Hus, heim & interiør -14

Page 1

HUS, HEIM &INTERIØR


2 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Byggjer større og dyrare Trenden er klar: Fleire byggjer stort og dyrt.

••Roy-Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no

Stort: På Skeide i Ulstein har Ørsta Byggservice bygt huset Holmgaarden. Foto: BoligPartner.

– Ja, fleire og fleire vanlege folk har råd til påkosta hus. Mange av dei bur på Ytre Søre Sunnmøre, registrerer Monika Barstad Rebbestad. Ho er medeigar og kundekonsulent i Ørsta Byggservice AS som er bustadforhandlar i BoligPartner-systemet. Selskapet byggjer hus i Ørsta, Herøy, Volda, Ulstein, Sande, Hareid, Hornindal og Stryn. Og mange av dei er altså store. – Det er først og fremst i vårt salsområde, og i Stavanger, BoligPartner-kjeda byggjer mange, store einebustader. Her i området finn ein flesteparten i ytre, men Ørsta ligg ikkje så langt etter. Storleiken på husa er frå 240

kvm og oppover, fortel Barstad Rebbestad. – Kven byggjer? – Vanlege folk med gode jobbar der inntekta i heimen oftast overstig millionen. Det er slik at den vanlege mannen i gata mange stader har mykje pengar. Det er vel også slik at mange jobbar i olje- eller offshoresektoren, registrerer Barstad Rebbestad.

Medvitne

Ikkje berre er det ein trend at mange byggjer hus langt over vanleg Husbank-standard. Mange er også langt meir medvitne enn før kva dei vil ha når dei byggjer bustad. – Ja, mange går veldig detaljert

inn i prosessen, og sjekkar alt slag, frå store til små ting. Det kan t.d. handle om spesifikasjonar på veggplater. Det er både utfordrande og kjekt at husbyggjarane viser eit slikt engasjement. Det er jo viktig at folk får det slik dei ønskjer når dei først skal investere mykje pengar i bustad, meiner husseljaren. Selskapet Monika Barstad Rebbestad representerer har god vekst, og høg aktivitet i fleire kommunar der dei byggjer både einebustader og leilegheiter. Ikkje minst på øyane. I Ulsteinvik har Ørsta Byggservice no bygt fire tomannsbustader i Ulstein sentrum, og er i startfasen på eit anna område i sentrum som skal


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 3

Stort: På Remøya har Ørsta Byggservice sett opp huset Ladegaard som er på heile 560 kvm. Foto: BoligPartner.

Gode tider: Monika Barstad Rebbestad og Trond Bornstein opplever gode tider i Ørsta Byggservice. regulerast. Selskapet satsar også på Hareid der det lenge var låg bustadaktivitet.

Ørsta

– I Ørsta har vi eit kjempespennande prosjekt i området Målargarden på nedre Engeset, også kalla Pettermarka. I dette området skal vi ha høg utnyttingsgrad, og byggje leilegheiter med høg standard over to høgder. Vi håper på byggjestart i 2015, seier Rebbestad. Firmaet satsar også i Herøy, m.a. på Hjelmeset, der dei akkurat er ferdige med tre tomannsbustader og ein stor einebustad. – Vi skal starte opp eit nytt

Byggservice •• Ørsta Byggservice held til i Garvargata i Ørsta. •• Selskapet har fem tilsette. •• Dagleg leiar er Trond Bornstein. •• Bornstein eig selskapet saman med Inge Kolås og Monika Barstad Rebbestad. •• I 2013 hadde Ørsta Byggsrevice vel 55 millionar i driftsinntekter. •• Resultat før skatt vart 2,8 millionar.

prosjekt der. Eggesbønes er eit vekstområde, slik som Eiksund der vi siste åra har bygt seks einebustader, fortel husseljaren. Det er stor konkurranse om kundane også i byggbransjen. – I ein slik situasjon er det viktig å skilje seg ut. BoligPartner-kjeda var tidleg ute med TV-reklame. Sørvis og kvalitet er også heilt avgjerande for å lykkast i denne bransjen. Vi strekkjer oss langt for at kundane skal verte nøgde, fortel Rebbestad.

Tomtemangel

Sjølv om det er gode tider innan bustadbygging ligg der ei

mørk sky i horisonten. Dette handlar om mangel på tomter. – I fleire kommunar er tomtemangelen stor. Medan det nesten ikkje finst tomter att i Ørsta no er situasjonen i Volda berre litt betre. Ulstein skiltar med enorm befolkningsvekst i åra framover, men kvar skal folk bu? – Alle kommunane bør snarast kome på bana med tiltak som sikrar at dei regulerer område til bustadbygging. For det er opplagt: Dersom kommunane vil ha begfolkningsvekst, er godt lokaliserte, byggjeklare tomter heilt avgjerande. Dei som står utan tomter kan verte taparane, spår Rebbestad.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 4

™ 3

™ 2

™ 5

1

NYTT TIL

HEIMEN kvalitet & design

™ 6

™ 4

7

8

™ 9

™ 11

™ 10

1. Mon Amie frå Rørstrand. Eit ikon designa av Marianne Westman. 2. Architect made. Ugle. Kr 649,-. 3. NYTT! Nappula lysestake frå Ittala. Kr 269/299,- Aitio boks frå kr 549,Kerros hylle kr 1959,-. 4. NYTT! Flotte kjøkkentekstiler frå Georg Jensen Damask. 5. Design Letters, Arne Jacobsen. Krus til det meste. 6. NYTT! Nappula kandelaber frå Ittala . kr 1 679,-. 7. Puter frå Marimekko. Ararat pute kr 475,- Siirtola putetrekk kr 295,-. 8. NYTT! Artige krakkar/småbord frå Lucie Kaas. Kr 1499,-. 9. NYTT! Bordskåner og magasinhaldar frå Lind DNA. 10. Stolt kanner frå Ment. Pris med hank 1 798,- uten hank 798,-. 11. NYTT! Supernova frå Gerorg Jensen.

U

#pfwaage designforevig.no - Sjøgata 23, 6065 ULSTEINVIK, Tlf.: 70 01 00 43 OPNINGSTIDER: Mandag & Fredag 10 – 17. Torsdag 10- 18. Laurdag 10 – 16.


5 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

A T S R Ø I A MALI Ka m p a n j e

Alloc baderomsplate

Velg mellom 20 design!!

Parkett

Over 20 design til kampanjepris!!

-20%

-20% Alloc

Gjelder Tarkett

Laminatgolv - Alle typer

Kitchenboard

Legges mellom benkeplate og overskap

Tilbudene gjelder til og med DD. måned eller så langt beholdningen rekker. Det tas forbehold om utsolgt og trykkfeil.

199,frå

per plate

-klubbenn

Send MALIA A til 2290

-20%

Velg mellom over 100 design!

Velkommen innom til en hyggelig handel! Åpningstider: Man-Fre: 08:00-16:30 Tors: 08:00-17:00 Lør: 09:00-14:00

Bullmann As

Anders Hovdengt 18, Tlf. 70 33 06 50 www.malia.no


6 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Lever draumelivet på eit småbruk Ein ny generasjon er i ferd med å setje røter på Nevstad. Draumen om å føre slektstradisjonane vidare på småbruket har gått i oppfylling.

••Anne Gry Eilertsen ••Jan Henrik Djupvik Iselin Nevstad Øvrelid er fødd og oppvaksen på småbruket Nevstad i Hareid, og draumen hennar har vore at ho ein dag skulle bu der med både mann og barn. Småbruket ligg godt gøymt i lia ovanfor den sterkt trafikkerte riksvegen mellom Hareid og Ulstein. Ektemannen Tom Henrik Muggerud er oppvaksen i Sundgotmarka byggefelt i Ulstein kommune. - Då eg møtte Iselin og ho fortalde at ho var frå ein liten gard midt oppe på Hareidseidet, forstod eg ikkje kva plass ho sikta til. Men då eg vart med henne heim, og fekk sjå kor

fint der var, vart eg glad, for eg har alltid drøymt om å bu på eit småbruk, fortel Tom Henrik. Hovudhuset på garden var bygt av foreldra til Iselin på slutten av 1970-talet. Etter at foreldra vart skilde, har mora budd der åleine, og for nokre år sidan vart dei samde om det store steget: mor Ingunn flytta til eit husvære i Hareid sentrum, og Iselin og Tom Henrik inntok småbruket. No sit dei med ansvaret for eit hus frå 1978, eit våningshus frå 1890, ei grindløe på same alder, eit sterkt tilårskome vedahus og 800 mål med markar og skog. I prinsippet kunne paret ha flytta rett inn i huset frå 1978,

men det er noko med å få setje sitt eige preg på heimen. Det brune, eksklusive eiketaket i stova vart fjerna, den beige stria vart flerra av, og veggen mellom stova og kjøkkenet vart riven ned. Alle vegger, tak og vindaugskarmar vart måla kvite. Resultatet har blitt eit lyst og luftig rom, der Iselin og Tom Henrik kan sjå ned gjennom Hareidsdalen, Grimstadvatnet, Storfjorden og på godversdagar heilt inn til Sykkylven medan dei lagar middag eller skjer opp brødskiver. - Vi har vore bevisste på at vi ikkje vil bu i eit gardsmuseum. Vi er unge folk som vil ha ein moderne heim, kommenterer Iselin. Også spisestuestolane frå 1980-talet har gått frå ma-


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 7

1

2

3

4

hognibrunt til kvitt. Dei ville ikkje gå i gang med tapetsering og fargelegging som dei truleg hadde blitt leie av etter nokre år. Dei satsar heller på fargeglade tekstilar. Den som tek over eit lite småbruk med fleire bygningar, blir aldri arbeidslaus. I vår har hovudhuset fått eit hamskifte frå raudt med grøne lister, til grått med kvite lister. Ein av veggene på vedahuset er skifta ut, og taket på den gamle løa er måla. - Vi har forresten fått svært mykje hjelp av svigerfar Bergsvein Øvrelid. Han har vore med og slått markane, og han har hjelpt meg med å ta ut 120 kubikk tømmer etter «Dagmar», fortel Tom Henrik. Iselin og Tom Henrik er samde

om at ikkje alt treng om å vere ferdig restaurert i løpet av nokre få år. Dei vil ta tida til hjelp og kose seg med arbeidet. For seks månader sidan kom vesle Elise til verda. Ho har fått etternamnet Nevstad etter garden der ho skal vekse opp. Den første hjorteskrotten er komen i hus, skoten i eiga utmark, og utanfor vedahuset er Tom Henrik i full gang med veding frå eigen skog. Det neste blir truleg å gå til innkjøp av sauer utegangarar. Dei vil gi både kjøt og ull - og halde vegetasjonen nede. Og til neste år satsar dei på at det skal setjast opp nokre heser også. Småbrukarane vil ha det litt på stell ute på bøane.

Gnr. 55, bnr. 3 •• Slekta som er på Olagarden i dag kom dit i 1897. Det var Ole Martinusson Overå og Gurine OlsdotterØvrelid. Ekteparet fekk ni born, men begge døydde då mange av borna var små. •• Sonen Olav var eineeigar frå 1928, men hadde ikkje born. •• Neste eigar vart broren Peter Nevstad •• Deretter dottera hans Ingunn Nevstad i 1978. •• I dag Iselin Nevstad Øvrelid og Tom Henrik Muggerud.

