Seriestart 2014

Page 1

SERIESTART 2014

LA

SPELE

T

- Hødd damelag - Hødd junior - Hareid - Hasundgot - Haddal - Hareid 2/Hjørungavåg - Bergsøy - Larsnes/Gursken FK - Åram/Vanylvskameratane - Tjørvåg

TA

FLEIRE REPORTASJAR FRÅ HØDD A-LAG SIN TRENINGSLEIR I SPANIA BLI BETRE KJENT MED SPELARANE OG LEIARANE VI PRESENTERER OGSÅ: ! L I T


2

SERIESTART 2014

God støtte: Hødd har både eit godt støtteapparat og god støtte frå tribunen. Her frå ein showkamp under treningsleiren på La Manga tidlegare i mars. Støtteapparatet bak: André Nevstad (sportssjef og dagleg leiar), Sindre Eid (hovudtrenar), Ronny Osnes (keepertrenar), Manu Torres (hjelpetrenar og fysisk trenar), Steinar Lein (hjelpetrenar og spelarutviklar), Neil Le Clercq (lagleiar). Blåsarane framme: John Pedersen, Gro Anita Nordhaug, Hanne Notøy, Guttorm Remøy Vartdal, Edgar Fjelle, Robert Ulfstein, Vidar Hauge + Håvard Hetland frå Jæren.

Hødd har festa grepet i første divisjon SERIESTART 2014 TEKST: Einar Orten Trovåg Ole-Ottar Høgstavoll PRESENTASJON: Jorulf Myrene UTGJEVAR: Vikebladet Vestposten Sjøgata 29 6065 Ulsteinvik TRYKK: Polaris -Trykk Ålesund Distribuert til alle husstandar i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven, samt til Møre-Nytt sine lesarar.

(La Manga): Det kan vere freistande å snakke om den vanskelege fjerdesesongen. Men mykje tyder på at Hødd no har stabilisert seg i 1.-divisjon.

spennande av dei alle. Her er det ingen lag som ikkje kjempar om eitt eller anna. Så morosamt og hektisk blir det heilt garantert.

Etter den gode comebacksesongen i 2011 snakka vi om den vanskelege andresesongen i 2012. Og slik vart det – i serien. Som mange av oss hugsar gjekk Hødd hen og vann cupen det året. Sjølvtilliten tok dei med seg vidare inn i 2013-sesongen. Hødd hadde utur i siste runde, men elles mykje flyt – og enda opp med ein flott tredjeplass. I år spelar Hødd i 1.-divisjon for fjerde år på rad. Eg føler meg trygg på at dei, trass i at laget igjen har mista sentrale spelarar, skal klare å ro i land ei ny god plassering. Opprykk blir å forlange for mykje. Samtidig er laget altfor godt til å rykkje ned. Om Hødd hamnar på ein kvalifiseringsplass (3 6) skal vi seie oss bra nøgde. Men denne divisjonen er den aller mest tette og

Om Hødd hamnar på ein kvalifiseringsplass skal vi seie oss bra nøgde. Dette er fjerde året på rad Vikebladet Vestposten gir ut seriestartmagasin. Underteikna har vore med på alle, og vil tru dette magasinet ikkje står tilbake for nokon av dei føregåande. I år valde vi å vere med Hødd på pre-season-camp til La Manga. Der har vi laga fleire reportasjar du les i dette magasinet.

Vi og eg synest også det er viktig å skrive om andre lag i vårt dekningsområde. Sjølv om det er litt tidleg i leiken for laga frå 2. til 6.-divisjon har vi også presentert dei. Nytt av året er at vi også har tatt med Bergsøy, LGFK, Åram/Van. kam. og Tjørvåg – til glede for våre lesarar sør og vest for Hareidlandet. Sjølv kunne eg aldri klart med meg å følgje anten toppfotballen eller breiddefotballen. Ein kombinasjon er midt i blinken. Det blir fort ein torsdag på Godøya i 4.-divisjon, ein Tippeliga-kamp på Aker stadion fredagen, 6.-divisjon på Hareid eller Kvamsøy laurdag – og til slutt Hødd-kamp søndag klokka 18.00. Då har eg hatt ei hektisk og artig helg som journalist, lagleiar, trenar og spelar. Så uansett om du likar å spele fotball eller trivest best med å sjå på: Lykke til med sesongen 2014!

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no


torsdag 27. mars 2014 3

NY HJELPETRENAR PÅ PLASS:

Kan sjå på klubben med nye auge LA MANGA: Sidan Sindre Eid har vore lenge i Hødd-systemet meinte han det var viktig med ein ekstern hjelpetrenar.

– Vi har jo mykje god kompetanse internt også. Men sidan eg vart hovudtrenar meiner eg det var viktig med ein hjelpetrenar som kom inn og såg klubben med nye auge. Steinar sitt namn dukka opp med éin gong eg vart tilsett, forklarer Sindre Eid når vi møter han og Steinar Lein til eit trenarmøte på La Manga. Tidleg i januar vart Sindre presentert som ny hovudtrenar, men ikkje før midten av februar var Steinar på plass i Ulsteinvik. Det var fordi han måtte søke permisjon frå lærarjobben sin i Haugesund, ein prosess som tok tid.

– Veldig amatørmessig

For mange som følgjer Hødd er Steinar ganske ukjend. Men han har ein sterk fotball-CV å vise til. På 90-talet spelte han for Rosenborg. Så gjekk trønderen til FK Haugesund og deretter Vard Haugesund. Først som spelar, så spelande trenar og deretter trenar. Vard heldt til i 2.-divisjon, men i 2012 lykkast dei i å rykkje opp til 1.-divisjon. Åtte rundar ut i 2013-sesongen fekk Steinar Lein overraskande fyken. – Då hadde eg vore i Vard i ti år. Eg og familien brukte all tida vår på klubben. Eg jobba jo i tillegg 100 % som lærar. Vard sleit heile tida med at spelarar forsvann til Tippeligaen eller reiste vekk for å studere. I 2012 hadde vi endeleg klart å få eit lag som var gode nok til opprykk, og det med avgrensa økonomiske midlar. Etter åtte kampar, utan forvarsel, fekk eg beskjed om å slutte. Det synest eg var veldig amatørmessig, seier Steinar.

– Ein roleg kar

Han gjekk utan trenarjobb resten av 2013-sesongen. Så kom telefonen frå Hødd. – Vi vart først kjende då Sindre spelte ein kort periode i FK Haugesund i 2000. Så trefte vi kvarandre litt no og då før vi møtte kvarandre på UEFA A-lisens-kurset i fjor, forklarer Steinar.

Saman igjen: Sindre Eid og Steinar Lein vart først kjende då begge spelte i FK Haugesund for 14 år sidan. I år skal dei leie Hødd saman i 1.-divisjon. – Steinar er ein roleg kar, medan eg er meir spontan. Men begge hatar å tape, smiler Sindre.

– Steinar er ein fin og lojal type som er veldig grei å samarbeide med. Han er både flink til å sjå enkeltspelarar og å sjå heile spelet. Steinar er eigentleg ein roleg kar, i motsetning til meg, som kan vere ganske spontan. Men som meg hatar han å tape. Vi tenkjer ganske likt om fotball, men det er også viktig å få opp diskusjonar om forskjellige ting for å kome seg framover, seier Sindre. Og legg til at han tru på eit trenarteam med mykje forskjellig kompetanse. Også Ronny Osnes, Manu Torres og

Frode Gjerde er med i teamet rundt a-laget.

Meir spelande fotball

Mange er spente på korleis Hødd vil gjere det i år. Fjorårssesongen vart ein opptur med tredjeplass i 1.-divisjon. Sindre Eid synest det er vanskeleg å vurdere sjansane i år. Mykje kan tyde på at det blir fleire gode lag i 1.-divisjon i år enn i fjor. Men ein kvalifiseringsplass kan verke som ei fornuftig målsetjing. Kva så med spelestilen? – Fleire utskiftingar i laget dei siste par åra gjorde det vanskeleg å spele inn nye offensive

relasjonar til ei kvar tid. Vi har jobba mykje med dette i vinter. Som dei fleste andre ønskjer vi jo å bruke ein spelande spelestil, seier Sindre. – Variasjon i spelestilen er viktig. Også for å utvikle spelarar, noko eg brenn veldig for, supplerer Steinar.

Ein ny kvardag

Som får ein ganske annleis kvardag i Hødd enn den han hadde i Vard Haugesund. Ikkje berre får han bruke mykje meir tid på fotballen. Hødd er også ein mykje meir profesjonell organisasjon.

– I Vard reiste eg ofte på bortekamp med laget åleine – utan assistentar. Det var også ein av grunnane til at eg synest jobben i Hødd verka spennande – at eg får vere ein del av eit team. No får eg god tid til å jobbe med spelarutvikling. I tillegg til fellestreningane skal eg bidra på morgontreningane og etter kvart også på fotballtreningane til den vidaregåande skulen, fortel Steinar.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no


4 SERIESTART 2014

Aurs blir veran

LA MANGA: Han blir berre betre og betre. Men enn så lenge kan Hødd-fansen ta det med ro. Fredrik Aursnes (18) har ingen planar om klubbskifte.

Etter cupgullet i 2012 var det ein del interesse rundt «Aurs». I seriestartmagasinet i fjor skreiv vi at både Molde og franske Valenciennes ville ha hareidsdølen over på prøvespel. - Så kven kva klubbar har vist interesse for deg etter sist vi snakka om dette, Fredrik? - Ingen. - Er ikkje det litt overraskande? Du var jo endå betre i 2013 enn året før? - Det har eg i grunnen ikkje tenkt noko på. Eg spelar i Hødd fordi eg har lyst til å spele i Hødd. Å skifte klubb har ikkje vore i tankane mine så langt. Eg har kontrakt med Hødd ut 2015 og har i utgangspunktet tenkt å fullføre den. Men du veit, å planlegge to år fram i tid er lenge, seier Fredrik over stovebordet i ei leilegheit på La Manga.

Eg vil score fleire mål Fredrik Aursnes Midtbane

Skule og jobb

Men litt har Fredrik planlagt. Til våren skal han fullføre idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule. Mange idrettsprofilar år trøbbel med å gå på skule i tillegg, men Fredrik seier han står i alle fag utan problem. Og etter vidaregåande vil han ta seg eit år med både fotball og jobb. - Eg har vurdert å ta meir utdanning til hausten, men eg veit ikkje kva type skule, så då blir det nok eit år med ein eller annan jobb, forklarer Fredrik.

