NYNORSK
essens
LAGD TIL RETTE AV MARIANNE KIRKHORN
Intertekst essens Vg1 er ei heilt ny lærebok i norsk for elevar på
HARALD ERIKSEN
studieførebuande utdanningsprogram. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også godt for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens byggjer på læreverket Intertekst. Intertekst har vore på marknaden sidan 2013 og kom i 2020 i ei ny utgåve som er i tråd med læreplanrevisjonen LK20. Bøkene har same struktur og kan derfor brukast av ulike elevar i same klasserom. I boka får elevane trinn-for-trinn-hjelp med alt frå skriftlege til munnlege problemstillingar. I tillegg blir dei kjende med litterære og språklege sider
Dei tverrfaglege emna er dekte godt, og kvart bind inneheld ei spennande tekstsamling med tekstar som er tilpassa til målgruppa. I nettressursen til boka finn elevane gode verktøy som dei kan bruke til å jobbe vidare med skriving, lesing og munnlege ferdigheiter.
essens
ved faget.
På lærarsida til nettressursen finn læraren undervisningsopplegg, årsplanar og anna som er knytt til boka. Intertekst essens Vg1 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok.
Nynorsk ISBN 978-82-11-03592-9
essens
| KAREN MARIE KVÅLE GARTHUS | ANNE-MARIE SCHULZE
NYNORSK
lagd til rette av marianne kirkhorn harald eriksen
essens
| karen marie kvåle garthus | anne-marie schulze
læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i noreg og læreplan i norsk
Copyright © 2020 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 2. utgåve / 1. opplag 2020 ISBN: 978-82-11-03592-9 Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign og layout: Björk Bjarkadottir (Blæst) Omslagsillustrasjon: Helene Brox Spørsmål om denne boka kan du rette til Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Velkomen til Intertekst Essens Vg1! Intertekst essens er ei tilrettelagd utgåve av Intertekst. Tekstane er kortare, og språket er forenkla, med grundige forklaringar av fagord og omgrep. Boka er laga for deg som følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho passar også godt for deg som skal opp i ordinær eksamen i norsk, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Boka følgjer den same strukturen som Intertekst, men inneheld berre det mest sentrale fagstoffet. Det vil seie at du kan jobbe med det same fagstoffet som medelevane dine, men tilpassa dine behov. Kvart kapittel opnar med ei oversikt over kva kompetansemål kapittelet dekkjer. I tillegg er det ei liste over viktige fagord og førlesingsoppgåver. I slutten av kvart kapittel finn du «Test deg sjølv»-oppgåver der du kan sjekke om du har forstått innhaldet i teksten. I «Arbeid med stoffet»-oppgåvene viser vi deg ulike måtar du kan arbeide med stoffet på. Kvart kapittel inneheld også ei kort oppsummering som vi har kalla «I eit nøtteskal». I nokre av kapitla finn du i tillegg «Pluss-sider» som er meinte for deg som skal opp til ordinær eksamen i norsk. Her får du ei kort innføring i kva du treng for å gjennomføre ordinær eksamen.
Del 1 – Skrive, snakke og lese Denne delen handlar om dei grunnleggjande ferdigheitene skrive, snakke og lese. Her finn du øvingar, tankekart, oppgåver og skjema som du kan bruke når du skal jobbe med dei ulike sjangrane i del 2, 3 og 4. Dersom du ønskjer å trene meir, kan du bruke verktøya i nettressursen. Der kan du øve på lesing, skriving og munnleg framføring.
Del 2, 3 og 4 – Sjangrane trinn for trinn Her møter du dei ulike sjangrane vi jobbar med i skulen. Vi viser deg korleis du kan jobbe med tekstar trinn for trinn gjennom idémyldringsskjema, disposisjon, samtalerammer og eksempeltekstar.
Del 5 – Litteratur i samfunn Kapitla i denne delen startar med ein teoridel. Det vil seie at nyttige ord og omgrep blir forklarte, og vi viser korleis du kan bruke omgrepa for å snakke og skrive om tekstar ved hjelp av samtalerammer, refleksjonsskjema, eksempeltekstar og oppgåver.
Del 6 – Språk i samfunn I denne delen ser vi nærare på tema som språklege endringar og haldningar til språk.
