Olav Østebø, Silje H. Halvorsen, Jane T. J. Skogland, Eirik Illguth, Jan Barstein, Kjetil Torgeirsen, Ingvar Skjerve, Jeanette V. Andersen og Bernt Kristiansen
Puls
Yrkesliv i ambulansefag
vg2–vg3 ambulansefag
nynorsk
Forord
Gratulerer med yrkesvalet, ambulansearbeidar! Du går no inn i eit av dei mest spennande, meiningsfylte og nødvendige yrka i samfunnet vårt. Å hjelpe menneske som er ramma av sjukdom eller skade, er eit viktig samfunnsoppdrag. Du blir vist stor tillit når du får vere med og utføre dette samfunnsoppdraget.
Med kompetansen du tileignar deg, vil du kunne observere og kartlegge teikn og symptom på sjukdom og skade, og du kan avdekke og behandle svikt eller truande svikt i vitale funksjonar. Du vil møte pasientar og pårørande som er sårbare og står midt i ein krisesituasjon. God kommunikasjon og aktiv lytting er viktige verktøy for å nå fram til menneske i krise, ta del i perspektiva deira og gi dei trøyst og omsorg.
Ambulansefaget i vidaregåande opplæring bidrar til at ambulansetenesta i heile Noreg har autorisert personell. Dette læreverket vil gi deg som ambulansearbeidar eit godt grunnlag for å vareta kjerneoppgåvene til tenesta:
Æ å frakte akuttmedisinsk personell og utstyr raskt fram til sjuke eller skada pasientar
Æ å undersøke, prioritere, behandle og overvake pasientar, ofte i samhandling med andre yrkesgrupper
Æ å frakte sjuke eller skada pasientar til eller mellom behandlingsstader
Æ å følge gravide og fødande til ein fødeinstitusjon
Æ å ha beredskap for større ulykker og kriser
Æ å delta i søk og redningsoperasjonar
Yrkesutøvinga inneber å samhandle i team og med anna helsepersonell, politi og brannvesen. Læreverket gir derfor kompetanse i samhandling og leiing i team, tverrfagleg samarbeid og samvirke med andre aktørar i redningstenesta. Du vil også få ei solid innføring i ambulanseoperative emne, slik at du kan utføre operative oppgåver under varierande og krevjande forhold.
Forsking, innovasjon og utvikling av ny teknologi gjer at ambulansefaget utviklar seg raskt. Nye behandlingstilbod og ei befolkning som lever lenger enn før, gjer at ein må endre på korleis oppgåver blir fordelt og tenesta blir organisert. Metodar for undersøking, behandling og overvaking av pasientar som før blei utført på spesialiserte avdelingar i sjukehus, blir no i stadig større grad utført prehospitalt. Desse utfordringane stiller store krav til psykisk og fysisk styrke, endringsvilje og endringskompetanse hos både ambulansearbeidarar og paramedisinarar.
Læreverket legg vekt på emne som gir deg ein framtidsretta kompetanse, blant anna det å undersøke og behandle eldre pasientar, meistre stress og vareta di eiga og andre si sikkerheit under ambulanseoppdrag. Målet vårt er å utruste morgondagens ambulansearbeidarar med ein heilskapleg kompetanse i form av kunnskapar, yrkesferdigheiter og personlege eigenskapar. Dette er ein føresetnad for profesjonalitet og livslang læring i ambulansefaget.
Vi vil gjerne takke fagkonsulentane, spesielt Nina Vatland, Marit Anda, Johan Mansåker, Hanne Vagle, Bente Dahl, Helge Hansen, Svein Eggen og Dagfinn Mong for faglege innspel og god støtte.
Oktober 2024
Helsing forfattarane
Innhald
Kapittel 4
Organiseringa av redningstenesta og oppgåvene til ambulansetenesta .......... 97
Organiseringa og oppbygginga av redningstenesta 99
Organisering og leiing i redningstenesta 103
Helsetenesta i redningsleiinga ved HRS og LRS 108
Redningsteneste eller helseoppdrag? 109
Nivå på hendingar og hastegrad 112
Vurdering av hastegrad ...................................... 114
Oppgåvene til ambulansetenesta i redningstenesta ................................................ 115
Beredskap ved større ulykker og kriser 132
Proaktiv avgjerdstaking 134
Beredskap for å leie innsatsen til helsetenesta ved større ulykker og kriser ................................ 140
Informasjonsdeling og felles situasjonsforståing 170
Første ambulanseeining på skadestaden 172
Oppmarsj på skadestaden ................................. 173
Kompensert og dekompensert skadestad ......... 175
Soneinndeling av skadestaden
helsetenesta på skadestaden 186
Leiarorganisasjonen
Kapittel 8
Kvalitet
Kvalitet
Kapittel 9 Bruk
Kapittel 11
Utstyr
Om læreverket
I Puls vg2–vg3 ambulansefag møter elevane eit lettlese og aktuelt læreverk som dekker den nye læreplanen etter fagfornyinga. Verket er praksisnært og gjer aktiv bruk av casebasert storylinepedagogikk – ein tverrfagleg, problemorientert metode som fremmar refleksjon, motivasjon og djupnelæring.
Lærebøkene følger dei tre programfaga i utdanningsprogrammet:
Æ ambulansemedisin, delt i bind 1 og 2
Æ kommunikasjon og samhandling
Æ yrkesliv i ambulansefag
Til verket høyrer det ein innhaldsrik nettressurs som er organisert i fem modular:
Æ Omgrep: ein søkbar database med alle dei sentrale fagomgrepa
Æ Yrkesoppgåver vg2: yrkesretta caseoppgåver til vg2eleven
Æ Yrkesoppgåver vg3: yrkesretta caseoppgåver til vg3eleven
Æ Multimedium: utforskande læring med film, lyd og VR
Æ Dokumentasjonsverktøy: eit skriveverktøy som lærer elevane å dokumentere eige arbeid
I tillegg får læraren si eiga verktøykasse med nyttige planar, opplegg og støtte til undervisninga. Nettressursen som heilskap er godt eigna til yrkesfagleg fordjuping (YFF).