Vil score fleire

Han er truleg ein av dei 18-årige fotballspelarane i Norge med mest rutine. Allereie 14 år og fem månader gammal debuterte han for a-laget til Hareid – med scoring. Vinteren 2012 melde

Hødds diamant: Sjølv om Fredrik Aursnes er ein av dei beste 1995-modellane i landet har det blitt med to U18-landslagskampar. Fredrik seier han ikkje er ute av landslagsbiletet, men då han vart kalla inn til samling på La Manga i vinter kolliderte det med treningsleiren til idrettslinja. han seg inn i Hødd, der han ganske kjapt vart fast på laget. I 2013 var Fredrik ein berebjelke på Hødd. Nokre kåra han til årets spelar. I lokalavisa vart han nummer to på børsen – bak An-

dreas Lie. - Men eg har framleis ein del eg kan bli betre på. Ikkje minst vil eg score fleire mål. Eg hadde vel eitt i 2012 (målet mot Brann som ingen kan gløyme, journ.

anm.) og tre i fjor, eitt av dei i cupen. Eg trur eg må be ynne å skyte oftare… - Sidan Erik Sandal er langtidsskadd år du kanskje ei meir offensiv midtbanerolle i år?

- Det verkar slik. Og det er heilt greitt for meg, smiler Fredrik. Som synest det er vanskeleg å spå kor godt Hødd kan gjere det i år.


torsdag 27. mars 2014 5

de

Kven er best?: Victor og Ruben-Kenneth er begge lystne på å vere fast venstreback på Hødd i år, ein posisjon dei har delt relativt jamt på dei tre siste åra. – Den av oss som til ei kvar tid er i best form må spele, er duoen einige om. – Eg har ei kjensle av at ein av oss blir skadd snart, seier Victor – halvt alvorleg og halvt på spøk.

Den evige kampen om venstrebacken

LA MANGA: Victor Grodås og Ruben-Kenneth Brandal kjempar ein jamn kamp om venstrebackplassen på Hødd – på fjerde året.

– Men ofte har det passa greitt slik at éin av oss til ei kvar tid har vore skadd. No sit vi her begge to skadefrie. Eg har ei kjensle av at ein av oss blir skadd snart, seier Victor – halvt alvorleg og halvt på spøk.

Rullering og skadar

- Det blir jamt. Sjukt jamt. Mange lag har forsterka seg. Det blir veldig tett. Ja, heilt vilt tett.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no

I 2010 var det Oddbjørn Lie som var fast venstreback på Hødd. Han gav seg etter opprykket til 1.-divisjon same år. Samtidig vart Victor Grodås henta inn frå Lillestrøm. Men han vart skadd siste treninga hos kanarifuglane. Ruben-Kenneth Brandal hadde fått prøvd seg litt både i 2009 og 2010. Med Victor skadd tok Ruben-Kenneth godt vare på sjansen. Han kom med på halvårets lag i 2011 etter at både han og Hødd hadde imponert om våren i 1.-divisjonscomebacket. Mot slutten av sesongen var Victor tilbake frå skade, og dei to rullerte på venstrebackplassen. I 2012 vart Victor skadd endå ein gong. Ruben-Kenneth spelte fast på backen heilt til den augustveka Hødd skulle spele NMkvartfinale mot FK Haugesund. Victor spelte godt og heldt på plassen ut seson-

gen. I fjor hadde begge sine skadeperiodar. Victor starta og avslutta sesongen, i tillegg til å vere med ein periode i juni. Elles var det Ruben-Kenneth som spelte.

– Ein jamn kamp

Kva no når begge er skadefrie? – Eg føler ingenting har sett seg enno. Då Sindre (Eid) kom inn sa han at alle starta med blanke ark. No er det kamp om alle plassane på laget, seier Victor. – Og Sindre har jo eitt annleis syn på ting enn Lars Arne Nilsen. Alle vil jo spele, men berre 11 får det. Eg trur det blir ein jamn kamp om venstrebacken, meiner Ruben-Kenneth. Som i oppkøyringa også har prøvd seg litt som ving og indreløpar, medan Victor har blitt lansert som ein back-up til midtstopparane. – Men eg har lite erfaring frå den posisjonen. Inntil vidare trur eg kanskje eg kan spele dei siste 20 minutta av ein kamp som stoppar om eg må, men ikkje noko meir, fortel Victor.

– Spelar sjeldan dårleg

Begge venstrebackane har gjensidig respekt for kvarandre, og er ikkje vanskelege å be når vi ber dei vurdere lagkameraten. – Victor er ein god og smart fotballspelar. Han er sterk i duellspelet og har bra fart. Eg synest også han er flink til å posisjonere seg, seier Ruben-Kenneth. – Ruben har veldig bra nærteknikk. Han

er flink til å passere folk og er kjapp i føtene. Ruben er ein flink førsteforsvarar og er alltid stabilt god. Sjeldan dårleg, meiner Victor. – Og det same gjeld vel deg. Det er sjeldan vi spelar dårleg, supplerer RubenKenneth. Begge er einige om at den av dei som er i best form bør spele. Så langt i år har begge klart seg godt. Sindre Eid og Steinar Lein får ei tøff oppgåve når dei skal ta ut laget. Spesielt når dei (truleg) må vrake anten Victor eller Ruben-Kenneth.

– Tøffare i år

Kva trur så karane om årets Hødd-sesong. Går det an å kopiere eller forbetre tredjeplassen får i fjor? – Det er vanskeleg å seie. Det er fleire gode lag i serien i år enn i fjor. Både Tromsø. Hønefoss og Fredrikstad blir heilt sikkert gode. Så det blir tøffare i år, trur Victor. – Klart det blir tøft. Men vi bør kunne kjempe i det øvre sjiktet. Vi har gode ferdigheiter i laget. Spelarane er unge og svoltne. Vi vil heile tida meir, meir og meir. Dessutan har vi ein god stamme i laget, meiner Ruben-Kenneth. – Men ein gong start er veldig viktig, varslar Victor.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no


6 SERIESTART 2014

31 baklengs ein g LA MANGA: Hødd har aldri sleppt inn så få mål på nivå to som i fjor. Superstopparane Steffen Moltu og Jesper Törnqvist kan ikkje garantere at dei kjem ned mot eitt baklengsmål i snitt per kamp i år.

- Vi må vere så motiverte at vi pushar kvarandre likevel. Og så langt har det gått bra, seier Jesper. Så kan ein jo sjå for seg eit skrekkscenario der den eine av dei blir langtidskadd og den andre år ein lang karantene. Men la oss ikkje tenke på det no.

Skryter av kvarandre

- Kva er dei sterkaste kvalitetane til Jesper, Steffen? - Han er sterk i duellane. Han les spelet godt. Når eg ikkje er der så er han der. Jesper er flink til å kommunisere, og eigentleg jamt bra på det meste. Han har både tempo og er ein bra pasningsspelar. På minussida så er han finsk… neida. - Og omvendt, Jesper? - Steffen er veldig sterk i lufta. Det er ein fordel for meg, som gjerne kunne hatt nokre centimeter til. Han er kjapp langs bakken (i alle fall etter dei første meterane, supplerer Steffen) og trygg med ballen.

Kvar var det eigentleg som gjorde Hødd så solide bakover i fjor? Hadde det ikkje vore for at Hødd måtte i angrep i siste omgang i Mjøndalen i fjor, hadde dei truleg hamna på under eitt baklengsmål i snitt per kamp. Men 31 mål imot på 30 kampar let seg høyre det også. I 2012 var talet 52. - Det handlar om kynisme. Kvar du legg risikoen. I 2012 spelte vi til tider ein for ambisiøs fotball. I fjor spelte vi ein type fotball som gav poeng, sjølv om vi i periodTøffare i år ar var for føreseielege, 10 000-kronersspørsmålet blir då sjølvsagt om meiner Steffen Moltu, Jesper Törnquvst som var med både i 2012 Hødd kan kopiere bragda om banesamarbeidet med og 2013. frå 2013, 31 baklengsmål? stopparkollega Steffen Moltu Jesper Törnqvist vart - Tja, vi takkar jo sjølvhenta inn frå Alta då sagt ikkje nei til det. Men Fredrik Klock la opp etter 2012-sesongen. det viktigaste er jo å ta poeng. Og vi ønskjer jo å score fleire i år. Det er jo alltids - Eg fekk vite at vi hadde eit klart ønske om å bli betre defensivt , å bli litt meir ein samanheng mellom det defensive og kyniske. Men ikkje legg heile æra for dei å det offensive. Vi må vi finne den « yldne baklengsmåla sist sesongane på oss stoppmiddelevegen», meiner Steffen. arane. Vi hadde ein veldig god keeper Både han og Jesper trur 1.-divisjon blir (Andreas Lie). Dessutan jobba heile laget tøffare enn i fjor. Fleire lag har forsterka godt defensivt. Det starta heilt framme seg. Både Tromsø, Fredrikstad, Sandemed spissen, seier Jesper – når vi samlar fjord, Mjøndalen, HamKam og Hønefoss han og Steffen over eit stovebord på La blir truleg gode. Begge meiner det vil vere Manga. bra om Hødd klarer å ta ein ny kvalifiseringsplass. Då må dei bli blant dei seks Eit godt samarbeid beste. I februar 2013 var det ikkje gitt for nokon Skuffelsen i Mjøndalen at Steffen og Jesper skulle bli ein stopparduo det lukta svidd av. Tobias Nygård I fjor låg Hødd an til opprykk då 59 av 60 Vibe var henta inn frå Senja, og kven som omgangar var ferdige. Eit direkte opprykk var dei to beste av han, Steffen og Jesper gjekk fløyten i 2. omgang i Mjøndalen. verka i utgangspunktet heilt ope. – Tek det tid å riste av seg ein slik skuf- Men Vibe vart vel skadd allereie første felse? treninga i Tyrkia. Då fekk vi sjansen til å – Den sat langt inne å fordøye, altså. spele oss inn. Og vi gjorde vel oss ikkje Den gjorde det. Det tok nokre veker å heilt vekk, seier Steffen blygt. kome over tapet i Mjøndalen. Og vi var ikkje mentalt klare til kvalikkampen mot - Det funka veldig bra mellom oss. Etter Mjøndalen tre dagar seinare. Det var kvart prata vi nesten ikkje saman på bana. synd, med tanke på den fantastiske ramBegge visste kva den andre tenke og gjorma rundt kampen, fortel Steffen. de, fortel Jesper. – Det hadde vore meir greitt om vi tapte Manglar konkurranse 5 0 i Mjøndalen. D skjedde saker og ting I det dette er skrive midt i mars ser det som verka avgjerande på resultatet. Men ikkje ut som Hødd hentar inn fleire midtdet blir mykje om og viss, seier Jesper. stopparar. Det betyr at Steffen og Jesper i realiteten er utan konkurranse. Er det ein fordel eller ei ulempe? - I utgangspunktet er det ein litt skummel situasjon. Men med det samhaldet, den moralen og viljen vi har i gruppa trur Einar Orten Trovåg eg det skal gå bra. Alle har heile tida lyst til einar.orten.trovag@vikebladet.no å bli betre, meiner Steffen.