Tekstsamling Tekstsamlinga inneheld eit utval av tekstane frå Intertekst. Tekstane er sorterte etter sjanger i tillegg til at dei er sette opp i ei tematisk oversikt bakarst. Lykke til med norskfaget! Forfattarane, mai 2020
INNHALD INNHALD DEL 1 Reiskapsdel – Verktøykasse
8
Bodskap, avsendar og mottakar ....... 50 Appellformene etos, logos og patos .. 51
1 Skrivetips .............................................. 10 Sjangrar vi skal jobbe med ................... 11 Å skrive ein tekst ...................................... 12 Kjelder, sitat og kjeldeliste .................... 14 Skrivereglar ................................................ 17 Oppgåver ..................................................... 22
Korleis kan du kjenne att retoriske
2 Munnlege tips ...................................... 24 Den argumenterande samtalen ....... 27 Den formelle diskusjonen ................... 27 Hersketeknikkar ...................................... 30 Munnleg presentasjon ......................... 32 Oppgåver ..................................................... 34
Oppgåver ..................................................... 63
3 Lesetips ................................................. 36 Korleis kan vi lese betre? ..................... 37 Lesestrategiar ........................................... 38 Oppgåver ..................................................... 44
appellformer i ein tekst? ...................... 55 Oppgåver ..................................................... 58 Pluss-sider ................................................ 59 Å skrive ein retorisk analyse .............. 59 Eksempeltekst – retorisk analyse ..... 62 5 Fagartikkel ............................................ 64 Sjangertrekk .............................................. 65 Eksempeloppgåve – førstespråk ...... 66 Eksempeltekst – fagartikkel .............. 70 Oppgåver ...................................................... 71 Pluss-sider ................................................ 72 Å skrive ein drøftande artikkel ........... 72 Eksempeltekst – drøftande artikkel .. 78 Oppgåver ......................................................79 6 Å argumentere .................................... 82
DEL 2 Retorikk, argumentasjon og sakprosaanalyse
46
4 Retorisk analyse ................................. Sjangertrekk .............................................. Kva er retorikk? ........................................ Hovudsyn og føremål ...........................
48 49 50 50
Argumenterande tekstar ...................... 83 Påstand ...................................................... 84 Argument .................................................. 84 Argumentasjonsteknikkar ................... 84 Oppgåver ......................................................87 Pluss-sider ................................................ 88
Å skrive eit debattinnlegg .................... 88 Eksempeltekst – debattinnlegg ......... 91 Oppgåver ..................................................... 93
DEL 3 Å lese, skrive og snakke om skjønnlitteratur
94
Å tolke og analysere dikt .................... 140 Eksempeltekst – diktanalyse ............ 144 Oppgåver ................................................... 147
DEL 4 Kortsvar
148
10 Kortsvar ............................................... 150
7 Å skrive ei forteljing ........................... 96 Sjangertrekk .............................................. 97 Eksempeloppgåve: Eit minne ............ 98 Eksempeltekst – forteljing ................ 100 Oppgåver ................................................... 103
Sjangertrekk ............................................. 151
8 Novelle ............................................... 104 Sjangertrekk ............................................ 105 Handling .................................................. 106 Tema ......................................................... 106 Komposisjon eller oppbygning ...... 107 Skildring og synsvinkel ...................... 108 Verkemiddel i noveller ....................... 109 Å jobbe med noveller ......................... 110 Notatark for fagsamtale ...................... 112 Eksempeltekst: Fagsamtale – novelle ....................................................... 113 Oppgåver ....................................................116 Pluss-sider ............................................... 117 Å tolke og analysere novelle og andre forteljande tekstar .................... 117 Disposisjon .............................................. 117 Før du skriv ............................................. 118 Eksempeltekst – novelleanalyse .... 119 Oppgåver ....................................................121
Eksempeloppgåve – kortsvar ......... 156