Ein visuell kapittelopnar
Kvart kapittel startar med ei tydeleg oversikt over kva kjerneelement, tverrfaglege tema, kompetansemål og læringsmål kapittelet skal dekke.
Frontfagsmodellen er ein modell for organisering av lønnsforhandlingar som blir brukt i Noreg.
?
Gjennom kapittelet
Alle kapitla følger eit ryddig oppsett:
Æ Illustrerte case med situasjonar frå yrkeslivet eksemplifiserer og levandegjer teorien. Vi følger faste karakterar gjennom ulike situasjonar i arbeidskvardagen og får oppleve ambulanseyrket på nært hald. Fagstoffet blir meir handgripeleg og relevant og dermed enklare å sette seg inn i, forstå og hugse.
På arbeidsplassen til Anette ambulansearbeidar har det lenge vore mykje sjukmeldingar. Det har vore krevjande å få tid til alt som skal gjerast, og alle er slitne. Det blir også ein del konfliktar fordi nokre synest dei tar meir ansvar enn andre. Anette kjenner at ho også byrjar å bli sliten og lei, og dessutan har ho stadige smerter i korsryggen.
Æ Spørsmål til lesaren ryddar plass til refleksjon og undring.
Kva kan Anette gjere? Kven bør ho ta opp dette med? Er det nokon som kan hjelpe henne?
Æ Forklaring av nye omgrep kjem i margen rett ved sida av staden der ordet står i teksten. Dei same omgrepa kan søkast opp i omgrepsdatabasen i nettressursen.
Avrundinga av kapittelet
Kvart kapittel blir avrunda på same måten:
Æ Oppsummering: eit samandrag i punkt samanfattar hovudlinjene i fagstoffet
Æ Læringsaktivitetar: eit breitt utval av oppgåver til arbeid både individuelt og i gruppe og gode spørsmål til samtale og drøfting i fellesskap
Oppbygginga av læreplanen og boka
Denne oversikta viser korleis kompetansemåla i læreplanane for programfaget yrkesliv i ambulansemedisin blir dekt i denne læreboka.
Kompetansemål
Målet for opplæringa er at elevane skal kunne
vg2 Y13 vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
vg2 Y9 drøfte kva profesjonell yrkesutøving og tverrfagleg samarbeid inneber for ambulansearbeidaren
vg2 Y4 gjere greie for relevante lover og reglar som gjeld for ambulansetenesta
vg2 Y1 beskrive organiseringa og oppbygginga av redningstenesta og oppgåvene til ambulansetenesta
vg2 Y2 gjere greie for prosedyrar og retningslinjer for samvirke mellom nødetatane og andre aktørar i redningstenesta
vg2 Y2 gjere greie for prosedyrar og retningslinjer for samvirke mellom nødetatane og andre aktørar i redningstenesta
vg3 27 gjere greie for organisering og leiing på ein skadestad og leie arbeidet som første ambulanseeining
vg3-30 samvirke med nødetatane, Forsvaret og andre aktørar i redningstenesta
vg3-25 arbeide i team og gjere greie for leiing og samhandling i team
vg2 Y6 gjere greie for og demonstrere tiltak innanfor helse, miljø og sikkerheit i ambulansefaget
vg2 Y7 reflektere over korleis dei kan vareta si eiga fysiske og psykiske helse
vg2 Y10 vurdere miljøomsyn i yrkesutøvinga
vg3-22 handtere prosedyrar for helse, miljø og sikkerheit, skrive avviksmeldingar og gjere greie for kvalitetssystemet på arbeidsplassen
vg3-23 identifisere truslar mot eiga og andre si sikkerheit og sette i verk tiltak for å vareta sikkerheita under ambulanseoppdrag
vg2 Y5 gjere greie for kvalitetssystemet til ambulansetenesta
vg2 Y12 dokumentere og reflektere over eige arbeid og rapportere avvik og uønskte hendingar
vg3-22 handtere prosedyrar for helse, miljø og sikkerheit, skrive avviksmeldingar og gjere greie for kvalitetssystemet på arbeidsplassen
vg3-23 identifisere truslar mot eiga og andre si sikkerheit og sette i verk tiltak for å vareta sikkerheita under ambulanseoppdrag
vg3-20 gjere greie for kva risiko- og sårbarheitsanalyse er, og bruke beredskapsplanar under øvingar og reelle hendingar
Kapittel i boka:
Kapittel 1
Kapittel 2
Kapittel 3
Kapittel 4
Kapittel 5
Kapittel 6
Kapittel 7
Kapittel 8
vg2 Y4 gjere greie for relevante lover og reglar som gjeld for ambulansetenesta Kapittel 9
vg2 Y5 gjere greie for kvalitetssystemet til ambulansetenesta
vg2 Y6 gjere greie for og demonstrere tiltak innanfor helse, miljø og sikkerheit i ambulansefaget
vg2 Y7 reflektere over korleis dei kan vareta si eiga fysiske og psykiske helse
vg2 Y8 beskrive og demonstrere bruk og kontroll av utstyr som blir nytta i ambulansetenesta
vg2 Y12 dokumentere og reflektere over eige arbeid og rapportere avvik og uønskte hendingar
vg3-1 utføre fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp i tråd med gjeldande regelverk og krav til profesjonell yrkesutøving
vg3-8 følge prinsippa for god hygiene og smittevern i ambulansetenesta
vg3-22 handtere prosedyrar for helse, miljø og sikkerheit, skrive avviksmeldingar og gjere greie for kvalitetssystemet på arbeidsplassen
vg3-26 utføre kontroll av ambulansekøyretøy og utstyr i ambulansen
vg2 Y11 reflektere over trafikksikkerheit og risiko ved utrykkingskøyring med ambulanse Kapittel 10
vg3-35 drøfte trafikale forhold som har noko å seie for ambulansekøyringa og sette i verk tiltak for å vareta sikkerheita i ambulansen
vg3-31 navigere etter analoge og digitale kart
vg3-32 følge prosedyrar og retningslinjer ved pågåande livstruande vald og masseskadesituasjonar Kapittel 11
vg3-33 gjere greie for rolla til ambulansearbeidaren ved skred, flaum og andre klimarelaterte hendingar
vg3-34 følge retningslinjer og prosedyrar på skadestad med farlege stoff
Lykke til med læring og undervisning!