Begge visste kva den andre tenkte og gjorde.


TORSDAG 27. MARS 2014 7

ong til?

Ja, takk!

Eit godt samarbeid: Steffen Moltu og Jesper Törnqvist skal ha mykje av æra for Hødds gode sesong i 2013. Etter at 16-lagsserien vart innført på nivå to i norsk fotball har Hødd aldri sleppt inn færre mål enn i fjor. – Men vi hadde ein god keeper, og heile laget jobba bra defensivt, presiserer Steffen og Jesper.


8 SERIESTART 2014

FEm FRå UlSTEIn: Det har blitt skrive mykje nokre avsnitt om mange Hødd-spelarar frå til dømes Hareid og Sande dei siste åra. Så her kjem ei sak mange har venta på – ei sak om at Ulstein-karane no er i fleirtal. Under treningsleiren til La Manga var både (frå venstre) Pål Hofset Skeide, Robin Hjelmeseth, Henrik Grimstad, Vegard Heltne og Jan-Lennart Urke i troppen.

Ulstein-karane er endeleg i fleirtal LA MANGA: Dei siste åra har Hødd hatt fleire eller like mange spelarar frå Hareid, Sande, Ørsta og Volda enn Ulstein. Men no er trenden i ferd med å snu. I fjor haust, då Vegard Heltne var skadd og broren Eirik pluss Robin Hjelmeseth var i Herd, spelte Hødd mange kampar på rad utan ein einaste spelar frå Ulstein på bana. Jan-Lennart Urke pynta på statistikken då han stod i mål dei siste fire seriekampane. Men: Under Hødd sin treningsleir på La Manga i mars var Ulstein den kommunen som hadde flest Hødd-spelarar i troppen. Tett følgt av Hareid

med fire og Sande med tre.

– Viktig for supporterane

10 000-kronersspørsmålet blir derfor; er trenden i ferd med å snu? Og er det eigentleg viktig at eit lag frå Ulstein har mange spelarar frå Ulstein? – Eg meiner det er viktig med lokale spelarar på laget, seier Pål Hofset Skeide når vi samlar han, Henrik Grimstad, Vegard Heltne, Jan-Lennart Urke og Robin Hjelmeseth over eit stovebord på La Manga. – Spesielt for supporterane er det kjekt at er spelarar frå Ulstein på laget. Dei ønskjer jo å kjenne igjen ansikta på bana, supplerer Urke.

Lettare den gongen?

Vegard Heltne kom inn i Hødd sin a-stall i 2008. Det var den sesongen Hødd hadde mange eksotiske innslag i stallen, som Kyle Veris frå USA, Fernando

Callalero frå Uruguay, Rogvi Jacobsen frå Færøyane og Kazeem Ahmed frå Nigeria. – Etter sesongen kom det eit nødvendig generasjonsskifte. Kanskje var det lettare å kome inn i a-stallen den gongen enn åra etter, undrar Heltne.

– Fotballen er urettferdig

Kantspelaren trur det er mest tilfeldig at andre nærliggjande kommunar har hatt fleire spelarar på Hødd enn Ulstein. – Eg trur eigentleg det. Å kome med i ein a-stall kan vere vanskeleg. Det kan vere éin kamp som avgjer. Er du ikkje god nok den kampen kjem du ikkje med. Fotballen er så urettferdig. Grip du ikkje sjansen er du ute. Samtidig må det nemnast at Kenneth Moldskred har gjort ein god jobb for juniorlaget. Han skal ha æra for at det no kjem opp nye spelarar frå Ulstein. Men igjen, tilfeldig-

heiter er truleg den største grunnen til at Ulstein-kvoten har vore lita, seier Heltne. Og skryt av lagkompisen Henrik Grimstad, som fekk akontrakt i vinter. – Han fekk prøve seg no i vinter. Det var opp til «HG» sjølv. Og han greip sjansen.

– Tolmod er viktig

Kvintetten vi snakka med trur også tolmod er ein viktig faktor. Vi har sett døme på store Hødd-talent som kanskje har blitt hausa litt for mykje opp i ung alder. Så får dei ikkje sjansen på a-laget når dei sjølve meiner dei fortener det. Kanskje sluttar dei. Eller finn vegen til lag i lågare divisjonar. – Det hjelper heilt klart å vere tolmodig, nikkar både Henrik og Robin. Begge har «alltid» vore store talent og tidleg flytta oppover i klassane. Men begge måtte

smørje seg med tolmod – og fekk a-kontraktar først etter at dei var ferdige som juniorspelarar.

Ingen starta

Men før vi tek heilt av her: Vi snakka med dei fem karane dagen etter at Hødd hadde tapt 4–1 mot Viking på La Manga. Då var det ingen av dei som starta. Berre Vegard kom inn frå benken. Må Ulstein-karane spele andrefiolin i år? – Eg har ikkje sett meg eit mål om å spele så og så mange timar og kampar. Eg får berre gjere mitt for at trenarane plukkar meg ut, varslar Robin. – Dette laget har eg tenkt å spele meg inn på. Meir er det ikkje å seie om den saka, seier Vegard.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no


TORSDAG 27. MARS 2014 9


10 SERIESTART 2014

Namn: Aslak Falch Draktnummer: 1 Fødselsår: 1992 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Hundvåg, Viking, Vidar (lån), Sandnes Ulf Favorittlag internasjonalt: Liverpool Favorittspelar internasjonalt: Iker Casillas Favorittspelar i Norge: Yann Erik De Lanlay Verste motspelar: Kim Ojo Favorittmat: Indisk mat, tandori Favorittdrikke: Cola Favorittmusikk: Coldplay Hobby: Kortspelet Yaniv

1

Namn: Steffen Moltu Draktnummer: 2 Fødselsår: 1986 Posisjon: Midtstoppar Tidlegare klubbar: SIF, Bergsøy, Larsnes/Gursken, Gursken Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Ryan Giggs Favorittspelar i Norge: Ingen Verste motspelar: Djurdic (då han var i Haugesund) Favorittmat: Taco Favorittdrikke: Ananasjuice Favorittmusikk: Eminem Hobby: Fjell og fiske

Namn: Victor Grodås Draktnummer: 3 Fødselsår: 1991 Posisjon: Venstreback Tidlegare klubbar: Fjellhamar IL, Lillestrøm SK Favorittlag internasjonalt: Chelsea FC Favorittspelar internasjonalt: César Azpilicueta Favorittspelar i Norge: Fredrik Gulbrandsen Verste motspelar: Christian Bolanos Favorittmat: Biff Favorittdrikke: Pepsi Max Favorittmusikk: Drake Hobby: Kortspelet Yaniv

Namn: Jesper Törnqvist Draktnummer: 4 Fødselsår: 1985 Posisjon: Midtstoppar Tidlegare klubbar: FC Inter Turku, FF Jaro, Umeå FC, New Orleans Jesters, Alta IF Favorittlag internasjonalt: Juventus Favorittspelar internasjonalt: Vincent Kompany Favorittspelar i Norge: Sivert Heltne Nilsen Verste motspelar: Christian Gauseth Favorittmat: Pasta Favorittdrikke: Vatn Favorittmusikk: Coldplay Hobby: Trening, helse, film

Namn: Erik Sandal Draktnummer: 7 Fødselsår : 1983 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Skavøypoll Favorittlag internasjonalt: Blackburn Favorittspelar internasjonalt: Lampard Favorittspelar i Norge: Ingen Verste motspelar: Børre Steenslid Favorittmat: Taco Facorittdrikke: Pepsi Max Favorittmusikk: Likar det meste Hobby: Sportsfiske

2

3

4

7

HØDD SIN A-LA Namn: Franjo Tepuric Draktnummer: 17 Fødselsår: 1990 Posisjon: Angrep Tidlegare klubbar: NK Slaven Belupo, Croatia Sesvete, Radnik Sesvete, Sibenik Favorittlag internasjonalt: Valencia Favorittspelar internasjonalt: Zlatan Favorittspelar i Norge: Fredrik Aursnes Verste motspelar: Mamadou Sakho, Liverpool Favorittmat: Wien stale with vegetables Favorittdrikke: Coca-cola Favorittmusikk: Kroatisk heimelaga og musikk frå Balkan Hobby: Lesing og spele spel

17

Namn: Andreas Brune Rekdal Draktnummer: 18 Fødselsår: 1989 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: LGFK, Larsnes Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Iniesta Favorittspelar i Norge: Emil Viddal Verste motspelar: Magnus Wolff Eikrem Favorittmat: Seibiff Favorittdrikke: Coca-Cola Favorittmusikk: Ingen Hobby: Trening, fiske, mat

18

Namn: Vegard Heltne Draktnummer: 19 Fødselsår: 1989 Posisjon: Venstrekant eller back Tidlegare klubbar: Hasundgot IL Favorittlag internasjonalt: Liverpool Favorittspelar internasjonalt: Steven Gerrard Favorittspelar i Norge: Glenn Andersen Verste motspelar: Akeem Latifu Favorittmat: Kyllingwraps (Stine spesial) Favorittdrikke: Pepsi max Favorittmusikk: Boyband Hobby: Bading

19

Namn: Robin Hjelmeseth Draktnummer: 20 Fødselsår: 1993 Posisjon: Spiss eller kant Tidlegare klubbar: Herd og AaFK (begge utlån) Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: CR 7 Favorittspelar i Norge: Nicki Bille Nilsen Verste motspelar: Ingen spesielle Favorittmat: Lasagnen hinna mor Favorittdrikke: Cola Zero Favorittmusikk: Variert Hobby: Tipping, økonomistudium

20

Namn: Jonas Ingebrigtsen Draktnummer: 21 Fødselsår: 1992 Posisjon: Forsvar/back Tidlegare klubbar: Herd Favorittlag internasjonalt: Manchester United, Real Madrid Favorittspelar internasjonalt: Sergio Ramos Favorittspelar i Norge: Fredrik Ulvestad Verste motspelar: Vegard Heltne Favorittmat: Chicken Tandori Favorittdrikke: Olden eple, cola Favorittmusikk: Høyrer stort sett på det meste Hobby: Sjå Youtube-filmar av cuphelten Vegard Heltne

21


TORSDAG 27. MARS 2014 11

Namn: Espen Standal Draktnummer: 9 Fødselsår: 1992 Posisjon: Spiss Tidlegare klubbar: Ørsta IL Favorittlag internasjonalt: Arsenal Favorittspelar internasjonalt: Fernando Torres Favorittspelar i Norge: Ingen Verste motspelar: Meg sjølv Favorittmat: Taco Favorittdrikke: Vatn Favorittmusikk: Det meste Hobby: Ingen

