Husdyr NYN (9788211030740)

Page 1

Husdyr

Husdyr

Husdyr

Husdyr er ein del av læreverket for Vg1 Naturbruk frå Fagbokforlaget og dekkjer læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om dyrebiologi og arbeidsoppgåver som er knytte til hald av sauer, kyr, griser, geiter, fjørfe og reinsdyr. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese.

| Naturbruk

Læreverket i Vg1 Naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker: · Fiske og akvakultur · Landbruk · Husdyr · Skogbruk · Dyrefag og hestefag · Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Naturbruk

ISBN 978-82-11-03074-0

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1

Daniella Roxman Ueland



Daniella Roxman Ueland

Husdyr Vg1 Naturbruk Nynorsk


Innhald Kapittel 1 Fôrmiddel ................................................................................. 5 Kvar kjem maten frå? ................................................................ 5 Kva finst i maten? ...................................................................... 7 Nettoenergi .............................................................................. 12 Kan du dette? .......................................................................... 17

2

Kapittel 2 Sau .......................................................................................... Sauen på garden ..................................................................... Året med sauen ....................................................................... Livlam ...................................................................................... Fôring og stell av livlamma ...................................................... Vaksne og gimrer frå haust til lamming ................................... Paring ...................................................................................... Holdvurdering .......................................................................... Fôring gjennom vinteren .......................................................... Vassmengd .............................................................................. Våren i sauehuset .................................................................... Lamming.................................................................................. Kva med snyltarar ................................................................... Helse og sjukdom etter lamming............................................. Kan du dette? ..........................................................................

19 20 20 22 23 25 25 27 27 28 29 30 33 35 37

Kapittel 3 Storfe ...................................................................................... Mjølkeproduksjon .................................................................... Juret ........................................................................................ Mjølkekvaliteten....................................................................... Fordøyingssystemet ................................................................ Fôring av mjølkekyr ................................................................. Året med kua ........................................................................... Produksjonssjukdommar......................................................... Ammeku- og kjøttfeproduksjon ............................................... Fôring og stell av ammekua gjennom året .............................. Kan du dette? .......................................................................... Tenk etter .................................................................................

39 41 42 44 48 51 53 58 60 63 65 65


Kapittel 4 Gris.......................................................................................... Griserasar ................................................................................ Avlspyramiden ......................................................................... Smågrisprodusenten ............................................................... Slaktegrisprodusenten ............................................................ Utegris ..................................................................................... Kan du dette? ..........................................................................

67 67 70 72 77 79 81

Kapittel 5 Geit.......................................................................................... Geiterasar ................................................................................ Hald av geit ............................................................................. Kan du dette? ..........................................................................

83 84 86 87

Kapittel 6 Fjørfe....................................................................................... Kyllingproduksjon .................................................................... Høns ........................................................................................ Kan du dette? ..........................................................................

89 90 92 95

Kapittel 7 Reindrift .................................................................................. 97 Dyra ......................................................................................... 98 Kan du dette? ........................................................................ 103 Stikkord ................................................................................ 104

3



Kapittel 1

Fôrmiddel Husdyra må ha mat. Drøvtyggjarar som sau og storfe et mykje gras, medan griser et kva som helst. Alt fôr inneheld tørrstoff og vatn. Tørrstoffet inneheld næringsstoff som karbohydrat, protein, feitt, vitamin og mineral. For at dyra skal halde seg friske og lage mjølk, kjøt og ull, må dei få i seg rett mengd av dei ulike næringsstoffa.

Kvar kjem maten frå?

Alle næringsstoffa dyra treng for å leve og vekse, finst i fôret dei et. Du må ha god kvalitet på jorda di for å kunne produsere fôr av god kvalitet til dyra. Då leverer dei betre kvalitet på mjølk, kjøt, egg og ull.

