2 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Tryggare: Mjuke trafikkantar skal heretter kunne ferdast tryggare langs Sjøgata. Her er heile Ulsteinvik barneskule samla i rundkøyringa ein dag i november saman med folk frå kommunen og handelsfolk i Ulstein. FOTO JOAR ØDEGÅRD/HIMMELHØGT.
Ei tryggare bygate 29. november ope til kl. 18.00 Sjå annonser for gode tips og tilbod!
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 3
OPNINGS.TIDER Bildet til høgre: Byggeleiar Torbjørn Vatnehol og Odd Kåre Wiik rosar både innbyggjarane i Ulstein og handelsfolket for tolmod i byggeperioden.
Den nye Sjøgata i Ulsteinvik har ført til smidigare trafikkavvikling, og tryggare ferdsel for gåande.
•
Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Trafikken flyt flott gjennom Ulsteinvik sentrum etter at Sjøgata opna for kort tid sidan. Byggeleiar Torbjørn Vatnehol frå Statens vegvesen Region Midt, og Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for utbygging, drift og vedlikehald i Ulstein kommune, har sidan prosjektet starta i august 2013, hatt eit tett samarbeid. Vegprosjektet er på 800 meter, og dei to er samde om at reint trafikkmessig er det dei to rundkøyringane som er det store preet. Dei gjer at trafikken flyt, og at bilane slepp å stå og stange på sidevegane. - Men på begge sider av Sjøgata er det bygd breie fortau med leielinjer for blinde og svaksynte. Det har gjort det mykje tryggare for mjuke trafikkantar i Ulsteinvik sentrum, forklarer Torbjørn Vatnehol. Kinesisk kantstein og grøne planter i rabattane gjer det i tillegg pent. I den eine rundkøyringa har skulpturen «Båtbyggaren» alt kome på plass, og snart skal det også kome ein skulptur i den andre rundkøyringa. Sjøgata er Møre og Romsdal fylkeskommune sin veg, men Ulstein kommune har bidratt med store summar (om lag 30 millionar kroner). Først og fremst i infrastruktur i grunnen. I tillegg til den 800 meter lange Sjøgata, har Ulstein kommune rusta opp 300 meter med sidevegar.
Store kostnader i grunnen
- Mesteparten av kostnadene til Ulstein kommune ligg i grunnen, og er dermed ikkje lett å sjå, kommenterer Odd Kåre Wiik. Der ligg røra til Ulstein Fjernvarme, fleire tusen meter med nye rør til Ulstein kommune si nye hovudvassleidning, nye kloakkrør, rør for fiber og kommunikasjon for kommunale bygg. Mørenett AS har bygt ut forsyninga si, og Telenor har lagt nytt leidningssystem i grunnen. Reint teknisk har den største utfordringa vore å få bygt brua
(kulverten) over Sauneselva. Når bilane no kjem susande gjennom rundkøyringa på Saunes, køyrer dei over elva. For å få tørre arbeidsforhold under bygginga av kulverten, måtte Sauneselva leggjast om, og teknisk var dette ei krevjande oppgåve. Om det heretter skulle kome store nedbørsmengder, bør folk likevel kunne vere trygge. Dagens bru er konstruert for å kunne tole 200-årsflaumen. Det har også vore ei utfordring at dei under gravinga kom fram på rør som var i drift, utan å vere kartlagde. Sidan bygginga starta i august 2013 har det vore mange mellombelse omkøyringar i Ulsteinvik.
27 gravemaskiner
- Vi vil nytte sjansen til å rose både innbyggjarane og handelsfolket i Ulsteinvik for stort tolmod. På det meste har det vore 27 gravemaskiner i sving i sentrum på ein gong. Og når vi veit at gravemaskinene utløyser arbeid for tunge lastebilar som skal inn- og ut av sentrum, så er det nesten i overkant av kva som kan tolast i sentrum, kommenterer Torbjørn Vatnehol. - Men no skal vi vere glade, snart er alle vanskar og omkøyringar gløymt, og det skal gå minst 98 år før nokon får lov til å grave i Sjøgata, smiler Odd Kåre Wiik. Han legg til at det har vore ein fryd å jobbe saman med Statens vegvesen og entreprenørane som har hatt oppdrag langs Sjøgata.
i jula
DESEMBER 10 - 20 (18) SØNDAGSOPE
14. DESEMBER 14 - 18 21. DESEMBER 14 - 18 23. DESEMBER 10 - 18 JULAFTAN
10 - 13
ROMJULA
10 - 16
NYTTÅRSAFTAN 10 - 13
JULEGÅVETIPS Kan nyttast i 5000 butikkar på nesten 100 kjøpesenter og på 50 hotell
Sjøgata • Totalsum: 68 mill. kroner • Byggherre: Statens vegvesen på vegne av Møre og Romsdal Fylkeskommune. (25 mill. kroner) • Ulstein kommune (30 mill. kroner) • Ulsteinvik Utvikling, Mørenett og Ulstein Fjernvarme: Tilsaman ca. 13 mill. kroner. • Hovudentreprenør: Volda Maskin AS. Blant underentreprenørane: Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS, A. Våge AS, Veidekke, Stadpipe, Volda Bygg AS. Prosjektering: AG Plan AS
Kjøp gåvekortet hos
VIVO ULSTEINVIK Firmagåver mot faktura, send bestilling til ulsteinvik@amfi.no
AMFI.NO/ULSTEINVIK
4 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Paradegate: Sjøgata har no blitt ei paradegate med bygningar på begge sider. Ulsteinvik har blitt meir oversiktleg, meiner Øystein Muren, leiar for Butikkgruppa i Ulsteinvik.
- Dette blir veldig bra - Eg har stor tru på at opprustinga av Ulsteinvik sentrum vil gje byen vår eit stort løft, seier Øystein Muren.
• Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no
Muren er leiar for Butikkgruppa i Ulsteinvik. Etter vel eitt års graving og omleggingar av køyremønsteret i Ulsteinvik sentrum, er Sjøgata no opna for biltrafikk i begge retningar. Og i starten av desember skal alt arbeidet vere ferdig.
Ei paradegate
– Det blir veldig bra. Sjøgata
har no blitt ei paradegate med bygningar på begge sider, og tre rundkøyringar. Trafikken gjennom sentrum vil no gli smidig. Bilar som kjem frå sidegatene treng ikkje lenger å vente på at trafikken frå RollsRoyce og Ulstein Verft skal gi seg. Dessutan har byen Ulsteinvik blitt mykje meir oversiktleg, meiner Muren. Han fortel at alle medlemene i butikkgruppa har sett fram til nyopninga av Ulsteinvik sentrum. Og han slår fast at det på mange måtar har vore ei tolmodsprøve både for butikkdrivarane og for kundande.
Handelssenter for Søre Sunnmøre – Heretter slepp dei som kjem hit med bil å føle at dei køyrer inn i eit anleggsområde. Og her
Utbygginga har kosta mykje, men det vil lønne seg på sikt. Øystein Muren Leiar for buitikkgruppa
Søre Sunnmøre. Vi har konkurranse både frå Ålesund, Ørsta, Volda og Fosnavåg – og det blir viktig at kundane som kjem til Ulsteinvik føler at her er triveleg å vere. Muren har også tru på at opprustinga av sentrum vil føre til at det blir enklare for nye butikk-kjeder å etablere seg i Ulsteinvik.
Bylaurdag 29. november
er godt med parkeringsplassar også. Utbygginga har kosta mykje pengar, men eg er overtydd om at satsinga vil løne seg over tid. Eg ser på denne opprustinga som ei understreking av at Ulsteinvik tek mål av seg til å vere eit handelssentrum for
Komande laurdag, 29. november, blir det Bylaurdag i Ulsteinvik. Då skal det feirast at Ulsteinvik har fått nytt sentrum. Det blir kakefest, utdeling av ballongar og julepynta gater. – Startskotet går for julehandelen. Vi gler oss, og ønskjer alle velkomne hit til Ulsteinvik, seier leiaren for butikkgruppa.
