1 minute read
Håvamål (utdrag Snorre Sturlason
Håvamål (utdrag)
«Håvamål» er eit læredikt frå manuskriptet Den eldre Edda (1200-talet). Håvamål tyder «talen til den høge», det vil seie Odin, og diktet gir råd og reglar for korleis vi bør leve.
tarv: treng
kulse: kjenne seg kald
tausperra sal: lite, enkelt hus 3 Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar. Til mat og klede den mann hev trong som hev i fjell fari.
7 Grannvar mann til gjestebod komen, teier med’ andre talar. Lyder med øyro og med augo skodar, veltenkt og føre var.
10 Betre bør du ber ’kje i bakken enn mannevit mykje. D’er betre enn gull i framand gard; vit er vesalmanns trøyst.
11 Betre bør du ber ‘kje i bakken enn mannevit mykje. Med låkare niste du legg ‘kje i veg enn ovdrykkje med øl. 36 Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hev du geiter to og ein tausperra sal, då tarv du ikkje tigge.
76 Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjævt.
77 Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom om daudan kvar.
grannvar: nøye, varsam
med’: mens
fe: buskap, eigedom frendar: slektningar, venner sjølv det same: du òg gjetord: ry, rykte
mannevit: vett
vesalmann: puslete eller fattig mann dom om daudan kvar: dommen over kvar (mann) som er død
låkare: dårlegare
ovdrykkje: for mykje drikking Frå Den eldre Edda, 1200-talet. Omsett av Ivar Mortensson-Egnund (1908)