Mjølk, kjøt, egg og ull. Kvar kjem det eigentleg frå? Det er fascinerande å tenkje på at eit lite lam som er fødd på våren, kan hentast heim att frå fjellbeitet på hausten, og på desse få månadene har det dobla vekta si fleire gonger berre ved å ete grønt gras og drikke mjølk frå mor. Det er rart å tenkje på at vi kan fylle matlagera våre med mat berre produsert på det naturen tilbyr. Maten både vi og dyra et, kan målast i kaloriar og joule. Maten dyra får, blir gjerne også målt i talet på fôreiningar. Alle desse omgrepa er andre ord for energi. Maten vi et kvar dag, kan vi altså måle i kor mykje energi han inneheld. All energi på jorda kjem frå sola, og grøne blad og gras har ei unik evne til å binde energien frå sola. Det skjer i fotosyntesen. Slik blir energien tilgjengeleg for dyra, som først og fremst brukar han til å vekse og halde oppe stabil kroppstemperatur. Akkurat som eit bål brukar oksygen til å brenne og produsere

5


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

Fôr

Tørrstoff

Organiske stoff

Nitrogenhaldige stoff

Protein

Når eit laboratorium analyserer fôr, varmar dei det først opp slik at alt vatnet fordampar. Vektskilnaden før og etter fordamping viser kor mykje vatn fôret inneheldt. Deretter måler ein innhaldet av organiske stoff, og til slutt blir fôret brent. Det som ligg att då, er oske, og mengda oske svarar til mengda mineral i fôret.

6

Karbohydrat

Vatn

Oske

Nitrogenfrie stoff

Mineral

Feitt

Vitamin


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

varme, brukar planter, dyr og menneske oksygen til å produsere varme gjennom celleandinga – derfor kallar vi det forbrenning. Alt du treng for å leve og vekse, finst i maten du et. Slik er det for dyra også. Alle næringsstoffa dei treng, finst i fôret dei et. Er det for lite næring i jorda, vil det vere for lite av det i graset og for lite av det i fôret også. Derfor må du lære korleis du best vernar og held oppe ein god kvalitet på jorda di. Då kan du produsere best mogleg kvalitetsfôr til dyra dine, slik at dei igjen kan levere mjølk, kjøt og egg av best mogleg kvalitet – frå jord til bord.

Kva finst i maten?

Alle organiske stoff inneheld atom av karbon, med det kjemiske symbolet C. Karbon bind seg svært lett til andre grunnstoff, og det kan binde seg til opptil fire andre atom. I den enklaste forma bind eit karbonatom seg til fire hydrogenatom. Då får vi gassen metan.

All mat, anten han blir eten av menneske eller dyr, inneheld dei same næringsstoffa. Men for å vite kva og kor mykje du skal gje husdyra dine, må du ha litt kunnskap om kva maten faktisk inneheld. I alt grovfôr, det vil seie gras eller surfôr, utgjer vatn ein god del. Resten er tørrstoff. Jo meir tørrstoff grovfôret inneheld, dess tørrare er det. Høy har gjerne eit tørrstoffinnhald på 84 prosent. Surfôr lagra i tårnsilo har svært lite tørrstoff. Når vi sender inn ei prøve av grovfôret til eit laboratorium for å få det analysert, varmar dei opp fôret slik at alt vatnet fordampar. Vektskilnaden før og etter fordamping viser kor mykje vatn prøva inneheldt. Deretter måler ein innhaldet av organiske stoff, og til slutt blir fôrprøva brend. Det som ligg att då, er oske, og mengda oske svarar til mengda mineral i fôret. Vi kan få ein idé om mengda tørrstoff i surfôret ved å utføre ei knipeprøve. Ta ein neve full med gras eller surfôr og klem til. → Det er mindre enn 20 prosent tørrstoff dersom det siv ut saft mellom fingrane. → Det er meir enn 20 prosent tørrstoff dersom det ikkje kjem ut noko saft. → Det er meir enn 30 prosent tørrstoff dersom vi vrir graset med begge hendene utan at det kjem ut noko saft. Vi deler tørrstoffet i fôrprøva inn i ulike organiske stoff. I kjemien har vi lært at alle organiske stoff inneheld atom av karbon med det kjemiske symbolet C. Karbon bind seg svært lett til andre grunnstoff, og det kan binde seg til opptil fire andre atom. Derfor finn vi karbon i veldig mange kjemiske former. I den enklaste