1 - Ute på tunet: Iselin og Tom Henrik og odelsjenta Elise i sitt eige rike på Nevstad. 2 - Same som mora: Vesle Elise har overtatt barnerommet til mor Iselin. Men fargane og interiøret 2014-stil. 3 - Kvitt: Alle tak, vegger og vindaugskarmar er måla kvitt. Det same er mahognispisestua frå 1980-talet. 4 - Eldstaden: Det einaste som ikkje er kvitt, er veggen bak eldstaden. Han er i skifer. Vedkassa er funnen i løa og ber sjarmerande preg av elde og rustikk stil.


8 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

VARMAR: På ein hustrig haustdag er det ekstra godt å kjenne peisvarmen i ryggen. Anine von Krogh var fast bestemt på kva type peis ho ville ha. (FOTO: Berit Roald / NTB scanpix)

Lunande flammar (NPK-NTB Tema): Når det kjem til god stemning, er det lite som slår levande eld. Tekst: Siri Marte Kværnes Hos Anine von Krogh er kjøkkenet samlingsrommet i huset. Om det er peiskos eller god mat som lokkar, er uvisst. Men den eigendesigna peisen i teglstein har ein sentral plass rommet. – Vi bruker peisen mykje om hausten og vinteren. Han skaper ei veldig lun stemning. Lyset han gir, og knitringa – det får du ikkje med ein gassomn, seier von Krogh.

Gammal stein

Da familien bygde nytt hus for nokre år sidan, ville dei òg ha nokre eldre interiørinnslag. Det fann dei på Finn – i form

av murstein frå ein riven sørlandsbygard. Faren til Anine er gammal murmeister, og saman realiserte dei peisdraumen med teglstein frå 1898. Ein open peis treng meir tid for å bli varm enn ein lukka eldstad. Men når peissteinane hos von Krogh først har vorte varme, er det lett å merke det på innetemperaturen, fortel Anine, som driv bloggen Villa von Krogh. Det nye huset er godt isolert, så etter peisstunda hender det at familien luftar litt. – Eg liker å fyre! Det er nesten så huset skulle ha vore litt dårlegare isolert, smiler ho. Det er lovleg å mure sin eigen peis, men det finst fleire forskrifter som du må følgje for å få han godkjent, opplyser Sintef Energi.

Synleg flamme

Von Krogh er ikkje åleine om å nyte var-

men og synet av levande eld. Når nordmenn kjøper peis eller omn, vel dei gjerne modellar med store glasflater, ifølgje peis- og omnskjeda Varmefag. Dette gjeld for både innbygde peisar og frittståande omnar. – Mykje glas er i skotet. Vi går tilbake til røtene og kosar oss framfor bålet, seier fagsjef Rolf Christian Hansen i Varmefag. Ein del av peisinnsatsane har glas som du kan heise opp, slik at du kjem nærare flammen. Verkegraden blir lågare når du fyrer på denne måten. Men så fort du lukkar glaset, har du ein moderne, reintbrennande peis. Bestseljaren til leverandøren Nordpeis er òg utforma slik at du kan sjå flammane frå fleire kantar. Trendelement som design med kvit marmor, dekor i eikepanel og spesialbetong blir stadig viktigare for kundane, fortel mar-

knadskoordinator Christine Hagen Pettersen.

Kjenn bustaden din

Det er det ein del ting du bør tenkje på før du spring ut og kjøper ein peis eller vedomn, fortel forskar Morten Seljeskog i Sintef. Aller først bør du finne ut kva slags varmebehov du har. Kor stort er rommet der eldstaden skal stå? Og kor godt isolert er bustaden? – Ein kan risikere å kjøpe ein omn og oppdage at det blir altfor varmt når han er i bruk, seier Seljeskog. Dersom nokon først har bestemt seg for kva dei vil ha, er det ikkje alltid fagforhandlaren når gjennom med råda sine, trur Seljeskog. Men med eit godt utval peisar i mange kategoriar bør det likevel vere mogleg å finne ein eigna variant som fell i smak.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

VARMESENTERET I FURENE Omnar og peisar

Kvalitet og design - varme og velvære

Spar pengar no Lotus Prestige stål Lotus Liva 2G med sideglas Lotus H470W peisinnsats Lotus M2 kleberstein

20.995,Før 19.995,- 13.995,Før 18.495,- 13.995,Før 34.995,- 29.995,-

Før 27.495,-

Lotus M2

MED SVART BELTE I STRØMSPARING

Dovre Vintage 35 grå Før 19.875 16.990,Dovre Sense 103 Før 12900,- 10.990,Dovre Vintage 35

Nordpeis Quadro 2 rettvegg og hjørne Før 20600,- 16.990,5990,Nordpeis Orion med kokeplate Nordpeis Stockholm lav m. N20 sort/antrasitt Før 21.850 17.990,-

, 0 9 9 . r. 25

K

TOSH

BANKER T! TESTVINNER NER ND YHE IBA

AISE

IKAI

8

Daiseikai 8 er den nye toppmodellen fra Toshiba. Den slår fjorårets testvinner på alle viktige punkter!

Nordpeis Stockholm

No større utstilling Lotus, Dovre og Nordpeis - ohhhhh herleg varme

Også stort utval i fliser og skifer mm.

SCOP (årsvarmefaktor) 4,9 Maks. varmekapasitet 7100 W Maks. varmekapasitet ved -7 °C: 5400 W Maks. varmekapasitet ved -15 °C: 4400 W Kontakt oss for en gratis befaring på egset.no /

Se hele sammenligningen på toshibavarmepumper.no

Modena Fliser VOLDA www.modena.no facebook.com/modenafliser

Morkafura 8, 6105 Volda Tlf. 70 07 35 00 Ope: 9-17, laurdag 10-14

700 53 048

6100 VOLDA TLF. 70 05 30 48


10 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Brekkehuset: Restaureringsprosjektet til Kolås ligg i Anders Aarsætergata i Ørsta sentrum.

Tek vare på det gamle: Gamle løysingar som du ikkje finn i nokre byggestandarar i dag ynskjer Kolås å behalde.

Kunstnar: Kunstnar Nils Angel Brekke har gitt namnet til Brekkehuset, og hadde eit spesielt atelieretvindauget sett inn i huset.

– Ein rikdom i seg sjølv

Store kulturverdi: Inge Kolås er svært oppteken av å ta vare på eldre bygg. Han har lagt ned mykje arbeid i Brekkehu

Å restaurere eldre hus har vorte ein livsstil, hobby og levebrød for Inge Kolås.

••Joachim Kroken Åsebø joachim@morenytt.no

– Det er ikkje mogleg å tene seg rik på å kjøpe og restaurere eldre hus, men det er ein rikdom i seg sjølv å ta vare på og forvalte husa, seier Inge Kolås. Gjennom mange år har eldre hus hatt ei spesiell tiltrekkingskraft på Kolås. Byggmeisteren og entreprenøren meiner det er viktig å ta vare på eldre bygg då dei utgjer ein stor kulturhistorisk verdi. Kolås har starta mange restaureringsprosjekt,

og har m.a. sett i stand Bruksbutikken i Ørsta. Brekkehuset i Ørsta sentrum vart kjøpt i 2002 og er eitt av prosjekta som Kolås no arbeider med. – Dette har vore eit prosjekt som var meint å gjerast då det var ledige økter. Dessverre har det vorte få ledige økter dei siste ti åra. Målsetjing då Brekkehuset var kjøpt var å berge det gamle huset. Gjennom restaurering av tak og grunnmur har dette vorte gjort, og Kolås har von om at huset kan vere ferdig restaurert om nokre år. Ein gong tidleg på 1900-talet vart det kvite trehuset påbygd, og kunstnaren Nils Angel Brekke hadde sitt atelieret her. Før påbygging husa bygningen den første friskulen til haugianara-

ne i Ørsta. Før Kolås fekk kjøpe huset vart det søkt om riving, og tomta skulle gjerast om til parkeringsplassar. – Huset har ein kulturhistorisk verdi, og søknaden vart avslått. Det var eit ynskje om at nokon kunne ta over og restaurere huset, og då melde eg meg. No vert huset restaurert utifrå antikvariske retningsliner, og Kolås har gjort mykje av arbeidet sjølv. – På eit slikt prosjekt er grunnen og taket det viktigaste å byrje på, og heilt essensielt. På eldre hus er det ofte grunnproblem og det som følgjer med som går att. Det er utruleg viktig at dette arbeidet vert gjort, og det kan ofte vere store øko-


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 11

Hus med sjel: Kolås ynskjer å ta vare på små detaljar, som denne spikaren, for at huset skal behalde autentisiteten.

Tidkrevjande: Etter planen skulle Kolås vere ferdig med restaureringa av Brekkehuset, men han har von om at huset står ferdig innan eit par år.

uset i sentrum av Ørsta, men det står framleis litt arbeid att før restaureringa er ferdig.

nomiske fallgruver om det ikkje vert gjort. Etter tak- og grunnarbeid må du ta tak i tilstøytande råtskader. I Brekkehuset har ròte materiale vorte skifta ut, men svært mykje har vorte ivareteke. – Det å ta vare på mest muleg gjer at autentisiteten vert verande i huset, og her ser du godt spor av den gamle tida. Det var andre byggeskikkar då huset vart bygd, og når det er gjort slik er det viktig at det verande slik. Medan dei fleste vindauga var skifta ut før Kolås tok over bygget har han klart å berge to av dei originale vindauga. – Dei eine er atelieretvindauget til Brekke, og det andre skal settast i stand og kom på plass i gavlen på huset. Patinaen som

er på enkelte golv skal vi ta vare på, og den vil bryte litt med resten når alt står ferdig. Ifølgje Kolås treng ikkje ei restaurering av eit eldre hus koste altfor mykje pengar. – Du kan gjere mykje arbeid sjølv, og du treng ikkje ha så mykje utgifter på ein del av arbeidet. I tillegg er det ofte viktig å rådføre seg. – Kvifor har du vorte så interessert i å ta vare på eldre hus? – Eg har vorte belasta med ta vare på kulturskattar, hus og miljø. For meg har det vorte ein livsstil, hobby og levebrød. Eg er heldig som er i eit system med folk som delar mitt syn, og eg må ha eit lag med meg. Utan det så hadde det vorte vanskeleg. At det står att trehus i sentrum er viktig, og det

gjer seg i kulturmiljøet. Om du har planar om å restaurere eit eldre hus på eiga meiner Kolås at du bør sette av 3–4 år til arbeidet, og at du må sette grenser til deg sjølv og arbeide ut frå det. – Du får mest effekt viss du gjer det sjølv, men byggjetida vert litt lenger. Det hindrar likevel ikkje å få bruksløyve til huset, og då kan du flytte inn før du er ferdig. Om du tenkjer å leige inn folk for å gjere jobben gjer avtale på fastpris om du vil ha det fort ferdig. Det er mange flinke snikkarar og tømrarar i regionen som du kan få tak i. Eg har von om Brekkehuset kan vere til inspirasjon, og det er mange i dag som får flotte restaurerte hus med sjel.

Gavlvindauge: Dette vindauge skal restaurerast, og vil kome på plass att i gavlen.