9

Namn: Joachim Goksøyr Magnussen Draktnummer: 10 Fødselsår: 1987 Posisjon: Spiss Tidlegare klubbar: Bergsøy, Hønefoss Favorittlag internasjonalt: Chelsea Favorittspelar internasjonalt: Ronaldinho og Drogba Favorittspelar i Norge: Daniel Nannskog Verste motspelar: Erik Hagen Favorittmat: Sushi og taco Favorittdrikke: Kaffi og vatn Favorittmusikk: Alt mogleg. Mykje Metallica og Coldplay Hobby: Skule

10

Namn: Ruben-Kenneth Brandal Draktnummer: 13 Fødselsår: 1990 Posisjon: Venstreback, sentral, kant Tidlegareklubbar:HareidIL Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: C. Ronaldo, Ronaldinho, Sergio Agüero Favorittspelar i Norge: Benjamin Slettebakk Verste motspelar: Kevin Hestholm Favorittmat: Heimepizza og burger Favorittdrikke: Er det kaldt nok er det godt nok Favorittmusikk: Rock og metal (Avenged Sevenfold og Foo Fighters) Hobby: Grilling

13

Namn: Henrik Grimstad Draktnummer: 14 Fødselsår: 1994 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Ingen Favorittlag internasjonalt: Chelsea Favorittspelar internasjonalt: Frank Lampard Favorittspelar i Norge: Fredrik «Maestro» Aursnes Verste motspelar: Hekje møtt han enda, men Victor Groden kan vere ekkel av og til Favorittmat: Taco Favorittdrikke: Olden eple Favorittmusikk: Eminem Hobby: Alt innanfor sport eigentleg

14

Namn: Bendik Dybdal Torset Draktnummer: 15 Fødselsår: 1989 Posisjon: Midtbane/ indreløpar Tidlegare klubbar: Larsnes/Gursken Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Paul Scholes Favorittspelar i Norge: Emil Viddal Verste motspelar: Johnny Moltubakk Favorittmat: Lasagne Favorittdrikke: Coca-Cola Favorittmusikk: The Beatles Hobby: Gitar

15

AGSSTALL 2014 Namn: Fredrik Aursnes Draktnummer: 22 Fødselsår: 1995 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Hareid IL Favorittlag internasjonalt: Arsenal Favorittspelar internasjonalt: Jack Wilshere Favorittspelar i Norge: Sivert Heltne Nilsen Verste motspelar: Svein Ove Thomassen Favorittmat: Spiser det meste Favorittdrikke: Coil Favorittmusikk: Høyre på alt Hobby: Råning

Namn: Eirik Ulland Andersen Draktnummer: 23 Fødselsår: 1992 Posisjon: Kant, offensiv midt Tidlegare klubbar: Randers KFUM, Vard Haugesund, FK Haugesund Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Cristiano Ronaldo Favorittspelar i Norge: Anders Ulland Andersen Verste motspelar: Victor Grodås på Høddvoll Favorittmat: Taco Favorittdrikke: Cola Favorittmusikk: Drake Hobby: Yaniv og bondebridge

Namn: Patrick Byskata Draktnummer: TBA Fødselsår: 1990 Posisjon: Defensiv midt Tidlegare klubbar: GBK, KPV, Jaro, IFK Mariehamn Favorittlag internasjonalt: Arsenal Favorittspelar internasjonalt: Andrea Pirlo Favorittspelar i Norge: Miika Koppinen (same heimby) Verste motspelar: Jari Litmanen Favorittmat: Steikte poteter, biff, kylling, remuladesaus Favorittdrikke: Coca-cola Favorittmusikk: Club music Hobby: Musikk, sjå fotball, chille med venner

Namn: Jan-Lennart Urke Draktnummer: 25 Fødselsår: 1991 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Ingen Favorittlag internasjonalt: Real Madrid Favorittspelar internasjonalt: Marcelo Favorittspelar i Norge: Robin Hjelmeskvett Verste motspelar: Hovudet mitt Favorittmat: Biff med fløtepoteter Favorittdrikke: Farris Favorittmusikk: Variert Hobby: Økonomistudium

Namn: Ole-Monrad Alme Draktnummer: 26 Fødselsår: 1996 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Hareid IL Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Usikker. Peter Schmeichel Favorittspelar i Norge: Ørjan Nyland Verste motspelar: ? Favorittmat: Potetball Favorittdrikke: Farris Favorittmusikk: Nickleback Hobby: Trening, friluft, venner, damer

22 23 XX 25 26


12 SERIESTART 2014

Namn: Pål Hofset Skeide Draktnummer: 27 Fødselsår: 1994 Posisjon: Anker, midtstoppar Tidlegare klubbar: Ingen Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Andrea Pirlo Favorittspelar i Norge: Pål Kirkvold Verste motspelar: Henrik Grimstad Favorittmat: Taco Favorittdrikke: Mjølk Favorittmusikk: Daughtry Hobby: Geine

Namn: Nils-Erik Engen Draktnummer: 31 Fødselsår: 1996 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Hareid IL Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Ronaldo Favorittspelar i Norge: Fredrik Aursnes Verste motspelar: Erlend Strandkleiv Favorittmat: Pizza Favorittdrikke: Vatn Favorittmusikk: Avicci Hobby: Trening, damer, FIFA, venner

Namn: Sindre Eid Fødselsår: 1974 Rolle: Hovudtrenar Tidlegare klubbar: Langevåg, FK Haugesund, Molde Favorittlag internasjonalt: Liverpool FC Favorittspelar internasjonalt: Steven Gerrard Verste motspelar: Bengt Sæternes Favorittmusikk: BeeGees Hobby: Skigåing Favorittfilm: James Bond

Namn: Steinar Lein Fødselsår: 1971 Rolle: Trenar og spelarutviklar Tidlegare klubbar: Kolstad, Byåsen, Elverum, Rosenborg, FK Haugesund, Vard Haugesund Favorittlag internasjonalt: Liverpool Favorittspelar internasjonalt: Marco van Basten Verste motspelar: Sindre Eid Favorittmusikk: DumDum Boys Hobby: Sykling Favorittfilm: Frihetens regn

Namn: Manu Torres Fødselsår: 1989 Rolle: Hjelpetrenar/fysisk trenar Tidlegare klubbar: Mallorca, Lleida Favorittlag internasjonalt: Barcelona Favorittspelar internasjonalt: Zinedine Zidane Favorittmusikk: Swedish House Mafia Hobby: Fjellturar og ski Favorittfilm: Any given Sunday

27 31 A-LAGSSTALLEN 2014 Namn: Ronny Osnes Fødselsår: 1970 Rolle: Kepertrenar Tidlegare klubbar: Hareid, Bergsøy, Haddal, Ulstein Cannons (basket) Favorittlag internasjonalt: Liverpool FC Favorittspelar internasjonalt: Steven Gerrard Verste motspelar: Meg sjølv Favorittmusikk: Foo Fighters Favorittfilm: Snatch

Namn: Svein Vattøy Fødselsår: 1954 Rolle: Fysio Tidlegare klubbar: Hødd, Smørås, Hjørungavåg Favorittlag internasjonalt: Liverpool FC Favorittspelar internasjonalt: Wolfgang Overath Favorittmusikk: Pink Floyd Hobby: Golf og ski Favorittfilm: Livets lyse side (Jack Nicholson)

Namn: Neil Le Clercq Rolle: Lagleiar og reiseleiar Tidlegare klubbar: Windlesham FC og Flø IL Favorittlag internasjonalt: Chelsea FC Favorittspelar internasjonalt: Gianfranco Zola Favorittmusikk: Oasis Hobby: Sport; Cricket, rugby, golf, tennis Favorittfilm: Snatch

Namn: André Nevstad Fødselsår: 1972 Rolle: Sportssjef og dagleg leiar Tidlegare klubb: Molde i 93 og 94 Favorittlag internasjonalt: Tottenham Hotspur FC Favorittspelar internasjonalt: Glenn Hoddle Verste motspelar: Ørjan Berg hadde det meste… Hobby: Trening; ski, løping Favorittmusikk: Jahn Teigen, Leonard Cohen og elles det meste Favorittfilm: Ser lite film…

Namn: Ole Amund Sveen Draktnummer: 8 Fødselsår: 1990 Posisjon: Midtbane (men kan spele over alt) Tidlegare klubbar: Redalen, Raufoss, HamKam (lån) og Strømsgodset Favorittlag internasjonalt: Manchester United Favorittspelar internasjonalt: Zinedine Zidane Favorittspelar i Norge: Lars C. Vilsvik Verste motspelar: Øyvind Hoås Favorittmat: Heimelaga pizza Favorittdrikke: Vørterøl Favorittmusikk: Justin Bieber Hobby: Data og venner

8


TORSDAG 27. MARS 2014 13

TERMINLISTE FOR HØDD A-LAG MENN 2014 1.

HAMKAM – HØDD, måndag 7. APRIL

2.

HØDD – TROMSDALEN, søndag 13. APRIL

3.

FREDRIKSTAD – HØDD, måndag 21. APRIL

4.

HØDD – ALTA, søndag 27. APRIL

5.

MJØNDALEN – HØDD, torsdag 1. MAI

6.

HØDD – STRØMMEN, søndag 4. MAI

7.

BRYNE – HØDD, søndag 11. MAI

8.

HØDD – HØNEFOSS, fredag 16. MAI

9.

RANHEIM – HØDD, tysdag 20. MAI

10.

HØDD – NEST-SOTRA, søndag 25. MAI

11.

BÆRUM – HØDD, torsdag 29. MAI

12.

HØDD – TROMSØ, søndag 1. JUNI

13.

HØDD – KRISTIANSUND, måndag 9. JUNI

14.

SANDEFJORD – HØDD, søndag 15. JUNI

15.

HØDD – ULL/KISA, søndag 22. JUNI

16.

TROMSDALEN – HØDD, søndag 20. JULI

17.

HØDD – MJØNDALEN, søndag 27. JULI

18.

ULL/KISA – HØDD, søndag 3. AUGUST

19.

HØDD – BÆRUM, søndag 10. AUGUST

20.

STRØMMEN – HØDD, søndag 13. AUGUST

21.

HØDD – HAMKAM, søndag 17. AUGUST

22.

NEST-SOTRA – HØDD, søndag 24. AUGUST

23.

HØDD – SANDEFJORD, søndag 31. AUGUST

24.

TROMSØ – HØDD, søndag 14. SEPTEMBER

25.

HØDD – FREDRIKSTAD, søndag 21. SEPTEMBER

26.