MAGISK FĂ˜RJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 5
FINN FEM FEIL
Desse to vinterbileta ser ved første augekast heilt like ut. Likevel er det fem ting som skil seg ut pü biletet til høgre. Oppgüva di vert ü finne ut kva det er. Fasiten finn du under, men ikkje kikk pü denne før du har gjort eit heiderleg forsøk pü ü finne feila.
Brannalarmen pü veggen er borte, hua til jenta bak til venstre har ein anna farge, det er meir snø framfor verandane pü høgre side, det har kome opp ein ekstra lyktestolpe, ventilasjonrista har fÌrre lamellar.
Ă&#x2026;rets gaver DIgITAlT pIAnO DIgITAlT pIAnO <DPDKD 18 -8/(63(6,$/ 9HLO NU
39.900,-
5.990,-
<DPDKD 3 7LOOHJJ IRU VWDWLY RJ SHGDOEUHWW
)$67 /$935,6
klAssIsk gITAr Ăś VWÂĄUUHOVH <DPDKD &6 ,, )$67 /$935,6
Vivo o ha de AMFI U tei vi
T f 70 00 79 90 u tei vi @vivo o ha de . o
e o
1.990,-
DIgITAlT slAgVErk
3.995,-
1.195,-
Du fi
<DPDKD (= )$67 /$935,6
<DPDKD 'W[ N 9HLO NU -8/(63(6,$/
EnkElT pA-AnlEgg
<DPDKD 6WDJHSDV L -8/(63(6,$/ 5.590,9HLO NU
kEybOArD FOr lĂŚrIng
ĂĽ
www.VIVO.nO
6 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Moses vert fødd: Måleriet som Ingjerd Havåg held framføre seg ber tittelen «Moses vert fødd». Som kjent vart Moses gøymd i sivet. Bildet er forresten mora Elsa sitt favorittmåleri.
Ingjerds 24 bibelmåleri Ingjerd Havåg frå Eiksund (46) har gått under huda på 24 bibelforteljingar. Torsdag, fredag og laurdag i neste veke stiller ho ut like mange oljemåleri i Aktivitetshuset i Ulsteinvik.
Boka: Alle dei tjuefire måleria er samla i ei bok – med den aktuelle teksta ved sida av. Her tek vi oss eit blikk inn på side 36 og 37, som fortel om då Jesus metta fem tusen i øydemarka.
• Leiv Arne Grimstad leiv.arne@vikebladet.no
Utstillinga kan fort bli eit nytt høgdepunkt i karrieren. Ingjerd debuterte med eiga utstilling i Ålesund i 2003. Det vart ein braksuksess. Så å seie alt ho stilte ut fekk kjøpar. Det var tydeleg noko i bildespråket hennar som traff. No har ho arbeidt i det stille ei stund. Parallelt med dei tjuefire oljemåleria i storleikar frå 1,20 x 1,00 og nedover har ho avfotografert og samla alle bilda i ei bok, som Alpha Forlag på Jæren gir ut i 200 eksemplar. Denne boka vil vere til sals under utstillinga – og elles.
Uttrykker barnelærdomen
Ingjerd har djupe kjensler til dei tjuefire «bibelsituasjonane». – Du kan godt seie at det er barnelærdomen min eg uttryk-
ker, seier ho. – Kvifor nettopp tjuefire? – Det berre vart slik. Det ligg ikkje noko symbolsk i det. Ingjerd hadde både faren Per Havåg, tante Svanhild Havåg og Einar Muren som lærarar i kristendom på skulen. Det kjekkaste ho visste var å teikne «historiene». – Ein gong teikna eg pinseunderet. Eg såg for meg eldlogene i eit mørkt rom med glugger. Men det var ikkje alltid eg fekk det til. Av dei 24 bilda er 9 frå Det gamle testamentet, 15 frå det nye.
Er ekspresjonist
Når vi skal skildre korleis Ingjerd arbeider, må vi først ta ei avklaring: Ho er ekspresjonist, ikkje impresjonist. Munch, som var ekspresjonist, sa det slik: «Eg målar ikkje det eg ser. Eg målar det eg såg».
Ingjerd ser på faren Per Havåg, som også er ein habil målar. Dei er samde om at Munch sin definisjon er treffande. For slik har Ingjerd det også. Ho kjenner bibelforteljingane, har dei under huda og dermed også ei oppfatning av fargane og temperaturen. Når ho tek til på utforminga, prøver ho å stille seg heilt fritt. – Det naturalistiske bitt situasjonen, synest eg. – Det kan fort begrense deg og kan vere ei felle å gå i. Det kan bli eit glansbilde. Og det ligg ikkje føre meg. Eg vil opne opp situasjonen med min eigen fantasi. Bilda er i olje, men Ingjerd legg eit tynt lag med acryl før oljen for å sleppe dei kvite flatene.
Ei medfølgjande bok
Tittelen på boka som følgjer utstillinga er «24 bibeltekster – 24 oljemåleri». Tekstene som har
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 7
3T \hZTbcT Yd[TVPeT]T
I atelieret: Det store bildet viser kva flate Ingjerd Havåg har å arbeide på i atelieret i det gamle hønsehuset i Eiksund. Ho er absolutt ved kjeldene, for her vart ho fødd og her voks ho opp.
1
2
3
4
resultert i bilda, er trykte på høgre side, bilda på venstre. Opningsbildet heiter «Syndefallet». Adam grip eplet som Eva gir han. Vidare møter vi kjende situasjonar som «Storflaumen», «Gud set Abraham på prøve», «Jakobsdraumen» og «Moses vert fødd». «Moses vert fødd» er yndlingsbildet til Ingjerd si mor, Elsa f. Fjørtoft. Frå det nye testamentet har vi titlar som «Jesus vert fødd», «Jesus stiller stormen» og «Jesus står opp» for berre å nemne nokre. I tillegg til at bilda er form- og fargespennande innbyr dei til leiting etter symbolske nøklar.
Arbeider der ho vart fødd og voks opp
Ingjerd sitt atelier ligg i det
gamle hønsehuset på garden. Der er ho elles sjølv fødd og har vakse opp. Når eg seier at bilda hennar kan likne litt på Håvard Vikhagen sine, vel og merke i fargebruken, så fortel ho at ho har lært mykje av nettopp han. – Han har faktisk vore lærar for meg. Han er veldig grundig og flink og kan gi både ros og ris. Men han er meir organisk enn eg. Eg er nok meir på grensa til kaotisk, ler Ingjerd. Ja, ikkje berre Håvard Vikhagen har ho mykje å takke for. Ørnulf Opdahl var ein pådrivar då Ingjerd til slutt våga å ta steget og halde ei separatutstilling den gongen i Ålesund i 2003. – Han pusja meg veldig fram mot debututstillinga, fortel ho.
Med dei tilbakemeldingane Ingjerd har fått her på Sunnmøre, er det kanskje enkelte som stussar på at ho ikkje har nådd vidare ut – nasjonalt. Enno, kan vi legge til. Sjølv forklarer ho det delvis med angsten for å bli involvert i for mykje. Ho er «overhode» ikkje medlem i nokon kunstnarorganisasjon. Ho føler at det kan kome til å legge for sterke krav og føringar. Og ho er samd i at det i dette angstfenomenet ligg ein komponent; at ho vaktar om fridomen sin. Når eg så spør om ho lever av kunsten sin, smiler ho: - Eg lever først og fremst av å vere halvt ufør og halvt villsaubonde.