9 Dikt ....................................................... 122 Sjangertrekk ............................................ 123 Form: verselinje og strofe ................. 124 Motiv og tema ....................................... 125 Verkemiddel i dikt ................................ 127 Å jobbe med dikt ................................... 131 Døme på lesing av dikt ...................... 133 Notatark for fagsamtale .................... 134 Eksempeltekst: Fagsamtale – dikt .. 136 Oppgåver ................................................... 138 Pluss-sider ............................................. 140
Forstå oppgåveteksten ....................... 153 Førebu skrivinga ................................... 153 Lag ein disposisjon .............................. 154 Skriv teksten ........................................... 154 Eksempeltekst – kortsvar (diktanalyse) .......................... 156 Oppgåver ................................................... 158
DEL 5 Tekst i samfunn
160
11 Kulturmøter i tekstar ....................... 162 Kva er kultur? .......................................... 163 Kulturmøte .............................................. 164 Kulturkonflikt .......................................... 165 Noreg – eit fleirkulturelt land .......... 165 Korleis framstiller tekstar møte mellom ulike kulturar? ........................ 166 Oppgåver ....................................................172 12 Folkehelse og livsmeistring ........... 174 Sånn er livet ............................................ 175 Kva er meininga? .................................. 175 Livet – ikkje for pingler ....................... 176 Oppgåver til diskusjon ........................ 177 Tekst til refleksjon ................................. 178 Oppgåver ...................................................180 13 Demokrati og medborgerskap ..... 182 Demokrati .............................................. 183 Medborgarskap ..................................... 184 Ytringsfridom: lær deg å påverke ... 184 Korleis veit du kva som er fakta? .... 185 Tekst til refleksjon ............................... 186 Oppgåver ................................................... 189
14 Berekraftig utvikling ........................ 192
Tekstsamling
234
Kva er berekraftig utvikling? ............. 193 Klima og miljø ....................................... 195 Økonomi ................................................ 195 Sosiale forhold ...................................... 195 Berekraftig utvikling i litteraturen .. 196 Tekst til refleksjon ................................. 196 Oppgåver ....................................................197
Dikt og songtekstar ......................... 236 Yahya Hassan 12 ÅR ......................................................... 237 Sumaya Jirde Ali Jeg puster liv i murstein .................... 238 Sarah Zahid
DEL 6 Språk i samfunn
200
15 Særtrekk ved norsk språk ............. 202
bursdag .................................................... 239 Åse Ombustvedt [For hver gang han ber meg se
Eitt land – fleire språk ........................ 203
ham inn i øya] ....................................... 240
Grammatikk ........................................... 204
[Jeg vaska meg i fjeset] ..................... 240
Morfologi: bøying av ord .................... 211
[Kan du forsøke å sette ord på] ....... 241
Ordlaging i norsk .................................. 213 Oppgåver ................................................... 214 16 Språkkontakt og språkendringar . 216 Talemål ................................................... 217 Dialekt/geolekt ...................................... 218 Sosiolekt .................................................. 219 Etnolekt og multietnolekt ................. 219 Historisk språkkontakt ........................ 221 Samfunnsendringar gjer at språket forandrar seg .......................... 222 Kva påverkar norsk i dag? .................. 222 Språk og identitet – kven er eg, og kven vil eg vere? ............................. 223 Oppgåver ...................................................224 17 Samisk i møte med norsk .............. 226 Dei samiske språka .............................. 227
Lina Undrum Mariussen [en mandag i august] .......................... 242 Olava Bidtnes Til minne om 22. juli 2011 ................. 243 Jan Erik Vold [køen usynlig] ....................................... 244 Linn Skåber Sekser i livet ............................................ 245 Trygve Skaug Den kroppen der .................................. 247 Unge Ferrari Balkong ................................................... 248 OnklP & De Fjerne Slektningene Styggen på ryggen .............................. 249 Nils-Aslak Valkeapää
Fornorskingspolitikken ...................... 230
[Du ønsker deg til en opplyst
Samisk i dag .......................................... 232
verden?] ................................................... 252
Oppgåver ...................................................233
Noveller ........................................... 254 Sara Johnsen Følelser som ikke heter noe ............. 255