HØNEFOSS – HØDD, søndag 28. SEPTEMBER

27.

ALTA – HØDD, søndag 5. OKTOBER

28.

HØDD – RANHEIM, søndag 19. OKTOBER

29.

KRISTIANSUND – HØDD, søndag 26. OKTOBER

30.

HØDD – BRYNE, søndag 2. NOVEMBER

Terminlista kan verte endra.


14 SERIESTART 2014

Hødd Damer

(2.-divisjon avdeling 6) Keeperar: Aina Kvamme, 1994 Amalie Kragset, 1996 Ingvild A. Vik, 1995 (NY frå Gursken) Forsvar: Silje Holstad, 1996 Andrea Rødseth, 1994 Susann Kragset, 1993 Benedikte Nevstad, 1997 Martine A. Hauge, 1995 Ingrid Måseide, 1997 Kristin Haddal, 1993 (comeback) Midtbane: Ellen N. Aahjem, 1996 Ragnhild Ertesvåg, 1994 Vilde Hasund, 1997 Mari Heggen, 1995 Angelica P. Vattøy, 1996 (tilbake frå Fortuna) Sofie Gjerde, 1996 Anne Marie S. Hasund, 1996 Angrep: Ingvild S. Ringstad, 1996 Caroline Overvåg, 1991 Åslaug Helvig, 1995 Avgang: Miriam Tvedt, Anne Halle Hovudtrenar: Ole Per Kragset Assistenttrenar: Jesper Törnqvist Keepertrenar: Arne Flatin Lagleiar: Kirsten Nordmo Beste serieprestasjon: Nummer 3 i 2.-divisjon, 2008 Slik gjekk det i fjor: Nummer 6 i 2.-divisjon (av ni lag)

Hødd-damene 2014: Bak frå venstre: Angelica Vattøy, Amalie Brandal Kragset, Susann Brandal Kragset, Ingvild Ringstad, Caroline Overvåg, Benedikte Nevstad, Vilde Hasund og Ingrid Måseide. Framme frå venstre: Andrea Storøy Rødseth, Mari Nedrelid Heggen, Åslaug Helvig, Ragnhild Ertesvåg, Ellen Nerland Aahjem, Sofie Kopperstad Gjerde, Silje H. Holstad og Martine Almestad Hauge.

Hødd-damene går for bronse Kontinuitet er ofte mangelvare i kvinnefotballen. Men det har no Hødd både på spelar- og leiarsida. Då tenker vi ikkje berre på Kirsten Nordmo, som har vore lagleiar i ei årrekkje. Ole Per Kragset går på sin tredje strake sesong som hovudtrenar. Og spelarmaterialet er omtrent det same som dei siste åra – berre endå betre.

Dette er det sterkaste laget vi har hatt så lenge eg har vore her Ole Per Kragset Hovudtrenar

– Beste så langt

– Dette er det sterkaste laget vi har hatt så lenge eg har vore her. Vi har ein god 11-ar og dobbel dekning i bortimot alle posisjonar, seier Ole Per Kragset. Han meiner Hødd har jobba godt med jentefotballen dei siste åra, og at det no viser igjen. Det kjem jamt og trutt

2.-divisjon. Men i år trur trenar Kragset dei skal gjere det betre. – Du kan gjerne seie vi har vore stabilt ustabile i fjor og året før. Toppnivået har vore bra, men botnnivået altfor lågt. Unngår vi botnnivået vårt skal det går bra i år. TrondheimsØrn 2 og Byåsen er klare favorittar til å ta dei to øvste plasseringane, men bak der er det ope. Eg håper vi kan ta tredjeplassen. Tynset og Nidelv blir truleg dei tøffaste konkurrentane om den plassen, trur Ole Per Kragset.

Godt frammøte

nye spelarar frå eigne rekkjer opp på damelaget.

– Stabilt ustabile

Dei to siste sesongane har Hødd kava på nedre halvdel av

Fleire av spelarane på damelaget har vore med nokre år no. Og det er grunn til å tru at fleire av dei tek endå eit steg i år. Sidan i fjor haust er i tillegg Angelica Vattøy tilbake frå Fortuna, medan Kristin Haddal og Caroline Overvåg har trappa opp satsinga. I verste fall for-

svinn både Ragnhild Ertesvåg, Andrea Rødseth og Åslaug Helvig vekk på skule til hausten, men Ole Per Kragset «vil ikkje ta nokon sorger for forskot». Han gler seg heller over godt frammøte på treningane i vinter. – Vi har lege på jamt 15 16 spelarar kvar økt. Det er både bra og passeleg. Vi har ei fin gruppe spelarar der mange prioriterer fotballen hardt, seier Kragset. Vanylvingen er ein av sunnmørsfotballens mestscorande spelarar gjennom tidene. Men 1969-modellen la opp etter Åram/VanKam sitt nedrykk sist haust. Men Kragset skal å nok å gjere i år også. Adjunkten har tatt å seg å leie ÅVK frå sidelinja i årets 5.-divisjon.


TORSDAG 27. MARS 2014 15

Hødd junior 2014 («rekruttstallen»): Bak frå venstre: Torvald Ringstad, Martin Mork Breivik, Mathias Holstad Grimstad, Alexander S. Eksund, Eirik Sundgot Kristiansen, Benjamin Mork Kleppe, Audun Øvrelid, Sondre Beite. Framme: Rikasard Osnes, Sivert Pieroth, Amund Kleven Rasmussen, Nils-Erik Engen, Håvard Strand, Magnus Fiskerstrand, Bendik Rise, Eirik Saunes, Daniel Skare Haanes.

Tøft kampprogram for juniorspelarane Det blir mykje logistikk rundt Hødd si juniorgruppe i 2014. Ikkje berre skal dei ha lag i 1.-divisjon junior og prøve å kome så langt som mogleg i NM. Mange juniorar kjem til å å mykje speletid i 3.-divisjon i år. Slik avdelingsoppsettet vart i år betyr det lange turar til mellom anna Øvre Årdal og Bergen. Og 3.-divisjonskampane går som regel dagen før juniorkampane. – Klart det blir ei utfordring med tanke på logistikk og belastning. Men eg føler vi har blitt flinkare og flinkare til å meistre denne utfordringa. Det blir ikkje aktuelt at dei juniorane som spelar 3.-divisjonskamp langt vekke ein måndag spelar juniorkamp tysdag. Derfor år, som i fjor, mange lovande gutespelarar sjansen til å spele juniorfotball, forklarer hovudtrenar Kenneth Moldskred.

Ei yngre gruppe

Målet er at alle i gruppa skal utvikle seg i løpet av året slik at kvar spelar skal gjere kollektivet betre. Kenneth Moldskred Hovudtrenar

Mange av dei eldste frå juniorgruppa i fjor har funne seg andre klubbar. To nye eksterne spelarar har kome til; Audun Øvrelid frå Hareid og Sondre Beite frå Skodje. I tillegg er spelarar frå gutelagsstallen flytta opp. – Vi har definitivt ei bra gruppe i år. Talmessig er vi litt færre enn i fjor. Gruppa har gjennomsnittleg også blitt ein del yngre. Vi har gått frå seks til tre sisteårs-juniorar, fortel Moldskred. – Har de ei yngre gruppe i år fordi ein tidlegare ser kven som kan bli toppspelarar og ikkje? – Ja og nei, men mest nei. For vi veit ikkje sikkert om ein spelar kan bli god til det når vedkomande er 19 år, 20 år eller eldre også for den del. Vi må passe oss for å ikkje legge den lista for langt ned. At vi har ei yngre gruppe i år har mest å gjere med at dei aktuelle fotballkulla ikkje er større

enn dei er, forklarer Høddtrenaren.

– Det vil variere

I fjor enda Hødd 2 på sjuandeplass i 3.-divisjon etter ein god start, ein svak midtperiode og ei sterk avslutning på sesongen. Juniorlaget tok bronse i KM-serien. – Vi har ikkje sett oss resultatmål for årets sesong. Målet er at alle i gruppa skal utvikle seg i løpet av året slik at kvar spelar skal gjere kollektivet betre. Vi skal bli betre som lag og det håper eg også vil vise seg igjen i gode resultat. Men eg er definitivt klar over at resultata kjem til å variere, seier Kenneth Moldskred.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikeladet.no

Hødd 2

(3.-divisjon + juniorserien) Keeperar: Sivert Pieroth, 1998 Rikard Osnes, 1997 Forsvar: Eirik Kristiansen, 1997 Torvald Ringstad, 1995 Alexander Eksund, 1995 Mathias Grimstad, 1996 Audun Øvrelid, 1996 Magnus Fiskerstrand, 1997 Eirik B. Sæther, 1998 Midtbane: Nils Erik Engen, 1996 Bendik Rise, 1998 Martin Mork Breivik, 1996 Eirik F. Saunes, 1998 Håvard Strand, 1996 Daniel Haanes, 1998 Angrep: Benjamin Mork Kleppe, 1995 Amund Rasmussen, 1996 Sondre Beite, 1996 Avgang: Eirik Bringsvor (LGFK), Håkon Orten Trovåg (Hareid), Mats Øvrebotten (Ørsta), Henrik Gjengår (Ørsta), Markus Hjorthaug. Hovudtrenar: Kenneth Moldskred Hjelpterenarar: Reidar Vikebakk, Einar Magne Skeide og Harald H. Rise Oppdame: Gro-Lise M. Rise Beste serieprestasjon: I 3.-divisjon; Andreplass i 3.-divisjon 2008. Slik gjekk det i fjor: 7.-plass i 3.-divisjon avdeling 9 og 3.-plass i junior 1.-divisjon.