7 5
6
9
8
10
1: Hals fra VaVite 299,- 2: Strikkekjole fra VaVite 399,- 3: Genser fra Jean Paul 899,4: Lue fra VaVite 199,- 5: Pysjamasbukse fra VaVite 199,- 6: Bestefartrøye fra VaVite 199,7: Skjerf fra Jean Paul 399,- 8: Pysjsett fra Jean Paul 499,- 9: Genser fra VaVite 399,10: Skjorte fra Jean Paul 799,-
AMFI ULSTEINVIK • TLF 70 01 72 71
8 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
_ *
^* -XOHVWMHUQH L PHWDOO )OHLUH VW¸UUHOVDU .YLW PHWDOO PHVVLQJ
-XOHVWMHUQH S¥ IRW 6YDUW HOOHU NYLW
-XOHVWMHUQH L JODVV
)ORWW OLYDNWLJ MXOHWUH P O\V FP )U¥ NU
3 _ [ _
[ K
Y
Telefon 700 17200 6065 ULSTEINVIK
Følg oss på
Telefon 700 17200 6065 ULSTEINVIK
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 9
G Gullgutten er bind 3 a Jon Michelets romaav n nepos. En sjøens helt. M dette verket gir Med M Michelet krigsseilerne et minnesmerke som vil leve i generasjoner ramover.
tilbud
VG
169,Før 399,-
En roman helt utenom det vanlige. Fantastisk, vond og vakker. Og samtidig full av sjarmerende britisk humor og sarkasme. En klok og varm roman om en unik kjærlighet.
tilbud
129,Før 299,-
Enkel, tiltrekkende kokebok om norsk tradisjonsmat som lutefisk og pinnekjøtt, som millioner
tilbud
99,Før 450,-
Ny bok i den populære serien om heltinnen Nikki Maxwell! Denne gangen skal hun spille inn hitsang og gå på danse- og sangtimer, mens hun følges av et TV-team.
nyhet
279,Fantasifull, humoristisk og ellevill lek i tekst og bilder med et av våre mest kjente eventyr.
tilbud
99,Før 249,-
Denne boka samler kjente og kjære fortellinger og sanger, som Musevisa og Julekveldsvisa sammen med fortellinger om Teskjekjerringa, Snekker Andersen og mange flere. Velegnet til høytlesning i advent- og juletid.
tilbud
99,Før 229,-
«En medrivende, rørende og romantisk roman. Stappfull av sjarm og mennesker du tror på og blir glad i. » VG
nyhet
299,-
Trines mat er en brukervennlig og innbydende kokebok som kommer til å bli mye brukt - både på hverdager og i helgene.
tilbud
199,Før 349,-
«Dette er fortellingen som rommer det meste: En dramatisk og forbudt kjærlighetsfortelling, farlig flukt, et forsvunnet barn, en forsvunnen verdifull bok. Og lykkelig kjærlighet, sterk lidenskap - og grusomt svik.
tilbud
149,Før 369,-
Prøv en rotteburger - du vil ikke angre! Ny ellevill bok fra forfatteren av Verdens rikeste gutt og Gangster-bestemor.
nyhet
249,-
10 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID Tek form: Jon Ove Ringstad i Naustneset AS, slår fast at bygginga av Sjøsida er i rute, og han meiner den nye bydelen vil bli eit pre for Ulsteinvik. Øvst til høgre: Nedkøyringa til det undersjøiske garasjeanlegget som har 68 parkeringsplassar I midten: Promenaden på nedsida har fri ferdsel og trapper ned mot sjøen. Forretningar: Første etasje har store vindusflater og skal romme forretningar og restaurantar. Utanfor blir det oppvarma promenadegate.
Sjøsida, den nye bydelen
I mars neste år blir 42 leilegheiter på Sjøsida innflyttingsklare. Ein ny bydel reiser seg.
• Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no
Ikkje alle var begeistra då Stig Ulstein, Morten Ulstein og Einar Kristensen danna selskapet Ulsteinvik Utvikling og presenterte planane om ei utbygging langs Sjøgata i Ulsteinvik. For å gjere ei lang historie kort: planane gjekk etter kvart gjennom i Ulstein kommune, og steinlass på steinlass frå Eiksundtunnelen vart dumpa i sjøen for å skape byggeareal for husa på Sjøsida. Det meste av kritikken har tagna i takt med at husa har
reist seg. – Intensjonen vår var å gi Ulsteinvik sentrum eit ansiktsløft. Ein fin fasade mot sjøen. Vi starta diskusjonen før det vart avgjort å flytte Ulstein Hotel frå Varleite til sentrum. Optimistiske som vi var, trudde vi at hotellet og Sjøsida skulle byggjast samtidig. Men for Sjøsida trekte det ut, oppsummerer Stig Ulstein. I nokre månader til er Sjøsida ein byggeplass, men husa og uteområdet byrjar å ta form, og dagleg leiar Jon Ove Ringstad i Naustneset AS, eit av selskapa som er aksjonærar i Ulsteinvik Utvikling AS, viser stolt fram området. – Dette blir ei fantastisk oppgradering av Ulsteinvik sentrum, seier han i det han rundar hjørnet på det eine byg-
get og stegar ut på den frostfrie promenaden som går på nedsida av bygga. Promenaden, som har innlagd vassboren varme, gir tilgang til sjøen for alle både sommar og vinter. – Vi får ei heilt unik sjøside. Eit vindu ut mot sjøen, seier Ringstad. I trappene ned mot sjøen kan folk setje seg ned og nyte utsikta mot havet, småbåthamna og fugl og fisk som dreg forbi. Byggetrinn 1, som no er under oppføring, er på fem etasjar. I første etasje er det planlagt butikkar og restaurantar, i andre etasje kontor og anna næringsverksemd. Ringstad vil ikkje fortelje kven som skal inn i lokala, men svarar at dei fyllest gradvis opp. – Vi har fokus på mindre butikkar, der drivarane ønskjer å
styre sine eigne opningstider, forklarer han. Næringsareala skal stå ferdige innan første halvdel av 2015. Dei som skal jobbe der får flotte arbeidsplassar. Store vindusflater syter for eit luftig inntrykk. I tredje, fjerde og femte etasje er 25 av i alt 28 leilegheiter selde. Bygget har fire «penthouse»-leilegheiter, og tre av dei har ikkje skifta eigar enno. Prislappen på desse er mellom 7 og 9 millionar kroner, og Ringstad trur desse blir selde når folk får sjå kor flott det vert i området. – Alle dei andre leilegheitene, som har ulike storleikar, er selde. Vi kunne ha selt vesentleg fleire, noko som vil gjere det lettare å gå i gang med byggetrinn 2. Men før dette vert gjort, skal alle kontraktar med
leigetakarar i næringsdelen vere på plass, slår Ringstad fast. Byggetrinn 2 blir eit vesentleg mindre bygg, på 10-14 leilegheiter. Sjøfronten vert no gjort ferdig til og med byggetrinn 2. Dei som skal ha leilegheit på Sjøsida kan køyre bilen rett ned i det undersjøiske garasjeanlegget, som har plass til 68 bilar. Derfrå kan dei ta heisen rett opp til leilegheitene sine. I tillegg til dei 28 private leilegheitene kjem 14 omsorgsbustader som Ulstein kommune disponerer. I denne delen av bygget blir det også innreidt eit fellesrom for sosiale aktivitetar. – Sjøsida har blitt eit godt prosjektsamarbeid mellom private investorar og Ulstein kommune, seier Ringstad.
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 11
Velkomen til HAREID
3 LAURDAG 29. november - ope til 16.00 HUGS: 3 <
Rein bil?
Delux, Po ri g r sta dard vas frå r
199,-
STATOIlkOPPen 2015
i salg frå 1/12
Kjekke gåvetips!
r
• Mykje nytt i julemusikk • Nytt utval i DVD/Blueray • MOBILTILBEHØR!
299,-
Har id, t f 70 09 22 70
Hareid
Man-ons 10 - 16.30 Tors-fre 10 - 18 Laurdag 10 - 16
Tlf 70 18 35 86
i Ulsteinvik Sjøsida • Byggherre: Ulsteinvik Utvikling AS. Aksjonærar i selskapet er Borgstein AS, Naustneset AS, Bakkely AS, Jon Kleven AS, Hareid Elektriske AS, Rome AS, HUK Invest AS, Ulmar AS, Loen. • Arkitekt: Slyngstad Aamlid arkitekter. • Hovudentreprenør: Peab Nordang. • Byggetrinn 1 har 28 private leilegheiter + 14 kommunale omsorgsbustader i ulike storleikar. • Utbyggingskostnader: 260 mill. kroner. • Det er regulert inn eit byggetrinn 2 og 3.
