Seriestartmagasin 2015

Page 1

SERIESTART 2015

FOTO: PER WERKLAND

klart for nye eventyr


14 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

– Då ballen byrja å rulle, så rulla den fort •

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no

I april spelar Hødd sin første seriekamp på nye Høddvoll, men planen var ikkje alltid at ein skulle ende opp med eit heilt nytt anlegg.

– No ligg det sånn til rette at eg gjerne skulle ha vore 14 år sjølv. – Litt av utfordringa på anleggs­ sida, relativt mange år tilbake i tid då klubblisensen vart inn­ ført, var at det kom ein del krav om kva eit anlegg for toppfot­ ball skal innehalde av fasilitetar. Det går på alt frå bana, med un­ dervarme og flaumlys, til rom­ behov, garderobar, behandlingsrom og liknande. Den største utfordringa vår på gamle Høddvoll var at vi verken hadde undervarme, ikkje flaum­ lys eller garderobefasilitetar som stetta krava, verken i stor­ leik eller omfang. André Nevstad, sportssjef og dagleg leiar i Hødd, sit på eit mø­

terom på Høddvollhuset og ser utover klubben si flunkande nye heimebane. – No ligg det så godt til rette at eg gjerne skulle ha vore 14 år sjølv, fortel ein blid Nevstad.

Sette strek over Høddvoll Arena – Vi har sett på ulike løysingar. Kunne vi gjere noko med gamle Høddvoll? Få gjort det som måtte til for å møte klubblisenskrava. Det ville uansett blitt ein ganske stor kostnad utan at ein hadde fått eit nytt konsept eller eit nytt stadion. Nevstad fortel at Hødd også var gjennom eit forprosjekt for «Høddvoll Arena». ­ Det blei alt for kostbart og det måtte vi sette ein strek over. I staden la Hødd planar for å

byrje ei renovering av gardero­ bane på Høddvollhuset. – Det var nok berre nokre ve­ ker frå at vi starta opp rehabilite­ ringa. Det ville vi ha nytte av uansett. I 2011 byrja ballen å rulle for den nye Ulsteinhallen. Ein god idé som enda som fleirbrukshall for både friidrett, handball og andre idrettar. – Då kom også denne mogeleg­ heita. Kva med å bygge eit fot­ ballstadion på nedsida av hallen, der ein ser på eit sambruk av fa­ silitetar? Det er litt slik Sogndal har gjort det, fortel Nevstad. Utbetringa av garderobane blei sett på vent, medan ein i staden byrja å arbeide inn mot Ulstein kommune for å realisere ikkje berre ein hall, men også ein ny fotballarena.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

1

2

1: Hødd er den nest største klubben på Sunnmøre og med nye Høddvoll har idrettslaget fått endå betre vilkår for å drive spelarutvikling frå dei yngste spelarane og opp til toppfotballen. Nye Høddvoll kan skilte med heile 3000 sitjeplassar under tak i tillegg til ei ståtribune. Totalkostnaden for det nye anlegget kjem på om lag 50 millionar kroner. FOTO: PER WERKLAND

– No ligg det så godt til rette at eg gjerne skulle ha vore 14 år sjølv

André Nevstad, dagleg leiar og sportssjef i Hødd.

3

2: Gjennom sambruk med Ulstein vidaregåande skule blir roma i det nye anlegget brukt gjennom heile dagen. På dagtid er dei brukte som klasseog grupperom for skulen, medan dei blir gjort om til mellom anna VIP-lokale og presserom når Hødd skal spele kampar. FOTO: HØDD FOTBALL

3: Også for Blåsarane blir det ein ny kvardag på nye Høddvoll. Sparebanken Møre-tribuna på sørsida av nye Høddvoll gir Hødd fleire sitjeplassar, medan Blåsarane har fått si tribune på austsida av anlegget. Her ser vi nokre av dei høglydte og entusiastiske supporterane under kampen mellom Hødd og AaFK. FOTO: PER WERKLAND

– Eg hugsar første møtet vi hadde med Leif Ringstad. Det var eg, Jogeir Romestrand og Bård Dalen. Etter det byrja ballen å rulle og då rulla den fort. Det vart mykje møteverksemd både inn mot administrasjon, politikarar og fylkeskommunen. Nevstad fortel at Hødd vart møtt med mykje positivitet og tidleg i 2012 vart det klart at kommunen gjekk inn for prosjektet. – Eg har sagt at 2012 var eit ekstremt viktig og historisk år for Hødd. Både fordi vi vann cupfinalen, men ikkje minst for fotballframtida med tanke på at vi endeleg kom fram til ei løysing som var midt i blinken. Nevstad legg til at nye Høddvoll vart selt inn som eit prosjekt som ikkje berre var viktig

for ei vidare toppfotballsatsing i Hødd, men også for utviklinga av heile klubben.

Sertifisert for Tippeligaen

– Det er jo også slik med prosjekt at eigentleg hadde vi ein tanke om å få bygd ei tribune, få fellesfasilitetar, implementere garderobe og VIP-område. Vi hadde tankar om ei kunstgrasbane og å flytte ståtribuna frå gamle Høddvoll. Det var steg 1. Etter kvart utvikla nye Høddvoll seg, mellom anna gjennom utvikling av austsida av stadion, noko som har ført til at klubben både fekk plass til ståtribune men også heile 3000 sitteplassar under tak. – Då gjekk vi frå eit anlegg for 1.-divisjon til å få eit som også

er sertifisert for å spele Tippeligafotball. Med nye Høddvoll der Ulstein kommune står som eigar, står Hødd for kostnadane ved å halde anlegget. – Den kostnaden er slik at vi kan forsvare å ha dette anlegget. Dersom Hødd skulle bygd sjølv, og det berre skulle vere vi som disponerte det og alt var tilpassa fotballen, så ville vi nok framleis ha fått eit flott anlegg, men kostnaden ville nok ha vore svært mykje høgare. Nevstad meiner konseptet med sambruk mellom Ulstein vidaregåande, andre idrettar og fotballen er noko fleire klubbar bør sjå på. – Det er ikkje så veldig mange klubbar som kan bygge eit anlegg heilt åleine.

Må levere ute på bana

– Anleggsutvikling er også sportsleg utvikling, og det at vi har fokusert på anlegg er ein av grunnane til at vi har klart oss som toppklubb også i moderne tid. Dette er eit anlegg for framtida, som vi kan utvikle vidare. Det er ekstremt viktig om ein skal kunne lukkast sportsleg. Nevstad understrekar at sjølv om stadion er ny og det er mykje entusiasme rundt Hødd for tida, så vil laget sin prestasjon vere veldig viktig for å halde oppe stemninga. – Om eit år er det ikkje like spanande å gå inn på nye Høddvoll. Vi må halde oppe trykket på det sportslege.

2015 15


16 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

– Vi er betre samkøyrde LA MANGA: Sindre Eid og Steinar Lein har leia Hødd eitt år. No har både trenarane og spelarane i Hødd eit klarare bilete av korleis laget skal spele.

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no Etter å ha vore assistenttrenar for Lars Arne Nilsen tok Sindre Eid over som hovudtrenar for Hødd i januar 2014. Kort tid etterpå vart det klart at den tidlegare Rosenborg og Haugesund-spelaren Steinar Lein vart med som assistenttrenar i Hødd. – Kva kan vi seie Lein? Vi har sjølvsagt blitt meir samkøyrde enn i fjor. Sjølv om vi kjende kvarandre frå før så hadde vi ikkje arbeidd saman som trenarar. No har vi nok blitt endå flinkare og tydelegare på å fordele arbeidsoppgåver, og på kven som gjer kva på trening.

Snakkar fotball

Sindre Eid fortel at dei to tidlegare fotballspelarane stort sett alltid snakkar om fotball når dei er saman. – Alt frå enkeltspelarar til spelarutvikling, treningsinnhald og taktiske ting. Vi er betre samkøyrde og så har vi blitt betre kjende. Dei to fortel at dei brukar mykje tid saman på å planlegge Hødd sine treningar. – Det gjeld både at vi får ein samanheng på det vi driv med gjennom treningsveka, men også sjølve treninga. Steinar er utruleg dyktig på ein del av dei øvingane vi køyrer som handlar om offensiv spelestil og pasningsøvingar. Han har veldig høg kompetanse der, og då er det naturleg at han tek seg av ein del av det, fortel Sindre Eid. Trenarane seier at dei prøvar så godt som råd å spele på kvarandre sine styrkar. – Eg trur tanken til Sindre når han tok over var å skape eit godt team. Då har ein mykje av den same kompetansen, men ein har også sine sterke og svake sider. Sjølv om vi snakkar mykje fotball, og tenkjer fotball likt, så har eg styrkar på nokre område, medan Sindre har sine sterke sider. Vi utfyller kvarandre veldig godt, og såleis synest eg tanken til Sindre er sett ut i praksis, fortel Steinar Lein. Han legg til at sjølv om dei to trenarane kjende kvarandre frå tidlegare, mellom anna frå då begge spelte i FK Hauge-

På feltet: Sindre Eid instruerer spelarane under Hødd sin treningsleir på La Manga. Eid meiner både trenarane og spelarane har eit tydelegare bilete på korleis Hødd skal spele fotball, mellom anna fordi stallen var klar på eit tidlegare tidspunkt enn i Eid sin første sesong som hovudtrenar. sund, så lærte dei veldig mykje av å arbeide saman gjennom 2014-sesongen. – Både av det vi gjorde i forsesongen og vårsesongen i fjor, seier Lein. Kva var den største lærdomen de tok i løpet av fjoråret? – Det viktigaste var nok det med å få på plass ein stall på eit tidleg nok tidspunkt, seier Sindre Eid. Før 2014-sesongen tok det lang tid før alle brikkene i Hødd-laget var på plass. Mange var innom klubben på prøvespel og spelarar som Robin

Shroot, Ole Amund Sveen og Joakim Wrele signerte alle berre kort tid før seriestart. – I år har vi kome mykje tidlegare i gang med å sette ein klar spelestil og eit klart system, korleis vi ønskjer at laget skal stå fram. Vi hadde tre spelarar som kom inn etter La Manga, og då brukte vi ein del tid på å finne eit spelesystem som passa for det mannskapet som vi hadde. I tillegg fekk vi ein del skader gjennom vårsesongen som tok tid, så eg håpar at gjennom eit meir samkøyrt trenarteam og at spelarane er

på plass tidlegare så får vi også sjå eit meir stabilt Hødd-lag. Eit lag som ikkje svingar så mykje i prestasjonane, fortel hovudtrenaren.