16 SERIESTART 2014

Hareid

(4. divisjon) Keeperar: Vagn Scheide Mork, 1976 Fredrik Lonbakken, 1997 Kevin Aarvik Hestholm, 1992 (tilbake frå Flø IL) Forsvar: Martin Nikolai Longva, 1994 (NY frå Hasundgot) Thanusan Tharumalingam, 1995 Eiliv-Tore Howlid, 1978 Joar Møller, 1987 Joachim Moldskred, 1986 Christer Adrian Mork, 1990 Antoni Gardshol, 1991 Fredrik Andresen, 1995 Emil J. D. Folkestad, 1991 Lars A. D. Folkestad, 1993 Honar Alipoor, 1993 Ole André Kragset, 1986 Kristian Myklebust, 1985 (NY frå Oldenborg) Midtbane: Thor-Ove Brekke, 1987 Nauris Driksna, 1984 Ivar André Aadland, 1980 Ola Kalvø Vattøy, 1993 Benjamin Slettebakk, 1990 Hazhir Alipoor, 1996 Angrep: Runar Stranden, 1996 Håkon Orten Trovåg, 1994 (tilbake frå Hødd) Hiwa Alipoor, 1988 Georg Eikrem Olsen, 1988 Robin Jackson Indreflø, 1989 Martinus Røyset Bakken, 1992 (comeback) Avgang: Marius Rise (Oslo), Venthan Ketheeswaran (militæret) Hovudtrenar: Hans Gisle Holstad Hjelpetrenarar: Ruben-Kenneth Brandal, Vidar Vollsæter Støtteapparat: Knut Helge Hovden, Anders Hjelle Øiestad, Einar Orten Trovåg, Fredrik Aursnes, Kristian Angelsen Beste serieprestasjon: Nummer tre på nivå tre i 1987 og 1988 Slik gjekk det i fjor: Nummer fem i 4.-divisjon

Hareid IL Fotball a-lag menn i Tyrkia mars 2014: Bak frå venstre: Hans Gisle Holstad (hovudtrenar), Emil Johannes Dahlen Folkestad, Christer Adrian Mork, Thor-Ove Brekke, Eiliv-Tore Howlid, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joachim Røyset, Martin Nikolai Longva, Ørjan Engen Grimstad, Runar Stranden, Antoni Gardshol, Ivar André Aadland, Simon Holstad Grimstad, Oddemann Folkestad (medhjelpar), Vidar Vollsæter (hjelpetrenar). Framme: Knut Helge Hovden (materialforvaltar), Joar Møller, Ole André Kragset, Ola Kalvø Vattøy, Benjamin Slettebakk, Robin Jackson Indreflø, Vagn Scheide Mork, Per Inia Brekke, Håkon Orten Trovåg, Fredrik Andresen, Georg Eikrem Olsen, Hazhir Alipoor, Hiwa Alipoor, Anders Hjelle Øiestad (hjelpeoppmann), Einar Orten Trovåg (lagleiar).

Duoen som aldri gir seg

ser korleis det har gått med dei som har lagt opp, for å seie det slik, og noko slikt vil eg ikkje utsetje meg for. Dessutan spelar dei fleste av vennane mine på Hareid, seier Vagn Scheide Mork. - Eg er med framleis fordi det er steikje artig, rett og slett, fortel Eiliv-Tore Howlid. - Også å byggje seg opp gong etter gong? Du har jo vore så mykje skadd? - Ingen problem, svarer Howlid bastant.

Mange spelarar har forsvunne frå Hareid sidan i fjor sommar. Men Vagn Scheide Mork (37) og Eiliv-Tore Howlid (35) er med – som alltid. - Nikolai Røyset, Joachim Røyset, Joachim Moldskred, Ørjan Engen Grimstad, Kim-Tore Husøy, Marius Rise, Audun Øvrelid, Martin Mork Breivik, Venthan Ketheeswaran, Nikolay Sungdot, Alexander Nevstad og Håkon Lonbakken, listar Mork opp.

- Bekymra før sesongstart

Dette er spelarar som var med på Hareid i fjor, men som ikkje er med i år. I alle fall ikkje frå start av. - Eg er bekymra over at vi har mista så mange spelarar. Treningskampresultata har vore svake. Vi har veldig mange unge spelarar. Og håpet er at desse tek steg utover i sesongen. Då skal det kunne gå an å halde plassen, men tøft blir

Rutinerte: Allround-spelaren Eiliv-Tore Howlid og keeperen Vagn Scheide Mork har spelt høvesvis 270 og 412 a-kampar for Hareid. Howlid har aldri spelt for andre klubbar enn Hareid, men har vore mykje skadd. Mork har bak seg opphald i Hødd, Molde og Grindvoll. Han har stått fast for Hareid sidan 2003. det, meiner keeperveteranen Mork. - Vi har jo eit veldig bra samhald i gruppa. Trenaren er god og erfaren, og vi er ganske bra trena, supplerer Eiliv-Tore Howlid.

- Risiko å slutte

Så med andre ord er mykje usikkert framfor Hareids 2014-sesong. Det einaste sikre

er at Mork og Howlid er med – i alle fall så lenge dei er skadefrie. Hareid har bygd opp igjen laget ei rekkje gonger dei siste åra – etter å ha mista spelarar og ått fram nye. Men kvifor er eigentleg Mork og Howlid med år etter år – i medgang og motgang? - Det er både ein sosial- og helsemessig risiko å slutte. Eg

1993 og 1994

Som debuterte for Hareid a-lag i 1994 i ein treningskamp på Guard Park. Han hugsar ikkje kven Hareid spelte mot, men at han scora på eit skikkeleg lompetreff. Mork minnest sin første offisielle a-kamp. Det var borte mot Vigra i ein kvalifiseringskamp for å halde 3.-divisjonskontrakten i 1993. Mork kom inn som innbytar for Lars Atle «Lasse» Flø, han som toppar klubbens adelskalender med 471 kampar. Truleg gir ikkje Mork seg med fotballen før han har slått nettopp den rekorden…


TORSDAG 27. MARS 2014 17


18 SERIESTART 2014

Hasundgot budde på botnkamp

Dei to siste åra har Hasundgot kjempa i nedrykksstriden i 5.-divisjon. Trenar Vidar Ertesvåg ser ikkje vekk frå at det blir slik i år også.

– Eg vil tippe det, ja. Vi er litt svekka både med tanke på kvalitet og kvantitet. Likevel. Dersom vi kan stille fullt lag kvar kamp er det noko anna. Hadde vi gjort det i fjor trur eg vi hadde blitt nummer tre eller fire. Men vi spelte vel berre to kampar med fullt mannskap. Eg er litt bekymra for at det blir litt slik i år også, seier Ertesvåg. Som har mange namn på blokka, men fleire kan ikkje vere med 100 %. Sidan i fjor har Martin Nikolai Lon va gått til Hareid, Ole Magnus Melchior har tatt fotballpause, medan Lars Mork og Kjetil Knotten er i det militære. Nokre nye og

Haddal

Hasundgot 2014: Her fotograferte før ein treningskamp mot Tjørvåg i slutten av februar. Bak frå venstre: Vidar Ertesvåg (trenar), Mats Bigset, Anders Vik, Lars Henrik Hasund, Steffen Gjerde, Tore Romestrand, Arve Vestnes, Lars Tore Gardshol, Ruben Muren. Framme: Marius Eikrem Marius Vartdal, Hallbjørn Hasund Thorseth, Ole Kristian Gjerde, Vegard Sundgot, Robin Vågeskar, Marius Muren, Alexander Vattøy. gamle har kome til. Men det er uvisst korleis Hasundgot klarer seg i ein venteleg tøff 5.-divisjon. – I fjor var Åheim veldig sva-

ke, og eg trur ingen tek så å poeng i år. Sunnylven/Stranda II er truleg eit lag vi skal ta. Det same med Åmdal og Sæbø. Men generelt sett kjenner eg

Hasundgot

(5. divisjon)

Keeper: Joakim Yksnøy Rødven, 1992 Forsvar: Steffen Gjerde, 1985. Terje Longva, 1985. Espen Kvamme, 1985. Mats Bigset, 1987. Anders Vik, 1990. Lars Tore Garshol, 1992. Robin Bergseth Vågeskar, 1992. Midtbane: Simon Sundal, 1986. Svein Eirik Ertesvåg, 1986. Marius Vartdal, 1986. Vegard Selvåg, 1987. Lars Henrik Hasund, 1988. Ruben Muren, 1993. Halvor Mjøen Berg, 1994. Marius Muren, 1995 Angrep: Tore Romestrand, 1987. Marius Eikrem, 1987. Vegard Sundgot, 1991. Aleksander Vattøy, 1994 Hallbjørn Hasund Torseth, 1995. Ole-Kristian Gjerde, 1997. Avgang: Lars Mork (militæret), Kjetil Knotten (militæret), Ole Magnus Melchior (pause), Martin Nikolai Longva (Hareid) Trenar: Vidar Ertesvåg Hjelpetrenar: Svein Eirik Ertesvåg Lagleiar: Idar Brekke Beste serieprestasjon: Sist i 3.-divisjon 1999 Slik gjekk det i fjor: Nummer seks i 5.-divisjon (av ti)

for lite til laga i divisjonen, seier Vidar Ertesvåg.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no

(6. divisjon) Keeperar: Thor Erik Andersen, 1983 Bjørn-Magnus Andersen, 1993 Forsvar: Jonas Ringstad, 1986 Jørgen Gjerde, 1992 Jan Robin Haraldsvik, 1989 Cato Veien, 1989 Nikolai Yksnøy, 1993 Mathias Worren, 1991 Jan Botnen, 1988 Tony Andre Rasmussen, 1987 Midtbane: Vegard Moltubakk, 1991 Gunnar J. Ringstad, 1985 Biniam Tes, 1981 Karl Johan Hauge, 1988 Lasse Leirstad, 1989 Øyvind Stokke, 1994 Johan-Olav H. Molvær, 1994 Mathias Pilskog, 1994 Kjell Thomas Pilskog, 1991 Angrep: Joe Kijjarak, 1993 Lasse Ødegaard, 1992 Daniel Hatløy, 1985 Iver Osnes, 1995 Avgang: Paul Fronza Hovudtrenar: Øyvind Breivik Hjelpetrenar: Fredrik Ringstad Beste serieprestasjon: Nummer to på nivå fire i 1986 Slik gjekk det i fjor: 4.-plass i 6.-divisjon

Haddal 2014: Her fotograferte før ein treningskamp mot Hareid 2/Hjørungavåg. Bak frå venstre. Fredrik Ringstad, Cato Veien, Bjørn Magnus Andersen, Kjell Thomas Pilskog, Daniel Hatløy, Karl Johan Hauge, Vegard Moltubakk, Jørgen Gjerden, Biniam Tes, Jan Botnen, Nikolai Yksnøy, Framme frå venstre: Johan Olav Molvær, Iver Osnes, Gunnar Ringstad, Jan Robin Haraldsvik, Jonas Ringstad, Mathias Worren og Joe Kijjarak.

Betre og betre år for år Haddal IL starta opp igjen med a-lagsfotball i 2009. Deretter har dei auka poengfangsten og betra plasseringa kvar sesong.

I fjor hamna dei for første gong på øvre halvdel i 6.-divisjon. Det etter ein sterk haustsesong der dei spelte alle kampane heime på nye Haddal IL stadion.