Brekkehuset •• Det gamle trehuset i Ørsta sentrum var den første friskulen til haugianarane i Ørsta. •• Kunstnaren Nils Angel brekke har gitt huset namnet Brekkehuset på folkemunne. •• Inge Kolås kjøpte huset i 2002 til privat næring, og held på å restaurere bygget etter antikvariske retningsliner.


12 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Frå idé til ferdig bygg – alt på ein stad

Bli venn med oss på www.facebook.com/EnerbyggBolig Tlf.: 969 05 090 Salg Enerbygg Bolig AS

www.nordbohus.no/orsta

YR 14 EB .20 .G 12 BL 31. TA til I E ig d

G

Å bestemme seg for å kjøpe eigen bustad er ei av dei største avgjerslene du tek. For å gjere prosessen enklare har vi laga bustadkjøpsguiden – enkel og oversiktleg. Les meir om bustadkjøp på ungbolig.no.

Priseksempel: Eff.rente 3,35 %, 2 mill., o/25 år, totalt: 2.938.897 kr

0,

yl

Klar for å kjøpe eigen bustad?


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 13

ENERBYGG TRELAST AS Alt innen byggevarer og trelast

Kvit material:

Møre Royal :

• 16x98 just pr lm ......................................................kr 10,29 • 19x148 just pr lm .....................................................kr 14,99 • 48x98 mm just pr lm ................................................kr 21,31 • 48x148 mm just pr lm ..............................................kr 32,00 • 48x198 mm just pr lm ..............................................kr 42,84 • 19x148 dobbel fals gt 1.sort pr lm...........................kr 16,29

• Terrassebord 28x120 royal brun Dou ...... pr lm kr 32,00 • Trappevanger 4, 5, 6 og 7 trinn royal imp. brun fra kr 219,00

Grunna kvit material: • 16x98 mm just pr lm ..............................................kr.13,50 • 19x148 mm just pr lm ............................................kr 20,18 • 19x148 mm dobbel flas gt .1 sort pr lm ..................kr 19,58

Impregnert materiale: • 49x98 mm just impr pr lm ......................................kr 19,90 • 48x148 mm just impr .................................. pr lm kr 29,90 • 19x148 mm just impr ................................ pr lm kr 17,60 • 21x95 mm just impr .................................. pr lm kr. 9,90 • 34x145 mm mm handrekke ....................................kr 36,62

Knauf isolasjon: • 50 mm knauf isolasjon pr m2 ...............................kr • 70 mm knauf isolasjon pr m2 ...............................kr • 100 mm knauf isolasjon pr m2 .............................kr • 150 mm knauf isolasjon pr m2 .............................kr • 200 mm knauf isolasjon pr m2 .............................kr

23,56 31,99 44,00 65,00 81,25

• 13 mm gips 120x240 pr plate ...............................kr. 89,00 • 12mm Hunton asfaltplate vindtett 120x274 pr pl ..kr 161,44 • 12 mm spon st.vegg 122x239 pr pl ......................kr 179,00 • 12 mm spon vegg grunna kvit 122x239 pr pl ........kr 236,00 Vi har eit godt utvalg av listverk, foringer og malte veggplater.

Fritt levert Ørsta omegn Fast kvar torsdag er det vartdalsruta og fredagar Sæbø

BYGGFAG

Ørsta

Enerbygg AS 6155 Ørsta

| 70 04 75 00 | trelast@enerbygg.no | www.enerbygg.no

Fagbutikken i Ditt Distrikt

www.byggfag.no


14 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Interiørinteressert: Hege Gjerde Brekke hentar inspirasjon frå den kulørte pressa når ho lagar ting til eigen heim. Ho har også fått eigne ting på trykk via bloggen hennar heimehoshege.blogspot.com.

Kreativ: Ei vinflaske er gjort om til vase med å snurre hyssing rundt heile flaska.

På kjøkkenet: Gamle tresleiver har fått nytt liv med litt måling, og heimelaga bordskånarar/gryteunderlag av hampetråd og trekuler er måla i matchande fargar.

Hege gjer det sjølv – Det treng ikkje koste all verda. Og gamle ting vert som nye.

••Janne-Marit M. Falch janne@morenytt.no

Hege Gjerde Brekke (25) i Ørsta er biten av D.I.Y.-basillen. «Do it yourself», eller «Gjer det sjølv» er ein veksande trend innan interiør. Det handlar om gjenbruk, eller å lage nye ting av rimelege materiale. – Det er berre fantasien som set grenser.

D. I. Y •• Forkorting for Do it yourself, eller gjer det sjølv. •• Metode for å bygge, endre eller reparere noko utan hjelp av ekspertar eller fagfolk. •• Motivasjonen er ofte at folk ønskjer noko unikt til heimen og at det kan vere økonomisk gunstig å lage det sjølv framfor å kjøpe det. •• Mykje inspirasjon på pinterest.com

Dekorative lys

Noko av det Hege lagar mest av er lys. Motiva hentar ho frå serviettar. Når ho har klipt ut motivet, tek ho det ytste laget av servietten og legg på eit nytt lys. Deretter varmar ho opp ei t-skei over eit stearinlys og stryk motivet på det nye lyset slik at det festar seg. – Svært enkelt. Berre pass på at skeia ikkje vert farga svart når du varmar den opp. Eg har gitt vekk nokre lys i gåve også, og det har vorte sett stor pris på. Det vert med ein gong meir personleg når du har lagt ned litt arbeid i gåva du gir vekk. Og så er det jo fint å ha matchande serviettar til lysa.

Skiftar fargar

På kjøkkenbenken har Hege ståande nokre gamle tresleiver. Kanskje ikkje så vakre i utgangspunktet, men Hege visste råd. – Dei er jo veldig gode å bruke. Eg trur dei kosta meg seks kroner stykke då eg kjøpte dei. Eg har måla tuppane i ulike fargar, og då vert dei straks finare å sjå på. Eigne gryteunderlag har ho også laga ved hjelp av trekuler og hampetråd. Nokre av kulene har ho måla i kvitt og grått. – Og så skiftar eg gjerne fargar etter årstida. Det er fort

Ute: Til inngangspartiet har Hege fletta eit hjarte av greiner og ståltråd.

Lagar sjølv: Hege dekorerer enkelt lysa sine sjølv. Det einaste ho treng er eit motiv frå ein serviett og ei varm t-skei til å feste motivet fast i stearinlyset.

gjort å måle. Og du treng ikkje den dyraste målinga. Og så har du over eit strøk med oljebasert lakk til slutt.

Inspirere

Hege er ikkje oppteken av pris. – Interiør er ei stor interesse for meg, men eg meiner at det ikkje er nødvendig å kjøpe nytt

Kvitt: Ei gammal eikekommode har fått nytt liv med kvitmaling og nye handtak.

heile tida. D.I.Y. er veksande, og det har også vorte stort for meg. Hege hentar inspirasjon frå bloggar og frå nettsida pinterest.com. Sjølv bloggar ho også om det ho lagar, og har også fått eigne tips på trykk i den kulørte interiør-pressa. – Eg lagar ting sjølv fordi eg

synest det er kjekt, og så håper eg også at eg kan inspirere andre. Det er ikkje alltid det er nødvendig å kaste ting du er lei av. Prøv heller å fornye det med nokre enkle grep, oppmodar Hege.

Fuglehus: Eit tidlegare grønt fuglehus har vorte nytt og dekorativt med hjelp av litt maling og blonder.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 15

Sm책 detaljar: Hege Gjerde Brekke likar 책 ha det enkelt, men stilfullt rundt seg. Sm책 ting skaper liv i heimen, utan at det vert for mykje av det gode.


16 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Haust& harmoni

Mykje nytt og spannande til heimen - kom innom i dag

Frå Halvor Bakke, Mille Moi og Enjoy Design

-20% RABATT PÅ MÅLTILPASSA

-RULLGARDIN -PANELGARDIN -ALU.PERSIENNER -PLISSÈ-GARDIN -LAMELLAR Tilbodet gjeld t.o.m 27/9

289,-

599,-

HAREID • Tlf. 70 09 26 90 Man - ons 16.30 • Tors - fre 18.00 • Laurdag 15.00

STORT UT VAL I TEPPER FLAT VEV - ULL - FLOSS - PLAST - UTETEPPER

Nytt tak?

Ørsta Torg, Ørsta - 70 06 61 60

Vi har markedets billegaste tak frå Evertile

På lager: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 50 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti Evertile pr. m2

Takpanne

174,70

Dekkande mål: 367x1260 mm 2,15 panner = 1m2

Everglaze pr. m2

187,70

Møne buet

Evertile pr. stk

90,60

370 mm

Everglaze pr. stk

105,55 Evertile pr. stk

Møne buet start/slutt

112,10

Everglaze pr. stk

med påsatte endestykke - 370 mm

130,60 Evertile pr. stk

Gavlbeslag høgre/venstre

122,50

Everglaze pr. stk

Dekkande mål: 1100 mm

142,75

Luftehatt

Evertile pr. stk

612,00

100-450 plast Tilkopl.: Ø 160, 150, 130, 125, 110 og 100 mm

Furene, 6100 Volda Tfl.: 70 04 59 90 Fax: 70 06 87 70 www.koppenind.no post@koppenind.no

Everglaze pr. stk

713,00

Alle prisar inkl. mva.

Alltid fraktfritt levert

Ope: 8 - 17 (9 - 14)


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 17

Boligjakt?

Alle visn annons finn ingsti er me dsp er d d u elle u på fi nkt r em nn.n o 1.n o

Våre boliger finner du på finn.no og em1.no.

Du kan også følge med på Facebook, søk opp: Avd.leder/Megler Nina R. Bjerkvik For mer informasjon om boliger i ditt nærmiljø, kontakt avd.leder Nina R. Bjerkvik, mob.nr. 909 92 420 eller Maria Isabell Abeltun, mob.nr. 476 32 848

MIDT-NORGE

VOLDA | Prisant. 2 480 000,- | P-rom 170 kvm Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig Rotsetgeila 37 2 480 000,- + omk. 170/293/271 kvm 1119 kvm, Eiettomt 1962 22140058 6

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 mandag 22.09. kl. 17.00-18.00

MIDT-NORGE

ØRSTA | Prisant. 4 990 000,- | P-rom 247 kvm Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig m/sokkelleilighet Vinjevollvegen 61 B 4 990 000,- + omk. 247/328/304 kvm 1192 kvm, Eiettomt 2012 22140016 7

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 tirsdag 16.09. kl. 18.00-19.00

ØRSTA

MIDT-NORGE

MIDT-NORGE

ØRSTA

MIDT-NORGE

Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

1/2-part av 2-mannsbolig Engesetvegen 48 B 2 850 000,- + omk. 120/162/145 kvm 497 kvm, Eiettomt 2007 22140045 3

Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig Kyrkjegt. 42 2 550 000,- + omk. 129/160/129 kvm 320 kvm, Eiettomt 1902 22130119 3

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 Visning etter avtale m/megler

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 Visning etter avtale m/megler

VARTDAL

MIDT-NORGE

VOLDA

MIDT-NORGE

Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig "Seilarbu" 2 475 000,- + omk. 277/375/336 kvm 1240 kvm, Eiettomt 1961 22140032 5

Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig i kjede Hagen 5 1 625 000,- + omk. 93/110/101 kvm 177 kvm, Eiettomt 1983 22140039 2

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 Visning etter avtale m/megler

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 Visning etter avtale m/megler

Ulsteinvik

MIDT-NORGE

HERØY

MIDT-NORGE

Boligtype: Adresse: Prisantydning: Fellesutg.: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Selveierleilighet Sjøgata 61 2 800 000,- + omk. 1 648,87/102/87 kvm 804 kvm, Fellestomt 2007 22140047 3

Boligtype: Adresse: Prisantydning: P-rom/Bta/Bra: Tomt: Byggeår: Oppdr.nr.: Soverom:

Enebolig m/garasje Nedre Dragsund 1 960 000,- + omk. 122/225/194 kvm 589 kvm, Eiettomt 1912 22140061 3

Kontakt: Tlf: Visning:

Nina R. Bjerkvik 90 99 24 20 Visning etter avtale m/megler

Kontakt: Tlf: Visning:

Maria Isabell Abeltun 47 63 28 48 onsdag 17.09. kl. 17.00-18.00

EiendomsMegler1 avd. Søre Sunnmøre: Vikegt.11, 6150 Ørsta. Tlf. 909 92 420 / 476 32 848 www.eiendomsmegler1.no

MIDT-NORGE


18 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Lettvint: Det er tre dører på dette lekre badet. Eitt frå soverommet, eitt frå gangen og eitt inn til eit rom som er innreidd som eit stort garderobeskåp. Derifrå kan dei gå rett inn på vaskerommet.

