Forretningsdrift

Sal og reiseliv
Bjørn Hallvard Grinde
Ingvill Kalvik
Mats Joakim Grindheim
Christine Bar

Bjørn
Hallvard Grinde, Ingvill Kalvik, Mats Joakim Grindheim og Christine Bar
Sal og reiseliv
Bjørn Hallvard Grinde
Ingvill Kalvik
Mats Joakim Grindheim
Christine Bar
Bjørn
Hallvard Grinde, Ingvill Kalvik, Mats Joakim Grindheim og Christine Bar
Sal og reiseliv vg2
Nynorsk
Kapittel 0
Å lære om berekraftig forretningsdrift er avgjerande for bedriftsleiarane i framtida, seljarar og reiselivsmedarbeidarar. I ei verd der ressursane våre er avgrensa, må vi tenke nytt om korleis vi driv bedrifter. I faget forretningsdrift skal du lære deg å ta ansvarlege, etiske og miljøbevisste val og vurdere desse i lys av berekraftig utvikling. Du vil få sjå korleis klima og etikk kan stå i motsetning til etterspørsel og økonomi. Teori, metodar og verktøy vil gi deg gode føresetnader for å lykkast.
Hennes & Mauritz tek imot klede og tekstilar til gjenbruk, gjenvinning og resirkulering. Her ein innsamlingsboks i ein av interiørbutikkane deira.
Det finst mange argument for at bedrifter bør jobbe med berekraft. Vi har alle eit ansvar for miljøet og klimaet på kloden vår og for å skape ei meir rettferdig verd.
Fleire kundar er opptekne av berekraft og spør etter berekraftige produkt. Bedrifter som jobbar i ei berekraftig retning, har betre føresetnader for å lykkast. Det er større sjanse for at berekraftige produkt blir populære hos kundane, og det igjen aukar sannsynet for at dei vil finnast i framtida.
Ein berekraftig profil er det lett å stå for. Satsar bedrifta på å vere berekraftig, blir det meir attraktivt for andre bedrifter, organisasjonar og privatpersonar å hjelpe og støtte ho.
Syklistar på veg opp skiheisen på Trysil Bike Arena. Trysil har satsa stort på utbygging av sykkelpark, slik at dei kan tiltrekke seg turistar òg om sommaren.
«Berekraft» er eit ord som blir brukt mykje, både av politikarar og i medium. Omgrepet stammar frå FN-rapporten «Vår felles framtid» som kom i 1987. Rapporten blei utarbeidd av ein kommisjon leia av Gro Harlem Brundtland, Noregs første kvinnelege statsminister.
Men kva betyr det eigentleg når vi seier at eit samfunn er berekraftig? Berekraftig utvikling er ei utvikling som tek omsyn til behovet i dag utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov. Det betyr at vi i dag ikkje skal bruke opp ressursane på jorda, og at vi må ta vare på planeten slik at han er ein god stad å leve òg i framtida. Som tilsett må du utvikle kompetansen som gjer deg i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Bedrifter må ta stilling til utfordringar knytt til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning.
I nettressursen
Videoar: Berekraft i
reiselivsbransjen og Bærekraft i salsfaget
Miljø og klima
Sosiale
vilkår
Berekraftig utvikling består av tre dimensjonar: økonomi, miljø og klima og sosiale vilkår.
Økonomi
Berekraftig utvikling
For å skape berekraftig utvikling må bedrifta jobbe med tre dimensjonar: økonomi, miljø og klima og sosiale vilkår. Det er samanhengen mellom desse som avgjer om noko er berekraftig.
Økonomi
Den økonomiske delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn og å redusere gapet mellom fattige og rike. Fattigdom og ulikskap kan føre til konfliktar og politiske opprør. Økonomisk vekst kan vere viktig for utvikling og å skape nye arbeidsplassar.
Ei bedrift som ønsker å vere berekraftig, må først og fremst vere lønnsam. Bedrifter med underskot vil få det vanskeleg med å oppretthalde og forbetre dei to andre dimensjonane. Å auke inntektene eller redusere kostnadene er eksempel på tiltak ei bedrift kan gjere for å bli lønnsam.
Berekraftige bedrifter fokuserer på å skape verdiar over tid og bruker ressursane sine effektivt. Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. Bedrifta kan sette inn tiltak i verdikjeda for å minimere skade på naturen og utslepp. Eit anna tiltak er å sjå på løysingar for å redusere svinn og avfall. Bedrifta kan òg undersøke om det eksisterer teknologi som kan gjere drifta meir effektiv og miljøvennleg.