Treng tid for å bygge lag

Steinar Lein meiner trenarane i Hødd har fått arbeidd seg djupare inn i materien, og at det vil gjere det lettare å vere Hødd-spelar. – Dei skal vite meir kva dei har å forholde seg til. Det vil føre til at dei kjenner att situasjonar og veit kvar løpa skal gå, kvar medspelarane vil vere.

Der trur eg vi har teke veldig store steg, seier trønderen. Sindre Eid legg til at det ikkje er gjort i ei handvending å bygge eit lag. – Det er noko som tek tid, og det verkar slik på oss også. Vi har kome lenger enn vi hadde på same tid i fjor, og spelarane kjenner meir til korleis vi skal spele i mykje større grad. No seier Eid at ein ønskjer å spele i 4-3-3. I fjor eksperimenterte Hødd ei stund for å finne fram til ein måte å spele på som passa stallen. – Vi arbeider hardt med for-


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

Med Sandal: Steinar Lein, her saman med Erik Sandal under ei treningsøkt på La Manga. Steinar Lein kom inn i trenarapparatet til Hødd våren 2014. På treningsfeltet på La Manga var det ofte Lein som tok seg av øvingane spelarane måtte gjennom, medan Sindre Eid kunne observere spelarane.

masjon, og det er tilbake til det med å vere tydelegare. Det er vår måte å spele på, og så arbeider vi steinhardt med det. Samstundes må ein tenke på å kunne spele annleis, men eg trur det er viktig for spelarane at vi er klare på korleis vi ønskjer å spele. Det blir lettare for dei.

Meir å spele på

I 2014 hadde Hødd ein sesong der det var stor skilnad på heimebane og bortebane. Mange

lag kom til Høddvoll med ein plan om å ligge lågt og køyre overgangar, og Hødd sleit i periodar med å finne ut av dette. Det førte til at laget stod att med berre fem sigrar på femten heimekampar. – Eg trur det har ein del med innstillinga til spelarane å gjere også. Når vi reiste på bortekampar så hadde dei ei innstilling om at vi måtte vere skikkeleg gode defensivt, medan dei nok følte at ein skulle spele meir rundt motstandara-

ne heime. Det er ikkje slik det er i førstedivisjon, fortel Steinar Lein. Han seier Hødd har drilla mykje på å spele seg ut bakfrå og på spel mot etablert forsvar. – Det har vi gjort med bakgrunn frå det som skjedde i fjor. Vi sleit mot lag som la seg bakpå, men var gode når vi fekk ligge lågt og kunne kontre på bortebane. Det gjekk litt i ball for oss når vi skulle styre spelet på heimebane. Før sesongen har Hødd sig-

nert tre offensive spelarar som alle var toppscorarar i sine klubbar i fjor. Har de fleire strengar å spele på denne sesongen? – Det vil eg tru. Vi har også spelarar i klubben frå tidlegare som er målscorarar. Når Erik Sandal er tilbake og Eirik Ulland Andersen også, i tillegg til Joachim Magnussen som har scora i fire treningskampar på rad, så har vi mange som kan score mål. Tida vil vise om vi får ein toppscorar, men det er heller ikkje det viktigaste. Det mest interessante er kor mange mål laget scorar totalt. Det kan kome frå fleire, og det er spanande at vi har spelarar med ulike offensive kvalitetar. Det er noko vi må prøve å utnytte, meiner Sindre Eid.

Tynnare bakover

Medan konkurransen offensivt er svært tøff i Hødd, med mange spelarar som kan spele i dei same posisjonane, er det noko tynnare i dei bakre rekkjene. Av spelarane som har A-kontrakt er det berre på venstrebacken Hødd har to faste innslag. – Ideelt sett skulle vi nok hatt inn ein spelar ekstra defensivt. No er ikkje vindauget stengt endå, så vi får sjå kva som skjer. Vi har leita etter ein forsvarsspelar til utan å lukkast. Eid legg samstundes til at Hødd har spelarar som Martin Mork Breivik som var med til

2015 17

La Manga, Ole Amund Sveen som kan gå inn på stopparplass, samt nye Christoffer Aasbak som også kan spele sentralt. – I stallen har vi mogelegheiter. I tillegg har vi ein veldig spanande spelar i Audun Øvrelid, som dessverre har vore skadd heile vinteren, seier Eid. – Vi må forholde oss til spelargruppa som vi har, og så må vi arbeide knallhardt både med dei offensive og dei defensive spelarane. For oss handlar det om å utvikle dei vi har til å verte endå betre. Det er vårt fokus, skyt Steinar Lein inn. Sindre Eid fortel at hovudfokuset til trenarane vil vere på å vinne fotballkampar, men samstundes ønskjer ein å leggje til rette for at unge, lokale spelarar skal kunne ta steget opp. – No har vi ein a-stall på 17 spelarar og det betyr at vi har opningar for unggutar heile vegen. Det er viktig for Hødd å klare å få fram spelarar frå eigen rekruttstall. Sondre Beite og Martin Mork Breivik var med Hødd til La Manga, og Eid meiner det viser at det skjer ting også i Hødd sine yngre rekkjer. – Det er tøft å bli toppspelar i dag, men at det er spelarar i Hødd som har føresetnadar for å bli det er det ingen tvil om, seier Eid. – Det er noko som blir diskutert nesten dagleg på kontoret, slår Steinar Lein fast.

Foto: Arne Flatin

Stolt SponSor

Lykke til med sesongen! I over 60 år har Tussa vore ein bidragsytar til lokal verdiskaping. Det har vi tenkt å halde fram med. Vi støttar topp og breidde i lokal idrett. Saman med folket på Sunnmøre har vi kraft til å skape tusenvis av draumar og ei og anna stjerne. ussa.


18 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Unge og offensive

LA MANGA: Begge er 21 år og kom nesten samstundes til Hødd, men vegen fram har vore ganske ulik for Christoffer Aasbak og Torbjørn Kallevåg.

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no Medan Christoffer Aasbak var fleire år i Rosenborg og spelte over 30 aldersbestemte landskampar for Norge, gjekk vegen for Torbjørn Kallevåg frå 4.-divisjon med Bremnes til Vard Haugesund. - Eg har aldri vore på noko slags landslag eller noko slikt, berre på kretslag, fortel Torbjørn. Då han kom til Vard Haugesund i 2011 spelte laget i 2.-divisjon, men han fekk også med seg om lag 15 kampar då laget spelte ein sesong med i 1.divisjon. I 2014 spelte både Aasbak og

Kallevåg for kvar sin 2.-divisjonsklubb. Kallevåg i Vard, medan Aasbak spelte for Byåsen. - Det er sjølvsagt ein del skilnad på 2.- og 1.-divisjon. Ein ser det spesielt på at det ikkje er så stor forskjell på den beste spelaren og den dårlegaste. Det er mykje jamnare, meiner Christoffer Aasbak. - I 2.-divisjon møter ein gjerne nokre spelarar som er litt dårlegare enn dei beste. Nokre som er veldig gode og nokre som er dårlegare, men her er dei fleste ganske jamnt gode, skyt Kallevåg inn.

- Eg har budd heimefrå sidan eg var 16, men no er det litt lenger vekk. Det handlar mykje om det same, om å prøve noko nytt. Samstundes er her eit veldig godt miljø for trening, gode trenarar og heile pakken. Det gjer det veldig spanande å kome til Hødd og Ulsteinvik, meiner Torbjørn Kallevåg.

Lett for nykomarane

Målscorar: Torbjørn Kallevåg scora sitt første mål då Hødd slo Brattvåg i ein treningskamp på Nye Høddvoll.

Vil spele mykje

Begge nykomarane til Hødd har fått vist seg fram ein del i oppkøyringa, men så langt er det Aasbak som har fått mest speletid av dei to. - Eg håpar at eg skal få spele så mange kampar som mogeleg, men det er stor konkurranse om den plassen. Eg trur at Ruben og eg kan pushe kvarandre. Det blir vi betre av.

Medan Christoffer Aasbak og Ruben-Kenneth Brandal gjer opp om venstrebackplassen, er det fleire om beinet på dei offensive posisjonane i Hødd. - Eg vil jo også spele mest mogeleg, men eg må berre arbeide hardt og satse på å ha ein plass i laget når serien startar opp, fortel Torbjørn Kallevåg.

Miljøskifte

- Det er for å prøve noko nytt, få eit miljøskifte. Flytte frå alt. Eg var veldig gira på det når eg fekk denne sjansen. Så langt trivst eg veldig godt, og eg håpar det blir bra også på fotballbanen, seier Christoffer Aasbak.

Begge nykomarane har kjenningar i Hødd. Medan Kallevåg har vore i Vard Haugesund saman med Eirik Ulland Andersen og Steinar Lein, spelte Aasbak saman med Michael Karlsen i Rosenborg. - Eg var glad for at han var her. Då hadde eg nokon å lene meg litt på då eg kom. Dei to slår fast at det har vore enkelt å kome inn i miljøet på Høddvoll. - Heilt supert! Det er berre kjekke karar, seier Kallevåg. - Vi er mange på omtrent same alder og litt i same situasjon, meiner Aasbak.

