Opplæringslova og opplæringsforskrifta 2024 (9788245050813)

Page 1


Øystein Stette (red.)

Øystein Stette (red.)

Opplæringslova og opplæringsforskrifta 2024

Utdrag for grunnskolen

Forord

Opplæringsloven er en av landets viktigste lover. Den regulerer skolehverdagen til over 820 000 barn og unge, og arbeidsdagen til over 95 000 lærere. Nå er ny opplæringslov og opplæringsforskrift vedtatt i Stortinget.

I denne boka er det redaksjonelt gjort et utdrag av de mest relevante paragrafene i lov og forskrift for grunnskolen.

Under hver lovparagraf er det tatt med et utdrag for grunnskolen fra merknadene til paragrafen i lovproposisjonen.

Som ekstra hjelp i skolens forvaltning er det i tilknytning til noen paragrafer vist til andre relevante rettskilder fra blant annet rettspraksis, Sivilombudet og Diskrimineringsnemda.

Opplæringsloven inneholder mange skjønnsmessige regler. Skjønnsmessige vurderinger kan deles inn i lovbundne skjønn og forvaltningsskjønn. Som hjelp i bruken av skjønnsmessige regler er det i vedlegg tatt med kapittel 5 «Bruk av skjønnsmessige reglar» fra lovproposisjonen Prop. 57 L (2022–2023).

Innholdet er oppdatert per 28. juni 2024.

Oslo, juni 2024

Øystein Stette redaktør

Innhold

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 8

Utdrag for grunnskolen 8

Første del – innleiande reglar 9

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa 9

§ 1-1 Formålet med lova 9

§ 1-2 Verkeområde 9

§ 1-3 Formålet med opplæringa 10

§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa 10

§ 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar 11

§ 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur 12

§ 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 14 Andre del – grunnskoleopplæring 15

Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring 15

§ 2-1 Rett til grunnskoleopplæring 15

§ 2-2 Plikt til grunnskoleopplæring 16

§ 2-3 Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa 18

§ 2-4 Utsett og tidleg skolestart 20

§ 2-5 Gratis grunnskoleopplæring 20

§ 2-6 Kva grunnskole eleven skal gå på 21

§ 2-7 Straffansvar for brot på opplæringsplikta 23

Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa 24

§ 3-1 Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen 24

§ 3-2 Opplæring i og på samisk i grunnskolen 26

§ 3-3 Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen 29

§ 3-4 Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen 30

§ 3-5 Opplæring i punktskrift i grunnskolen 32

§ 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen 32

§ 3-7 Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg 34

Kapittel 4 Skyss, leksehjelp, skolefritidsordninga, skoletur og overgang frå barnehage til skole 36