Kapittel 1
Den norske modellen
Ingvar Skjerve
Tverrfaglege tema
→ demokrati og medborgarskap
→ folkehelse og livsmeistring
→ berekraftig utvikling
Kjerneelement
→ rettar, plikter og samfunnssystem
Kompetansemål
Eleven skal kunne
vg2 Y13
vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
I dette kapittelet skal du lære om
→ kva pliktene og rettane dine som arbeidstakar er
→ korleis det norske arbeidslivet fungerer
→ kven som er med på å forme reglane og avtalane som regulerer det norske arbeidslivet, og korleis det går føre seg
Vanlege arbeidsfolk er dei som lever av å selje arbeidskrafta si og ikkje har leiarstillingar.
Fagforeining er ei samanslutning av arbeidstakarar i same fag, yrke eller bransje. Formålet er å fremme interessene til medlemmene overfor arbeidsgivarane deira.
Tariffavtale er ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar om lønnssatsar og andre arbeidsforhold for alle arbeidstakarane.
Velferdsstaten er summen av ordningar som sørger for at folk i Noreg har tilgang til helsetenester, utdanning og tryggleik ved sjukdom og alderdom.
Norske arbeidstakarar og rettar
For 200 år sidan hadde ikkje norske arbeidstakarar mange rettar. Vanlege arbeidsfolk hadde ikkje stemmerett, det fanst ingen ordentlege føresegner om arbeidstid, og ferie var eit ukjent omgrep. Arbeidsmiljøet, særleg i industrien, var ofte farleg eller helseskadeleg, og barnearbeid var vanleg. For å rette på dette byrja arbeidsfolk å opprette fagforeiningar.
I dag har norske arbeidarar/arbeidstakarar mange rettar. Dei er skrivne ned i lover, for eksempel arbeidsmiljølova, og i tariffavtalane. Tariffavtalane og velferdsstaten er kjernen i den norske modellen. Det er eit system der lønns og arbeidsforhold ikkje blir avtalt direkte mellom kvar enkelt arbeidstakar og arbeidsgivar, men gjennom forhandlingar mellom fagforeiningane og arbeidsgivarorganisasjonane deira. Ofte blir dette omtalt som eit trepartssamarbeid, fordi representantar for arbeidstakarane, arbeidsgivarane og myndigheitene (tre partar) jobbar fram avtalar og lover som gjeld arbeidslivet.
Som arbeidstakar i dette systemet har du både rettar og plikter. Du må for eksempel møte opp til rett tid, du må kunne jobben din, og du må vere ein god kollega. Som helsepersonell har du endå fleire plikter, som er presisert i helsepersonellova. Ho slår fast at du skal utføre jobben din på ein måte som er fagleg forsvarleg, og at du skal gi omsorgsfull hjelp. Du skal vite godt kva du kan og ikkje kan. Du skal vite kva for oppgåver du kan løyse, og kva for oppgåver du bør overlate til andre, og du må vite når du må spørje om assistanse eller opplæring. Arbeidsgivar har på si side plikt til å gi deg opplæring slik at du skal kunne utføre jobben din.
Arbeidsplassen din skal vere ein trygg og god stad
På arbeidsplassen til Anette ambulansearbeidar har det lenge vore mykje sjukmeldingar. Det har vore krevjande å få tid til alt som skal gjerast, og alle er slitne. Det blir også ein del konfliktar fordi nokre synest dei tar meir ansvar enn andre. Anette kjenner at ho også byrjar å bli sliten og lei, og dessutan har ho stadige smerter i korsryggen.
Kva kan Anette gjere? Kven bør ho ta opp dette med? Er det nokon som kan hjelpe henne?
Sjølv om vi i Noreg har lange feriar og mykje fritid samanlikna med mange i andre land, er det framleis slik at vi bruker ein stor del av vaksenlivet på jobb. Fellesskapet med dei vi jobbar saman med, er derfor eit av dei viktigaste fellesskapa vi er ein del av. Å vere ein god arbeidstakar og arbeidskamerat som bidrar til at fellesskapet på arbeidsplassen er godt, trygt, inkluderande og utviklande, er svært viktig.
Du og kollegaene dine er saman ansvarlege for at arbeidsplassen skal vere ein god og trygg stad. Kvar og ein har eit ansvar for å få bukt med mobbing og ekskludering, for å bidra til fagutvikling og for at det sosiale samværet er bra for alle.
Å legge til rette for gode forhold på arbeidsplassen er eit ansvar du delar med leiarar, tillitsvalde og verneombod. Tillitsvalde er dei som blir valde av medlemmene i ei fagforeining til å vere talspersonen deira på arbeidsplassen. Tillitsvalde skal hjelpe medlemmene sine når det er konfliktar, representere dei tilsette i lønnsforhandlingar og vere eit bindeledd mellom leiinga og dei tilsette. Dei tillitsvalde sikrar at medlemmene blir høyrt når det er omstillingar, og at synspunkta deira er med når ein skal utarbeide budsjett. I helsevesenet er dei med på å bestemme reglane for korleis ein skal lage arbeidsplanar.