VI TJUVSTARTER

SESONGEN!

, 9 9 2 1

NAKAMURA RAPTOR/WILDCAT 16 TIL BARN Nakamura Raptor/Wildcat har dempegaffel og fete dekk. Lav ramme og høyt styre gir en god sittestilling og bra kontroll. Pedal bakbrems og felgbrems foran gir

ytterligere økt sikkerhet og gjør syklingen morsom og trygg. Leveres med skjermer og støtte. Jentemodellen leveres også med kurv. Passer aldersgruppen 4-6 år.

3499,-

NAKAMURA TORQ/MODE 26

Torq 26 er en robust brukssykkel til skole og fritid. Alu-ramme, Shimano girutstyr, Suntour dempegaffel og kraftige Tektro skivebremser.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

2015 19

Nye i blått: Torbjørn Kallevåg kom frå Vard Haugesund medan Christoffer Aasbak kom frå Byåsen tidlegare i år. Dei to 21-åringane håpar på mykje speletid i Hødd-drakta og begge har vist lovande takter i oppkøyringa til den nye sesongen.

NORHEIM GRANITT 2.0 TURBUKSE TIL DAME OG HERRE

399,-

Lett og luftig bukse i behagelig stretchmateriale.

699,-

399,-

BERGANS SOLEIE TEE TIL DAME OG HERRE

Bergans letteste ulltøyserie utviklet for all slags vær – også om sommeren. Soleie er tynne og lette plagg.

! T E H Y N

449,-

rull fra Ka Tynn somme ns første joggetur re -perfekt for vå • Tynn 100% merino sommerull • Varmer på kjølige dager • Puster på dager med høy aktivitet

449,-

1099,-

1399,BERGHAUS FREEFLOW II 30 LTR

Ryggsekk med Freeflow V bæresystem som gir svært god lufting mellom ryggen og sekken.

BERG GANS MICROLIGHT JAKKE TIL DAME OG HERRE

Superlett og vindtett jakke i et meget fleksibelt stretchmateriale. Minimalt pakkvolum. Fast hette.

SALOMON SPEEDCROSS 3 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

Lett og rask terrengløpsko. Syntetisk beskyttende tåkappe. Sensifi t fotholdsystem. Quicklace hurtigsnøring. LWM-chassis. EVA mellomsåle. Contagrip® yttersåle.

1299,-

STRAUMANE ØRSTA BLÅHUSET ULSTEINVIK • TELEFON 40 00 70 75

AMFI ØRSTA • TELEFON 45 48 72 00


20 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

- Eit veldig spesielt år LA MANGA: Etter ein marerittsesong i fjor med berre 20 minutt førstelagsfotball er Erik Sandal endeleg tilbake for fullt i Hødddrakta.

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no Erik Sandal går inn i sin 11. sesong i Hødd. Han er den av dagens Hødd-spelarar som har klart flest kampar for klubben, og den som har vore lengst i Hødd. Det vil seie at Sandal er ein av dei verkelege kontinuitetsberarane i klubben. – Det har vore både oppturar og nedturar i løpet av desse åra, og frå då eg kom til Hødd til no, så har det blitt ein heilt anna klubb. Til det betre. Erik Sandal meiner Hødd har utvikla seg mykje, både sportsleg og økonomisk, sidan han kom til Ulsteinvik i 2005.

ke i august, at ein skulle vere med å kjempe om plassen på laget. I staden blei det eit skikkeleg slag i trynet, der ein nesten ikkje klarte å gå to dagar etter kampen. Då var eg langt nede oppe i hovudet. Det blir ei enorm mental påkjenning. Sandal fortel at sjølv om han har vore gjennom fleire operasjonar det siste året, så er det den mentale biten som har vore tyngst. – Å trene seg opp att har eigentleg vore ei glede, for då har eg hatt noko å sjå fram til. Sandal fortel at sjølv om han var langt nede då det vart klart at han måtte til på ei ny opptrening, så mista han ikkje motivasjonen av den grunn. – Eg fekk kjenne litt på fotballsmaken og kor mykje det betyr. Eg var så gira på å kome tilbake. 31-åringen fortel at han byrja å spele fotball som 5-åring, og at han enda opp med å bryte foten på første trening. – Eg har sagt til meg sjølv at eg ikkje skal ende karrieren mi med eit beinbrot.

– Vi er på rett veg, og det er veldig positivt for meg som har vore her så lenge at ein ser den forandringa. Sandal har vore med på alle dei store Hødd-oppturane dei siste åra, med NM-gull i 2012, kamp om opprykk i 2013, samt Europacupspel. – Det er i hovudsak dei store oppturane, og sjølvsagt debuten. Den var veldig spesiell, med veldig mykje sommarfuglar, så den hugsar eg veldig godt.

Spelte 20 minutt på eitt år

Men etter ein del store opplevingar med Hødd dei seinaste åra, gjekk det gale for Sandal i romjula 2013. Eit brot i foten førte til at midtbanespelaren måtte operere fleire gongar. I slutten av august var Erik Sandal endeleg tilbake for Hødd på Høddvoll, då han fekk i overkant av 20 minutt mot Sandefjord. Dessverre blei det med den eine kampen for førstelaget, før Sandal måtte kjempe med ei ny skade. – Det var eit veldig spesielt år. Eg trudde eg endeleg var tilba-

Gode støttespelarar

Med så lange skadeavbrot som Sandal har vore ute med, har det vore godt å ha nokon å støtte seg på. – Sambuaren har vore saman med meg så lenge, og kjenner meg så godt at når eg er langt nede, så har ho vore veldig flink til å motivere meg. Og så har vi hatt noko å sjå fram til med ein baby som vi fekk for ein månads tid sidan. Sandal seier sambuaren har vore veldig viktig på dei tunge dagane. – Når ting ikkje har fungert så har ho motivert meg, og i tillegg så har eg ein far som har følgt meg veldig godt opp. Det er i hovudsak dei to som har betydd veldig mykje i desse opptreningsperiodane. – Far min var fotballspelar sjølv, og då han var 18 så knuste han foten. Han veit kor tungt det er å kome tilbake. Dei sa han ikkje kom til å gå igjen, men han skulle gå. Det set ting i perspektiv, og ein ser at min skade var ikkje

? E K S Å P R U T TOPP

så gale, og at ein kan trene seg tilbake. Sandal seier også at Hødd sin fysiske trenar, Manu Torres, har hatt eit viktig arbeid med å følgje opp den skadde spelaren og legge til rette treninga på best mogeleg måte.

Skal kjempe om plassen

Sandal har blitt spelt forsiktig inn i Hødd-laget, med korte innhopp i fleire av treningskampane. – Målet mitt er å kjempe om ein fast plass, sjølv om konkurransen er veldig tøff. Det er ikkje berre å spasere inn i laget. Den konkurransen meiner Sandal berre er sunn. – Vi er ei prestasjonsgruppe. Kanskje er ikkje alle på topp heile tida, og då er det andre som er i betre form som kan kome inn. Vi må jobbe knallhardt kvar einaste dag. Har du noko mål denne sesongen? – Eg skal spele så mange kampar som mogeleg for førstelaget og ha gode opplevingar på bana.

ILL.BILDER

K2 / ck y a W baack b k l Ta

÷40% 9,Før 5999,nå 359

, 9 769

INKL. BINDING

K2 WAYBACK/TALKBACK 88 M/DYNAFIT RADICAL ST BINDING Skiene er blitt 150 gram lettere per ski og er en lett toppturski med gode kjøreegenskaper og et stort bruksområde. Skiene har lav vekt og er perfekte for lengre turer i fjellet. Den lette trekjernen, formen og frontrocker gjør at skiene lettere føres i urørt snø når en går med feller, samtidig som det øker oppdriften og svingegenskapene. Dynafit har lenge laget verdens beste skibestigningsbindinger, og med Radical ST tar de enda et skritt videre. De unike piggene som er bindeleddet mellom støvel og binding gir en uovertruffen frihetsfølelse, gåkomfort og kontroll på nedkjøringen.

K2 LOCKJAW ALU TELESKOPSTAV

Teleskopstav i aluminium til frikjøring og topptur med komfortablet håndtak med godt grep og polstret reim. Staven har påmontert inclinometer slik at man lett kan måle risikoen i terrenget. ”Toolless” justering og skrudde trinser gjør også staven enkel i bruk.

FØR 899,-

, 9 9 6

NER N I K S G G Y R E L L A

% 0 7 0 ÷5 ALLE HJELMER

% 0 5 0 2 ÷ ILL.BILDER


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

2015 21

Endeleg tilbake: 2014 blei eit tungt år for Erik Sandal med to lange skadeavbrekk. Denne våren er han tilbake i Hødd-drakta og han har fått spele meir og meir i løpet av oppkøyringa. No satsar han på å vere med i den tøffe konkurransen om plassane i Hødd si startoppstilling.

÷ 50%

ILL.BILDER ILL.BILDER

KIBRIL S Y E L K A O E L L A

LER

÷ 20%

ALLE LA

T R O B L A K S D R A O B W O N S G NGRENNSSKI, ALPINSKI O

% 0 7 0 ÷5 ILL.BILDER

G-SPORT HOFSETH G-SPORT ØRSTA G-SPORT STRYN G-SPORT VOLDA ULSTEINVIK. TLF. 45 47 51 00

TLF. 45 29 38 00

TLF. 57 87 23 80

TLF. 70 07 73 48

Illustrasjonsbilder

ERTIND T IT L G , S S O V S MADSHU ONDRE FJELLSKI O G ÅS N E S S

! E S N A J S S I ST E


22 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Tilbake i Hødd: I 2011 vart Michael Karlsen toppscorar i sin første sesong i Hødd. Deretter gjekk det tyngre for spissen, som reiste heim midtvegs i 2012-sesongen. No er Karlsen nokre år eldre, har meir erfaring og tilbake i Hødd-drakta. No handlar mykje om å få det beste ut av angriparen, slik at Mikke nok ein gong kan finne nettmaskene for Hødd.