7


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

forma bind eit karbonatom seg til fire hydrogenatom. Då får vi gassen metan. Vi skal sjå nærare på tre grupper med organiske stoff som er bygde opp av korte og lengre kjeder med karbonatom: karbohydrat, feitt og protein.

Monosakkarid

Sukkerartar

Disakkarid

Karbohydrat Polysakkarid

o o c

o o c

o o c

Sakkarid. ¾ av tørrstoffet i gras er karbohydrat. I karbohydrata dannar C-atoma sekskanta ringar. Det enklaste karbohydratet heiter glukose og består av éin ring. Karbohydrat med éin enkelt ring kallar vi også monosakkarid. Dei med to ringar kallar vi disakkarid. Glukose er altså eit monosakkarid. Vi kjenner det som kvitt sukker, og det er lett å fordøye og gjev lett tilgjengeleg energi.

Tre firedelar av tørrstoffet i gras er karbohydrat. I karbohydrata dannar C-atoma sekskanta ringar. Det enklaste karbohydratet heiter glukose og består av berre éin ring. Karbohydrat med éin enkelt ring kallar vi monosakkarid. Dei med to ringar kallar vi disakkarid. Glukose og fruktose er døme på stoff som er samansette av enkle og korte rekkjer av monosakkarid. Slike enkle karbohydrat er ofte sette saman av 3–7 karbonatom. I denne gruppa finn vi også bordsukker eller farin. Desse er lette å fordøye og er dermed lett tilgjengeleg energi. Alle karbohydrat må brytast ned til enkle ringar av karbon (monosakkarid) i fordøyingssystemet før dei kan takast opp gjennom tarmveggen. Jo lengre kjedene med ringar er, dess tyngre er dei å fordøye. Cellulose er ei lang kjede av sekskanta ringar og svært tungt fordøyeleg. Vi menneske klarer ikkje å fordøye cellulose, og det kan berre til ein viss grad brytast ned i vomma til drøvtyggjarar som sau og ku. Men til gjengjeld er cellulose viktig for at vomma til drøvtyggjarane skal fungere. Mengda av cellulose i grovfôret er i stor grad avhengig av når vi slår graset. Gras som blir slått seint, altså eit par veker etter skyting (blomstring), inneheld mykje cellulose. Jo eldre plantene er, dess meir cellulose inneheld dei. Slår vi graset tidleg, har det eit høgare innhald av lett fordøyeleg sukker og gjev meir energi. Det kan vere nyttig for høgtytande mjølkekyr, men ver merksam på at for mykje energi fort kan gje eit uheldig miljø i vomma og for lite struktur. Kua får diaré og for blaut avføring. Då vil tida maten brukar på å passere frå vomma til endetarmen, bli for kort, og mykje av næringsstoffa i fôret går tapt. Feitt

Feitt består av glyserol og feittsyrer. Glyserolmolekylet er til venstre på figuren. Det har bunde seg til tre lange feittsyremolekyl som stikk ut til høgre. Kvar vinkel representerer eit karbonatom.

8

Eit feittmolekyl omfattar tre feittsyrer og alkoholen glyserol. Feittsyrene er lange kjeder med karbonatom som bind seg til alkoholen. Dersom alle karbonatoma i ei feittsyre har bunde seg til fire andre atom, kan dei ikkje binde seg til fleire atom. Då seier vi at feittsyra er metta. Nokre gonger har eit karbonatom berre bunde


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

Diaré. Slår du graset tidleg, har det høgare innhald av lett fordøyelege karbohydrat og gjev meir energi. Det kan vere nyttig for høgtytande mjølkekyr, men for mykje energi kan fort gje eit uheldig miljø i vomma og for lite struktur. Kua får diaré og for blaut avføring.