Miljø og klima
Menneskeskapte klimagassutslepp bidreg til global oppvarming og klimaendringar. Havet og lufta blir varmare, økosystem blir øydelagt, og det blir meir ekstremvêr. Dette gjer oss meir sårbare for svolt- og naturkatastrofar. Bedrifter må derfor ha kontroll på sitt eige klimafotavtrykk.
Skogen spelar ei avgjerande rolle for naturmangfaldet i Noreg. Berre i skogen finst det 1330 trua artar og 13 trua naturtypar. Vern av skog bidreg til å sikre desse artane i norsk natur òg i framtida. Per januar 2023 er 5,2 prosent av skogarealet i Noreg verna. (Kjelder: Regjeringen.no og Frivillig vern)
som påverkar dyreliv og økosystem på eit negativ måte. FNs naturpanel melder at naturmangfaldet over heile verda er trua. Forskjellige dyre- og planteartar står i fare for å døy ut. Det kjem blant anna av belastninga på naturen frå landbruk, skogbruk og fiske. Vi må endre måten vi lever på, for å unngå ytterlegare miljøkriser og tilpasse oss klimaendringane.
Bedrifter må vurdere om dei gjer noko som kan skade naturen og artsmangfaldet. Miljø og klima handlar òg om drift og materialbruk. Å effektivisere energiforbruket og å redusere behovet for reise og transport er eksempel på kva bedrifter kan gjere for å drive meir berekraftig.
Bedrifter må òg ha ein plan for korleis dei handterer avfallet sitt. Sirkulær økonomi handlar om å utnytte ressursane så mykje som mogleg i eit kretsløp slik at vi reduserer uttaket av nye ressursar frå naturen. Bedrifta kan òg innføre løysingar for reparasjon, gjenbruk og resirkulering.
Sosiale vilkår
Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Menneskerettane er det viktigaste utgangspunktet for dette. Utdanning, anstendig arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og eit godt helsetilbod er eksempel på menneskerettar. Ein annan viktig del av sosiale vilkår er arbeidsrettar. Bedrifta di skal behandle tilsette i samsvar med spelereglane i arbeidslivet og unngå arbeidslivskriminalitet. Bedrifter må òg ta omsyn til mangfald, inkludering og likestilling. Å gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, ha rutinar som sørger for at lønn blir fastsett etter kjønnsnøytrale kriterium, og rutinar for varsling er eksempel. Sosiale vilkår handlar òg om å bidra i lokalsamfunnet. Bedrifta di bør støtte eller bidra på lokale arrangement og dugnader.
Utslepp og energiforbruk
Lønnsemd Verdikjede
Berekraftige bedrifter har positiv påverknad på ein eller fleire av desse dimensjonane utan å ha negativ påverknad på nokon av dei andre. Fokus på berekraft går føre kortsiktig økonomisk gevinst.
Teknologi
Eksempel
Naturinngrep og artsmangfald
Drift og materialbruk Avfallshandtering
Mangfald, inkludering og likestilling
Arbeidsretta Lokalsamfunn
Menneskeretta
Eit hotell, eit skianlegg og ein restaurant ligg i ei lita bygd som tilbyr vinteraktivitetar til gjestane sine. Hotellet har leigd inn lokale interiørdesignarar for å innreie lobbyen og andre rom (sosiale vilkår). Restauranten har inngått samarbeid med lokale produsentar for levering av kortreist mat. På denne måten vil dei redusere transportavstanden (miljø og klima) og støtte lokale produsentar (sosiale vilkår). Restauranten har òg innført mindre tallerkar i buffeen for å redusere matsvinn. Dette tiltaket vil bidra til mindre avfall (miljø og klima) og redusere kostnadene til mat (økonomi).
Reiselivsbedriftene ønsker å utvide sesongen ved å ha ope om sommaren. Dette vil føre til auka salsinntekter (økonomi) og heilårsarbeidsplassar (sosiale vilkår). Dei planlegg å tilby aktivitetar innanfor sykling og klatring. Når dei skal lage sykkelruter og klatreveggar, gjer dei tiltak for å ta vare på naturen og minimere slitasje og fotavtrykk (miljø og klima).
FNs berekraftsmål
FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål som tek for seg ulike utfordringar innanfor dei tre overordna dimensjonane. Måla er ein arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
FNs berekraftsmål nummer 17 handlar om samarbeid og er overordna dei andre berekraftsmåla.