- Ei vaksnare utgåve

LA MANGA: Han vart toppscorar i sin første sesong i Hødd. No er Michael Karlsen tilbake i Ulsteinvik. Blir han toppscorar også i returen?

– Eg gjekk glipp av semifinalen mot Brann, som eg høyrte var heilt kanon og fest på Høddvoll. Det var sjølvsagt litt bittert, men eg kunne ikkje tenke på det. Eg fekk også vere med laget gjennom heile cupfinalehelga og det gjorde opplevinga ein del betre, men eg skulle gjerne ha spelt den cupfinalen.

• Andreas Bjerknes

Har lært mykje

andreas.bjerknes@vikebladet.no – Ja, eg håpar på det. Samtidig så er ikkje det viktigaste at eg scorar, men at laget gjer det og at vi vinn fotballkampar. Eg trur likevel at vi tener på å ha ein målscorar og eg kan godt ta på meg den jobben. Karlsen synest Hødd har sett bra ut i oppkøyringa, og med to andre nykomarar i Magnus Myklebust og Torbjørn Kallevåg som også scora mykje mål for sine tidlegare klubbar, er det fleire som kan levere mål for Hødd denne sesongen. – Det er viktig å ha både spissar, kantar og midtbanespelarar som kan score mål, så det trur eg berre er positivt, fortel Karlsen. I 2012 var Michael Karlsen med Hødd-laget heilt fram til kvartfinalen mot Haugesund.

Etter berre om lag halvanna sesong i Ulsteinvik og Hødd følte Karlsen at han måtte heimover til Trøndelag. – Det var mest det at eg hadde heimlengsel. Eg var veldig ung på den tida og fekk ein del motgang. Då blir det ekstra lett å få heimlengsel og då reiste eg heim den sommaren. Er det ei vaksnare utgåve av Mikke Karlsen som returnerer til Hødd? – Ja, det er det. Eg har lært mykje på desse åra. Etter å ha vore involvert i kvar kamp etter returen til Ranheim i 2012, vart det lenger mellom kampane i 2013. Til saman blei det berre to seriekampar frå start og eitt mål. Difor enda Karlsen på utlån i 2.-divisjonsklubben Rødde sist sesong, der han gjorde sakene sine så godt at Hødd på ny

henta angriparen til Ulsteinvik. Kva er største skilnaden på Hødd i dag til slik det var sist du var i klubben? – Det er vanskeleg å seie, men det verkar som om nivået er betre på trening, ein har meir kontroll på ting, eit endå betre støtteapparat og folk vil mykje. Er Hødd gode nok til å vere med å kjempe om kvalifisering eller opprykk denne sesongen? – Ja, det trur eg. Vi har eit bra lag, slår Sogndal borte i treningskamp og har stort sett full kontroll mot Bærum sjølv om vi eigentleg spelar ein middels kamp. Det vil bli jamt og tøft, men får vi ein god start, får sjølvtillit i gruppa, og klarar å vere kyniske nok på bortebane så kan vi bite godt frå oss. Topp seks bør vere målet. Det var mange omveltingar i Hødd før 2014-sesongen. Sindre Eid tok over som trenar og det tok lang tid før klubben fekk på plass A-troppen. No ser det ut til at Hødd har lært, og fire nye spelarar var på plass før første treningskamp. – Det betyr truleg ganske mykje. Ein brukar gjerne ein del tid for å verte kjende med kvarandre, sjå kva ein er gode på og sånt. No har vi fått spele

med heile troppen sidan januar og no byrjar vi å få laget til å sitje temmeleg godt. Karlsen har fått vist fram kvalitetane sine i løpet av oppkøyringa, både med mål, men også som eit viktig oppspelspunkt. – Det er lenge sidan eg har vore så pigg og i så god form så tidleg i sesongen. Eg har levert på dette nivået tidlegare, så det må eg berre ta med meg, arbeide hardt og så vil måla kome.

Gler seg til Brann-kamp

Det er store kontrastar i årets 1.-divisjon. På eine sida skal Hødd møte lag som Levanger og Jerv, medan Brann kjem til Nye Høddvoll i tredje serierunde. – Å møte Brann er ekstra motiverande, og eg trur dei skal få slite i år. Alle laga ønskjer å slå Brann, og eg gler med veldig til dei kjem til Høddvoll. Det blir nok kaos, med mykje folk og veldig god stemning. Etter ein litt trøblete avslutningssesong på gamle Høddvoll blir det på mange måtar ein ny kvardag for Hødd med ny heimebane frå denne sesongen. Kan Nye Høddvoll bli eit fort frå første stund?

– Eg håpar det. Det er slik det alltid har vore på Høddvoll, at folk har grua seg til å skulle spele der. No har det vore litt av og på, og det er på tide at vi gjer heimebana til ein så vanskeleg arena som det har vore tidlegare. Karlsen fortel at han trivst best på kunstgras og på Nye Høddvoll vil Hødd ha dei same baneforholda kvar einaste heimekamp. – I starten på sesongane har det alltid vore litt bob-bob på Høddvoll, vanskeleg og tøft. No har vi ei perfekt kunstgrasbane og ingenting å skulde på. No gjeld det berre å få trent der mykje, bli vane med banen og så trur eg det vil vere ein fordel for oss. Samstundes har ny stadion også ført til endå meir entusiasme rundt Hødd, med rekordmange selde sesongkort allereie tidleg i vinter. – Det verkar veldig bra. At det er selt over 1500 sesongkort er heilt fantastisk. Det er litt av grunnen til at eg kom tilbake. Interessa rundt klubben er så stor og det er så kjekt å spele når det er så mange som bryr seg. Hødd betyr mykje for folk.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

LAGERERTØMMING TØMMI ALLE MAdRASSER frå

og (enkelte unntak og gjel

så lenge lageret rekk)

K

2015 23


24 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

HØDD SIN A-LAGSSTALL 2015 Aslak Falch

Ole Monrad Alme

Jan Lennart Urke

Jonas Ingebrigtsen

Fredrik Aursnes

Ruben-Kenneth Brandal

Erik Sandal

Martin Mork Breivik

Sondre Beite

Nils-Erik Engen

Mathias Grimstad

Ole Amund Sveen

Magnus Myklebust

Torbjørn Kallevåg

Fødselsår: 1992 Draktnummer: 1 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Hundvåg, Viking, Sandnes Ulf

Fødselsår: 1995 Draktnummer: 18 Posisjon: Sentral midtbane Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1996 Draktnummer: 26 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1990 Draktnummer: 13 Posisjon: Venstreback Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1996 Draktnummer: 30 Posisjon: Ving Tidlegare klubbar: Skodje

Fødselsår: 1996 Draktnummer: 31 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Hareid

Steffen Moltu

Bendik Dybdal Torset

Fødselsår: 1986 Draktnummer: 2 Posisjon: Midtstoppar Tidlegare klubbar: SIF, Bergsøy, Larsnes/Gursken, Gursken

Fødselsår: 1989 Draktnummer: 15 Posisjon: Sentral midtbane/indreløpar Tidlegare klubbar: Larsnes/Gursken

Fødselsår: 1991 Draktnummer: 25 Posisjon: Keeper Tidlegare klubbar: Ingen

Fødselsår: 1983 Draktnummer: 7 Posisjon: Sentral midtbane Tidlegare klubbar: Skavøypoll

Fødselsår: 1996 Draktnummer: 28 Posisjon: Forsvar Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1985 Draktnummer: 9 Posisjon: Ving, spiss Tidlegare klubbar: Kongsvinger, Odd Grenland, Lillestrøm, og Gursken.

Fødselsår: 1992 Draktnummer: 21 Posisjon: Høgreback Tidlegare klubbar: Herd

Fødselsår: 1996 Draktnummer: Posisjon: Høgreback Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1990 Draktnummer: 8 Posisjon: Sentral midtbane Tidlegare klubbar: Strømsgodset, HamKam, Raufoss, Redalen

Fødselsår: 1993 Draktnummer: 14 Posisjon: Midtbane Tidlegare klubbar: Bremnes, Vard Haugesund


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

Audun Øvrelid

Bendik Rise

Joachim Magnussen

Fødselsår: 1997 Draktnummer: 10 Posisjon: Kant, spiss Tidlegare klubbar: Bergsøy, Hønefoss

Fødselsår: 1991 Draktnummer: 11 Posisjon: Spiss Tidlegare klubbar: Rosenborg, Ranheim, Rødde

Eirik Ulland Andersen

Christoffer Aasbak

Fødselsår: 1996 Draktnummer: Posisjon: Midtstoppar Tidlegare klubbar: Hareid

Fødselsår: 1997 Draktnummer: Posisjon: Ving Tidlegare klubbar:

Michael Karlsen

Fødselsår: 1992 Draktnummer: 23 Posisjon: Kant, offensiv midtbane Tidlegare klubbar: Vard Haugesund, FK Haugesund

Joakim Wrele

Fødselsår: 1991 Draktnummer: 6 Posisjon: Sentral midtbane Tidlegare klubbar: Halmstad

Benjamin Mork Kleppe Fødselsår: 1995 Draktnummer: 29 Posisjon: Ving, spiss Tidlegare klubbar:

Fødselsår: 1993 Draktnummer: 3 Posisjon: Venstreback Tidlegare klubbar: Byåsen, Rosenborg

Vegard Heltne

Steinar Lein

Fødselsår: 1989 Draktnummer: 19 Posisjon: Venstrekant Tidlegare klubbar: Hasundgot

Jesper Törnqvist

Fødselsår: 1985 Draktnummer: 4 Posisjon: Midtstoppar Tidlegare klubbar: Alta, FC Inter, FF Jaro, Umeå FC, New Orleans Jesters

Sindre Eid

Frode Gjerde

Manu Torres

Ronny Osnes

Keepertrenar

Fysisk trenar

Hovudtrenar

Keepertrenar

Assistenttrenar

2015 25


26 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Extra god påske!

pris . . d r O . hg r p 0 12.9

7900 + pant

Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handlar. Les meir om alle fordelane på coop.no/medlem Tilbodsperiode: Torsdag 26. mars t.o.m. laurdag 28. mars Atterhald om trykkfeil og utselt. Kun til private hushaldningar.