Verneomboda skal passe på at leiinga blir gjort klar over ting som kan føre til ulykker eller helsefare, og dei skal passe på at det blir gjort noko med det. Det er likevel ikkje slik at alt som kan vere farleg eller skadeleg, skal handterast av verneomboda. Alle
på arbeidsplassen har eit ansvar for å sørge for trygge og gode arbeidsforhold, men verneomboda er der for å passe på at det blir arbeidt systematisk og godt med helse, miljø og sikkerheit (HMS). Dei er der for at du skal ha nokon å ta det opp med om det ikkje blir gjort noko med kritikkverdige forhold.
Både arbeidsgivar og arbeidstakar har rettar og plikter
Ein sein ettermiddag kjem Anette og Adam tilbake på ambulansestasjonen etter eit oppdrag. Dei har henta ei 60 år gammal dame med kols med forverring heimanfrå og transportert henne til sjukehus. Dei rekk ein liten pust i bakken før Adam får ein telefon frå far sin. Bestemora til Adam, som bur i Polen, er alvorleg sjuk, og dei trur ikkje ho kjem til å leve så lenge. Adam må reise med ein gong viss han skal rekke å treffe henne.
Kva rettar og moglegheiter har Adam i denne situasjonen? Kvar kan han finne ut av dei? Kven kan hjelpe Adam med å finne ut av det?
Kva rettar du har, er skrive ned i arbeidsmiljølova og tariffavtalane. Det er mange tariffavtalar og ulike ordningar på mange arbeidsplassar. Derfor det vanskeleg å gi ei fullstendig oversikt over alle rettane dine i arbeidslivet. Men her får du ei lita oversikt over nokre av dei viktigaste og over dei pliktene som følger med:
Æ Alle som har ein jobb i Noreg, skal ha ein skriftleg arbeidsavtale. Enten du er fast tilsett eller er vikar, skal du ha arbeidsavtale. Det er arbeidsgivar sitt ansvar å utarbeide ein skriftleg arbeidsavtale, men du har rett til å ha med deg ein tillitsvald eller ein annan kollega som kan hjelpe deg når avtalen skal underskrivast eller endrast. Arbeidsavtalen skal blant anna innehalde namnet på arbeidsgivaren og arbeidsstaden, ei beskriving av arbeidet, når du skal byrje å jobbe, kva slags arbeidstid du har, og kor lenge du skal
Æ
vere i jobben. Det skal også stå noko om retten til ferie og feriepengar og kva du skal få i lønn.
I Noreg er du godt beskytta mot å bli sparka frå jobben. Det blir kalla stillingsvernet. Det viktigaste er at arbeidsgivar må ha ein sakleg grunn til å seie deg opp. Du må ha gjort noko som er i strid med det som står i arbeidsavtalen. Ved veldig alvorlege brot på arbeidsavtalen kan arbeidsgivar gå til avskjed: Det betyr at arbeidsforholdet tar slutt med ein gong det er gitt beskjed om det. Det er i praksis berre aktuelt om nokon har gjort noko veldig alvorleg, for eksempel å underslå pengar.
Æ Arbeidstid er når du skal vere på jobb, eller den delen av tida di som arbeidsgivar bestemmer over. Det viktigaste kravet til arbeidstida i arbeidsmiljølova er at ho ikkje blir lagt opp slik at ho kan gi deg for store fysiske eller psykiske belastningar. Arbeidsmiljølova seier at du ikkje skal arbeide meir enn 40 timar i veka. I dei fleste tariffavtalar er arbeidstida sett til 37,5 timar. Når du jobbar skift eller turnus, skal ha du ha noko kortare arbeidstid (mindre timetal) enn om du jobbar berre på dagtid, fordi det blir rekna som meir belastande.
Æ Alle som jobbar, har rett på ferie. Det er regulert i ei eiga lov, ferielova. Du må avtale med arbeidsgivar når du skal ha ferie, men ferielova seier at du har rett på tre veker samanhengande ferie i perioden frå 1. juni til 30. september.
Æ I Noreg har alle arbeidstakarar rett til å få full lønn når dei er sjuke, slik at det å vere sjuk ikkje skal føre til at du får økonomiske problem. Sjukelønnsordninga er unik for Noreg. Vi er det einaste landet i Europa som gir alle arbeidstakarar denne retten.
Æ Du har også som nemnt ei rekke plikter. Du har arbeidsplikt. Det betyr at du skal gjere jobben din, at du skal utføre dei oppgåvene du er sett til i stillingsbeskrivinga og arbeidskontrakten. Du har også lojalitetsplikt overfor arbeidsgivar. Ikkje i den forstand at du har ei plikt til alltid å vere lojal mot arbeidsgivaren din om vedkommande gjer noko du meiner er gale eller ulovleg, men du kan for eksempel ikkje ta på deg arbeid for ein annan arbeidsgivar som gjer at du ikkje kan utføre dei oppgåvene stillingsbeskrivinga di eller arbeidsavtalen din seier at du skal gjere.
Som du ser, er det ofte eit ganske direkte samsvar mellom rettar og plikter. Arbeids og lojalitetsplikta og oppseiingsvernet er litt som to sider av same mynt: Du kan ikkje bryte med arbeidskontrakten din, og arbeidsgivaren din kan ikkje seie deg opp viss du ikkje bryt arbeidskontrakten din.
Arbeidsgivaren, den som tilset deg, har også rettar – eller meir bestemt éin veldig viktig rett, nemleg styringsrett. Det vil seie at arbeidsgivaren er den som har retten til å leie arbeidet, bestemme kven som gjer kva, og kontrollere at det blir gjort på rett måte. Retten til å seie opp og tilsette arbeidstakarar er også ein del av styringsretten.