Kalendergåver Adventslys Julegardiner Dukar og løparar Batterilys med levande flamme frå kr. 169,-
Juletips! - Lek kre smågåver med m him mmelske dufter!! - Nyttt tilbehør til baadet
• Ulsteinvik Utvikling vurderer no om dei skal starte byggetrinn 2.
Tlf 70 09 59 00 • www.holstadr.no • 6060 Hareid • Man-Ons 10-16.30, tor-fre 10-18, laur 10-15
12 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID Heiltent:Hareid skulekorps er heilt klare til å ta del under tenninga av julegrana på Hareid, saman med Hareid KFUK/M
Lag og organisasjonar dreg i kvart sitt hjørne av den store juleduken som heiter «advent».
Rik adventstid i Hareid
Det skjer mykje rundt om i Hareid i adventstida, som vi no går inn i.
• Leiv Arne Grimstad leiv.arne@vikebladet.no
Julegranene blir tende i alle krinsar no til helga – og hendingane står i kø for både aktørar og publikum. Dei ulike laga og organisasjonane dreg i kvar sine hjørne av den store juleduken som heiter «advent». Her er noko av det du kanskje kan få med deg: Fredag 28. november: «Julenatt i stallen» I morgon fredag 28. november vil 12-åringane i kyrkja si trusopplæring framføre julespelet «Julenatt i stallen» i kyrkja – i lag med barnekantoriet. Dei skal prøve å gjenskape stemninga på Betlehemsmarka og i stallen der Jesus vart fødd for over to tusen år sidan. Spelet har vore framført to gonger før – og også vaksne deltek. Laurdag 29. november:
Familiesamling og julegrantenning i Hareid sentrum KFUK/M i Hareid og Hareid skulekorps inviterer i år til ei samling på Hareid bedehus før julegrantenninga på Loket. Tidlegare har denne samlinga vore halden etter tenninga. I år kjem ho før. Under julegrantenninga held sokneprest Ruth-Eva Sollie appell, Hareid skulekorps spelar og Paul Sandanger er forsongar. Det blir gang rundt treet. Søndag 30. november: Speidargudsteneste Det er tradisjon at speidarane deltek ved ei gudsteneste i adventstida. I år skjer det den første søndagen i advent, 30. november – med Kristian Myklebust som prest. Søndag 30. november: Julegrantenning i Brandal, på Bigset og i Hjørungavåg Etter at sentrumskrinsen tjuvstarta laurdag kjem krinsane etter med sine julegrantenningar søndag: I Brandal er det idrettslaget, velforeninga og saniteten som står føre. Før tenninga er det nissemarsj – og etterpå ad-
ventssamling i Pakkhuset. Hareid skulekorps spelar. På Bigset er det korpset som har regien under samlinga ved skulen. Dagens appell er ved ordførar Anders Riise. I Hjørungavåg skjer det på Leira i regi av idrettslaget. Hjørungavåg Brass spelar og rektor Cecilie Bjørlykke held appell. Tysdag 1. desember: Adventsrefleksjonar i kyrkja I år steller Hareid sokn til noko dei kallar «morgonbøn med adventsrefleksjonar» i kyrkja dei tre første tysdagane i adventstida, d.v.s. 1., 9. og 16. desember. Onsdag 3. desember: Julesongar i kyrkja Denne onsdagskvelden stiller Musikklaget Melshorn og Hareid Mini- og barnekantori opp og held ein konsert i kyrkja med julesongar og anna stoff. Onsdag 3. desember: Julefest på Hadartun Det er tradisjon at Hareid kommune og Hareid Frivilligsentral samarbeider om ein julefest for dei som bur på Hadartun. I
år er festen 3. desember. Det blir servert tradisjonell julemiddag – og der blir song av våre aller-aller yngste korsongarar.
Torsdag 10. desember: Musikkskulekonsert Hareid Musikk- og kulturskule held julekonserten sin i kyrkja denne kvelden.
Torsdag 4. desember: Gollj på Josefine Denne kvelden held Gollj & Gråstein julekonsert på Josefine Kafé i Kjøpmannsgata. Vokalgruppa gav ut sin første CD i haust.
Laurdag 13. desember: Julebord for alle på hotellet Melshorn Hotell, som starta julebordsesongen 22. november, held julebord «for alle» denne laurdagen.
Søndag 7. desember: Førjulssøndag på museet Ishavsmuseet i Brandal har aktivitetar, sal av middag, kaffi og kaker denne dagen – og fristar også med fordelaktige kjøp i «polarbutikken». Måndag 8. desember: Start på julelotteriet – i butikkane Hareid næringsforum dreg også i år i trådane for det etter kvart tradisjonsrike julelotteriet der butikkar og bedrifter i Hareid gir gåver. Kupongane blir utlagde i butikkane 8. desember og innsamla og lagde i «julegryta» fredag 19. desember. Vinnarane blir uttrekte i «Parken».
Fredag 19. desember: SANS i kyrkja Tre unge kvinner – SANS, med Hjørungavågs eigen Iris Roppen Tangen i spissen – samlar seg om julebodskapen i ein konsert i kyrkja denne kvelden. Dei hadde også ein eigen konsert på Ishavsmuseet under Hareidsstemna i år. Søndag 21. desember: Syng og spelar jula inn I år er denne tradisjonsrike julekonserten for alle kor og korps, uansett alder. Det blir ein mix av eldre og unge, fordelte på to varierte konsertar i kyrkja. Kjell-Einar Ljones og Marit Øien Sæverud skal ha dei verbale innslaga.
MAGISK FĂ&#x2DC;RJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 13
JulegĂĽvetips! Lacoste Live
Sett med dusjgele og deostick Før 430,NO
199,-
Tlf. 922 41 510
AnChri
Vertinnesett Verdi: 385,-
99,-
Apotek 1 Ulstein Best Fashion Bianco Bjørklund Coop Mega Elkjøp Føhnix Frisør
One Direction Makeup sett
149,-
Glitter Intersport Lindex Mester Grønn Nille Notabene Skin Tonic
BlĂĽhuset T: 700 13 260 (tidlegare Parfymelle)
Princess Sunkost Sunt & Nam
r e m r ĂŚ NĂĽ n â&#x20AC;Ś g e s n e l u j
7J GPSUTFUUFS Ă&#x2021; GFJSF KVCJMFFU
B L A C K F R I D AY
Vinmonopolet
25% ON EVERYTHING NOVEMBER 28
10-19 Laurdag:
10-18 Coop Mega:
9-21 Laurdag: 9-20 Apotek 1 Ulstein
BYLAURDAG 29/11 Warm vinterboots Before 999,-, now 499,,-
9-17 Laurdag 10-15 Vinmonopolet
10-16.30 Laurdag 10-15
(torsdag, fredag og lørdag)
Anchri
Valaker Bakeri
Tel: 700 13 255
Blühuset ¡ Vikemyra 1 ¡ Ulsteinvik ¡ Tlf. 7001 3703
14 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Feirar polsk jul heime i Had
Familien Knap feirar jul i Norge for tredje gong. Og det på ekte, tradisjonelt polsk vis.
• Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no
Mariusz Knap har jobba på Sunnmøre sidan 2008, men i 2011 flytta resten av familien hans, kona Maria, og sønene Szymon (4) og Kacper (6) til Norge og Haddal. – Det vi har merka oss dei tre åra vi no har budd i Noreg, er at dei kulturelle forskjellane er ganske store. Folk i Polen spring rundt og stressar heile tida, medan her i Noreg er folk meir avslappa. Og så er folk meir imøtekomande her, seier Maria. Den vesle familien har funne seg godt til rette i Haddal, og sønene går i barnehage og på skule i bygda. – Vi har det veldig bra her, og trivast godt. Haddal er ein vakker stad. Her vil vi bu, og her vil vi leve, fortel Maria og Mariusz.