SOLO BOKSAR 12 PK. 0,33l Pr. l kr. 19,95

Extra Volda og Ørsta 8-22 (8-2


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

2015 27

Vel fritt blant pølser, burgarar, pølseog burgerbrød merka med dette symbolet.

Vi spanderer den billegaste POTETGULL/ ORIGINAL CHIPS

Maarud. Havsalt, Biff&Løk, Paprika, Classic salt, og Salt&Pepper.

2 40 FOR

COOKIES

Coop. Color, Choco chip, Karamell og Brownie Frå 150 g. Frå 50,00/kg. 1 pk. frå 14,90

2 20

Frå 180 g. Frå 72,73/kg. Pr pose 29,90

KOKEMØR 400 gr.

Pr kg kr. 74,75

FOR

SUNNIVA EPLEOG APPELSINJUICE

2 50 FOR

Tine original. 1,75 l.

Frå 14,29/l. Kartong frå 32,90

2990 7490

PÅSKELILJER

Narcis. 12 cm

Pr stk 24,90

3 2 FOR

GRILLPØLSE 3X600 G.

Gilde. 1800 g. Pr pk Pr kg 41,61

0) Extra Hareid 7-23 (8-21)

EXTRA LÅGE PRISAR


28 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

I sola: Benjamin Mork Kleppe (til venstre), Sondre Beite (til høgre) og Martin Mork Breivik (bak) var alle med Hødd til La Manga for første gong. Mork Breivik og Beite er framleis ein del av rekruttstallen til Hødd, medan Benjamin Mork Kleppe fekk ny a-kontrakt med Hødd tidlegare i vinter.

Førstereisgutane

LA MANGA: Tre unge Hødd-spelarar var med på treningsleir til La Manga for første gong denne våren.

• Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no Medan det stort sett regna og sludda heime på Sunnmøre, sette Benjamin Mork Kleppe, Martin Mork Breivik og Sondre Beite seg alle på flyet til Spania og La Manga saman med resten av Hødd-mannskapet. Spesielt for dei to sistnemnde vart dette ein sjanse til å smake litt på profflivet, sidan begge har hospitert med Hødd sitt A-lag denne vinteren.

Vart hindra av skade

Benjamin Mork Kleppe fekk si første A-kontrakt med Hødd i 2014, og i vinter vart det klart at Hødd ønskjer å ha med 19-åringen også denne sesongen. Mork Kleppe fekk ein kamp frå start, pluss fire innhopp i 1.-divisjon i 2014, men dessverre vart sesongen prega av skader. – Eg vart skadd i august og var ute resten av sesongen, så eg var ikkje tilbake før no etter jul, fortel han. No håpar han at det skal vere

mogeleg å ta att ein del av speletida denne sesongen. – Men først må eg kome tilbake for fullt. No kjennest det ikkje ut som om det er 100 prosent, seier Benjamin Mork Kleppe som har slite med ein strekk i hamstringen.

Magisk debut

Sondre Beite kom til Hødd sitt rekruttlag frå Skodje. I siste seriekamp og siste kamp på gamle Høddvoll, fekk han sin debut i 1.-divisjon for Hødd. – Vi tapte kampen, det var ikkje noko særleg, men å få spele, og å få starte kampen, det var heilt sjukt. Beite har eit sterkt ønske om å få gjenskape den kjensla fleire gongar denne sesongen. – Det var magisk, slår han fast. Tredjemann blant førstereisgutane, Martin Mork Breivik, ventar framleis på sin første sjanse i 1.-divisjon, men han har fått prøve seg i treningskampar for Hødd. Mork Breivik spelar i ein posisjon der det ikkje er all verda med konkurranse, i hovudsak berre Jonas Ingebrigtsen. – Eg håpar på fleire sjansar. Det er kanskje ei større mogelegheit i den posisjonen enn for ein del av dei som spelar lenger fram i bana. Benjamin Mork Kleppe fortel at han ikkje tenkjer så veldig

mykje på konkurransesituasjonen. – Sindre har sagt at på sikt så ser han meg som ein midtspiss, og då er det eigentleg berre Michael Karlsen eg har å kjempe med, så det ser eg ikkje så mørkt på. I tillegg kan han spele både på høgre- og venstrekanten, og det er på venstre han har likt seg aller best så langt. Kva betyr det for deg at du fekk ny a-kontrakt? – Det betyr veldig mykje. Eg var i ein del samtalar med Geir Hansen. Skaden kom på eit veldig dårleg tidspunkt, når eg verkeleg hadde sjansen til å vise meg fram, fortel Mork Kleppe. Ei stund frykta han at den skulle føre til at han ikkje fekk eit nytt tilbod med Hødd, og difor betydde det mykje å få på plass eittårskontrakten. – Det betydde mykje. Eg vil halde fram å spele fotball, og utan den kontrakten veit eg ikkje kva som ville skjedd vidare.

Kjem inn i gjengen

Medan Benjamin fekk ny proffkontrakt med Hødd, er Sondre Beite og Martin Mork Breivik framleis ein del av rekruttstallen til Hødd, og dei einaste utan proffkontrakt som var med til La Manga. – Det har vore veldig kjekt. Vi

blir betre kjende med dei andre spelarane, får trene godt under gode forhold, og føler at kjem meir inn i gjengen, seier Martin Mork Breivik. Sondre Beite kom til Hødd etter 2013-sesongen, og han synest ting har gått veldig fort etter at han kom til klubben. – Vi fekk beskjed om å sette oss mål, og i byrjinga så var målet at eg kanskje kunne få nokre treningar med A-laget. Det utvikla seg til at eg fekk min første kamp i 1.-divisjon. Kva er målet for den komande sesongen med Hødd? -Slik det har utvikla seg så har eg eit mål om å få proffkontrakt med Hødd, men eg er ikkje så utolmodig at det gjer noko, fortel Sondre Beite. – Det er sjølvsagt det same, men også å halde fram å trene med a-laget og utvikle meg vidare, få meir speletid. På sikt håpar eg at eg kan etablere meg som back på Hødd, seier Martin Mork Breivik. Benjamin Mork Kleppe seier at han håpar på å få endå meir speletid, og at han kan jobbe seg inn mot ein fast plass på laget. – Om det kjem i år? Det trur eg. Det var det eg sa då eg var i møte om kontrakt, at eg er sikker på at eg kan bidra på laget i 1.-divisjon. Då må eg ha trua på at kan bli god nok til å vere fast på laget.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

Målbevisst: Aslak Falch trivst godt i både Hødd og Ulsteinvik, men legg ikkje skjul på at han ønskjer å etablere seg som Tippeliga-keeper på sikt. Før det kan skje skal Falch og resten av Hødd-laget sørge for at Hødd ser meir solide ut på heimebane enn i 2014.

Vil tilbake til Tippeligaen LA MANGA: Aslak Falch var nøgd etter sin første sesong i Hødd, men trur laget kan verte betre defensivt denne sesongen.

kvart minutt i serien dei to siste sesongane. – Samarbeidet der har berre blitt betre og betre. Vi har blitt flinkare til å kommunisere både på og utanfor bana om korleis vi ønskjer å ha det. Falch meiner heile forsvaret har blitt meir samansveisa, og at med den store kontinuiteten på stopparplass så blir det enklare for keeperen.

• Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no

Før 2014-sesongen kom Aslak Falch frå Sandnes Ulf til Hødd. 22-åringen stod 25 av Hødd sine kampar i 1.-divisjon og etablerte seg som førstevalet på keeperplassen. – Eg synest eigentleg det gjekk ganske bra, og føler at både eg og laget har utvikla oss i rett retning. Vi har blitt ein veldig god og samansveisa gjeng som trivst veldig godt saman på trening, fortel Falch.

Vil opp og fram

Keeperen fortel at han trivst veldig godt med dei to keepertrenarane Ronny Osnes og Frode Gjerde, og med dei to andre keeperane i stallen, Jan Lennart Urke og Ole Monrad Alme. – Vi er tre keeperar som vil opp og fram, og mitt fokus er at eg skal gje alt på trening, vise at eg kan og då veit eg at eg er god nok. Ein er ikkje garantert speletid, men fokuset mitt ligg på meg sjølv. Vi støttar kvaran-

Viktig sesong

Keeperane: Ronny Osnes og Frode Gjerde (bak) har ansvar for dei tre keeperane Ole Monrad Alme, Jan Lennart Urke og Aslak Falch. dre, men tenkjer mest på oss sjølv, smiler han.