Forhandlingssystemet
Mekling i lønnsoppgjeret med Spekter startar måndag 27. mai, med frist midnatt 28. mai. Ueinigheita går i korte trekk ut på om alle tilsette skal ha rett på tenestepensjon, eller om dei som er tilsette i mindre enn 20 prosent stilling, skal haldast utanfor. Arbeidsgivarsida vil behalde ei grense på 20 prosent. LO vil ha pensjon frå første krone for alle. Avstanden mellom partane er stor, og det er prinsipp det blir forhandla om. Då er det normalt vanskelegare å bli einige. Fagforbundet og Fellesorganisasjonen varslar plassfråtreding for høvesvis 282 og 21 medlemmer frå byrjinga av arbeidstida 29. mai 2019. Uttaket vil ikkje sette liv og helse i fare. Dersom arbeidsgivar lokalt vurderer at nokon av uttaka vil medføre fare for liv og helse, blir det innvilga dispensasjon, forsikrar Skoghaug.
Skjønte du dette? Kanskje ikkje heilt? I Noreg er fagforeiningar og lønnsoppgjer så viktig at vi har fått eit eige fagspråk omkring det. Akkurat som for eksempel ambulansearbeidarar har dei som jobbar med slikt, eigne fagomgrep som gjerne berre dei sjølv, og kanskje nokre spesielt interesserte, kan.
Alle som har, eller som skal ha, ein jobb, bør likevel kunne litt om fagforeiningar og lønnsoppgjer. Det som skjer på dette området, avgjer kor mykje vi får inn på lønnskontoen vår, kor mykje ferie vi kan ta, kva vi har rett på av etter og vidareutdanning mens vi jobbar, og kva vi får i pensjon når vi kan avslutte yrkeslivet vårt – for å nemne noko! Dersom du lurer på kvifor vi har eigne kapittel om dette i lærebøker i ambulansefaget, er altså det forklaringa. Dette er viktig kunnskap for deg som arbeidstakar.
La oss sjå på det første avsnittet ein gong til, men denne gongen skal vi forklare nokre av omgrepa som blir brukt. Vi skal også forklare ein del andre omgrep som du ofte vil høyre eller lese om når det er snakk om lønnsoppgjer.
Spekter er ein arbeidsgivarorganisasjon, det vil seie ein organisasjon for arbeidsgivarar. Noreg har fleire slike, som Kommunesektorens interesse og arbeidsgivarorganisasjon (KS), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Virke. Når fagforeiningar forhandlar om lønn i lønnsoppgjera, er det først og fremst desse organisasjonane dei forhandlar med. Spekter er ein arbeidsgivarorganisasjon for blant anna helseføretaka som driv norske sjukehus.
Motparten til Spekter i dette tilfellet er Landsorganisasjonen (LO). LO er ei samanslutning av fagforbund, ei hovudsamanslutning. Det er ein samarbeidsorganisasjon med fleire små og store fagforeiningar. Fagrørsla har laga slike for å kunne forhandle om lønns og arbeidsvilkår for mange arbeidstakarar på ein gong. Andre hovudsamanslutningar er Unio, ein hovudorganisasjon for universitets og høgskuleutdanna, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) og Akademikerne.
Lønnsoppgjer er ein serie møte der representantar for organisasjonane til dei tilsette og representantane for organisasjonane til arbeidsgivarane treffest for å drøfte dei avtalane dei har seg imellom, tariffavtalane. Ofte snakkar vi om arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane som partane i arbeidslivet, eller berre partane.
Helseføretak er ei samlenemning på regionale helseføretak og helseføretak som blei oppretta då staten tok over ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane 1. januar 2002.
Fagrørsla er eit samleomgrep på alle fagforeiningane.
Streik er når arbeidstakarar legg ned arbeidet på ein arbeidsplass. Streik er det sterkaste maktmiddelet arbeidstakarorganisasjonane har.
Plassfråtreding er eit varsel om streik eller lockout. Det blir varsla kven som skal takast ut i streik.
Så er det to typar lønnsoppgjer – hovudoppgjer og mellomoppgjer. I eit hovudoppgjer forhandlar partane om alt, det vil seie både lønnstillegg og det andre tariffavtalane seier noko om, som pensjon, utdanning, permisjonar og så vidare. Streiken det er snakk om at det var fare for her, kom i eit hovudoppgjer. Det var pensjon ein var ueinig om den gongen. I mellomoppgjer blir det berre forhandla om lønn.
I dette tilfellet kom partane altså ikkje til einigheit. Dermed blei det fare for streik eller plassfråtreding. Arbeidstakarorganisasjonane, i dette tilfellet representert ved LO, sa at dei kom til å be medlemmene sine om å ikkje komme på jobb inntil motparten kom med eit betre tilbod.
Streikeuttak er eit omgrep som handlar om kor mange og kva slags arbeidstakarar som skal takast ut i streik. Når det skal streikast i helsesektoren, er ein nøye med streikeuttaket, slik at ein ikkje for eksempel set pasientar i fare. Som nestleiar i Fagforbundet Sissel Skoghaug seier i teksten, kan også arbeidsgivarar søke om dispensasjon dersom det skjer. Dersom fagforeininga som streikar, er einig, kan dei arbeidstakarane ein søker om dispensasjon for, komme tilbake på jobb.
Mekling er når partane som forhandlar, ikkje blir einige, og ein meklar må hjelpe dei med det.
Lockout er når arbeidsgivar vil møte ein konflikt med å stenge arbeidstakarane ute frå jobben.
Lønnsnemnd er ei ordning som blir brukt når partane ikkje blir einige.
Når partane ikkje blir einige, blir det først mekling, og Riksmeklaren blir kopla inn i prosessen. Riksmeklaren er ein eigen institusjon som har til oppgåve å mekle i konfliktar mellom partane. Riksmeklaren skal hjelpe dei med å unngå at det blir streik eller lockout, og kan i nokre tilfelle nesten bestemme kva utfallet skal vere.