Sofakos: Alle tre er godt nøgde med det nye huset. Sjølv om Andreas og Eli-Marte flytta inn i denne delen av huset førre månad har dei fått det heimekoseleg og fint. Dei gamle skia til Leif skal opp på veggen bak dei.

Triveleg: I denne trivelege delen av kjøkkenet søv vesle Tiril Olivia søtt i vogga si. Her kan gjester slå seg ned i ein sofa om Eli-Marte eller Andreas er opptekne med kjøkkenarbeid.

Frå gamalt til nytt

Romsleg: Far og svigerfar Leif Hansen har vore aktivt med for å få realisert det nye huset. Eli-Marte og Andreas ville h ein også gamle ting og møblar i huset. Noko er arva frå besteforeldre, andre er bruktmaknadsfunn frå Sverige. På stov tenkt å få seg ei anna lampe som gjev meir lys. Men gamlelampa vil då få ein annan plass på kjøkkenet.

Eli-Marte og Andreas Fjørtoft trivst godt i det nye huset i Vikemyra i Ulsteinvik.

••Ingvild Aursøy Måseide ••Foto: Jan Henrik Djupvik – Det beste med huset er at det er så praktisk. Alt er på eitt plan. Me treng ikkje å gå ned til kjellaren, så her kan me bu også når me er gamle, svarer det unge nyinnflytta paret på kva dei likar best med det nye huset sitt. Det er tydeleg at dei har tenkt langt fram i tid. Så er dei ikkje nokre amatørar på feltet heller. Andreas Fjørtoft er teik-

nar i Blink Hus. Han har sjølv teikna dette huset. Huset er stort sett eit kataloghus frå Blink, men dei har snudd om på romma for å få det mest mogleg funksjonelt. Dei brukte eit halvår på planlegging før dei gjekk igang med bygging.

Barndomsheimen

Gamlehuset var barndomshuset til faren til Eli-Marte: Leif Hansen. Det var besteforeldra hans: Ole J. og Regine Ulsteinvik som bygde huset. Dei fekk tvillingar: Johan og Marta. Marta var mora til Leif. Han vaks opp i huset i lag med mora, faren og søstera (som døydde i barndomen). Marta vart buande i huset til ho flytta på kvileheimen. Huset stod tomt i mange år, men då

mora døydde på slutten av 80-talet byrja Leif å setje huset i stand. Huset stod på ei smal tomt, som i si tid var bygsla. Leif fekk kjøpt til meir jord av Birgit Bakke slik at det skulle kunne verte plass til å bygge eit større hus der ein gong i framtida. Deretter vart huset leigd ut. Dei siste som budde i huset var dottera hans Eli Marte og mannen hennar Andreas. – Me tok over huset for me ønskte å bu her, fortel Andreas som har flytta hit frå Jönköping i Sverige. Det synte seg fort at huset på 54 kvm vart for upraktisk. Leif legg til at bestestova i huset aldri vart brukt, ikkje til jul ein gong, så det var ikkje store plassen dei budde på i oppveksten hans.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 19

Flytta: Det vesle huset skal leve vidare i Tjørvåg, men tomta det stod på er frameleis i familien sitt eige.

Stolen: Denne gamle stolen er ein eignalut som har gått i arv frå gjennom generasjonane.

ha eit romsleg kjøkken, og det har dei fått. I tillegg til at huset er lyst og moderne, med ein del fiffige løysingar, finn va står det ei gamal kiste som stod i gamlehuset. Kjøkkenlampa er også frå gamlehuset, men der har dei med tida

Eli-Marte og Andreas fortel at dei vurderte å byggje på huset, men slo det frå seg. Grunnmuren var i så dårleg stand at dette ikkje let seg gjere. Dei vurderte så å kjøpe seg ei hyttetomt og flytte huset dit, men det vart kostbart. Så dei la ut huset på Finn.no og gav vekk huset mot henting.

Flytta til Tjørvåg

Det vart til at ein mann i Tjørvåg fekk det. Han var der og tok ned huset fjøl for fjøl i tre veker i februar i fjor. Mannen vil setje opp huset i Tjørvåg og flytte inn i det. – Eg har sagt til han at når han har fått opp huset må eg få kome dit på kaffi ein gong. Han svara at eg skal få middag også, smiler Leif.

Han vedgår at det var vemodig då huset vart teke ned. Men no er alt berre velstand.

To har blitt tre

I sommar kom vesle Tiril Olivia til verda og for ein småbarnsfamilie var det godt å ha eit langt meir praktisk hus å bu i. Det nye huset er på til saman 265 kvm. Eli-Marte og Andreas disponerer 195 kvm, medan underetasjen rommer ei leilegheit på 70 kvm som dei leiger ut. – Dersom mamma og pappa har lyst kan dei etter kvart flytte inn i leilegheita, så blir det ein generasjonsbustad, slår EliMarte fast. Huset i Vikemyra ligg sentralt og er godt skjerma på same tid. Det er praktisk

innreidd. Andreas er teiknar i Blink Hus og har sjølv teikna huset. Huset er bygd i Litauen av eit firma som Blink Hus eig. Det kom i fem lastebilar og vart sett i hop på tre dagar. Førre sommar var paret på ferie i Litauen og valde seg ut fliser og anna til huset. Huset har mange smarte løysingar. Mellon anna kan paret gå rett frå soverommet sitt og inn på badet, derifrå kan dei gå rett inn i eit eige rom der dei har kleda sine, og dette rommet heng i hop med vaskerommet. I kjellaren har dei eit ekstra bad, barnerom og ei stor TVstove som kan delast opp om dei treng fleire soverom.

Kista: Denne gamle kista stod i gamlehuset. No står ho på stova i nyehuset.

Nytt: I det nye huset bur Eli-Marte og Andreas på 195 kvm. Nede er det ei leilegheit på 70 kvm som dei leiger ut. Om foreldra til Eli-Marte vil kan dei flytte inn i denne leilegheita når dei blir gamle.

Fakta: •• Gamlehuset som stod på tomta tidlegare var frå 1892. •• Det vart bygd av oldeforeldra til Eli-Marte: Ole J. og Regine Ulsteinvik. •• Huset vart for upraktisk for Eli-Marte og Andreas Fjørtoft. •• I fjor vart gamlehuset gjeve vekk. Det skal setjast opp i Tjørvåg. •• I august flytta paret inn i det nye huset i Vikemyra.


20 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

MEGATA TERRASSE Bo godt i sentrumsnĂŚre leiligheter pĂĽ Hareid

Hareid Rør Eiendom AS TLF. : 70 09 26 90 - 6060 HAREID

Innflyttingsklare VELKOMMEN TIL VISNING TIRS 30.09 KL. 16.30-17.30 Benytt muligheten til ĂĽ skaffe deg en av de siste leilighetene i det vellykkede boligprosjektet Megata Terrasse!

 �

kun 1 ledig leilighet med 2 soverom!

� � �  ­

€ ‚ € ƒ € „… € ƒ € † ‚ € ƒ ­ € ƒ ‡ ˆ…ƒ……… € ƒ… „ƒ… ƒ – ‘ ” ƒ ˆ“ — ” ƒ …“ — ‡ ‘ ” ƒ ƒ ƒ’˜›ƒ………‚ ” ƒ ƒ ƒ„›’‚  Â‘ ” ƒ „ƒ˜“… — ™ š ƒ ƒˆ’ ƒ………‚ – ‘ „…

� ‘ ” ƒ ƒ „ˆ‚

œ ‘ ” ƒ „‚ˆž —

Christine Marstein

Cesilie Nedrelid

‰€ Š� �‹Œ� Ž  ƒ‘ ’’ “… “ Ž ” ƒ • ƒ

Œ �‹Œ� Ž  ƒ‘ ’ˆ ›˜ › “ˆ Ž ” ƒ • ƒ


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 21

Hasseltun

I hjertet av Ulsteinvik! LEV ET GODT OG ENKELT â€?LANDLIVâ€? I ULSTEINVIK SENTRUM. I Hasseltun kan du skape ditt drømmehjem i en nøkkelferdig leilighet med moderne og smarte løsninger - hvor alt er nytt!

kun 5 igjen! Mellom 80m² og 94m² velg mellom 2 eller 3 soverom

Utsikt fra en av leilighetene i andre etasje

… �  † ” �� • † �  � �„

–� † � �  † � ‡ — �†˜˜

� ��  � �   �  � � � Œ� � ‡ ˆ � �

 Â? Â? Â? Â

™ ‡ Â? ­ ‡  Â† Â? ‡  Â?Â?

�  ­

 Â† Â?

€ Â? Â

–   ‡” Â? Â? Â

‚

š ”   �

ƒ „

� � � � � ˆ † Œ � › œ �”  Š

… �  † � †� † ‡ � �  ˆ � †   � �‰ ‡ � † ‚ � � �Š

Christine Marstein

Cesilie Nedrelid

ܠ ŒŽ Ž‘ƒ€ Â’ ‚ „ ­ ­ Â’ ‡ Â? Â?“ Â? Â?

ƒ Â? ÂŽÂ‘ƒ€ Â’ ‚ „  Â’ Â?   Â“ Â? Â?


22 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Ein godbit av eit hus både ute og inne: Aleksandra likar å bake. Familien flytta hit då ho var 5. No bur ho i kjellaretasjen med eigen inngang.

Eit smykke av eit hus —Dette huset sel eg aldri, seier Henny Åsmo.

••Tekst: Ingunn Røyset ••Foto: Jan Henrik Djupvik Henny gjekk ofte forbi det gamle huset på Plassane på 90-talet. Sjølv om ho akkurat hadde sagt seg interessert i ei flunkande ny leilighet ein anna stad, var ho raskt på pletten då det vart lagt ut for sal. — Eg har alltid drøymt om å bu i eit gammalt hus. Men Henny fekk fort erfare kva det kostar å flytte inn i ein eldre bustad. Henny brukte eit heilt år på å få huset innflyttingsklart. Då vart tak rivne og vegger flytta. Dessverre rakk ikkje den tidlegare huseigaren å sjå det ferdig. Henny ville så gjerne vise henne.