Berekraftsmåla gjeld alle land i heile verda og skal fungere som ei felles retning. Måla har stor innverknad på norsk politikk – både i lokalsamfunn og nasjonalt. Alle land kan rapportere frivillig til FN om korleis dei jobbar med måla, og kor langt dei har komme.
I arbeidet med berekraft kan det oppstå konfliktar mellom og innanfor kvar av dei tre dimensjonane. Det kan vere uklart kva som skal prioriterast viss ulike omsyn står opp mot kvarandre. Du må då vite at samarbeid er ein viktig føresetnad for å lykkast.
Bruk det du kan
1 Gå inn på nettsida til FN-sambandet og sett deg inn i dei 17 berekraftsmåla og dei tre bolkane dei blir delte inn i.
2 Intervju fem medelevar:
→ Kva legg du i ordet «berekraft»?
→ Kor viktig er berekraft for deg?
→ Kva kan bedrifter gjere for å bli meir berekraftige?
Berekraftige bedrifter beskriv korleis dei jobbar med dei tre dimensjonane økonomi, miljø og klima og sosiale vilkår. Dei bidreg til at nokre av FNs berekraftsmål blir oppfylt, og har tiltak for å redusere den negative påverknaden sin.
Den tredelte botnlinja (TBL) er ei operasjonalisering av dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling. TBL blei lansert i 1993 av forfattar og entreprenør John Elkington som ville synleggjere at ei bedrift òg påverkar andre forhold i samfunnet enn dei økonomiske.
Den tradisjonelle botnlinja beskriv kor godt ei bedrift gjer det økonomisk, men for å vere berekraftig må ho òg ta omsyn til miljø og klima og sosiale vilkår. Vi bruker omgrepet den tredelte botnlinja når vi viser til desse tre dimensjonane av berekraft:
→ økonomi
→ miljø og klima
→ sosiale vilkår
I tillegg til å vere lønnsam må bedrifta òg tilby meiningsfylt arbeid med rettferdige vilkår, og ho må ta omsyn til miljøet og ikkje påverke naturen på ein negativ måte. Når vi snakkar om resultatet til ei bedrift, må vi ta med alle desse tre dimensjonane.
Sertifiseringar og merkeordningar er nyttige for bedrifter som ønsker å drive berekraftig og dokumentere at akvtitetane og produkta deira oppfyller miljøstandardar.
Miljøsertifisering
Ei sertifisering er ei form for evaluering som bekreftar at eit produkt eller ei bedrift oppfyller enkelte krav. Evalueringa blir gjort av ein nøytral instans som ikkje har tilknyting til bedrifta. Sertifikatet som bedrifta får, kan ho bruke som eit kvalitetsstempel.
Miljøfyrtårn er Noregs mest brukte sertifikat for bedrifter som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og vise samfunnsansvar. Når ei bedrift blir sertifisert som Miljøfyrtårn, får ho hjelp til å gjere konkrete forbetringar på område som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Gjennom smarte styringsverktøy kan bedrifta måle kor godt miljøarbeidet fungerer, og setje i gang tiltak som gir resultat.
Bruk det du kan
3 Gå inn på Forbrukerrådets merkeoversikt. Vel ut og presenter tre sertifiseringsmerke for ein medelev. Ta med desse punkta i presentasjonen:
a Kva skal til for å få merket?
b Kven står bak?
c Korleis går godkjenning og kontroll føre seg?
Ei ISO-sertifisering er internasjonal og eit bevis på at bedrifta oppfyller dei krava som er sette som standard av den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO. Å vere ISO-sertifisert betyr at bedrifta er kontrollert av ein uavhengig tredjepart. Det er eit kvalitetsstempel og ein dokumentasjon på at bedrifta kontinuerleg gjer forbetringsarbeid. Bedrifter som har forretning i utlandet, kan oppleve at samarbeidspartnarar krev at bedrifta har ulike ISO-sertifiseringar.
Alle bedrifter påverkar det ytre miljøet. Den internasjonale standarden for miljøleiing, ISO 14001:2015 – Environmental Management System, set fokus på korleis bedrifta kan redusere denne belastninga.
Merkeordningar stiller krav til produktet eller produksjonsprosessen. Eit miljømerke skal gi kundane ei sikkerheit om kva dei kjøper, og bedrifter kan bruke det aktivt i marknadsføringa.
Det finst eit utal miljømerker i den norske marknaden, og Forbrukerrådets merkeoversikt gir deg informasjon om dei merkeordningane du oftast møter når du handlar i ein matvarebutikk.