Bjarte Breiteig Der nede sørger de ikke .................... 259 Maria Kjos Fonn Dette har jeg aldri fortalt til noen .. 266 Frode Grytten Ute med hunden .................................. 273 Paco Abel Sjåføren og Vitnet ................................ 278
Utdrag frå bøker ............................... 284 Zeshan Shakar Tante Ulrikkes vei .................................. 285 Åsne Seierstad To søstre .................................................. 291 Gine Cornelia Pedersen Null ........................................................... 296
Johan Mjønes Verda går til helvete ............................. 319 Amnesty: Båtmigrantar ............................ 322 7-Eleven: Welcome to Norway! The land of Chlamydia ............................ 323
Språk ............................................... 324 Agnes Nordvik (16) Sjære gamlisar, denne er til dykk .... 325 Helene Uri Kvifor går ingen i kolonialen lenger? ...................................................... 326 Tematisk oversikt over tekstane i tekstsamlinga ......................................... 330 Skrivehjelp og hugselister ................. 332
Debatt og meiningar ........................ 304 Amina Bile, Sofia Nesrine Srour og Nancy Herz Skamløs .................................................. 305 Frid Kvalpskarmo Hansen Krav: Du må vere same ...................... 307 Sofie Frøysaa og Ulrikke Falch
Retorisk analyse (debattinnlegg, kåseri, essay) ........................................... 332 Retorisk analyse (reklame/ kampanje) ............................................... 333 Fagartikkel ............................................... 334 Drøftande artikkel ................................ 335 Debattinnlegg ........................................ 336
Jentelova. Feministisk førstehjelp
Novelleanalyse ...................................... 337
(utdrag) ..................................................... 310
Diktanalyse ............................................ 338
Linn Skåber Du spør meg om eg er feminist? .... 311 Jakob Semb Aasmundsen 17. mai-tale ............................................. 312 Greta Thunberg Tale i FN 23. september 2019 .......... 315 Juni Hoem Offentlege og private profilar: Vi treng ein ungdomsrevolusjon på sosiale medium .............................. 317
Kortsvar .................................................... 339 Kompetansemål Vg1 SF for språklege minoritetar med kort butid i Noreg .......................................... 340 Kompetansemål Vg1 SF ........................ 341 Stikkordregister ..................................... 342 Forfattarregister .................................... 344 Kjelder ...................................................... 345 Biletliste ................................................... 345
tøykasse
1
Reiskapsdel – verktøykasse
1
Skrivetips
1
Skrivetips I dette kapittelet skal du lære om • tekstbinding • teiknsetjing • kjelder, sitat og kjeldeliste • skrivereglar
Viktige fagomgrep • sjanger • tekstbinding • teiknsetjing • rettskriving • kjelder og kjeldeføring • sitere
Før du les • Kva slags typar tekstar møter du på ein vanleg dag? • Kvifor er det viktig å unngå skrivefeil?
Sjangrar vi skal jobbe med Sjanger er ein teksttype. Det kan til dømes vere ein artikkel, ein songtekst eller ei forteljing. Kvar sjanger har sine kjenneteikn. I skulen skal du både lese, snakke om og skrive ulike sjangrar.
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 11
Sjangrar du skal lese og snakke om
Sjangrar du skal skrive
Sjangrar du skal skrive på Pluss-sidene
Noveller Dikt Songtekstar Debattinnlegg Reklamar og kampanjar
Forteljingar Fagartiklar Debattinnlegg Kortsvar
Retorisk analyse Novelleanalyse Diktanalyse
Å skrive ein tekst Planlegg teksten din
Det første du bør gjere, er å lage ein plan for teksten din. Dette kallar vi ein disposisjon. I ein disposisjon skriv du stikkord om kva du skal ha med. Organiser stikkorda i rekkjefølgje. Då er det lettare å sjå om du har følgt oppgåva.
Innleiing, hovuddel og avslutning Vi deler dei fleste tekstar inn i tre delar: •
Innleiing – eitt avsnitt: Her fortel du kva du skal gjere
•
Hovuddel – fleire avsnitt: Her svarar du på det oppgåva spør om
•
Avslutning – eitt avsnitt: Her fortel du kva du har gjort
Ofte seier vi at denne strukturen liknar på ein fisk. Hovudet på fisken er innleiinga, kroppen er hovuddelen, og halen er avslutninga.
12 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
Avsnitt Det er lettare å lese ein tekst når han er delt inn i avsnitt. Teksten i eit avsnitt høyrer saman fordi han handlar om det same. Start avsnittet med ei temasetning. Ei temasetning er ei setning som viser kva temaet for avsnittet er. I dei neste setningane, som vi kallar oppfølgingssetningar, forklarer du kva du meiner. Døme: Temasetning:
I dag har mobiltelefonen blitt den viktigaste personlege eigedelen vår.
