Innovasjon og marknadsføring NYN vg2 sal og reiseliv (9788211047809)

Page 1


Innovasjon og marknadsføring

Sal og reiseliv

Bjørn Hallvard Grinde

Ingvill Kalvik

Mats Joakim Grindheim

Christine Bar

Innovasjon og marknadsføring

Sal og reiseliv vg2

Nynorsk

Innhald

Kapittel 1

Kapittel

Kapittel 3

Kapittel

4.3

Kapittel 5

Kompetansemål:

→ utvikle eit produktforslag og presentere korleis lønnsemd, klima og etiske forhold er vektlagde

Kjerneelement: Sals- og vertskapsrolla og Drift, utvikling og lønnsemd

Tverrfaglege tema: Berekraftig utvikling Grunnleggjande ferdigheiter: Å kunne skrive og rekne

Kapittel 1

Berekraftig innovasjon

Innovasjon, eller å innovere, er prosessen med å fornye eller lage noko nytt som løyser problem og skaper verdi. Når vi innoverer, jobbar vi med å finne nye og betre måtar å tilfresstille behov på.

Gjennom analysar, nytenking og kreativitet kan du bidra til å utvikle og forbetre produkt slik at dei blir meir berekraftige enn dei alternativa vi har i dag.

Kunstsilo i Kristiansand opna 11. mai 2024. Det er ein gammal kornsilo frå 1935 som er omgjort til galleri med 7500 kunstverk. Attraksjonen trekker nytt publikum til byen som frå før av har Dyreparken med Kardemomme by som det store trekkplasteret sitt.

1.1

Innovasjon

Eit nytt produkt eller ein ny teknikk som er lansert i marknaden eller teke i bruk i produksjonen for å skape verdiar, blir òg omtala som «ein innovasjon». Det kan vere ei vare, teneste, idé, metode eller produksjonsprosess.

Pizza Huts Pie Tops blei lansert som ein del av ein marknadskampanje i 2017 og gav brukarane moglegheit til å få favorittpizzaen sin levert til der dei var, ved å trykke på ein knapp på skoen. Bluetooth og geolokasjon var teknologiane som gjorde det mogleg å gi skoa denne funksjonen.

Vi bruker ordet «produktforbetring» når vi tek utgangspunkt i eit produkt som allereie finst, og forsøker å gjere det betre. Ein arrangør som forenklar bestillingsprosessen, eller som gir gjestane rikare opplevingar ved å auke kompetansen til vertskapet, er to eksempel på produktforbetringar. I tillegg til å gjere produkta betre, som for eksempel meir brukarvennlege, haldbare eller attraktive, skaper produktforbetringane nyheiter bedrifta kan bruke i marknadskampanjar.

Kor godt kan eit produkt bli?

Nye teknologiar og ny kunnskap flyttar grensene for kva som er mogleg å oppnå. Derfor er det svært lurt å arbeide jamleg med innovasjon og produktutvikling. Innanfor sal og reiseliv kan innovasjon dreie seg om å utvikle

→ nye varer eller tenester

→ nye metodar for å målrette marknadsføringa

→ betre måtar å gjere produkta tilgjengelege på

→ nye former for service

→ meir effektive kampanjar eller salsløysingar

→ metodar for å hente inn data om marknaden

→ måten bedrifta er organisert eller administrert på

→ nye aktivitetar, opplevingar, transport eller overnattingsløysingar

Evna ei bedrift har til å innovere, er svært viktig. Det er slik ho oppnår konkurransefortrinn og tek vare på konkurranseevna i ein marknad som endrar seg raskt.

Produktforslag

Bruk det du kan

1 Finn eksempel på produktforbetringar og innovasjonar. Drøft deretter kva du trur var vilkåret for å utvikle og føre dei fram til marknaden.

2 Finn eksempel på produkt du trur vil forsvinne frå marknaden innan dei neste ti åra. Forklar kvifor, og gi forslag til kva du trur kjem til å erstatte dei.

Eit produktforslag er ein konkret idé om ei vare eller teneste. Forslaget kan dreie seg om noko heilt nytt eller om forbetringar av eit eksisterande produkt.

Sannsynlegvis har du fleire gongar ønskt at ting var annleis. Det er ofte når vi står overfor eit problem utan ei god løysing, at vi kjem på gode produktforslag. Finnes det andre som irriterer seg over det same problemet? Då har du ein marknad.

Produktforbetring: Q-meieria lan serer kefir med bærsmak. Ideen kom frå ein kunde som var lei av at kefir berre fanst i éin variant. Meieria tende på ideen, testa forskjellige smakar og kom blant anna fram til blåbær og solbær. På den måten fekk kefir nye marknadssegment, og salet auka.

løysingar

→ korleis kreative metodar og tenkemåtar kan avdekke nye moglegheiter for å løyse behov

Du kjem langt med å vere flink til å lytte, delta aktivt og tenke kritisk. Idear bygger på noko. Du kan få dei med utgangspunkt i spesielle kunnskapar eller ferdigheiter du har, gjennom tankeverksemd eller noko du har lese, sett, høyrt eller opplevd. Ved å lære mest mogleg om verda og menneska rundt deg aukar du sannsynet for at du vil oppdage gode moglegheiter til å skape verdiar.