Varemerket Grønt Punkt viser at emballasjen kan kjeldesorterast og gjenvinnast.
Rainforest Alliance er eit amerikansk miljømerke som viser at det er teke omsyn til miljø og berekraft under produksjonen.
Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Det blir stilt krav til heile livssyklusen til produktet − frå uttak av råvarer og produksjon til bruk og avfall.
Ø-merket er det offisielle norske merket for varer som er økologisk dyrka eller framstilt av økologiske råvarer.
I nettressursen
Kapittel 5 Lenke til «Gull og grønne skoger» − en podkast om bærekraft, markedsføring, kommunikasjon og samfunnsansvar i regi av Kampanje og Skift –Næringslivets klimaledere
Bruk det du kan
4 Søk på internett etter bedrifter som er tatt for grønvasking. Gi ei beskriving av kva bedriftene har gjort.
5 Finn ut kva vi meiner med «norskvasking».
6 Kva butikkar kan bli skulda for å drive med norskvasking?
Med eit sterkare søkelys på berekraft står bedrifter i kø for å framstå som miljøvennlege. Du har kanskje sett at bedrifter bruker ord som «naturleg», «grøn», «klimavennleg», «etisk», «øko», «plantebasert» eller «resirkulert» når dei reklamerer for produkta sine. Men korleis kan vi eigentleg vite om produktet er meir miljøvennleg enn tilsvarande produkt?
Grønvasking vil seie at eit produkt marknadsførast som miljøvennleg utan nødvendigvis å vere det. Grønvasking er ei form for villeiande marknadsføring der eit produkt eller ei bedrift blir framstilt som betre enn dei faktisk er når det gjeld innverknad på miljø og klima og sosiale vilkår.
Nokre bedrifter prøver å gi inntrykk av at dei tek vare på miljøet sjølv om det eigentleg ikkje stemmer. Dei kan bruke triks som å bruke upresise ord, fine bilde og eit vanskeleg fagspråk for å avleie, mens resten av bedrifta framstår som lite berekraftig. Bedrifter må kunne legge fram dokumentasjon på det dei faktisk gjer, og dette må marknadsavdelinga ta omsyn til før ho går ut med ulike påstandar om berekraft.
Forbrukarrådet har lansert noko dei kallar Grønnvaskingsprisen. Den har som mål å bygge kunnskap om uærleg og uriktig informasjon om berekraft og samfunnsansvar. Grønnvaskingsprisen kan givast til ei merkevare, bedrift, organisasjon eller person som lagar produkt for norske forbrukarar. Prisen blir tildelt nokon som bruker påstandar om eller lover at produkta deira er betre for miljøet og samfunnet enn dei faktisk er.
Nettbutikken Zalando hadde tidlegare «berekraft» som filter i søkemotoren sin. Det likte ikkje Forbrukarrådet, som meinte det var villeiande og eit forsøk på grønvasking. Ifølge dei er klesproduksjon og netthandel svært lite berekraftig, og det er gale å gi forbrukarane inntrykk av at dei kan klikke seg ut av det. Dei gav derfor Zalando «Grønnvaskingsprisen 2022» – altså ein «fy-fy-pris». Det førte til at filteret blei fjerna. I staden har Zalando laga eit filter som heiter «Produktstandard», der vi får vite kva slags miljøvennlege materialar plagga inneheld, som resirkulert materiale, økologisk materiale og sertifisert ull.
Grønvaskingsplakaten
Grønvaskingsplakaten er ein plakat med ti prinsipp laga av Skift, Miljøstiftelsen Zero, WWF og Framtiden i våre hender. Plakaten er ei god rettesnor for korleis bedrifta kan unngå grønvasking.
1 Ver ærleg og påliteleg.
2 Pass på at berekraftsarbeidet ikkje berre skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga.
3 Ver varsam med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein sjølv ikkje har teke reelle grep.
4 Unngå å tåkelegge eller underkommunisere eigne utslepp og negative avtrykk på klima, natur og menneske.
5 Ver varsam med å bruke ein stor del av marknadsføringsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket.
6 Unngå å kjøpe godt samvit gjennom klimakvotar eller ved å la andre plukke plast.
7 Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av din bransje dersom det manglar.
8 Ver forsiktig med uttrykk som «betre for klimaet», «betre for naturen», «betre for miljøet» osv.
9 Ver varsam med å marknadsføre verksemda berre på berekraftsmål ho er god på.
10 Ver forsiktig med å bruke donasjonar og sponsorater som bevis på at du jobbar med berekraft.
I nettressursen
Kapittel 5 Lenke til Grønvaskingsplakatens heimeside
Kva kan du no?