Oppfølgingssetning 1:
Vi brukar han i mange situasjonar.
Oppfølgingssetning 2:
Vi held kontakten med vener og sjekkar nyheiter.
Oppfølgingssetning 3:
I tillegg kjøper vi billettar, betalar rekningar og høyrer på musikk.
Tekstbinding Tekstbinding tyder at teksten heng saman ved hjelp av spesielle ord. Desse orda kallar vi tekstbindarar. Vi kan bruke tekstbindarar til å lage gode overgangar mellom avsnitta i ein tekst. Vi brukar også tekstbindarar til å binde saman setningane i eit avsnitt. Orda på neste side kan vi bruke til å binde saman teksten. Vi kan bruke dei i starten av ei setning eller inni ei setning.
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 13
Tekstbindarar Når du vil leggje til noko nytt: for det første, for det andre, også, vidare, på same måten som, i tillegg til, dessutan, forresten, sjølv om Når du vil seie noko om motsetningar: men, endå, sjølv om, trass i, samtidig, likevel, på éin måte / på ein annan måte, på den eine sida / på den andre sida Når du vil seie at noko fører til noko anna: for, så, fordi, då, slik at, dersom, dermed, derfor, på grunn av, heldigvis Når du vil knyte noko saman i tid: då, når, medan, seinast, sidan, så, deretter, etterpå, tidlegare, samtidig
Kjelder, sitat og kjeldeliste Kjelder
Når du skal halde ein presentasjon eller skrive ein tekst, må du som regel finne informasjon og faktaopplysningar. Du kan bruke til dømes bøker, aviser og artiklar på internett. kjelder: nokon eller noko som gjev informasjon om noko
Det er svært viktig at du finn fleire kjelder. Det er også viktig at du
føremål: plan, mål, tanke
informasjonen? Dette kallar vi kjeldekritikk. Vi har laga ei sjekkliste
er kritisk til kjeldene. Det vil seie at du sjekkar kven som står bak artikkelen, videoen eller boka. Kva slags føremål har dei med å dele som du kan bruke når du skal undersøkje kjeldene dine. Du finn henne på side 185.
14 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
Sitat sitere: låne ord og setningar frå ein annan tekst
Dersom du siterer ein annan tekst, må det kome tydeleg fram. Bruk hermeteikn («…») for å markere sitatet, og skriv kvar du har henta det frå. Det er ikkje lov å bruke informasjon frå kjelder utan å føre opp kvar du har henta informasjonen frå. Døme: I ein tale til FN i 2019 sa Greta Thunberg: «De sviktar oss. Men dei unge begynner å forstå sviket dykkar. Auga til alle framtidige generasjonar er retta mot dykk.» (Thunberg 2019) Dersom du skriv om det ho har sagt utan å sitere ordrett, brukar du ikkje hermeteikn. Døme: Greta Thunberg sa i ein tale til FN i 2019 at dei vaksne har gløymt å tenkje på generasjonane som kjem etter. Men no har barn og unge begynt å følgje med på det politikarane gjer. (Thunberg 2019)
Kjeldeliste Til slutt i teksten din må du fortelje kva for kjelder du har brukt. Her ser du eit system for kva slags opplysningar som skal med:
Bøker
Namn (etternamn, førenamn)
Årstal
Tittel
Forlag
Med éin forfattar
Sølvberg, Erik
2008
Politikk og menneskerettigheter
Fagbokforlaget
Med fleire forfattarar
Seippel, Ørnulf mfl.