Polsk jul i Noreg
I år blir det tredje året etter at familien flytta til Noreg i 2011, at julefeiringa blir heime i Haddal. – I fjor var vi i Polen i jula, men i 2011 og 2012 feira vi i Noreg. Vi gler oss til å feire ho her i Noreg i år igjen, seier Maria. Og det på ekte, tradisjonelt katolsk vis. Huset skal vaskast og pyntast til jul. Julekaker skal bakast, men ikkje sju slag slik som den norske tradisjonen tilseier. – Jula er den viktigaste høgtida i Polen, så alt må vere på plass før julekvelden. I Polen er ikkje det med sju slag ein gammal tradisjon, men eg veit at det er slik somme stader i landet. Vi har aldri praktisert denne «regelen». Vi bakar det vi sjølve vil ha, og så mykje vi vil ha, seier Maria. Også i Polen feirar ein jul på julaftan, men det er likevel ein del forskjellar frå den norske julafeiringa. Medan nordmenn pyntar juletreet og legg gåvene ved juletrefoten vesle julaftan, blir treet pynta og gåvene lagt under på sjølve julaftan i Polen.
– Tradisjonen er slik, men vi i vår familie har ofte pynta det lenge før, gjerne veka før. Vi er ikkje heilt regelbundne, seier Maria og smiler. I Norge ventar ein gjerne til kyrkjeklokkene har ringt jula inn med å ete julemiddag, medan ein i Polen har ein litt annan måte å bestemme tidspunktet på. – Når den fyrste stjerna kikar fram på nattehimmelen, då kan vi gå i gang med å ete. Før dette igjen skal dei eldste i familien, gjerne besteforeldra, dele ut oblat (som under nattverd) til resten av familien. Dette for å vise respekt.
Store forskjellar i matvegen
På julaftan har ei polsk familie etter tradisjonen 12 ulike matrettar på bordet, ein for kvar månad i året, eller ein for kvar apostel. – Det er ein fin tradisjon, men i vår familie lagar vi ikkje så mange. Vi lagar det vi likar best, og det tykkjer vi er heilt greitt. Medan nordmenn meskar seg med ribbe, torsk, pinnekjøtt eller kalkun, er det berre ein av desse matrettane som hadde vore godkjent i Polen. – På julaftan et vi ikkje kjøt. Rettar som er ganske vanlege under julemiddagen er pirog (brød med potet og kål), kål og sopp kokt saman, steikt fisk og Barszcz (suppe av raudbeter). Til dessert eller kaffi får ein gjerne servert Sernik (kake laga med polsk kvitost – litt som ostekake), eplekake, sjokoladekake og valmuefrøkake.
I kyrkja ved midnatt
Etter middagen syng ein tradisjonelle julesongar og opnar gåver. Ved midnatt er det klart for midnattsmesse, ein sentral tradisjon i den katolske trua. – Ein gong i månaden er det polsk messe, anten på Sundgot bedehus eller i Gursken. På julaftan i år får vi ikkje gått i midnattsmesse, fordi presten er i Ålesund. Men, vi ber likevel. Også fyrste juledag går vi i kyrkja. Ho fortel at jula mest av alt er ei stor familiehøgtid. – For oss er det aller viktigast å halde seg i heimen, saman med familien, desse fine dagane i jula, seier Maria Knap til slutt.
Trivast godt i Haddal: I 2011 fekk Mariusz Knap familien sin til Norge. Kona Maria og dei to sønene Kacper (6), (t.v.) og Szym som tolk og assistent ved Ulstein skule, og Mariusz som produksjonsmedarbeidar på Kleven Verft. Sønene går i barnehage o
Her vil vi bu, og her vil vi leve. Maria og Mariusz Knap
Glade jul: Familien på fire er veldig glade i julehøgtida, og gler seg til å feire si tredje jul heime i Haddal. I fjor feira familien Knap jula med familien i Polen.
Pirogi: Bakverket pirogi, eller dumplings, som i dette tilfellet er fylt med potet og kål, er tradisjonell mat under julemiddagen i Polen.
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 15
ddal
FLYTTE-
SALG! ÷
50 70%
PÅ HEILE BUTIKKEN!
mon (4) har funne seg godt til rette i Haddal, saman med ektemann og pappa Mariusz. Maria jobbar og på barneskulen i bygda. – Her vil vi bu og her vil vi leve, seier Maria. FOTO: OLE-OTTAR K. HØGSTAVOLL.
Dressar, skjortar, sko og kjolar
- 25%
• Kraner (O s, H s G oh • SåpediSpenSarar • HandduKar • OppHenGSSeriar • duranceprOduKt • VaSKemiddel • BaderOmStepper • VarmeFlaSKer
og F
)
...og mykje, mykje meir!
Comfortbutikken i sentrum
s
op : u ønd 12 - 17 pnin id i d mb på vå fb- id .
Tlf. 70 01 25 90 - mail: ulsteinvik@comfort.as Besøk oss på www.rservice.no
16 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Kjekt på kurs: Svigerinnene Gunn Igesund (t.v.) og Anita Øyehol hadde det morosamt medan dei knadde flatbrøddeiga.
Leivar: Deiga skal delast opp i 40 leivar, kaker. Medan dei ventar på å bli baka ut, er det lurt å legge eit fuktig handkle over leivane, som kvar skal vere på ca. 90 gram.
I lufta: Wenche Mork demonstrerer korleis ho løftar det utbaka flatbrødet over på steikepinnen og vidare til takka. - Eg Kleven Rasmussen og Turid Frøystad Leknesund, som studerer teknikken.
Ny takke: Jorunn Bergseth stilte med heilt ny takke. Somme kom med takker dei hadde arva etter både mødre, bestemødre og svigermødre.
Ny generasjon brukar kj Ni kvinner, utstyrte med ruta kjevler, takker og steikepinne, har gått på kurs i Ulsteinvik for å lære seg å bake flatbrød.
•
Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Frisøren Wenche Mork er av det driftige slaget. I 15 år har ho i tida før jul baka flatbrød etter oppskrifta til Inga Haddal, bestemor til mannen hennar. Sidan ho også er av det generøse slaget, sa ho ja til å halde kurs i
flatbrødbaking for venninner og venninners venner. Lokalitetane kunne ikkje ha vore betre: I Bakargarden i Kyrkjegata var det god plass til både utbaking av leivar og medbrakte takker. Oppskrifta etter Inga Haddal: 1 kg grovkveite 1,5 l kokande vatn
(Dette skal svelle i ca. 30-40 minutt) Deretter skal dette knaast inn i deiga: 1/2 kg havremjøl 1/2 kg kveitemjøl 2 ts. salt. Oppskrifta gir om lag 40 leivar. – Eg brukar å vege emna. Dei
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 17
Tøffe tak: Å kna deiga med handemakta er hardt arbeid. – Det kjennest herleg, kommenterer Turid Frøystad Leknesund.
I lange drag: Wenche Mork demonstrerer utbaking av flatbrødleivane. Det skal skje i lange drag. Kjevl heilt ut, frå side til side.
brukar å daske litt bort i det med handa, slik at mjølet skal falle av før eg har det over på takka, forklarer Mork til Sissel
Fin produksjon: Alle deltakarane fekk med seg 16 flatbrød heim. Frå v.: Anita Øyehol, Sissel Kleven Rasmussen, Jorunn Bergseth, Kristin Hareide, Gunn Igesund og Jartrud Nykrem. Wenche Mork fremst.
jevlet til flatbrødbaking bør vere på ca. 90 gram kvar, fortel Wenche. Ho demonstrerer korleis ho formar kvart emne til flate kaker, og slengjer dei opp i ein stor bolle etter kvart. Over bollen har ho eit fuktig handkle, slik at emna ikkje skal tørke inn. Når alle emna er forma, be-
gynner jobben med å kjevle dei ut. – Eg brukar berre havremjøl til å bake ut med. Sammalt havremjøl frå Mylnå. Det går med om lag 1/2 kg til 40 leivar, tipsar Wenche. Ho har fått Astor Not– øy til å sy runde bakeunderlag til seg. På underlaget blir det lagt havremjøl som ho gnikar
inn i leiven. Så startar utbakinga. Kjevlinga skal skje i lange drag. Heilt ut, frå ende til ende. Kvinnene på kurset fekk dreisen på utbakinga etter kvart. Dei runde leivane vart løfta over på steikepinnen og til ein omgang på takka. Berre den første gongen skulle det vere smør på takka. Det kan
vere ein liten kunst å finne ut kva som er rett temperatur, men etter å ha svidd nokre flatbrød gjekk også steikinga fint. No ligg det heimebaka flatbrød i skuffar og skap heime hos kvinnene. Ein ny generasjon har lært seg å bake flatbrød.