— Eg trur ho Kokke-Ragnhild må vere det kjekkaste mennesket som nokon gong har vore fødd. Sjølv om Henny vann bodrunda for vel 15 år sidan med ein pris som i dag får oss til å smile, var Kokke-Ragnhild fortvila på den nye eigaren sine vegne. — Ho var med meg ut i banken og heldt meg i handa. Ho syntes det vart alt for dyrt for meg, smiler Henny.

Gide vibrasjonar

Ho fortel at huset på Plassane var ein stad der det var lett å stige over dørstokken. Hos KokkeRagnhild var det mange som brukte å samlast.

Huset hadde gode vibrasjonar, men var veldig nedslitt. Og Henny ville ha det på sin eigen måte. Trappa med arka som peiker ut mot hovudvegen har ho fått bygd heilt om. Etter ei teikning frå det gamle lensmannshuset på Hareid. Huset fekk ny farge og kjøkkenet i andreetasjen har blitt til bad. — Det var utruleg kva dei hadde brukt til isolering. Vi drog ut gamle aviser, filler og truser, ler Henny. I hovudetasjen er innertaket på kjøkkenet tatt borte. — Det er fullt av spikarhol i bjelkane her, men eg synest berre det er sjarmerande, peiker Henny.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 23

Stussa ikkje: Henny Åsmo passerte dette huset dagleg då ho budde på Hjørungavåg. Då det vart lagt ut for sal var ho ikkje i tvil. Dette var huset i hennar liv.

Hennys ark: Huset har fått ny ark, etter at Henny fann ei som var enno finare enn den opprinneleg. Ho fekk han teikna av og snikra på ny. Dermed har arka på lensmannshuset hamna på Plassane på indre-Hareid.

Sjarmerande er eit ord som passar godt. Det er ikkje berre utvendig huset ser ut som eit smykke. Å gå inn er som å opne eit smykkeskrin og finne kvite rom og romantiske detaljar i ein god miks med naturleg slite arvegods. Og ikkje minst fire fine damer og ei mengde søte kattepusar.

Bur i kjellaren

Dottera Aleksandra som var fem år då dei flytta inn, har passert 20 og bur no i kjellaretasjen med eige bad og inngang. Her er det også kvite vegger, prismekroner i taket og pynteting som står i stil. Henny ler når vi spør om det

Eg kallar det eit Pippi-hus. Her er det lov å rote. Henny Åsmo

alltid er så strøkent. — Eg kallar det eit Pippihus. Her er det lov å rote. Og tanteungane mine hoppar i senga når dei er på besøk. Ho har ikkje tal på kor mange gongar ho har malt veggane på nytt. Det siste prosjektet var romet til minstejenta Maja. — Det var litt drastisk med svart, men det vart fint, viser Henny.

Svart og rosa

Ho slår opp 2døra til det store romet i andreetasjen, som i følgje storesøstrene alltid er ryddig. Ikkje rart når niåringen har fått eit slikt rom. Fargane svart, rosa og kvitt står i

kontrast til kvarandre. Ei svartmåla trapp går opp til mørkeloftet, som er alt anna enn mørkt. Der oppe finn vi eit kvitt leikerom med god plass for alt av Pet-Shop. Kokke-Ragnhild brukte å sitje på ein kjøkkenstol på trappa, fortel Henny. Her ute er det fint å sitje framleis. Kattane hoppar i hagen og vi pratar litt alt som har blitt gjort med huset og om nye prosjekt som er under planlegging. Henny slår fast: — Ein blir aldri ferdig med eit slikt hus.

Fleire bilde på neste side


24 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

I trappa: Maja (framme), Isabelle og Aleksandra har kvar sitt kvite rom.

Helsar velkomen: Tre jenter og tre barnesko ønsker velkomen ved inngangsdøra.

Favoritt: Kvitt er favorittfarge også på badet. Berre det gamle vaskebrettet minner om korleis det var før.

På besøk: Isabelle har besøk av Flekken på rommet sitt. Eller er det Luriflaks?

Ovanpå: Maja har sitt eige leikerom. Berre ei trapp opp frå romet sitt.

Draumerom for ein niåring: Svarte og rosa innslag i det nyoppussa soveromet til Maja.

Heime: Henny har tapt hjartet sitt til det gamle huset.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 25

GRATIS BEFARING GRATIS TEGNING GRATIS LEVERING

KOM O G

* ! R E T A L P E K N E B GRATIS VASK NDERLIMING AV U N TE 30.09.14 U ER NKEPL AT EVARER INNEN BE IT V AT H . IN M KL LA IN EN *GJELDER MPLET T KJØKK D KJØP AV KO VE , RD JO EF FRA ROVD

FINN DITT NYE KJØKKEN BLANT VÅRE 50 MODELLER, OG 70 FORSKJELLIGE FARGEKOBINASJONER. KOM OG SJÅ DINE MULIGHETER!

I TILLEGG FÅR DU -25% RABATT PÅ ALLE INTEGRERTE PRODUKTER FRA

Du kan selv tegne og designe ditt helt unike kjøkken på www.smartkjokken.no

Proman AS Vikegata 19, 6150 Ørsta 70 07 99 90 www.proman.no

Mandag - Onsdag Torsdag - Fredag Laurdag

S

DIT T NE JÅ ST KJØKK E EN!

10.00 - 17.00 10.00 - 18.00 10.00 - 16.00

Bad - Kjøkken - Omnar - Skorstein - Fliser - Skifer - Tømrerarbeid - Murerarbeid - Monteringsarbeid


26 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

NYGAMMALT: Ein gammal omn er pussa opp og luner godt, medan gamle trekassar er blitt til dekorative hyller. På veggen gjer ein trestige nytta som hylle og ramme. (FOTO: Maria Rasmussen)

GJENBRUKT: Heime hos bloggar og interiørstylist Maria Rasmussen har to gamle dørblad fått nytt liv som skyvedører framfor tv og musikkanlegg. Eit gammalt vindauge er hengt på veggen som dekor, medan ein kabeltrommel er blitt til stovebord. (FOTO: Maria Rasmussen)

Vel bevart Viss du vil fornye huset tidsriktig, bør du opne døra til gamle dagar. Tekst: Grethe Brandsø/NPK – Dei brukte heilt andre materialar før i tida, seier Sven Erik Løchen hos GamleTrehus.com i Oslo. – Desse gamle dørblada er for eksempel laga av seintveksande tre. Det gav hardare og langt meir haldbare treprodukt enn dei masseproduserte dørene du får i dag. Dessutan er det skikkeleg handverk, seier han og stryk langs eit velhalde dørblad frå midten av 1800-talet. Bygningsvernbutikken GamleTrehus.com kjøper og sel historiske bygningsdelar og held tidsriktig til hos Fortidsminneforeningen i Oslo og Akershus – på gamle Vøienvolden gård på Sagene. På låven luktar det ei blanding av gam-

malt treverk, loft og linolje, og hit kjem skattejegerar og huseigarar i alle aldrar. Dei fleste er på jakt etter gamle brukte dører, vindauge, beslag og dørvridarar. – Eldre entusiastar vil gjerne ha autentiske detaljar, medan unge huseigarar vil tilbakeføre heile eller delar av huset til sitt opphavlege uttrykk. Det er trenden no, seier Løchen og humrar: – Og om ti-femten år kjem vi kanskje og hentar dørene igjen – då er det noko anna som er moderne!

ha ting ingen andre har, forklarer Rasmussen. Skribenten bak bloggen «Mias Interiør» finn inspirasjon i gamle hus og i naturen, hos Astrid Lindgren, i interiørmagasin, i tillegg til hos andre bloggarar og på Instagram når ho innreier heimen sin. – Ein av mine eigne gjenbruksfavorittar er skyvedørene i stova. Dei har vi laga av gamle dørblad i tre, fortel ho, og røper: – Og bak dei gøymer vi både tv, anlegg og dvd-ar.

Gammalt nytt

Hos Gjenbruket i Moss står også gjenbruk og redesign sentralt. Den opphavlege ideen bak bedrifta var å ha mottak og sal av brukte bygningsmaterialar. Sidan er konseptet blitt utvida, og no samarbeider Gjenbruket med tradisjonsvernande snikkarlag og andre miljømedvitne bedrifter. – Vi er både nysgjerrige og har skapartrong, så vi har vridd ein del av drifta til å drive

Heime hos interiørkonsulent og bloggar Maria Rasmussen i Fevik, er det meste av interiøret gjenbrukt. Gamle bygningsdelar og godt brukt treverk er komme til heider og verde – ein kabeltrommel er for eksempel blitt til stovebord, medan gamle trekassar er forvandla til dekorative hyller. – Eg har meir gjenbrukt enn nytt heime. Eg likar nemleg å

Ferdig gjenbrukt

REDESIGN: På Gjenbruket i Moss kan du handle gamle bygningsdetaljar, men også ferdig redesigna ting, for eksempel møblar laga av gamle trepallar. (FOTO: Gjenbruket)

«upcycling» og redesign. Vi merkar nemleg at det er enklare for folk å forstå gjenbruksmoglegheitene når vi har noko «ferdiglaga» å vise til, seier dagleg leiar Nils T. Håmo. I tillegg til å lage møblar og interiør på oppdrag, sel Gjenbruket framleis «vanlege» brukte bygningsdelar, alt frå gamle dører og vindauge til metall og takstein. – Dei som er litt hendige, kjøper gjerne eldre ting for å renovere tilbake til riktig tidsepoke, men også for å redesigne og lage noko nytt sjølv. Dei handlar kanskje sprossevindauge for å byggje drivhus, eller gamle dører for å lage bord eller sengegavlar. Med litt fantasi kan ein jo lage det meste av desse tinga – moglegheitene er uendelege, meiner han og legg til: – Bygningsdelane har dessutan allereie halde seg godt i mange år, og det er jo ingen grunn til at dei ikkje skal halde i hundre år til!


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 27 • MYKJE NYTT

NOKO FOR ALLE

VELKOMEN

MYKJE FINT

MYKJE NYTT

MYKJE NYTT

VELKOMEN –

NOKO FOR ALLE

NOKO FOR ALLE VELKOMEN

MYKJE NYTT–

– MYKJE FINT

MYKJE FINT

÷20-70%

PÅ EIT STORT UTVAL LAMPAR OG ANDRE VARER

MYKJE NYTT–

VELKOMEN

Gjeld ikkje nyheiter som er avbilda.