§ 4-1 Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen 36

§ 4-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen

38

§ 4-3 Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg 39

§ 4-4 Leksehjelp 39

§ 4-5 Skolefritidsordning 40

§ 4-6 Skoletur med overnatting 42

§ 4-7 Overgangen frå barnehagen til skolen 43

Tredje del – vidaregåande opplæring 45

Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring

45

Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa 45

Kapittel 7 Opplæring i bedrift 45

Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa 45

Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

§ 9-5 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

§ 9-6 Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

§ 9-7 Tilbod om meir grunnskoleopplæring

Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge

45

45

46

47

48

Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta

§ 10-1 Det beste for eleven

§ 10-2 Elevane sin rett til medverknad

§ 10-3 Samarbeid med foreldra

§ 10-4 Skoledemokratiet

§ 10-5 Organiseringa av skoledemokratiet

§ 10-6 Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt

48

48

49

50

52

52

54

§ 10-7 Skolereglar 56

§ 10-8 Informasjon til elevane og foreldra 57

§ 10-9 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) 59

Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging 60

§ 11-1 Tilpassa opplæring 60

§ 11-2 Tilfredsstillande utbytte av opplæringa 61

§ 11-3 Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn 61

§ 11-4 Personleg assistanse 62

§ 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel 63

§ 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring 64

§ 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering 65

§ 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde 67

§ 11-9 Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring 67

§ 11-10 Individuell opplæringsplan 68

§ 11-11 Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa 69

§ 11-12 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) 70

§ 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste 71

§ 11-14 Læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring 73

Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane 74

§ 12-1 Verkeområde for kapittelet 74

§ 12-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø 74

§ 12-3 Nulltoleranse og førebyggjande arbeid 75

§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt) 78

§ 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev 84

§ 12-6 Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker 86

§ 12-7 Det fysiske miljøet 90

§ 12-8 Tvangsmulkt 91

§ 12-9 Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø 93

§ 12-10 Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø 94

Kapittel 13 Ordenstiltak og skadeførebygging m.m 95

§ 13-1 Bortvising 95

§ 13-2 Pålagt skolebyte 97

§ 13-3 Førebygging 99

§ 13-4 Fysiske inngrep for å avverje skade m.m. 100

§ 13-5 Meldeplikt og dokumentasjon 104

Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa 106

§ 14-1 Skolerute og lengda på skoleåret 106

§ 14-2 Inndeling av elevar i klassar og grupper 106

§ 14-3 Forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar 110

§ 14-4 Fjernundervisning 110

§ 14-5 Forbod mot forkynning 113

§ 14-6 Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn 114

§ 14-7 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk 115

Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek 116

§ 15-1 Opplæringsspråk og talemål 116

§ 15-2 Hovudmål på kvar skole 116

§ 15-3 Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel 117

§ 15-4 Ordlister, ordbøker og skriveprogram 118

§ 15-5 Skolebibliotek 119

§ 15-6 Utstyr 119

Kapittel 16 Rådgiving 120

§ 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval 120

§ 16-2 Rådgiving om sosiale og personlege forhold 121

Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling 122

§ 17-1 Krav om kompetanse i skolen

122

§ 17-2 Leiing 122

§ 17-3 Krav for å bli tilsett i lærarstilling 124

§ 17-4 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

126

§ 17-5 Kvalifikasjonsprinsippet 127

§ 17-6 Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling

§ 17-7 Krav om at skolane har tilgang på vikarar

§ 17-8 Fagleg og pedagogisk utvikling

§ 17-9 Praksisplassar i skolen

§ 17-10 Personalet ved leirskolar

127

128

129

129

130

§ 17-11 Politiattest og forbod mot tilsetjing 130

§ 17-12 Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

133

Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 135

Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 135

Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne 135

Kapittel 20 Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne 135

Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne 135

Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar 136

Kapittel 22 Privat opplæring 136

§ 22-1 Kven som kan drive private skolar etter lova 136

§ 22-2 Ansvaret til private grunnskolar 136

§ 22-3 Unntak frå visse krav for utanlandske og internasjonale grunnskolar 138

§ 22-4 Teieplikt i private skolar 138

§ 22-5 Privat grunnskoleopplæring i heimen 138

§ 22-6 Statleg tilsyn med private skolar 140

Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring 141

§ 23-1 Privatistar 141

Sjuande del – forskjellige reglar 142

Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegne av eleven 142

§ 24-1 Samarbeid og samordning 142

§ 24-2 Opplysningar til den kommunale helseog omsorgstenesta og sosialtenesta 144