Bruk det du kan

3 List opp så mange teknologiar du klarer som kan brukast til å ta imot betaling frå kundar.

4 Diskuter fordelar og ulemper med dei ulike løysingane og kom med forslag til korleis det kan bli enklare for kundane å betale.

5 Drøft korleis teknologien sjølvkøyrande bilar kan kome til å påverke det norske reiselivet.

Produktforslag eller forretningsidé?

Eit produktforslag kan gi grunnlag for å starte opp ei ny bedrift. Då vil du òg ha behov for å lage ein forretningsidé. Omgrepa «produktforslag» og «forretningsidé» henger saman, men dei har ulike betydningar.

Ein forretningsidé er ei kort og tydeleg beskriving av kva bedrifta skal drive med. Han skal gi svar på kva behov bedrifta skal dekke, kva produkt eller tenester ho skal tilby, kven produkta skal seljast til, og kvifor kundane skal kjøpe akkurat produkta dine. Forretningsideen er dermed ei breiare og meir overordna beskriving.

Eit produktforslag skal gi ei detaljert beskriving av ei enkelt vare eller teneste og kan inkludere designskisse, prototypar og spesifikasjonar. Ikkje gløym å påpeike kven produktet skal passe for og korleis det skil seg ut blant konkurrentane.

Teknologi er læra om praktiske framgangsmåtar. Vi bruker teknologi for å løyse problem eller dekke behov. Reiskapar, maskiner, teknikkar, system eller metodar er eksempel på ulike teknologiar som gjer det enklare for oss å utføre oppgåver i kvardagen.

Alle teknologiar stammar frå idear som nokon har komme på og bestemt seg for å gjennomføre. Om du følger med på utviklinga av nye teknologiar, og ikkje minst lærer deg å ta dei i bruk, vil du kunne ta betre avgjerder og bli meir produktiv som arbeidstakar og innovatør.

Når ulike teknologiar smeltar saman og det blir mogleg å kombinere dei, er grunnlaget lagt for å skape noko nytt. Hovudsettet Vision Pro frå Apple er eit eksempel på eit produkt som består av mange ulike teknologiar. Utviklinga av stadig mindre komponentar og kraftigare og meir effektiv datateknologi, som kamera, sensorar, trådlaust internett og programvare, gjer eit slikt hovudsett mogleg å lage. Teknologiane produktet bygger på, må vere modne nok til å støtte ei god brukaroppleving. Om ikkje, vil produktet bli forkasta frå marknaden framfor å bli akseptert.

Glamping er eit konsept som kombinerer det eksotiske ved å overnatte ute, med komfort og luksus på eit nivå du gjerne forventar når du bur på hotell.

Omgrepet er sett saman av «glamour»

Å innhente kunnskap

og «camping». Slike produkt kan utvide kundegrunnlaget for ein reiselivsaktør ved å gjere reisemålet meir attraktivt og tilgjengeleg for nye segment.

I marknaden konkurrerer bedriftene om kundane. Det gjer at dei må forbetre seg jamleg for å få kundane til å velje produktet deira.

Når du skal lage forslag til produktforbetringar, bør du først hente inn relevant kunnskap som du kan ta utgangspunkt i. Jo meir kunnskap du har, desto lettare blir det å oppdage moglegheiter.

Du kan bruke følgande metodar til å skaffe deg eit godt kunnskapsgrunnlag:

1 Analyser produktet

Dersom du skal finne gode forslag, må du kjenne godt til produktet som skal forbetrast. Du bør teste ut produktet sjølv og notere deg korleis du opplever det, og kva sterke og svake sider det har. Opplever du at noko er mangelfullt eller frustrerande, kan du ha funne ein nøkkel til kva du bør foreslå å endre.

Du bør beskrive nøye dei eigenskapane produktet har, og gjere greie for dei ulike produktnivåa:

Kjerneproduktet Kva for behov tilfredsstiller produktet?

Det konkrete produktet Kva for ei løysing dekker behovet?

Det forventa produktet Kva tilleggsverdiar reknar kundane med å få med på kjøpet?

Det utvida produktet Kva blir gitt ekstra, som kundane ikkje forventar å få?

I nettressursen

Produktark med produktnivå – mal

Bruk gjerne eit produktark som bidreg til å gi deg god oversikt. Ofte handlar produktforslag om korleis produktet kan gjerast enklare ved å fjerne unødvendige element, heller enn å tilføre nye. I 2021 fjerna Tesla moglegheita for å justere korsryggstøtten i passasjersetet på Model 3 og Y. Årsaka var at dataa dei samla inn, viste at funksjonen nesten aldri blei brukt. Dei reduserte dermed kostnadene ved å produsere bilen utan å redusere kundetilfredsheita.

2 Undersøk marknaden

Ved å undersøke marknaden finn du svar på kva åtferd, behov eller problem menneske har, eller korleis dei opplever varer og tenester. Du kan bruke undersøkingar i ein innleiande fase for å finne ut kva problem folk ønsker betre løysingar på, eller undervegs for å finne ut kva dei meiner du bør legge vekt på i utviklinga av løysinga di.