9


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

seg til tre andre atom Då er ei av bindingane ei dobbeltbinding, og feittet er umetta. Er det fleire dobbeltbindingar i same feittsyre, kallar vi feittet fleirumetta Døme på umetta feittsyrer er omega 3 og omega 6, som vi finn mykje av i fisk. Rapsoljen, som også er rik på fleirumetta feitt, blir vunnen ut av frøa til rapsplanta. Hos dei fleirmaga husdyra våre er det mikrobane i vomma som dannar om karbohydrata til feittsyrer, nærare bestemt eddiksyre, propionsyre og smørsyre. Dette er den naturlege kjelda til feitt for kua. Protein

Protein. Nokre av artane i enga inneheld meir protein enn andre. Kløver og belgvekstar, til dømes erteplanter, er rike på protein. Gras som er slått tidleg i mai, inneheld også svært mykje protein.

Protein er livsviktige byggjeklossar i kroppen vår. Eit menneske har ikkje mindre enn 100 000 ulike protein i kroppen. Proteina er bygde opp av aminosyrer. Eit protein inneheld mellom 50 og 1000 aminosyrer. Cellene i kroppen produserer heile tida nye protein av aminosyrer. Mange aminosyrer produserer vi sjølve. Men nokre klarer verken vi eller dyra å produsere sjølve, og dei aminosyrene må vi få tilført gjennom maten vi et. Aminosyrer, og dermed også protein, inneheld nitrogen.


Sleikjestein. Kraftfôr er tilsett både vitamin og mineral. Men i periodar der dyra får lite eller ikkje noko kraftfôr, er det viktig å gje dei mineraltilskot, til dømes sleikjestein på beitet.

Slåttetidspunktet har svært mykje å seie for proteininnhaldet i graset. Gras som er slått på våren, inneheld gjerne svært mykje protein. Seinare på sommaren må vi tilføre jorda nitrogen i form av gjødsel, slik at graset kan danne nok protein. Nokre av artane i enga inneheld også meir protein enn andre. Kløver og belgvekstar, til dømes erteplanter, er rike på protein. Vitamin og mineral Nokre vitamin er vassløyselege, medan andre feittløyselege. Bog C-vitamin er vassløyselege, medan A-, D-, E- og K-vitamin er feittløyselege. Dei vassløyselege vitamina blir ikkje lagra i kroppen. Dei vitamina dyra ikkje nyttar seg av med ein gong, blir skylde ut att, og dyra må derfor ha jamn tilførsel av dei. Dei feittløyselege vitamina blir derimot lagra i feittvevet i kroppen. Gras er rikt på Kog A-vitamin. D-vitamin blir danna i huda når dyra går ute i sola. Når det gjeld mineral, skil vi mellom mikromineral og makromineral. Makromineral er mineral som dyra treng relativt mykje av (nokre gram per dag), og omfattar kalsium, fosfor, magnesium, kalium, natrium, klor og svovel. Mikrominerala trengst berre i små mengder (nokre milligram per dag) og omfattar 11


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

kopar, sink, kobolt, selen, jern, jod og fleire. Vi finn dei mellom anna i blod og mjølk. Både vitamin og mineral trengst berre i små mengder, men dei er likevel livsviktige både for dyr og menneske. Dei er viktige innhaldsdelar i enzym, og dei er viktige for danninga av knoklar og for immunforsvaret og reproduksjonen. Nokre av dei veit vi ikkje ein gong oppgåva til, men vi veit at langvarig mangel kan føre til mistrivsel og alvorlege mangelsjukdommar. Kraftfôr er tilsett både vitamin og mineral. I periodar der dyra gjerne får lite eller ikkje noko kraftfôr, er det viktig å gje dei mineraltilskot, til dømes sleikjesteinar på beita. Det finst eit stort utval av tilskotsblandingar å få tak i, både som pulver, pellets og stein i bøtte.

