalingam »» Konstantin Sjursen Utstillinga held opent fredag kl 18.00– 20.00 og laurdag kl 15.00–17.00
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA
Tysdag 14. oktober
KJØPMANNSGATA 58, KL 17.00 - 19.00
STRIKKEKAFE MED INTIMKONSERT KAFE JOSEFINE, KJØPMANNSGATA, KL 18.00
Trådkråa og kafe Josefine byr inn til strikkekafe med påfølgande konsert med Simon og Sofie Gjerde Tonev og Anna Josefin Jønsson.
KJØPMANNSGATA 58, KL 17.00 - 19.00
Onsdag 15. oktober
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA KJØPMANNSGATA 58, KL 17.00 - 19.00 TIL DOVRE FELL MED ALLE BARNESKULANE OG HAREID MUSIKK- OG KULTURSKULE HAREIDHALLEN, KL18.00
Musikk og kulturskulen, vil saman med skulane i Hareid, markere grunnlovs jubileet. Dans, drama, song, film og musikk vil fylle framsyninga som tek utgangspunkt i året 1814.
BALLJEGÒVE PÅ HOLESANDEN HOLESANDEN, KL 19.00
Balljegòva byr på ein ekstra variert meny i år. Haddølingen Knut Arne Høyvik er kveldens kåsør. I tillegg blir det opplesing v/ Øystein Orten. Eit par revysketsjar – «Transhumanisten» og «Ola Reiakvam» – skrivne av Leiv Arne Grimstad, blir urframførde. Mellom skodespelarane finn vi Randi Kvammen og Mari Råket Moholt. At ”Balljevisa” står på menyen, er like sjølvsagt som at kvelden også har eit korinnslag. I år er det Gollj og gråstein som stiller opp. Midt i det heile serverer Hareid mållag velsmakande potetball med kaker og kaffi attåt. Billettar kr 200,- Førehandssal på Statoil og Strax, og i døra.
Torsdag 16. oktober
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA KJØPMANNSGATA 58, KL 17.00 - 19.00
UNGDOMSKVELD BIGSET KULTUROASE, KL 19.00
6
Der kjem til å vere »» Underhaldning »» Filmframsyning på storskjerm »» Bordtennis
PROGRAM HAREIDSSTEMNA - 10. - 19. OKTOBER 2014
»» Biljard »» Dart »» Discotek »» Kafe
PROGRAM Fredag 17. oktober
PROGRAMTIME MED GRIMSTAD KORET HADARTUN, KL16.30
HAREIDHALLEN KL 19.00
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA KJØPMANNSGATA 58, KL 17.00 - 19.00
Sundag 19. oktober
HØGMESSE HAREID KYRKJE KL 11.00
med årets konfirmantar og 50 års-konfirmantane
Silya har på rekordtid etablert seg som ein av Norges fremste og mest spanande artistar. Etter sigeren i TV-suksessen Stjerne kamp på NRK hausten 2013, har Silya både oppnådd å ha ein #1-hit på iTunes med singelen «Sucka”, sleppt albumet
«Unanchored» til strålande omtale, og vore mest spelte norske artist på WIMP. I januar selde ho ut Sentrum Scene, då hadde ho med seg The Rapscallions. Hausten 2014 kjem matrosane frå New York til gamlelandet, og då blir det konsert med Silya & The Sailors i Hareidhallen!
Nummererte billettar kr 320,- på www.hareidsstemna.no, på servicetorget på rådhuset, hjå Eiken Libris i Ulsteinvik og i døra.
RIDEARRANGEMENT RIDEHALLEN I HJØRUNGAVÅG, KL 13.00
SØNDAGSMIDDAG PÅ ISHAVSMUSEET
kl 13.00–16.30
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA KJØPMANNSGATA 58, KL 16.00–18.00
AVSLUTNINGSKONSERT MED
SANS
Laurdag 18. oktober
ISHAVSMUSEET, KL 17.00
OPEN DAG PÅ ULMATEC STROMEK PÅ INDRE HAREID KL 12.00 - 14.00 TURMARSJ MED AKTIVITETAR PÅ ROTARYSTIEN KL 13.30 - 14.30 FØREDRAG
I RASOFIELGARDEN: «OM AUGUSTA RISE» VED GURI ALME KL 15.00
KUNSTUTSTILLINGA ER OPA KJØPMANNSGATA 58, KL 15.00 - 17.00
SNIPSØYRVATNET RUNDT KL 14.00
STEMNEKAFE I AULAEN KL 17.00, FRAM TIL STEMNEFESTEN BYRJAR.
STEMNEFESTEN HAREIDHALLEN KL 18.14 SJÅ MEIR PÅ SIDE 2
Det tradisjonsrike landevegsløpet Snipsøyrvatnet rundt vert i år arrangert for 35. gong. Løpet har dei siste åra vore halde den siste laurdagen under Hareidsstemna, og er dermed lett å få med seg for tilreisande. Registrering i frå kl 12.30 i bua på stadion. Startavgift: over 17 år 150,- + 30 i engangslisens og under 17 år: 100,- + 20 i lisens.
SANS består av: »» Maria Holand Tøsse, vokal, »» Hildegunn Garseth Ulvestad, gitar og vokal »» Iris Kristine Roppen Tangen, perkusjon og vokal. Gruppa vart starta i høve ein påsketurnè i 2014, der dei tre damene heldt konsert i sine respektive heimbygder; Stordal, Sjøholt og Hjørungavåg. Desse konsertane drog fulle salar og trioen har heldt fram sidan. Sjå fram til ein konsert i akustisk stil med gitarspel, perkusjon og harmoniske vokallinjer. Billettar kr 180,- på www.hareidsstemna.no, på servicetorget på rådhuset, hjå Eiken Libris i Ulsteinvik og i døra.
PROGRAM HAREIDSSTEMNA - 10. - 19. OKTOBER 2014
7
Trykk:
HOVEDSPONSOR 2014:
www.tindetrykk.no
SPONSORAR 2014:
VI STØTTAR HAREIDSSTEMNA:
TRELAST AS RISE BYGG
Franzefoss Gjenvinning AS RISE BYGG Ulstein Betongindustri as Byggern Hareid RISE BYGG G.Eilertsen AS Regnskapsservice AS Aasen Bil-demontering AS
Floriss Hareid (Angelsen) Møbelringen Ulsteinvik P. F. Waage AS NCMC Euronics Hareid (Elektrosenteret AS) Bellis Blomster & Byrå AS
STEMNEKUNST 2014 AV AGATHE LIN RIISE
Måleriet Agathe Lin har laga er i acryl på plate, og er relieff med utprega tekstur i heile overflata. Relieff har ho jobba mykje med i periodar seinare tid.
Ho synest ulike stilartar er spanande å gje seg i kast med. Prøve ut nye element i bilete og i andre uttrykksformer. Cross over i materiale og eigenskapar er også interessant for Agathe Lin å utforske – komposisjon rundt kontrastar i materiale. Årets stemnekunst er skapt omkring tankar om samhald, seier Agathe Lin, og det å bygge ilag. Symbolbruk i biletet er puslebrikker som vert sett saman av eit fellesskap, og det musikalske element er også med i form av deler av notelinjer.
COOP Prix Hareid Nordvest Bygg og Interiør AS Trådkråa Bunnpris Hareid
Dette illustrerer at vi må forsøke å halde saman, for alle høyrer med i dette fellesskapet. Og det at vi bygg vidare på det nokon har starta på før oss. Slik er vi alle del av eit større heile.