Mange små undersøkingar kan ofte vere betre enn få og store. Små undersøkingar stel mindre tid frå respondentane, og du får inn tilbakemeldingar raskare og tidlegare i prosessen. Det vil òg gå raskare å analysere dataa. Ta deg tid til å definere klart og tydeleg kva som er formålet med undersøkinga. Då blir det enklare å velje ein eigna metode for datainnsamling. Test ut spørsmåla du lagar, og sjekk at informantane forstår dei riktig.

I nettressursen

Lenker til SSB og Norsk mediebarometer, 2023

Ikkje undervurder verdien av å snakke med mange menneske, lufte idear og høyre på kva andre opplever og meiner. Bruk nettverket ditt. Dei fleste vil sette pris på ein god dialog og at du er engasjert og interessert. I etterkant kan du skrive eit referat frå svara du tok imot, og bruke dei som grunnlag når du skal lage produktforslaget.

3 Analyser trendar

Ein trend er hovudretninga i ei varig utvikling. At nordmenn bestiller feriereiser tettare opptil avreise no enn før, er eit eksempel på ein trend.

Dei bedriftene som best klarer å tilpasse produkta sine til trendar, vil ha fortrinn i konkurransen om kundane. Det er viktig å skilje trendar frå fasar. Ein fase er ei kortvarig endring i marknaden som raskt vil gå over eller opphøyre. Du bør derfor gjere grundige undersøkingar og dokumentere trendane ved hjelp av data, slik at dei tydeleg kan påvisast.

Når du finn informasjon som er av betydning for bedrifta di, lagrar du informasjonen i ei eiga oversikt. Du må sjølv vurdere kva trendområde det er hensiktsmessig å undersøke for bedrifta di.

Eksempel på samling av informasjon om trendar.

Trendområde

Demografiske endringar

Statistikk frå SSB

Medievanar Norsk mediebarometer, 2023

Service/ vertskap

Observasjon/ konkurrentanalyse

Antalet personar som passerer pensjonsalderen i Noreg vil auke mykje framover.

Nordmenn frå 16 til 24 år bruker i gjennomsnitt 127 minutt per dag på lydmedium. Det er ein auke sidan 2018 på 28 minutt..

Fleire konkurrentar har lukkast med å redusere kostnader og ventetid knytt til sal av tenester ved å tilby bestilling og kjøp i app.

Utvikle produktforslag som møter dei spesielle behova til eldre kundegrupper. Forbetre tilgjengelegheit og brukarvenlegheit. Satse meir på universell utforming.

Annonsere via strøymetenester for musikk og podkast.

Tilby bestilling og kjøp via app for mat, drikke og aktivitetar på destinasjonen.

Emilie Voe Nereng starta som blog gar som 13-åring og er i dag profesjonell matinfluensar. Ho trefte ein trend i tida med Instagram-kontoen «emilienutrition» og livsstilsappen Ems. Her held ho foredrag på ein matkonferanse.

Trendanalysar kan bidra til å finne det beste tidspunktet for å lansere eit nytt produkt eller ei produktforbetring på marknaden. Dersom du jamleg oppdaterer deg på korleis ein ny teknologi modnast, eller korleis kostnadene ved å bruke han går ned over tid, vil du kunne føreseie når produkt basert på teknologien vil kunne aksepterast i marknaden.

Svara du får ved å analysere endringar i trendar og teknologi, kan gi deg ein peikepinn på når tida er inne for å sette i gong med eit av produktforslaga dine.

Her er nokre eksempel på moglege trendområde du kan undersøke:

→ Forbrukaråtferd

→ Betalingsvilje

→ Preferansar

→ Handlemønster

→ Trafikk- og bevegelsesmønster

→ Miljømedvit

→ Medievanar

→ Teknologi

→ Salskanalar

→ Betalingsløysingar

→ Verktøy/utstyr

→ Materialar

→ Kostnader

→ Organisering

→ Arbeidsmåtar

→ Service

→ Vertskap

→ Brukarmedverknad

→ Demografi

→ Kultur

→ Helse

→ Sikkerheit

Nokre bedrifter prøver å legge til rette for kreative prosessar ved å ha uformelle møteplassar som bryt opp dei tradisjonelle kontormiljøa.

Det er lettare å lykkast med timinga om du jamleg utforskar og bearbeider fleire idear. Desse kan du samle opp og ta vare på i din eigen idébank. Plutseleg kan verda vere klar for ein av dei ideane du ikkje syntest var så bra i utgangspunktet. Då må du vere klar.

1.2 Kreative metodar

Om du har gjennomført undersøkingar og analysar utan at du har funne forslag til nye produkt eller produktforbetringar, kan resultata du har funne, framleis ha stor betydning. Dei kan for eksempel brukast vidare i kreative prosessar. Ein kreativ metode er ein framgangsmåte for å stimulere hjernen til å tenke nytt. Det finst tallause kreative metodar du kan anvende for å finne nye idear og løysingar. Nokre av dei krev ingen eller få forkunnskapar, mens andre gir gode moglegheiter for å dra nytte av kunnskapane og erfaringane dine. Designtenking, idémyldring, konseptkombinasjon, assosiasjonstenking, mønsterattkjenning og prototyping er nokre eksempel.