2016
Ungdom og idrett
Cappelen Damm
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 15
Internettsider
Namn
Tittel
URL
Lesedato
Med kjend forfattar
Kristin Clemet
En hilsen til Twitter
https://clemet.blogg. no/en-hilsen-til-twitter.html
Lesen: 25.02.2020
Grammatikk: en innføring
https://www.riksmalsforbundet.no/grammatikk-en-innforing/
Lesen: 17.03.2020
Klimaet vil ikke «ordne seg». Det er for sent for det
https://www.aftenposten.no/a-magasinet/i/ AdgeKE/dag-olav-hessen-klimaet-vil-ikkeordne-seg-det-er-forsent-for-det
Lesen: 07.03.2020
Eksamensfrykt
https://sml.snl.no/ eksamensfrykt
Lesen: 05.04.2020
Utan kjend forfattar
Avisartikkel
Leksikonartikkel
Dag Olav Hessen
Slik vil dei sjå ut i ei kjeldeliste: Clemet, Kristin (2019). En hilsen til Twitter. https://clemet.blogg.no/ en-hilsen-til-twitter.html [Lesen: 25.02.2020]. Eksamensfrykt. https://sml.snl.no/eksamensfrykt [Lesen: 05.04.2020]. Hessen, Dag Olav (2020). Klimaet vil ikke «ordne seg». Det er for sent for det. https://www.aftenposten.no/a-magasinet/i/AdgeKE/dagolav-hessen-klimaet-vil-ikke-ordne-seg-det-er-for-sent-for-det [Lesen: 07.03.2020]. Grammatikk: en innføring. https://www.riksmalsforbundet.no/ grammatikk-en-innforing/ [Lesen: 17.03.2020]. Seippel, Ørnulf mfl. (2016). Ungdom og idrett. Cappelen Damm. Sølvberg, Erik. (2008). Politikk og menneskerettigheter. Fagbokforlaget.
16 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
Skrivereglar Teiknsetjing
Les meir om kommareglar på neste side.
Teikn
Forklaring
Døme
Punktum (.)
Punktum avsluttar ei heilsetning. Vi brukar også punktum etter forkortingar, i tidsuttrykk og etter rekkjetal.
Det er viktig å bruke gode kjelder. (heilsetning) Første time begynner kl. 08.30. (tidsuttrykk) Det er ca. ti minutt til pause. (forkorting) I fjor gjekk vi i 10. klasse. (rekkjetal)
Komma (,)
Komma markerer ein liten pause i setninga.
Bussen går snart, så vi må gå no. Vi kjøpte mjølk, brød og pålegg.
Utropsteikn (!)
Utropsteikn markerer eit utrop, ein ordre, ei helsing, eit ønske eller sterke kjensler.
Huff! (utrop) Stopp! (ordre) Kjære brurepar! (helsing) God jul! (ønske) Eg er så lei av dette regnet! (sterke kjensler)
Spørsmålsteikn (?)
Spørsmålsteikn markerer at noko er eit spørsmål.
Kvifor er det viktig å øve på å skrive? Kva skjer? Ferdig?
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 17
Teiknsetjing Teikn
Forklaring
Døme
Kolon (:)
Kolon brukar vi framfor døme, oppramsing, sitat, replikkar og forklaringar.
Vi skal lese mange typar tekstar: artiklar, dikt, noveller og romanutdrag. (oppramsing) Læraren sa: «I morgon er det skulefri.» (replikk) Kong Harald sa: «Norge er dere. Norge er oss.» (sitat)
Semikolon (;)
Semikolon er ein mellomting mellom eit punktum og eit komma. Vi brukar semikolon mellom heilsetningar og i oppramsingar.
I går jobba vi med grammatikk; i dag jobbar vi med skrivereglar. (mellom to heilsetningar) Desse politikarane var til stades: Erna Solberg, Høgre; Jonas Gahr Støre, Arbeidarpartiet; Trygve Slagsvold Vedum, Senterpartiet. (oppramsing)
Hermeteikn («…»)
Vi brukar hermeteikn for å markere eit sitat, ein replikk, titlar eller spesielle ord i teksten.
Kong Harald sa: «Norge er dere. Norge er oss.» (sitat) «Kvifor vil du ikkje?» sa han. (replikk) Vi syng alltid «Ja, vi elsker» på 17. mai. (songtittel) Eg høyrer ofte døme på «kebabnorsk», eller kva det heiter. (spesielt ord)
18 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
Kommareglar Leddsetningar blir innleidde med ord som når, fordi, ettersom, dersom, at.
1
Komma etter ei leddsetning:
Når du kjem i ettermiddag, kan vi lage mat. At dette var viktig, forstod eg av samanhengen.
Merk at det er skilnad mellom for og fordi. Der som du erstattar for med fordi, skal det ikkje vere komma: Eg gler meg til du kjem fordi vi skal lage middag.