– Slikt blir det vel opprykksprat av? – Nokre har faktisk prata om opprykk. Og eg trur ikkje det er umogleg å å til, seier hjelpetrenar Fredrik Ringstad. Men han er klar på at dei må vere heldige med skadar og andre forfall for at det skal bli suksess i år. – Får vi til vårt spel, og greier å halde på stammen i laget, ja så skal dette bli bra. Men i lik-

skap med andre lag er vi sårbare, fortel Ringstad. Haddal har trena to gonger i veka gjennom vinteren. I tillegg har dei prøvd å å til éin treningskamp per veke. Frammøtet ligg på 15 16 spelarar per økt. Sidan i fjor ser det ut som Paul Fronza melder seg inn i ein anna klubb, kanskje Volda. Han var viktig for Haddal på hausten. Men mangeårig storscorar Daniel Hatløy

har be ynt å røre på seg igjen. – Får vi i gong Daniel er han ein klassespelar. Vi håper også at Lasse Ødegård rekk seriestarten. Han har slite med ein ankelskade i vinter, seier Fredrik Ringstad.

Einar Orten Trovåg einar.orten.trovag@vikebladet.no


TORSDAG 27. MARS 2014 19

– Skal i alle fall ha nok folk i år Samanslåinga mellom Hareid 2 og Hjørungavåg har ført til fleire folk på trening og kamp – i alle fall så langt.

Det fortel spelande trenar og oppmann Einar Orten Trovåg, som har hatt det same ansvaret for Hareid 2 i 2009, 2012 og 2013. – Vi har klart oss greitt dei to siste sesongane også. Men resultata, som har ført til to andreplassar i 6.-divisjon, har ikkje kome fordi vi har trena spesielt godt. Så langt i år har vi hatt fleire folk på trening og litt betre kvalitet enn tidlegare. Så år vi sjå korleis det går i serien. Det skal vel vanskeleg gjerast å ta ein ny andreplass, trur Trovåg. I fjor drog rutinerte karar som Espen Beiermann, Tore Johan Ytre-Hauge, Steffen Uldbæk, Per Ståle Nykrem

Hareid 2/Hjørungavåg: Her fotograferte før ein treningskamp mot Moltustranda/Gjerdsvika i februar. Bak frå venstre: Ulrich Kurseth, Odd-Magne Brandal, Arthur Hareide, Antoni Gardshol, Benjamin Slettebakk, Odd-Magne Brandal, Magne Kjell Wingsternes, Jon-Åge Røyset. Framme: Georg Eikrem Olsen, Martin Hovden Hareide, Daniel Reite, Emil Bastian Reite, Emil Hareide, Lars Bastian Reite, Per Inia Brekke (spelande manager), Einar Orten Trovåg (spelande trenar og oppmann). og André Egset Nupen mykje av lasset. Kor mange av desse som blir med i år er enno uvisst. – I tillegg til meg sjølv, areserven Benjamin Slettebakk og eit par av

Alipoor-karane var det desse som var noko lunde faste i fjor. Vi supplerte med folk litt herifrå og derifrå. Eg håper vi klarer å byggje opp ein stamme i laget basert på folk frå Hareid 2/Hjørungavåg-

stallen, slik vi slepp å overbelaste juniorspelarane, seier Einar Orten Trovåg. Den same treningsgruppa skal også stille eit sjuarlag i år, kalla Hjørungavåg 2/Hareid 3.

Hareid 2/Hj.våg (6. divisjon)

Keeper: Per Inia Brekke, 1994 Forsvar: Magne Kjell Wingsternes, 1977, Jon-Åge Røyset, 1986. Murat Aydin, 1983. Vidar Pilskog, 1985. Thor-André Barstad, 1987. Odd-Magne Brandal, 1985. Daniel Reite, 1990. André Egset Nupen, 1983. Jonas Pilskog Pedersen, 1987. Martinus Warholm, 1990. Torstein H. Sivertsen, 1993. Emil Bastian Reite, 1993. Marius Bekkemellem, 1991. Haakon Riise, 1990. Midtbane:, Arthur Hareide, 1993. Martin Hareide, 1991. Steffen Hareide, 1991. Steffen Uldbæk, 1983. Espen Beiermann, 1983. Eirik Brandal, 1990. Tore Johan Ytre-Hauge, 1980.Ulrich Kurseth, 1994 (NY frå Nesøya IL). Sujan Visagesan, 1984 Angrep: Per Ståle Nykrem, 1981. Einar Orten Trovåg, 1987. John Anders Liaset, 1977. Fredrik F. Abrahamsen, 1991. Avgang: Ingen Hovudtrenar og oppmann: Einar Orten Trovåg Hjelpetrenar: Torstein Holstad Sivertsen Manager: Per Inia Brekke Ansvarleg frå Hjørungavåg IL: Jonas Pilskog Pedersen Slik gjekk det i fjor: Stilte ikkje felles lag. Hareid 2 nummer to i 6.-divisjon Søre. Beste serieprestasjon: Hareid 2 har tre andreplassar på lågaste nivå (2001, 2012, 2013). Takka nei til spel i 5.-divisjon i 2013. Hjørungavåg har spelt på nivå fem.


20 SERIESTART 2014

Bergsøy 2014: Ikkje alle spelarane er med biletet, som blei tatt før ei trening. Bak f.v.: assistenttrenar Toni Sandanger, lagleiar Morten Hårsaker, Frank Sverre Skorpen, Andreas Nærø, Sami Zemichael, Harald Haugen, Martin Røren, Erik Ulfstein, Ola Goksøyr og trenar Hugo Vicente. Framme f.v.: Andreas Kurseth, Raymond Rachid, Nerijus Marcinkevicius, Jake Knight, Daniel Søvik, Andrius Petreikis og Jose Peralta. FOTO: GEIR EGIL OLSEN.

Vil kjempe i toppen Med portugisiske Hugo Vicente ved roret, har Bergsøy høge ambisjonar framføre sesongen. Dei raude og kvite satsar på ei plassering blant dei tre beste. – Ein må alltid ha ambisjonar og mål med det ein gjer. Vi føler vi er godt førebudde framføre sesongen, og kan eigentleg ikkje vente med å komme i gong, seier Hugo Vicente.

Portugisaren kom til Fosnavåg i fjor, og byrja i trenarjobben umiddelbart. I sin første sesong som hovudtrenar førte han Bergsøy til ein solid 4. plass i serien. Med sin offensi-

Ein må alltid ha ambisjonar og mål med det ein gjer Hugo Vicente Hovudtrenar Bergsøy ve fotballfilosofi og mål om attraktiv fotball satsar Hugo Vicente og Bergsøy på å gjere det endå litt betre enn i fjor. Sjølv om fleire spelarar har gått ut av laget enn inn, er Vicente overtydd om at Bergsøy skal klare brasane også i år.

– Fleire av dei vi har mista var ikkje blant dei faste på laget. Vi står igjen med ei god spelargruppe, og har i snitt vore 16 spelarar på kvar trening i vinter, noko vi er nøgd med. Engelskmann og spanjol inn

Det har også vore nye fjes å sjå på trening denne vinteren. Nyleg signerte Bergsøy den engelske talentfulle keeperen Jake Knight og den spanske angriparen José Peralta. Hugo Vicente meiner nysigneringane vil heve nivået på treningane, så vel som nivået til dei andre spelarane, og laget i sin heilskap.

– Når Jake og José blir vande med det fysiske spelet og taktikken vår trur eg dei vil å ein god sesong. Dei har eit høgt nivå inne allereie, seier Hugo Vicente.

Det er ikkje akkurat hemmeleg at tidlegare divisjonsmotstandar Brattvåg, som no blir å finne i ei avdeling med lag frå Sør-Trøndelag, satsar mykje pengar på nye spelarar. Men det at Bergsøy hentar to frå utlandet har ikkje mykje med pengar å gjere, meiner Vicente, som seier klubben er på jakt etter jobb til dei to karane. – Dei kjem hit fordi dei har ambisjonar om å bli profesjonelle fotballspelarar. Bergsøy har i vinter saumfart regionen etter lokale talent, men det er ikkje lett for ein klubb basert ute i havgapet å finne spelarar som kan heve laget. Isak Husøy som meldte overgang frå Volda nyleg, er likevel eit solid unntak.

Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no

Bergsøy (3. divisjon)

Keeperar: Nerijus Marcinkevcius, 1977 Jake Knight, 1994 Forsvar: Andreas Helvig, 1985 Fredrik Muren, 1990 Harald Hauge, 1979 Darius Zutautas,1977 Kestutis Deueika,1980 Mats Inge Teige, 1983 Midtbane: Andreas J. Kurseth, 1988 Isak Husøy, 1990 Andrius Petreikis, 1982 Daniel Sandvik, 1991 Angrep: Frank Sverre Skorpen, 1977 Ole Magne Rotevatn, 1985 Peter Daniel Baade, 1991 Raymond Badr Rachid, 1990 Ola Goksøyr, 1994 José Peralta, 1993 Avgang: Goncalo N. Salgueiro Sander Leine Olsen Terje Teige Fabio Ricardo Oliveira Aleksander Dahle Daniel Jøsok Kvalsvik Øyvind Hagen Martin Falkanger Hovudtrenar: Hugo Vicente Trenar: Toni Sandanger Keepertrenar: Håvard Boe Lagleiar: Morten Hårsaker Slik gjekk det i fjor: 4. plass 3. div. Beste serieprestasjon: Kjempa i dåverande 2. divisjon (1981)

Portugisar ved roret: Hugo Vicente er ein godt fotballfagleg utdanna trenar, med solid erfaring frå ungdomssystema i toppklubbane SL Benefica og Braga i heimlandet. FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.

Vil underhalde: Bergsøy skal i følgje trenaren spele offensiv fotball og ha som mål å underhalde. Her er ei feiring etter eit mål mot LGFK i ein seriekamp i fjorårssesongen. FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.


TORSDAG 27. MARS 2014 21


22 SERIESTART 2014

Larsnes/Gursken: Bak f.v.: Lagleiar Kåre Fjørtoft, Anders Vaagen, Oskar Gunnarstein, Leiv Sindre Muren, Eirik Bringsvor, Tor Jørgen Kleppe, Robert Vik, Jørn Olsen, Henrik Eidheim, Johnny Moltubakk, Thomas Sætre Hauge, Karl Gerhard Bringsvor, trenar Torbjørn Rekdal jr. og assistent Karl Alsaker. Framme f.v.: Edvard Inge Rekdal, Tord Knotten, Rodrigo Nykrem, Lasse S. Gule, Olav Rekdal, Endre Bleie, Joachim Reij, Jørgen Slettestøl.