Betre struktur

Sjølv om keeperen synest 2014-sesongen gjekk nokolunde bra, så blei det fleire baklengsmål på Hødd enn sesongen før. Høddvoll-publikum fekk også med seg nokre tunge tap der baklengsmåla rann for lett inn. – Vi har sett allereie at vi har ein strammare struktur defensivt i år. No veit vi meir om kva som er styrkane til medspelarane våre og korleis vi skal opptre. Eg trur det var hovudgrunnen til at vi fekk nokre i trynet. Når det rakna, så rakna det skikkeleg. Kva har vore største skilnaden

etter at du flytta frå Sandnes til Hødd og Ulsteinvik? – Det er ein mindre by, ler Falch. Keeperen fortel at han trivst godt både i klubben og i Ulsteinvik. – Det er ikkje like stort, men eg har det eg har behov for, og det er ikkje så langt heim med fly om eg vil dit. – Sportsleg hadde eg nesten forventa eit lite steg ned, med kvaliteten på trening og slik, men den gjengen som er her vil opp og fram, så eg synest ikkje det var noko særleg forskjell på nivået. Eg vart positivt overraska då eg kom til Hødd. Framom seg på bana har Falch Steffen Moltu og Jesper Törnqvist, som begge har spelt

Kva delar av spelet ditt ønskjer du å utvikle? – Akkurat no så vil eg bli betre med beina. I den moderne fotballen ser ein at dei beste er veldig gode med begge bein. Det er eit klart mål, og så arbeider vi med å bli meir offensive og ta meir av sweeper-rolla bak firaren. Eg vil ta nye steg både som keeper og person denne sesongen. Eg har eit mål om å spele i Tippeligaen igjen, og etablere meg der. Då blir denne sesongen viktig og eg må prestere jamt og trutt gjennom heile sesongen. Halde det jamt og godt på eit høgt nivå. Kor godt kan Hødd gjere det i år? – Det er ingen avgrensingar for Hødd i 1.-divisjon. Får vi maks ut av potensialet vårt så kan vi vere med der oppe, kjempe om ein plass blant dei seks beste eller endå høgare.

2015 29


30 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Rekruttgruppa: Bak frå venstre: Trenar Kenneth Moldskred, Bendik Rise, Sondre Beite, Nils-Erik Engen, Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid, Eirik Kristiansen , Sivert Pieroth, Sindre Thue, Alexander Rekdal, Isak Skare Haanes, Eirik Saunes, Karl Gerhard Bringsvor Framme frå venstre: Sander Djupvik, William Fjørtoft, Amanuel Hagos, Elias Flø, Mattis Ringstad, Håkon Botn Brautaset, Richard Johannes Osnes, Johannes Sætrenes-Einebu, Peter Hasund, Daniel Eid, Sveinung Tilseth Sæterås, Amund Kleven Rasmussen, Johannes Sundgot, Bam Hide. Mathias Grimstad og Daniel Haanes var ikkje med på biletet.

Hødd 2 og Hødd junior 3.-divisjon senior og 1.-divisjon junior Keeper: Sivert Pieroth Richard Johan Osnes Johannes Sætrenes-Einbu Forsvar: Daniel Eid Martin Mork Breivik Audun Øvrelid Mathias Grimstad Mattis Ringstad Alexander Rekdal Eirik Kristiansen Midtbane: Elias Flø Daniel Haanes Bendik Rise Eirik Saunes Nils-Erik Engen Sveinung Sæterås Tilseth Peter Hasund Amund Kleven Rasmussen Angrep: Sindre Thue Håkon Brautaset Isak Haanes Karl Gerhard Bringsvor Sondre Beite Trenar: Kenneth Moldskred

Nye impulsar kvart år Rekruttgruppa i Hødd skal vere ein arena der lokale og regionale spelarar får sjansen til å utvikle sitt makspotensial.

• Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no – Rekruttstallen er ei gruppe som har lag på to kamparenaer, i 1.-divisjon for junior og i 3.-divisjon med Hødd 2, seier Kenneth Moldskred, som er trenar for rekruttgruppa i Hødd, eit lag der det kan vere store endringar, ikkje berre frå år til år, men også frå kamp til kamp. – Det ligg litt i naturen til jobben. Det kan vere ei utfordring, men det er også noko av det som er litt spesielt med ei slik gruppe. Du får ikkje i like stor grad bygge vidare på eitt lag eller ei treningsgruppe, men samstundes så er det noko ein blir van med. Moldskred legg til at sjølv om ein del spelarar går ut av rekruttgruppa kvart år, så kjem det også nye spelarar inn. – Det gir nye impulsar og nye personlegdomar inn i gruppa, nye ferdigheiter.

Kvalitetssikrar ein kultur

Trenaren fortel at apparatet

rundt rekruttgruppa har som jobb å legge til rette for ein kultur som er uavhengig av einskildspelarane. – Dei kjem og går i alle lag, spesielt i ei slik gruppe. Vi skal legge til rette for å kvalitetssikre ein kultur og sjølvsagt det fotballfaglege som ligg til grunn for utviklinga som spelarar. Korleis prioriterer dykk i gruppa mellom juniorlaget og Hødd2? – Vi prøvar å få det til slik at kvar enkelt spelar har ein så gunstig trening- og kamparena som mogeleg. Det handlar om kvar dei er i eit utviklingsløp. Du må kvalifisere deg til eit lag, men vi ser også litt på kva som er spelaren sine primære utfordringar. Moldskred seier at det for nokre av spelarane kan vere meir verdt å spele 90 minutt på eit nivå i staden for å spele 30 minutt på eit anna. – Det kan også vere fornuftig at nokre spelarar får utfordre seg litt ekstra på eit nivå dei ikkje er så trygg på.

Felles retningslinjer

For rekrutt-trenaren handlar det om å både kunne sjå spelarane i eit langsiktig perspektiv, samstundes som det skal setjast saman eit lag både til kampar på junior- og seniornivå. Korleis jobbar de i forhold til førstelaget? – Vi har jobba meir og meir

dei siste åra med at det skal vere nokre felles retningslinjer for spelet med og utan ball. For å kunne samhandel innanfor dei retningslinjene så er det nokre individuelle og relasjonelle ferdigheiter som er godt å ha. Samstundes seier Moldskred at ein har så mykje respekt for fotballen som kreativ kunst, at ein også må ta eit visst omsyn til den enkelte sine spissferdigheiter.

Kjernen i å drive med fotball er å vere med på å legge til rette for utvikling.

Det er langt frå alle som går gjennom rekruttstallen til Hødd som til slutt ender opp med spel for Hødd i 1.-divisjon. – Det er ein naturleg del av toppfotballen. Med nivået ein konkurrerer på og som vi skal ha på vårt a-lag, så blir det trongare og trongare å kome til. Det blir tøffare og tøffare konkurranse, likevel så er vi klare på at vi ønskjer at det skal

vere ein kvalitet og verdi i noet. Moldskred seier at førstelagsspel for Hødd ikkje skal vere den einaste målbare faktoren for om ein lukkast. – Det skal vere ein verdi i at du har gjort så godt du kan for å vidareutvikle medspelarane og dine eigne ferdigheiter.

Vil utvikle spelarar

Samstundes er det ei veldig viktig oppgåve for rekruttgruppa at det kjem opp spelarar som kan ta steget inn på førstelaget. – Vi har ei målsetjing om å vere lokalt og regionalt forankra. Vi skal vere ei mogelegheitene sin klubb, og ønskjer å maksimere potensialet til klubben og alle som er i den. At vi greier å halde fram med å jobbe fram nye lokale og regionale spelarar som tek vare på identiteten vår. Og Hødd er vel heller ikkje ein klubb som kan ta seg råd til å hente inn 11 nye spelarar kvar sesong? – Nei, og slik håpar eg det held fram. Noko av det mest gjevande og kjernen i å drive med fotball er å vere med på å legge til rette for utvikling heller enn det å setje saman eit puslespel. Så får vi heller setje saman puslespelet av noko vi har vore med på å utvikle.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

2015 31

Kollektivet blir viktig

Hødd damelag

Forsvar: Susann Kragset, Anne Marie Skar Hasund, Benedicte Nevstad, Ingrid Måseide, Maria Skar, Marthe Vik

2.-divisjon kvinner

Hødd-damene har blitt endå yngre, men har større breidde enn hausten 2014.

Keeper: Amalie Kragset, Julie Beitveit

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no – Vi har ein bra stall på 20 spelarar, ein god del gode spelarar, og i tillegg så har vi ein del veldig unge spelarar, fortel trenar Ole Per Kragset. Før denne sesongen har Hødd fått inn fleire spelarar på 15–16 år. – Der har vi seks eller sju spelarar som tek nye steg heile tida. Kragset kan glede seg over at alle spelarane som avslutta haustsesongen i Hødd blir med vidare. Det er ikkje alltid ei sjølvfølgje. – No har vi den gruppa frå i fjor, samt dei nye som er komne inn, med dei unge jentene og i tillegg så har vi fått inn Andrea Sævik. Ole Per Kragset slår fast at sjølv om det har kome til ein del nye spelarar til årets Høddlag, så vil dei vere sårbare med mange forfall. – Vi skal ikkje vere så mange som er vekke før vi blir svekka.