Dersom ein ikkje blir einig, kan det også bli lønnsnemnd, som kan vere både frivillig og tvungen. Når det er frivillig lønnsnemnd, gir partane sjølv frå seg retten til å bli einige. Dei ser at dei ikkje kan komme til noka løysing, og ber riksmeklaren steppe inn og bestemme.
I nokre tilfelle, viss myndigheitene ser at ein arbeidskonflikt for eksempel set liv og helse i fare, kan Stortinget bestemme at konflikten må til tvungen lønnsnemnd. Rikslønnsnemnda, eit utval utnemnt av Stortinget, får då ansvar for å avgjere konflikten. Ved tvungen lønnsnemnd får partane eit resultat dei er nøydde til å godta.
Frontfagsmodellen
Ei viktig side ved lønnsforhandlingssystemet i Noreg kallar vi frontfagsmodellen. Nokre norske bedrifter produserer produkt som skal seljast i utlandet. Desse bedriftene blir gjerne omtalt som «konkurranseutsett industri», som betyr at dei må konkurrere om pris og kvalitet på produkta sine med bedrifter i andre land. For dei er det viktig at lønningane ikkje blir så høge at dei må ta for høg pris for varene sine på verdsmarknaden.
Desse bedriftene er særleg viktige for norsk økonomi ettersom dei sprøytar inn friske pengar. Dei skaper inntekter til den norske staten og det norske samfunnet. Derfor har desse bedriftene fått ei særleg stilling i dei norske lønnsoppgjera gjennom den ordninga vi kallar frontfaget. Det går ut på at arbeidsgivarog arbeidstakarorganisasjonane som organiserer desse bedriftene, får forhandle først, og så blir resultatet ei ramme for lønnsoppgjera i andre bedrifter og sektorar. Dei går ut i front, i forkant av dei andre, og derfor har dei fått nemninga frontfag.
Tanken er at lønna i dei andre bedriftene og sektorane ikkje skal vekse meir enn den ramma som frontfaget set, slik at arbeidskrafta (lønningane) ikkje blir for dyr i desse viktige eksportbedriftene.
For å forklare litt nærmare: Alle norske bedrifter og verksemder konkurrerer om den same arbeidskrafta. Både norske kommunar og norske eksportbedrifter treng ingeniørar. Dersom lønningane i kommunane blir for høge for ingeniørar, vil eksportbedriftene måtte betale meir for å få nok kvalifiserte ingeniørar. Då vil dei kanskje slite med å lage produkt som er gode og billige nok til at dei kan konkurrere med produkta frå bedrifter i land som har tilgang til billigare arbeidskraft.
Frontfagsmodellen er omdiskutert. Mange meiner at han er sjølve kjernen i den norske modellen, det som gjer han så bra, mens nokre meiner han har urettferdige utslag. Ein konsekvens av frontfagsmodellen er for eksempel at det blir vanskelegare å forhandle fram høgare lønn for dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor. I for eksempel mellomoppgjeret i 2021 følte særleg sjukepleiarar og lærarar at rammene i lønnsoppgjeret gjorde det umogleg å få til eit skikkeleg lønnsløft for dei. Mange ser det slik at «gutta på golvet i industrien» får halde tilbake lønningane til «jentene på golvet i kommunen», og at frontfagsmodellen dermed er til hinder for likelønn og likestilling.
Frontfagsmodellen er ein modell for organisering av lønnsforhandlingar som blir brukt i Noreg.
Den norske modellen er eit system der lønns og arbeidsforhold ikkje blir avtalt direkte mellom kvar enkelt arbeidstakar og arbeidsgivar, men gjennom forhandlingar mellom fagforeiningane og arbeidsgivarorganisasjonane deira.
Til det kan vi sjølvsagt innvende at det ikkje ville blitt så mykje å fordele til dei som jobbar i offentleg sektor om vi ikkje fekk skatte og importinntektene frå eksportbedriftene. Problemet forsvinn ikkje av den grunn. Mange kvinnedominerte yrke sakkar etter i lønn. Det er eit problem, ikkje berre for dei som jobbar i desse yrka, men for heile samfunnet. Vi har store utfordringar med å rekruttere nok helsepersonell til å halde oppe det gode helsetilbodet vårt. Ein viktig grunn til det er at mange opplever at lønningane er for låge i forhold til utdanning og ansvar.
Noreg er eit likskapssamfunn
Dette forhandlingssystemet er altså kjernen i det vi kallar den norske modellen. Ofte seier vi den nordiske modellen, ettersom dei andre nordiske landa har system som liknar. Som vi sa innleiingsvis, inneber dette at lønns og arbeidsforhold ikkje blir avtalt direkte mellom kvar enkelt arbeidstakar og arbeidsgivar, men blir forhandla fram mellom organisasjonane til arbeidstakarane og arbeidsgivarane.
Dette er bra for kvar enkelt arbeidstakar, men det er også bra for samfunnet samla sett. Det blir mindre konfliktar og betre kontroll på kor fort for eksempel lønningar og prisar veks. Det er laga eit system som gjer at alle kjem betre ut, i staden for at nokre få skal kunne dra frå.
Vi snakkar ofte om Noreg som eit likskapssamfunn, blant anna fordi vi har lågare lønnsforskjellar enn i andre land som det er naturleg å samanlikne oss med. Økonomar seier at vi har samanpressa lønnsstruktur. Det betyr at om vi ser på statistikken, er det kort veg frå dei som tener minst, til dei som tener mest.
Folk i Noreg har, om vi samanliknar med folk med lik utdanning i andre land det er naturleg å samanlikne seg med, betre råd. Lønningane våre er ganske høge, og vi har ganske mykje pengar til rådvelde til mat, bustad, klede, feriereiser og alt det andre som vi treng og gjerne vil ha. Dette at dei fleste har ganske god råd, gjer det også mogleg å ha høge skattar utan at folk føler at staten stikk av med for mykje av pengane deira. Det gjer i sin tur at vi kan finansiere veldig mange velferdstenester med skattepengar, slik at slikt som skule og helsestell av høg kvalitet blir tilgjengeleg for alle.