Larsnes/ Gursken (3. divisjon)

Keeperar: Olav Rekdal, 1998. Lasse Stand Gule, 1998. Kurt Ove Longva, 1971 Forsvar: Leiv Sindre Muren, 1986. Tor Arne Dyrhol, 1981. Jørn Olsen, 1994. Henrik Eidheim, 1995. Eirk Voksøy Bringsvor, 1994. Midtbane: Oskar Gunnarstein, 1990. Johnny Moltubakk, 1983. Robert Vik, 1995 Aleksander Rekdal, 1998. Karl Gerhard Bringsvor, 1997. Angrep: Anders Vaagen, 1983. Thomas Sætre Hauge, 1985. Tor Jørgen Kleppe, 1994. Hospitantar: Endre Bleie, 1997. Rodrigo J. Nykrem, 1997. Joachim Reij, 1998. Tord Knotten, 1997. Jørgen Slettestøl, 1997. Avgang: Preben Aleksander Sætre (Herd). Tilgang: Eirik Voksøy Bringsvor, Hødd 2/jr. Hovudtrenar: Torbjørn «Tobben» Rekdal jr. Ass.trenar: Karl Alsaker Keepertrenar: Edvard Inge Rekdal Lagleiar: Kåre Fjørtoft Slik gjekk det i fjor: Berga plassen i 3 divisjon Beste prestasjon: 10. plass 3. divisjon

– Vi må tore å spele ball Ny trenartrio og ungdommeleg mot er ingrediensane i talentfabrikken Larsnes/ Gursken si oppskrift for suksess komande sesong. Der møter dei lag heilt ifrå Bergen. – Vi må tore å spele ball, vi må eige ballen. Det er slik vi skal slå motstandarane våre, også dei som kjem lan vegs ifrå, seier LGFK-trenar Torbjørn «Tobben» Rekdal jr. Allereie i første serierunde må LGFK hive seg på bussen til Årdal, inst inne i Sognefjorden, for å spele kamp. Også divisjonskollega Bergsøy må reise langt for å møte dei same laga.

Vi er gode på å utvikle talent her på Søre. Torbjørn «Tobben» Rekdal jr. Hovudtrenar Larsnes/Gursken Faktisk så er halvparten av laga i avdelinga frå Nordfjordeid og sørover. Larsnes/Gursken berga plassen i fjor med eit naudskrik, men vil ikkje kvile på laurbæra av den grunn. Hovudtrenar Torbjørn «Tobben» Rekdal jr., assistenttrenar Karl Alsaker og keepertrenar Edvard Inge Rek-

Trenartrioen: Keepertrenar Edvard Inge Rekdal (f.v.), assistenttrenar Karl Alsaker og hovudtrenar Torbjørn «Tobben» Rekdal jr. utgjer den nye trenartrioen som skal løfte samarbeidslaget Larsnes/Gursken vidare.

dal utgjer den nye trenarkonstellasjonen, som skal gi samarbeidslaget som blei skipa i 2010 eit løft den neste sesongen. Både taktikk og metodar skil seg frå det føregåande trenarar har operert med, meiner hovudtrenaren. – Vi er dessutan gode på å utvikle talent her på Søre, og det skal vi halde fram med. Målet vårt er å å fram spelarar som kan ta steget oppover i systemet. Til dømes Hødd og Herd, seier «Tobben» Rekdal jr.

Fokus på samhald

To av berebjelkane i laget som tidvis herja med motstandarane på heimebana River Plate i Gursken, Preben Alexander Sætre og Christoffer Rekdal, gjekk høvesvis etter og litt før sesongslutt, til nemnde Herd i 2. divisjon. Det bekymrar like-

vel ikkje «Tobben», som er onkel til Christoffer, nemneverdig. – Vi har hatt ein god treningsvinter, og greie resultat i treningskampane (0 3 mot Brattvåg, 2 2 mot Hareid og 4 1 over Ørsta). Vi har stort fokus på å betre ferdigheitene våre, men også samhaldet i gruppa, seier «Tobben» og legg til avslutningsvis: – Held vi troppen vår, som er relativt tynn, skadefri, så trur eg vi kan gjere ein god figur komande sesong. Det er nok mest realistisk med ei plassering midt på tabellen, men vi tillet oss likevel å ha høgare ambisjonar. Det hadde vore kjempeflott med ei plassering blant dei tre-fire beste.

Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no

Vil ha meir jubel: Dette knipset er frå kampen mot AaFK 2 heime på Larsnes Stadion i fjor sommar. Anders Vaagen (t.v.) og Preben Sætre, som no er i Herd, jublar for nettkjenning. FOTO: OLE-OTTAR HØGSTAVOLL.


TORSDAG 27. MARS 2014 23

– Må byggje opp heilt nytt lag Med store utskiftingar i laget og særs unge erstattarar, vil Åram/VanKam først og fremst satse på å byggje opp att laget komande sesong. – Vi har mista spelarar som Ole Per Kragset og Ole Theodor Hovden, i tillegg til mange fleire rutinerte karar. Det blir med andre ord ei utfordring denne sesongen, men den tek vi på strak arm, seier Øyvind Myklebust, som tok over trenargjerninga etter at Lars Petter Rønnestad gav seg. Nemnde Ole Per Kragset blir hjelpetrenar.

– God treningsvinter

Tidlegare i vinter var trenaren usikker på kvar laget står framføre sesongen, mellom anna etter eit 0 2 tap mot Larsnes/ Gursken, men etter to solide treningskampar dei siste vekene er optimismen stor i ÅVKleiren. Mot divisjonskollega Åmdal blei resultatet 5 2, medan det blei 4 0 siger over Selje i den andre kampen.

Åram/Vankam: Bak f.v.: Sondre Hasund, Markus Bjørneset, Ole-Petter Storeide, Sindre Thue, Elling Flister, Andreas Nystøl, Carl-Even Grande, Anders Mitbø, Vegard Prozenko, Ole-Per Kragset. Framme f.v.: Øyvind Myklebust. Erlend Kragset, Sander Iversen, Kevin Hestholm, Robert Midtbø, Trygve Nordhagen, Sigve Støylen, Jon Thue. – Vi har hatt ein god treningsvinter, laget byrjar å falle på plass. Vi er likevel ei svært ung spelargruppe, men trenings-

frammøtet er godt. No treng vi mest av alt tid til å byggje opp eit nytt, sterkt lag på sørlegaste Søre, seier 27-åringen Mykle-

bust, eldstemann på laget.

Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no

Breidde framfor satsing Anført av trenar Preben Hestad, den tidlegare målkongen i Bergsøy, ynskjer Tjørvåg IL å hevde seg i 6. divisjon komande sesong. Men det er først og fremst breidda dei ynskjer å satse på.

Tjørvåg, med spelarar frå fleire av bygdene i indre Herøy, har hatt ei flott tid dei siste åra. Klubben fekk for ikkje lenge sidan kunstgrasbane og tilhøyrande tribuneanlegg. Snart vil også ein aktivitetspark vere på plass, for små og store i heile krinsen.

Sponsorar

Tjørvåg er også kjent for å ha gjort ein god jobb med sponsorar, med eit årsbudsjett på rundt éin million kroner. – Det viktigaste for klubben er å sikre bebuarane i krinsen eit godt tilbod, meiner Alagstrenar Preben Hestad. Framføre årets sesong har den tidlegare storscoraren god tru. Det ser lovande ut framfor

Åram/ VanKam (5. divisjon)

Keeper: Fredrik Midtbø, 1993. Kevin Hestholm, 1992 . Ivar Krokvik, 1964. Forsvar: Erlend Kragset, 1992 Andreas Nystøl, 1998. Øyvind Myklebust, 1986. Marcus Bjørneseth, 1998. Trygve Norhagen, 1984. Midtbane: Elling Flister, 1988 Anders Midtbø, 1992. Sindre Thue, 1997 . Sondre Hasund, 1994. Ole Petter L Storeide, 1997. Vegar Prozenko, 1994. Sigve Støylen, 1988. Per Gunnar Lundehaug, 1994. Angrep: Carl Even Grande, 1992. Jon Thue, 1997. Sander Iversen, 1998. Ådne Seljeset, 1995. Med i treningsgruppa: Oddvin Kragset. Robert Midtbø. Anders Bellen. Oskar Vik. Martin Storeide . Avgang: Ole Per Kragset, Ole Theodor Hovden, Runar Å Løvoll, Torgeir Halsen, Stian Bellen, Vegar Krokvik, Magne Brobakke, Henning Sætre, Per Arne Ekremsæter Hovudtrenar: Øyvind Myklebust Hjelpetrenar: Ole Per Kragset Oppmann: Ole Jonny Bellen Slik gjekk det i fjor: Nedrykk frå 4. divisjon Beste serieprestasjon: 4. plass 3.div (2000)

Tjørvåg

(6. divisjon)

Tjørvåg: Bak f.v.: Alec Sandvik, Rami Abdalla, Pål Olav Myrvågnes, Eldar Aspevik, Remi Vattøy, Lasse Myrhol, Gunnar Aspevik, Curt Åge Hauge, Oskar Hovlid, trenar Preben Hestad. Framme f.v.: Ole Erik Nykrem, Håkon J. Vågsholm, Andreas Vatne, Audun Gjerde, Erling Andreas Kirkenes, John Steffen Vattøy, Daniel Nedreberg, Tommy Beddari. Liggjande: Rolf Henning Klungsøyr (speler ikkje fast som keeper).

sesongen, med godt frammøte på A-treningane. – Det er ein stor skilnad frå i fjor, då det før sesongen berre var 7 8 spelarar vi visste var med. I år har vi over 20 spelarar i stallen, og med knepent

tap for Hasundgot (treningkamp, 0 1) lovar det bra, seier Hestad og legg til: - Sjølv om vi gjerne vil vinne kampar, er vi mest opptekne av å ha flest mogleg folk som vil komme og trene, felleska-

pet og det å ha det artig. Godt samhald og utvikling i klubben er viktigast.

Ole-Ottar Høgstavoll ole.ottar@vikebladet.no

Keeper: Ingen Forsvar: Eldar Aspevik, 1985. Jason Osorio, 1978. Rami Abdalla, 1986. Gunnar Aspevik, 1985. Daniel Banados, 1985. Rolf Henning Klungsøyr, 1986. Mark Anthony Solvåg, 1984. Andreas Lassen Grov, 1987. Oskar Hovlid, 1979. Midtbane: Tommy Sporstøl, 1992. Erling Andreas Kirkenes, 1992. Ole Erik Nykrem Røyset, 1984. John Ingvald Worren, 1983. Remi Vattøy, 1986. Daniel Nedreberg, 1987. Andreas Vatne, 1994. Audun Gjerde, 1994. Angrep: Håkon Vågsholm, 1992. Lasse Myrhol, 1976. Curt Åge Hauge, 1978. Tommy Beddari, 1994. Pål Olav Myrvågnes, 1995.Henrik Lillenes, 1995. Trenarar: Preben Hestad og Alec Sandvik Oppmenn: Ole Erik Nykrem Røyset og Eldar Aspevik Siste års plassering: 3.plass, etter ein tung haustsesong. Beste prestasjon: Kvalifisering til 4. divisjon.



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.