Midtbane/Angrep Gro Aksnes, Mari Heggen, Silje Holstad, Therese Holstad, Andrea Sævik, Ellen Nerland Aahjem, Angelica Vattøy, Hanna Møllerstad, Ingvild Ringstad, Caroline Overvåg, Astrid Oline Roppen, Julie Våge, Siril Rusten. Trenar: Ole Per Kragset Hjelpetrenar: Jesper Törnqvist

Damelaget: Bak f.v: Ingrid Måseide, Anne Marie Skaar Hasund, Astrid Oline Roppen, Amalie Kragset. Midten frå venstre: Gro-Elise Aksnes, Benedicte Nevstad, Andrea Sævik, Siril Rusten, Therese Holstad. Framme frå venstre: Marte Vik, Angelica Vattøy, Silje Holstad, Ellen Aahjem Vi er nok litt avhengig av at spelarane som har vore nokre år i klubben stort sett er med. Det blir litt ungt om vi stiller fem-seks av dei yngste. Om vi passar på å få ein fin miks utover i sesongen så blir det bra. Sist sesong hadde Hødd eit veldig sterkt lag, men troppen vart redusert av at spelarar

som Åslaug Helvig, Ragnhild Ertesvåg og Vilde Hasund forlèt klubben i løpet av året. – Vi er betre rusta no enn vi var på haustsesongen i fjor. Kragset meiner Hødd må klare å dra lasset saman. – Dei mest rutinerte, 18-åringane, må stå fram og ta ansvar. Då er vi gode. Det kollektive vil

bli viktig for oss. Kragset fortel at noko av det kjekke med å leie eit slikt lag er utfordringa i å heile tida måtte bygge eit nytt lag. – Det er eit ungt lag kvart år. Vi må utvikle oss, få fram spelarar og skape ei gruppe som fungerer.

Kjempetilbud på

SOMMERDEKK Sommerdekk fra kr

Felgpakke fra kr

454,an u få betaling e Mec

4.173,Sytalaust og rimelig

delelager@ulsteinbil.no


32 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Hareid 2015: Bak frå venstre: Harald Møller, Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna, Ola Kalvo Vattøy, Thor-Ove Brekke, Martin Longva, Ole Andre Kragset, Ole Magne Melchior, Joar Møller, Anders Øyestad, Stig Monsen, Kristian Angelsen. Framme frå venstre: Georg Eikrem Olsen, Lars Roar Holstad, Hiwa Alipoor, Vagn Scheide Mork, Fredrik Lonbakken, Håvard Bjåstad, Jon André Thue, Fredrik Andresen, Knut Helge Hovden. Ikkje til stades: Runar Stranden, Eiliv Howlid, Robin Indreflø, Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Venthan Ketheeswaran, Hazhir Alipoor, Ivar André Aadland, Vidar Vollsæter (hjelpetrenar), Kristian Larsen, Martinus Bakken, Sigve Overå Hide, Thanusan Tharumalingam.

Hareid IL

4.-divisjon

Keeperar: Vagn Scheide Mork Fredrik Lonbakken Sigve Overå Hide Utespelarar: Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna, Ola Kalvo Vattøy, Thor-Ove Brekke, Martin Longva, Ole Andre Kragset, Ole Magne Melchior, Joar Møller, Georg Eikrem Olsen, Lars Roar Holstad, Hiwa Alipoor, Vagn Scheide Mork, Fredrik Lonbakken, Håvard Bjåstad, Jon André Thue, Fredrik Andresen, Runar Stranden, Eiliv Howlid, Robin Indreflø, Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Venthan Ketheeswaran, Hazhir Alipoor, Ivar André Aadland, Vidar Vollsæter (hjelpetrenar), Kristian Larsen, Martinus Bakken, Sigve Overå Hide, Thanusan Tharumalingam. Trenar: Stig Monsen Hjelpetrenarar: Vidar Vollsæter Harald Møller Støtteapparat: Kristian Angelsen, Anders Øyestad, Knut Helge Hovden.

Framover med Monsen? Etter ei periode der ein skulte nedover på tabellen, blei det ein femteplass for andre år på rad for Hareid i 2014. Kan laget ende høgare med ny trenar og ei solid oppkøyring?

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no

I år som i fjor har det vore ei rekkje endringar i stallen til Hareid IL. Totalt er det heile 17 (!) spelarar som går ut av Atroppen. No skal ein vere merksame på at ein del av desse framleis blir i finne i klubben, men at dei for tida høyrer til Hareid 2 eller er langtidsskadde.

Mange endringar

Ørjan Engen Grimstad er nok den som blir tyngst sakna av dei som forlet klubben, men også fleire andre gode 4.-divisjonsspelarar har funne seg nye jaktmarker. Hareid har samstundes fått

inn sju spelarar. Ole Magnus Melchior er tilbake etter å ha hatt pause frå fotballen, medan både Tore Johan Ytre-Hauge og Lars Roar Holstad gjer comeback i Hareid-trøya. Elles har Jon André Thue funne vege til Hareid frå Åram/ Vankam, og Hareid har henta opp nokre lovande spelarar frå eigen stall.

Trenarscoop

Medan det er store endringar i spelarstallen framom den nye sesongen, så har kanskje den

Det har aldri skada å vinne fotballkampar.

Stig Monsen, trenar Hareid.

viktigaste endringa kome på trenarsida. Hans Gisle Holstad trente Hareid i 2013 og 2014, men valte å gje seg etter å ha leia Hareid til to 5. plassar på rad. I november 2014 vart det derfor henta inn ein ny trenar til 4.-divisjonslaget, og det er ingen kven som helst som har teke over Hareid. Stig Monsen spelte for Molde då han var aktiv, og har etter det vore hovudtrenar i mellom anna Hødd, Langevåg og dei siste sju åra i Rollon. Monsen har også vore hjelpetrenar i Aalesund. - Eit scoop. Vi er svært godt nøgde med å få på plass Stig som ny trenar. Han er ein av dei beste og mest kvalifiserte trenarane i Møre og Romsdal, slo leiar i sportsleg utval, Vagn Scheide Mork fast då trenaren vart klar for Hareid. Om det er Monsen-magi eller anna som gjer at Hareid har sett til tider svært bra ut i oppkøyringa skal ein ikkje seie så mykje om, men faktum er at Hareid har vunne alle treningskampane dei har spelt til no i år, med unntak av ein. Den enda med 0-0 og uavgjort på bortebane mot fjorårets avde-

lingsvinnar Volda, som i år skal spele 3.-divisjon. Hareid har mellom anna gått sigrande ut av duellar mot Ørsta, LGFK, Vartdal og no seinast mot Telavåg under laget sitt treningsopphald i Tyrkia.

Veit korleis han vil ha det

No betyr ikkje resultata i treningskampane noko som helst når serien tek til i april, men som Monsen sa etter kampen mot Ørsta: - Det har aldri skada å vinne fotballkampar. Den erfarne trenaren veit korleis han vil Hareid skal spele denne sesongen, og kanskje får ein sjå kva utbytte laget har hatt av opphaldet i Tyrkia når dei spelar treningskamp mot Stryn denne helga. Monsen ville bruke treningsopphaldet til å bygge vidare på dei ideane han har prøvd å tilføre laget. Har du eit godt bilete på korleis Hareid skal sjå ut frå første seriekamp? - Ja, veldig. Kvar dag, kvar kamp og kvar trening. Tidvis har vi vore gode i mange av kampane vi har spelt, så det er ikkje så langt ifrå.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

%PPI XVIRK WX¡XXIWTIPEVEV - HEK ¿RR HY .IXW ZEOYYQXSEPIXX To WN¡ SK PERH SZIV LIMPI ZIVHE 1IR ZM LEHHI MOONI OPEVX HIXXI YXER IMX WXIVOX SK PIZERHI 7YRRQ¡VI M V]KKIR KNIRRSQ EPPI oV

)RWR 7RQ\ +DOO

,SW .IXW XVYV ZM To o KM RSOS XMPFEOI XMP PSOEPQMPN¡IX SK HMJSV IV ZM IMR EZ , (( WMRI XVYJEWXI WTSRWSVEV

.ER8SVI 0IMOERKIV ')3 .IXW :EGYYQ %7

GRATULERER MED NYE HØDDVOLL! LYKKE TIL MED SESONGEN 2015! Helsing stolt sponsor

www.ulstein.com

2015 33


34 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Mange unge spelarar

Hasundgot måtte ta den tunge turen ned frå 5.- til 6.-divisjon, og går på ein ny sesong med mange juniorspelarar i troppen.

Haddal IL 6.-divisjon Keeper: Stian Myrene (ny) Forsvar: Jørgen Gjerde Cato Veien Olav Andre Hofseth Jan Robin Haraldsvik Nikolai Yksnøy Stian Sande (ny) Midtbane: Gunnar Ringstad Joe Kijjarak Steffen Uldbæk Teklay Belay Johan Olav Molvær Angrep: Karl Johan Hauge Daniel Hatløy Joakim Årvik (ny) Roy-Andre Brekke Olsen (ny) Trenarar: Fredrik Ringstad Gunnar Ringstad

6.-divisjon: Keeper: Rune Antonsen Forsvar: Øystein Lydersen (JR), Oskar Kristoffersen (JR), Mats Bigset, Thinusan Yogarajah (JR), Martin Fiskaa Ødegård (JR), Arve Vestnes, Tor Wigg (JR), Lars Henrik Hasund, Richard Husa, Alexey Rybinskiy

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no Etter å ha kjempa hardt for å halde seg i divisjonen vart det nedrykk på Hasundgot i 2014. Det vil seie at laget deler divisjon med både Haddal og Hareid 2 den komande sesongen. Kan laget ta turen rett opp att? Hasundgot har fått inn ny trenar før sesongen i Lars Breivik. Han tek over for Vidar Ertesvåg. Assistenttrenar på Hasundgot, Svein Erik Ertesvåg, fortel at stallen i år vil bere preg av mange unge spelarar, og faktisk er fleirtalet av troppen i junioralder. - Det vil nok variere litt kven som blir med frå kamp til kamp. Samstundes har vi hatt godt oppmøte på trening til no, fortel Ertesvåg. Eit stort tap for Hasundgot er at Ruben Muren er langtids-

Hasundgot

Midtbane: Markus Gjerde (JR), Ole Kristian Skoge (JR), Svein Eirik Ertesvåg, Marius Muren, Marius Vartdal, Erik Hasund, Antony Souto (JR), Tore Romestrand, Sebastian Moldskred Kleven (JR), Stian Osnes (JR), Ole-Kristian Gjerde JR)

Hasundgot: Bak f.v: Erik Hasund, Richard Husa, Lars Henrik Hasund, Eirik K. Vattøy, Martin Fiskaa Ødegård, Emil Mork, Stian Osnes, Alexey Rybinsky, Vegard Sundgot. Framme f.v.: Rune Antonsen, Marius Muren, Arve Vestnes, Sebastian Kleven Moldskred, André Gjerde, Svein Eirik Ertesvåg, Mats Bigset.

skadd og truleg mistar heile sesongen. Han vart kåra til

årets spelar i 2014, men ei korsbandskade fører til at det er

andre som må løfte Hasundgot denne sesongen.