1 Berekraftig

Assosier og kombiner

Metoden «assosier og kombiner» eignar seg når du ønsker å bygge vidare på resultata du har komme fram til ved hjelp av undersøkingar. Målet er å oppdage nye løysingar i skjeringspunktet mellom resultata og andre konsept.

Framgangsmåten for «assosier og kombiner»:

1 Fyll inn stikkord frå undersøkingane i tabellen.

2 Fyll inn heilt vilkårlege stikkord i felta under andre konsept. Her kan de vere maks kreative og tenke heilt fritt.

Når de er ferdige med punkt 1 og 2, vil tabellen kunne sjå slik ut:

Frå undersøkingar Andre konsept

Teknologi Trend Problem/behov 1 2 3

Kunstig intelligens (KI) Kjøp i app

Mangel på utfordrande aktivitetar / meistring Drone Mote Drikke

Automatisert kundeservice Eldrebølga Skilje seg ut / status Gyngehest GPS Helse/velvere

Nye moglegheiter for brukarpersonalisering Kortreist mat Einsemd Bilderamme Reklame Klesplagg

Tingas internett (IoT) Lågare kjøpekraft

Stress / ro og rekreasjon

Hukommelse / gode minne Bøker Dataspel/ gaming

Utvida verkelegheit (AR) Meir brukarmedverknad Keisemd/ underhaldning Blomstrar/ hagearbeid Klubb/ samlingspunkt Teater

Vidare gjer de følgande:

3 Trekk eller vel ut eitt stikkord frå kvar kategori.

4 Bruk 20 minutt på å lage eit produktforslag ut frå dei to stikkorda de har fått.

5 Presenter forslaget og ta imot tilbakemeldingar frå publikum.

6 Bruk tilbakemeldingane til å vidareutvikle forslaget.

I eit eksempel trekker Hilde og Halvar ut stikkorda «tingas internett» og «bøker». Dei diskuterer kva som frustrerer og hindrar dei i å lese fleire bøker. Halvar ville ha «lese» meir om han hadde hatt boka tilgjengeleg som lydbok i staden, men han les ikkje nok til å abonnere på ei lydbokteneste. Då får Hilde ein idé. Kva om du kan skanne ein QR-kode på omslaget av boka, registrere

kvitteringa og få tilgang til lydbokversjonen umiddelbart, utan å behøve abonnement? «Jo, det ville gjort det meir interessant», svarer Halvar. Dei bearbeider ideen vidare og gjer seg klare til å legge han fram for dei andre deltakarane.

Med berre 20 minutt til rådvelde er det mogleg at de må presentere før de føler at de er klare for det. Det er slik det skal vere. Gjer likevel deira beste for å få publikum til å forstå ideen, slik at dei kan vurdere han og gi dykk tilbakemeldingar som de kan få bruk for.

Denne metoden kan gjerast om og om igjen, mange gongar. Stikkorda kan bytast ut når de blir ferdige med å utforske dei. De kan òg bruke FNs berekraftsmål som utgangspunkt eller bruke ord utelukkande frå dei brune felta eller dei gule.

Gallerimetoden

Heng opp store ark på veggane i rommet. Alle deltakarane går så rundt og skriv noko på arka utan å seie noko og utan å forstyrre kvarandre. Når de ser kva nokon andre har skrive, bygger de vidare på det. På den måten kan innhaldet utvikle seg og ta nye vendingar.

Gallerimetoden.

Designtenking består av fem fasar.

Gallerimetoden kan òg brukast saman med andre metodar og gjerne med diskusjonar før, under og etter skriveperiodane. Det er òg mogleg å gjennomføre aktiviteten med Post-It-lappar, som kan klistrast på veggen eller tavla etter at deltakarane har skrive på dei.

Idémyldring med problemstilling

«Kva kan du bruke denne bindersen til?» er ei velkjend kreativ problemstilling der deltakarane skal komme på flest mogleg bruksområde i løpet av to minutt. Idémyldring bygger på prinsippet om at jo fleire idear du kjem på, desto større er sannsynet for at nokre av dei er gode.

Metoden kan friskast opp ved å endre problemstilling. Her er nokre eksempel på kreative problemstillingar til idémyldring som kan gi interessante resultat i løpet av to minutt:

1 Du finn ein tusenlapp på fortauet. Lag så mange forslag du klarer til korleis du kan bruke han til å kjøpe deg godt samvit.

2 Ei skjelpadde har busett seg i hagen din. Kva kan du gjere for å få ho til å trivast?

3 Du er fanga av tidsklemma. Lag så mange forslag du klarer til korleis du kan få det til å verke som at tida går saktare.

Målet med denne aktiviteten er å vekke nye tankar hos deltakarane ved å introdusere noko dei aldri har tenkt på før. Det kan få i gang kreativiteten og skape rom for nye idear og oppdagingar.

Om de ikkje endar opp med nokre gode produktforslag direkte, kan denne aktiviteten i det minste sette dykk i ein skapande atmosfære som hjelper dykk i det vidare arbeidet.