Sjå vårt store utval frå

NOKO FOR ALLE

– fleire fargar i butikk

• MYKJE NYTT

VELKOMEN

MYKJE NYTT

NOKO FOR ALLE

• MYKJE NYTT

Telefon 700 17200 6065 ULSTEINVIK

Følg oss på

Telefon 700 17200 6065 ULSTEINVIK

NOKO FOR ALLE

VELKOMEN

MYKJE FINT


28 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

VERDIFULLE SOLSTRÅLAR: Håkon Borch installerte tre rammer med solfangarar på hustaket i 2011. I dag sparer han tusenvis av kroner i straumutgifter. (FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix / NTB scanpix) SOLENERGI: Solfangarar med vakuumrør blir monterte i rammer oppå eksisterande tak. I denne ramma er det 30 vakuumrør. (FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix)

Dei fangar sol (NPK-NTB Tema): Med solfangarar på taket sparer ekteparet Håkon Borch og Eli Lindberg bortimot 8000 kroner i året på straumrekninga. Tekst: Bjørn Hugo Pettersen Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Solfangaranlegget, som Håkon Borch delvis monterte sjølv i

2011, kosta om lag 75.000 kroner. I tillegg kom ei rekning på nokre tusenlappar frå røyrleggaren. Han brukte eit par dagar på å kople røyr, blant anna frå solfangarane på taket til vasstankane i kjellaren. – Det tek nok ti-tolv år før denne investeringa lønner seg for oss. Men eg er sikker på at dette anlegget kan leve i 50 år utan at det trengst noko kostbart vedlikehald. Her er det ingen slitasjedelar som kjem til å ryke, seier Borch. Både solfangarar og solceller nyttar seg av solstrålane, men

I KJELLAREN: Håkon Borch, her saman med storpuddelen Balder, har to store varmtvasstankar (dei blå). I tillegg har han ei nyinstallert luft til vatn-varmepumpe (kvit, til venstre) og ein vedkjel (bak hund og eigar). (FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix)

solceller omdannar solenergi direkte til elektrisitet. I bustader vert solfangarar brukte til å varme opp vatn, til dømes til dusjen, kjøkkenvasken, radiatorar og vassboren golvvarme.

Lite utbreidd i Noreg

Håkon Borch og Eli Lindeberg bur i Moss. Bustaden deira er ein av yttarst få i Noreg med solfangaranlegg. Trass i at Enova kan gi opptil 10.000 kroner i støtte til dei som får solfangaranlegg installert i bustaden sin, er det til no berre blitt utbetalt støtte til 294 bustadeigarar. Kor mange som har solfangaranlegg utan å ha fått Enova-støtte, er ukjent. Men det er truleg eit fåtal, ifølgje Enova. Etter at ordninga vart oppretta i 2010 har om lag 1500 nordmenn søkt støtte til å installere solfangarar. Dei fleste har fått ja, opplyser Anna Barnwell, marknadssjef for bustad hos Enova. Ho veit ikkje sikkert kvifor berre 22 prosent av dei som har søkt og fått ja, faktisk har gjennomført installasjonen av det planlagde solfangaranlegget. Solfangst er faktisk det desidert minst populære bustadtiltaket blant dei Enova gir støtte til.

– Samanlikna med andre tiltak er ikkje solfangarar noko dyrare. Dei som har installert solfangaranlegg, er veldig fornøgde, og undersøkingar viser at solfangarane er gode og effektive. Vi håpar fleire nordmenn får auga opp for denne måten å utnytte solenergien på, seier Barnwell.

Idealistar med teknisk innsikt I land som Sverige, Danmark, Tyskland og Austerrike er solfangaranlegg mykje meir utbreidd i bustader enn dei er i Noreg. Her i landet har derfor ikkje røyrleggjarar – eller andre montørar – fått høve til å opparbeide seg den kompetansen som trengst for å installere anlegga. Åshild Lappegard Hauge, seniorrådgivar i Sintef Byggforsk, har sett nærmare på kven eigarane av solfangaranlegga er. Ho fortel at det dreier seg om ressurssterke miljøidealistar med teknisk innsikt og spesiell interesse for ulike energiløysingar. – Vi intervjua sju eigarar av hus med solfangarar, og fann ut at nesten alle eigarane hadde så god teknisk kunnskap at dei kunne kontrollere at rørleggjarane gjorde jobben rett. Enkel-

te av huseigarane måtte attpåtil hjelpe montørane med installasjonen, fordi det var innvikla og nytt for dei, fortel Hauge. Nokre system er dessutan ganske kompliserte å handtere etter installasjon. Men dette er tydelegvis i ferd med å endre seg. Fleire produsentar har no begynt å selje solfangarar i pakkeløysingar der alle dei nødvendige komponentane er inkluderte. Desse systema skal vere enklare både å installere og bruke.

Nye løysingar kjem

John Rekstad, tidlegare professor i fysikk ved Universitetet i Oslo, har i 40 år forska på energi og solvarme. I dag er han dagleg leiar i Aventa Solar, eit firma som blant anna produserer solfangarar i Holmestrand og sel solfangarar til bustadeigarar. – Det er rett at Noreg har hatt ein svært avgrensa marknad for solfangarar samanlikna med nabolanda våre, og at det her til lands berre har vore nokre få montørar som har kunne installere dei anlegga som fanst. Men no kjem det enklare og meir moderne løysingar som også arkitektane likar, seier han.

Ytterligere informasjon informasjon Ytterligere om kampanjetilbudene får du du hos hos om kampanjetilbudene får din Hörmann-forhandler: din Hörmann-forhandler:

Spar inntil 30 %**

fra

8.990 NOK *:

Automatisk garasjeport

fra

11.990 NOK *: Ytterdør uten sidefelt

www.dalevindu.no * All informasjon om kampanjeproduktene finner du på www.hoermann.no. Frakt til forhandler kommer i tillegg. ** Sammenlignet med Hörmann leddport LPU, horisontal profil M med samme overflate / farge.

Ivar Aasengt 18 6150 ØRSTA Tlf. 70 07 44 99 info@dalevindu.no


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 29

JE N A P KAM G ER DA september til n 22. 014 fra de . oktober 2 8 1 n e d

DANSK DESIGN MED NORSK SJEL

I mer enn 30 år har vi solgt dansk kjøkken-design til nordmenn. JKE Design startet opp i 1970 som en tømrer- og snekkervirksomhet på Nord-Jylland. Kjærlighet til godt håndverk sitter fremdeles dypt i oss - og godt håndverk er grunnlaget for våre produkter. JKE Designs sortiment omfatter nesten uendelige muligheter for innredning av kjøkken, som skaper rammen rundt ditt gode kjøkkenliv. Dørmodellene våre varierer fra nordisk modernisme til naturlig enkelhet og klassisk kjøkken, og hver dør fås i ulike materialer, tresorter og ikke mindre enn 2500 farger. www.jke-design.no

Storehølvegen 3, 6065 Ulsteinvik Tlf. 70 01 14 40 vvseksperten.no/jke-design.no Mandag til fredag 08.00 - 18.00 lørdag 10.00 - 15.00

IDA 120 cm. baderomsmøbel leveres m/servant, servantskap og speil m/alu.ramme. Eks. servantbatt. Veil. pris: 13 190,Kommer i fargene hvit hg, sort hg og hvit matt. IDA 120 pakke inkl. servant, servantskap, 2 stk IDA 176 høyskap m/3 skuffer, IDA 120 speil m/lys og servantbatt. VB 8003, Kampanjepris: 26 370,-

10190,-

2250,-

1055,-

4995,-

1990,-

9000E II Kjøkkenbatteri

m/Ecostrålsamler og svingbar utløpstut. Mykstengende m/keramiske skiver og avstenging for oppvaskmaskin. NRF nr. 4300921 Veil. pris: 2 100,-

Evo 285

Kjøkkenbatteri m/høy L- tut og uttrekkbar hånddusj, krom utførelse. NRF nr. 4230335 Veil. pris: 2 995,-

Optima

Venice

Ettgreps benkebatteri m/avst til oppvaskmaskin. Art.nr. 199001 Veil. pris: 2 990,-

Kjøkkenkran m/berøringsfri funksjon, digitalt display og smart avst.kran for oppvaskmaskin. NRF nr. 4200377 Veil. pris: 7 190,-

Tvm 7200

Komplett dusjsystem m/termostatstyrt dusjbatteri. Teleskopstang for enkel høydetilpasning av taksilen. NRF nr. 4230403 Veil. pris: 6 995,-

4550,12675,-

-20%

N! PÅ H RIE ELE ASTRID-SE

Astrid

grepsfri trenger bare et lett trykk for å åpnes. En modell helt uten håndtak for å gi de reneste flater på badet. Astrid i 80 cm bredde med Saga porselensservant. Speil med glassramme og LED lamper. Veil pris som vist: 32 840,-

Porsgrund Showerama 8-5 90 x 90 cm. H: 222 cm.

Hvit/klart glass. Pris inkl. termostatbatteri. NRF nr: 6296209, 6296243, 6296687, 6296252 Veil. pris: 18 090,-

8990,GB NACQ

90 x 90 cm

Halvrundt dusjkabinett, inkl blandebatteri. Hvit/klart glass. NRF nr. 6318338, 6318339, 6318345 Veil. pris: 14 265,-

O.novo

Veggskålpakke inkl sete med SC/QR. NRF nr. 6023633 Veil. pris: 2 513,-

1765,-

Power&Soul® 130, 600 mm dusjstang og 130 mm hånddusj med 4 stråletyper, 9.5 l/min. NRF nr. 4224611 Veil. pris: 2 173,-

1395,-


30 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Color Line Stadion: Teamet til CleanFurn trakk om 700 sitjeplassar og 700 stolryggar i VIP-seksjonen på Aalesunds FK si heimebane Color Line Stadion.

Overlevering: Her kan Fatima stolt overlevere det største enkeltoppdraget for reiarlaget Color Line, til overstyrmann Svein Ove Trondsen, no kaptein Trondsen på ferja Color Magic.

Eigenprodusert: Her er prototypane av dei nye trekka på møblane frå opphaldsstovene til dei finaste suitane om bord i Color Magic. Trekka er det CleanFurn som har sydd og hatt på.

Gir møblane nytt liv

Snertingdal: Dagleg leiar og eigar Fatima Myrseth (t.v.) har her fått med seg eit knippe av kollegaene, framføre det ny kjem frå ein av restaurantane om bord i Color Magic. I Snertingdal, ikkje så langt nord for Gjøvik, har CleanFurn ein bas som reiarlaget Color Line, vi har utført arbeid på regjeringskvartalet, og no er vi også i ferd med å etablere eit samarbe

Dei har reinsa og reparert fleire tusen møblar på nokre av dei største danskeferjene, men også statsrådsstolar i regjeringskvartalet. Møt CleanFurn, som gir møblane nytt liv.

••Ole-Ottar Høgstavoll

Det heile starta i 2008, då eigar og dagleg leiar Fatima Myrseth frå Fosnavåg bestemte seg for å gjere noko litt nytt. – Eg hadde sagt opp den førre jobben min, der eg hadde vore i 13 år, og følte det var på tide å gjere noko anna. Eg selde vedli-

kehalds- og reperasjonsutstyr til møbelbransjen, hadde opplæring med andre og reiste land og strand rundt. Men, eg følte det var på tide å gjere noko nytt. Eg slutta i ein trygg og solid jobb og starta mi eiga bedrift. Det var mi «førtiårskrise», seier Fatima Myrseth og flirer. – Eg har inga formell utdanning, det er kunnskapen eg har opparbeida meg gjennom eit langt arbeidsliv som er mi styrke. Gjennom jobben min fann eg ut at det var ingen bedrifter som hadde moglegheita eller mannskapet til å ta på seg dei store prosjekta, slike som vi jobbar med no. Vi fann ein marknad som nesten var urørt.