Angrep: Eirik Kalvø Vattøy (JR), Daniel Muren JR), Anders Gjerde(JR), Emil Mork (JR) Vegard Sundgot, Andreas Garnes Nilsen (JR), Sveinar Øvrelid Støtteapparat Trenar: Lars Breivik Ass.trenarar: Svein Eirik Ertesvåg, Ruben Muren Lagleiar: Idar Brekke

Vil kjempe i toppen Haddal har mista fleire sentrale spelarar, men trenaren meiner dei må sjå oppover på tabellen.

• Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no Haddal IL har mista fleire viktige spelarar frå 2014-sesongen, men trenar Fredrik Ringstad har framleis ambisjonar om å ligge i toppsjiktet av årets 6.-divisjon. Ein av spelarane som var veldig viktig for klubben hausten 2014, Steffen Ulbæk, er framleis med vidare. - Det var viktig. Han scora mykje mål for oss i fjor, og vi vann vel nesten alle kampane han spelte, fortel Ringstad. Samstundes må han klare seg utan viktige brikker som Lasse Leirstad, Vegard Moltubakk, samt Jonas Ringstad, som vart årets 6.-divisjonsspelar i vår kåring for 2014. - Det er inga katastrofe, men vi har alltid vore fleire på treningane tidlegare år. Ringstad fortel også at det fort kan hende at laget ser annleis ut til hausten enn slik det ser ut ved seriestart. - Det er ei av utfordringane

Haddal: Det har blitt nokre endringar i Haddal-troppen sidan dette biletet vart teke. Dessverre fekk vi ikkje med oss eit oppdatert bilete av laget, men trenar Fredrik Ringstad (bak til venstre) satsar på at Haddal IL skal kunne vere med å kjempe opp mot toppen av årets 6.-divisjon.

ein møter når ein har mange unge spelarar. Plutseleg er det ein del som til dømes skal vekk

for å studere. I år blir det endå eit lokaloppgjer, med to kampar mot

Hasundgot. - Vi er godt nøgde med oppsettet. Det er kjekt med derby.


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

Eit utval Indrefilet, ytrefilet og mørbradbiff

-30%

Mineralvatn

Cola, Cola light, Cola Zero, Fanta, Fanta Exotic, Fanta Zero, Sprite og Sprite Zero. 1,5 l, + pant

5 79 for

Biff av storfe

Crispo, Troika, Smørbukk og Stratos. 300 g.

for

3 99

Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handlar. Meir informasjon om dei ulike fordelane finn du på: Coop.no

Bær

Bjørnebær, blåbær, bringebær og jordbær. 125/400g.

-30%

6

90

Nidar favoritter Frå 110,-/kg. 1 pk 57,50

2015 35

Prisane gjeld Coop Mega fra torsdag til og med laurdag. Kun til privat hushald. Forbehold om utsolgt og trykkfeil.

iPhone og iPad app med middagstips og oppskrifter

Volda - Fosnavåg 8-22 (20) - Ulsteinvik 9-21 (20)


36 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Hareid 2 og 3 6.-divisjon Keeperar: Per Inia Brekke, Peder Alme, Achmed Hamid Almheila Forsvar: Preben Nedrelid, Daniel Reite, Odd-Magne Brandal, Antoni Gardshol, Vidar Pilskog, Jonas Pilskog Pedersen, Jonas Akelis, Emil Bastian Reite, Magne Kjell Wingsternes, Torstein Holstad Sivertsen, Thor André Barstad, Haakon Riise, Martinus Warholm, Håvard Bolstad Banne, Jon-Åge Røyset Midtbane: Kristian Myklebust, Anders Egge Brandal, Steffen Hareide, Eirik Riise, Eirik Brandal, Benjamin Slettebakk, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Honar Alipoor, Omed Alipoor Angrep: Fredrik Fagerli Abrahamsen, Anders Hjelle Øiestad, Emil Vartdal Hareide, Arthur Hareide Trenar 11-ar: Einar Orten Trovåg (for tida sjukemeldt) og Per Inia Brekke Trenar sjuar: Torstein Holstad Sivertsen og Jonas Pilskog Pedersen

Bustad

Ser mot lokaloppgjera

Hareid 2 trur på ein tøff sesong i 6.-divisjon, men gler seg over å få spele lokaloppgjer mot både Haddal og Hasundgot.

• Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no Lagets målsetjing for 2015 er å ha ein kjekk sosial sesong, med godt humør, nok folk på trening og nok folk på kampane til både 11-ar og sjuar. Gruppa skal vere inkluderande og ha plass til alle, uansett kvalitetar på fotballbana. Resultata kjem i andre rekkje, men det er sjølvsagt håp om å vinne nokre kampar både i 11-ar- og sjuarseriane. Det blir nok tøft for laget å hevde seg i 6.-divisjon, spesielt grunna ei rekkje skader. Til dømes har både Anders Egge Brandal, Kristian Myklebust og Emil Johannes Dahlen Folkestad vore ute med skadar i heile vinter og er tvilsame til seriestart. Mangeårig spelande trenar Einar Orten Trovåg, som har flest kampar for Hareid 2 før

Hareid 2: Bak frå venstre: Ole André Kragset, Venthan Ketheeswaran, Benjamin Slettebakk, Arthur Hareide, Antoni Gardshol, Kristian Larssen Hove, Håvard Bolstad Banne, Emil Vartdal Hareide, Eirik Brandal, Jonas Pilskog Pedersen. Framme: Anders Hjelle Øiestad, Vidar Pilskog, Honar Alipoor, Per Inia Brekke, Emil Bastian Reite, Preben Nedrelid, Fredrik Fagerli Abrahamsen. denne sesongen, har slite med sjukdom lenge og tvilar på han kjem på bana i 2015. Hareid 2 ser spesielt fram til lokaloppgjera mot Hasundgot og Haddal i 6.-divisjon, og i sju-

arserien ser Hareid 3 spesielt fram til lokaloppgjera mot Flø. I fjor hadde Hareid IL eit samarbeid med Hjørungavåg IL om både 11-ar- og sjuarlag, men grunna nye strenge reglar

om samarbeidslag var ikkje det mogleg i 2015. Alle som stod i Hjørungavåg IL og som hadde lyst til å fortsette med fotball blir derfor meldt inn i Hareid IL.

Leige ut hytta?

Selje - kjøpe - leige? Prøv Annonsetorget på nett og papir

Båt

Motor

Dekkjer heile Nordvestlandet! Annonsa er synleg for 245.000 lesarar på nett. I tillegg kjem den på trykk i di lokalavis.

Arbeid

Stort & smått

Tapt & funne

Raskt og enkelt!

For kun kr 179,kjem annonsa

Gå inn på nettstaden til di lokalavis.

2 veker på nett og 3 innrykk i di lokalavis.

Skriv inn annonsa sjølv og legg ved bilete.

(Bilete på nett er inklusiv i prisen, ev. bilete på trykk i avis kr 99,- ekstra)


VIKEBLADET VESTPOSTEN TORSDAG 26. MARS

2015 37

TERMINLISTE OBOS-LIGAEN 2015 1. runde 2. runde 3. runde 4. runde 5. runde 6. runde 7. runde 8. runde 9. runde 10. runde 11. runde 12. runde 13. runde 14. runde 15. runde 16. runde 17. runde 18. runde 19. runde 20. runde 21. runde 22. runde 23. runde 24. runde 25. runde 26. runde 27. runde 28. runde 29. runde 30. runde

Strømmen - Hødd Hødd - Fredrikstad Hødd - Brann Bærum - Hødd Hødd - Jerv Hønefoss - Hødd Hødd - Nest-Sotra Levanger - Hødd Hødd - Åsane Bryne - Hødd Hødd - Kristiansund BK Ranheim - Hødd Hødd - Sandnes Ulf Sogndal - Hødd Hødd - Follo Kristiansund BK - Hødd Hødd - Bærum Åsane - Hødd Jerv - Hødd Hødd - Levanger Sandnes Ulf - Hødd Hødd - Bryne Follo - Hødd Hødd - Sogndal Hødd - Ranheim Nest-Sotra - Hødd Hødd - Hønefoss Fredrikstad - Hødd Hødd - Strømmen Brann - Hødd

Foto: Arne Flatin

06.04.2015 13.04.2015 20.04.2015 26.04.2015 30.04.2015 03.05.2015 10.05.2015 13.05.2015 16.05.2015 25.05.2015 31.05.2015 07.06.2015 21.06.2015 28.06.2015 05.07.2015 26.07.2015 02.08.2015 09.08.2015 12.08.2015 16.08.2015 23.08.2015 30.08.2015 13.09.2015 20.09.2015 27.09.2015 04.10.2015 14.10.2015 18.10.2015 25.10.2015 01.11.2015

Stolt sponsor ønskjer lukke til med årets sesong, og ser fram til mange gode opplevingar på nye Høddvoll!

SerieStar rttilbod kr

3990,o

næ p s: 4 990,p s s mv (gj 1. p )


38 TORSDAG 26. MARS

2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.