2
Komma mellom to sideordna setningar som er bundne saman med og, eller, men og for:
Eg gler meg til du kjem, og eg gler meg til vi skal ut og bade. Eg gler meg til du kjem, for då skal vi lage middag.
3
Komma etter ei innskoten som-setning:
Du som les dette, går truleg på vidaregåande skule. Av og til kan som vere utelate, men det skal likevel vere komma: Den genseren (som) eg hadde lyst på, kosta 1200 kroner.
Merk tydings skilnaden i denne setninga: Jentene som hadde grøne jakker, venta på bussen. Dei som hadde raude jakker, venta på toget. Her kan du ikkje kutte ut som hadde grøne jakker utan at meininga blir forandra.
4 Komma før og etter ei som-setning dersom ho kan kuttast ut:
Jentene, som hadde grøne jakker, venta på bussen.
5
Norskfaget, det viktigaste faget i skulen, gjev deg kunnskap og ferdigheiter.
Komma før og etter unødvendig tilleggsinformasjon som du kunne ha sett i parentes:
6 Komma i oppramsing:
I Peer Gynt møter du Peer, den grønkledde, Dovregubben, Anitra, Solveig og mange fleire.
7
– Det har du ingenting med, ropte eg til mamma.
Komma etter direkte tale framfor utsegnsord:
8 Komma framfor og etter tiltaleord, svarord og utropsord:
– Du må vente på oss, bestefar! – Ja, det skal eg sjølvsagt gjere. – Hei, mamma!
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 19
Og eller å? Og bind saman to like ord eller ledd To substantiv: Eg likar både gulrot og potet. To adjektiv: Du er både flink og snill. To setningar: Vi handlar inn matvarer og skal lage middag. To infinitivar: Du likar å hoppe og danse. To imperativar: Kom og kjøp!
Å er infinitivsmerke og står berre framfor verb i infinitiv Det begynner å mørkne. Du må slutte å røykje! Du må prøve å slutte å røykje!
Nokre hugsereglar – å/og •
Alltid å etter slutte, begynne, prøve, lære og ønskje: Vi skal begynne å trene, ho lærte å snakke fransk.
•
Alltid å i dei faste uttrykka så å seie, vel å merke.
•
Alltid og etter presens partisipp: liggjande og tenkje, sitjande og lese, ståande og logre.
•
Alltid og etter vere snill: Kan du vere snill og hjelpe meg?
Bruk fortidsprøva. Det vil seie at du set setninga i fortid. Dersom begge verba må setjast i preteritum, skal det vere og, for å kan jo berre stå framfor ein infinitiv. Dersom berre eitt verb må setjast i preteritum, skal det vere å:
I tvil? Skal du ut og/å trene?
I går var du ute og trena. Her kjem begge verba i preteritum, og derfor skal det vere og.
Likar du å teikne og/å måle?
I går teikna og måla du. Her kjem begge verba i preteritum, så derfor skal det vere og.
Det kjem til å slutte og/å regne.
Det slutta å regne. Her kjem berre det første verbet i preteritum. Då må det bli å, for og kan berre binde saman to like ord.
20 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
Då eller når? Hovudregel: Den gong då, kvar gong når. Når blir også brukt om framtid. •
Då eg var i Forsvaret, lærte eg kva hardt arbeid er. (den eine gongen då)
•
Når eg går på butikken, kjøper eg berre gode råvarer. (kvar gong når)
•
Når eg blir stor, skal eg bli astronaut. (ein gong i framtida)
Vi brukar også når i fortid dersom det er snakk om ei gjentakande hending: •
Eg likte meg godt når eg kunne gå tur med hunden min. (Kvar gong vinn alltid over då.)
Samansette ord På norsk set vi ofte saman to eller fleire ord. Då må du skrive dei saman i eitt ord. På andre språk, til dømes engelsk, blir orda skrivne kvar for seg. (Les meir om dette på side 213.)
Døme: mobil + telefon = mobiltelefon (engelsk: mobile phone) beste + ven = besteven (engelsk: best friend) mor + s + mål = morsmål (engelsk: mother tongue)
Hugsereglar •
Dersom det er ein ting, skriv vi det i eitt ord.
• Dersom du kan uttale ordet som eitt ord, skal det skrivast i eitt ord. • Dersom trykket ligg på det første ordet, skal det skrivast i eitt ord. • Er du usikker, skal du mest truleg skrive ordet i eitt ord.