18 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Førjulstid på kino Gode filmar høyrer jula til. Denne førjulstida kan Sjøborg kino by på både fantasi og spaning.
The Christmas Candle Premiere 28. november
Stemningsfullt: Julenattineen er for mange ein stemningsfylt inngang til julehøgtida, men adventstida har også mange andre kulturelle godbitar å by på. FOTO: GUNNAR WIIK
Mykje godt i vente Det lakkar mot jul. I Ulstein er denne glade førjulstid full av arrangement som kan vere med å korte ned ventetida.
• Jorulf Myrene
jorulf@vikebladet.no Førstkommande helg er det tenning av julegraner rundt om i fleire bygdelag. Ulstein og Skeide tjuvstartar med grantenning allereie fredag. Det skjer ved skulen der det vert både program og sal av mat. I Ulsteinvik vert det julegrantenning førstkommande laurdag, 29. november. Det skjer nærare bestemt på Rådhusplassen der den store grana vil vere pynta med flotte lyslenker. Det vert fleire kulturinnslag i samband med julegrantenninga. Musikklaget Ulf er med og det same er born frå Ulstein kulturskule. Sokneprest Margit Lovise Holte vil dele eit ord med oss, deretter vert det gang rundt treet. Det vert også servert både gløgg og peparkaker.
Hasund og Dimnøy skulekorps inviterer til adventsfest og julegrantenning på Hasund Bygdahus søndag 30. november. Her vert det korpsmusikk, andakt, søndagsskulen deltek og det vert sal av kaffi og kaker. I Eiksund vert det også julegrantenning søndag ettermiddag. Det same vert det i Haddal, der Haddal musikkorps syter for å setje folk i julestemning. Ulstein Kulturskule har travle tider før jul. Torsdag 4. desember vert det ein stor og variert konsert i kyrkja. Veka etter vert det ikkje mindre enn tre elevkonsertar, To av desse vert i Reiten-salen 11. og 12. desember og ein konsert vert på Hasund skule den 11. desember. Dersom du er glad i julekonsertar – og kven er vel ikkje det? – teiknar neste helg, 5.–7. desember til å kunne verte ein aldri så liten orgie i så måte. Fredag 5. desember kjem Anita Skorgan til Sjøborg med si framsyning. Her dannar Charles Dickens si «A Christmas Carol» ramma rundt julekonserten. Aktørane lovar ein akustisk, intim og varm julekonsert der det er lagt vekt på det vakre og meiningsberande julesongrepertoaret vårt.
Laurdag 6. desember vitjar koret Mosaic Ulstein kyrkje saman med den svenske musikaren Bengt Johanson. Dei vitjar for tida utvalde stader i Noreg og Sverige med sin juleturné, mellom desse altså Ulsteinvik. Her vert også Gospelkoret med som lokal aktør. Helga vert runda av på Sjøborg med Ulstein Storband som har fått med seg ein heil gjeng med lokale songsolistar. Aina Baade Hasund, Margit Lovise Holte, Mari Ann Vattøy, Tomas Håndlykken, Marte Hallingstad Barstad og Kaja Rohde, Even Sævik og Ann Cesilie Skundberg vert med saman med storbandet og syter for at dette vert ein konsert med både svingande rytmar og rolege julesongar. Om kvelden søndag 14. desember er det tid for den tradisjonsrike «Vi syng jula inn» i Ulstein kyrkje der vaksenkora i kommunen får presentere julerepertoaret sitt. Og inga førjulstid utan Julenattiné. Det vert som vanleg to framsyningar 22. desember. I år kan nattinéen mellom anna by på ei blåsargruppe som nok kjem til å ta julemusikken til nye høgder. Billettsalet startar 1. desember!
Langt ute på den engelske landsbygda ligg den sjarmerande landsbyen Gladbury. Legenda fortel at det i fleire hundre år har kome ein engel på besøk til den lokale lysmakaren kvar 25. jul og rørt ved eitt av lysa hans. Den personen i landsbyen som får dette lyset, kjem til å oppleve eit mirakel på sjølvaste julekvelden. Men i 1890, i det den elektriske tidsalderen gjer sitt inntog, står trua på denne gamle legenda i fare for å forsvinne. Når David Richmond (Hans Matheson), ein handlekraftig ung prest kjem til bygda, oppdagar innbyggjarane i landsbyen ein ny form for mirakel: Vennlegheit og gode gjerningar. Medan David står på for å modernisere Gladbury, og slik kjem i konflikt med den gamle lysmakaren, finn han litt overraskande ein alliert i den skeptiske Emily Barstow (Samantha Barks). No må lysmakaren kjempe for å føre vidare legenda om julelyset i Gladbury. Men når det eine, spesielle julelyset blir borte ved eit uhell, kolliderer det menneskelege og mirakuløse i den mest oppsiktsvekkjande jula landsbyen Gladbury har opplevd.
Fasandreperne
Premiere 28. november Eit tvillingpar blir brutalt myrda i eit sommarhus. Alle spor peiker mot ei gruppe rikmannsbarn frå ein nærliggjande kostskule, men saka vert lukka då ein lokal outsider tilstår ugjerninga 20 år seinare tek politietterforskar Carl Mørck og hans assistent Assad oppatt saka, og dei innser raskt at noko er frykteleg gale. Snart er dei midt i ei intens jakt på ei jente som har vore forsvunne sidan morda fann stad. Men Carl og Assad er ikkje dei einaste som leiter etter ho. Ei gruppe mektige og innflytelsesrike menn er villige til å gjere kva som helst for å forhindre fortida i å innhente dei. ‹Fasandreperne› er basert på Jussi Adler-Olsens roman med same namn.
Hobbiten: Femhærerslaget Premiere 11. desember
Den tredje og avsluttande filmen i Hobbiten-trilogien, bygt på den verdskjende historia frå Ringenes Herreforfattaren J.R.R. Tolkien. Den siste filmen i trilogien, Femhærerslaget, er den episke avslutninga av eventyret om Bilbo Lommelun, Thorin Eikenskjold og reisefølgjet av dvergar. Ved å krevje tilbake heimlandet frå draken Smaug, slapp dei ei dødeleg og frykteleg kraft ut i verda. Ein rasande Smaug let sinnet gå utover dei uskuldige innbyggjarane I Langsjøby. Oppteken av den gjenkrevde skatten ofrar Thorin vennskap og ære for å famne mest muleg av den. Bilbo må ta farlege og desperate val når han prøver å snakke Thorin til vett, men den største faren ligg framføre dei. Ukjent for alle, bortsett frå trollmannen Gandalv den Grå, har fienden Sauron sendt en armé av orkar i eit snikangrep på Ensomfjellet. Bilbo kjempar både for sitt eige og venene sine liv i det episke Femhærerslaget – Midgards skjebne kvilar på skuldrene deira. K.B.
MAGISK FĂ&#x2DC;RJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 19
Frukt pĂĽ jobben? GĂĽvekorg til jul?