Designtenking

Designtenking set søkelyset på behova til kundane og er utvikla ved Hasso Plattner Institute of Design i Stanford. Grunntanken er at ei djup forståing av ønska og behova til brukaren banar veg for innovative løysingar og moglegheiter.

Lengda på heile prosessen kan variere frå éin dag til fleire veker, og enkelte bedrifter forsøker å implementere han som ein del av innovasjonskulturen til bedrifta.

1 Empati

I empatifasen skal de gå djupt inn i åtferda, behova, tankane og problema til brukarane. Empati er evna til å forstå eller leve seg inn i andre menneske sin tankar og kjensler. Ver open og nysgjerrig og prøv så godt de kan, å sette dykk inn i situasjonen til brukaren. Prøv å ikkje la dykk farge av eigne førestillingar og meiningar. Observasjon, intervju og dialog med brukarane er viktige verktøy i denne fasen.

2 Definere

I definerefasen skal de hente ut nye innsikter ved å analysere funna frå empatifasen. Innsiktene kan bestå av samanhengar, mønstre, hendingar eller frustrasjonar brukarane har opplevd. Ut frå det totale bildet innsiktene gir, skal de beskrive korleis de forstår ståstaden til brukarane. Det kan de gjere ved å lage ein persona, det vil seie ein karakter som representerer brukarane. Lag ein persona:

→ Gi personaen eit namn og finn eit passande bilde (eller teikn korleis personaen ser ut).

→ Beskriv relevante demografiske opplysningar som alder, livsstadium, kjønn, sivilstand, familiesituasjon og -størrelse, inntekt, utdanning, yrke og bustad.

→ Beskriv kva for nokre karakteristiske trekk, motivasjonar, frustrasjonar og udekte behov personaen har.

Når de har samla tilstrekkeleg innsikt om behova til brukarane, skal de definere problemet dei opplever. Ein god definisjon av problemet skal vere konkret, men samtidig gi rom for kreativitet.

3 Idéutvikling

I idéutviklingsfasen skal de utforske og finne løysingar på problemet ved hjelp av ståstaden til brukarane og kreative metodar. Her vil kreative metodar som idémyldring, gallerimetoden eller «assosier og kombiner» kunne brukast. Formålet er å skape eit godt klima for kreativitet utan avgrensingar.

Ein prototype kan vere ei skisse, ei dreiebok, ein modell bygd i papp eller modellerkitt eller eit førsteutkast som er heilt eller delvis brukbart og klart for testing.

Det er lurt å starte med å lage forslag til idear individuelt i fred og ro. Då står kvar enkelt friare til å foreslå kva som helst utan å la seg påverke av kva andre måtte tenke og meine.

Metodane bør hjelpe dykk å sjå på problemet frå nye vinklar. Gruppearbeid blir meir relevant når ideane skal konkretiserast og vidareutviklast.

Døm aldri idear som blir lagt fram, verken av deg sjølv eller andre. Poenget er å skape eit så stort idémangfald som mogleg slik at gode moglegheiter ikkje blir oversett.

4 Prototype

I prototypefasen skal de ta utgangspunkt i éin av ideane og lage ein prototype, det vil seie ein mellombels første utgåve av eit produkt.

Ein prototype kan vere ei skisse, ei dreiebok, ein modell bygd i papp eller modellerkitt eller eit førsteutkast som er heilt eller delvis brukbart og klart for testing. Når ideen er visualisert og konkretisert, blir det lettare å skape empati i dialog med brukarane.

Prototypen bør vere enkel og rask å lage utan bruk av mykje ressursar. Meininga er at han skal inspirere til djupare interaksjonar og samtalar mellom designteamet og brukarane.

Bruk det du kan

6 Utfør ein eller fleire at dei kreative metodane. Samle ideane de lagar, i ein idébank og sorter dei etter kva for nokre de meiner har det største potensialet.

7 Bruk kjelder og utforsk fleire typar kreative metodar. Diskuter kva for nokre de synest fungerer best.

5 Test

I testfasen skal prototypen settast på prøve. Løyser produktet heile problemet til brukaren på ein tilfredsstillande måte? Prototypen er eit verktøy for vidare læring ved at brukarane kan sjå og teste produktet og gi dykk tilbakemeldingar på det.

Tilbakemeldingane bruker de til å justere prototypen. Dersom de finn ut at ideen ikkje løyser problemet, justerer de eller startar på nytt. Det kan derfor bli mykje hopping fram og tilbake mellom fasane prototype og test. Det er viktig å teste tidleg og ofte og i ulike samanhengar. Hovudpoenget med testinga er igjen å skape interaksjon mellom brukarane og designteamet slik at de kan bruke det de lærer, til å forbetre løysinga.

Det er mogleg de lærer noko som gjer at de må forkaste det meste av det de har gjort. Då gjer de det og startar forfrå. Fasane i designtenking må ikkje skje i ei bestemd rekkefølge. Det er heilt naturleg at de i takt med læringa må hoppe fram og tilbake mellom dei ulike fasane.