Dei nordiske landa er dei beste landa i verda å leve i
I 1997 var dåverande generalsekretær i FN Kofi Annan på besøk i Noreg. I løpet av besøket drog han på ein fjelltur som gjekk innom fleire av hyttene til Den Norske Turistforening. Annan besøkte blant anna nokre sjølvbetente hytter, der folk kan forsyne seg av varer og legge igjen pengar som skal dekke overnatting og eventuell mat dei har brukt. Det er inga form for kontroll av at ein faktisk betaler det ein skal, verken på staden eller i etterkant. Å betale eller ikkje er heilt opp til kvar enkelt.
Det er eit system som er basert på tillit. Dersom mange nok ikkje gjer opp for seg, vil ikkje systemet vere berekraftig, og ein må enten legge opp til at fleire hytter har betening, eller at folk må frakte alt utstyr og proviant opp sjølv. Altså eit dårlegare tilbod. Men systemet har vist seg å fungere heilt sidan Claus Helberg tok initiativet til det etter krigen. Snikarane finst, men dei er så få at ordninga kan halde fram. Kofi Annan meinte at det måtte vere noko særeige ved det norske som gjorde at eit slikt system kunne fungere her. Det kunne umogleg fungere andre stader, meinte han.
Dei nordiske landa toppar gong på gong listene over dei beste landa i verda å leve i. Vi er mest likestilt og har lågast spedbarnsdødelegheit, og helsetilbodet er best. Det prestisjetunge internasjonale tidsskriftet The Economist har proklamert dei nordiske løysingane som «the next supermodel» – den neste supermodellen.
Grunnen til at dei nordiske landa skårar betre enn dei fleste andre, ser ut til å vere nettopp tillit av det slaget som Annan fann i ordningane til Den Norske Turistforening. Det blir også bekrefta av det store NordModprosjektet til fagrørsla. Forskarane i prosjektet slo fast at tillit ikkje berre er eit resultat av, men også ei forklaring på dei gode resultata dei nordiske landa har fått til. Samarbeidet om lønns og arbeidsforhold mellom organisasjonane til arbeidstakarane og arbeidsgivarane er eit av dei viktigaste døma på korleis dette fungerer i praksis. Det føreset at begge sider stoler på kvarandre og på systemet. Sjølv om det kan vere store konfliktar og ueinigheiter, er begge sider trygge på at systemet fungerer, og at dei andre partane forheld seg til spelereglane.
Fagforeiningane og arbeidsgivarorganisasjonane arbeider med meir enn berre lønns og arbeidsforhold
I ein kaffipause diskuterer Adam, Anette og Arne det å ha med seg lærlingar på ambulansebil. Anette meiner at det er tryggast om lærlingar er med som tredjemann i heile læretida. Adam og Arne er ueinige og meiner at lærlingar lærer meir om dei får vere andremann. Dei meiner at det er trygt fordi lærlingar må bestå testar og vurderingar av om dei er klare for å arbeide meir sjølvstendig, før dei blir godkjent til å gå som andremann. Adam, Anette og Arne blir ikkje einige om kva som er best, men tenker at dette kan vere eit fint tema å diskutere med fleire. Arne, som er tillitsvald, seier at han skal få nokon til å komme og snakke om det på neste medlemsmøte.
Fagforeiningane og arbeidsgivarorganisasjonane arbeider med mykje meir enn berre lønns og arbeidsforhold gjennom tariffavtalesystemet. Både saman og kvar for seg arbeider dei med spørsmål knytt til utdanning og kompetanse, helselovgiving og anna regulering av yrkesutøvinga til helsearbeidarane.
Eit eksempel er autorisasjonsordninga. Det er kort fortalt det offentlege si regulering av kven som får lov til å bruke kva for nokre yrkestitlar, slik som ambulansearbeidar. I 2022 fekk ei ny gruppe, paramedisinarane, ei slik godkjenningsordning. Fagforeiningane som organiserer dei som jobbar i prehospitale tenester, hadde først jobba lenge for å etablere ei høgskuleutdanning i paramedisin, og etter det igjen jobba med å sørge for at dei som tok utdanninga, skulle få autorisasjon.
Fagforeiningane og arbeidsgivarorganisasjonane jobbar med slike spørsmål på ei rekke måtar. Ei viktig arbeidsform er å svare på det som blir kalla høyringar. Når Stortinget skal lage ei ny lov, for eksempel, lagar dei først ei utgreiing / ein rapport om kva lova skal innebere, og kvifor ho trengst. Så sender dei denne utgreiinga/rapporten ut på høyring til organisasjonar, bedrifter og liknande som kan ha interesse av det, og gir dei moglegheit til å komme med innspel. Organisasjonane i arbeidslivet er viktige høyringsinstansar for alle endringar i utdanning og yrkesvilkår for faggruppene i prehospitale tenester.
Arbeidslivsorganisasjonane arbeider også med utdanningsspørsmål gjennom råd og utval som er sett ned av
myndigheitene. Eit eksempel på eit slikt råd er fagleg råd. Det er eit organ som alle fag som har læretid, skal ha, og der det sit representantar frå organisasjonane i arbeidslivet. Desse råda er laga for at behova og synspunkta i arbeidslivet skal telje med når opplæringsløpet skal formast ut. Dei skal sørge for at fagutdanninga, for eksempel for ambulansearbeidarar, utviklar seg i tråd med behovet til tenestene.
Ver med og ta ansvar!
Arne har vore tillitsvald i ambulansetenesta lenge og synest det kan vere ein annan sin tur no. Han tenker særleg på Adam fordi han er ung og engasjert, men Adam er veldig skeptisk. Han er redd for at det skal ta for mykje tid, og synest ikkje han kan nok. Arne prøver å seie at han skal få opplæring, men dei kjem ikkje noko særleg vidare.