§ 24-3 Plikt til å melde frå til barnevernet 145

§ 24-4 Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga 147

§ 24-5 Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år 148

Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar 148

§ 25-1 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt 148

§ 25-3 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret 152

§ 25-4 Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar 152

Kapittel 26 Kulturskole 153

§ 26-1 Kulturskole 153

§ 26-2 Formålet med kulturskolen 154

Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg 154

§ 27-1 Forbod mot reklame i skolen 154

§ 27-2 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet 155

Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen 157

§ 28-1 Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar

157

§ 28-2 Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar 158

§ 28-3 Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar

158

§ 28-4 Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar 159

§ 28-5 Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel

161

§ 28-6 Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for 162

§ 28-7 Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji 162

§ 28-8 Ulykkesforsikring

164

Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk 165

§ 29-1 Klageinstans for enkeltvedtak 165

§ 29-2 Statleg tilsyn 166

§ 29-3 Forsøksverksemd 167

§ 29-4 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig

Åttande del – sluttreglar

168

169

Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar 169

§ 30-1 Iverksetjing og oppheving 169

§ 30-2 Overgangsreglar 169

§ 30-3 Endringar i andre lover 170

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) 171

Utdrag for grunnskolen 171

Første delen – grunnskoleopplæring 172

Kapittel 1 Innhaldet i grunnskoleopplæringa 172

Kapittel 2 Leksehjelp og skolefritidsordning 174

Kapittel 3 Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole 176

Andre delen – vidaregåande opplæring 177

Kapittel 4 Inntak til vidaregåande opplæring 177

Kapittel 5 Innhaldet i den vidaregåande opplæringa 177

Kapittel 6 Fag- og yrkesopplæringa 177

Kapittel 7 Formidling til læreplass 177

Kapittel 8 Skyss og oppfølgingstenesta 177

Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge 178

Kapittel 9 Individuell vurdering 178

Kapittel 10 Klage på sluttvurderingar 190

Kapittel 11 Samarbeid med foreldra, skolebibliotek og saksbehandling som gjeld det fysiske skolemiljøet 193

Kapittel 12 Personalet i skolen 194

Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 199

Kapittel 13 Inntak og formidling til vidaregåande opplæring for vaksne 199

Kapittel 14 Innhaldet i opplæringa for vaksne 199

Kapittel 15 Individuell vurdering for vaksne

Kapittel 16 Klage på sluttvurderingar for vaksne

Kapittel 17 Personalet i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne

Femte delen – forskjellige reglar

Kapittel 18 Ulykkesforsikring

Kapittel 19 Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda

Kapittel 20 Behandling av personopplysningar

Kapittel 21 Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa

Kapittel 22 Fylkeskommunen sin rett til refusjon og fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar

Sjette delen – sluttreglar

Kapittel 23 Innføringstakt og overgangsordningar

Kapittel 24 Iverksetjing og oppheving

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 1 –utrekningsnøkkel for refusjon etter § 22-2 tredje ledd

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 2 –utrekningsnøkkel for å rekne ut satsane etter § 22-3 første ledd

VEDLEGG 1

VEDLEGG 2

Stikkordsregister

224

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Utdrag for grunnskolen

Vedtatt: Lov 09.06.2023 nr. 30, Prop. 57 L (2022–2023), Innst.442 L (2022–2023) og lovvedtak 89 (2022–2023)

Endret: Lov 14.06.2024 nr. 36, Prop. 62 L (2023–2024), Innst. 389 L (2023–2024) og lovvedtak 78 (2023–2024)

Første del – innleiande reglar

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa

§ 1-1 Formålet med lova

Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-1

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 7.2 i proposisjonen.

Paragrafen slår fast det primære formålet med lova, som er å bidra til god

§ 1-2 Verkeområde

Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.

opplæring i eit godt miljø. Nemninga «miljø» omfattar både det psykososiale og det fysiske miljøet.

Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-2 (Utdrag for grunnskolen)

Paragrafen er ein kombinasjon av ny og vidareført lovtekst og er omtalt i punkt 7.3 i proposisjonen.

Første ledd erstattar dagens lov § 1-2 og fastset det generelle verkeområdet til lova. Det er også fastsett reglar om særskilt verkeområde for kapittel 7 og 12 i lova.

Med «grunnskoleopplæring» er det meint både offentleg grunnskoleopplæring, opplæring i private grunnskolar og grunnskoleopplæring i heimen.