(Kjelde: Handelshøgskolen NMBU: Design Tenkning, sjå lenke i nettressursen.)

Arbeidet med idéutvikling og kreative metodar kan føre til mange former for verdiskaping, både for bedrifta og deg personleg. Jo meir du jobbar med kreative metodar, desto dyktigare blir du til å oppdage (1) løysingar og samanhengar, (2) moglegheiter for å kombinere løysingar eller (3) å overføre ei løysing frå eitt område til eit anna – òg i måten du tenker på i kvardagen.

Bruk det du kan

8 I løpet av dei neste tjue åra:

a Beskriv korleis du trur at teknologi vil endre verda.

b Kva for jobbar trur du vil forsvinne, og kva nye trur du vil dukke opp?

9 Korleis trur du reisevanane våre kjem til å endre seg i løpet av dei neste femti åra, og kvifor?

Ver merksam på at dei beste ideane er dei som folk har delte meiningar om. Dei blir elska av nokon og hata av andre. Dersom alle elskar ideen din, er sannsynet stor for at han ikkje er særleg ny.

Å vere vaken og orientert om kva som skjer i verda generelt, og behova i marknaden spesielt, hjelper deg på veg. Det rustar deg til å oppdage nye måtar å dekke behov i marknaden på. Det er òg viktig at du tør å rive deg laus frå teoriar, meiningar og fordommar du har frå før. Bidreg du samtidig til å skape ein hyggeleg og trygg atmosfære undervegs, gjer du det enklare både deg sjølv og dei rundt deg å vere oppfinnsam.

1.3

Berekraftige produktforslag

Berekraft er å dekke behov i dag, utan å øydelegge for at framtidige generasjonar kan få dekt sine. Ved å utvikle berekraftige produkt kan du bidra til å auke lønnsemda, redusere belastninga på miljø og klima i form av ressursbruk, avfallsmengder og utslepp og fremje sosiale vilkår ved å skape meiningsfylt arbeid med rettferdige vilkår.

Berekraft bygger på tre dimensjonar:

1 økonomisk lønnsemd

2 sosiale vilkår

3 å ta vare på naturen og klimaet

Vi bruker omgrepet tredelt botnlinje for å vise til bedriftas økonomiske, sosiale og miljømessige resultat, slik at desse tre dimensjonane blir vektlagt like tungt. Ordet «botnlinje» viser tradisjonelt til økonomisk lønnsemd åleine. I nyare tid har bedrifter med eit einsidig fokus på lønnsemd hamna i eit stadig sterkare negativt søkelys. Med berekraft som ein av dei store megatrendane møter bedriftene aukande forventningar frå samfunnet og marknadene om å levere gode resultat på alle dei tre delane av botnlinja.

Viktigheita av berekraftig utvikling må sjåast i lys av utfordringane vi står overfor globalt og lokalt. Klimaendringar, tap av biologisk mangfald, ressursknappleik og forureining er nokre eksempel på globale utfordringar. Lokalt der du bur eller jobbar, kan det eksistere meir særeigne og spesifikke behov for berekraft, slik som trusselen frå ei rasfarleg vegstrekning eller faren for fråflytting frå ei bygd som følge av ein dårleg arbeidsmarknad eller manglande aktivitetstilbod for ungdom.

Eksempel på korleis ei bedrift kan feile knytt til kvar enkelt dimensjon:

Økonomisk lønnsemd Bedrifta har høgare kostnader enn inntekter, bruker opp eigenkapitalen og blir kravd slått konkurs av kreditorar når ho ikkje lenger kan betale for seg.

Sosiale vilkår Dyktige medarbeidarar sluttar og søker seg bort på grunn av arbeidsvilkår eller betre tilbod frå andre aktørar i næringa.

Natur og klima Eit idrettslag har kjøpt inn kunstgras som må dekkast med plastgranulat for å forhindre at det raskt blir slite ned. Mykje av granulatet kjem på avvege og endar opp som mikroplast i havet.

«Unwrapped» – matvarer utan plast. Megan Strand ville gi kundane eit grønare alternativ og starta «no waste»-butikk i Arendal. Ideen var å selje tørrvarer i laus vekt, i tillegg til økologiske produkt. Ho fekk hjelp

av DNBs oppstartsprogram og billige butikklokale, og butikken gjekk raskt med overskot. Etter kvart kunne ho utvide med kafé både i Arendal og Kristiansand.

Bruk det du kan

10 Kartlegg kva lokale behov for berekraft som finst i området du bur i.

11 Vel ein norsk sals- eller reiselivsbedrift og vurder korleis ho leverer resultat på den tredelte botnlinja. Bruk og vis til kjelder.

12 Gi to eksempel på korleis ei bedrift kan a auke lønnsemda b skape betre sosiale vilkår c ta vare på naturen (miljøet)

Det kan vere utfordrande å ta omsyn til dei tre delane av botnlinja på same tid. Dimensjonane bygger på ulike verdiar som kan støyte saman og skape konfliktar.