Kva trur du kan motivere Adam til å ta på seg å vere tillitsvald?
Er det noko av det du har lært så langt, som du trur kan gjere det meir attraktivt for unge menneske å bli tillitsvalde eller verneombod?
Den norske modellen, som vi no har snakka mykje om, er heilt avhengig av at nokon tar på seg litt ekstra ansvar som tillitsvald og verneombod. Å vere tillitsvald vil dessutan gi deg større anledning til å påverke arbeidsplassen din og arbeidsforholda dine. Som tillitsvald vil du få skolering av fagforeininga di og lære mykje om lønnssystem, turnus og alt det andre som tariffavtalane regulerer. I Noreg er dessutan tillitsvalde viktige medspelarar for leiinga i omstillingsprosessar.
Noreg og det norske helsevesenet skal gjennom store omstillingar. Vi skal bli mindre avhengige av inntektene frå oljeproduksjon, og vi må rekruttere mange tusen nye helsearbeidarar om vi skal ha nok av dei til å halde oppe dei gode helsetenestene våre. Som tillitsvald kan du få ei viktig rolle i dette arbeidet. Du kan vere med og forme store og små avgjerder, avgjerder som vil få noko å seie for kor godt vi klarer desse omstillingane, som verksemder, som samfunn og som enkeltmenneske. ?
Oppsummering
Æ Arbeidarar, eller arbeidstakarar som vi seier, har mange både rettar og plikter i Noreg. Når du skal ut i jobb, er det viktig at du kjenner til desse rettane og pliktene, og at du veit litt om korleis systemet fungerer. Det er viktig både for at du skal kunne vareta rettane dine, og fordi det gjer deg til ein betre arbeidstakar å kjenne til spelereglane.
Æ Arbeidslivet i Noreg er lagt opp som eit samarbeid mellom organisasjonane til arbeidstakarane og til arbeidsgivarane. I staden for at kvar enkelt arbeidstakar og arbeidsgivar forhandlar direkte om lønns og arbeidsforhold, inngår organisasjonane deira skriftlege avtalar, tariffavtalar, som reguler alt frå lønn til arbeidstid. Dette avtalesystemet er lagt opp slik at det regulerer både samarbeid og konflikt mellom organisasjonane til arbeidstakarane og arbeidsgivarane, og ein eigen statleg institusjon, riksmeklaren, er ansvarleg for å forvalte dette.
Æ Når du er ferdig med fagbrevet og skal jobbe i ambulansetenesta, blir du ein del av dette systemet. Du skal vere med i den prosessen som gjer norsk arbeidsliv betre for både arbeidstakar og arbeidsgivar og set bedrifter og verksemder i stand til å møte nye utfordringar og til å tilpasse seg teknologisk utvikling og nye krav frå myndigheiter og publikum.
Æ Tariffavtalesystemet og samarbeidet mellom arbeidstakarar og arbeidsgivar blir, saman med velferdsstaten, ofte omtalt som den nordiske modellen fordi alle dei nordiske landa har liknande system. Det har vekt internasjonal oppsikt fordi det over lang tid har klart å gi både økonomisk vekst og rettferdig fordeling. Ei forklaring på det kan vere at ein har måtar å handtere konfliktar på, slik at dei ikkje blir for store. Ein har eit system som begge partar stoler på at dei kjem ganske godt ut av.
Læringsaktivitetar
Arbeidsoppgåver
1 a Kva visste du om den norske modellen før du las dette kapittelet?
b Kva trur du elevar og studentar veit om den norske modellen?
c Kvifor er det som blir presentert i dette kapittelet, viktig kunnskap for ein ambulansearbeidar?
2 Lag eit tankekart over det norske arbeidslivet slik du ser det for deg etter å ha lese dette kapittelet. Bruk dei omgrepa og organisasjonane du hugsar, og forsøk å vise korleis dei forheld seg til kvarandre.
3 Kva er forskjellen på frivillig og tvungen lønnsnemnd?
4 Kvifor trur du tvungen lønnsnemnd blir brukt oftare i helsesektoren enn i andre sektorar?
5 I kapittelet blir det organiserte arbeidslivet og velferdsstaten nemnt som delar av den nordiske modellen. Er det andre institusjonar og ordningar som du tenker særpregar dei nordiske landa?
6 Sjå på nettsidene til nokre av arbeidslivsorganisasjonane, for eksempel Delta, Fagforbundet, Spekter og KS. Kva synest du det verkar som dei ulike organisasjonane er opptatt av? Kva jobbar dei med?
Snakk saman
1 Kva meiner vi med at det ofte er samsvar mellom rettar og plikter? Gi eksempel.
2 Kva trur du ville skjedd viss rettar og plikter ikkje hang saman?
3 I kapittelet blir det snakka om både samarbeid og konflikt mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Kan de tenke dykk eksempel på ting som arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgivarorganisasjonar burde samarbeide meir om i ambulansetenesta?
Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårnsertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.
Puls Yrkesliv i ambulansefag
Puls Yrkesliv i ambulansefag lærer elevane å vareta sikkerheita
både for seg sjølv og andre under ulike ambulanseoppdrag. Dei får god kjennskap til nasjonale operative prosedyrar, dokumentasjon og kvalitetsutvikling, og dei lærer å arbeide i samsvar med retningslinjer og prosedyrar for samvirke, lover og regelverk. Boka gir kompetanse i operativ leiing på ein skadestad, og situasjonar med pågåande livstruande vald. Masseskadesituasjonar blir også tekne opp.
Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga:
→ Ambulansemedisin 1
→ Ambulansemedisin 2
→ Yrkesliv i ambulansefag
→ Kommunikasjon og samhandling
I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært. ISBN 978-82-11-04555-3