Nettoenergi Her skal vi berre ta føre oss produksjonsdyr. Det vil seie dyr som ein gong blei tamde for å gje oss mat eller klede. Frå naturen si side produserte dei mjølk nok til å fø avkom, og dei hadde muskulatur nok til fungere i naturen. Gjennom generasjonar med avl på dei kyrne som gav litt meir mjølk, mjølka litt lenger eller hadde litt større muskulatur, har vi i dag produksjonsdyr som verkar svært ulike frå dei som ein gong levde fritt i naturen. Desse dyra treng mykje meir mat enn dyra trong før. Når vi reknar ut mengda fôr til dyra, brukar vi gjerne to ulike omgrep, vedlikehaldsfôring og fôring til produksjon. Vedlikehaldsfôring går ut på å gje dyret akkurat så mykje mat som det treng for å leve. Det vil seie at det verken legg på seg eller blir tynnare. Dersom dyra ikkje klarer å halde varmen på den mengda fôr dei får tildelt, vil dei tære på feittreservane sine og gå ned i vekt. Derfor må vi fôre nok til at dei ikkje tærer på feittet. Når vi har gjeve dyra nok fôr til at dei ikkje tærer på feittet, kjem fôring til produksjon på toppen. Mengda mat dei har til overs for å produsere mjølk og kjøt, avgjer kor mykje mjølk og kjøt dei faktisk produserer. Men ikkje all maten som går inn i eit dyr, er energi som dyret kan nytte. Vi må hugse på at det alltid vil vere noko av maten som er fullstendig ufordøyeleg, og energien i den delen av fôret går tapt i gjødsla. Han kjem ut som avføring. Noko vil også gå ut att gjennom urinen. Når vi ser på den totale energien som 12


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

Nettoenergi. Ein del av energien i maten forsvinn i møk, urin og kroppsvarme. Når vi tek vekk det, sit vi att med nettoenergi. Det er den energien som dyret kan bruke til å produsere mjølk og kjøt.

13



Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

maten inneheld, og trekkjer frå det som går vekk i gjødsel, urin og kroppsvarme, sit vi att med det vi kallar nettoenergi. Det er den energien som dyret kan bruke til å produsere mjølk og kjøt. Nettoenergien kan målast i kilokaloriar (kcal), fôreiningar (FE) eller megajoule (MJ). I dag brukar ein fôreiningar og megajoule om kvarandre i litteratur og fagartiklar. Det er uproblematisk om vi berre veit at → 1 FEm ≈ 1650 kcal → 1 FEm ≈ 7000 KJ = 7 MJ Sidan mjølkeproduksjon har vore den dominerande produksjonsgreina i landbruket vårt, puttar vi gjerne på ein m for «mjølk» bak FE: FEm (fôreining mjølk). FEm brukar vi når vi snakkar om mat til drøvtyggjarar. Ved å bruke fôreiningar i staden for kilo kan du få eit mykje meir nøyaktig bilete av kor næringsrikt fôret faktisk er. Du kan få eit tal på kor mange fôreiningar ein rundballe inneheld, og kor mange fôreiningar du har produsert på eitt mål av enga. Så må du også hugse på at vatnet i graset ikkje har nokon næringsverdi, så talet på fôreiningar gjeld alltid per kilo tørrstoff. I tabellen kan du sjå at gras med mindre enn 0,87 FEm per kilo tørrstoff er gras med liten næringsverdi, medan fôr med meir enn 94 FEm per kilo tørrstoff er eit svært næringsrikt fôr. Det aller beste graset finn vi på beita om våren. Næringsverdi i gras.