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 21
Test deg sjølv 1
Kva er ein sjanger?
2
Kva er ein disposisjon?
3
Kva er tekstbinding?
4
Kva vil det seie å vere kritisk til kjeldene sine?
5
Nemn eit døme på ei god kjelde.
6
Kva er eit sitat?
7
Kva for teikn skal du bruke for å vise at noko er eit sitat?
8
Når brukar vi å, og når brukar vi og?
9
Når brukar vi når, og når brukar vi då?
Jobb med stoffet 1
Kvifor kan det vere lurt å lage ein disposisjon før du skal skrive ein tekst?
2
Kva for tre delar deler vi ofte ein tekst inn i?
3
Skriv eit avsnitt om staden du bur på. Start med ei temasetning og hald fram med tre oppfølgingssetningar.
4
Arbeid to og to. Vel éi av lærebøkene de brukar i klassen, og slå opp på ei side i boka. Kor mange tekstbindarar finn de? Lag ei liste over dei ulike tekstbindarane og samanlikn lista med dei andre para. Set gjerne opp ei liste på tavla. Kva for tekstbindarar er mest vanlege?
5
Arbeid i grupper. Kva kjelder pleier de å bruke når de skal finne informasjon om noko? Korleis kan du finne ut om noko er ei god kjelde eller ikkje? Diskuter først i gruppa, så i klassen.
6
Gå saman i grupper. Søk opp informasjon om eit emne de er interesserte i, eller til dømes klimaendringar, talemål i Noreg eller Henrik Ibsen. Sjå på døma på side 15, og lag ei kjeldeliste.
7
Arbeid to og to. Når skal vi bruke og, og når skal vi bruke å? Sjå på døma på side 20. Lag fleire døme.
22 INTERTEKST ESSENS VG1 • DEL 1
8
Skal vi skrive desse orda saman eller i to ord? Diskuter i klassen. jule tre kvit jul viktig jobb jobb vener kule vener norsk bok norsk mat
I eit nøtteskal Vi skal jobbe med ulike typar tekstar i norskfaget. Eit anna ord for teksttype er sjanger. Når vi skal skrive ein tekst, er det lurt å lage ein disposisjon. Dei fleste tekstar er delte i tre, med ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. For at teksten skal vere lett å lese, deler vi han inn i avsnitt. Avsnittet startar med ei temasetning og held fram med éi eller fleire oppfølgingssetningar. Vi brukar tekstbindingsord for å binde setningane saman. Dersom vi låner ord eller setningar frå andre tekstar, brukar vi hermeteikn for å markere sitatet. Vi er kritisk til kjelder og fører alltid opp kjeldene i ei kjeldeliste. Det er også viktig å sjekke om vi har skrive orda rett, og om teiknsetjinga er korrekt. Sjå gjerne over kommareglane og korleis vi brukar og/å og då/når.
K A P I T T E L 1 • Skrivetips 23
NYNORSK
essens
LAGD TIL RETTE AV MARIANNE KIRKHORN
Intertekst essens Vg1 er ei heilt ny lærebok i norsk for elevar på
HARALD ERIKSEN
studieførebuande utdanningsprogram. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også godt for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens byggjer på læreverket Intertekst. Intertekst har vore på marknaden sidan 2013 og kom i 2020 i ei ny utgåve som er i tråd med læreplanrevisjonen LK20. Bøkene har same struktur og kan derfor brukast av ulike elevar i same klasserom. I boka får elevane trinn-for-trinn-hjelp med alt frå skriftlege til munnlege problemstillingar. I tillegg blir dei kjende med litterære og språklege sider
Dei tverrfaglege emna er dekte godt, og kvart bind inneheld ei spennande tekstsamling med tekstar som er tilpassa til målgruppa. I nettressursen til boka finn elevane gode verktøy som dei kan bruke til å jobbe vidare med skriving, lesing og munnlege ferdigheiter.
essens
ved faget.
På lærarsida til nettressursen finn læraren undervisningsopplegg, årsplanar og anna som er knytt til boka. Intertekst essens Vg1 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok.
Nynorsk ISBN 978-82-11-03592-9
essens
| KAREN MARIE KVÅLE GARTHUS | ANNE-MARIE SCHULZE