Reindriftssamane på Fosen i Trøndelag som gjekk til sak mot staten på grunn av opprettinga av to vindkraftanlegg, er eit eksempel. I saka blei verdiane av samanes sosiale og kulturelle vilkår for å drive reindrift sett opp imot verdiane av fornybar energiproduksjon og økonomisk utvikling. I 2021 slo Høgsterett fast at vedtaket til staten om å tillate desse vindmølleparkane braut med urfolksrettane til samane.

Likevel er det mogleg å finne løysingar og tiltak som skaper vinn-vinn-situasjonar mellom dimensjonane. Tenk at du lagar eit produktforslag med ein emballasje som reduserer materialbruken og er enklare å kjeldesortere enn eksisterande alternativ. Då kan lågare materialkostnader gjere bedrifta di meir lønnsam samtidig som ho reduserer avfallsmengdene.

Storheia vindpark på Fosen. I 2021 slo Høgsterett fast at vedtaket til staten om å tillate desse vindmølleparkane braut med urfolksrettane til samane.

Vidare vil forbrukarane bruke mindre tid og energi på å sortere avfallet riktig. Det gir dei betre vilkår. Redusert materialbruk, mindre avfall og færre tilfelle av feilsortering gjer at fotavtrykket til bedrifta på miljø og klima blir mindre.

Lønnsemd

Ei lønnsam bedriftt har høgare inntekter enn kostnader og skaper på den måten økonomisk verdi. Sjølv om ei bedrift er lønnsam, kan det vere at ho har høgare kostnader enn det som strengt teke er nødvendig. Det kan òg hende at ho ikkje bruker nok pengar på noko som er viktig, som for eksempel vedlikehald og utskifting av slite eller umoderne utstyr. Det vil gi dei tilsette dårlegare sosiale vilkår i bedrifta gjennom vanskelegare arbeidsforhold. Bedrifter skal vere forsiktige med å vektlegge maksimering av profitt i så stor grad at det går utover naturen eller sosiale vilkår. Omdømmetap og vanskar med å halde på og rekruttere arbeidskraft er to eksempel på konsekvensar det kan gi.

Ideelt sett vil produktforslaga dine kunne bidra til å auke lønnsemda til bedrifta. Det kan skje på fleire måtar:

→ Fleire vel produktet ditt framfor konkurrentanes (salsvolumet aukar).

→ Kundane er villige til å betale ein høgare pris (fortenesta aukar).

→ Produksjonskostnadene blir redusert (fortenesta aukar).

Bruk det du kan

13 Undersøk og finn eksempel på tilfelle der du meiner ei bedrift ikkje har handla etisk rett. Presenter saka for klassen og foreslå kva bedrifta må gjere for å ta ansvar og handle etisk forsvarleg.

14 Finn eksempel på situasjonar der ei bedrift har gjort noko spesielt bra for naturen eller menneske. Foreslå kva andre bedrifter kan lære av dette.

I utviklinga av produktforslag er det derfor lurt å tenke på at løysinga skal appellere til forbrukarane, men samtidig vere rimeleg, effektiv og trygg å produsere.

Etiske forhold

Etikk er læra om kva som er rett og gale. Etiske forhold handlar om korleis aktivitetane og handlingane til bedrifta påverkar involverte partar. Det kan vere naturen, forbrukarane, leverandørar, tilsette, minoritetar eller befolkninga generelt. Formålet er å unngå eller redusere dei negative følgene av aktivitetane til bedrifta.

Det finst fleire eksempel på bedrifter som har lykkast med lønnsemd, men som ikkje har lagt like stor vekt på miljø og sosiale vilkår. I Dieselgate-skandalen blei fleire store bilprodusentar teke i å installere ulovleg programvare i dieselbilar som manipulerte utsleppstestar til å vise meir klimavennlege utsleppsresultat enn kva som var reelt.

Skandalen fekk store konsekvensar for Volkswagen-konsernet, som per 1. juni 2020 hadde fått 33,3 milliardar dollar i ekstra utgifter som følge av bøter, erstatningar og tilbakekjøpskostnader. Kundane blei involverte ved at bilane mista verdi, og investorar måtte tole kraftige fall i verdsettinga til selskapet og omdømme.

Når bedrifter unngår å ta ansvar for konsekvensane av eigne aktivitetar, må samfunnet og naturen bere desse kostnadene på vegner av bedrifta. Å innføre tiltak for å utbetre korleis bedrifta påverkar naturen og sosiale forhold, kan vere kostbart for ei bedrift på kort sikt. Men det lønner seg på lengre sikt. Alle bedrifter er nemleg avhengige av godvilje frå forbrukarane, arbeidstakarane, investorane og myndigheitene for å kunne lykkast over tid.

Å vere oppriktig og ta ansvar styrker truverdet og omdømmet til bedrifta. Mange bedrifter lagar i dag konsekvensrapportar slik at samfunnet lett kan få tilgang til informasjon om følgene av aktivitetane deira og kva dei gjer for å redusere eventuelle skadeverknader.

Når du skal legge fram eit forslag om eit nytt produkt eller ei produktforbetring, skal du kunne gjere greie for korleis produktet påverkar omgivnadene med tanke på natur, miljø og sosiale vilkår. Leit etter vinn-vinn-situasjonar mellom desse tre dimensjonane. For eksempel kan ei bedrift som gjer seg attraktiv med gode sosiale vilkår, trekke til seg dyktigare arbeidskraft som gjer bedrifta meir produktiv og lønnsam.