Lova gjeld også for «verksemd knytt til opplæringa», til dømes skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste.

Første ledd må sjåast i samanheng med § 1-1, der personkrinsen er «barn, ungdom og vaksne».

Det geografiske verkeområdet til lova går ikkje direkte fram av lova. Det følgjer då av alminnelege prinsipp at lova gjeld i Noreg dersom anna ikkje er fastsett i særskilde reglar i lova eller i andre lover. Det betyr til

Opplæringslova og

dømes at norske borgarar som buset seg i utlandet, ikkje er omfatta av lova.

Andre ledd er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard. Ved å ta inn ein heimel

§ 1-3 Formålet med opplæringa

Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den

for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard i § 1-2 andre ledd, kan forskrifta heimlast i ny opplæringslov i staden for Svalbardlova.

enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-3

Paragrafen vidarefører dagens lov § 1-1 og er omtalt i punkt 8 i proposisjonen.

Paragrafen er utdjupa i overordna del av læreplanverket. Sjå elles NOU 2007: 6, Ot.prp. nr. 46 (2007–2008) og Innst. O. nr. 22 (2008–2009).

§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa

Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.

Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.A

A Opplæringsforskrifta kap. 1 og 23

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-4 (Utdrag

Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 1-6, 2-3 tredje ledd og 3-4 første ledd med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.

Første ledd er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir derfor ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk.

Etter andre ledd avgjer departementet kva læreplanar som skal fastsetjast, inkludert om dei skal vere gjennomgåande for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa eller ikkje, og om læreplanane skal gjelde for alle eller berre for særskilde grupper, til dømes for elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn.

Forskriftsheimelen opnar også for at departementet kan fastsetje i forskrift at

for grunnskolen)

enkelte elevar kan få fritak for delar av opplæringa, til dømes kroppsøving.

Læreplanane i fag definerer strukturen, innhaldet og omfanget av faga og dannar fundamentet for planlegginga og gjennomføringa skolane gjer av opplæringa. Læreplanane skal sikre at skolane gir opplæring som fører til at elevane utviklar ein likeverdig sluttkompetanse. Dette skal støtte opp om fellesskolen og gi tillit til kompetansen og dokumentasjonen frå opplæringa.

Departementet avgjer innhaldet i læreplanane i fag, inkludert om opplæringa skal gjennomførast i skole innanfor rammene i lover og Noregs internasjonale forpliktingar. Noreg har mellom anna ratifisert ILO-konvensjon nr. 142, og det følgjer til dømes av §§ 3-1 og 6-1 at elevane skal ha opplæring i begge skriftspråka, bokmål og nynorsk.

§ 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar

Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.

Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.

Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.A Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.

A Opplæringsforskrifta kap. 23

Endret 14.06.2024

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 62 L (2023–2024).

Merknader fra Prop. 62 L (2023–2024) til § 1-5 tredje ledd første punktum

I paragrafens tredje ledd første punktum er begrepet «forvaltningsområdet for samisk språk» erstattet med «språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar».

Endringen medfører ingen realitetsendring. Forslaget er nærmere omtalt i punkt 5 i proposisjonen.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-5 (Utdrag for grunnskolen)

Paragrafen vidarefører dagens lov § 6-4 med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.

Etter første ledd skal forskrifter om læreplanar i fag gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.

Andre ledd første og andre punktum pålegg Sametinget å gi forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane og læreplanane for opplæring i samiske språk i grunnskolen. Heimelen til å gi forskrift om læreplanar i «særskilde samiske fag» gjeld berre for den vidaregåande opplæringa, og heimelen omfattar ikkje parallelle planar som er tilpassa dei ordinære, nasjonale planane.