Fleire blei med på laget

Fatima fortel at det faktisk gjekk

mykje betre å starte eiga verksemd, enn det ho på førehand hadde trudd. – Eg spurde ein del av dei verkstadene eg hadde etablert god kontakt med gjennom den tidlegare jobben min, om dei kunne tenkje seg å vere med på eit lite eventyr. Samlege var positive, og då var det berre å komme i gang. Vi starta CleanFurn, der desse verkstadene til saman eig nesten 50 prosent av selskapet. Då sikra eg den naudsynte eigenkapitalen, og vi kunne starte. I tillegg til desse verkstadene har vi også utvida med andre bedrifter som vi leiger inn folk til prosjekt gjennom, fortel Fatima. Sjølv om verksemda har eit lite butikkutsal i hovudkontoret i Fosnavåg sentrum, så er det ikkje fyrst og fremst privatfolk


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 31

Dampreinsing: Er møblane skitne og om det er vanskeleg å få vekk flekkar på anna vis, er reinsing ved hjelp av eit steamapparat oftast løysinga, som vist her på biletet.

I arbeid: Å gå over 1.000 sitjeplassar på ei Color Line-ferje tek eit team på 30 personar rundt ei veke.

nyaste tilskotet i CleanFurn-familien, eit produksjons- og lagerlokale i Snertingdal. Stolane, som er matstovestolar, se på Austlandet, der dei både kan reparere møblar og utføre vedlikehald. – Vi har eit godt samarbeid med aktørar eid med oljenæringa. Så det skjer mykje spanande for tida, fortel Fatima Myrseth. FOTO: OPPLAND ARBEIDERBLAD.

som er kundar av CleanFurn. – Det hender jo sjølvsagt at ein og anna kjem innom oss for å få hjelp med eit problem, og då gir vi dei sjølvsagt hjelp. Men, det er hovudsakleg dei større bedriftene vi assisterer, gir råd til og sel produkta våre til.

Gir møblane nytt liv

Fatima forklarar korleis CleanFurn gir møblane nytt liv. – Vi kan gjere alt som bør gjerast med eit møbel frå det er nytt. Vi kan utføre vedlikehaldet, vi kan reparere, bygge om, gi råd og vi sel også produkt til både privat- og næringsbruk. I tillegg har vi opplæring med reinhaldspersonale, korleis dei skal halde ved like møblane i det daglege. Ein til to gongar i året, eller annakvart år kjem vi for å

Det var mi «førtiårskrise». Fatima Myrseth Eigar og dagleg leiar i CleanFurn om valet om å starte si eiga verksemd.

ta ein grundig reins og overflatereparasjon på møbelet. Det gjer vi gjennom heile levetida til møbelet. Blir det så slite at det ikkje er lønnsamt å halde fram vedlikehaldet kan vi trekkje om eller eventuelt byggje det om. Vi fylgjer livet til eit møbel, eigentleg frå før det er produsert, til etter at det er kassert. Fatima meiner arbeidet deira også bidreg til miljøet. – Møblar blir ofte transportert

halve verda rundt. Vi snakkar om veldig store miljøfarlege utslepp. Dersom vi klarer å forlengje levetida til ein stol gongar 10.000, fleire gongar, så er det veldig flott. CleanFurn har også fått innpass i sjølve «maktas korridorar», i regjeringskvartalet. – Det viste seg å vere mange gongar fleire enn vi trudde, fortel Myrseth. Rundt rekna 1.300 sitjeplassar har CleanFurn gått over i regjeringskvartalet. No jobbar verksemda for å fornye kontraktane, både med aktørar som reiarlaget Color Line og Staten. – Det er spanande tider, seier Fatima Myrseth til slutt.

Grundig til verks: CleanFurn har strenge krav til kvalitet og utføringa av arbeidet sitt.

Med båtfolket: Her poserer CleanFurn-gjengen stolt saman med kaptein, overstyrmann og hotellsjef på Color Magic, i samband med at dei overleverte behandla møblar på utsiktsdekket.

CleanFurn AS •• Etablert i 2008, av Fatima Myrseth og kollegaer i møbelbransjen. •• Har sidan starten utført oppdrag for reiarlaget Color Line, der dei har reinsa, reparert eller bygd om fleire tusen sitjeplassar. •• Utførte nyleg arbeid på 1.300 sitjeplassar i regjeringskvartalet. •• I samtalar med oljenæringa om eit mogleg samarbeid.


32 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Gardiner som gjer ein forskjell - privat og offentleg rom

Fü 15% pü alle Luxaflexprodukter 18. – 29.sept.

Gratis synfaring!

Møt LUXAFLEX sin konsulent, og fĂĽ gratis veiledning til ditt behov! Nye produkter! Tirsdag 23.sept. kl.12 – 18 Enkel servering.

Kyrkjegt. 1 - Ulsteinvik Tlf: 95015 234 www.lailatekstil.no Liftgardin

Twist™ Rullegardin

Lamellgardin

Byggeplaner? Vi tilpasser boligen til ditt behov Hos VestlandsHus kan du velge mellom 43 hustyper – fra de ultra moderne til de praktfulle. Finner du ikke noe for din smak, sĂĽ skreddersyr vi boligen til dine ønsker. Bestill GRATIS huskatalog pĂĽ vĂĽr nettside eller ta direkte kontakt med nĂŚrmeste forhandler for mer informasjon.

Din lokale forhandler:

VESTLANDSHUS SĂ˜RE SUNNMĂ˜RE – Hareid, Ulstein, Herøy og Sande Telefon 970 37 044, epost: kristoffer@vestlandshus.no


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 33

Pilke Skap stemning! Finsk designlampe Haustens lykter til knallpris 299,-/399,i bjørk.

Knallprisar pĂĽ marmor

FrĂĽ 89,-

Ny unik leverandør pü vintagemøblar og etniske varer!

 � � � � �

Â?  ­ € ‚

Trekning av gĂĽvekort 500,#stilogstemning

Alle lysestakar pĂĽ Tilbords

Happy lights Ass. farger 349,-

Stort ryddesalg i salgskrĂĽa

á 30% Alwa vaser

før 299,-/399,-

No á 50%

alt

á 50% Nicolas VahÊ

Karamellpudding-fat

199,-

Grace lykt før 399,- No 249,-


34 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Lamellar: Sissel Hasund er godt nøgd med panelgardinene som kan sleppe inn, eller stenge ute, så mykje sollys som dei ønskjer.

Tidlaust i vindauga Då paret skulle velje gardiner til det nye huset ville dei ha løysingar som kunne henge oppe i mange år. Sissel og Vegard Hasund flytta inn i nytt hus i Holsekergjerdet for vel to år sidan. Huset har ein arkitektonisk enkel stil, og dei ville derfor at også gardinene skulle ha ein enkel stil. Valet fall på lamellar, plisse og duettgardiner. - Vi ville ha minst mogleg dilldall. Ingen gardinstenger eller stoff som skal bytast ut vår og haust. Desse skal henge i årevis, slår Sissel Hasund fast. Husa i Holsekergjerdet står nokså tett, og med store vindaugsflater heilt i golvet er det greit å ha gardiner som kan trekkjast ned når det begynner å skymest. Dei største stovevindauga har fått lamellar som kan justerast alt etter kor mykje utsyn dei til ha frå stova, og kor mykje sollys dei vil skal stengast ut eller sleppast inn.

Skyvegardin: Sissel Hasund viser korleis gardina på badet kan skyvast opp og ned i begge retningar.

Rosa: Helena har valt rosa plissegardiner på rommet sitt.

Dei høge og smale stovevindauga som gir utsyn mot Ulsteinvik sentrum og øyane utanfor har fått duettgardiner i plisse som er greie å ta ned når sola står på som sterkast, eller når mørkret gjer innsynet vel godt.Sissel fortel at det fine med desse gardinene er at sjølv om dei skjermar for sol og innsyn, går det an å sjå ut likevel. På kjøkkenet har dei valt enkle plissegardiner som på kveldstid blir fira ned og gir eit lunt lys i rommet. I andre etasje har dottera

ei eingongsinvestering, seier Sissel Hasund. Laila Lillebø Endresen i Laila Teikstil & Interiør fortel at det på marknaden finst svært mange ulike produkt. Ho oppmodar kundane om å skaffe seg informasjon og brosjyrer om dette. For val av gardinløysingar er eit viktig val. Ho ser også ein tendens til at folk byttar ut markiser med screeningskjermar, som krev mindre vedlikehald.

Helena valt ei rosa plissegardine på rommet sitt. Og på badet har gardina fått same farge som badrominnreiinga: knall raudt. Ei gardin som har den fiffige løysinga at ho kan skyvast opp og ned både frå oppog nedsida. Det gjer det mogleg å få inn dagslys og likevel stå skjerma inne. Gardinene skjermar for sola, for varme og kulde. - Det kosta oss litt å satse på desse løysingane, men sidan vi ikkje har tenkt å skifte gardiner på mange år, ser vi på det som


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 35

Fargar: Det er deilig at ta fram att fargane, seier Laila Lillebø Endresen ved Lailas Tekstil & Interiør i Ulsteinvik.

Fargane er tilbake Perioden dü alt interiør skulle vere kvitt er over. No skal fargane inn i rommet. Kvitt er framleis ein farge som blir mykje nytta pü vegger. Men fleire og fleire vel ein fondvegg med tapetmønster. Gjerne i sterke blomsterfargar eller med geometriske former. Dei som ikkje dristar seg til med tapetvegger, vel no gjerne puter og andre tekstilar som fargeklattar. Blütt, orange, jordfargar og gjerne metalliske mønster er noko som no inntek heimane, büde i tekstilar og tapet. Apropos metallisk: lampar og pyntegjenstandar i kopar er sterkt i motebildet. Det same er pynteting i turkis og grønt.

BOEN

Eik Home Cottage 13 mm, 3-stavs klikkparkett. Silkematt lakk.

Hav og himmel: Gjenstandar i turkis og grønt minner om hav og himmel. Ved ü setje inn nokre fargeklattar der det tidlegare har vore mykje kvitt, für rommet raskt eit anna preg. Global mix

Turkis, grønt og jordfargar passar godt inn i den globale stilmixen. Mønster, materiale og former kan kombinerast og miksast pü kryss og tvers. Dristig, med overraskande

3490,46160444

2x

4.0 Ah

ARBOR

Faspanel 620x2390. Farge: Morgendis.

detaljar og utradisjonell fargemiks er stikkord for denne stilen.

Nordisk stil

Men den lyse og lette nordiske stilen gĂĽr ikkje av mote denne

76,-

Metallisk: Puter har gjerne ei blanding av ornament og blomster. hausten heller. Med ein litt nøytral fargebruk kombinert med grütonar, lyst tre og matte overflater, blir intrykket sofistikert.

Sjekk kampanjebrosjyren

42446615

Bygger’n hjelper deg

BATTERIER

198,-

BOSCH

KAMPANJESETT Bor-/skrumaskin GSR 18 V-LI i GLI PortaLED Kraftig 18V-drill for den kresne. Leveres med 2x4,0 Ah-batterier og L-BOXX-koffert med 60 innebygde LED-pĂŚrer.