Snikkaravdeling
â&#x20AC;˘ Postkassestativ â&#x20AC;˘ Kompostbingar â&#x20AC;˘ Rastebord/ hagemøblar â&#x20AC;˘ Varmepumpehus â&#x20AC;˘ ÂŤAlleÂť oppdrag pĂĽ førespurnad
www.ulshav.no
bestilling@ulshav.no 70 01 82 53/990 84 205
! s p i t e Jul
?EHMM> IKH=NDM MBE AN= AÂ?K
Juletips! - flotte produkt til hud&hĂĽr
Leverer i Herøy, Hareid, Ulstein, Sande, Ă&#x2DC;rsta og Volda.
www.Ulshav.no Ring: 990 84 205 Mail: bestilling@ulshav.no
Juniperus
SALG!
1/2
priS
-D la ta a a f kt t l y t ĂĽ t a a. D l ka og ĂĽ vĂĽ t kl ma. V ha to t tval flott j l y t, og mĂĽ ly l k m d batt om ka b k ĂĽ d t m t :)
pü gd SølvSmykker f ü
Velkomen!
g
=bgZ
Mhgc^
FZkbZgg^
-
p
D .S
180,t a l 1 300,t a l y t 2 ta
-s
s
p
;cĂ&#x17D;kg]Zeo^`^g *,% Nelm^bgobd M3 2.) *1 0,, ;^lĂ&#x17D;d hll `c^kg^ iÂŹ
Ă b
Tlf 70 01 06 14 â&#x20AC;˘ 6065 Ulsteinvik ringstad.blomster@interflora.no
á20% -20% Diamantar
pĂĽ alle varer Gjeld bylaurdag 29. nov.
pĂĽ
g
Fleire variantar, sjĂĽ nettsida vĂĽr: www.bildeverden.no
BYLAURDAG 29. NOV:
Bestill innramming denne dagen, fĂĽ 20% i rabatt!
-
p
SjĂĽ ĂĽ
u
bu
-
h
g
ĂĽ !
ULSTEINVIK â&#x20AC;˘ TLF. 700 100 43 www.pfwaage.no
Innramming - Glass - Speil - Foto - Kunst Bjørndalsvegen 3 B Ulsteinvik Alt pü ein stad - Tlf.: 99 23 80 88 Bestilling av bilder pü nett: www.bildeverden.no Rammebransjeforbundet i Norge
god u
Convexbygget, 6065 Ulsteinvik â&#x20AC;˘ Tlf: 70 01 02 14
Man-Fre 10-17 â&#x20AC;˘ Tor 10-18 â&#x20AC;˘ Laurdag 10-15 â&#x20AC;˘ Følg oss pĂĽ
20 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
vi
nte
r/vå
r
20 5
s!
1
l vi g er os
årets JULegåVe!
Det du trenger til festen! – klær og tilbehør frå 0 - 16 år
NyttårskoNsert ULF/HDU L u d 10. j nu kristiaN VaLeN - «Frå HiLLeVåg tiL HoLLywooD» t d 5. f b u HoNNiNgsVågreVyeN t d 12. f b u NorDic teNors L u d 14. f b u JarLe BerNHoFt t d 26. f b u oPeraBaNkett L u d 14. m stUrLa Berg JoHaNseN - «HVa Ler DU aV?» t d 9. p l gåVekort og BiLLettar: . j b .n s v
Bjørndalsvegen 15 B - Tlf. 70 33 28 19
0(*$7$ 7(55$66(
%R JRGW L VHQWUXPVQ UH OHLOLJKHWHU Sn +DUHLG
r dhu
t.org
Hareid Rør Eiendom AS TLF. : 70 09 26 90 - 6060 HAREID
6NDS GHJ HW JRGW KYHUGDJVOLY L 0HJDWD 7HUUDVVH NRQWDNW RVV IRU SULYDW YLVQLQJ
,QQIO\WWLQJVNODUH RJ DWWUDNWLYH OHLOLJKHWHU PHG URPVOLJ EDONRQJ RJ IMRUGXWVLNW • Kun 4 ledige leiligheter - 1.01, 1.03, 1.05 & 2.05 • Gjennomgående leiligheter med lyst og tiltalende interiør • 1 eller 3 soverom + separat vaskerom .81 ,*-(1 FD Pð RJ FD Pð YHOJ PHOORP HOOHU
VRYHURP
Christine Marstein Cesilie Nedrelid |
| Jurist/megler MNEF | Tlf.: 99 70 16 17 | christine.marstein@moremegling.no
Eiendomsmegler MNEF | Tlf.: 95 48 46 75 | cesilie.nedrelid@moremegling.no
• Romslig og privat balkong i alle leiligheter • Skjermet bakhage felles for sameiet • Heis i bygget • Mulig kjøp av garasjeplass kr. 150.000,• Leilighetene er nøkkelferdige og klare til overtakelse - flytt rett inn! Bra: ca. 57m² til ca. 107m² Pris: fra ca. kr. 1.984.000,-
tomteverdi + ca. kr.1.249,-
Tomt: ca. 2.870 m² (felles)
til kr. 3.591.000,-
Felleskostnader: ca. kr. 25,-
Byggeår: 2013
Omkostn: ca. 2,5% av andel
pr m² + vannbåren varme
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 21
4
2
1
JULE-
GLEDER
3
kvalitet & design
6
10
7
5
5
11
8
9
12
1. NyTT. U bania sto t l shus f å Kahle . K 499,-. 2. NyTT. Bonbonnie f å Lucie Kaas. K 489,-. 3. p aktiske eikefjøle til bo ekkin , se ve in etc. Flei e va ianta o stø elsa . Natu , olja elle ø kt eik, e antibakt iell o ei na se e fo o t til mat. raum estalt. F å k 149,-. 4. Ny. Alves eil hjo t f å Wiik & walsøe, be ensa antal. K 895,-. 5. L shus i « ull» f å Jette F ølich. m/ late k 378,-. 5. decembe tails f å geo Jensen. K 169,-. 6. TILBOd. Elli se l sestaka f å geo Jensen. Sett me t e stk. Fø k 1 449,- NO k 1 199,-. 7. Stje ne iflet jul f å ro al Co enha en. Asjett 22 cm: Fø 259,- NO 199,- dju talle ken 24 cm: Fø 339,- NO 269,-. 8. Lace f å We ewoo . -30% å utvalte ela . 9. pov l sestake til ve . Flei e fa a i butikk. Ko a fa e k 379,-. 10. NyTT. L sestaka , jule nt i ko a , sølv, messin o sølv lett. iseks., akke me 3 stje ne k 395,-. F å Th. Ma tinsen. 11. To un a m in a f å geo Jensen. Flei e va ianta , ull, sølv, iamanta . F å k 2 595,-. 12. dIAMANTAr. denne in en e f å eksklusive rivoi . Vi ha iamanta i alle isklasse , kom innom o sjå vå t utval.
esi nfo evi .no
www.pfwaage.no
8
#pfwaage
Sjø ata 23, 6065 ULSTEINVIK, Tlf.: 70 01 00 43 OpNINgSTIdEr: Man a & F e a 10 – 17. To s a 10- 18. Lau a 10 – 16.
22 TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 MAGISK FØRJULSTID
Nye Ulsteinhallen: Vi ser hallen til høgre i biletet med tak som dannar eit overbygg over tribunene til det nye stadionanlegget til Hødd Fotball. Vi skimtar også så vidt Ulstein vidaregåande skule som skal leige klasserom pg gymnastikksal i Ulsteinhallen. FOTO: JOAR ØDEGÅRD/HIMMELHØGT
Snart opnar Ulsteinhallen – Eg trur knappast det har vore ei så rask utbygging i Norge før, seier Arve Hatløy. I løpet av desember vil hallen vere klar til bruk.
• Anne Gry Eilertsen
tel Arve Hatløy, leiar for sportsleg utval i Dimna IL.