FEm per kg tørrstoff

Lågt

Middels

Høgt

< 0,87

88–93

> 94

Du kan no bruke denne kunnskapen til å rekne ut talet på fôreiningar i ein siloballe. Talet på fôreiningar i ein siloballe Bruk fôreiningar (FE) eller megajoule (MJ) i staden for kg når du skal ha eit nøyaktig bilete av kor næringsrikt graset ditt faktisk er. Det går omtrent 7 MJ på éi fôreining. Hugs at vatnet i graset ikkje har nokon næringsverdi, så talet på fôreiningar gjeld alltid per kilo tørrstoff.

Vekta

Prosent

Talet på FEm

Fôreiningar

på rundballen

tørrstoff

per kg tørrstoff

i siloballen

750 kg

30 %

0,88

198

Etter at alt vatnet i rundballen er teke vekk, veg rundballen altså berre

15


Naturbruk

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

750 ⋅ 30 = 225 kg. 100 Dette er gras av middels kvalitet, så vi gongar talet på kilo tørrstoff med så mange fôreiningar som dette graset inneheld per kilo tørrstoff. Vi kan berre få ein nøyaktig verdi dersom vi har teke ein fôrprøve av rundballen. I dette tilfellet gongar vi 225 kilo med 0,88. Då finn vi at akkurat denne rundballen inneheld 198 fôreiningar. Det er ikkje uvanleg at rundballar inneheld om lag 200 fôreiningar. Fordøyingskanalane til ein drøvtyggjar er heilt annleis enn hos til dømes gris eller kylling, sjølv om næringsstoffa som blir omsette, er dei same. Det gjev ulike krav til samansetninga av næringsstoffa Du har no fått eit lite innblikk i kva fôret inneheld av næringsstoff, og korleis vi måler dei. Dette skal vi ta med oss vidare når vi ser nærare på kvart enkelt dyreslag, kva dei et, og korleis dei omset maten til energi.

16


Naturbruk

Kan du dette?

Kapittel 1 Fôrmiddel

Husdyr

Oppgåve 1 Kva er skilnaden mellom høy og surfôr når det gjeld mengda tørrstoff? Oppgåve 2 Kva er knipeprøva, og kva viser ho? Oppgåve 3 Kva er cellulose, og kvifor er det viktig for drøvtyggjarar? Oppgåve 4 Kva er samanhengen mellom slåttetidspunktet og proteininnhaldet i gras? Oppgåve 5 Korleis sørgjer vi for at dyra får i seg nok vitamin og mineral? Oppgåve 6 Kva er FE (fôreiningar) eit mål på? Oppgåve 7 Korleis går vi fram for å rekne ut talet på FE i eit fôr?

17


18


Kapittel 2

Sau Sauen er ein drøvtyggjar og eit flokkdyr som kom til Noreg med dei første menneska. Han beitar oftast i utmark og kan halde kulturlandskapet ved like. Han gjev kjøt og ull. Den vanlegaste sauen i Noreg er norsk kvit sau. Utanom villsauen blir sauen fôra i fjøs gjennom vinteren og blir sleppt på beita om sommaren. Hausten er paringstid. Om våren blir lamma fødde. Når dei blir slakta om hausten, veg dei om lag 45 kilo.

Spælsauen er ein såkalla kortrova sauerase. I spælsauen er det framleis spor etter dei gamle rasane som blei haldne av dei første menneska som dreiv jordbruk i Noreg. Dei beita vekk kratt og busker og opna opp område som kunne dyrkast, og sauemøka viste seg å vere god gjødsel. Ulla gav menneska varme klede, og kjøtet var næringsrik mat som var lettare tilgjengeleg enn viltkjøt.