Kva kan du no?

1 Forklar betydninga av omgrepa innovasjon og produktforbetring

2 Kvifor er det viktig for bedrifter å innovere?

3 Kva er eit produktforslag?

4 Kva meiner vi med omgrepa berekraft og tredelt botnlinje?

5 Korleis kan du auke sjansane for å finne gode produktforslag?

6 Kva metodar kan du bruke for å skaffe deg eit godt kunnskapsgrunnlag for å lage produktforslag?

7 Kva er forskjellen på ein trend og ein fase?

8 Gjer greie for produktnivåa, og gi eksempel.

9 Korleis kan kreative metodar hjelpe deg med å utvikle gode produktforslag?

10 Kva er grunntanken bak metoden designtenking?

11 Kva er forskjellen på ein forretningsidé og eit produktforslag?

12 Kven blir ramma av dei negative konsekvensane av aktivitetane til bedrifta dersom bedrifta ikkje tek ansvar for desse sjølv?

13 Kvifor er lønnsemd ein viktig del av det å vere berekraftig?

14 Kva vil det seie å vektlegge etiske forhold i utviklinga av eit nytt produktforslag? Gi eksempel.

Oppsummering

Evna ei bedrift har til å innovere, er svært viktig. Det er slik ho oppnår konkurransefortrinn og varetek konkurranseevna.

Du kan auke sjansane for å finne gode produktforslag ved å sjå etter (1) problem som ikkje har ei god løysing, (2) udekte behov eller manglande tenestetilbod, (3) halvgode produkt, (4) korleis ny teknologi mogleggjer betre løysingar, eller (5) korleis kreative metodar kan avdekke nye og betre måtar å løyse behov på.

Eit produktforslag skal gi ei detaljert beskriving av ei enkelt vare eller teneste og kan inkludere designskisse, prototypar og spesifikasjonar. Ikkje gløym å påpeike kven produktet skal passe for og korleis det skil seg ut blant konkurrentane.

Kunnskap om produktet, om marknaden og om trendar og teknologi er avgjerande for evnene dine til å lage gode produktforslag. Du kan òg ta i bruk kreative metodar for å stimulere til nytenking.

Trendar er hovudretninga i ei utvikling. Det aukande søkelyset på berekraft i marknaden dei siste tjue åra er eit eksempel på ein trend. Berekraft er å dekke behov i dag, utan å øydelegge for at framtidige generasjonar kan få dekket sine. Ei bedrift er berekraftig når ho (1) er lønnsam, (2) tilbyr gode sosiale vilkår, og (3) tek vare på natur og miljø.

Når du presenterer eit produktforslag, bør du drøfte etiske forhold og gjere greie for korleis produktet kan gi god lønnsemd, positive sosiale ringverknader og gevinst for miljø og klima.

Copyright © 2025 by

Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1.utgåve 2025 / 1. opplag 2025

ISBN: 978-82-11-04780-9

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Grafisk design: Scandinavian Design Group

Omslagsdesign ved forlaget

Omslagsfoto: © Robert Kneschke / Shutterstock

Sats: Vatori – Jolanta Stachowiak

Bjørn Hallvard Grinde har skrive:

Kapittel 1 Bærekraftig innovasjon

Kapittel 7 Salgsprosessen

Kapittel 8 Salgsplattformer og service

Kapittel 9 Ytre og indre salsmiljø

Ingvill Kalvik har skrive:

Kapittel 5 Det heilskaplege reiselivsproduktet

Kapittel 6 Arrangementer

Mats Joakim Grindheim har skrive:

Kapittel 2 Marknadsundersøkingar

Kapittel 3 Merkevarer og marknadsstrategiar

Kapittel 4 Marknadsføringskampanjar

Christine Bar har skrive:

Kapittel 10 Klager og reklamasjonar

Forfattarane har motteke stønad frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget

Kanalvegen 51

5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.

Innovasjon og marknadsføring

Innovasjon og marknadsføring er ein del av Fagbokforlagets læreverk for vg2 sal og reiseliv og dekkjer kompetansemåla i programfaget innovasjon og marknadsføring.

Gjennom teori og praktiske døme presenterer boka yrkesretta kunnskap om berekraftig innovasjon og merkevarer, marknadsundersøkingar og marknadskampanjar, det heilskaplege reiselivsproduktet og arrangement, salsprosessen, salsplattformer og salsmiljø, og klager og reklamasjonar.

Til kapitla er det «Bruk det du kan»-oppgåver, repetisjonsspørsmål og oppsummeringar.

Kvart kapittel behandlar eitt kompetansemål, og stikkordregisteret gjer det lett å finne fram til tema på tvers av kapitla.

Læreverket til Fagbokforlaget for vg2 sal og reiseliv består av tre bøker og ein nettressurs med innhald både for elev og lærer:

→ Forretningsdrift vg2

→ Innovasjon og marknadsføring

→ Kultur og kommunikasjon

→ Sal og reiseliv vg2 nettressurs

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.