Hareid

Strandgata 53, 6060 Hareid, tlf. 70 09 52 20

Man-ons: 7.30-16.30. Tor-fre: 7.30-18. Lør: 9.30-15

Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 20. sept. Forbehold om trykkfeil og utsolgt.


36 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Hus nummer to: Det blir lyst og ope med mykje utsikt når ekteparet Geir Knotten og Liv-Randi Djupvik Knotten bygger nytt hus i Dragsund. —Det har gått veldig bra, takka vere familien som har hjelpt oss, fortel ekteparet, som ikkje ser bort frå at dei kjem til å bygge hus ein tredje gong.

Høgt under taket Då Liv-Randi Djupvik Knotten og Geir Knotten bygde hus for andre gong vart det høgt under taket, store vindauge og vedlikehaldsfritt.

••Tekst: Ingnn Røyset ••Foto: Jan Henrik Djupvik Funkishus, kassehus eller hus med flatt tak. Kjært barn har mange namn. Men fram til nyleg var ikkje denne typen hus det Liv-Randi likte best. —Eg har ikkje likt desse husa. Nokon av dei er så veldig firkanta. Dei er rett og slett litt upersonlege, seier Liv-Randi. Men når ekteparet gjorde alvor av byggeplanane dei hadde

gått med så lenge, vart det eit hus med flatt tak. —Eg føler dette funkishuset har litt meir sjel, seier Liv-Randi. Ho og mannen var einige om at det nye huset skulle ha store vindauge for å få utsikta inn, høgt under taket og ein ting var sikkert: ikkje noko kryploft. —Der oppe vert det berre plassert alt mogeleg som aldri blir tatt ned igjen, seier LivRandi. Det er 14 år sidan sist dei bygde. I ein heilt annan stil. Og mannen Geir var heilt sikker på at denne gongen ville han ikkje ha små vindauge med sprosser. —Der vi bur no er det nesten så du må bøye deg ned for å sjå utsikta. Eg føler meg litt innestengd.

Småvindauge med sprosser var ikkje aktuelt denne gongen. Geir Knotten

Paret har valt opa løysing, lyse vegger og ei takhøgde på 3,60 i deler av huset. Familien er fosterheim og avlastningsheim, og har opptil seks born buande i huset på det meste. Då gjeld det å ha det praktisk. Eit stort vindfang stod høgt på ønskelista når det skulle byggast nytt hus. Stort vaskerom med inngang utan-

frå og frå garasje er også på plass. Og ei stor innebod. Til slutt viser Geir Knotten fram hjerna i huset. Eit sikringsskap av det vaksne slaget. Elektrikaren ønskte å ha tekniske løysingar som stod i stil med den moderne arkitekturen. Ingen av roma har vanlege brytarar. Alt vi ser er eit panel på veggen. —Når vi kjem heim frå jobb er det berre å trykke på ein knapp, så er huset i normalmodus. Det er sensorar i alle rom. Lys og varme blir slått på etter kva rom det er folk i. Det er enøk-vennleg. Og brannsikkert. Knotten trur det vil bli meir og meir vanleg. No gjeld det berre å programmere slik at garasjeporten opnar seg når bilen nærmar seg det nye huset.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 37

Smart og sikkert: Med sensorar i kvart rom, er det berre å programmere inn ulike scener for lys og varme i huset. Husbyggar Geir Knotten er heldigvis sin eigen elektrikar. Det er energisparande og brann-sikkert , men krev mykje arbeid, fortel han.

Flatt tak: Det arkitektteikna huset er innflyttingsklart i desse dagar med god hjelp av lokale leverandørar, eit byggfirma og ein dose IKEA.

Nybygg eller renovering? - ta kontakt med oss for eit ggodt tilbod! VI LEVERAR VINDU, DØRER, REKKVERK m.m - vedlikehaldsfritt - tradisjonelt - garasjeportar - rekkverk i glas/alu. og pvc

Til alle bygningar!

Tlf. 477 28 521 / 96 87 63 42. Storehølvegen 18, 6065 Ulsteinvik office@multi-construction.com Besøk oss på for fleire bileter og prosjekt www.facebook.com/multiconstructionas.ulsteinvik

Gode lokale referansar! Ta kontakt i god tid for synfaring


38 TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014

Nytt og gamalt: På badet ser ein dei gamle veggene i kontrast til det nye og fargerike servantskapet. Dei friske fargane går att i heile huset.

Lave skap: På kjøkenet til Annbjørg Osnes er det ingen høge skap, og kjøleskuffer i staden for kjøleskap. – Det tok litt tid å bli vant med akkurat det, fortel ho.

JKE Design: Avdelingsleiar Tord Lejon saman med sin nye montør, Michael Strand. Den nytilsette seljaren Cathrine Strand var ikkje til stades.

Til vers med JKE Design

Frå topp til botn: Det 100 år gamle huset i Kyrkjegata har verkeleg fått ein renessanse etter overtakinga mot slutten ferdige resultatet for første gong. Annbjørg Osnes fortel at både 18- og 80-åringar er imponerte over resultatet. ALLE F

Då Tord Lejon byrja med JKE Design hjå Svein Roppen trudde han det ville gå fleire år før ein kom skikkeleg i gang. Eitt år seinare er det fullt trøkk.

••Andreas Bjerknes – Eg måtte nyleg tilsette to nye medarbeidarar, montøren Mikael Strand og seljaren Cathrine Strand, fortel Lejon. I halvanna år er det han som har vore JKE Design i Ulsteinvik, men pågangen har vore større enn venta, og no måtte han altså ta det gledelege steget det var med to nytilsette.

– Eg sa til Svein Roppen då eg byrja her at det kom til å ta minst tre år før vi ville sjå om dette ville fungere bra, men det viser seg at det fungerer veldig bra, smiler Lejon og legg til at spådomen vart gjort om etter det første året.

Privat og større prosjekt

Tord fortel at det er god plass til JKE Design i marknaden, og at verksemda har leveransar både på og utanfor Hareidlandet. – Vi gjer det godt i Herøy også, med store, flott leveringar og har selt nokre flott kjøken til Ålesundsområdet. Inntrykket er at folk gjerne reiser litt lenger når dei skal ha seg nytt kjøken, dei undersøkjer breiare.

Ifølgje Lejon går det svært godt med kjøkenavdelinga, men også veldig bra med Svein Roppen AS sett under eitt. Tord Lejon fortel at medan første halvdelen av 2014 handla mykje om privatmarknad, så vil det andre halvåret vere prega av større prosjekt, og då spesielt i dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen. Der er Svein Roppen inne og skal levere alt frå rør, varme, kjøken og bad, samt vaske- og medisinrom. Lejon forklarer at etter innføringa av kjøkenavdelinga, så kan verksemda gjere det alle meste. – Vi dekkjer både private og dei større prosjekta, kan levere komplette løysingar både til nybygg og til rehabilitering.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 39

Pynt: Små detaljar, friske fargar og ei slåande utsikt er med på å løfte inntrykket av det flotte, gamle huset i Kyrkjegata.

Lysekrone: Med innebygd ventilator, kan Osnes ha lysekrone over kjøkenøya.

n av 2013. JKE Design har levert kjøken, to bad og alt av rør til huset, og nyleg fekk avdelingsleiar Tord Lejon sjå det

FOTO: ANDREAS STEINNES BJERKNES.

Det er vel snart berre det elektriske vi ikkje leverer, fortel han.

Store forskjellar

Ifølgje kjøkeneksperten går trendane meir og meir i retning moderne og minimalistiske kjøkenløysingar, men han understrekar at det også er plass til dei meir klassiske kjøkena. – Det er stor variasjon, og det har alltid vore stor forskjell på kva kundane vil ha. Lejon trur dette har med at det ikkje er så vanleg å skifte kjøken så ofte. Der meiner han også JKE Design har kjøken som skal halde lenge. – Kjøkena blir bygde for å vare i 30 år, fortel han.

Spådomane vart gjort om etter første året. Tord Lejon, JKE Design, Ulsteinvik

Mykje planlegging

Eitt av prosjekta der JKE Design og Svein Roppen AS har gjort eit større arbeid det siste halve året, er hjå Annbjørg Osnes i Kyrkjegata. – Her har vi levert både kjøken, to bad, samt alt av rør og garderobe fortel Lejon. Vi var med han då han såg det ferdige resultat før første gong, og han vart tydeleg im-

ponert over Osnes sine val. – Huset er 100 år i år, og eg har gjort alt, eller det meste i alle fall, fortel Osnes. Ho har kombinert det gamle huset, der ho har leita fram dei gamle tømmerveggene, med moderne løysingar på kjøken og bad. Det har enda med ein sprek miks av nytt og gamalt, og med eit fargeval som står i stil. Annbjørg fortel at det ligg mykje tankearbeid bak utsjånaden på huset og at det har teke bra med tid å få alt på plass. – Ho har sett føre seg korleis det skulle bli til slutt, medan vi har hatt nokre 3D-teikningar som nesten ser tome ut i forhold, seier Lejon.

Sopp: Fangsten frå helga gir eit innbydande inntrykk på kjøkenbenken.

Lys: Huseigar Osnes fortel at det aller meste ein kan sjå i huset er kjøpt lokalt, eller ting ho har hatt liggjande. Eit spegel og ei lampe er dei heiderlege unntaka.

JKE Design •• JKE Design er ein dansk kjøkenleverandør som vart starta som eit tømrar- og snikkarfirma i Danmark i 1970. •• I Norge har JKE Design ei landsdekkjande kjede, og sidan januar 2013 med eiga avdeling hjå Svein Roppen AS i Ulsteinvik. •• Her har JKE Design tre tilsette, inkludert nytilsett montør og seljar.


TORSDAG 18. SEPTEMBER 2014 40

+

«PÅ HI SIDA»

Vårt avis-samarbeid har som mål å gjere publikum nyfikne på kva som foregår på den andre sida av tunellen vår. Kanskje oppdagar du ein ny favorittbutikk? … Eller blir inspirert av sakene? Dette er vårt bidrag til å bli betre kjent med naboane våre :)

VI DISTRIBUERER SLIK

I alle postkasser her: Hareid – Ulstein – Herøy – Sande – Ørsta – Volda

Opplag: ca 20 000 PÅ NETT:

www.morenytt.no m.morenytt.no www.vikebladet.no m.vikebladet.no www.heroynytt.no m.herøynytt.no

54 713 Unike digitale lesarar pr.veke *Oppgitt tal er frå veke 14 i 2014

KVEN ER VI?

Annonser: Møre Nytt: Kristine Sandnes og Arnulf Hjertvik Vikebladet Vestposten: Marte J. Krumsvik og Eirik Lorentzen Ansvarleg redaksjon: Anne Gry Eilertsen og Rune Sæbønes Annonsørane som er med på våre temanummer, får trykt annonsene sine i 2 lokalaviser som er fulldistribuert i 6 kommunar, samt publisering i dei digitale kanalane til avisene, til ein meget gunstig pris.

Ta gjerne kontakt for info om neste tema-utgåve, eller om du treng brei,lokal marknadsføring. mjk@vikebladet.no | kristine@morenytt.no | eilo@vikebladet.no | arnulf@morenyt.no

FØLG OSS PÅ SOSIALE MEDIA

#vikebladetvestposten #morenytt


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.