Då dei første menneska begynte å rydde land for å busetje seg og drive jordbruk i Noreg for rundt 5000–6000 år sidan, var den vesle sauen god å ha. Han beita vekk kratt og busker og opna opp område som kunne dyrkast, og sauemøka viste seg å vere god gjødsel. Ulla gav menneska varme klede, og kjøtet var næringsrik mat som var lettare tilgjengeleg enn viltkjøt. Sauen hadde allereie vore halden som husdyr i mange tusen år lengre sør i Europa og i Midtausten, og han følgde menneska nordover då isen over Skandinavia trekte seg tilbake. Denne sauen var liten og robust og ein heilt annan enn den vi har i dag. Kva rolle han spelar for norsk landbruk, har endra seg mykje. Likevel finn vi framleis spor etter dei gamle rasane i dei såkalla kortrova rasane vi har i dag. Desse rasane har kortare halar eller kort rov, også kalla spæl, og dei har ein annan type ull. Ulla deira er bygd opp av ei tett botnull, det vil seie underull, og strie dekkhår. Dei er gjerne fleirfarga og noko lettare enn dei tyngre kvite rasane. Blant dei eldste rasane finn vi gammalnorsk spælsau og villsau. Den kvite eller farga spælsauen er noko 19


Naturbruk

Kapittel 2 Sau

Husdyr

større og tyngre enn dei gamle rasane, men er likevel lett på foten, har gode morseigenskapar og har eit godt flokkinstinkt. Etter kvart som enkelte eigenskapar hos sauen, som kvaliteten på ulla og kjøtmengd, blei viktigare, dukka crossbredrasane opp. Felles for desse er at dei har ein type middels fin botnull og lange halar. Mellom dei norske crossbredrasane finn vi dalasau, rygja, steigar og sjeviot. Norsk kvit sau har innslag av alle desse rasane. I den norske kvite sauen har det også blitt blanda inn texel frå Nederland for å auke slaktevekta og ein finsk rase for å auke lammetalet. Rundt om i landet finst det også gamle lokale rasar som blæsa sau, fuglestadbrokete sau og grå trøndersau.

Sauen på garden For berre nokre generasjonar sidan var det vanleg at kvar gard hadde ein liten saueflokk, gjerne i ein gammal tørr gjødselkum eller i ein liten skut på fjøsen. Den gongen heitte det at ein gard kunne ha så mange sauer som han hadde fôr til å halde gjennom vinteren. I dag er det stadig fleire som har sau som hovudproduksjon på garden, og som byggjer sauehus som kan huse mange hundre sauer over vinteren. Å ha 200–300 sauer som skal lamme i løpet av fire vekers tid på våren, er hektisk og krev gode rutinar og god planlegging.

Året med sauen Det kan vere naturleg å tenkje at saueåret begynner om hausten. Det er då du legg grunnlaget for dei neste tolv månadene med sauehald, og det er då du best kan leggje grunnlaget for den gevinsten du forventar å hauste eitt år fram i tid. I løpet av september hentar du heim saueflokken. Nokre har gjerne gått i høgfjellet gjennom sommaren, medan andre har gått på heimebeite. Det er ei spennande tid. Lamma har vakse til det ukjennelege, og dei skal vegast og sorterast. Det er no du skal bestemme → kva for lam som kan slaktast direkte → kva for nokre som skal behaldast og forhåpentleg bli gode avlssøyer i flokken

20


Naturbruk

Kapittel 2 Sau

Husdyr

I løpet av september hentar du heim saueflokken din frå fjellet. No skal du avgjere kva for lam som kan slaktast direkte, kva for nokre du skal behalde som avlssøyer, kva for nokre som må fôrast intensivt for å nå slaktevekt, og kva for nokre vaksne sauer som må utrangerast. Frå Modalen.

21


Husdyr

Husdyr

Husdyr

Husdyr er ein del av læreverket for Vg1 Naturbruk frå Fagbokforlaget og dekkjer læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om dyrebiologi og arbeidsoppgåver som er knytte til hald av sauer, kyr, griser, geiter, fjørfe og reinsdyr. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese.

| Naturbruk

Læreverket i Vg1 Naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker: · Fiske og akvakultur · Landbruk · Husdyr · Skogbruk · Dyrefag og hestefag · Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Naturbruk

ISBN 978-82-11-03074-0

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1

Daniella Roxman Ueland


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.