Den nye Ulsteinhallen ligg som plomma i egget, midt mellom Ulstein vidaregåande skule og Høddvoll stadion – og ei slik plassering har ført til eit fruktbart samarbeid. Kimen til den nye hallen vart sådd under eit friidrettsstemne i Ranheimhallen i 2011. Leiinga i Dimna IL kom i tankar om at ein slik hall kunne dei tenkje seg å ha i Ulsteinvik også. Dermed reiste dei heim og jobba i det stille utover våren.
Hødd og fylkeskommunen
anne.gry@vikebladet.no
– Vi fekk fram skisser som vi presenterte for Ulstein kommune hausten 2011. Då hadde vi alt sondert med Ulstein vidaregåande skule og Møre og Romsdal fylkeskommune om kor vidt dei hadde behov for meir plass, for-
Svaret var at skulen hadde behov for både klasserom og betre kroppsøvingsfasilitetar. Dermed vart det opna for å leige ut hallen på dagtid til fylkeskommunen. Same sommaren kom Hødd og spurde om dei kunne få henge seg på byggelasset. Dermed vart planane ein del endra. Det vart integrert ein moderne fotballstadion, med garderober etter fotballen sine krav – og taket på Ulsteinhallen vart forlenga til tribunetak. I utgangspunktet såg ikkje Dimna IL føre seg at Ulstein kommune hadde økonomi til å stå som byggherre. Men kommunestyret var begeistra for samarbeidsplanene, og i sep-
tember 2011 vart det gjort vedtak om bygging, med Ulstein kommune som byggherre. Då starta detaljplanlegginga. Hausten 2012 tok grunnarbeidet til, og våren 2013 starta bygginga for fullt. – Høddvoll Stadion og Ulsteinhallen er to ulike prosjekt, men er integrerte i kvarandre, og det har gjort bygginga rimelegare. Det vart applaudert i kulturdepartementet då vi presenterte planane, seier Arve Hatløy.
Seks løpebaner
Den nye Ulsteinhallen blir på mange måtar makelaus. Bana rundt får seks løpebaner, noko som berre to andre hallar i Norge har, Steinkjer og Bærum. Dei andre har fire baner. – Hallane med seks løpebaner vil få eit stort fortrinn når det skal søkjast om å få arrangere
norske meisterskap, fortel Arve Hatløy. Den første større meisterskapen i Ulsteinhallen blir NM for ungdom 15-22 år 6. til 8. mars neste år.
Fleire aktive
Hatløy er overtydd om at Dimna IL vil merke auka rekruttering når den nye Ulsteinhallen opnar. – Vi får alt no nye aktive på nesten kvar trening. Den eldste gruppa vår på 14 år og oppover har lege på om lag 25 aktive. No er vi oppe i 40. Dei yngre klassene har hatt store grupper i fleire år. Her har Dimna IL vore litt forsiktige med rekrutteringa, fordi dei hittil har gjennomført all trening ute. Totalt er det no om lag 150 aktive. – Det viktigaste for oss er å gi dei som trenar friidrett eit godt
tilbod, og det får dei når Ulsteinhallen opnar. Hittil har vi konsentrert oss mest om løping, men i hallen vil det bli tilbod om trening også i kast, slegge, diskos, kule og spyd. Vi har ein trenarstab 17, og seks av trenarane våre har nettopp vore på trenarseminar, fortel Arve Hatløy.
Betre treningsforhold for alle
Men han understrekar at Ulsteinhallen ikkje blir eit pré berre for friidretten. Også innandørsaktivitetar som handball, basketball og RG vil få mykje betre treningsvilkår. Heile indre bane vil bli innegjerda med nett på kveldstid, slik at friidretten kan trene på utsida av gjerdet. Dermed vil hallen få stor kapasitet på kveldstid.
MAGISK FØRJULSTID TORSDAG 27. NOVEMBER 2014 23
Blå løpebane: Sportsleg leiar Arve Hatløy i Dimna IL framfor baneanlegget i Ulsteinhallen. Det får seks løpebaner og blått dekke i Hødd sine fargar.
Ulsteinhallen • Opnar i desember 2014. • Byggherre: Ulstein kommune i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Dimna Idrettslag og Hødd Fotball. • Hallen er kostnadsrekna til 95 mill. kroner, inkludert klasserom, garderobe, styrkerom og dansesal til Ulstein vidaregåande skule. • Stadion: ca. 50 mill. kroner, inkludert tribunetak.
ĞŶŝŶ Ğƌ Ğŝƚ Ăǀ ǀĞƌĚĂƐ ĨĂƚƚŝŐĂƐƚĞ ůĂŶĚ͘ DĂŶŐĞ Ğƌ ĂŶĂůĨĂďĞƚĂƌ͘ ĂƌŶĂ ďůŝƌ ŶLJƚƚĂ ƐŽŵ ĂƌďĞŝĚƐŬƌĂĨƚ ĨƌĊ ƚŝĚůĞŐ ĂůĚĞƌ͕ ŽŐ ůĞǀ ŝ ĚũƵƉ ĨĂƚƚŝŐĚŽŵ͘ Ğƚ Ğƌ ŵĂŶŐĞ Ŭŵ Ċ ŐĊ ŬǀĂƌ ĚĂŐ ĞƚƚĞƌ ƌĞŝŶƚ ǀĂƚŶ͘ ĞŶŝŶͲ ^ƚŝĨƚĞůƐĞŶ ŚĂƌ ƐŬƵůĞ ŝ ůĂŶĚƐďLJĞŶ ŵĂǀĞĚĂŐŽŶ ŝ ĞŶŝŶ͕ ŵĞĚ ƉůĂƐƐ ƚŝů ϭϲϬ ĞůĞǀĂƌ ^ƚŝĨƚĞůƐĞŶƐ ƐƚƌĂƚĞŐŝ ŝ ƐŬƵůĞŶ͕ ĨƆůŐĞƌ ,ĂŶƐ EŝĞůƐĞŶ ,ĂƵŐĞ ƐŝŶ ĨŝůŽƐŽĨŝ ŽŐ ĞƚŝŬŬ
Ͳ ,ĞŝůĞ ŵĞŶŶĞƐŬĞƚƐ ďĞŚŽǀ ŵĊ ĚĞŬŬĂƐƚ͕ ŽŐ ŬƵŶŶƐŬĂƉ Ğƌ ŵĞĚ ƉĊ Ċ ĨƌŝŐũĞƌĞ ŵĞŶŶĞƐŬĞ͘
^ƚŝĨƚĞůƐĞŶƐ ŶĞƐƚĞ ƉƌŝŽƌŝƚĞƚ Ğƌ ĞŝŶ ǀĂŶŶďƌƆŶŶ͕ ŽŐ ĚĞƌĞƚƚĞƌ ďLJŐŐĞ ůčƌĂƌďŽůŝŐĂƌ ƚŝůŬŶLJƚƚĂ ƐŬƵůĞŶ͘ DĊůĞƚ ĨŽƌ ƐƚŝĨƚĞůƐĞŶ ƉĊ ƐŝŬƚ͕ Ğƌ Ċ ƵƚǀŝŬůĞ ŽŵƌĊĚĞƚ ƌƵŶĚƚ ƐŬƵůĞŶ ƚŝů Ċ ďůŝ ĞŝŶ ƉŝůŽƚůĂŶĚƐďLJ
Den nye butikksjefen Gode tilbod Ann-Charlotte iønskjer heilealle velkomen til desember! F UK BUFFÈ
laurdag 22/11 kl. 10.00 - 13.00 ringdaLmør
29 00 199 90
ringdaL FenaLår
pr kg
bacon i terningar
6
Fast helgetilbud fredag-lørdag fram til jul:
smågodt
LettsaLta brosme
19
H ll
torsk
LettsaLta torsk
Ringdal. 250 g Pr kg 79,60
90
y. F y . 1,5
99
P
00
66,00,
pr kartong
Hillersøy. Skinn og beinfri. Fryst. 1,5 kg Pr kg 106,00 pr kartong
159
90
00
Hillersøy. Fryst. 1,5 kg Pr kg 86,00 pr kartong
129
Coop Mega Ulsteinvik
00
pr hg.