1 Forklar med dine eigne ord kva ei berekraftig utvikling er.
2 Skriv nokre setningar om kvar av dimensjonane i berekraftig utvikling.
3 Kva er FNs berekraftsmål?
4 Forklar forskjellen mellom den tradisjonelle og den tredelte botnlinja.
5 Forklar kva som er meint med ei sertifisering.
6 Kvifor er kundane interesserte i eit miljømerke?
7 Nemn to eksempel på miljømerker.
8 Kva er grønvasking?
9 Kva ti prinsipp inneheld grønvaskingsplakaten?
Berekraftig utvikling er ei utvikling som tek omsyn til dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov. For å skape berekraftig utvikling må bedrifta jobbe med tre dimensjonar: økonomi, miljø og klima og sosiale vilkår. Samanhengen mellom dei tre dimensjonane avgjer om noko er berekraftig.
FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål som tek for seg ulike utfordringar innanfor dei tre dimensjonane. Måla er ein arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
Den tredelte botnlinja handlar om at ei bedrift må levere på alle dimensjonane av berekraft. I tillegg til å vere lønnsam må bedrifta òg ta omsyn til miljøet og ikkje påverke naturen på eit negativ måte, og ho må tilby meiningsfylt arbeid med rettferdige vilkår.
Ei sertifisering er ei form for evaluering som bekreftar at eit produkt eller ei bedrift oppfyller enkelte krav. Merkeordningar stiller krav til produktet eller produksjonsprosessen. Eit miljømerke skal gi kundane ei sikkerheit om kva dei kjøper, og bedrifter kan bruke det aktivt i marknadsføringa.
Grønvasking vil seie at eit produkt blir marknadsført som miljøvennleg utan nødvendigvis å vere det. Du må hugse å legge fram dokumentasjon på det bedrifta gjer, før du marknadsfører ulike påstandar om berekraft. Grønvaskingsplakaten er ein plakat med ti prinsipp som fungerer som ei rettesnor for korleis bedrifta kan unngå grønvasking.
Copyright © 2025 by Vigmostad & Bjørke AS
All Rights Reserved
1.utgåve 2025 / 1. opplag 2025
ISBN: 978-82-11-04770-0
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Grafisk design: Scandinavian Design Group
Sats ved forlaget
Omslagsdesign ved forlaget
Omslagsfoto: © Paradee Paradee / Dreamstime.com
Bjørn Hallvard Grinde har skrive:
Kapittel 3 Pris (medforfattar)
Kapittel 4 Budsjett, rekneskap og nøkkeltal
Ingvill Kalvik har skrive:
Kapittel 6 Berekraftig reiseliv
Kapittel 9 HMS-arbeid
Mats Joakim Grindheim har skrive:
Kapittel 0 Berekraftig forretningsdrift
Kapittel 1 Trendar, forretningsmodellar og samarbeidsformer
Kapittel 3 Pris (medforfattar)
Kapittel 5 Verdikjede
Kapittel 7 Forretningsplan
Kapittel 10 Svinn
Christine Bar har skrive:
Kapittel 2 Rekruttering
Kapittel 8 Yrkesfellesskap
Kapittel 11 Regelverk
Forfattarane har teke imot støtte frå Norsk faglitterær forfattar- og omsettarforeining.
Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget
Kanalvegen 51
5068 Bergen
Tlf.: 55 38 88 00
e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverklova.
Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarfremstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.
Forretningsdrift er ein del av læreverket for vg2 sal og reiseliv frå Fagbokforlaget og dekker kompetansemåla i programfaget forretningsdrift.
Gjennom teori og praktiske døme presenterer boka yrkesretta kunnskap om rekruttering og yrkesfellesskap, prisstrategiar og berekning av lønsemd, berekraft i verdikjeda og reiselivet, forretningsmodellar og forretningsplanar, og svinn og regelverk.
Det første kapittelet omhandlar berekraftig forretningsdrift generelt. Kvart av dei andre kapitla behandlar eitt kompetansemål, og stikkordregisteret gjer det lett å finne fram til tema på tvers av kapitla.
Fagbokforlaget sitt læreverk for vg2 sal og reiseliv består av tre bøker og ein nettressurs med innhald både for elev og lærar:
→ Forretningsdrift
→ Innovasjon og marknadsføring
→ Kultur og kommunikasjon
→ Sal og reiseliv vg2 nettressurs