Med «rammene» i andre ledd tredje punktum er det meint både omfangs- og ressursrammer. Avgrensinga inneber derfor at departementet bestemmer kva og kor

store delar av læreplanane i fag som skal ha samisk innhald, og kor omfangsrik opplæringa i samiske språk og særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring skal vere. Rammene kan vidare fastsetjast gjennom den overordna delen av læreplanverket, retningslinjer for utforming av nasjonale og samiske læreplanar, dei fastsette kjerneelementa i faga og gjennom resten av styringsdialogen mellom Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Innanfor desse rammene fastset Sametinget forskrifter om innhaldet.

Tredje ledd første punktum pålegg departementet å gi forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i forvaltningsområdet for samisk språk og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen.

Kravet om at Sametinget skal lage «utkast til forskrift» i tredje ledd andre punktum skal sikre at Sametinget får innverknad på utforminga av dei særskilde læreplanane.

§ 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur

Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.

Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.

Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.

Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.

Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.

Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.

Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.A

A Opplæringsforskrifta kap. 1

Vedtaket i Stortinget var ikke identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

(Endring i andre ledd)

Merknader fra Innst. 442 L (2022–2023) til § 1-6

Komiteens flertall fremmer følgende forslag:

«Opplæringslova § 1-6 andre ledd skal lyde: Kommunen kan gi forskrift om at opp

til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.»

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-6

Paragrafen vidarefører ei rekkje heimlar i dagens lov til å gi forskrift og er omtalte i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.4.5.

Første ledd pålegg departementet å fastsetje ei fag- og timefordeling for grunnskolen. I tida som er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for grupper av elevar, til dømes elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar.

Andre ledd første punktum inneber at inntil fem prosent av timane som er sette av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga for grunnskolen, kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Det er kommunen som avgjer om timane skal flyttast. Ei avgjerd om å flytte timar til andre fag vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Regelen inneber ikkje ei plikt for kommunen til omdisponering, eller ei avgrensing av omfanget av tverrfagleg opplæring. Det kan gjennomførast tverrfagleg opplæring i meir enn fem prosent av timane, men utover denne andelen må tidsbruken fordelast på andre fag i samsvar med kravet om minste timetal.

Sjette ledd inneber at kommunar kan påleggje elevane fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett etter første ledd. Timane skal brukast til opplæring i tråd med læreplanen. Kommunen må ta omsyn til retten elevane har til kvile og fritid når dei vurderer kor mange undervisningstimar dei eventuelt skal fastsetje, jf. barnekonvensjonen § 31. Ei avgjerd om å påleggje fleire undervisningstimar enn det

§ 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.

departementet har fastsett vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Etter sjuande ledd kan departementet velje å gi forskrift som pålegg elevar i grunnskolen å delta i aktivitetar som ikkje er opplæring i fag, til dømes fysisk aktivitet. Aktivitetane vil vere ein del av den lovfesta retten og plikta til grunnskoleopplæring etter §§ 2-1 og 2-2.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-7

Paragrafen vidarefører delar av innhaldet i dagens § 2-3 tredje ledd og § 3-4 første ledd og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.

Paragrafen vidarefører ein heimel til å gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Formålet med ei slik forskrift vil vere å fastsetje eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring med

tilvising til nivåa i Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) slik dette framstår i rekommandasjonen frå Europaparlamentet og Det europeiske råd av 23. april 2008, som er tatt inn i EØS-avtalens protokoll 31. Forskrift om dette var tidlegare heimla i reglane om at departementet kunne gi forskrift om mål for opplæringa.

I denne boka er det redaksjonelt gjort et utdrag av de mest relevante paragrafene i lov og forskrift som gjelder for grunnskolen.

Under hver lovparagraf er det tatt med et utdrag for grunnskolen fra merknadene til paragrafen i lovproposisjonen.

Som ekstra hjelp i skolens forvaltning er det i tilknytning til noen paragrafer vist til andre relevante rettskilder fra blant annet rettspraksis, Sivilombudet og Diskrimineringsnemda.

ISBN 978-82-450-5081-3

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.