1 minute read
Nynorsk som sidemål
Dette kapittelet er skrive til deg som har nynorsk som sidemål.
Her vil du finne eit utval reglar for nynorsk. Det kan vere lurt å lære seg nokre sentrale skrivereglar i sidemålet ditt, slik at du slepp å slå opp kvart einaste ord i ordboka mens du skriv. Når det er sagt, er det òg veldig lurt å lære seg å bruke ordboka aktivt i skrivinga. Spør faglæraren om kva for ei digital ordbok du bør bruke, og lær deg å bruke denne på ein formålstenleg måte.
Den beste måten å bli god i nynorsk på er å lese mange nynorske tekstar og å øve på å skrive nynorsk. Få ei oversikt over kva du har størst utfordringar med, og ver ekstra merksam på det når du skriv, f.eks. ved at du lagar di eiga sjekkliste som du brukar aktivt når du reviderer teksten din.